God jul! - Høyanger kyrkjelege fellesråd

83. ÅRG
Foto: Bjørnar Otterstein
NR 3, 2015 KYRKJELYDSBLAD FOR SOKNA I HØYANGER KOMMUNE
I dette nummeret kan du lese om:
• Flyktningen Jesus
• Asylsøkjarane er komne
• Kyrkjejubileum i Lavik
•Johannespasjonen
• Intervju med Karin Grodås
• Dei nye sokneråda
God jul!
Side 2HELGESTUNDER
www.hoyanger.kyrkja.no
HELGESTUNDER
Kyrkjelydsblad for Høyanger, Kyrkjebø,
Lavik, Bjordal & Ortnevik sokn.
I redaksjonen:
Bjørnar Otterstein, Runar Matsui-Li og Andreas Ester
Layout: Bjørnar Otterstein
Pengegåver vert mottekne med takk!
Bankgiro: 3705.24.53659
Trykk/oppsett: Husabø Prenteverk
________________________________________________________________________________
Alfa og Omega
Vi kjenner alle til bibelhistoria, og dei fleste husstandar i Norge
har ein bibel liggjande. Kanskje les du litt i den av og til, kanskje
ligg den berre og samlar støv. Det verkar uansett som om Bibelen
får mindre og mindre verdi og innverknad for dei aller fleste.
Det er synd, for i Bibelen kan vi finne mykje kunnskap og visdom
til å forstå det som skjer i vår tid. Og vi kan kjenne på spenningane
som oppstår når Bibelens absolutte, imperative utsagn, møter vår
tids relativisme og likegyldigheit til åndelege spørsmål. Det skaper
motstand, og det skaper debatt. Korleis skal vi forstå det vi les?
Er det berre eventyr og fablar, eller er det gudsens sanning? Det
kan ein berre finne ut ved eigne erfaringar. Og når ein erfarer at
Ordet er levande, og at det skaper tru på ein nådig Gud, då kan ein
vitne med overtyding: Dette er vår tru: Jesus lever!
Om det er ein åndeleg lengt blant folk, og søkjing etter det
guddommelege, så søkjer ein helst i alle andre retningar enn der
Bibelen seier at frelse og fred er å finne.
Jesus Kristus har sagt at han er Vegen, Sanninga og Livet, og at
ingen kjem til Faderen utan gjennom han. Han er livets brød, Han
er det levande vatnet. Han er den gode hyrdingen som gjev
menneska framtid og håp! For så høgt har Gud elska verda, at han
gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal
gå fortapt, men ha evig liv. Joh, 3.16.
Den kristne kyrkja har fått eit oppdrag, og det er å forkynne
evangeliet, døype, og lære menneska om Guds frelse i Jesus
Kristus. Han er med oss alle dagar, så lenge som verda står.
Så kjem han att, og alle skal få møte Han. Då er det litt seint å slå
opp i Bibelen. Les difor Bibelen no, mens det enno er tid.
Det gjeld livet.
Det evige.
Bjørnar Otterstein
Høyanger kyrkjekontor
Dalevegen 4. Pb. 159
6991 Høyanger
Telefon:
57 71 41 00
[email protected]
Lavik kyrkjekontor
Postadr.: Pb 14, 6946 Lavik
Telefon:
57 71 41 00
[email protected]
Prost: Reidar Knapstad
Kyrkjevegen 23, 6809 Førde
Telefon kontor: 57 82 81 80
Direkte innval kontor:57 82 81 83
Mobil:
97 56 82 20
E-post: [email protected]
Sokneprest: Runar Matsui-Li,
6993 Høyanger
Telefon kontor: 57 71 41 00
Mobil:
48 89 00 86
E-post: [email protected]
Sokneprest: Andreas Ester,
6947 Lavik
Telefon kontor: 57 71 41 00
Mobil: 45 22 17 37
E-post: [email protected]
Kyrkjelydspedagog: Toril Lange,
6947 Lavik
Telefon kontor: 5771 4100
Mobil: 922 40966
E-post: [email protected]
Kyrkjeverje: Bjørnar Otterstein
Kyrkjekontoret i Høyanger
Telefon privat: 57 71 32 23
Telefon kontor: 57 71 41 00
Mobil:
91 76 38 03
E-post: [email protected]
Kantor : Tony Rozendaal,
6947 Lavik,
Mobil: 91 69 76 93
E-post: [email protected]
Kantor: Gerda Otterstein
6993 Høyanger
Mobil: 94 18 67 09
E-post: [email protected]
Leiarar av sokneråda:
B og O: Øyvind Rømo 48161729
Lavik: Geir Ytredal 48121513
Kyrkjebø: Audun Digranes 91746841
Høyanger: Hilde Ullebø 47315736
Leiar kyrkjeleg fellesråd:
Jan Edvard Gjersvoll tlf. 91577561
Kyrkjetenarar
Høyanger: Heike Müller tlf. 99398497
Kyrkjebø: Irene Aase Aarseth tlf. 97 01 29 77
Vadheim: Anne Irene Ølmheim tlf. 90019976
Lavik: Bjarne Hellebø tlf.97 75 10 21
Olav Hellebø tlf. 90 08 49 12
Audun Engedal tlf. 41563628
Bjordal: Norvald Bjordal tlf. 97 12 01 27
Ortnevik: Joar Oppedal tlf. 41 10 05 87
KIRKENS SOS: Tlf. 22 40 00 40
SUNNFJORD PROSTI SIN
VAKTTELEFON: Tlf. 95 48 31 52
www.hoyanger.kyrkja.noSide 3
www.hoyanger.kyrkja.no_________________________________________________________________________Side 3
Flyktningen Jesus
Vi er i adventstida, og midt i julesesongen.
Gode tankar går til alle dei som legg tid og
omtanke i juleførebuingane. Eivind Skeie
skriv dette slik i refrenget til ein av sine
julesalmar: «Englene synger høyt i kor,
synger om fred på vår jord. Verden var aldri
helt forlatt. En stjerne skinner i natt».
