11. mai 2015

Referat frå møte i regionalt brukarråd
Statped vest
Dato/Sted: 11. mai 2015, Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis
Deltakarar: Frå brukarorganisasjonane: Evy Skogedal (ES), Mette M. Aske (MA) og
Silje E. Thon (SE)
Frå Statped vest: Gerd Ingunn Opdal (GIO) (møteleiar), Ragnhild Thornam
(RT)(kommunikasjonsrådgjevar), Siv Hillesøy (SH) (sak 10 og 11/2015), Anita Sande
(AS) (sak 13/2015) og Inga Fjelltveit Skagseth (IFS) (referent)
Forfall: Harald Hansen, Jorunn Bakke, Victor Carlsen, Heidi Ekehaug
Neste møte: Onsdag 7. oktober kl 12.15 – 15.00
Sak 08/2015: Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkallinga og sakliste vart godkjent. Sak 13/2015 A utgår.
Sak 09/2015: Orienteringar frå brukarrepresentantane
I siste nummer av Blindeforbundet sitt medlemsblad vart det satt fokus på at
lærebøker med punktskrift for blinde og svaksynte ikkje kjem i tide til skulestart. I
Statped er det avdeling for læringsressursar og teknologi (ALT) som har ansvar for
tilrettelagte lærebøker i punktskrift. GIO bekrefta at det har vore kontakt med
Blindeforbundet om dette, i tillegg til dialog med både Kunnskapsdepartementet og
Utdanningsdirektoratet, så det er merksemd om utfordringa på fleire nivå. Det er
også ein del av biletet at det svært breie utvalet av lærebøker gjer det vanskeleg å til
ei kvar tid ha tilgjengeleg punktskriftutgåver av det skulane ønskjer. Det kan vere
tenleg frå Statped si side å ha dialog med skuleeigarar denne samanheng for å bidra
til å velje læreverk kor det finst punktskriftversjonar. Ei parallell problemstilling er det
begrensa utvalet av lærebøker som er tilpassa «vaksen ungdom». Innhaldet er ofte
for barnsleg og for lite utfordrande. Det vart påpeika frå MA at dette er diskriminering
som bør meldast til likestillingsombodet.
Det vart vidare uttrykt bekymring for tilbodet til elevar med funksjonshemmingar i
vidaregåande skule. Ein er redd for at det ikkje vert arbeida i tråd med
Kunnskapsløftet sine mål for denne målgruppa – det er for låge læringsmål og
forventningar. Brukarorganisasjonane vil halde oppe trykket på denne saka. SAFO
Hordaland har meldt dette til Fylkesmannen.
På spørsmål om kva som skjer vidare med Investt-prosjektet vart det informert om at
prosjektet no går inn i ein avslutningsfase. Sluttrapporten vil trekke fram
problemstillingar for vidare systematisk og kunnskapsbasert arbeid for å auke
gjennomføringa av vidaregåande opplæring. At Universitetet i Stavanger har følgt
prosjektet gir det forskingsmessig tyngde som vi ynskjer å nytte vidare, bl a for å
bidra til at fleire skular kan hjelpe elevar gjennom eit lærekandidatløp. MA framheva
at det er viktig å halde fokus på arbeid, og overgangen frå skule til arbeid og
etterlyste kva som er Statped si rolle i det. Dette er noko Statped vil har merksemd
på som eit ledd i oppfølginga etter Investt-prosjektet.
Sak 10/2015: Orienteringar frå Statped:
A.
Årsrapporten for Statped 2014
Årsrapporten vart delt ut til møtedeltakarane. Lenke til elektronisk utgåve:
http://www.statped.no/Stottemeny/Om-Statped/Arsrapport-2014/
B.
Verksemdsplan 2015
Statped sin verksemdsplan for 2015 er basert på tildelingsbrev frå
Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet, og Utdanningsdirektoratet sitt
tildelingsbrev til Statped. Statped utarbeidar på bakgrunn av dette sine mål- og
disponeringsskriv til regionane, som operasjonaliserer seg i regionale
verksemdsplanar.
C.
Ny strategi for FoU i Statped (2014-2018)
Strategien er vedlagd referatet (vedlegg 1).
