KyrkjeBakken NR. 2 • JUNI 2015 • 14. ÅRGANG HELLANDSBYGD – SAUDA – SAUDASJØEN Ein salme av David 1 Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile. 3 Han gjev meg nytt liv. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. 5 Du dukar bord for meg framfor mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje. Mitt beger renn over. 6 Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider. 4 Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. Foto: Knut Arne van Zijp 2 KyrkjeBakken Andakt LUK. 1, 50 – 53; «Hans miskunn varer fra slekt til slekt for den som frykter HAM. Han gjorde storverk med sin sterke arm; Han spredte dem som gikk med hovmodstanker, og støtte herskere ned fra tronen, men de små opphøyet Han. Han mettet de sultne med gode gaver, men sendte de rike tomhendte fra seg». Til alle tider har folket elsket sitt fedreland. Denne kjærligheten var aldri dypere og renere enn hos dem som måtte bo hos et fremmed folk. Vi vet at Gud har lovet å velsigne og verne folk i hjemmene. Når de arbeider sammen i kjærlighet, så vil han verne og velsigne folket som holder sammen og lever i tro og gudsfrykt. Måtte vi kjenne vårt ansvar for fedrelandet og folket, så vi i arbeid og bønn bærer det oppover mot Gud, fra slott og fra den laveste hytte. Det vil Gud. Landet Gud har gitt oss, er en gave. La oss takke ham for det. Det er en viktig oppgave for oss å takke Gud for landet han gav oss. Det er hverdagen det kommer an på. Store ord bygger ikke landet, men hederlig arbeid og gudsfrykt med nøysomhet bygger det. Men fedrelandet vi har fått er ikke bare en gave vi skal takke for, men en skatt vi skal ta vare på. Fedrelandets sterkeste vern er ikke festningsverk og voller. Det er de foldene hender. Med foldene hender takker vi Gud for gaven. Med flittige hender verner vi skatten Gud har betrodd oss. Med villige hender er vi med å bygge Guds rike i Norge. Vi bygger først vårt eget liv i vårt hjem, og så kan det vokse i hver grend og by, fra slekt til slekt. La oss takke Gud for hans velsignelse, for fred og frihet, mat og troens gave. I en tid med svært høy «sigarføring» og høye tanker om oss selv: «Det er typisk norsk å være god». Da er faren for hovmodighet stor. Den rette holdning er ydmykhet, det vil si villighet til å underordne seg Guds vilje. Samtidig inneholder teksten en betingelse for Guds KyrkjeBakken Utgjevar: Sauda kyrkjelyd I redaksjonen: Olaug Drarvik, Knut Arne van Zijp og Kjetil Mæhle. Foto side 1: Knut Arne van Zijp E-postadressa til KyrkjeBakken er: [email protected] Frist for innlevering til neste KyrkjeBakken er: Mandag 10. august 2015 Vi er takksame for å få gåver til bladet. Gåver kan sendast til bankgiro 3520.62.17810. Merk innbetalinga med 8001. Postadr: Toppadalen 3, 4200 Sauda Sauda kyrkjekontor: 400 35 642 Hjelp ved gravferd: 478 10 717 Grafisk utforming og trykk: Karmøy Trykkeri as miskunn, nemlig at vi skal frykte ham. Han alene er verdig å bli fryktet. Hva vil det si å følge Guds bud i dag? Gudsfrykt er mer enn bud og regler. I Salme 127 understreker at det er Gud som er bygningsmann. «Hvis Herren ikke bygger huset, arbeider bygningsmennene forgjeves. Hvis Herren ikke våker over byen, våker vaktmannen forgjeves.» At noen prøver å frigjøre den den kristne lære fra Bibelen , er ikke noe nytt. Rett bibelsk teologi kan ikke la seg styre av tanker i tiden. .. eller magefølelse, som lar seg beruse av omfavnelse, hylling og popularitet. Det rette kristne budskap er det bibelen