Den gløymde soga

KART: K429
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
SVEIN INDRELID
Den gløymde soga
FANGSTFOLK OG VEIDESAMFUNN
Arktiske fangstfolk på veg over isen. Var det slik dei første menneska kom til vårt land – over isen frå Nordsjø-kontinentet?
(Foto frå 5. Thule ekspedition, 1921–24.)
Soga om busetnaden i Hordaland
tek til for kring 10 000 år sidan.
Det aller meste av denne soga står
skriven, ikkje på papir, men i stein
og jord, i mark og myr.
Skrivne samtidskjelder som kan
fortelja om liv og lagnad i farne
tider, rekk snaue 1000 år attende.
Lenger attover tagnar kjeldene.
Alle minne er gløymde.
Den som vil vita noko om tider som
ligg lenger borte, lyt venda seg til
dei tause vitnemåla om framfarne
slekter; til bautasteinar og steinkrossar, til gravrøysane langs leia,
til helleristningane på berget.
Slike monumentale minnesmerke
frå fortida talar beinveges til oss
og kan gje oss att noko av
den gløymde soga.
Shetland
INNLANDSISEN
Jæren
Skottland
NORDSJØKONTINENTET
Jylland
England
Tilhøvet land-is-hav for vel 10 000 år sidan.
Vest for Hordaland, på Vikingbanken, kan
det ha lege ei stor, låglendt øy.
i skal ikkje så mange tusenår attover før det minkar med gravrøysar og helleristningar. Desse
synlege vitnemåla om fortida vår strekkjer
seg 3-4000 år attende i tida. Resten av
soga ligg løynd under torva.
Men også denne eldste soga vår kan vi
eit stykke på veg gjera synleg. Vi kan
beint fram grava henne fram or jorda. Her
kan vi finna restar av buplassane åt det
første veidefolket. Vi kan koma over spor
etter ein eldstad, eller ein le-vegg, vi kan
finna flintavfall og måltidsrestar, eit fiskesøkke, eller ei steinøks. I myrane ligg lag
på lag av pollen, planterestar og frø, lagra
gjennom tusenvis av år. Dei har òg sitt å
fortelja – om korleis menneska la naturen
under seg og sette merke etter seg i vegetasjon og landskap, lenge før gravrøysane
og helleristningane vart til.
Slike kjelder har gjeve oss dei tusentals
kunnskapsbitar som set oss i stand til å få
eit gløtt inn i dagleglivet til dei som levde
før oss, og som no er gløymde.
V
27
DEN
GLØYMDE SOGA
DET FØRSTE
VEIDEFOLKET
Det var framleis istid i landet, den tid det
første veidefolket slo seg ned på våre
strender. Innlandsisen breidde seg vidt
over fjell og innland og sende lange bretunger ned gjennom dalane og ut gjennom fjordane. Men på Hordalandskysten
fanst det bert land for 10 000 år sidan. Eit
frodig dyre- og fugleliv var i ferd med å
utvikla seg mellom dvergbjørk og vierkratt i det karrige jordsmonnet. Og her
levde folk (K429).
Langs det meste av kyststrekninga, frå
Sveio til Øygarden, har vi funne spor etter
dette første veidefolket. Vi veit ikkje anna
om dei enn det vi kan slutta oss til frå dei
sparsame buplassrestane dei let etter seg.
Vi kan samanlikna funna med buplassfunn
frå andre delar av Nord-Europa frå same
tid. Og vi kan freista å tolka funna i lys av
det vi veit om arktiske og subarktiske
veidefolk som har halde ved like sin eldgamle kultur til opp mot vår tid.
Det var eit skjergardsfolk. Buplassane
ligg alle langt vest. Stort lenger ut kunne
ein ikkje koma. Dei austlegaste funna ligg
i dag innanfor bygrensa i Bergen og i Os,
men elles var det ute på øyane dette folket
heldt til, på Bømlo og Risøy, på Vindenes
og Toftøy.
