Turkarusellen 2015. Nordsida: Sørsida:

Turkarusellen 2015.
Postane er i år plassert slik, før dei vert henta inn att ca 1oktober.
Nordsida:
Buksegjedlen
Parker inst i Øvstedalen. Følg skilt mot Kringsdalen/Stordalen/Raudstølen. Du er framme
etter du har passert stigningen bak Raudstølen. Ved vegskiljet mellom Stordalen og
Kringsdalen er boksen plassert der skiltet står.
T/R ca 2,5-3 timar
Aldalen
Parker før bru på Mæland. Ta til venstre ved gardstunet og fylg vegen mot Aldalen. Boksen
heng under takoverbygg på løa.
T/R ca 1,5 time
Slåttenovi
Parker på toppen av Øvstedalsvegen. Gå mot vest, etter ca 5 min må du gå ned til
høgre(retning Aldalen) før du fortset innover. Du ser varden på Slåttenovi framføre deg. Boks
er plassert ved varden.
T/R ca 1, 5 time
Vindeggi/Toppen av Kongevegen
Kjør til parkeringsplass over brua til Bjørgo, hugs at det er bomveg. Gå på traktorveg og fylg
skilta mot Bjørgo. Gå forbi husa inst i tunet og fylg elva på venstre sida opp dalen. Ikkje gå
over elva før du kjem til ei bru. Fylg heile vegen skilta som er merka Kongevegen. Boks i
varden på Kongevegen sitt høgaste punkt. Litt vått og fuktig terreng.
T/R ca 3 timar
Sørsida:
Gamlestølen:
Parkeringsplass rett forbi Rasdalsvatnet. God T-merka sti forbi Rørbakken. Boks plassert ved
store graner. T/R ca 1,5 time
Vibotn:
Parkering som for Gamlestølen. God T-merka sti forbi Rørbakken og Gamlestølen. Boks ved
raud T der turstien kryssar bekken.
Ca. 1 T/R. gange frå Gamlestølen.
Bolstadstølen:
Parkering ved Rasdalsvatnet. Gå opp mellom gardshusa, fylg bakken opp mot gjerde til du
finn sti som går oppover. Når du har passert toppen svingar stien etter ei stund til venstre inn
mot der du møter stølen. Boks plassert på sel innerst på stølen.
T/R 2,5 time
Utsikten.
Parker ved velteplass/tømmer på Rasdalsvegen ,forsett litt oppover etter du har passert
innkjørsel mot Flåten. Lett terreng innover til du kjem til benkar og bord med nydeleg utsikt
over fjorden. Boks heng i postkasse ved tre like ved.
Ca 1 t. t/r
Turnemda i Bolstadøyri Turnlag.
Oppdagar du feil med boksane kan du ringja Magnar 48 88 03 31
Kopp i premie til alle som har vitja alle boksane, samt om du er under 10 år og har
vitja minst 4. Det vert og trekt ein premie i kvar boks. PS! Kart på baksida.