Klikk her - Høyanger kyrkjelege fellesråd

NR 4, 2014 KYRKJELYDSBLAD FOR SOKNA I HØYANGER KOMMUNE
82. ÅRG
Foto: Bjørnar Otterstein
I dette nummeret kan du lese om:
• Kva med deg?
• Fredsfyrsten
• Det store puslespelet
• Når verda kjem til oss
• Ei storstila gåve
• Mariahelg
og
l
u
J
d
o
G
!
r
å
t
t
y
n
t
God
Side 2HELGESTUNDER
www.hoyanger.kyrkja.noSide 3
Å bli Guds barn
Dei siste åra har eg lært meg å setje pris på
julefeiringa i Norge som startar for alvor 1.
søndag i Advent. Vinteren er lang og mørk
her i fjordlandskapet. Vi treng ein lang
lysfestival som kan hjelpe oss gjennom
mørketida.
Juletradisjonane vi fyller Desember med, har
lange og djupe røter. I nesten 100 år har barn
i Høyanger tettstad venta i nattekulden på
julenissen sin godte-pose. I år lot nissen
barna vente ekstra lenge. Ein bestefar mista
tålmodet og foreslo å kjøpe litt godteri på
Rimi, men det slo ikke an. Tenk at nissen er
populær i 2014?! Så bra! Ipad er ingenting
mot ein julenisse!
Julefeiringa har sitt utgangspunkt i barnet
som vart fødd i Betlehem. Historia om denne
fødselen er like aktuell i dag som då
gjetarane på marka fikk englebesøk.
Apostelen Johannes er ein av dei som vart
kjend med dette barnet, og den betydning
barnet har for oss. Han skriv: «Men alle som
tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds
born, dei som trur på hans namn».
Føresetnaden for å bli Guds barn er at ein
tek i mot barnet, dvs. Guds einbårne Son;
Ordet som vart menneske. Det gjeld å tru,
ikke berre på Gud i allmennreligiøs forstand,
men på Sonen. Sjølv i vårt sekulariserte land
trur mange på ein diffus, oversanseleg
røyndom, på ei høgare makt, som mange
kallar Gud. Ei begynnande gudstru høyrer til
vår opphavelege bagasje.
Det er ikke så vanskeleg å tru på ein
udefinerbar gud. Det er vanskelegare å tru på
ein Guds Son, og det er enno vanskelegare
når denne Guds Son møter oss som eit
menneske. For korleis kan kan ein forestille
seg Gud som menneske? Korleis kan eit
barn vi ser og hører og som veks opp i
Nasaret, være Gud?
I Jesus kjem Gud så nær oss at det blir
skremmande! At Gud vart menneske gjer
ikke at Gud vert mer forståeleg og klar. Han
utfordrar oss meir. Den utfordringa må vi ta.
For tar vi i mot Sonen, får vi rett til å bli
Guds barn. Å ta i mot Jesus er noko anna en
å ta i mot ein venn, det er å ta i mot livet!
«Men alle som tok imot han, dei gav han rett
til å bli Guds born.
Vi burde ikke avstå frå vår rett. Lat oss
heller ta i mot han, og sei til Gud med
frimod; Du er min Far, eg er ditt barn!
Gledeleg Jul!
Sokneprest Runar Matsui- Li
Side 4HELGESTUNDER
Fredsfyrsten
Det folket som vandrar i mørkret,
ser eit stort ljos.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.
Du let dei juble høgt og gjorde gleda
stor. Dei gledde seg for ditt ansikt
som ein gler seg over kornhausten,
som ein jublar når krigsbytte vert delt.
For åket som tyngde,
stokken over skuldrane
og staven til slavedrivaren
har du brote sund som på Midjans dag.
Ja, kvar støvel som trampa,
og kvar kappe tilsølt med blod
skal brennast og bli til føde for elden.
For eit barn er oss fødd,
ein Son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skuldrar.
Han har fått namnet Underfull
Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far,
Fredsfyrste.
Så skal herreveldet være stort
og freden utan ende
over Davids trone og hans kongerike.
Han skal gjere det fast
og halde det oppe ved rett og rettferd
frå no og for alltid.
Herren over hærskarane
skal gjere dette i sin brennande iver!
Esaias 9. kapittel
www.hoyanger.kyrkja.noSide 5
Det store puslespelet Jakta på dei tidlegaste
manuskripta til Bibelen
Publisert: 07. oktober 2014
Det finst tusenvis av handskrivne manuskript til
Bibelen. Dei lagar eit enormt puslespel som må
leggjast, kvar gong ei ny bibeloversetjing skal
lagast. Kva manuskript er eldst, og kva ligg
nærmast den opphavelege teksten – den som
evangelistar og apostlar skreiv for to tusen år
sidan?
Teksthistoria til Bibelen er som eit puslespel der vi ikkje har alle brikkene, og der nokre bitar
ikke ser ut til å passe saman. Kan tekstane ha blitt forandra gjennom mange århundre med
kopiering? Kan ein romersk keisar ha forfalska store deler av Bibelen? Bibelen si teksthistorie er omgjeven av rykter om løyndommar. Kven av dei er sanne, og kven er moderne
fiksjonar?