sier. Vi kan bli fortvilet over utviklingen av den bibeloppløsende teologi. Den får også innpass i kretser som før sa seg forpliktet på skriftens ORD. La oss be om at de kristne i vårt land med frimodighet bekjenner seg til Bibelen , og den HELLIGE SKRIFT . Inspirert av Gud. Ved Guds Ånd. Det er det beste for land og folk. Guds Ord må være miljøskapende i vårt folk.. Dette med Guds velsignelse er det viktigste for land og folk. Dersom Gud ikke velsigner vårt liv og arbeid, er alt fånyttes. Kan Gud velsigne landet vårt i dag? Skal vårt land leve under Guds velsignelse, må vi endre på de forhold som strir mot Guds Ord og vilje. Gud har skapt det hele og oppholder det. Vi må være oppmerksom på at Gud ikke er avhengig av hva mennesker tror eller mener. La oss be om at Norge må bli styrt etter lover som er i samsvar med Guds ord. Hvis ikke kan Han ikke velsigne landet vårt. Dersom Guds velsignelse ikke hviler over olje pengene som strømmer inn , vil de smuldre bort mellom fingrene på oss. Motto for alle lover bør være: « Så sier Herren». Dersom dette blir lede tråden i alt vårt lovverk, så vil vi igjen oppleve at Guds velsignelse strømmer over landet vårt. Vi ønsker hverandre lykke til med å bygge vårt hus, våre liv og vårt samfunn med Ham. Diakon Anne Sofie Øygard Takk for gåver til Kyrkjebakken I skrivande stund er det kome inn 24200 kr.som skal gå til trykking av Kyrkjebakken. Me takkar hjarteleg for gåvene og gjer samstundes merksam på at giroblanketten var stifta fast i påskenummeret i motsetnad til tidlegare år, då han har lege laust i bladet. Redaksjosnemnda håpar at denne nye ordninga ikkje er årsak til at blanketten blir oversett. At han blir stifta fast under trykking, sparer oss i redaksjonen for mykje arbeid. Mvh Redaksjonsnemnda. Mitt bibelvers Jesaja 49. 15-16. Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn, ei omsorgsfull mor det barnet ho bar? Sjølv om dei skulle gløyma, skal ikkje eg gløyma deg. Sjå, eg har teikna deg i hendene mine, murane dine er alltid framfor meg. Helsing Liv Øygard som utfordrar Sigbjørg Øye. KyrkjeBakken 3 Gravplassar og graver I samanheng med ei landsomfattande fotografering av gravstøtter, vil også gravplassane i Sauda denne sommaren få vitjing av DIS-Norge, Slekt og Data. Føremålet med å fotografera støttene er av historisk interesse. Komande generasjonar vil kunne finna sine forgjengarar og slektningar i dette elektroniske arkivet. Spesielt nyttig vil dette vera for dei som måtte koma til å interessera seg for slektsgransking. Frå mi side har eg bedt om at arbeidet vert utført med respekt for staden dei er på, og pårørande som dei måtte treffa der. For ordens skuld; DIS har tillatelse gitt av Datatilsynet og Kyrkjegardskonsulenten i Kultur- og Kyrkjedepartementet. Liste over kandidatar til soknerådsvalet hausten 2015 Per Aksel Birkeland Anna Jorunn Garvik Rune Selvik Janne Sætherbø Guggedal Arild Fosstveit Jan Reidar Årtun Gunnar Solvang Kjell Ole Øverland Svetlana Michalsen Sonja Lunde Kandidatane blir presenterte i neste nr. av Kyrkjebakken. Ny salmebok er tatt i bruk Frå og med første pinsedag 2015 blei ny salmebok tatt i bruk i gudstenestene i Sauda sokn. 150 eksemplarer er kjøpt inn. Og desse må i første omgang ambulera mellom gudstenestestadene. Mange rause gåver har resultert i at kyrkjelyden nå har fått om lag halvparten av det talet som trengs for at salmebøkene skal kunna stå fast i kyrkje og kapell. Som lesarane skjønar, er det ennå ein veg å gå før