Høyring: Lokal fartsforskrift i sjø for Fjell kommune

Plan- og utbyggingssjefen
Etter adresseliste
Dykkar ref.
Vår ref.
2017/192 - 3806/2017
Saksb. – tlf.
Erik Schult - 55097345
Dato
13.02.2017
Høyring: Lokal fartsforskrift i sjø for Fjell kommune
Bakgrunn
I møte i komité for plan og utvikling (KPU) 25.08.2015 gjorde komiteen vedtak om å
utarbeida lokal fartsforskrift til sjøs for Fjell kommune (PS 122/15). Bakgrunnen for vedtaket
var eit spørsmål om å få nedsett fartsgrense til sjøs ved Solsvika.
Nedsett fartsgrense for eit område krev ei lokal fartsforskrift. I Fjell kommune er det
registrert ein lokal fartsforskrift. Denne gjelder for Straumssundet og trådde i kraft
01.01.1982 (FOR-1982-11-25-4216). I Ekrenosen er det sett opp skilt om «sakte fart», men
det er ikkje knytt ei fartsforskrift eller fartsavgrensing til skiltet. Det er heller ikkje registrert
noko fartsforskrift knytt til eksisterande skilt om fartsavgrensing i Misjesundet.
Kystverket tilrår at alle fartsavgrensingane som gjeld innanfor ein kommune vert samla i ein
forskrift. Det var derfor naturlig at arbeid knytt til regulering av fart i farvatnet ved Solsvik
inkluderte eksisterande forskrift for Straumssundet og ei vurdering av heile kommunen sitt
sjøområde.
Behovet for fartsregulering:
Fjell kommune er ein typisk kystkommune med om lag 500 øyer. Kommunen har 31
småbåthamner og 4 industrihamnar. Skjergarden er lokalitet for eit mangfald av aktivitetar og
eit ynda rekreasjonsområdet for både innbyggjarar og tilreisande. Mangfaldet av aktivitetar er
knytt til både fritids- og næringsaktivitetar, t.d. dykking, fisking og kajakkpadling,
fiskeoppdrett, og tung skipsfart. Motorisert ferdsel i høg fart kan i nokre område skapa
konfliktar, farlege situasjonar og ulykker.
Framlegg til lokal fartsforskrift til sjøs i Fjell kommune
Framlegg til lokal fartsforskrift til sjøs for Fjell kommune er utarbeida etter innspel frå
private og offentlege aktørar, og i dialog med Bergen og Omland Havnevesen og Kystvakta.
Det er også vore arrangert eit folkemøte og ei synfaring som del av arbeidsprosessen.
Høyringsframlegg til lokal fartsforskrift til sjøs i Fjell kommune vart lagt fram for Komité for
plan og utvikling i februar 2017.
Det vert gjort framlegg om å regulera farten til maks 5 knop i åtte sjøområde i kommunen.
Det er lagt vekt på at områda vert nytta av ålmenta, at trafikken er stor og skapar fare for
ulykke og skade på både folk og materielle verdiar.
Postadresse:
Postboks 184
5342 STRAUME
Telefon: 55 09 60 00
Telefaks: 55 09 60 01
www.fjell.kommune.no
Bankkonto:
Bankkonto for skatt:
Organisasjonsnr.:
5261 05 00013
6345 06 12466
951 996 777
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
Arefjordspollen
Kobbavågen (Geitanger)
Spjeld / Fjæreidepollen
Misjesundet / Solsviksundet / Solsvika
Langøy/Skålvikosen
Ekren /Fjellspollen /Trengereidpollen
Bjorøyvågen
Straumsundet
Sonene er koordinatfesta i forskriftsdokumentet og lagt inn i kart under «kunngjeringar» på
kommunen sine heimesider.
Høyring og offentleg ettersyn
Komité for plan og utvikling vedtok i møte 07.02.2017 følgjande:
1. Komité for plan og utvikling legg høyringsframlegg om lokal fartsforskrift i sjø ut til
høyring og offentleg ettersyn i åtte veker.
2. Området med fartsgrense i Misjesundet / Solsviksundet / Solsvika vert utvida mot vest slik
at avgrensinga vert trekt i ei rett line frå Misjeneset til sønste enden av Bålholmen.
Høyringsbrev med henvising til kommunen sine heimesider vert sendt til ei rekkje offentlege
og private aktørar. Høyringsdokumenta vert lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget i
rådhuset til Fjell kommune og folkeboksamlinga på Straume. Vidare vert høyringa kunngjort
i lokalavisa og på kommunen sine heimesider: https://www.fjell.kommune.no/politikkinnsyn-og-naring/kunngjeringar/ Her vil de finna sjølve forskriftsdokumentet, kart med
forskriftssonene, koordinatar for forskriftssonene og skilt, og rapport frå synfaring.
I samband med høyringa er det særleg av interesse å få innspel knytt til desse punkta:
• Om det er føremålstenleg med generell fartsavgrensing i Fjell kommune, til dømes 5 el 8
knop, innafor 50 eller 100 meter frå land
• Om det er føremålstenleg med særskilt regulering av bruk av vass-scooterar. Dette særleg
på bakgrunn av at Klima- og miljødepartementet har send ut framlegg om oppheving av
gjeldande Forskrift om bruk av vass-scooter og liknande (FOR-2013-06-21-701) på
høyring.
• Om det er føremålstenleg å etablera forskriftssone med maks 5 knop i heile Fjellspollen /
Trengereidpollen, eller avgrense den til Straumshalsen.
• Om det er føremålstenleg å etablera forskriftssone med maks 5 knop utanfor Snekkevika
(Skrubbholmen via Vonfluholmen til Knaggen/Siggjo). Her har det komme inn eit
innspel som ikkje vart drøfta på synfaringa.
Framlegg til lokal fartsforskrift til sjøs i Fjell kommune er på høyring / offentleg
ettersyn i perioden 14.02. – 18.04.2017.
Høyringsinnspel skal vera skriftleg, og merkast med saksnr. 2017/192
Straume, 14.02.2017
Hanna Gjesdal
avd. leiar miljø, geodata og oppmåling
Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift.
Erik Schult
rådgjevar
Adresseliste:
Båtlag/hamneansvarlege (sendt på e-post)
Bergen og Omland havnevesen
Kystverket Vest
Fylkesmannen i Hordaland
Hordaland fylkeskommune
Fiskeridirektoratet
Havforskningsinstituttet
Bergen og omland friluftsråd
Fiskarlaget Vest
Sotra og Øygarden lensmannskontor
Sotra Sportsdykkerklubb
Fjell Turlag
Fjell Kystlag
Sotra villmarksenter
Sotra og Øygarden JFF
Sotra Sportsfiskere
Marin Harvest AS
Lerøy Vest AS
Fjellvar AS