Hans Johan Sagrusten har studert manuskripta til Det nye
testamentet i mange år. I Det store puslespillet tek han
for seg dei viktigaste manuskriptfunna frå 1800-talet og
fram til i dag. Kor langt attende i tid kan funna ta oss? Kor
nær Bibelens eiga tid er det mogeleg å kome?
Bibelteksten er i seg sjølv fantastisk litteratur, men også
manuskripta bær med seg spanande og utrulege historier.
Funn av gamle manuskript har alltid pirra vår
menneskelege fantasi. Det er ikke rart at krimforfattarar som Dan Brown og Tom Egeland
byggjer bøkene sine rundt oppdaginga av gamle manuskript. Men der krimromanane fortel
fiktive historier, fortel Det store puslespillet om verkelege hendingar og verkelege funn. Alle
fakta i boka er forankra i tekstforskinga. I Det store puslespillet får du vite kor gamle dei
eldste manuskripta til Bibelen er, hva forhistoria deira er, og korleis desse tekstane har blitt
kjent for oss i dag.
Det store puslespillet - Jakta på dei tidligaste manuskripta til Bibelen er ei spennande
bok om manuskripta som ligg til grunn for bøkenes bok, Bibelen. Med si jakt på Bibelens
tidligaste manuskript viser Sagrusten korleis verkelege historiske hendingar, fortalt i eit
fengande språk, overgår både fiksjonen og fantasien! Boka kostar kr. 298,- God lesning!
Side 6HELGESTUNDER
Ein oppvekst
varer livet ut!
Ett av ti barn lir under at foreldra rusar
seg eller har psykiske problem. For
disse barna er det avgjerende å bli sett
av trygge voksne. Dette er eit aktuelt
tema, ikkje berre no rundt juletider, men
året rundt. Blå Kors har utvikla ein
enkel vegleiar som fortel deg kva du
kan gjere ved bekymring for eit barn.
Talet kjem fram i ein rapport frå
Folkehelseinstituttet frå 2011. Sjangsen for
at du kjenner til eit eller fleire av disse
barna er stor. Mange trur det er lett synleg
om eit barn har det vanskeleg, men det
kan være vanskelig å vite korleis eit barn
har det heime basert på åtferd eller
utsjånad. Sårbare barn veks opp i alle
samfunnslag og typar familier. Derfor bør
ein ikke la symptoma åleine styre om ein
gjer noko for eit barn. Er du bekymra for eit
barn, bør du gjere noko uansett!
Vi har lett for å dele vår uro for eit barn
med naboen, ektefellen eller en ven. Det vi
må hugse er å vise omsorg direkte til
barnet, i barnehøgde. Det er då vi er til
hjelp for barnet. Forskning viser at det er
viktig for barnet si framtid å bli sett av ein
vaksen. Å bli sett er mennesket sitt mest
grunnleggjande kjenslemessige behov. Å
bli sett er ein viktig faktor til vern i eit
sårbart barn sitt liv. «Snakk med meg, ikke
berre om meg.»
Gjennom ein enkel femtrinns vegleiar vil vi
gje vaksne sjangsen til å være den som
bryr seg, når magekjensla sier at ein bør,
sier Jan Elverum, generalsekretær i Blå
Kors. Det er lett å tru at eit barn ville blitt
fanga opp av andre dersom det var grunn
til bekymring. Det viser seg ofte å ikkje
være tilfelle. Barn som lever i sårbare
heimar er ofte flinke til å gå inn i roller,
tilpasse seg omgjevnadane og å skjule
korleis det står til heime.
«Sårbare barn er som andre barn – ulike»
Barn treng nokon som vågar og handlar.
Det er vi vaksne som må ta ansvar ved å
være den som stiller spørsmål, blandar
oss, bryr oss. Barna bør ikke bære smerta
og ubehaget åleine. Sjå vegleiaren i si
heilheit på jegser.no eller bestill en
brosjyre på e-post [email protected] / tlf
900 75 732.
www.hoyanger.kyrkja.noSide 7
Kva kan du gjere? Fem gode råd:
1.Ta magekjensla di på alvor!
Dersom du er bekymra for eit barn, er det viktig
at du gjer noko med det. Det er lett å tenkje at
barnet ville vorte fanga opp av andre dersom det
var grunn til bekymring. Det er ofte ikke tilfelle.
La ikke frykt for å ta feil stoppe deg.
2. Vis at du ser barnet – gjennom ord og
nærleik
Å bli sett og anerkjent av ein vaksen betyr mykje
for alle barn – og spesielt for eit barn som får lite
merksemd heime. Det skal ikke mykje til for å
føle seg sett og positivt lagt merke til: eit smil, at
du lærer navnet på barnet og brukar det. Still
åpne og interesserte spørsmål om kvardagslege
ting når du møter barnet.
