Nytt frå Visit Sognefjord

Nytt frå Visit Sognefjord
Vekst i 2014, og gode prognosar for 2015.
2014 var det fyrste året med samla reiselivsvekst sidan 2010. I Sogn
var samla vekst 21.474 gjestedøgn (+6,2%) i 2014, med 12.581
(+5,6%) fleire utlendingar og ein auke på 8.893 (+7,3%) nordmenn.
Hytte/camping hadde relativt størst vekst med 17.359 fleire
gjestedøgn (+10,1%), fordelt med 9.442 (+8,1%) utlendingar og
7.917 fleire nordmenn (+14,3%). Veksten for hytte/camping var
fordelt på fleire marknader, med særleg vekst frå m.a. Nederland,
UK, Spania og Asia.
Samtidig får me signal frå nokre av overnattings- og aktivitetsbedriftene om auke i talet på gjester i vinter- og
haustmånadene. Både april/mai (+5,1% i mai) og september/oktober var gode månader for fleire av aktørane i
2014, og Flåmsbana hadde rekordbesøk i desember samanlikna med tidlegare.
Låg kronekurs og fantastisk sommarvær var med på å gi gode besøkstal i sommar. Samtidig er den økonomiske
situasjonen betre både i USA og deler av Europa, og næringa, Visit Sognefjord og Fjord Norge har hatt stor salsog marknadsaktivitet i 2013 og 2014. Det vart gjennomført ein stor Norgeskampanje i 2014, og saman med
Visit Flåm var Visit Sognefjord den største partneren i Fjord Norge i 2014. Dette gav Sognefjorden ein solid
posisjon i Fjord Norge sitt arbeid, mellom anna i USA-kampanjen der Sognefjorden var ein av tre store
partnerar saman med Bergen og Fjord Tours (Nutshell-turane). Auken frå USA var på heile 28,8% (+3.828
gjestedøgn) i fjor sommar. I tillegg har det vore relativt stor auke frå UK (27,6%, 2.075 gjestedøgn), Nederland
(+4,9%, 1.666 gjestedøgn), Asia, Belgia, Spania og Danmark. Nedgongen frå den tyske marknaden dei siste åra
har «flata ut», og tal gjestedøgn (- 2,2%, -1.215 gjestedøgn) var om lag som i 2013 (sjå tabell nedanfor).
Innovasjon Norge reknar med minst 5% vekst i norsk reiseliv i 2015. Me trur på tilsvarande vekst for
Sognefjord-regionen. Meir stabil økonomi i marknadene, framleis låg kronekurs og solid sals- og marknadspåverknad frå næringa, Visit Sognefjord og Fjord Norge skal sikre veksten.
Då gjenstår det berre å håpe på fint vær. Me ser fram til eit nytt, aktivt reiselivsår saman!
Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør
Nytt frå Visit Sognefjord – # 1 februar 2015
Sognefjorden 365 - nytt prosjekt for heilårs produktutvikling og sal.
Visit Sognefjord har fått forprosjektmidlar frå Innovasjon Norge til etablering av prosjektet
«Sognefjorden 365». Prosjektet bygg vidare på mellom anna «Vinterfjordprosjektet» som Sogn
regionråd har utfordra Visit Sognefjord til å vidareføre. Prosjektet skal ha fokus på utvikling og
sal av produkt, produktpakkar og konsept for aktuelle målgrupper med vekt på haust, vinter og
tidleg sommarsesong for systematisk utvikling av heilårs reiseliv. Produkta skal både baserast på eksisterande
produkt, nyutvikling og samhandling mellom aktørane (pakking og konseptualisering).
«Sognefjorden 365» skal etablere nettverk mellom overnattings-, transport og opplevings-/aktivitetsbedriftene.
Nettverket skal utløyse marknadspotensialet haust, vinter og vår ved utvikling og salg av nye produktpakker,
produktkonsept og aktivitets-/opplevingstilbod med utgongspunkt i eksisterande aktørar og produkttilbud.
