Villreinjakt på Osafjellet NTNU

6 TySDAG aktuelt
hordaland 21. JUNI 2011
Kor redd er ein basehoppar?
n NTNU-forskarar tek pulsen på ekstremsportarane under Veko
LIVREDD: Kenny frå
South Park, er van med
å ofra livet, og kom
heller ikkje i frå det
denne gongen, då han
hoppa saman med
Frode Johannessen ut
frå Nebbet i Gudvangen.
Forskarar frå NTNU i Trondheim
skal finna ut kor redd ein basehoppar er, og om det er lettare å
halda pusten under oppvarma
vatn enn i kaldt vatn.
Ekspertar innan fysikk, medisin, fysiologi
og psykologi kjem til Ekstremsportveko.
– Det er første gong Ekstremsportveko
samarbeider med eit universitet, seier
Margrethe Alm om besøket frå NTNU i
Trondheim.
Frykt. Svein Erik Gaustad er forskar ved
Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk ved det medisinske fakultet ved NTNU.
Han skal undersøkja kroppen sine reaksjonar på basehopp. Testane skal avdekka
frykt hjå basehopparane, og han samarbeider med kirurg, basehoppar og fembornsfar Richard Henriksen.
Frode Johannessen har over 1.000 basehopp bak seg, og seier han er redd på ein
god måte før han hoppar.
– Alt er klappa og klart, og eg er god-redd.
Ein er sjølvsagt spent, og pulsen aukar.
Villreinjakt
på Osafjellet
Han er ein av pionerane innan basehopp,
og tok sitt første hopp i 1985. Kjensla har
endra seg mykje sidan det første hoppet.
– Det har endra seg mykje. Eg var redd,
men også då på ein god måte, seier han om
det aller første basehoppet. Om frykta blir
for stor, går det ut over fokuset.
– Blir ein for redd, slik at ein vert kvalm,
vert tankane uklare, seier Johannessen på
telefon til Hordaland, etter å ha hoppa i
Gudvangen måndag.
– Har du droppa eit hopp fordi du var for
redd?
– Eg har gått ned att nokre gonger, men
det har vore på grunn av ytre forhold, som
skodde og vind, seier Johannessen.
Dykking. Frå det same fakultetet kjem stipendiat Harald Engan og stipendiat Marianne Bjordal Havnes, som skal læra folk
å bli fridykkarar på 1-2-3. Dei skal bruka
oppblåsbare barnebasseng for å visa dykkeresponsen som slår inn når ein held pusten
under vatn.
– Dei skal ha eitt basseng med oppvarma
vatn og eitt med kaldt vatn slik at ein kan
sjå skilnadene på å halda pusten i ulike
ULVIK: Jegerane i Ulvik har i mange år måtta jakta rein på nordsida
av Bergensbanen i området kalla
Nordfjella. Nokre løyve er gjevne
i andre statsalmenningar på Hardangervidda. Ulvik fjellstyre vil no
oppheva fredinga for Osafjellet, i
alle fall for i år.
temperaturar. Dette er viktig for oss som
driv med elvesport, seier Margrethe Alm.
Viktig for veko. Alm meiner samarbeidet
med NTNU vil setja Ekstremsportveko i eit
nytt ljos.
– Me vil få ei djupare forståing av sportane, og vil få fram at positivt stress er sunt
og helseførebyggjande, seier Alm. Det siste
er det Alf Brubakk som skal få fram. Han
er professor emeritus i fysiologi ved det
medisinske fakultet i Trondheim, og er internasjonal anerkjend for forsking innan
dykking og tålegrensene menneske har i
møte med ekstreme påkjenningar.
Han skal mellom andre vera med i konferansen «Insight» i Voss kulturhus under
Veko. Her vil også fleire av dei andre forskarane vera med.
Karsk og base. Også Hans Iver Lange, som
saman med andre medlemer i basehoppargruppa Verdal Karsk og Base har utvikla ei
heilt ny vengjedrakt, skal vera på Voss. Vengjedrakta skal visast fram i NTNU-teltet på
Prestegardslandet.
Lange skal også delta på konferanse i kul-
Med dette vedtaket vert det jakt
for ulvikje på Osafjellet og innover på Ulvik statsalmenning. Det
vert også jakt på private område
som Osa felles. Jakta vert delt inn
i tre jaktbolkar, der fem jegerar
får jakta i kvar. Ei slik jakt kan og
stimulera jegerar frå Ulvik til å
turhuset, der han skal snakka om den nye
vengjeriggen. Denne skal få basehopparane
til å flyga lenger. Drakta er testa i vindtunnelen til NTNU.
Doktorgradsstipendiat Lisa Vivoll Straume forskar på korleis positive kjensler regulerer åtferd, korleis tankesett påverkar val
og utfordringar og korleis tankar og kjensler påverkar helsa. Ho skal mellom anna
halda føredrag om teknikkar for sjølvregulering, mental trening og nervøsitet. Ho
skal også hjelpa kontrabassist Bjørn Alterhaug med å gjera sitt første fallskjermhopp.
– Alterhaug skulle eigentleg bli fallskjermjeger, men trekte seg før første hoppet. Men
han skal gjera sitt første hopp på Veko, seier Margrethe Alm.
Fysikar og professor emeritus Ola Hunderi skal også hoppa ut av eit fly etter å ha
snakka om at alle store teknologiske gjennombrot er det fysikarane som har stått
for. Hoppet er eit tandemhopp, ei gåve frå
familien hans på 70-årsdagen.
søkja fellingsløyve på andre delar
av Hardangervidda, heiter det i
saksutgreinga.
Bakgrunnen for vedtaket er at
ein god del av reinen i Nordfjella
beiter på sørsida i Bergensbanen,
også i jakttida. Elles har talet på
fellingsløyve auka monaleg på
TOR HALVORSEN | tekst
VIDAR HERRE | foto
[email protected]
Hardangervidda frå år 2000 og
fram til i år, der fellingsløyva kan
koma opp i 6000. Ulvik vil vera
med å ta sin del av auken, og
ynskjer å gå frå 75 løyve til om lag
230. I tillegg kjem løyva Ulvik no
har i Nordfjella.
ARNE SKJERVEN | tekst