Eg synes det er eit fint perspektiv med jula,
at den minner oss på at vi ikke er åleine.
Gud tenkjer på oss, og deler liv og livsvilkår
med oss. Han let sin son bli fødd inn i vår
verd, og stadfestar at det livet vi har, er det
liv som er ekte.
Livet møter oss med ulike gleder og sorger,
men det er ikke noko liv uten at Gud er der.
Både Jesu krybbe og Jesu grav er tomme.
Jesus reiste seg frå både krybba og grava.
Derfor kan vi syngje med Bjørn Eidsvåg:
«Evig er han her til stede».
Dette året har mange flyktningar og asylsøkjarar kome til Norge. Frå fjern og nær set
folk seg i bevegelse, bort frå fattigdom, krig
og forfølgjing, og set kursen mot land som
kan gje dei ei ny framtid for seg og sine
etterkomarar. Millionar av menneske er
religiøse og politiske flyktningar, og nokre
ganske få kjem og søkjer asyl hos oss.
Flyktningane og asylsøkjarane utfordrar oss
til omtanke og nestekjærleik. Bibelen sier i
klartekst at vi skal ta vel i mot dei framande.
Vi må hugse på at vi har vore framande vi
og. Mange nordmenn emigrerte og skapte
seg eit nytt liv i Amerika. Vi vart tekne vel i
mot, og fekk sjansen til å skape oss ei ny
fremtid der. No vert vi utfordra på å gje dei
framande ein sjanse i Norge!
Jula er ei koseleg og fredfylt tid for oss. Jula
sin bodskap handlar då også om fred på
jorda. Vi må berre ikke gløyme dramatikken.
Då Jesus vart fødd, og då hyrdingane og dei
vise mennene var gått heim att, måtte Josef
og familien flykte til Egypt for å kome unna
kongen som ville drepe Jesusbarnet. Alle
gutebarn under to år i Betlehem vart drepne!
Dette kan vi lese om i Matteusevangeliet
kapittel 2.
Jesus slapp unna! Han var flyktning nokre
år, og kom ikke heim att før kongen som
ville drepe han, var død. Jesus fikk så vekse
opp i Nasaret, men i voksen alder vart han
på ny utsett for forføljing, og denne gongen
slapp han ikke unna.
Jesus sin livsveg gjekk frå krybba, til korset
og grava, og til oppstoda. Lyset skein på
markene den natta Jesus vart fødd. Freden
frå Gud vart forkynt, uten at det dermed har
betydd at krig og undertrykkjng er avlyst.
Men uten det lyset som vart tent i Betlehem
den første julenatta, ville aldri lyset og håpet
blitt tent for alle dei som blir forfølgde og
undertrykte i verda i dag!
Ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År!
Runar Matsui-Li
Side
4HELGESTUNDER
Side
4______________________________________________________HELGESTUNDER
Nestekjærleik og gjestfridom!
No vert heile Europa testa på styrken i våre humanistiske verdiar,
om alle menneske sin verdigheit og deira rettar.
Foto: Robert Atanasovski/Afp/NTB Scanpix/Kirkens nødhjelp
Vi vert utfordra til å være eit land som viser
barmhjertigheit, nestekjærleik og
gjestfridom, og til å gje av vårt eige for å
lindre andre si naud. Den friviljuge
mobiliseringa er av største verdi. Det gjer
djupt inntrykk å sjå den store innsatsen
enkeltpersonar gjer for å gje flyktingane
tryggleik, framtid og håp!
Alle kan gjere noko: Ved å støtte lokale
tiltak, i samarbeid med styresmaktene,
ved oppfinnsomt å stille opp i nabolag,
kyrkjelydar og foreningar, og invitere
flyktningar inn. Slik kan vi bidra til at
menneske får nytt håp.
Vårt ansvar er å inkludere medmenneske på
flukt i våre fellesskap. Vi kan alle vise
gjestfridom og omsorg for dei som no kjem
til vårt lokalmiljø. Kyrkjer og kyrkjelydshus
kan åpnast for samvær, og for å gje omsorg
til barn og voksne.
Bispemøtet vil uttrykkje stor anerkjennelse
for det arbeidet Kirkens Nødhjelp gjer i
Syria, i nabolanda og i Europa. Vi er
takksame for den store innsatsen som
offentlege instansar og det norske folk no
viser. Både regjeringa og kommunane må
samtidig ta større ansvar for å ta i mot den
straumen av menneske som søkjer vern.
Norge må ta aktivt del i arbeidet med å få til
ei handtering av situasjonen i Europa.
Bispemøtet oppfordrar kyrkjelydane i Den
norske kyrkja til å støtte Kirkens Nødhjelp
og dei andre organisasjonene i den nasjonale
dugnaden, som arbeider hardt for å lindre
naud. Vi må stille opp for flyktningane ved å
gje pengar, gjennom forbøn og ved å vise
medkjensle og nestekjærleik.
Ein uttale frå Bispemøtet i Den norske
kyrkja. Oslo 14. september 2015
www.hoyanger.kyrkja.no
Side
5
www.hoyanger.kyrkja.no__________________________________________________Side
5
Asylsøkjarane er komne, korleis møter vi dei?
Opprettinga av asylmottak i
Høyanger gjekk fort føre seg, og utan
at Høyanger kommune på førehand
var informert eller medverkande.
Men no er mottaket etablert, og
utfordringane det skaper må løysast
på ein god måte. Det skal vi klare,
seier ordførar Petter Sortland, som
har sagt ja til eit lite intervju med
Helgestunder om dette temaet.
nest største skulen i Høyanger, etter Høyanger skule!
Korleis er situasjonen no? Situasjonen
er at Norsk Mottaksdrift har avtale på
150 asylsøkjarar ved det desentraliserte
mottaket i Høyanger. I tillegg har dei
opsjon på 30+30 til. Pr. i dag er det 180
asylsøkjarar i Høyanger, og av desse er
25 barn, noko som er ein høg andel.
