Andre tilbod • • • • Fødselsførebuande kurs 1.gangs fødande. Oppfølging / bistand til gravide arbeidstakarar, herunder «Gravid i Jobb» Trening for gravide i terapibassenget med fysioterapeut. Forsterka helsesestasjon – Trygg Start. samarbeidspartnare Jordmødre i Fjell samarbeider tett med fastlegar, helsesøstre i helsestasjon og spesialisthelsetenesta. Andre aktuelle samarbeidspartnarar er kommunal fysioterapeut, kommunepsykolog, rask psykisk helsehjelp og sosionom/NAV. Timebestilling og kontakt med jordmor Gjeld frå påvist graviditet Straume Helsestasjon ekspedisjon • Tlf. 55 09 68 10 • Opningstid kl 08:30-11:15 og 12:00-13:00 Ågotnes Helsestasjon ekspedisjon • Tlf 55 09 69 90 • Opningstid kl. 08.30-12.00 og 12.30-14.00 måndag - torsdag Jordmortenesta i Fjell Straume- og Ågotnes helsestasjon jordmorheim Gjeld fyrste veka etter fødsel • Vakttelefon: 481 60 999 • Måndag – laurdag kl. 08.00-21.00 Velkommen til Jordmor! Oppfølging av jordmor i svangerskapet og etter fødsel • • • • • • • Svangerskapskontroll etter tilråding frå Helsedirektoratet. Rettleiing/ råd mht svangerskapsplager/ fysiske/psykiske utfordringar i svangerskapet og livsstilsrettleiing. Samtale/råd ifht. fødsel. Rettleiing om fødsel og korleis kvinna kan førebu seg til fødselen. Ammerettleiing i svangerskap. JordmorHeim tilbyr praktisk ammehjelp etter fødsel enten i heimen eller ved ambulant kontroll ved Jordmorbasen/poliklinikk i 2. etg. ved Straume Helsesenter. JordmorHeim tilbyr og nødvendig oppfølging av mor og barn i barseltid med bl.a nyfødtscreening, vektkontroll, hørselstest, gulsottmåling, ernærings- og rettleiing til foreldre i stell av spedbarn, og barseloppfølging av kvinna. Samtale etter fødsel. Design og layout: Monica Hovland - Informasjon Kva skjer hos jordmor? Gjennom si utdanning og erfaring har jordmor spesialkompetanse på graviditet, fødsel, barseltid og ammerettleiing. Det blir avsett mellom ½ - 1 time pr. konsultasjon avhengig av behovet til den enkelte. Jordmor legg stor vekt på individuell informasjon om amming- og fødselsførebuing, tilknytting/ samhandling mellom foreldre og barn og stell av nyfødd. Kvar konsultasjon hos jordmor inneheld rutinemessige undersøkingar som kontroll av blodtrykk og urin, og måling av fosteret: vekst og utvikling, lyttar på hjertelyd, leiekontroll mm. Jordmor tilviser den gravide til screening ultralyd, og andre undersøkingar og oppfølging hos spesialisthelseteneste ved behov. Herunder henvisning til Rådgivningssenteret for mor- og barn ved Kvinneklinikken i Bergen, poliklinikk for gravide, observasjonspost for gravide o.a.
© Copyright 2024