3. Vis at du ser barnet – gjennom handling
Tilby barnet å sitje på heim frå skulen, til trening
e.l. Spør barnet om det skal på arrangement i
nærmiljøet, inviter barnet med dersom det nølar.
Tilby leksehjelp, middag eller bollar etter skulen.
Inviter han eller henne med på aktivitetar som
kino, teater eller søndagstur.
4. Dersom di uro vert forsterka – søk hjelp
Dersom di uro vert forsterka, bør du formidle til
barnet at det er trygt å snakke med deg. Vær ein
god lyttar og vis at du tåler å høre det barnet
fortel. Vis respekt., lytt med medfølelse. Hvis du
er usikker på kva som er rett å gjere og treng
hjelp til å vurdere situasjonen, kan det være lurt
å rådføre seg med ein lærar, helsesøster
og/eller barnevernet.
5. Vit at du gjer ein forskjell
Det aller beste du kan oppleve er at barnet du
var bekymra for viser seg å ha det bra. Eller
kanskje du aldri får bekrefta eller avkrefta korleis
det står til med barnet. Det kan bety at barnet
har det «godt nok». Kanskje måtte du gripe inn
og gå vidare med di bekymring. Uansett er det
viktig at barnet sjølv opplever di bekymring
som ei omsorgshandling ved at du forheld deg
direkte til barnet. Sannsynligvis betyr du meir
enn du forstår. «Sjølv om eg skjuler det som er
vanskelig, ønskjer eg å bli sett.»
Side 8HELGESTUNDER
Arbeid for nytt orgel i Kyrkjebø
I november 2012 konkluderte orgelkonsulent
Kristen Øgaard med at orgelet i Kyrkjebø
kyrkje ikkje er godt nok. Som kantor Tony
Rozendaal seier til Helgestunder nr. 1-2013
var ikkje det overraskande:
Orgelpipene tåler ikkje si eiga vekt.
Deretter må dei vere med å skaffe midlar til
det orgelet ein vel å satse på. Utgangspunktet
for reknestykket er at fellesrådet kan stille
med om lag kr. 200.000,- Resten må
kyrkjelyden skaffe sjølv.
I Helgestunder nr. 1-2013 fekk vi ei grei
innføring i dei viktigaste alternativa ein kan
velje mellom.
1) Eit nybygd pipeorgel. Kostnad ca. 3
millionar
kroner
ved
storleik
tilsvarande noverande orgel.
2) Restaurering av eit brukt pipeorgel.
Kostnad frå 400.000 – 750.000
avhengig av restaureringsbehovet.
3) Eit nytt digitalt kyrkjeorgel. Kostnad
300.000 – 500.000.
Kantor Tony Rozendaal peikar på alternativ 2
som det mest aktuelle. Vi trur at kyrkjelyden
på Kyrkjebø får det orgelet dei ønskjer seg,
men tilrår at ein ser på alle alternativ med eit
ope sinn.
Saka har vore oppe i kyrkjeleg fellesråd, og i
sommar hadde vi eit brukt pipeorgel på hand i
Tyskland. Men med kroner 0 i investeringsmidlar i 2014 kunne vi ikkje handle.
Fellesrådet sin plan er å skaffe Kyrkjebø kyrkje
nytt orgel snarast, og seinast innan utgangen
av 2018, slik at instrumentet er klart til kyrkja
sitt 150 års jubileum i 2019. Dei signala vi har
fått om investeringsmidlar i kommunen sin
økonomiplan 2015 – 2019 gjev grunn til ein
viss optimisme, men når det er sagt, trur vi
likevel ikkje at vi kan fullfinansiere nytt orgel
over den kommunale løyvinga.
Ved innkjøp av både orgel og andre
instrument til kyrkjer er det heilt vanleg at
lokalmiljøet bidreg økonomisk, og det trur vi
det vert behov for her òg. Fellesrådet meiner
difor at kyrkjelyden, både soknerådet og
frivillige, raskt engasjerer seg i saka og skipar
ei orgelnemd. Dei må først ta stilling til kva
instrument ein ønskjer seg. I dette spørsmålet
er kyrkjemusikarane viktige rådgjevarar.
Det er mange døme på pipeorgel som må
skiftast ut etter relativt kort tid. Orgelet som
står i Kyrkjebø kyrkje er berre 45 år. I
Høyanger kyrkje vart orgelet frå 1960 bytt ut i
2003. Begge desse orgela vart bygde i ein
periode der det vart brukt billege materialar
og teknologi som ikkje var slitesterk. Når
forfallet set inn er det ikkje rekningssvarande
å reparere.
I Høyanger kyrkje er dagens orgel døme på eit
vellukka restaureringsprosjekt. Ulempa med
restaureringsprosjekt er likevel at det er
vanskeleg å fastsetje sluttkostnaden nøyaktig
nok, og ein kan ende opp med utsetjingar og
nye kronerullingar. Skal ein ha pipeorgel er
derfor nybygg det tryggaste med omsyn til
kostnadskontroll, men det er altså svært dyrt.