Dei må ha levt av det havet kunne by
på, men vi har ikkje eit einaste funn som
kan prova det. Buplassane er små. Her var
ikkje rom for mange menneske, snautt
nok meir enn ein liten huslyd eller to på
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
kvar stad. Dei få funna på buplassane tyder
på at folk neppe har vore der særleg lenge
om gongen, kanskje berre nokre dagar
eller veker. Ein får inntrykk av at det er
små menneskegrupper vi har med å gjera.
Dei har flytta ofte og vanka vide. Og det
har vore langt til grannar. Ei stund må
Hordaland ha vore den ytste utposten for
busetnad her i landet. Lenger nord budde
ingen.
Kvar kom dei frå? Kvifor kom dei hit?
For 10-12 000 år sidan levde det i NordTyskland eit veidefolk som haust og vår
dreiv reinsdyrjakt i traktene kring Hamburg. Om hausten trekte reinsflokkane
nordover mot det låge, vide slettelandet
som i dag ligg på botnen av Nordsjøen,
men som den tid var tørt land. Ved
somme høve har dei jamvel kome i land
på Norskekysten. Vi har funne over 12 000
år gamle reinsdyrbein så langt nord som
på Blomvåg i Øygarden (R286).
Kunne reinen ta seg fram over vinterisen frå Nordsjø-kontinentet og opp til
Norskekysten, så kunne mennesket gjera
det òg. På det stuttaste var det 10 mil å gå
på havisen, og is-ferder over slike strekkjer har ikkje vore noko særsyn mellom
arktiske folk.
Det er store likskapar mellom dei
reiskapane vi finn på dei eldste buplassane
på Hordalandskysten, og dei som finst på
dei 10 000 år gamle buplassane utanfor
Hamburg. Det ligg nær å tru at det kan
ha vore same folket.
Vi kan tenkja oss at Norskekysten frå
Like ved havkanten slo det første veidefolket seg ned.
28
Steinbrotet i vestveggen på Hespriholmen – meir enn 8000 år gammalt.
først av var eit landskap som til visse årstider vart bruka som jaktmark for einskilde grupper av dette kontinentale
veidefolket. Etter kvart som klimaet
mildna, drog reinsflokkane lenger mot
nord og vart til sist verande på Norskekysten. Vi trur at somme av veidefolket
følgde etter og slo seg ned her.
Men etter kvart smelta storisen i innlandet, og reinsflokkane søkte til fjells, der
dei sidan har halde seg. Også hit følgde
veidefolk etter. For 8500 år sidan vart det
drive reinsdyrjakt ved Finnsbergvatnet,
like søraust for Hardangerjøkulen (R409).
Men veidefolket på kysten fekk snart
augo opp for dei rikdomane sjøen hadde
å by på, og for 9000 år sidan er det lite att
på kystbuplassane som minner om reinsdyrjegerane frå Nordsjø-kontinentet.
GRØNSTEINFOLKET
I SUNNHORDLAND
Ytst i Bømlo kommune, nordvest for
Espevær, ligg Hespriholmen. Den som fer
framom i båt, vil i den stupbratte vestveggen leggja merke til ei flat hylle nokre
meter oppe i berget. Dette såret i berget
kjem ikkje av naturkreftene. Det er menneskeverk. Her tok sunnhordlendingane
til med bergverksdrift for meir enn 8000
år sidan (®203).
Heile Hespriholmen er av grønstein, av
eit særskilt tett og seigt slag som lett kan
formast til gode økseemne. Kvaliteten var
så god, at folk sette livet på spel for å få
fatt i han. I opne båtar har dei teke seg
fram til den vesle holmen, brote laus stein
og lasta om bord i skrøpelege skinnfarkostar. Så rodde og padla dei seg fram, dei
4-5 kilometerane inn til Vespestadvågen
og Langevågen, som den tid hang i hop
og delte det sørlegaste Bømlo i to.
I markene her, på Vespestad og Eide,
Voll og Hovland vrimlar det med hoggeplassar. Her sat steinalderfolket og hogg
seg øksar av båtlastene frå Hespriholmen.