Fleire vaksne asylsøkjarar er på veg, så
oppgåvene er store, ikkje minst med
tanke på at vi skal gje dei forsvarlege
helsetenester, norskopplæring og
skulegang. Vaksenopplæring er no den
Kva er status for dei som er komne? Tidlegare kunne vi grovt dele dei inn i tre grupper: Ca.
1/3 er asylsøkjarar som har søkt og fått avslag, 1/3 har søkt og fått opphald, men har ikkje fått
tildelt kommune, medan den siste 1/3 har søkt om asyl, men har ikkje fått svar enno. No
erfarer vi at andelen som kjem med lovleg opphald aukar, og at talet på asylsøkjarar som har
fått avslag har gått kraftig ned. Vi må forstå at situasjonen for alle asylsøkjarane er krevjande.
Den beste måten vi kan møte dei på er ved å vere venlege og vise merksemd, snakke med dei,
og vere medmenneske. Men dei skal behandlast som vanlege innbyggjarar. Dei har ikkje lov
til å ha løna arbeid når dei er i mottak, men dei må like fullt aktiverast på ein meiningsfull
måte. Dei kan eksempelvis gjere ulike ting som går under begrepet dugnad. Ja, dugnad er eit
godt ord på meiningsfulle aktivitetar til beste for andre! Det kan vere hagearbeid, skogrydding, snømoking m.m.
Kva med dei som får flyktningestatus?
For dei som får innvilga asyl, får tildelt Høyanger som sin bustadkommune, og får flyktningestatus hjå oss, er det viktig å lære seg norsk og kome i arbeid. For desse gjeld det å kome i
godt inngrep med lokalbefolkninga, slik at dei kan bli integrerte. Vi må lære dei om både
rettar og plikter, slik at dei kan bidra til samfunnet, og i størst mogeleg grad forsørgje seg
sjølve. Her er Nasjonalt integreringsprogram for flyktningar viktig! Det finnes mange
suksesshistorier rundt om i landet, men det er også ein del kommunar som ikkje lykkast.
Dessverre!
Vi skulle gjerne hatt fleire arbeidsplassar, men uansett må vi håpe på at den store straumen av
asylsøkjarar kan avta, forhåpentlegvis fordi situasjonen betrar seg i dei landa dei flyktar frå,
avsluttar Petter Sortland.
Tekst og foto: Bjørnar Otterstein
Side 6______________________________________________________HELGESTUNDER
Side 6HELGESTUNDER
Reflektert «Tru-talk» i Lavik kyrkje
Kyrkjejubileet sette standarden alt ved fyrste høve, då alle vart inviterte til temakvelden ’Tru i
dag’, ein paneldebatt om tru og ikkje tru i kvardagen. I Lavik sitt vakre kyrkjerom satt mange
spente lyttarar og fylgde med på det som utspelte seg på scena. Der klarte ein suveren Geir Sørebø
å få ei kvinne og to menn (Margit Arntsen, Jens Friis, Arild Raasholm), representantar frå kvar si
generasjon, til å snakke nokså opent om trua i kvardagen.
Foto: Jan Edvard Gjersvoll
Vi høyrde om samtalar på bussen og arbeidsplassen på eit travelt hotellkjøkken. Så strekte
forteljingane seg til tankar om kva som kan vere viktig i eige liv, og korleis Marit, Jens og Arild
snakkar om dette med andre. Historiene hadde oss tilskodarar på benkekanten. Emna engasjerte –
berre synd ein ikkje kunne slenge inn ein kommentar!
Når samtalen på scena vende seg til ’kyrkjebesøket’- kvifor gå eller ikkje gå til kyrkja, kom det
likevel kviskande frå sidekvinna: ”Tenk om ein berre hadde klart å komme seg til kyrkja dei tre
fyrste gongane, då ville terskelen til å vende tilbake ikkje vore så stor?”
God idé! Spennande tankar om trua og livet – det kan vi høyre i kvar gudsteneste. Og med ein
kaffekopp i handa er det til og med mogeleg ved etterfylgjande kyrkjekaffe å endeleg sette ord på
det ein hadde på tungespissen heile tida. Så ikkje vent til 200-års jubileum i 2065, neste
gudsteneste er rett rundt svingen!
Anette Ester
1
www.hoyanger.kyrkja.no
Side
7
www.hoyanger.kyrkja.no
________________________________________________________________SIDE 7
Desse får konfirmantundervisning 2015 - 2016
Høyanger sokn:
Jonas Randal, Alexander Østerbø Marifjæren, Olav Indreeide Fossen, Eirik Sjøthun Måren,
Trygve Sæle Sæbø, Ulrikke Svedal Hellem, Lisa Måren Løseth, Kristine Ølmheim, Sunniva
Gudvangen Trollebø, Kristine Marie Lønne Hatlem, Elisa Kvist Gandrud, Andrea Øren,
Sandra Kyrkjebø, Natalie Kleive Aardal, David Eikås Nesse, Peter Eikås Nesse, Rikke Cecilie
Larsen, Hedda Stølen Olsen, Lars Magne Nygård Eldevik, Magnus Helle, Jostein Vågen
Slinde, Daniel Sæbøe Tveit, Lasse Lindstad Håkelien,
Kyrkjebø og Vadheim sokn:
Sindre Olsen, Lars Norevik Heggenes, Mariann Solaas, Helena Beatrice Høsøien Haaheim,
Runar Berge Kårstad, Linnea Vie Løkeland, Martin Jansson Takle, Svein Roger Torsvik
Wanstrøm, Sandra Kyrkjebø, Alexander Ian Smelvaer Burn, Ida-Marie Grepstad Solheim,
Hilde Hjelmeland Hovland, Thea Grymyr Ljotebø, Henning Klævold Heggenes.
Lavik sokn:
Erling Avedal, Sverre Hjønnevåg Bosdal, Øystein Ølstad Hjetland, Irene Leirnes, Bjørnar
Jensen Nyland, Erik Raasholm, Daniel Csaba Tjønnås.
Bjordal og Ortnevik sokn:
Lars Martin Svartemyr, Håkon Østerbø
________________________________________________________________________________________________________________
Mange frå Høyanger kommune var med på haustleiren på Alværa i oktober. Foto: Helle Kartveit
SideSide
8HELGESTUNDER
8
HELGESTUNDER
Jubel, jubel, jubel: Kyrkjejubileum i Lavik!
