FIL-0702 EXAMEN PHILOSOPHICUM

Nettbasert ex.phil. er kun for personar som har fått særskilt opptak.
FIL-0702
EXAMEN PHILOSOPHICUM - NETTBASERT
STUDIEOPPLEGG OG PENSUM
Haust 2014
150714
EXAMEN PHILOSOPHICUM
DEN NETTBASERTE TROMSØVARIANTEN
Kontaktopplysingar
UNDERVISING
Føremål
Undervisingsplan
Prosedyre for innlevering
Formelle krav til innlevering
Faglege krav til innlevering
Organisering av arbeidsveka
PENSUM
ARBEIDSKRAV
EKSAMEN
A . 5-timars heimeeksamen
Praktisk informasjon
B. Semesteroppgåva
Formelle krav
Val av tema
Ei god semesteroppgåve
FRAMLEGG TIL SEMESTEROPPGÅVER
OM KJELDEBRUK
Kjeldetilvising
s. 2
s. 2
s. 3
s. 3
s. 3
s. 3
s. 3
s. 3
s. 4
s. 5
s. 5
s. 5
s. 5
s. 6
s. 6
s. 7
s. 7
s. 7
s. 8
s. 8
s. 9
s. 9
Fagleg ansvarleg:
Læraren din finn du på førstesida med kontaktopplysingar under «Deltakarar»
Administrativt ansvarleg:
Kontorsjef Pål Bye Jensen
Tlf. 776 44288
Epost: [email protected]
Brukarstøtte for Fronter:
Rådgjevar Jelena Larsen
Telefon: 776 46554
Epost: [email protected]
1
Gratulerer med studievalet.
Du har nå gjennom Tromsøvarianten sin nettvariant av examen
philosophicum ein unik sjanse til å få ein solid start på studia dine.
Målsettinga vår er at du skal oppleve ein studiesituasjon som er fleksibel, eit
innhald som er engasjerande, og eit opplegg som stimulerer til refleksjon og
læring.
Lærarane ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er klare til å
hjelpe til og ønskjer deg velkommen til studiet.
EXAMEN PHILOSOPHICUM (EX. PHIL.)
er ein obligatorisk del av bachelorgraden og er, med einskilde unnatak, obligatorisk for alle som vil
oppnå ein grad ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Studentane tar normalt
emnet i første semester saman med Examen facultatum (ex.fac.) og/eller fagemne frå
studieprogrammet dei er tekne opp på.
DEN NETTBASERTE TROMSØVARIANTEN
Til forskjell frå campus-undervisinga opnar nettvarianten for ein meir fleksibel studiekvardag, der du
sjølv i stor grad bestemmer tid og stad for undervising og progresjon i studiet. Opplegget inviterer
også til god kontakt både med lærar og medstudentar.
Undervisinga består av førelesingar på nett, vekevise oppgåveinnleveringar frå dei ulike delane av
pensum og diskusjonsoppgåver. Dei individuelle oppgåvesvara blir kommenterte av læraren.
For å kunne framstille seg til eksamen må du ha gjort unna følgjande arbeidskrav: 9 av 12
innleveringsoppgåver skal vere godkjende, ei kort prosjektbeskriving av semesteroppgåva og ei
telefonrettleiing i samband med semesteroppgåva.
Eksamen består av ein 5-timars skriftleg heimeeksamen og ei semesteroppgåve. Desse blir vurderte
under eitt og gitt ein samla karakter.
Fagleg innhald, pensum og målsettingane for studiet er sams for campus- og nettvarianten.
Emnet er organisert rundt fem tema: Menneske, kunnskap, etikk, politikk og samfunn, natursyn og
vitskap. Studiet skal gjere deg kjend med vesentlege spørsmål ein kan stille til menneskeleg
erkjenning og til moralsk og politisk praksis, slik dei er blitt stilte i løpet av filosofiens historie og i vår
tid. Du får også ei elementær innføring i vitskapleg tenking og akademisk skriving.