Det var stor etterspurnad etter desse
øksane, og grønsteinbrytinga i Hespriholmen varte ved i meir enn 4000 år.
Kunnskapen om den utifrå gode grønsteinen har vorte levert vidare frå mann til
mann gjennom minst 130 ættleder.
Øksane frå Hespriholmen har vorte
spreidde vidt omkring, men mest i dei
ytre delane av Hordaland og Rogaland.
Frå Sogn og nordover, og frå Agder og
austover, var andre økseråstoff i bruk,
særleg diabas. Grensene mellom grønstein- og diabas-områda er så markerte og
endra seg så lite over tid, at ein kan vera
freista til å tolka dei som territoriegrenser
mellom ulike «folk». Og i Sunnhordland
budde «grønsteinfolket».
DEN
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
EIN GJEVMILD NATUR
Den tid Hespriholmen vart oppdaga, var
landskapet i Hordaland under store
endringar. Det var kome eit varmare
verlag. Innlandsisen var borte.
Furuskogen breidde seg, ikkje berre i innlandet og langs fjordarmane, men ut til
øyane og holmane lengst vest i havet – og
opp til fjellviddene. Heilt inn til Nordmannslågen på Hardangervidda nådde
fjellskogen for 8500 år sidan. Fururøter frå
denne tid finst i myrane der oppe den dag
i dag.
Hasselkratt spreidde seg nordover
kysten – så snøgt, at vi trur veidefoket må
ha hatt ein finger med i spelet. Skal av
hasselnøtter finn vi rett ofte mellom
kolbitane i eldstadene deira. Etter kvart
kom også andre og meir varmekjære
treslag inn i tur og orden: alm, lind, eik
og ask (T20).
Med denne rikare vegetasjonen kom og
eit meir variert dyreliv. Reinsdyrflokkane
hadde for lenge sidan drege til fjells for
godt. Veidefolket i Hordaland jakta no på
hjort og elg, bjørn og villsvin. Med
eikeblandingsskogen for 6-7000 år sidan
fekk Hordaland ein viltfauna som det
ikkje har funnest maken til sidan, korkje i
rikdom eller i artsvariasjon.
I skogane fanst urter og røter til føde og
lækjedom, i straumane let fisken seg fanga
i overflod. Kvalvågar og kobbeskjer var
sikre spiskammers, og røynde det på, fanst
det skjel og sniglar i mengder langs strendene. Hordalandskysten må ha gjeve livberging for mange i denne tida. Det ser
vi tydeleg av buplassane. Dei er fleire,
større og meir funnrike enn før. Alt tyder
på at det har funne stad ein kraftig folkeauke. Vi skimtar omrisset av lokale grupper, av «folk» og av «stammer». Medan
tundrafolket mykje godt laga reiskapane
sine på same måten anten dei heldt til i
Øygarden, i Ryfylke eller ved Hamburg,
ser vi no klåre skilnader i måten dei forma
øksane sine på i Fjordane, i Hordaland og
på Jæren. Ja, ser ein godt etter, vil det til
og med finnast særdrag som skil grønsteinsøksane i Sunnhordland frå dei i
Nordhordland. Vi må tolka dette slik, at
folk var vorte meir «bufaste». Dei flytta
ikkje så langt som før, og neppe så ofte.
Dei kunne halda seg ved den same fiskestraumen eller ved den same bukta i lange
bolkar om gongen. Alt dei trong til livsopphaldet sitt, fanst i nærleiken.
FISKARLEIREN
VED FOSNSTRAUMEN
Så å seia i kvar vik, ved kvar straum og
kvart sund på Hordalandskysten finst det
spor etter folk frå denne overflodstida for
8000-5000 år sidan. Sjølv om det stadig
er på kysten vi finn dei fleste buplassane,
aukar det etter kvart på med funn også eit
stykke innover fjordane. Men i låglandet
var det heile tida ved saltvatn folk busette
seg. Innover i dei inste fjordbotnane, på
elveslettene, i bakkar og lier, er det framleis få eller ingen spor etter folk.