Prosjektet skal resultere i forpliktande nettverk mellom bedriftene for utvikling/tilrettelegging og sal av
produkt, pakkar og konsept.
Forprosjektet skal gjennomførast frå 1. mars – 1. juni, med søknad om 3-årig hovudprosjekt frå 1. juni. Me kjem
tilbake med meir informasjon ved prosjektstart. Kontakt: [email protected]
Messedeltaking vinteren 2015
I samarbeid med fleire medlemsbedrifter (Lærdal ferie- og fritidspark, Bre&Fjell, Vesterland, Borgund
stavkyrkje, Kjørnes camping, Sandvik camping, Jostedalen camping, Eikum
Hotell og Lavik Fjordhotel) deltek Visit Sognefjord på Vacantiebeurs (NL),
Ferien messe (A), Fahhrad&Erlebnisreisen (DE), CMT (D), Caravana (NL),
Reisen, FREE, Reise&Camping og Rad&Outdoor (D), samt FITUR (ES) og ITB
(D) i perioden januar – mars. I tillegg kjem salsreiser og workshops i bl.a.
Norge, DK og UK. Kontakt: [email protected] og [email protected]
Workshops i Beijing, Shanghai og Guangzhou November 2014.
Årleg workshop arrangert av Innovasjon Norge i samarbeid med Scandinavian Tourist Board. Nytt av året er at
workshopen er slått saman med Visit Sverige, og det var over 40 tilbydarar mot halvparten i fjor.
Den kinesiske marknaden har stagnert dei siste to åra. Dette skuldast i hovudsak fredsprisutdeling og invitasjon
til besøk frå Dalai Lama til Norge. Dette gir utslag på at alle dei statlege turoperatørane (og dei er det mange
av) får forbod mot å selje turar til Norge. Spesielt gir dette utslag i Shanghai og Guangzhou. Forhåpentlegvis er
dette ei problemstilling som ikkje vil vedvare. Sognefjorden held oppe
trafikken og kan vise til gode tal frå Kina også i 2014. Den kinesiske
marknaden er stadig meir på Internett og er i startgropa med online
booking. Det blir viktig å vere tilstades på bloggar og temasider om
reiseliv på web.
Vi hadde stor pågang på alle tre workshopane. Det var godt besøk på
standen og det blei gjennomført 44 møter. I tillegg stoppa ein del
operatørar opp og tok med brosjyrar. Kontakt: [email protected]
(Bilete: Visit Sognefjord deltok saman med Flåm As og Lindstrøm Hotell.)
Nytt frå Visit Sognefjord – # 1 februar 2015
Sognefjord Guide 2015
Årets Sognefjord Guide er no levert til hovudlageret i Sogndal (AMFI Sogningen).
Kontakt [email protected] for avtale om henting av guiden. Ellers så blir guiden sendt
ut til alle turistkontor når dei opnar for sesongen. Det vil også bli lager i Aurland og i
Balestrand. Kontakt [email protected] for henting av guiden i Flåm og Aurland. Me vil i
tillegg prøve å få på plass 1-2 distribusjonsrunder til dei mest sentrale medlemsbedriftane i
vår/sommar.
Sognefjord Guiden ligg også som pdf. på nett: http://www.sognefjord.no/no/OMREGIONEN/Brosjyrar/
25 Great Hikes
Vi har oppdatert «21 Great Hikes» til «25 Great Hikes» in the Sognefjord Area. Denne
vil hovudsakleg bli sendt til messer og turistkontora. Ta kontakt med
[email protected] om de ynskjer nokre eksemplar.
Lokale kart
Det vert laga roundtripskart, vandrekart og sentrumskart i fleire av kommunane klar
for distribusjon i slutten av april/byrjinga av mai. Kontakt: [email protected]
Mange besøkande i Flåm utanom sommarsesongen.