Studiet skal få deg til å reflektere kritisk over di eiga stilling som forvaltar og skapar av vitskapeleg
kunnskap, både når det gjeld vitskapsteoretiske og etiske aspekt ved desse verksemdene. Til saman
skal dette skal gi deg eit godt grunnlag for vidare studium.
Du finn ytterlegare informasjon om arbeidsform, pensum og eksamen ved å klikke på lenkene på
forsida vår. Les desse dokumenta nøye. Ver særleg merksam på tidsfristane for innlevering av
arbeidskrav og prosjektbeskriving og dato for 5-timars heimeeksamen. Desse finn du i
undervisingsplanen.
2
Kontaktopplysingar og bilde
Vi oppmodar alle til å leggje inn bilde av seg sjølv og kontaktopplysingar av ulikt slag på lista over
deltakarane i Fronter. Telefonnummer og e-post adresse til læraren finn du alt på kontaktkorta i
Fronter (i mappa ”Deltakarar”). Det er spesielt viktig at du legg inn eit telefonnummer som læraren
kan nå deg på, da rettleiinga knytt til semesteroppgåva i stor utstrekning vil finne stad på telefon.
UNDERVISINGA
Føremål
Målet med å svare på oppgåver kvar veke er å hjelpe deg til å forstå dei filosofiske spørsmåla,
begrepa og teoriane betre – både gjennom sjølve skrivinga og kommentarane du får etterpå. Vi vil
gjere dette arbeidet så eksamensrelevant som mogleg. Derfor vil du få liknande oppgåver som
seinare vil dukke opp på den 5-timars skriftlege heimeeksamenen. Det er også meininga at arbeidet
med desse oppgåvene skal hjelpe deg å finne interessante tema eller problemstillingar til
semesteroppgåva di.
I tillegg kan du bruke oppatt tekst frå oppåvesvara i heimeeksamenen eller i semesteroppgåva. Det
tyder at alt du skriv, vil kunne verke direkte inn på karakteren i emnet. Viss du vil gjere deg nytte av
dette, er det særleg viktig at du les nøye gjennom kommentarane du får frå læraren.
Endeleg vil det å skrive og få kommentarar gi deg verdfull trening i akademisk skriving.
Undervisingsplan
I dei første ni vekene av studiet skal du arbeide med gitte oppgåver og levere svara innan bestemte
fristar for kvar av desse vekene. Meir informasjon om dette finn du i nedtrekkmenyen på forsida vår.
Legg merke til at du kan levere inn oppgåvesvar før fristane. Dette gjer studiet fleksibelt om du skulle
vere hindra frå å levere i ei av desse vekene. Men det er likevel ikkje mogleg å levere inn etter dei
aktuelle tidsfristane. Av fagdidaktiske omsyn rår vi deg til å følgje progresjonen i studieplanen.
Prosedyre
Du leverer svara ved å klikke på lenka “innlevering” ved sida av oppgåvene, velje “bla gjennom” eller
“browse” og til slutt “lagre” eller “save”.
Svara blir normalt lesne og kommenterte innan ei veke etter innleveringsfristen. Vi ventar at du les
kommentarane grundig og tar omsyn til dei i seinare innleveringar. Du får normalt ikkje
tilbakemelding på diskusjonsinnlegga, men vi vil av og til kommentere innlegg direkte i forumet.
Svara blir vurderte som “godkjende” eller “ikkje godkjende”. Eit absolutt minstekrav for å få ta
eksamen er at minst 6 av dei 9 vekevise innleveringane er godkjende. Ikkje godkjende svar kan du
ikkje levere på nytt. Når du har fått oppfylt minimumskravet på 6 godkjende svar, er ytterlegare
innleveringar frivillig, men sjølvsagt tilrådd av faglege og pedagogiske grunnar. Du kan skrive og
levere dei individuelle svara når som helst før fristen, men ver merksam på at det kan vere vanskeleg
å finne diskusjonspartnarar når det er lenge til fristen går ut.
Formelle krav
Vi ventar 2-3 normale tekstsider for kvar oppgåveinnlevering. Men vi tar omsyn til kor poengtert du
skriv, så det er ingen grunn til å gjenta seg sjølv eller ta med irrelevant stoff for å skrive “langt nok”.