Lavik kyrkje fyller 150 år i år. Det går eg ut
frå at alle som les Helgestunder, har fått med
seg. Jubileumsveka gjekk av stabelen frå
torsdag 24. september fram til søndag 4.
oktober. Og no kan vi sjå tilbake til denne
perioden og sei: Det heile var jo så heilt
fantastisk, så vellukka alt saman, så kjekt, så
inspirerande, og det er så masse fine minner
etter alt det som skjedde då! Ingen kunne
drøyme om at denne festen på alle måter vart
så fin! Og eg vil nytte høvet til å
oppsummere, og rette ei stor takk til alle
eldsjeler som tok initiativ og stilte opp for alt
det som vart gjennomført!
Jubileumsprogrammet starta med
temakvelden om «Tru i dag». Ein torsdags
kveld. Dette er det skrive om i eigen artikkel
av kona mi, Anette. Ca. 35 personar kom og
fekk vere med på ei veldig spennande
samling,
som var leia av Geir Sørebø.
Og dei kom! Dei fekk først ei omvisning i
kyrkja, og så sjå utstillinga i bispestova som
Bjarne Hellebø, Per Sverre Kvammen og
Marie Løland med fleire hadde fått til. Toril
Lange laga eit flott opplegg: Det var nok
spennande for mange.
Ivrige elevar studerer bøker og ting som er
stilt ut. Foto: Toril Lange
Utstillinga var før øvrig open for alle same
dagen og fredagen på kvelden, og så på
søndag før gudstenesta i kyrkja.
Så kom lørdagen 26. med songarrangement
for born heile dagen, og konsert for alle om
ettermiddagen. Torunn Styve stod bak dette.
Bjarte Leithaug var instruktøren på ein
utruleg fin måte. Ca 20 born i ulike aldrar
avleverte saman med han ein kjempeflott og
variert konsert som var morosam og rørande
å lytte til. Kyrkja var nesten fullsett med
foreldre, besteforeldre og mange fleire.
Mange tok turen innom bispestova for å sjå
utstillinga og bispestova. Foto: May- Britt
Eide, Ytre Sogn
Ivrige songarar på Sprell levande konserten.
Foto: Anne-Lene Hansen, Ytre Sogn
Torsdagen etter var skulen sin dag. Alle
skule-elever frå Lavik skule var inviterte.
Om kvelden same dagen: Salmekvelden eller
ønskekonserten. Dette var ein idé av Olav
Hellebø som var programleiaren òg. I alt åtte
favorittsalmar vart valde ut av bygdefolket
og presentert denne kvelden – med masse
interessant bakgrunnsstoff om tekstar og
melodiar. Og så ble dei sunge, sjølvsagt.
Tony Rozendaal stod for musikalsk ramme
og framføring. Om lag 40 kom – og vart
enno meir glad i sine gamle eller nye
favorittar.
www.hoyanger.kyrkja.no
Side
9
www.hoyanger.kyrkja.no
Side 9
Og så kom jubileumsgudstenesta som
avslutta det heile! Det var ei glede og ei ære
at biskop Halvor Nordhaug ville vere med
oss denne dagen! Ordføraren Petter Sortland
og kultursjefen var også med, og så eit stort
antal av dei som tidlegare har vore prestar i
Lavik kyrkje. Saman med biskop, prost og
Høyanger-presten Runar gjekk vi inn bak
prosesjonsfana vår som vart boren av
soknerådleiar Rigmor Hovland, som gjekk
fremst, saman med Toril Lange.
Kyrkjejubileet vil setje spor etter seg,
tenkjer eg. Eit av desse er den flotte
jubileumsboka.
Boknemnda: Olav Hellebø, Marie Løland,
Andreas Ester og Geir Sørebø
Soknerådsleiaren fekk ære av å bera
prosesjonsfana – ein kopi av dei einaste
bevarte fana frå ca 1450 i Noreg. Foto:
May-Britt Eide, Ytre Sogn
Det vart ei fin og høgtideleg markering som
var eit høgdepunkt på alle måtar: for bygda
og kyrkjelyden og dei mange tilreisande.
Kyrkja blomstra med både ekstra fine blomar
og musikalsk prydnad. Takk til Anette og
Tony! Etter kyrkja vart det festmiddag på
Alværa med mange gjestar. Høyanger
kommune kom med ei gåve til, og mange
fekk seg sitt eksemplar av jubileumsboka.
Mange som fekk sjå den, vart heilt paff! Den
kan absolutt anbefalast og byr på masse
spennande. Stor takk til Olav Hellebø enno
ein gong, han var formann i både jubileumsnemnda og boknemnda. Han skreiv mykje
sjølv og samla trådane – og måtte gje avkall
på mange timars nattesøvn. Saman med
Toril. Stor takk til Geir Sørebø og Marie
Løland, som var med i nemnda og skreiv
mange bidrag! Takk til Sissel Sørebø for
mange timars korrekturlesing. Bjarne
Hellebø og Per Sverre Kvammen dreiv med
utstrakt jakt etter gamle bilete til boka – og
så stod dei saman med Marie for utstillinga
som ble presentert i bispestova.
Jubileumsfeiringa til kyrkja vår er ikkje heilt
slutt. Ikkje enno. Det blir eit arrangement til.
22. november framfører Førde kammerkor
med fleire «Johannespasjonen» av Johann
Sebastian Bach. Sjå omtale anna stad i
bladet.
Mange fleire stilte opp, og vi orsakar at ikkje
alle vart nemnde med namn. Takk til alle i
soknerådet, og jubileumsnemnda elles!