I Radøy, ved festet for brua over Fosnstraumen mellom Radøy og Austrheim,
ligg ein buplass som har vore i bruk
gjennom heile den tidbolken vi no har
tala om, ja lenger til (R302).
FJORDFOLKET
Gjennom det meste av eldre steinalder,
som vi reknar tok slutt for kring 5000 år
sidan, er det heile tida ute på øyane vi finn
spor etter den største og tettaste busetnaden i Hordaland. Funna frå fastlandet
er langt færre, og innover i fjordane er det
berre få og spreidde funn av øksar som
syner at folk av og til ferdast her.
Men vi har eit viktig buplassfunn som
fortel mykje om bruken av fjordlandskapet for 5-6000 år sidan: Skipshelleren.
Under den stupbratte, utoverhangande
GLØYMDE SOGA
som ein gong må ha vore der, finn ein
ikkje beinreiskap. Men under Skipshelleren hadde både buplassen og avfallsdyngja lege tørt. Difor kunne vi her finna,
heilt og uskadt, det som andre stader er
gått tapt.
Om beinreiskapane fortalde mykje, så
fortel måltidsrestane meir. For her låg
dyngjer med avgnegne, mergkløyvde
bein. Jamvel dei eldste av dei er så godt
bevarte, at det synest beinfram utruleg at
dei har lege her i 6300 år. Her var store,
faste knoklar, ikkje som på Fosnstraumenbuplassen berre ørsmå fragment. Beina frå
avfallsdyngja gjev oss såleis ikkje berre
direkte innsyn i den faunaen som fanst i
traktene ved Osterfjorden mot slutten av
eldre steinalder. Vi får òg eit bra grunnlag
til å vurdera kva viltslag som var mest
ettertrakta.
Hovudinntrykket er at dette veidefolket
ved fjorden drap og åt alt dei kom over.
Her er restar av 23 artar pattedyr, 48 artar
fugl og 22 artar fisk. Men nokre få artar
var langt viktigare enn dei hine, og den
viktigaste av alle, var hjorten. Folket i
Skipshelleren var først og fremst hjorte-
Frå dei arkeologiske utgravingane i Skipshelleren sommaren 1931.
bergveggen ved Austestraumen, ei mils
veg nord for Dale, vart det grave ut eit
utruleg rikt buplassfunn kring 1930
(R334). Funna av steinsaker, av flint og
grønstein, var rett nok få og lite oppsiktsvekkjande, men det som kom for dagen
av bein i Skipshelleren, løftar funnet langt
over vanleg nivå og plasserer det i første
rekkje mellom norske steinalderfunn.
Av beinreiskap fanst fiskekrokar i
mengder, harpunoddar, lystergaflar, beinspissar, nåler og ymse andre småting av
bein. Vi får eit gløtt inn i ein reiskapskultur
som må ha vore vidt utbreidd på Vestlandet, men som ein berre ved slumpehøve
kan greia å koma på spor etter i dag. På dei
opne buplassane, der regn og sigevatn har
løyst opp og fjerna alt av organisk opphav
4-6000 år gamle harpunoddar og lystergaflar
frå Skipshelleren.
29
DEN
GLØYMDE SOGA
jegerar, men dei veida òg mykje villsvin,
bjørn og elg. Av pelsdyr fanga dei særleg
oter og mår. Dei dreiv fuglefangst, helst
på tiur og orre, men òg rype, andefuglar
og sjøfugl. Dessutan har selfangst vore viktig. Fjordsel er det vanlegaste pattedyret i
avfallsdyngja, nest etter hjorten. Dei dreiv
fiske i fjorden, og dei sanka østers, blåskjel
og strandsniglar.
Det kan vera grunn til å tru at Skipshelleren var ein fangststasjon som var bruka
til visse årstider, meir enn ein buplass som
var i bruk året rundt. Dei små funnmengdene av steinavfall, jamført med
andre buplassar, kan tyda på det. Men
samstundes syner beinmengdene at når
dei fyrst var her, vart det drive storfangst.