Dei gongane du får diskusjonsoppgåver i tillegg til dei individuelle oppgåvene, ventar vi noko mindre
tekst. Hugs å svare på alle oppgåvene.
3
Dersom du har brukt andre kjelder enn læreboka og tilleggstekstane som ligg på Fronter, skal du
alltid oppgi også desse. Vi godkjenner ikkje tekstar som bryt med dette kravet.
Vi ser gjerne at de samarbeider om oppgåvene munnleg . Likevel må du sjølv skrive di eiga oppgåve
på din eigen måte. Oppgåver som språkleg er svært like andre svar, eller svært like tekstar på nett,
vil ikkje bli godkjende. Alle oppgåver som blir leverte på Fronter, vil automatisk bli samanlikna med
tidlegare svar og tekstar som ligg ute på nettet, ved hjelp av eit plagiatkontroll-program.
Det skal alltid stå namn på svara. Vi godkjenner utelukkande følgjande filformat: word, rtf, pdf.
Faglege krav
Vi ønsker at du i alle svara forsøker å skrive så klart og tydeleg som mogleg. Klarleik er eit
grunnleggjande ideal i akademisk skriving og er særleg viktig i abstrakte fag som filosofi. Det skal ikkje
vere nødvendig å lese fleire gongar eller måtte kjenne til poenga på førehand for å forstå det du
skriv.
Du vil i hovudsak får tre typar oppgåver. For det første vil du måtte forklare begrep, poeng, argument
eller teoriar frå pensum. Her vil vi først og fremst leggje vekt på at du kan gjere dette på ein
sjølvstendig måte. Bruk eigne ord, gi svara din eigen struktur i staden for berre å følgje læreboka og
bruk eigne eksempel der det er naturleg. Det er utelukkande ved å vise slikt sjølvstende at du viser
du har forstått stoffet og ikkje berre gjev det att. Det er viktigare å vise at du har forstått
hovudpoenga enn å få med mest mogleg informasjon i svaret. Å kunne uttrykke hovudpoenga på ein
klar og sjølvstendig måte er ein kompetanse ein treng i mange samanhengar på universitetet og elles
i livet.
I andre oppgåver skal du bruke begrep og teoriar på konkrete eksempel. Her vil vi først og fremst
leggje vekt på om du gjer dette på ein måte som viser at du har forstått dei aktuelle begrepa og
teoriane. Vi ventar at du forklarer korleis du kom fram til svaret. Er du usikker eller meiner fleire svar
kan vere riktige, er det særleg viktig å forklare korleis du tenkjer.
I den tredje oppgåvetypen skal du ta stilling til filosofiske problem eller påstandar, særleg i
diskusjonsoppgåvene. Vi ventar sjølvsagt ikkje at du kjem fram til eit endeleg og objektivt svar, men
krev at du, så godt som du kan, forsøker å grunngi synspunkta dine. Det er kvaliteten på
grunngjevinga og ikkje kva du meiner, som avgjer korleis vi vurderer svaret.
Når det gjeld diskusjonsoppgåvene, skal de ta stilling til kvarandre sine innlegg og bruke poeng frå
pensum der det er naturleg. Du må forsøke å grunngi det du seier. Det er ikkje nok berre å skrive “eg
meiner at…”. Alle bidraga skal på eit eller anna vis seie noko meir enn det som alt er sagt av andre i
diskusjonen. Det er ikkje nok å skrive “eg er samd med N.N”.
Så lenge du fyller desse krava, treng ikkje bidraga vere så lange; det held ofte med nokre få linjer.
I enkelte diskusjonsoppgåver blir du beden om å forsvare eller kritisere visse synspunkt. Dette gjer vi
for at du skal få trening i å sjå saker frå fleire sider og tenkje ut frå argument og ikkje personleg
meining. Det er viktig å halde diskusjonen på eit sakleg og ikkje-personleg nivå. Bidraga vil aldri vere
tilgjengelege for andre enn lærarar og medstudentar i Fronter-rommet.