Mange fann vegen til Alværa og
jubileumsmiddagen der. Foto: Toril Lange
Til lukke med dagen, Lavik kyrkje og
kyrkjefolk! Andreas Ester
Side 10HELGESTUNDER
Side 10____________________________________________________________ HELGESTUNDER
Jubileumskonsert i Lavik
Førde kammerkor er arrangør i samarbeid med Spar Sande
www.hoyanger.kyrkja.no
_________________________________________________________________Side 11
www.hoyanger.kyrkja.no
Side
11
Johannespasjonen i Lavik kyrkje
Førde kammerkor med solistar og orkester framfører Johannespasjonen av
Johann Sebastian Bach (1685-1750) i Lavik kyrkje søndag 22. november kl 1600.
Johannespasjonen er eit storslått og innhaldsrikt musikkverk med store satsar for kor og orkester,
vakre salmar og soloparti. Verket blir sett på som eit av dei finaste i kyrkjemusikken og er rekna som
eit av dei mest sentrale verka frå barokken.
Bruksmusikk
Johannespasjonen er skrive som kyrkjeleg bruksmusikk og er i to delar. I Bachs tid var verket ein
integrert del av vespergudstenesta langfredag. Første del vart framført før preika og andre del etter
preika. Bach skreiv også tre andre pasjonsverk, Lukaspasjonen, Matteuspasjonen og Markuspasjonen.
Av dei er Lukaspasjonen gått tapt.
Førde kammerkor har med seg eit flott orkester samansett av profesjonelle musikarar og amatørar, i
tillegg har vi engasjert fem dyktige solistar. Synnøve Nordvik - sopran, Christine Marøy - alt,
Paul Kirby - tenor, Geir Dancke Molvik - tenor og Njål Sparbo - bass. Dirigent er Asbjørn Flåm.
Solistane
Sopranen Synnøve Nordvik er utdanna ved Griegakademiet, institutt for musikk, universitetet i
Bergen der ho avslutta sin Mastergrad i utøvande musikk i 2008. Ho studerer no hos den anerkjente
operasongaren Elizabeth Norberg- Schulz. Synnøve er Distriktsmusiker i Nordfjord.
Christine Marøy er utdanna ved Høgskolen i Agder, musikkonservatoriet, og ved Royal College of
Music i London.. Ho er ein allsidig songar som trivst i mange sjangrar. Elles er ho mykje brukt som
solist i ulike kyrkjemusikalske verk, og repertoarlista spenner frå barokk til samtid. Christine Marøy er
distriktsmusikar ved Kulturskulen i Førde.
Paul Kirby er ein lyrisk tenor. Han er fødd i USA, men bur no i Norge. Han har utdanninga si frå
Boston University. Kirby er kjend for sin varme tone, og har vore solist med mange ulike ensembel i
USA
Bassen Njål Sparbo er ein av Norges mest aktive og allsidige songarar, med eit repertoar som
spenner over romanser, opera, kyrkjemusikk, tidleg musikk og samtidsmusikk. Han har turnert over
heile Europa, i Russland, USA og Japan, har opptredd i radio og fjernsyn, og har medverka i omlag 30
plateinnspelingar.
Geir Dancke Molvik er tenor i Bergen kammerkor og skal vere tenorsolist når vi framfører
Johannespasjonen.
Asbjørn Flåm er koret sin faste dirigent. Han har høgare kyrkjemusikalsk utdanning frå Bergen
Musikkonservatorium og hovudfag i korleiing frå Norges Musikkhøgskule, Oslo. Han er i dag tilsett
som kantor i Førde, og som kordirigent og klaver/orgelpedagog ved Førde kulturskule. Han er
musikalsk leiar for oppsetjinga, og er dirigent under konsertane.
Billettprisar: Vaksne 400 kroner og unge under 18 år 100 kroner. Følgjeteneste for
funksjonshemma vert akseptert mot bevis.
Billettsal: Bunnpris Lavik, Høyanger Bok og Papir og ved inngang. VELKOMEN!
Side 12
Side 12HELGESTUNDER
______________________________________________________________________________HELGESTUNDER
Intervju med Karin Grodås –
den nye sekretæren ved
Høyanger kyrkjekontor
Etter knappe to år som sekretær ved Høyanger kyrkjekontor har
Marita Mossestad sagt opp, etter at ho fekk seg full stilling i Førde.
Vi har difor lyst ut stillinga på nytt, og det melde seg 5 kvalifiserte
søkjarar! Etter intervjurunde og utvalgsmøte, vart Karin Grodås
tilsett i fellesrådet sitt møte den 8. oktober. Ho tek til i stillinga frå 1.
november 2015. Helgestunder har intervjua den nye sekretæren,
som er ei erfaren og dyktig dame.
Kven er du?
Eg er så heldig at eg blei fødd i vakre Hornindal, på Grodås, like
ved vatnet. Det var for 59 år sidan. Der vaks eg opp med stor familie, og kyr og sauer. I 29 år av mitt
vaksne liv har eg budd i Askim i Østfold. Dei 4 borna mine snakkar derfor østfolddialekt. Dei siste 7
åra budde eg på Askøy, og i januar i år flytta eg til Høyanger. Livet har teke nye vegar for kvar bustad,
så eg har trening på omstilling.
Engasjementet for kyrkja sitt arbeid trur eg starta i Ten-Sing-koret, medan eg gjekk på gymnaset på
Sandane. Min tankegang er prega av ansvaret vi alle har for å forvalte dei ressursane vi disponerer.
Eg håpar at kyrkjekontoret vil ha nytte av meg.
Kva yrkesbakgrunn har du?
Etter gymnaset gjekk eg ved distriktshøgskulen i Volda, ved linja for kristendom og menighetsarbeid.
Det førebudde meg til eit arbeid i kyrkja. Sidan tok eg etterutdanning i kyrkjeadministrasjon ved
Diakonhjemmet i Oslo. I tillegg til at eg har arbeidd ved kyrkjekontor både i Askim og i Bergen, har
eg vore i 5 år ved Oppfølgingstenesta i Østfold.
Kva var det som fekk deg til Høyanger då?
Det er eit nytt kapittel i livet mitt, med ein "ny" mann.
Og den ledige stillinga?
Eg blei oppringt av ei venninne, som gjorde meg merksam på annonsa i avisa.
Kva for hobbyar har du?