Det tredje alternativet er digitalt kyrkjeorgel.
Nye digitale orgel er laga slik at det er opptak
av verkelege orgelpiper som kjem ut av
høgtalarane.
Instrumenta
vert,
som
pipeorgel, klangmessig tilpassa det
rommet dei skal stå i (intonasjon).
www.hoyanger.kyrkja.noSide 9
Eit digitalt orgel
gjev same grad av
kostnadskontroll som nybygde pipeorgel, men
til ein mykje meir overkommeleg pris.
Ved samanlikning av klangkvalitet vil eit
pipeorgel alltid vere betre enn eit digitalt
orgel.
Spørsmålet som økonomiske realitetar
presenterer for oss er likevel dette:
Kan klangen i eit digitalt orgel vere god nok?
Bygstad kyrkje fekk nytt digitalt orgel i 2014.
Dei som skal vere med å ta avgjerd i orgelsaka
på Kyrkjebø bør reise til Bygstad kyrkje ein
søndag og høyre på orgelet der.
Kva med eit heilt nytt pipeorgel? Deler ein 2,8
millionar på rundt 350 husstandar på Kyrkjebø
kjem ein i rundt kr. 8.000,- per husstand. Det
er ikkje heilt urealistisk å samle inn så mykje
pengar, men det vil vere krevjande.
Fellesrådet har stor respekt for kyrkjemusikarane sine faglege vurderingar og råd.
Men fellesrådet må òg vere eit ansvarleg
organ når det kjem til disponering av kyrkja
sine
midlar.
Førebyggjande
utvendig
vedlikehald av kyrkjene vil alltid måtte gå
framfor eit orgel.
Orgelet i Kyrkjebø kyrkje må nok gjere jobben
nokre år til. Men dersom alle gode krefter
arbeider i lag er eg viss på at nytt orgel er på
plass seinast ved utgangen av 2018, men
gjerne før!
Jan Edvard Gjersvoll
Foto: Bjørnar Otterstein
Side 10HELGESTUNDER
«Når verda kjem til oss»
Dette er temaet på kyrkje- og misjonsdagen på Alværa
Misjonssenter laurdag 10. januar 2015 kl. 10-16.
Vi lever i eit samfunn der menneske frå ulike
kulturar kjem til bygder og tettstader også i
Sogn og Fjordane. Nokre stader har ein alt
lang erfaring med å ta imot asylsøkjarar.
For Høyanger kommune er dette nytt og
utfordrande. Vi veit at ein del av dei som
kjem er kristne, gjerne tilhøyrer ortodokse
kyrkjer. Mange av dei har eit ønskje om å
vere med i eit kristent felles-skap. Andre er
muslimar, og alle treng å bli godt integrerte i
det norske samfunnet.
Korleis tek vi i mot dei? Kva kan vi lære av
dei? Kva kan vi tilby? Kva er det i trua vår
som blir utfordra? Korleis er truspraksis i
islam?
I Det Norske Misjonsselskap har vi
ressurspersonar med erfaring frå land der
islam er den største religionen.
Frode
Brügger Sætre er misjonær i Mali. Han
arbeider i regionen vår dette året, før han
reiser
tilbake
til
Mali
til
høsten.
Misjonskonsulent Ingvald A. Frøyen har
mange års erfaring i møte med muslimar.
Begge har mykje på hjartet som dei gjerne
vil formidle av kunnskap, opplevingar og
refleksjonar. Brügger Sætre held innlegget
sitt «om muslimar sitt møte med kristne, og
med Kristus» frå kl. 10.30, og Frøyen
innleier deretter til samtale og erfaringsdeling.
Tradisjonen tru vil vi denne dagen også
syngje mykje, repetere frå tidlegare kyrkjeog misjonsdagar
og lære nye songar.
Temadagen blir avslutta med gudsteneste
kl. 14.30. Om ettermiddagen blir det eit kort
årsmøte for Det Norske Misjonsselskap
(NMS) i Ytre Sogn område.
Set av dagen allereie no, så du ikkje går
glipp av ein inspirerande dag i møte med
andre frå både Sunnfjord og Ytre Sogn.
Brosjyre blir sendt rundt til kyrkjelydane,
men ein kan melde seg på til Alværa allereie
no, telefon 48990661. Det blir leiarhelg for
ungdom frå fredag kveld, og vi håpar at
også barnefamiliar har lyst til å vere med i
eit triveleg fellesskap denne laurdagen i
januar.
Områdeutvalet i NMS
www.hoyanger.kyrkja.noSide 11
Julefred – 1914 og 2014?
I 2014 feira vi i Norge 200 års jubileet til
Grunnlova. For 100 år sidan, – i 1914 og
fram til 1918, 100 år etter Eidsvoll, vart
store deler av Europa ramma av ein av dei
største tragediane i historia: den store
krigen som vi i dag kallar for 1.
Verdenskrig. Meir enn 20 millionar
menneske, militære og sivile, vart drepne.