Så lenge alle oppgåvene er oppriktig forsøkt løyste, har vi høg toleranse for faglege problem og
misforståingar. Det er ikkje ofte at vi underkjenner oppgåver utelukkande fordi dei inneheld for
mange faglege feil. Vi er langt strengare når det gjeld brot på dei formelle krava.
4
Organisering av arbeidsveka
Ei normal arbeidsveke kan organiserast slik:
F.eks. i helga: Lese pensum, sjå førelesing.
F.eks. måndag: Skrive utkast til svar på individuelle oppgåver
F.eks. tysdag: Gruppearbeid/diskusjon
Torsdag: Innlevering av individuelle oppgåver før kl. 22.00
PENSUM
Anfinsen, R. og Christensen E. (red.): Menneske, natur og samfunn. Universitetsforlaget 2013.
I tillegg kjem tekstar spesifikke for dei enkelte gruppene. Desse tekstane blir lagt ut på Fronter.
Heile boka er pensum og er grunnlag for 5-timars heimeeksamen.
Innleveringsoppgåvene er frå eit utval på tre kapittel bestemt av læraren.
Nedtrekkmenyen er strukturert etter kapittelinndelinga i pensumboka. Dei tre utvalde kapitteltemaa har igjen tre undertema, der kvart av desse tilsvarer ei vekes arbeid med tilhøyrande
innleveringar.
Kva tema du skal arbeide spesielt med, blir annonsert under «Nyheiter» og i undervisingsplanen.
Oppgåvene som er gitt i tilknyting til dei to andre temaa finn du også i nedtrekkmenyen. Det er god
øving og førebuing til eksamen og seminaroppgåva å arbeide med desse.
ARBEIDSKRAV
Oppgåvesvara dine blir kommenterte innan ei veke og godkjende såframt dei held eit tilfredsstillande
fagleg nivå. Av totalt 9 oppgåveinnleveringar må minst 6 vere godkjende. Etter at heimeeksamen i
studieveke 10 er avlagd, skal du i veka etter lage ei kort prosjektbeskriving for den avsluttande
semesteroppgåva og i løpet av studievekene 12/13 ha ei munnleg rettleiing.
Det er ditt ansvar å sjå til at du oppfyller arbeidskrava. Desse vil også bli gjennomgådde av læraren
mot slutten av semesteret.
EKSAMEN
Mappeevaluering som består av ein heimeksamen og ei semesteroppgåve.
Etter at du har fått godkjent arbeidskrava , følgjer ein 5-timars skriftleg heimeeksamen med liknande
type oppgåver som du har arbeidd med i dei vekevise innleveringane. Dette er ein breidde-test med
oppgåver frå heile pensum – frå alle fem bokkapitla og tilleggstekstan.
Til slutt skal du skrive ei semesteroppgåve på mellom 2000 og 2500 ord.
Heimeeksamen og semesteroppgåve blir vurderte under eitt og får ein samla karakter.
Det blir brukt ein karakterskala frå A til F, der F er ikkje stått.
Ved karakteren F kan godkjende arbeidskrav takas med til ny eksamen.
Det blir ikkje arrangert kontinuasjonseksamen for kandidatar som har stroke ved ordinær
eksamen. Men studentar som har gyldig grunn for ikkje å gjennomføre eksamen, og som kan føre
prov for at fråveret har gyldig grunn (t.d. legeattest ved sjukdom), kan framstille seg til “utsett prøve”
straks nytt semester har tatt til. Ein må da melde seg opp til utsett prøve innan gitt frist ved starten
av neste semester.
Vi viser elles til “Forskrift for eksamener ved Universitetet i Tromsø” på universitetet sine heimesider.
Studentane har plikt til å kjenne denne forskrifta.
5
A. 5-timars heimeeksamen
Heimeeksamen består av to delar:
1. Fire spørsmål som du kan svare forholdsvis kort på. Det blir stilt spørsmål frå heile pensumet, ikkje
berre frå temaa i innleveringsoppgåvene. Når det gjeld tema som ikkje er tatt opp i dei vekevise
oppgåvene, ventar vi ikkje full oversikt over alle detaljar. Det held å vise at du har forstått dei
viktigaste poenga.