målet er nådd, og difor er det framleis kjærkome med gåver til dette føremålet. O.D. Prosjektet vert utført i samarbeid med Riksarkivaren. Etter ein hard vinter med mykje snø, kan ein sjå at fleire gravstøtter har velta. Eg ber dirfor om at dei det gjeld, tar arbeidet med å få støttene på plass att.. Etter forskrift skal støttene vera festa til eit stødig fundament med to 15 centimeter lange og 12 millimeter tjukke rustfrie boltar. Ein del støtter veg opptil 150 kg, og utgjer sjølvsagt ein fare om nokon skulle få desse over seg. Jon L. Grindheim kyrkjeverje Soknerådsleiaren Ja då er lista til soknerådsvalet klar. Her er gode navn, og eg håpar mange brukar stemmeretten sin og er med på valet den 14. september. Me har kjøpt inn 120 nye salmebøker. Eg vil takka for alle bidrag. Spesielt takk til Berit Borlaug som sette i gong innsamlingsaksjonen. Disse songbøkene vil me ta i bruk i Sauda kyrkje. Det manglar fortsatt ein del pengar til å finansiera salmebøker til kapella i Saudasjøen og Hellandsbygd. Me er takksame for alle bidrag. God sommar Per Aksel Birkeland. Det muntre hjørnet Der sat to direktørar og ein prest i ei badstu. Direktørane skrytte av dei flotte fallskjermane dei hadde forhandla seg fram til, den eine var ein del større en den andre. då seier den eine direktøren til presten, du har vel ikkje ordna deg med fallskjerm du. Nei seier presten eg skal ikkje den vegen eg. Helsing Torgeir Austarheim. Eg utfordre Oddvar Flåtnes. “BLI MED” - PÅ 4 KyrkjeBakken IDE-DUGNAD Sauda sin lokale plan for TRUSOPPLÆRING Kyrkjebakken møter Grete Landa på kontoret hennar ein tysdag i mai. Ho er trusopplærar i Sauda, men likar ofte sjølv å kalla seg for kyrkjelydspedagog; ein som lærer born og unge om bibel, tru og kyrkje. Innimellom dei vanlege kontordingsane er det ei skattkiste, nokre handdukker i hylla og eit gamalt Jesusmotiv på veggen. Grete, som er utdanna førskulelærar, byrja i denne 60% stillinga i august 2014. Då fekk Sauda kyrkjelyd endeleg tildelt statlege midlar for å drifte trusopplæringa lokalt. Lenge hadde skuleverket ansvar for å gje trusopplæring til dei døypte, men heilt sidan 1969 har dette vore kyrkja sitt ansvar. At kyrkja skal drive trusopplæringa sjølv tenker Grete er bra! Dersom kyrkja ynskjer å nå ut til born og unge med familiar, må kyrkja våge å tenke nytt: Kva skal til for å nå ut til, og engsjera barn og unge i Sauda i 2015? Korleis kan tru og kyrkja gje meining inn i det travle og moderne liv? Alle kyrkjelydar skal utarbeida ein samanhengande og systematisk plan for si trusopplæring. Denne planen skal sikre at alle døypte mellom 0-18 år skal få ein reel sjanse til å bli kjende med trua. Når planen er fullverdig skal kyrkja tilby den døypte 315 timar tilsaman gjennom desse 18 åra. Ved å gje opplæring i tru vert born og unge godt rusta til å ta eigne val: ynskjer eg å tru, og ynskjer eg å vidareføre den kristne trua til neste generasjon …? Kor langt er Sauda komen på veg i dette arbeidet, Grete ? Planarbeidet starta opp i haust. Barne- og UngdomsUtvalet i Sauda kyrkjelyd og dei ansatte på kyrkjekontoret har vore viktige bidragsytarar frå starten av. Etterkvart har mange andre frivillige vore med også. Det første vi gjorde var å jobba lenge og grundig med hovudmålet vårt: ”Vi i Sauda kyrkjelyd ønskjer å gje alle døypte i aldersgruppa 0-18 år hjelp til å veksa i trua på Gud Fader, Jesus Kristus og Den Heilage Ande.” Dette gjer vi ved årleg å invitera til eit opplegg som er pedagogisk tilpassa