Artikkel 2 - Sula Kulturskule

Torsdag 6. desember 2012
11
Kulturskulerektor Ingolf
Dragset takka tekstforfattar Jens Arne Molvær for eit
flott stykke - og uttalte at
julespelet skal bli ein årleg
tradisjon.
Moro: - Hallo Svansnissen!
Det er EG som er forteljar her!
Arne Lerheim (t.v) og Julie
Løken Skuggen (t.h.)sto for ei
artig opning på julespelet.
sulanissen og svansnissen
Tradisjon for sulafolket – og eit flott syn for ålesundarane.
Foto: Peder Otto Dybvik
Følelsar: Det er ikkje berre, berre å vere svansnisse (Louise Dahl
Alnes) og ha følelsar for ein sulanissse.
På besøk
hos
Sulanissen
Ålesundarane er
heldige. Første søndag i advent kan dei
tende lilla lys – og
sjå eit flott fakkeltog
som snor seg ned frå
Sulafjellet.
Endå heldigare er imidlertid dei mange som tek
turen oppom Gamlestølen
denne kvelden. Opp til nissen. Sjølvaste Sulanissen!
Hjartevarme: Irene Digernes Klokk imponerte i rolla som vesle,
tøffe ”Bobba”. Her saman med Louise Dahl Alnes ”Svinse Svein”.
åg) fann tonen på Gamlestølen.
Lykkelig slutt: Nissane på Sulafjellet tok kvelden som gode vener.
Gamlestølen
heile vegen heimatt. Skodespelarar som blomstra på scena.
Barnevennleg, både med tanke
på innhald, framføring og tidsbruk. Ein halv time er aldeles
ypperleg for dei minste.
Då vanka det velfortent applaus.
Det blir ikkje siste gong.
– Eg håper dokke har sett av
tid neste år også, for dette blir
det meir av, lovde Ingolf Dragset. Kulturskulerektoren var tydeleg stolt av premieren, og slo
fast at her var det noko å byggje
vidare på.
Ein solid grunnstein. Noko vi
kan kalle ”vårt”. Her er sikkert
mange småjusteringar ein kan
gjere for å løfte stykket endå eit
hakk eller to, men det må gjerast med varsam hand. Dette
var nemleg ei fryd å sjå på. Ekte
glede!
Glede, ja. Det må leggjast til
at historia sjølvsagt ikkje endar
med hoppande hissigproppnissar som står og trugar kvaran-
dre med barbering, emigrering
til søskenbarnet på Melshorn
(Hareid) og det som verre er.
Sulanissane og svansnissane er
ikkje langsinte. Og når ein blir
vener att no i juletida, ja då må
ein sjølvsagt ha fest. Grautfest!
Når vi no står her oppe på
Sulafjellet – kan du tenkje deg
til ein høveleg stad å ha grautfest på?
På Friheim:
Odd Solnørdal
Tradisjon: – Sulanissen
er glad for å få besøk, og
no søndag var det skikkeleg stas. Det er så kjekt å
sjå kor mange barn som tek
turen oppom, seier nissen
sin pressetalsmann Trygve
Holm.
Heilt sidan 2002 har Sulanissen opna dørene sine
og ønskt velkommen til
nissefest på Gamlestølen.
For mange har dette blitt
ein tradisjon – og det er
ingen ting som tyder på at
denne festen skal ta slutt
med det første. Oppmøtet
er stabilt – og høgt!
Godt besøk: – Nissen
hadde fått med seg 500
gåver frå Nordpolen. Det
held akkurat, seier Holm og viser til at nissefar berre
hadde att 20 pakkar i sekken sin.
Går ein også ut frå at
barna hadde følgje av
vaksne, kan ein rekne seg
fram til at det var bra med
folk på Gamlestølen denne
første søndagen i advent.
Små og store sprekingar
som hadde tatt turen opp
ei tørr, fin Vonløype, godt
kledde i kulda og med
kledelege raude roser på
kinna.
Dei mange spente barna
som flokka seg kring nissen
kunne konstatere at også
han frå Nordpolen hadde
fått litt ekstra ansiktsfarge
dette året. Det sistnemnde
også ein del av den fantastiske
dungadsinnsatsen
som blir lagt ned.
Trygve Holm er imponert over viljen til å stille
opp.
Trivsel: – Sjå berre på ein
kar som Kristian frå Mylna,
for ein flott jobb han gjer.
Ein av mange gode bidragsytarar som er med på å sørgje for at vi kan halde fram
med dette arrangementet. Langevåg Musikkorps
spelte og sørga for god
stemning, her var bål, grilling og det såg ut til at alle
koste seg. Det var då også
målsettinga for kvelden.
Og høgdepunktet kjem
kanskje heilt til slutt. For
ålesundarane som står og
kikar på – og for dei mange
som er med på det som
ein trygt kan beskrive som
”noko heilt spesielt”.
– Det vart eit aldeles nydeleg fakkeltog, som lyste
opp nedover Vonløypa.
Odd Solnørdal
[email protected]
Jul og nyttår på turisthyttene
Den Norske Turistforening
byr på ro, høgtid og kvite
vidder i jule- og nyttårshelga.
– Å gå inn i eit nytt år
med lange skiturar i kroppen er ein god start, meiner
kommunikasjonsmedarbeidar
Ida Amelie Helgesen i DNT.
Mange betente og ubetente turisthytter ventar gjester i juleog nyttårshelga. (Foto: Inger Robøle Kristiansen / NPK)