Eg har ein gammal gardfjøs i Hornindal, som eg byggjer om til hytte. Den har krevd " eit stort register"
av både meg og borna mine. Mykje folkedans og musikk frå barndommen har prega meg. Korsong har
vore ein hobby, kanskje vil eg forsette med det i her i bygda. Det er godt å vere i Høyangerbadet, så
der brukar eg ein del tid. Fjella her ropar på meg, særleg når sola er der oppe!! Det kan bli ein hobby.
Det er dei nære tinga, heim og familie, som er nærast hjartet. Om de ser ei dame som syklar like fort
oppover bakkane som nedover, så er det eg på min nye el-sykkel. Artig!
Og kva likar du minst?
Det må vere ufred, eller det å ikkje ha vilje til å skape fred. Det gjeld om vi har ansvar for små eller
store valg.
Favorittmåltid?
Det siste verkeleg store måltidet var hjortefilet på Gloppen hotell. Eg synes generelt at mat er godt!
Helgestunder takkar for praten, og ynskjer Karin velkomen inn i staben på kyrkjekontoret!
www.hoyanger.kyrkja.no
_______________________________________________________________SIDE 13
www.hoyanger.kyrkja.no
Side
13
Nytt frå kyrkjeverja
Den perfekte julegåva, det er det
mange som meiner at denne boka er!
Jubileumsboka «Lavik kyrkje 150 år» kan du
kjøpe ved å kontakte Høyanger kyrkjekontor,
Lavik kyrkjekontor, Bjarne Hellebø mobil 977
51 021 eller Olav Hellebø mobil 900 84 912.
Boka kostar kr. 400,-
Tusen takk for tida eg har fått som
sekretær på Høyanger kyrkjekontor!
Det har vore ein lærerik og utfordrande periode på
kyrkjekontoret frå eg begynte i 60% stilling den
01.01. 2014. Eg har fått praktisert det eg har lært
under utdanninga, og har fått mogelegheiten til å
jobbe sjølvstendig med å utvikle kontorrutinane frå
manuelle til digitale.
Vi har i tillegg hatt ein stor opprydningsjobb i
festeregisteret. Administrasjonsfaget er noko eg
brenn for, og dette har eg i stor grad fått utøvd her.
No står eg ved eit vegskilje, der vegen for meg går
vidare til ei 100 % stilling som administrasjons- og
regnskapsansvarlig i VB Tekniske AS i Førde.
Eg håpar at eg har fått tilført kyrkjekontoret noko
som de kan ha nytte av i tida framover.
Eg ønskjer Karin Grodås lykke til som ny sekretær
ved Høyanger Kyrkjekontor!
Tusen takk for meg! Mvh Marita Mossestad
Nytt orgel i Kyrkjebø kyrkje:
Kyrkjebø sokneråd har vedteke å starte ei
innsamling til nytt orgel i Kyrkjebø kyrkje, og
etter planen skal orgelet vere på plass til 150 –
års jubileet i 2019.
Dersom du ynskjer at gåva di skal gje deg
skattereduksjon, må du oppgje ditt
personnummer. Då vil vi rapportere di gåve til
Skattedirektoratet, slik at gåveverdien kjem til
fråtrekk i di skattelikning.
Innbetalingane må merkast med
«Fond 1670: Orgel Kyrkjebø kyrkje»
Gåvemidlar til nytt orgel i Kyrkjebø kyrkje kan
betalast inn til fellesrådet sin konto
3705.24.53659.
Side 14HELGESTUNDER
Side 14_____________________________________ _____________HELGESTUNDER
Høyanger Sokneråd 2016 -2019
Foto: Bjørnar Otterstein
Medlemer: Sokneprest Runar Matsui-Li, leiar Hilde Ullebø, Lillian Hommedal, Marte Kamilla
Igelkjøn, Vidar Myren.
Kyrkjebø Sokneråd 2016 - 2019
Foto: Bjørnar Otterstein
Medlemer: Leif Arne Fureli, leiar Audun Digranes, Irene Aase Aarseth, Erlend Haugsbø, Jarle Berge,
Sturla Bell Fossen, sokneprest Runar Matsui-Li. Varamedlemer: Lisbeth Høyvik, Borgny Loise
Birkeland, Anne Lise Ljotebø, Anne Marie Aasgard, Stine Iren Røyseth.
www.hoyanger.kyrkja.no
Side
15
www.hoyanger.kyrkja.no____________________
__________________________Side 15
Lavik Sokneråd 2016-2019
Foto: Bjørnar Otterstein
Medlemer: Leiar Geir Ytredal, Torunn Styve, Toril Lange, Gunnbjørg Rosvold Friis, Ingrid Aven,
Beate Systad, sokneprest Andreas Ester. Varamedlemer: Liv Marie Aven, Henry Solheim, Randi
Strandos, Berit Røe, Jonny Elias Hellebø.
Bjordal og Ortnevik sokneråd 2016-2019
Foto: Andreas Ester
Medlemer: Leiar Øyvind Rømo, Sissel Sørebø, Åshild Birkeland Søreide, Bodil Førde, Liv
Gunnbjørg Søreide, Sølvi Gunn Kalstad og Andreas Ester. Varamedlemer: Alf Magnar
Svartemyr, Ingrid Benedikte Oppedal og Åge Østerbø.
Side 16HELGESTUNDER
Side 16______________________________________________________________________________HELGESTUNDER
PÅ KYRKJEBAKKEN
Fagforeningens Musikklag har julekonsert i
Høyanger kyrkje laurdag 12. desember 2015 kl.
18.00 saman med Høyang Vokalis og Kyrkjebø
Ungdomslags Sangkor.
Kyrkjebø Ungdomslags Sangkor har julekonsert i
Kyrkjebø kyrkje søndag 13. desember 2015 kl. 1800
Det blir Julekonsert i Bjordal kyrkje søndag 13.
desember kl. 1500. Lokale krefter deltek.
Høyanger kulturskule har julekonsert i Høyanger
kyrkje fredag 18. desember 2015 kl. 1800.