D.
Statped vest sitt butilbod til elevar
Saksframlegg vart sendt ut på førehand, sjå vedlegg 2. Hovudbodskapen er at
Statped ikkje vil leige meir lokale enn vi strengt tatt må, og heller nytte ressursane på
tenesteyting. Tilsvarande prosessar skjer også i andre regionar i Statped.
E.
Presentasjon av avdeling hørsel i Statped vest v/ seksjonsleiar Siv
Hillesøy
Avdeling hørsel har ca 20 årsverk fordelt på to seksjonar - rådgjevingstenester og
kursverksemd. Deltidsopplæringa er forankra ved hovudkontoret i ein
prosjektperiode.
Litt om tenestetilbodet:
Strakstilbod til nyfødde med oppdaga hørseltap og deira foreldre 14 dagar etter
fødsel. Det vert deretter etablert eit tenestetilbod så tidlig som mogleg, og iverksett
eit omfattande kurstilbod.
Ei anna vesentleg oppgåve er å kartlegge kompetansebehova i kommunen gjennom
systematisk samarbeid med ein eller fleire kommunar, såkalla kommunesamarbeid,
og utvikle årlege aktivitetsplanar som inneheld tilpassa kompetanse- og
utviklingstiltak. Avdelinga har færre saker i Hordaland grunna den interkommunale
syns- og audiopedagogtenesta (SAPT).
Sak 11/2015: Kurstilbod innan høyrsel
Det er eit stort omfang av personar som har behov for norsk med teiknstøtte (NMT),
og begrensa kapasitet i Statped. Statped har difor utvikla kurshaldarkurs i
kommunesamarbeida. Dei aller fleste kommunar har pedagogar med kompetanse
innan NMT/teiknspråk som kan føre kunnskapen vidare i lokalmiljøet, og td ut i lokale
nettverk rundt brukaren.
Statped arrangerer i tillegg opne kurs for foreldre og pedagogar i NMT. Norsk
talespråk er det berande elementet i denne metodikken, kor ein knyttar teikn til
nøkkelord.
Det kom innspel om at det burde vere fleire koplingar mellom det offentlege og frivillig
sektor, td. Døveforbundet, for å kunne gi tilbod om fleire kurs, til fleire.
Sak 12/2015: Brukarundersøkinga i Statped
Presentasjonen gitt i møtet er vedlagd referatet (vedlegg 3).
Sak 13/2015: Oppdrag til Statped: Vi sprenger grenser
Anita Sande orienterte om prosjektet, les meir utfyllande informasjon via lenka:
http://www.statped.no/Prosjekter/Vi-sprenger-grenser/
Sak 14/2015: Aktuelle dokument
A. NOU 2015:2: Å høre til – virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø
I NOU 2015:2 er Statped omtalt, med forslag om å overføre 300 årsverk frå
Statped til kommunal PPT, for å auke innsatsen mot mobbing. Det pågår no
ein høyringsrunde knytt til denne NOU-en.
B. Meld. St. 14 (2014-2015) Kommunereformen – nye oppgaver til større
kommuner
Det er førebels ikkje lagt inn noko i denne reforma som berører Statped
direkte. Brukarrådet uttrykte stor bekymring og ein aukande skepsis til
kommunen sine evner til å løyse fleire og stadig meir komplekse oppgåver, og
at det ikkje nødvendigvis er betre for brukarane med store kommunar.
Sak 15/2015: Eventuelt
Det vart orientert om moglegheitene for eit «grønt nummer»/ direkte
rettleiingstelefonlinje til Statped.
Rekruttering og ressursfordeling:
Det er eit generasjonsskifte i Statped, m.a fleire nye avdelingsleiarar er/skal
rekrutterast. Vidare pågår det eit stor arbeid med å sjå på ressursfordelinga i
organisasjonen, med føremål å sikre likeverdige tenester på tvers av regionar og
fagområde.
Kommunikasjon og informasjonsarbeid:
Statped skal fornye nettsidene, dei skal betre tilpassast målgruppa. Organisasjonane
vart oppfordra til å kome med innspel til korleis dei kan nyttast i dette arbeidet.