Det var livsfarleg, og det var strengt
forbode! Biletet øverst frå ei tysk avis viser
ei slik scene med tyske og franske
soldatar. Vanlege soldatar frå begge sider
feira jul saman! Det vart julefred. Dette
biletet vart legendarisk. Krigen var ikkje
slutt, den varte i fire grusame år til. Men
håpet om fred var der!
Norge var nøytralt, men sjølv om landet
ikkje deltok i krigen, lei Norge likevel stor
skade på menneskeliv og materiell. Ingen
hadde tenkt det kunne skje. Men det
skjedde likevel. Siviliserte land som
England, Frankrike og Tyskland gjekk til
angrep på kvarandre. På den mest brutal
måte. Kristne land. Og dei var klare over at
det var kristne på den andre sida òg.
Kyrkjene støtta krigshandlingane med
preiker og bøn – på begge sider.
I 2014 er krig blitt til ein ny realitet for
verdssamfunnet – inkludert oss i Norge.
Unge menn frå Norge og andre
europeiske land reiser til Syria eller Irak for
å kjempe aktivt for «IS». Andre står i kø for
å verve seg til kamp i Ukraina. Og krigen
kjem til oss. Til Norge og til Høyanger
kommune. Menneske som måtte flykte frå
krigen.
Så nærma det seg Jul. Motstandarane ved
fronten i Belgia grov seg ned i skyttargraver berre nokre steinkast frå kvarandre.
Mange tende lys på små juletre og song
julesalmar. Og dei fekk høyre det same frå
den andre sida òg. Så reiste dei seg, og
ropte (på dårleg engelsk) «Not shoot!» og
gjekk med hendene i vêret mot kvarandre.
Jula skapte «Fred på jorda» i 1914.
Kanskje det kan bli litt av det same no i år
òg? Juletida kunne vere ei tid for oss til å
vere ekstra medmenneskelege, å opne
døra, ta imot, invitere til oss. Vi kunne
våge å risikere litt ekstra!
Andreas Ester, prest
Side 12HELGESTUNDER
Diakonen si side
Det er mange fine ord og formuleringar i
menneskerettserklæringa. Det er lett å vere
samd og nikke støttande til. Men når ein ser
seg rundt i verda kan ein bli både motlaus og
undrande. Menneskerettane krenkjast kvar dag
mange stader i verda, og gjev god grunn til
både mismot og grøss. Vi vert bombarderte
gjennom media med ufred, urettvise, sjukdom,
naturkatastrofer og menneskeskapte klimaendringar.
Rettnok bør ein ikkje klaga så lenge det berre
er media som bombar. Vi kan diverre nemna
eksempel i fleng: Russland sin militære
aggresjon i Ukraina, raseopptøyar i Ferguson i
USA, Islamsk Stat (IS) sine grufulle herjingar
som breier seg frå land til land, Ebola-viruset
og naturen som slår tilbake med ekstreme
snøfall, vind og regn.
Vi feirar den internasjonale menneskerettsdagen den 10. desember. Kvart år sidan 1950
har FNs menneskerettsdag vorte markert. Den
skal rette søkjelyset mot menneskerettsbrot
verda over. Kva er så menneskerettar?
Menneskerettar er grunnleggjande rettar alle
har, uavhengig av kjønn, alder, religion eller
nasjonalitet.
Menneskerettane er nedfelte i FNs menneskerettserklæring som vart vedteken den 10.
desember 1948. Artikkel 1 i erklæringa seier at
alle menneske er fødde frie og med same
menneskeverd og menneskerettar. I Artikkel 2
kan vi lese at kvar og ein har krav på alle
rettane som er nemnde i erklæringa, utan
skilnad av noko slag, for eksempel på grunn av
rase, hudfarge, kjønn, språk, religion, politisk
eller anna oppfatning, nasjonalt eller sosialt
opphav, eigedom, fødsel eller anna forhold.
Alle punkta i menneskerettserklæringa er
viktige. Dei slår blant anna fast at alle har rett
til liv og fridom, at ingen må haldast i slaveri
eller utsetjast for tortur, at alle har rett til å få si
sak rettferdig og offentleg handsama av ein
uavhengig domstol, at alle har rett til å bevege
seg fritt, rett til å søkje og ta imot asyl, rett til
statsborgarskap, rett til tanke- og religionsfridom, rett til arbeid og fritt val av yrke, rett til
utdanning og gratis elementær opplæring og
rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg når
det gjeld helse, mat, klede og bustad.
Eg trur at mykje av det sosiale elendet i verda
har si årsak i at ulikskapane i mange samfunn
blir for store. Difor må vi hegna om demokratiet
og likskapstanken vi er så heldige å ha i
Noreg. Og vi må ha i mente at kvaliteten på
samfunnet kan målast i korleis samfunnet
behandlar sine svakaste.
Det kjem ikkje noko godt ut av å grave seg for
djupt ned i problem, redsle og motløyse heller.
Likevel er det ein god ting å vere bevisst og
engasjert. Så får kvar einskild gjere sitt til at
verda kan bli ein betre stad!