Flåm Turistinformasjon melder om gode besøkstall i haust og vinter. Fleire individuelt reisande frå bl.a.UK,
Belgia, Spania, Nederland og Russland i tillegg til Israel, Saudi-Arabia og De Forente Arabiske Emirater kjem for
å oppleva hausten og vinteren. Mange reisande frå Kina, Sør-Korea, Taiwan, Malaysia, Thailand og India reiser
med Norway in a Nutshell for å oppleva Flåm og Sognefjorden. Kontakt: [email protected]
Oppstart av prosjektet «Friluftsbussen»
Prosjekt «Friluftsbussen» er starta opp som eit fylkesfinansiert forprosjekt med mål å få tilreisande og
fastbuande lettare fram til aktivitetar, attraksjonar, bedrifter og ut i naturen. Tiltaket
er eit infrastrukturtiltak med midlar frå fylkeskommunen og skal først og fremst
utviklast på grunnlag av eksisterande rutetilbod som finns i regionen, og i tillegg finne
ruter som manglar for betre og meir komplett tilbod på transport.
Visit Sognefjord er prosjektansvarleg og skal samarbeide med Nettbuss og lokale
reiselivsbedrifter, i tillegg til å få kunnskap frå Nordfjord som allereie har utvikla eit liknande tilbod. Kontakt:
[email protected]
Lokale tiltaksplanar for reiselivet
Høyanger er første kommunen som har starta opp arbeidet med lokal tiltaksplan for
reiseliv i samarbeid med Visit Sognefjord. Det er laga ein enkel mal som det vert
arbeida ut i frå som kan nyttast i fleire kommunar med behov for planlegging av
reiselivssatsinga. Arbeidsgruppa i Høyanger er i første fase med handlingsplanen
om produkt og strategival, og den skal vere klar i april. Visit Sognefjord vil orientere
dei lokale ressursgruppene i kommunane om moglegheiten for lokale prosessar.
Kontakt: [email protected]
Jobbmesse på Kulturhuset Minner om jobbmesse på Kulturhuset i Sogndal, som
vert arrangert i regi av NAV. Bedrifter som ynskjer å formidle behovet for
arbeidshjelp eller sesongtilsette kan melde frå til [email protected] eller [email protected] innan
tysdag 3. februar
Nytt frå Visit Sognefjord – # 1 februar 2015
Vandre – og sykkelprosjekt med Fjord Norge og Innovasjon Norge.
Visit Sognefjord er også i år med på vandreprosjektet med Fjord Norge
og Innovasjon Norge, der Aurlandsdalen er med blant dei 5 Vestlandske
fyrtårna som det vert satsa på nasjonalt. Vandresatsinga i kommunane
vil bli sett fokus på, og fleire vandreprodukt og ruter vert løfta fram.
Visit Sognefjord vil vere med å utvikle og marknadsføre nye
vandreprodukt og ruter gjennom tettare samarbeid med kommunane
og næringa i løpet av året. Minner om søknadsfrist Turskiltprosjektet
den 15.2.2015. Kontakt: [email protected]
Nytt frå 2015 er at Visit Sognefjord også deltek i sykkelprosjektet med Fjord Norge og Innovasjon Norge. Nokre
sykkelprodukt frå regionen er plukka ut i år, fleire kan kome til etterkvart. Sjå informasjon om prosjektet her:
http://www.innovasjonnorge.no/no/Reiseliv/markedsforing/Aktiviteter-i-flere-land/Tema/TemaSykkel1/Tema-Sykkel/ og film om Rallarvegen her: http://www.innovasjonnorge.no/no/Reiseliv/Nyheter/nyfilm-skal-lokke-flere-sykkelturister-til-norge/#.VMsxRfJ0zIU
Kurs & kompetanse
Kurs i Pakking, distribusjon og sal vart arrangert i oktober og november 2014 med i alt 20 bedrifter. Planen er å
arrangere minst 2 kurs i 2015, mellom anna kurset «Korleis lukkast på internett» (sjå meir her:
http://www.innovasjonnorge.no/no/Reiseliv/Kompetansetilbud/Kurs-Bli-god-pa-nett/#.VM93a0eG9S0 ). Me
kjem tilbake med meir informasjon om kursa våre. Kontakt: [email protected]
Nytt frå Visit Sognefjord – # 1 februar 2015