Tårnagenthelgar
Lavik kyrkje: Ettermiddag 08. januar og formiddag 10. januar. Alder
3. til 5. klasse.
Bjordal kyrkje: Ettermiddag 30. januar og formiddag 31. januar.
Alder 3. klasse og eldre.
Høyanger kyrkje: Ettermiddag 06. februar og formiddag 07. februar.
Alder 3. klasse.
Kyrkjebø kyrkje: Ettermiddag 05. mars og formiddag 06. mars.
Alder 2. til 4. klasse.
Tårnagentsamlingane er til vanleg laurdag frå 15.00 til 19.00 og søndag frå 0930 til 13.00.
Invitasjon kjem i posten. Følg også med på facebooksida til kyrkja i Høyanger.
DET NYE FELLESRÅDET 2016-2019
Høyanger: Hilde Ullebø (vara Lillian Hommedal) og Marte Igelkjøn (vara Vidar Myren)
Kyrkjebø: Audun Digranes (vara Erlend Haugsbø) og Irene Aase Aarseth (vara Jarle Berge)
Lavik: Lavik sokneråd vel representantar til fellesrådet den 16.11.2015.
Bjordal/Ortnevik: Bodil Førde (Vara Sølvi Gunn Kalstad) og Sissel Sørebø (Vara Øyvind Rømo)
Geistleg representant: Runar Matsui-Li (Vara Andreas Ester)
Høyanger kommune: Solveig Norevik (Vara Frode Merkesvik)
Kjenner du nokon som ikkje får Helgestunder?
Då må du gje melding om deira adresse til Høyanger Kyrkjekontor!
www.hoyanger.kyrkja.no
Side
17
www.hoyanger.kyrkja.no
__________________________________________________________Side 17
DET SKJER PÅ ALVÆRA
4. desember kl. 19:00: Adventsfest med julemiddag, kaffi og litt program. Ord for kvelden
v/sokneprest Audun Systad. Påmelding.
5. desember kl. 12:00-16:00: Alværamessa. Sal av handarbeid, mat og kaffi, lodd og åresal.
Ca kl. 14:00 Familiemøte v/Toril Lange.
9. januar kl. 10:00-16:00: Kyrkje og Misjonsdag. Sjå eigen omtale.
19. - 21. februar: Vinterleir for 2. - 6. klasse
26. – 28. februar: Musikkleir for 4. – 7. klasse
04. – 06. mars: Mariahelg
For meir info – kontakt Alværa Misjonssenter eller sjå Alværa Misjonssenter på facebook.
For leirane vil ein etter kvart finne opplysningar på www.nmsu.no/bjorgvin. Her kan ein også
melde seg på. Til dei andre arrangementa er det påmelding til Alværa – 489 90 661.
«Å vere kyrkje i grisgrendte strøk»
Dette er temaet på kyrkje- og misjonsdagen på Alværa
Misjonssenter laurdag 9. januar kl. 10.00-16.00.
Kva inneber det å byggje kyrkjelyd? Kva utfordringar møter vi når vi bur så spreidd, og det i
tillegg går ei sentraliseringsbølgje over landet vårt? Korleis engasjere friviljuge?
Korleis skape fellesskap som betyr noko i kvardagen?
I år er vi glad for å ha fått Knut Fredrik Sørheim til hovudinnleiar! Han vart i haust pensjonist
etter å ha vore sokneprest i Masfjorden i om lag 30 år. Misjonskonsulent Ingvald A. Frøyen blir
med også i år. Tradisjonen tru vil vi denne dagen også syngje mykje, ete god mat og få tid til å bli
kjent med nye menneske. Temadagen blir avslutta med gudsteneste kl. 14.30. Om ettermiddagen
blir det eit kort årsmøte for Det Norske Misjonsselskap (NMS) i Ytre Sogn område.
Set av dagen allereie no, så du ikkje går glipp av ein inspirerande dag i møte med andre frå både
Sunnfjord og Ytre Sogn. I år vil vi spesielt utfordre dei nye sokneråda til å vere med!
Brosjyre blir sendt rundt til kyrkjelydane, men ein kan melde seg på til Alværa allereie no,
telefon 489 90 661. Det blir leiarhelg for ungdom frå fredag kveld, og vi håpar at også
barnefamiliar har lyst til å vere med i eit triveleg fellesskap denne laurdagen i januar!