Vi går no lysare tider i møte med solsnu den
22. desember, og ei triveleg julehøgtid ligg
framfor oss. Det er for dei fleste ei tid med
familie, slekt, vener og tradisjonar. Men det er
fint om vi også hugsar på at høgtider for nokre
er ei utfordring. Dette kan ha si årsak i rus, tap,
einsemd, sjukdom og mykje anna.
Veit du om nokon som du trur slit ekstra i
høgtider, så ta kontakt. Det kan aldri slå feil!
Tema for denne månaden er det kristne håp,
og at vi sanneleg er ein Frelsar fødd!
Gledeleg jul og eit velsigna nytt år!
Terje Elvestad
Diakon
www.hoyanger.kyrkja.noSide 13
Nytt frå kyrkjeverja
Ei storstila gåve!
Festa grav (leigd grav)
På framsida av dette bladet ser du biletet av
lysgloben som no er på plass i Vadheim Bedehuskapell, saman med han som har laga den, Georg
Hovland frå Vadheim. Dette er ein lysglobe som
fort ville ha kosta 18 000 – 20 000 kroner, dersom
den måtte kjøpast. Men globen til Georg er unik,
det finnes bokstaveleg talt ikkje maken. Georg
Hovland seier han lenge har tenkt på å lage ein
globe til bedehuset, men at det ikkje har høvd seg
slik, før no. Dersom den kan få folk til å gå meir i
kyrkja, vil det ha vore bryet verd, seier han.
Kyrkjebø sokneråd og Høyanger kyrkjelege
fellesråd er svært takksame for denne flotte gåva,
og kan ikkje få fullrost Georg Hovland nok, for
hans initiativ og arbeid!
Dette er eit tilbod til dei som gjerne vil sikre seg at
nettopp denne plassen vert avsett til grav for
attlevane ektefelle eller andre. Ordninga med feste
av grav har eit anna regelverk enn det som gjeld for
fri grav, nemleg §14 i Gravferdslova. Det framgår
der at for festa grav kan det krevjast avgift, og
denne avgifta vert fastsett av kommunen etter
framlegg frå kyrkjeleg fellesråd. Avgifta er pr. dato
kr. 150 pr. år, men det er søkt om å få auke denne.
Piano og orgelundervisning
Høyanger kyrkjelege fellesråd kan tilby piano og
orgelundervisning
frå
vårsemesteret
2015.
Undervisninga vil foregå i Høyanger kyrkje,
Kyrkjebø kyrkje og på Lavik Helsesenter. Lærar vil
vere Tony Rozendaal, og påmelding skjer direkte til
han, mobil 91697693. Pris pr. semester er 1200 for
barn og 2000 for vaksen, som betalast til Høyanger
kyrkjelege
fellesråd
kto.
3705.24.53659.
Undervisninga fyljer skuleåret.
Minnegåve
I samband med Hjørdis Frivik si gravferd den
23.07.2013 kom det inn kr. 6 800 i minnegåve til
Kyrkjebø kyrkje. Kyrkjebø sokneråd og Høyanger
kyrkjelege fellesråd takkar for minnegåva!
Frigrav
Etter Gravferdslova § 6 har alle innbyggjarar i
kommunen rett til ei fri grav. Denne retten er ikkje
knytt til ein bestemt gravplass eller gravstad, men
grava vert tilvist av kyrkjeleg fellesråd på nærmaste
gravplass der det er ledig. Etter fredningstida (30 år
i Høyanger) er det høve til å feste grava i bolkar på
5 år, mot å betale ei festeavgift.
Høyanger kommunestyre vil truleg godkjenne den
omsøkte prisauken, men vil knyte eit vilkår til
innkrevjing av avgifta som går ut på at når ei festa
grav vert teken i bruk, skal den i framtida vere
gratis i 20 år . Etter dagens regelverk må det
betalast avgift frå grava vert festa, og etter at den er
teken i bruk, gjennom grava si fredningstid.
Dersom kommunestyret vedtek formannskapet si
tilråding, vil det i framtida berre bli kravd
festeavgift for reserverte graver fram til dei vert
tekne i bruk, samt for graver eldre enn 30 år. Det
inntektsbortfall vi dermed får, må vi be om at
Høyanger kommune dekkar inn.
Den endra praksis som no blir, har samanheng med
to forhold: For det første er det slik at NOU 2014:2
Lik og likskap er ute på høyring. I denne utgreiinga
vert heile lovverket som styrer gravferdsforvaltninga gjennomgått, og det er framlegg om ei
rekkje endringar. Ei av endringane går på at det i
framtida skal bli slik at alle skal få rett til å ha sin
gravstad kostnadsfritt i 20 år, uansett om grava er
fri (tilvist) eller festa (leigd).
Det andre forholdet er at praktiseringa av det
lovverket som hittil har vore gjeldande, over tid har
ført til mange protestar og klager på festeavgiftene.