2. Ei noko meir omfattande oppgåve med utgangspunkt i eit eller fleire tema som har blitt tatt opp i
oppgåvene kvar veke. Du får velje mellom to alternativ. Det er inga øvre grense for kor langt du kan
skrive, men det er viktigare å passe på at det du skriv, held eit godt nivå enn å forsøke å få med mest
mogleg. Som ein generell peikepinn kan ein seie at det er vanskeleg å skrive ei tilfredsstillande
oppgåve på mindre enn éi vanleg tekstside. Det er på hi sida ikkje nødvendig med meir enn to sider
for å skrive ei god oppgåve.
Oppgåvene vil vere like, og ha liknande vanskegrad, som dei oppgåvene du får til dei vekevise
innleveringane. Eksamenssvara vil også bli vurderte ut frå dei same faglege kriteria som vekesvara.
Den beste måten å førebu seg til eksamen på er derfor å gjere ein god innsats med svara du leverer
kvar veke og også arbeide med dei oppgåvene du ikkje treng å levere inn. Dei to eksamensdelane tel
omtrent like mykje.
Alle hjelpemiddel er tillatne. Viss du har brukt andre kjelder enn læreboka og dei tilleggstekstane
som ligg på Fronter, skal du alltid oppgi også desse. Brot på dette kravet ser ein på som plagiat og vil
kunne føre til fuskesak, som igjen kan føre til utestenging frå norske universitet for eit gitt tidsrom.
Da du skal svare på forholdsvis mange oppgåver og berre har fem timar til disposisjon, kan du ikkje
vente til eksamen er begynt med å sette deg inn i stoffet. Du må meistre dei grunnleggjande
begrepa, teoriane og argumenta frå pensum og ha god nok oversikt til å vite kvar du kan finne meir
detaljert informasjon dersom du skulle trenge det.
Der det er føremålsteneleg, kan du bruke oppatt eller ta utgangspunkt i tekst som du har skrive
tidlegare. Det er inga øvre grense for kor mykje tekst du kan bruke på nytt, men du må sjølvsagt
passe på at det er relevant for oppgåva. Vi ventar også at du følgjer opp eventuelle kommentarar du
har fått.
Praktisk informasjon
Dato og klokkeslett for eksamen ligg i undervisingsplanen. Når eksamenen har begynt , finn du
oppgåvene ved å klikke på linken “heimeeksamen” til venstre på førstesida. Får du problem med å få
tilgang til oppgåvene, må du straks kontakte læraren eller administrasjonen ved Institutt for filosofi
og førstesemesterstudium.
Oppgåva leverer du på vanleg måte ved å klikke på linken for innlevering. Dersom du får problem
med å levere oppgåva via Fronter, må du sende oppgåva på epost til læraren din innan
innleveringsfristen går ut.
Du er sjølv ansvarleg for å ha ein fungerande datamaskin og nett-samband.
Merk dokumentet du leverer inn, med namnet ditt. Godkjende filformat er: word, rtf, pdf.
6
B. Semesteroppgåva
Det første trinnet i arbeidet med semesteroppgåva er å lage ei prosjektbeskriving på ca. ½ side. Dette
er eit obligatorisk arbeidskrav og følgjeleg nødvendig for å få ta eksamen. Frist for innlevering av
prosjektbeskrivinga finn du i undervisingsplanen. Du leverer ho ved å klikke på «Prosjektbeskriving»
til venstre på forsida.
I prosjektbeskrivinga skal du kort forklare temaet du vil skrive om. Du skal også formulere eit førebels
mål for oppgåva og skissere korleis du vil gå fram for å nå dette målet. Du bør alt på dette
tidspunktet gjere deg kjend med krava til ei god semesteroppgåve (sjå under «Viktige lenker»).
Innan ei veke etter innleveringsfristen vil rettleiaren din kommentere prosjektbeskrivinga. Di meir
arbeid du har lagt i ho, di meir nytte vil du ha av tilbakemeldingane. Vi ventar at du tar omsyn til
kommentarane i det vidare arbeidet.