Bein av unge hjortekalvar syner at veidefolket i alle høve var i Skipshelleren utpå
sommaren og hausten. Men om dei heldt
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
til andre stader om vinteren, til dømes
lenger ute på kysten, det kan vi ikkje få
noko visst svar på.
Funnet frå Skipshelleren syner at veidefolket må ha kjent mange ulike fangstmåtar. Dei må ha hatt ikkje berre pil og
boge, kastespyd, harpunar, lystrar og ymse
slag fiskereiskap, i tillegg må vi tenkja oss
at dei kan ha nytta feller. Dei har sikkert
bruka terrenget med stor dugleik og jaga
dyr utfor stup, eller fanga dei i tronge klyp.
Og dei har etter alt å dømma òg teke overnaturlege hjelperåder i bruk. Dei har nytta
magi og trolldom.
VEIDING OG TROLLDOM
Mange stader i landet er det funne helleristningar som vi trur stammar frå veidefolket. Det er dyr, og særleg jaktbart vilt,
som er hovudmotivet.
DEN
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
GLØYMDE SOGA
I Hordaland kjenner vi berre nokre få
slike felt. To av dei ligg ved Hardangerfjorden, i Kvam kommune. På Bjelkaneset, eit par kilometer utetter stranda på
vestsida av Fyksesundet, står ein hjortefigur innhoggen i bergveggen, like ved
kanten av riksvegen. I Vangdal, lenger ute
i fjorden, er det hogge inn ein hjort og eit
par elgfigurar ytst på den stupbratte
Salthammaren (R373).
Både på Bjelkaneset og på Salthammaren ligg ristningane på stader som må ha
vore laglege for drivjakt, og den vanlege
tolkinga på slike veideristningar er at dei
er eit uttrykk for magi eller kultiske handlingar i samband med jakt. Ved å hogga
inn bilete av viltet i berget, kunne ein få
makt over det og lokka det dit veidemannen ville ha det.
Sjølv om ei slik tolking kan verka sann-
Hardangervidda – veidemark gjennom meir enn 8000 år.
Hjorten på Bjelkaneset i Kvam.
Kunst eller magi?
Her veida dei rein for 8000 år sidan. Finnsbergvatnet ved Hardangerjøkulen.
Sumtangen lengst borte, til venstre.
synleg, er det ikkje godt å vita om ho er rett.
Kva tankar dei hadde med handlingane
sine, dei som for 4-5000 år sidan meisla
desse dyrefigurane inn i steinen, får vi aldri
vita. Men at dei hadde gode kunnskaper
om viltet, er det ingen grunn til å tvila på,
for somme av figurane på veideristningane
er meisterleg gode attgjevingar av naturen.
Hoggarane har vore reine kunstnarar, og
dei naturalistiske veideristningane i Kvam
er den eldste biletkunsten vi kjenner i
Hordaland.
FANGSTFOLK I FJELLET
30
Frå dei eldste far etter folk på Hardangervidda, for kring 8500 år sidan, er så å seia
kvar einaste av dei 300 ættledene av menneske som sidan har levt i landet, representerte med funn i fjellet.
Det er ved dei store vatna, Halnefjorden, Hein, Nordmannslågen og Langesjøen dei fleste funna er gjorde. Det er lite
grunn til å tvila på at det er reinsdyrjakt
dei har levt av, dei første som slo seg ned
her. Vi kan beintfram «lesa» det ut av lendet
kring dei rikaste buplassane. Der reinsflokkane naturleg vert trengde i hop, anten
det er på vadestader ved osane, på smale
eid mellom innsjøar, eller på landbremmen
mellom vatnet og berget, der finn ein òg
dei fleste spora etter fangstfoket. Der kan
ein finna pilespissar og skinnskraparar og
mengder av avfall av flint og kvartsitt. Og
der ligg dyngjer med raudbrend kokstein
og vitnar om store ting og glade dagar dei
gongene fangstlukka slo til.