I Høyanger har dette vist seg seinast ved ein
underskriftsaksjon med krav om at alle skal ha rett
til ei fri grav. Underskriftslistene vart overlevert
ordføraren før siste formannskapsmøte. No ser
dette kravet ut til å bli innfridd! 
Side 14HELGESTUNDER
BABYSANG
Foto: Runar Matsui-Li
På Babysang har vi i høst vore 8 familiar saman på sangstunder med sang, dans, leik og moro.
Etter musikkstunda med borna kosar vi oss med lunsj, og ein hyggjeleg prat!
Takk til alle som tok turen innom bedehuset på tirsdagar i haustsesongen!
SMÅBARNSTREFF
Sidan 2005 har det vore arrangert småbarnstreff i Høyanger. Dette er eit veldig populært
tilbod, og vi er opp til 25 barn med foreldre som møter opp. Det er artig at så mange kjem på
småbarnstreff!
På samlingane leikar vi, har ulike kreative aktivitetar, høyrer ei historie frå Bibelen, vi syng
kjende sangar og lærer nokre nye.
Mange barn synes det er spennande å høyre på bibelhistorier, kva dei betyr, og å bli kjende
med Jesus og trua på Gud. Så sluttar vi alltid med eit koseleg kveldsmåltid.
Mange takk til alle som hjelper til, og som stiller opp slik at babysang og småbarns-treff er
blitt ein populær møteplass for ungane og foreldra deira!
Ei spesiell takk til Brenda Janson, Maxima Rothe, Keiko Matsui-Li og sokneprest
Runar Matsui-Li.
Eg ynskjer alle ei velsigna Julehøgtid!
Helsing Heike Müller
www.hoyanger.kyrkja.noSide 15
SMÅBARNSTREFF
Foto: Runar Matsui-Li
Side 16HELGESTUNDER
PÅ KYRKJEBAKKEN
Minikonfirmantar i Høyanger.
Alle som er fødde i 2004 får høve til å vere minikonfirmant. Søndag 8. februar kl.11.00 vert
de presenterte og de vil også få bibel. Deretter vert det 4 samlingar på 1,5 time rett etter skuletid. Dagar og datoar er ikkje bestemte enno. 17. - 19. april skal det vere leirhelg på Alværa
saman med minikonfirmantar frå Solund og Hyllestad. På ei gudsteneste, truleg i juni, vil vi
gjere ære på minikonfirmantane og dele ut diplom.
Tårnagent kan du vere i desse kyrkjene:
Bjordal kyrkje: 31.jan. og 1.feb - for 2. klasse og eldre
Høyanger kyrkje: 7. - 8. feb: for alle som er fødde i 2006.
Vadheim bedehus: 28. feb. – 1.mars for 2. klasse og eldre.
«Sprell levande song» i Lavik
er eit tilbod til born frå 4 år og eldre. Det er samling
annankvar onsdag frå 17.15 til 18.30 i «Balubarommet» i
gamleskulen. Dei song på Alværamessa i desember og
planlegg å delta på Barnegospelfestivalen i Førde i mars!
Mi kyrkjebok og bibel vert utdelt
i Lavik kyrkje søndag 11. januar kl 11.00
Alle som er fødde i 2007 og 2008 vert inviterte til kyrkja for å få
Mi kyrkjebok. Dessutan vert de inviterte til ein T-dag i
januar/februar. De som er fødd i 2004 vil då få bibel.
www.hoyanger.kyrkja.noSide 17
DET SKJER PÅ ALVÆRA
2015
9.-11. januar: Leirleiarhelg
10. januar: Kyrkje og Misjonsdag
30. januar -1. februar: SMS leir, frå 8. kl.
6. til 8. februar: Israelshelg
13. til 15. februar: Musikkleir
20. til 22. februar: Vinterleir
06. – 8. mars: Mariahelg
10. – 12. april: Årsmøte i Indre Sjømannsmisjon
Påmelding til leir for born og unge – www.nmsu/bjoergvin.no
Påmelding til andre arrangement på Alværa: Ring 5771 1757 eller 489 90661
Mariahelg 6.-8. mars 2015
For kvinner i alle aldrar !
Fredag 6. mars til søndag 8. mars blir det
igjen Mariahelg på Alværa Misjonssenter
ved Lavik i Sogn – ei helg der vi får senke
skuldrane og løfte blikket.
Opp til 40 damer samlast til åndeleg og
sosialt fellesskap, kreativ utfalding, påfyll
til kvardagane og gode måltid, alt saman i
trivelege omgjevnader. Det vert høve til
både turgåing, skravling, song og spel,
meditasjon og/eller handarbeid i sofakroken.
Viktig på Maria-helga er også at ein ikkje
er forplikta til å vere med på alle
programpostar, men kan bruke tid til kvile
eller stille stunder, dersom det er behov.
Hovudtalar er Sigridur Gudmarsdottir som
er prest og teolog frå Island. Ho har ein
doktorgrad i kjønnsteologi og økoteologi,
har tent som prest på Island og i Amerika,
og har undervist i teologi og religionsfilosofi ved universitet på Island, i
Amerika og i England. No er Sigridur
tilsett som prost i Sør-Helgeland prosti,
med sete i Brønnøysund.