1-2 veker etter at du har fått kommentarane, skal du ha rettleiing over telefon. Dette er eit
obligatorisk arbeidskrav.
Informasjon om tidspunktet for rettleiinga blir lagt ut på Fronter etter innleveringa av
prosjektbeskrivinga. Du har krav på inntil ein halv time rettleiing. Vi rår sterkt til at du sender eit
utkast eller ein førebels disposisjon på førehand (dvs. minst eitt døgn før rettleiinga). Vi vil da lese
gjennom det du har skrive, og kan gi deg mest mogleg konkrete og nyttige tips.
Dersom det viser seg vere vanskeleg å gjennomføre planane du har lagt for semesteroppgåva, står du
fritt til når som helst å endre tema, mål eller framgangsmåte. Ta kontakt med rettleiaren din dersom
du er usikker.
Fristen for innlevering av semesteroppgåva finn du i undervisningsplanen.
Formelle krav
Semesteroppgåva skal vere på mellom 2000 og 2500 ord. Ho skal innehalde namn/kandidatnummer
XXX og leveras som pdf.
Du må vise (referere) til alle kjeldene du har brukt i den ferdige oppgåva. Kravet om tilvising gjeld
ikkje berre ved direkte sitat, men også om du har skrive om kjeldeteksten eller berre henta
opplysingar frå han. Du må referere i teksten, slik at det blir klart kva for kjelder dei ulike delane av
oppgåva baserer seg på.
Omfattande brot på kjeldekrava blir sett på som plagiat og vil føre til fuskesak, som igjen kan føre til
utestenging frå norske universitet for ein bestemt periode.
Val av tema
Du bør for eiga skuld velje eit oppgåvetema som interesserer deg. Erfaringane viser at det gir dei
beste oppgåvene og dermed dei beste karakterane. Det er naturleg å velje blant dei temaa som du
har vore innom i arbeidet med oppgåvesvara. Da ser du lett kva for problemstillingar som vil vere
interessante å jobbe med, og som vil passe til ei oppgåve på 2000-2500 ord. I tillegg kan du bruke
oppatt tekst frå desse arbeida - men hugs da å integrere denne teksten med resten av oppgåva, slik
at resultatet blir heilskapleg og samanhengande. Vi ventar dessutan at du tar omsyn til eventuelle
kritiske kommentarar som du har fått på innleveringssvara.
Du kan også velje eit tema frå andre delar av pensum, eller eit tema som ikkje blir tatt opp direkte i
pensum, berre det er av filosofisk karakter. Vel du det siste alternativet, er det enda viktigare å lage
ei tydeleg prosjektbeskriving og halde deg til kommentarane frå rettleiaren din.
7
Ei god oppgåve skal
 ha eit klart formulert mål, ikkje berre eit tema. Du skal forsøke å vise eller kome fram til eit eller
anna med teksten din. Det er ikkje naudsynt (men heller ikkje forbode) å bruke begrepet
“problemstilling” for å uttrykke målet med oppgåva.
 handle om filosofiske spørsmål, problem, teoriar og argument, ikkje berre ramse opp kva
forskjellige filosofar har meint.
 vere klart og presist skriven.
 berre innehalde den bakgrunnsinformasjonen som er naudsynt for å nå målet med oppgåva.
 gi ei korrekt framstilling av viktige posisjonar og begrep.
 vitne om evne til sjølvstende. Det kan du for eksempel gjere ved å
o presentere stoff utan å liggje for tett opp til formuleringane og oppsettet i læreboka.
o bruke eigne eksempel.
o kome med eigne observasjonar, argument eller innvendingar.
 gjerne ta eit standpunkt, men berre om du grunngir det. Hugs at standpunkt kan vere balanserte,
nyanserte og tentative.
 ha ei innleiing som klart viser kva som er tema for og mål med oppgåva.
 ha ein hovuddel der du gjer det du i innleiinga seier du skal gjere. Hovuddelen skal ha ein klar
struktur. Det er viktig å vise lesaren strukturen ved å seie kva som har skjedd eller skal skje i
oppgåva, avsnittinndelingar, gjerne også underoverskrifter.
 ha ei naturleg avrunding. Det er ikkje naudsynt med ei oppsummering som berre gjentar det du
alt har sagt i oppgåva.