Ved nokre få høve har vi i oskerestane i
koksteindyngjene funne beinrestar som
både kunne artsbestemmast og daterast.
Difor veit vi for visst at det vart ete reinsdyrkjøt på Sumtangen ved Finnsbergvatnet for 8300 år sidan, ved Halnefjorden
for 7500 og ved Nordmannslågen for
7200 år sidan. Men vi veit òg at det vart
fiska aure der. Aurebein frå 6100 og 5100
år gamle buplassar ved Langesjøen og
Halnefjorden syner at det var aure i
Lågendalsvassdraget, like til fjells, alt i
eldre steinalder, og vi kan vera nokså visse
på at det var fisk i dei fleste innsjøane på
dei midtre og austre delar av Hardangervidda på denne tida.
På ein 5000 år gammal buplass ved
Halnefjorden har vi funne bein av elg.
Det var skog på delar av Vidda, og elgstamma har hatt stabilt tilhald høgare til
fjells enn i våre dagar.
Ein kan ikkje sjå bort frå at somme
stammer av veidefolket kan ha halde til i
fjellet store delar av året. Men dei fleste
buplassane vi har funne på Hardangervidda, tykkjest likevel vera spor etter folk
som var der berre i sommarhalvåret. Til
andre årstider heldt dei til i låglandet,
kan hende heilt ute på kysten, anten det
no var i vest eller i aust.
Flintfunna og flintkvalitetane vi finn på
Vidda, kan peika i retning av austlandskysten, men vi har òg sikre indikasjonar
på samband med Sunnhordland. På somme
buplassar, m.a. ved Veivatn på Vest-Vidda,
ved Finnsbergvatn på Nord-Vidda og ved
Nordmannslågen og Bjornesfjorden på
Midt-Vidda, er det funne reiskap og avfall
av ein særmerkt og heilt spesiell bergart,
ein rhyolitt-variant som finst i toppen av
fjellet Siggjo på Bømlo, og ingen andre
stader. Men om det var sunnhordlendingar som var på Vidda, eller om rhyolitten er komen dit ved hjelp av
mellommenn, får vi neppe vita (R203).
FISKE, FANGST OG JORDBRUK –
RESSURSAR GJENNOM
TUSENÅRA
For kring 5000 år sidan finn vi på våre
kantar spor etter husdyrhald, noko seinare
også åkerbruk. Etter som tida gjekk og
levekår, busetnad og samfunnstilhøve vart
endra, vart òg dei gamle veidesamfunna
endra. Vi veit ikkje mykje om korleis
dette gjekk føre seg i Hordaland, men
noko snøgt og dramatisk omskifte har det
neppe vore.
Det finst ingen sikre spor etter innvandringar av større omfang. Vi finn ingenting som kan tolkast som minne etter
bortdrivne veidefolk. Det inntrykket vi
får av funnmaterialet, er at nye næringar
og nye kulturdrag vart tekne opp av dei
Pilespissar frå Hardangervidda.
Flintpilene nedst er 4-5000 år gamle.
Skiferspissane i midten ca. 4000 år.
Kvartsittpilene øvst er frå bronsealderen,
ca.1000 år f.Kr.
som budde her frå før. I den grad det var
naudsynt, vart eldre tradisjonar etter kvart
ombytte og omforma.
Men jordbruket avløyste aldri fullt ut
jakt, fangst og fiske i Hordaland, sjølv om
ein kan sjå store skilnader frå bygd til
bygd. I Eidfjord har såleis reinsdyrjakta
hatt mykje å seia for livberginga, like opp
til våre dagar. Segnene om odelsguten
som valde dyregravene framfor garden
vitnar om kva verde det gamle bondesamfunnet såg i veidinga.
I kyststrøka var det fiske, selfangst og
fangst på vågekval som var grunnlaget for
busetnaden, ikkje jordbruket. For
Øygards-folket var fiskegrunnane, selværa
og kvalvågane vel så viktige som åkeren
og saueflokken.
❑
31