I tillegg til Sigridur, har vi fått med oss
Anne-Sissel Olsen Bergum, som skal ha
redesign-seminar, der gamle ting får nytt
liv.
Meir informasjon og påmelding:
489 90 661 eller på e-post: [email protected].
Du finn oss også på facebook.com /
Mariahelg.paa.Alvaera.
Velkomen til Mariahelg!
Side 18HELGESTUNDER
I GLEDE OG SORG
DØYPTE
DØDE
Høyanger
05.10.2014
05.10.2014
Ola Strandos Måredal
Milian Vadheim Ødegård
05.10.2014
26.10.2014
23.11.2014
Eirik Timberlid Norevik
Krisander Høyum Sæternes
Ingrid Walsvik
Kyrkjebø
02.11.2014
Jørgen Hauge Hesjedal
Vadheim
09.11.2014
Theodor Olai Røyset Eide
Høyanger
18.10.2014 Aslaug Grønli
25.10.2014 Veronica Heggheim
Stegegjerdet
26.11.2014 Karin Hatlestad
Kyrkjebø
17.10.2014
18.10.2014
20.10.2014
13.11.2014
Anders Røneid
Magny Røneid
Margit Oddny Frivik
Solveig Austreim
f. 30.04.1928
f. 24.01.1992
f. 16.03.1935
f. 10.03.1926
f. 01.03.1927
f. 21.03.1942
f. 20.07.1916
Lavik
11.10.2014 Gjert Harald Raae
19.10.2014 Erling Arvid Alværen
01.11.2014 Liv H. Bosdal
f. 15.06.1943
f. 21.07.1931
f. 30.11.1918
Ikjefjord
28.10.2014 Jenny Instefjord
f. 23.05.1912
www.hoyanger.kyrkja.noSide 19
Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar
gjera. Men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser
dagen nærmar seg.” (Hebr 10,25)
Gudstenester
04. jan. Kristi åpenbaringsdag
Kl. 11:00 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
Kl. 17.00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
Kl. 11:00 Bjordal v/Andreas Ester
11. jan. 2. sø. i åpenbaringstida
Kl. 11:00 Lavik v/ Andreas Ester
Kl. 17:00 Vadheim v/Runar Matsui-Li
18. jan. 3. sø. i åpenbaringstida
Kl. 12:00 Alværa v/ Andreas Ester,
Konfirmantleir
25. jan. 4. sø. i åpenbaringstida
Kl. 12:00 Alværa v/Runar Matsui-Li,
Konfirmantleir
01. feb. Såmannssøndag
Kl. 11:00 Bjordal v/Andreas Ester,
Tårnagentar med Toril Lange
Kl. 11:00 Kyrkjebø v/ Runar Matsui-Li
08. feb. Kristi forklarelsesdag
Kl. 11:00 Høyanger v/ Runar Matsui-Li,
Tårnagentar med Toril Lange
Kl. 11:00 Ortnevik v/Andreas Ester
15. feb. Fastelavensøndag
Kl. 11:00 Vadheim v/ Runar Matsui-Li
Kl. 11:00 Lavik v/Andreas Ester
Kl. 17:00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
01. mar. 2. sø. i fastetida
Kl. 11:00 Bjordal v/Andreas Ester
Kl. 11:00 Vadheim v/Runar Matsui-Li,
Tårnagentar med Toril Lange
08. mar. 3. sø. i fastetida
Kl. 11:00 Ortnevik v/Andreas Ester
Kl. 11:00 Høyanger v/ Runar Matsui-Li
15. mar. 4. sø. i åpenbaringstida
Kl. 11:00 Lavik v/Andreas Ester
Kl. 11:00 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
29. mar. Palmesøndag
Kl. 11:00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
Kl. 17:00 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
Kl. 17:00 Bjordal v/Andreas Ester
02. apr. Skjærtorsdag
Kl. 11:00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
Kl. 18:00 Lavik v/Andreas Ester,
Påskemåltid
Kl.20:00 Ortnevik v/Geir Sørebø
Påskemåltid
03. apr. Langfredag
Kl. 11:00 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
Kl. 11:00 Lavik v/Andreas Ester
Kl. 11:00 Bjordal v/Geir Sørebø
05. apr. Påskedag
Kl. 11:00 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
Kl. 13:00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
Kl. 17:00 Vadheim v/Runar Matsui-Li
Kl. 11:00 Lavik v/Andreas Ester
Kl. 11:00 Ortnevik v/Geir Sørebø
06. apr. 2. Påskedag
Kl. 12:00 Bjordal v/Geir Sørebø
12. apr. 2. sø. i påsketida
Kl. 16:00 Bjordal v/Andreas og Toril,
Samtalegudsteneste
Kl. 17:00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
Samtalegudsteneste
Side 20HELGESTUNDER
INFORMASJON
Returadresse :
Høyanger kyrkjekontor
Pb. 159 – 6991 Høyanger