dei ulike aldersgruppene. Når vi inviterer til trusopplæringstiltak, sender vi invitasjon til dei døypte, men vi opnar opp for at alle som vil får bli med! Mottoet og overskrifta for planen vart difor: BLI MED: -Du passar perfekt i Guds famn! Korleis ser du for deg vegen vidare ? I juni er den teoretiske delen av planen ferdig, og no skal vi over på den praktiske delen. Vi har alt mange gode tiltak på plass. Til dømes utdelingsgudsteneste for treårs-bibel/ 4-års bok, og konfirmantbibel til 11 åringar. Vi har også dåpsskulen Kongeklubben, Tårnagent-helg , Lys Vaken og konfirmasjonstida. Kvart tiltak er som ei puslespelbrikke i eit stort puslespel. For å få ein fullverdig plan må alle tiltaksbrikkene vera på plass! Og her treng eg hjelp… Kva treng du hjelp til? Jo, no vil eg fri til alle som har eit varmt hjarte for kyrkja, og for at barn og unge skal få vite kven Jesus er! De som er foreldre har no eit godt høve til å påverka kva kyrkja kan tilby dykkar barn. Sauda kyrkjelyd inviterer til ein stor idedugnad på Betel onsdag 9. september kl. 18.00. Sett av denne datoen allereie no. Her skal vi saman utforme korleis trusopplæringa vert for 0-5 åringane, 6-12 åringane, og 13-18-åringane. Først vert det ein bolk med inspirasjon og basiskunnaskap om planen vår. Vi deler oss i grupper, alt etter kor ein meiner ein har noko å bidra med, og saman puslar vi det store puslespelet! Hvis mange kjem, skapar vi eit breitt eigarforhold til planen vår, noko som kan vera ein suksessfaktor. Den norske kyrkja kallar trusopplæringsarbeidet sitt for ”Størst av alt”. Du kan bli med å forme korleis vi i Sauda skal gje vidare det som er ”størst av alt” til nye generasjonar! Kva tid skal Sauda sin plan vera ferdig ? I januar 2016 skal vi levere vår plan inn til biskopen for godkjenning. Då har vi ideane på plass, og kan etterkvart sette nye tiltak ut i livet, bit for bit. Det vert nok ei spanande tid! Grete avsluttar med at om nokon allereie har idear og tankar til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja så kan du ta kontakt, for eksempel på mail [email protected]. no. Ho har inspiasjonen og glød, og tru for prosessen vidare! Kyrkjebakken ønskjer henne lukke til! Og hugs: Alle som vil skal få BLI MED, både på idedugnaden og på dei ulike tiltaka! Nye konfirmantkapper til Sauda frå San Juan del Sur Dei som vart konfirmerte i Sauda og Saudasjøen denne våren, fekk æra av å innvia dei nye konfirmantkappene våre! Det spesielle med desse kappene, er at dei er sydde i vennskapsbyen vår, San Juan del Sur, i Nicaragua! Da soknerådet diskuterte behovet for nye- og helst strykefrie kapper, kom ideen om ”fairtrade”/ rettferdig handel og Lilliam Reyes, som driv mange ulike prosjekt i San Juan del Sur, vart kontakta. Ho sette da opp eit rekneskap som inkluderte materiell, lønningar og omkostningar knytta til frakt. Deretter gjekk sygruppa hennar i gang med oppdraget! Stoffet i kappane er ei blanding av polyester og bomull og er trulig produsert i Guatemala. Det same stoffet blir nytta i skuleuniformar i Latin Amerikanske land. For å gjere det enklare både for produsent og brukarar, valgte vi å bytte knappar og knapphull med trykk- knappar! Etter ein del korrespondanse begge vegar - vi sleit litt med spansken og ulike formalitetar knytta til importen - kom omsider dei første 25 kappene. Vi var svært fornøgde med kappene, og etter kort tid bestilte vi 15 ekstra kapper! Kanskje kan dette vera starten på eit vidare handelssamarbeid med