Områdeutvalet i NMS
Side 18HELGESTUNDER
Side 18___________________________________________________________ ________HELGESTUNDER
I GLEDE OG SORG
DØYPTE
Høyanger
05.07.15
09.08.15
06.09.15
06.09.15
06.09.15
25.10.15
25.10.15
Lucas Astor Nesse
Thea Giskeødegaard
Vincent Javier Eide
Martin Solvorn
Patrick Jonsson Mossestad
Oskar Ueland Alrek
Leander Vamråk Madsen
25.10.15
Alma Rørvik Ferstad
Kyrkjebø
16.08.15
16.08.15
Ariel Alina Simonsen
Tommy Kalstad Breidvik
Bjordal
19.07.15
Kyrkjebø
d. 04.07.15 Jon Hatlestad Solås
d. 22.07.15 Geir Dagfinn Færøvik
Ada Sørebø
Vadheim
d. 14.04.15 Guro Fureli
d. 05.07.15 Karin Herdis
Storehaug
d. 10.07.15 Sigurd Tuft
d. 13.07.15 Inger Kroksnes
d. 25.07.15 Åslaug Olsen
VIGSEL
Høyanger
27.09.14
11.04.15
27.06.15
05.09.15
Kyrkjebø
28.02.15
25.07.15
Lavik
06.09.15
06.05.15
01.08.15
Bjordal
23.05.15
Kenneth Johannes
Gjermundstad & Renate
Andersen
Rolf Bjarte Eldevik &
Sophia Lorca Ruivivar
Henrik Oppen & Mariann
Høgelid
Michael Brant & Shixian Ji
Jan Erik Dregelid & Linn
Elisabeth Hauge
Håkon Frivik & Annelise
Sande
Henry Solheim & Solveig
Evensen
Svenn Harald Aksnes &
Anne Fosse
Morten Solheim & Linn
Margrethe Strandos
Harald Østerbø & Tonje
Brusdal Kristiansen
DØDE
Høyanger
d.05.05.15
d. 14.05.15
d.16.06.15
d. 02.07.15
d. 08.07.15
d. 10.08.15
d. 03.09.15
Ragnhild Søreide
Bente Paulsen
Tore Birkhaug
Arvid Kvamme
Kirsten Heggø
Steinar Hjetland
Edmund Sverre
Heldal
d. 22.09.15 Anna Sanden
d. 04.10.15 Anna Vattekar
d. 20.10.15 Gunvald Fjelde
Lavik
d.05.01.15
Bjarne Kjell Foss
d. 17.07.15 Oddhild Raasholm
d. 06.08.15 Georg Løland
f. 27.07.23
f. 22.05.53
f. 29.08.46
f. 04.10.36
f. 15.05.28
f. 25.10.39
f. 17.11.47
f.01.07.26
f. 20.08.20
f. 11.06.31
f. 18.12.80
f. 06.09.52
f. 11.11.31
f. 12.03.56
f. 23.08.29
f. 03.05.31
f. 10.07.20
f. 10.10.48
f. 16.02.28
f. 13.04.38
Bjordal
d. 18.08.15 Kjell Søreide
f. 14.02.44
Ortnevik
d. 08.08.15 Kjell Nielsen
f. 29.11.25
Ikjefjord
d. 29.10.15 Sylvi Marie Brekken
f. 01.08.36
www.hoyanger.kyrkja.no
Side
19
www.hoyanger.kyrkja.no
________________________________________________________SIDE 19
Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar
gjera. Men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser
dagen nærmar seg.” (Hebr 10,25)
Gudstenester
15. nov. 25. søndag i treeiningstida
Kl. 11:00 Høyanger v/Runar og Toril
Kl. 11:00 Ortnevik v/Andreas. Helgemesse
22. nov. Domssøndagen
Kl.11:00 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
Kl.16:00 Lavik. Konsert Førde Kammerkor
29.nov. 1. søndag i Advent
Kl.16:00 Bjordal v/Andreas. Lysmesse
Kl.18:00 Kyrkjebø v/Runar. Lysmesse
06.des. 2. søndag i Advent
Kl.11:00 Høyanger v/Runar. Familiegudst.
Kl.16:00 Lavik v/Andreas. Lysmesse
Kl.18:00 Vadheim v/Runar. Lysmesse
13.des. 3. søndag i Advent
Kl.11:00 Ortnevik v/Andreas
Kl.18:00 Kyrkjebø. Julekonsert v/KUL koret
20.des. 4. søndag i Advent
Kl.18:00 Høyanger v/Runar. Lysmesse
Kl.18:00 Lavik. Tony m.fl. Julekonsert
24.des. Julafta
Kl.13:00 Vadheim v/Runar Matsui-Li
Kl.14:30 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
Kl.16:00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
Kl.14:00 Ortnevik v/Geir Sørebø
Kl.16:00 Bjordal v/Geir Sørebø
Kl.16:00 Lavik v/Andreas Ester
25.des. 1. Juledag
Kl.11:00 Lavik v/Andreas Ester
Kl.12:00 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
26.des. 2. Juledag
Kl.11:00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
31.des.Nyttårsafta
Kl.18:00 Lavik v/Andreas Ester
03. jan. Kristi åpenbaringsdag
Kl. 11:00 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
Kl. 17.00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
Kl. 11.00 Ortnevik v/Andreas Ester
Kl. 13:00 Bjordal v/Andreas Ester
10. jan. 2. sø. i åpenbaringstida
Kl. 11:00 Lavik, Tårnagentgudsteneste
v/Andreas og Toril.
Kl. 11:00 Vadheim v/Runar Matsui-Li
17. jan. 3. sø. i åpenbaringstida
Kl. 12:00 Alværa v/ Andreas Ester,
Konfirmantgudstjeneste
24. jan. 4. sø. i åpenbaringstida
Kl. 12:00 Alværa v/Runar Matsui-Li og
Andreas Ester. Konfirmantgudstjeneste
Kl.1700 Vadheim v/Toril Lange
Familiegudstjeneste med bibelutdeling.
31.jan. Kristi forklarelsesdag
Kl. 11:00 Bjordal v/Toril Lange
Tårnagentgudstjeneste.
Kl. 11:00 Kyrkjebø v/ Runar Matsui-Li
07. feb. Fastelavensøndag
Kl. 11:00 Høyanger v/ Runar Matsui-Li og
Toril Lange. Tårnagentgudstjeneste.
Kl.1700 Vadheim v/Runar Matsui-Li
Kl. 11:00 Ortnevik v/Andreas Ester
14. feb. 1.søndag i fastetiden
Kl. 11:00 Lavik v/Andreas Ester
Kl. 17:00 Kyrkjebø v/Runar Matsui-Li
28.feb. 3.søndag i fastetiden
Kl.11:00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
Soknets årsmøte.
Kl.11:00 Ortnevik v/Andreas Ester
Kl.13:00 Bjordal v/Andreas Ester
06. mar. 4. søndag i fastetida
Kl. 11:00 Bjordal v/Andreas Ester
Kl. 11:00 Kyrkjebø v/Toril Lange
Tårnagentgudstjeneste
Kl.17:00 Vadheim v/Runar Matsui-Li
Høgmesse og soknets årsmøte.
13. mars Maria budskapsdag
Kl. 18:00 Lavik v/ Andreas Ester
20. mars Palmesøndag
Kl. 11.00 Ortnevik v/Geir Sørebø
Kl. 11:00 Høyanger v/Runar Matsui-Li
Side
20HELGESTUNDER
HELGESTUNDER______________________________________________________________________________SIDE
20
INFORMASJON
Returadresse :
Høyanger kyrkjekontor
Pb. 159 – 6991 Høyanger
Konfirmantane på Pilegrimsvandring over fjellet til Viksdalen
150 års yrkjejubileum for Lavik kyrkje
Grilling i fjøra