FRAMLEGG TIL SEMESTEROPPGÅVER
I samråd med rettleiaren kan du velje andre tema for oppgåva enn dei som er lista opp nedanfor. Du
kan også velje ei anna tilnærming til temaa enn det du finn i framlegga her. Oppgåvene er meint som
inspirasjon, ikkje som ei komplett og fastlagd oppskrift. Du må sjølv, i innleiinga til oppgåva, forklare
nøyaktig kva det er du vil forsøke å gjere. Ofte er det ein god idé å spisse tema og mål enda meir enn
vi har gjort her.
Mennesket
1. Forklar kvifor det er vanskeleg å forstå forholdet mellom medvit og den fysiske verda.
Tilleggslitteratur:
Thomas Nagel, “Problemet med forholdet mellom kropp og sinn” (link til artikkel på Fronter).
2. Gjer greie for ulike former for viljesfridom. Vurder om og i kor stor grad mennesket verkeleg har
desse formene for fridom.
Kunnskap
1. Vi erfarer tilsynelatande ei ytre verd gjennom sansane våre. Men kan vi vite at ei slik ytre verd
verkeleg eksisterer?
Tilleggslitteratur:
D. Prichard, “Perception” (link til artikkel på Fronter).
2. Ifølgje Agrippa vil ei fundamentalistisk tilnærming til kunnskap bli vilkårleg og dermed
utilfredsstillande. Ta utgangspunkt i minst ein av filosofane Descartes, Hume og Kant, og diskuter om
det finst ei løysning på Agrippas utfordring.
8
Etikk
1. Drøft eit konkret og aktuelt etisk problem i lys av ein eller fleire etiske teoriar.
2. Samanlikn minst to etiske teoriar og vurder sterke og svake sider ved dei.
Tilleggslitteratur:
Mark Timmons (link til artikkel på Fronter).
Politikk
1. Hobbes, Locke og Rousseau er alle kontraktsteoretikarar, men har ulike oppfatningar om korleis
ein bør organisere ein stat. Samanlikn minst to av desse og vurder sterke og svake sider ved dei.
2. Gjer greie for ei eller fleire innvendingar som har blitt sette fram mot Rawls sin teori om rettferd.
Vurder kor overtydande innvendinga(ne) er, og kva det har å seie for Rawls sin teori dersom
innvendinga(ne) er korrekte.
Tilleggslitteratur:
Kjersti Fjørtoft, “Rettferdighet – et spørsmål om verdighet” (link til artikkel på Fronter)
Michael Sandel, “The case for equality. John Rawls.” (link til artikkel på Fronter)
Natursyn og vitskap
1. Gjer greie for overgangen frå det teleologiske til det mekanistiske verdsbiletet. Diskuter om vi kan
seie at det mekanistiske verdsbiletet objektivt sett er sannare eller på andre måtar betre enn det
teleologiske.
Tillegslitteratur:
Richard DeWitt, “Instrumentalism and Realism” (XXX).
2. Drøft sterke og svake sider ved Karl Poppers falsifikasjonistiske syn på vitskap.
OM KJELDEBRUK
For somme tema og problemstillingar vil det vere nyttig, kanskje til og med nødvendig, å bruke andre
kjelder i tillegg til pensumtekstane. Å bruke slike kjelder er ikkje noko mål i seg sjølv, men
utelukkande dersom det hevar kvaliteten på oppgåva .
Det er viktig å vere kritisk til kjelder, særleg på nett. Wikipedia, Store norske leksikon og liknande
kjelder bør du ikkje bruke til filosofisk fagstoff (men er akseptable når det gjeld faktastoff). Internet
Encyclopedia of Philosophy (link: http://www.iep.utm.edu/) og Stanford Encyclopedia of Philosophy
EP (link: http://plato.stanford.edu/) har gode artiklar om dei fleste sentrale filosofiske tema, men ein
del av artiklane er ganske avanserte. Til nokre av oppgåveframlegga følgjer det med tilleggslitteratur
(link), som vi ventar du bruker i oppgåva der det fell naturleg. Desse tekstane kan vere nyttige å lese
også om du vel eit nærliggjande tema. Ta kontakt med rettleiaren din om du treng fleire tips.