vennskapskommunen vår? Om det da blir fleire konfirmantkapper eller heilt andre produkt, kan berre framtida gje svar på. Torunn Djuvik Finnøy kyrkjekor gjestar oss KyrkjeBakken 5 NOKRE GLIMT FRÅ BANGLADESH I FEBRUAR 2015 Eit land i vanskar Me har hatt gleda av å vera vertskap for syngjande Finnøy-folk ein gong før. Det kan vel vera tre-fire år sidan.Den gongen møtte mange saudabuar opp i kyrkja ein søndags ettermiddag og fekk vera deltakarar i ei flott gudsteneste med mykje frisk song og musikk. Det var til å bli glad av. Nå kan me få oppleva reprise, ikkje blåkopi, men sterk og flott song med trøkk, av engasjerte øybuar. Det kan verkeleg anbefalast. Og tidspunktet er sett til søndag 20. september kl.17.00 i Sauda kyrkje. Merk dykk dette alt nå, og gå for all del ikkje glipp av det. Olaug Drarvik. Knut Nystedt (1915-2014) Knut Nystedt og Egil Hovland (som blei presentert i sist utgåve av Kyrkjebakken) var begge to komponistar, som har skrive mykje musikk for bruk i kyrkja. Desse er ikkje lenger i blant oss. Egil Hovland døydde 5. februar 2013, 88 år gamal og Knut Nystedt døydde 8. desember 2014, 99 år gamal. KNUT NYSTEDT var ein sentral person i Noregs musikkliv som kyrkjemusikar, dirigent, lærar og komponist. Han har prega utviklinga av kyrkjemusikken i Noreg fram til i dag. Nystedt voks opp i ein heim der både klassisk musikk og kristne songar frå samtida var ein del av dagleglivet. Han var ein av etterkrigsgenerasjonen sine fremste komponistar, saman med Finn Mortensen, Arne Nordheim og Egil Hovland. Dei arbeidde alle for at nye musikalske strøymingar skulle sleppa til, i eit musikkliv som var sterkt prega av nasjonal-romantikken. Knut Nystedt var ein komponist, kyrkjemusikar og dirigent som våga å gå nye vegar, med eigne og andre sine verk, musikk som til då var uhøyrt i norske kyrkjerom og konsertsalar. Han har skrive musikk i mange ulike sjangrar; orkester- og kammermusikk, orgelmusikk, og ikkje minst mange korverk som har brakt stor annerkjenning internasjonalt. Han etablerte og dirigerte Det norske Solistkor i førti år, frå koret starta i 1950 til 1990. Knut Nystedt vil bli hugsa som ein kunstnar som evna å berika og inspirera oss. Me minnest han gjennom avslutningsorda i Johannes Brahms sitt verk ”Ein deutches Re- quiem”: ”Salige er dei døde, som dør i Herren, Dei skal få kvile for sitt arbeid, for deira gjerningar følgjer dei”. I takknemlighet og ærbødighet. (etter Grete Pedersen, dirigent for Det Norske Solistkor og dirigentprofessor ved Norges musikkhøgskole) Pietá op.50 for orgel skreiv Knut Nystedt i 1961. Komposisjonen er inspirert av Fridtjof Tiedemand-Johannessen sitt glasmåleri ”Pietá” i Torshov kyrkje der Nystedt var organist i åra 1946-82. Musikkstykket er skrive i ein fri 12-tonestil, inspirert av glasmåleriet sitt rike fargespel. ”Pietá” er latinsk og tyder medkjensle. Dette musikkstykket kunne du høyra som postludium i einskilde gudstenester under fastetida tidlegare i år. Stykket vil nok bli spelt i einskilde gudstenester framover også. Interludium frå ”Den vakreste rosen” opus 71 A (1970) og Preludium ciss-moll av Egil Hovland blei også spela som preludium, interludium (offermusikk/musikk under nattverd) eller postludium i nokre av gudstenestene i fastetida og påsketida tidlegare i år. Desse komposisjonane vil også bli brukt i gudstenestene seinare. Egil Hovland har også skrive mange bibelske salmar som står i salmeboka vår. Nokre av desse ynskjer me å bruka som fellessong mellom tekstlesingane i gudstenestene framover. Magne Bokn Singur skule. 