PDF, 377 kB - Ulvik herad

Ulvik ligg inst i Hardangerfjorden. Heradet strekkjer seg frå fjordnivå til 1800 m.o.h. ( Hardangerjøkulen)
og har eit areal på 720 km2. Ulvik har ca. 1100 innbyggarar og grenser til kommunane Granvin, Eidfjord,
Ullensvang, Voss, Aurland og Hol. Med bil er det ca. 2 timar til Bergen og 45 min. til Voss. Voss er næraste
regionsenter med jernbanestasjon, vidaregåande skuletilbod og fylkessjukehus.
Rådmann
Har du lyst å leie ein Cittaslow kommune?
Ulvik er eit herad med sunn økonomi og engasjerte innbyggjarar. Her er vi opptekne av å vise fram
verdiane som ligg i bygda vår, i jordbruket, den flotte naturen, handverktradisjonen og i turisme. I 2015
blei heradet godkjent som medlem av Cittaslow, noko som blant anna viser vårt fokus på energi og miljø,
gode levekår og sosiale tilhøve. Vi ønskjer å vere eit herad som blir opplevd som gjestfritt og
inkluderande og som både kan ta til oss og gje kunnskap til andre, både nasjonalt og internasjonalt. Sjå
meir om Ulvik herad og Cittaslow på www.ulvik.kommune.no
Vi ønskjer ein rådmann som kan vere med og sikra heilskapleg tenking rund vår vidare utvikling og gjere
kommunen endå meir attraktiv for næringsliv og innbyggarar. Å sikre eit godt samarbeid mellom
administrasjonen og det politiske styret og iverksetjing av politiske bestillingar vil vere sentralt.
Vår nye rådmann kan identifisere seg med vår leiarfilosofi som er at leiaren skal vere synleg, sjå sine
medarbeidarar, og byggje tillit gjennom ei ope, raus og respektfull haldning. Gjennom tydeleg leiarskap
og god oversikt, vil rådmannen skape tillit og sikre god kommunikasjon ut i organisasjonen og til
heradstyret.
Det er viktig at rådmannen har kjennskap til, og forståing for, samspelet mellom politikk, administrasjon
og fag. Det vil og bli lagt vekt på god erfaring med økonomistyring, fortrinnsvis i ein kommune. Vi
ønskjer søkjarar med høgare utdanning, solid leiarerfaring/dokumenterte gode leiareigenskapar og
kjennskap til forvaltningsarbeid.
Vi tilbyr stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i eit utviklingsretta herad.
Spørsmål om stillinga kan rettast til ordførar Hans Petter Thorbjørnsen, tlf. 400 07 119, eller Mercuri
Urval ved Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 eller Johanne Sognefest-Haaland tlf. 975 59 051. Alle
førespurnadar til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskeleg også for oppdragsgivar.
Søk på stillinga på www.mercuriurval.no snarast, og senast innan 19.03.2017
Det vil bli utarbeid ei offentleg søkjarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å
bli unnateke off. søkjarliste.