Kjeldetilvising
I all akademisk skriving er det viktig å vise dei kjeldene ein har brukt i arbeida sine, og det på ein slik
måte at andre lett kan kontrollere dei. Dette er ikkje berre snakk om formalitetar, men om
forskingsetiske reglar.
Sitat skal gjevast att ordrett og stå i hermeteikn. Sitat på meir enn 3 heile linjer bør markerast ved
innrykk.
Om du fjernar noko frå eit sitat, skal du markere det med tre punkt i klammeparentes: [...]. Må du leggje
til noko inne i eit sitat for at teksten skal gi meining, skal også dét stå i klammeparentes. Du må ikkje føye
til eigne kommentarar inne i sitatet.
9
Gjev du att resonnement, synspunkt og poeng du har lese hos andre forfattarar, skal du vise til
litteraturen og forfattaren du har det frå, sjølv om det du skriv, ikkje er direkte sitat. I fot- eller sluttnotar
kan du òg vise til munnlege opplysingar frå samtalar, seminar, førelesingar og liknande.
Innanfor akademia fins det fleire såkalla referansestilar, altså teknikkar for å vise til kjelder. Du kan
bruke den referansestilen du sjølv ønsker såframt du
- er sikker på at den er vanleg å bruke i akademiske tekstar.
- veit at du meistrar han.
- bruker den konsekvent gjennom heile oppgåva.
Elles må du følgje denne framgangsmåten:
I teksten refererer du ved hjelp av parentesar med etternamnet til forfattaren, utgjevingsår, i tillegg
til sidetal, kapittelnummer e.l. Etter direkte sitat skal tilvisingane alltid kome umiddelbart. Dersom du
har brukt ei kjelde gjennom eit heilt avsnitt, kan du vente med tilvisinga til slutten av avsnittet for å
unngå at teksten blir oppstykka av unødvendig mange referansar. Har du brukt ei kjelde gjennom
store delar av oppgåva, kan du opplyse om dette i ein fotnote.
Eksempel på tilvising i teksten: «Folkenes lov skal ifølgje Rawls forståas som ein realistisk utopi.
(Rawls 1999:11-12).»
Litteraturlista skal innehalde all litteraturen det er vist til i teksten. Ho skal ordnast alfabetisk etter
etternamnet til forfattaren. Litteraturlista skal innehalde følgjande informasjon, sett opp som vist
nedanfor:




Namnet på forfattaren og eventuell redaktør
Tittel
Utgjevingsår
Forlag og stad, eller namn på tidsskrift
Eksempel på tilvising til bok:
Rawls, John: The Law of Peoples. Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts 1985.
Eksempel på tilvising til artikkel frå artikkelsamling:
Wyller, Egil A.: “Platons politisk-religiøse oppgjør med de skjønne kunster”, i Truls Winther og Odd
Inge Langholm (red.): Estetikk fra Platon til våre dager. Tanum-Nordli, Oslo 1977, s.15-31.
Eksempel på tilvising til artikkel frå tidsskrift:
Bostad, Inga: “Helhetssyn, skepsis og tiltro”, i Norsk Filosofisk Tidsskrift nr.1-2, s. 20-27.
Dersom du bruker stoff frå Internett som du ikkje kan vise til på dei måtane som er nemnde ovanfor,
skal du bruke internettadressa der du fann kjeldene. Ved slik tilvising kan du i teksten skrive www1,
www2 osv., og i litteraturlista: www1 = [nettadresse og nedlastingsdato] osv.
Eksempel på tilvising til Internett-adresse:
www1 = www.nakayama.org/polylogos/philosophers/arendt/index-e-arendt, lastet ned 01.01.2014
10