6 KyrkjeBakken Saudasjøen kapell laurdag 8. august: Eritreisk-ortodoks gudsteneste Våre kristne søsken frå Eritrea har lenge reist til Sand for å feire si eiga gudsteneste der. Presten deira, Queshi Siltané, har saman med ein av diakonane sine leia gudstenestene, og lokalt busette har både innreidd kyrkjehuset meir i den stilen dei er vande med (føreheng mellom altar og kyrkjesal, til dømes) – og dei har invitert til middag med herleg eritreisk kaffi etterpå. Nokre etnisk norske har møtt, i alle fall siste par timane av den om lag fire timar lange gudstenesta (8-ca.12.30), og vi har då blitt bedne med på etterlaget. Maten er veldig god – og stemninga ekstra venleg og inkluderande. Merk deg datoen, og ver ikkje blyg! Arild Markussen Kva meiner konfirmantane... eigentleg? Kvart år førebur konfirmantane samtalegudstenesta. Då får dei svara på spørsmål knytta til konfirmanttida og kva dei er opptatte av. Ofte får me varierte svar som viser at konfirmantane er einskildpersonar med kvar sine meiningar og kvar sine tankar. Det er ein rikdom å lesa svara dei skriv. Difor vil me dele nokre av svara på nokre av spørsmåla frå årets konfirmantar med lesarane av Kyrkjebakken. Kva er ditt beste minne frå konfirmanttida? - Mitt beste minne frå konfirmanttida er Solgry-leiren. - KRIK i gymsalen på Austarheim skule. At me fekk lera mekking. Diakoni. - Grilling på Rødstjørna. Å bli kjent med andre. Oppleva nye ting. Kva er det viktigaste du har lært i konfirmasjonstida? - Kva kristendommen eigentleg betyr for meg - At Gud tar vare på oss og elskar den vi er - At Gud alltid er med deg og gir alltid tilgivelse Kva ønsker du å vita meir om når det gjeld den kristne trua? - Livet etter døden og kva som skjer etter døden - Koffor Jesus måtte dø for at me skulle forstå at verda er urettferdig. - Korleis det er å tru på Gud Kva er det beste og det verste med å gå til gudsteneste? Det verste er: - å måtta sitta i ro så lenge - Det tar tid av fritida - Det begynner tidlig og er i helg Det beste er: - å se folk som er opptatt av og verkeleg trur på Gud - Det gir ro i sjelen - At du kan snakke med Gud Skriv til Gud og fortell om ting du er oppteken av: - Eg er oppteken av at alle skal få muligheten til å vera oppteken av noko, og å få oppfylla drømmane og håpa sine. - Eg er veldig opptatt av sport - Eg er opptatt av å bli lykkelig - Eg er opptatt av at ingen skal vera fattige og at alle har ein heim og familie - Eg er opptatt av trening og kosthold og vener og familie - Eg er opptatt av spill, seriar, venner og trening - Eg vil bare si takk, Gud, for at du skapte meg - Kjære Gud. Gi meg ei utdanning. Pass på foreldrene mine når dei blir gamle. Takk til konfirmantane for fine tankar og for at de er dei det er! Espen Gya KyrkjeBakken 7 Gudstenester og møte i Sauda sokn Torsdag 18.juni. Sauda kyrkje kl. 19.-20.30. Open kyrkje med kveldsbøn. Søndag 21.juni. Hellandsbygd kapell kl.11.00. Gudsteneste. Takkoffer: Kristent arbeid bl. blinde og svaksynte. Søndag 28.juni. Sauda kyrkje kl.11.00. Høgmesse. Dåp og nattverd. Gya/Bokn. Takkoffer: Normisjon. Søndag 5.juli. Saudasjøen kapell kl.11.00. Høgmesse. Dåp. Gya/Bokn. Takkoffer: Menighetsfakultetet. Søndag 12.juli. Sauda kyrkje kl 11.00. Forenkla høgmesse. Dåp og nattverd Gya/Bokn. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet. Søndag 19.juli. Tveittunet kl.11.00. Dåp. Gya/Erler. Takkoffer: Kyrkjemusikkalsk arbeid. Søndag 26. juli. Saudasjøen gamle kyrkjegard kl.17.00. Markussen/Erler. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet. Vandring på den gamle kyrkjevegen. Søndag 2.august. Hellandsbygd kapell kl.11.00. Høgmesse. Dåp og nattverd. Markussen/Erler. Takkoffer: Diakoniarbeidet. Søndag 30.august. Solgry kl.11.00. Forenkla høgmesse. Nattverd. Søndag 6.september. Saudasjøen kapell kl.11.00. Høgmesse. Nattverd. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet. Presentasjon av nytt konfirmantkull. Betel kl.17.00 Samlingsfest. Søndag 9.august. Fjellgudsteneste , Markussen. Søndag 16.august. Saudasjøen kapell kl.11.00. Forenkla høgmesse. Dåp. Gya/Bokn. Takkoffer: Det norske misjonsselskap. Onsdag 9.september. Betel idedugnad trusopplæring kl. 18.00. Tosdag 10.september. Betel kl.18.00. Basar. Søndag 23.august. Søndag 13.september. Torsdag 27.august. Søndag 20. september. Sauda Kyrkje kl. 19.00. Gudsteneste saman med Finnøy kykjekor Sauda kyrkje kl.11.00. Høgmesse. Dåp og nattverd. Gya/ Bokn. Takkoffer: Røde Kors. Sauda kyrkje kl. 19.00-20.30. open kyrkje med kveldsbøn. Betel kl. 17.00. Generasjonsgudsteneste. Dette er gudstenester og møte slik dei er planlagde. Det kan koma endringar, sjå annonse i Ryfylke kvar fredag. SLEKTERS GANG Døypte. 21.03.2015. Annika Wiik Haugstad. 22.03.2015. Samuel Vikeså Solheim. 29.03.2015. Ask Olsen Austarheim. 05.04.2015. Aksel Emil Olsen. Alva Birkeland. 08.04.2015. Prakopchai Klongphakwaen. 12.04.2015. Julian Saltvik Alina Adelsten Handeland. Thale Rossemyr Stråbø. 02.05.2015. Alve Lund Søndenå. 24.05.2015. Victoria Wiersen Rød. 31.05.2015. Angelica Fjellheim. Vigde. 25.04.2015. Miriam Austarheim og Daniel Austarheim. 02.05.2015. Siv Hege Lund og Leif Kåre Søndenå. 06.06.2015. Angeiica Castro Søndenaa og Kevin Mc Dade. Gravlagde. 05.03.2015. Leif Morgan Bang. 10.03.2015. Kirsti Botnen. 13.03.2015. Reidun Nilsen. 19.03.2015. Laila Haugen. 26.03.2015. Ingvild Øvrebø. 31.03.2015. Sigrunn Høyland. 10.04.2015. Ivar Eriksen. 16.04.2015. Ove Thomassen. 24.04.2015. Bodhild Hustveit. 28.04.2015. Astrid Fløgstad. 29.04.2015. Helene Henriksen Bråten. 30.04.2015. John Ness. 05.05.2015. Gerda Marie Jensine Botnen. 06.05.2015. Kjell Kjellstad. 21.05.2015. Vilfred Risvoll. 8 Konfirmantar 2015 KyrkjeBakken Bakerste rekkje frå venstre: Jonathan Hebnes, Sivert Espeland Husebø, Thomas Hauge Granberg, Lars Kristian Drarvik, Kevin Bjelland, Andre rekkje bakfrå: Sven Bakka, Ådne Oland, Stian Langåker Bakka, Jonas Nesbø Øvrebø, Håvard Djuve, Jon Kristen Aspelund Haraldsen, Teodor Arnøy Årthun, Simen Tveit Dolmen, Tredje rekkje bakfrå: Cedrik Foss Holen, Håvard Midthun Tårland, Ole Andreas Løland, Lasse Bruknapp Birkeland, Jarl Gauthun, Ole Henrik Birkeland, Vegard Håheim Lund, Sondre Stålesen, Martin Fjellheim Hansen, Ole Ljung, Ragnvald Selvik, Daniel Fatnes, Reidar Øvrebø Stødle, Simen Hølland, Brian Birkeland Stålesen, Magnus Dolmen. Fjerde rekkje bakfrå: Mathilde Kalvik Stålesen, Vilde Sofie Sundfør, Julie Rustad Seljestad, Astrid Lill Halland, Elin Årthun Sandal, Nora Aareskjold, Nora Fosstveit, Kristina Vik, Kristin Nilsen, Marina Løvik, Amalie Skree Lofthus, Karina Lunde,Lotte Baardsen, Espen Gya. Fremste rekkje: Karolina Morlandstø, Sigrid Birkeland, Sosin Maria Guner, Margrethe Sandal Tveitane, Guro Løland, Sara Rørtveit King, Andrea Birkeland, Ingeborg Frøystad, Maren Stensvåg Seim. Gøran Steen Jensen og Klongphakwaen Prakopchai var ikkje med på biletet. Fotograf: Janne Kvanåli.
© Copyright 2024