KyrkjeBakken NR. 3 • DES. 2014 • 13. ÅRGANG HELLANDSBYGD – SAUDA – SAUDASJØEN Full konsentrasjon i aktivitetsklubben Lyspunkt Foto: Knut Arne van Zijp. Jul Julestri og julestrev, Julekort og julebrev, Julebakst og julehandel, Julegrøt med julemandel, Julenisse, julehelg, Julereinsdyr (ikke elg!), Juleglede julerose, Julegodt i julepose, Julenek og juleved, Julelys på juletre, Julekveite, juletorsk, Juleribbe (typisk norsk), Julepynt og julestas, Julestress og julemas… Men plutselig så er det jul, Og engler daler ned i skjul, Med fred til store og til små, For deilig er den himmelblå, Så tennes lys i alle hjem, Et barn er født i Betlehem. Dagny Holm 2 KyrkjeBakken Andakt Håpet kom! I juli sat eg i Stavanger Rådhus under leiing av varaordfører Bjørg Tysdal Moe, saman med jødar frå Netanya og kristne palestinarar og muslimar frå Nablus, dei to venskapsbyane til Stavanger. Det var midt i den spente konflikten, og vi skulle leite etter teikn på håp ut frå våre ulike trusutgangspunkt. Det var organisasjonen Chefs for Peace, Kokker for fred, muslimske, kristne og jødiske stjernekokkar, som hadde samla oss. Midt i dei vanskelege forhandlingane seier ein av leiarane for denne vesle fredsorganisasjonen til meg: Husk at Jesus Kristus kom med håpet til vår jord! Det er derfor vi aldri må gi opp arbeidet for fred! Orda har sete i meg sidan, i eit år då terror og forferdeleg voldsutøving frå Syria, Irak og Ukraina har prega nyheitene. Og eg er ikkje aleine om å vere rørd av dei mange barneansikta på flukt frå terroren. Det er gonger då vonløyse over krigens vondskap vil ta overhand. Då må eg ta fram orda frå den armenske kristne fredsaktivisten: Husk at Jesus Kristus kom med håpet til vår jord. Og eg ser djupet i Bjørn Eidsvågs vakre julesalme i vår nye salmebok: I en natt så klar og kald, av en ung og tapper mor, i en krybbe i en stall fødtes håpet til vår jord. KyrkjeBakken Utgjevar: Sauda kyrkjelyd I redaksjonen: Olaug Drarvik, Knut Arne van Zijp og Kjetil Mæhle. Foto side 1: Knut Arne van Zijp Frist for innlevering til neste KyrkjeBakken er: Mandag 23. februar 2015 Gud bringer håpet til oss i eit sårbart, lite menneskebarn, utlevert til Maria og Josef sin omsorg og kjærleik. Han kom ikkje med militær makt, men i det mest sårbare av alt: det nyfødde barnet. Derfor gjer eg orda til Bjørn Eidsvåg til mi helsing i denne adventstida, der vi skal få lov til å tru på det trassige håpet: I det stille, til de små bringer Jesus håp og fred. Og han kommer, da som nå, fra sin himmel til oss ned. Julenatt med lys og glede minner oss om Gud som kom. Evig er han her til stede. Nå står grav og krybbe tom! Velsigna advent og juletid! Erling J. Pettersen Stavanger biskop Adventkafe med graut, salg av julebakst og utlodning Laurdag 6.desember har du sjansen til å få ein god grauttallerken, kaker og kaffi på Betel. Dessutan kan du kanskje få kjøpt litt godsaker med deg heim til jul.Planlegginga av adventkafe-dagen er godt i gong og det ser ut til å bli både lefser, krotekaker og kransekaker i vareutvalet. Kransekakene kan det henda du må ta lodd på. Men tida vil vise kva som kan skaffast til veie. Pengane som du og dei andre kafegjestene brukar på Betel denne laurdagen, blir sende uavkorta til Normisjon. Velkommen til kafehygge og god handel. Olaug Drarvik. E-postadressa til Kyrkjebakken er: [email protected] Vi er takksame for å få gåver til bladet. Gåver kan sendast til bankgiro 3520.62.17810. Merk innbetalinga med 8001. Postadr: Postboks 162, 4201 Sauda Sauda kyrkjekontor: 400 35 642 Hjelp ved gravferd: 478 10 717 Grafisk utforming og trykk: Karmøy Trykkeri as Mitt bibelvers Efeserbrevet kap. 1 vers 7: I HAN HAR VI FRIDOMEN, KJØPT MED HANS BLOD, TILGJEVING FOR SYNDENE. FOR SÅ RIK ER GUDS NÅDE. Helsing Johannes Øye som utfordrar Martha Aartun KyrkjeBakken 3 Kyrkjelege val i 2015 Samstundes med kommunevalet neste år vil det også verta halde fleire kyrkjelege val. Det skal veljast både sokneråd og bispedømeråd/Kyrkjemøtet. Gjennom kyrkjevalet blir det bestemt kven som skal styre kyrkja. Det har mykje å seia for medlemar, kyrkjelydar, kyrkjeleg tilsette, bispedøme og rett og slett heile Den norske kyrkja. Sauda sokneråd er valstyre i Sauda. Bispedømerådsvalet blir styrt av eit valråd i bispedømet. I kvart bispedøme finst det ein eller fleire personar på bispedømekontoret som jobbar spesifikt med val. Dersom nokon har forslag til listekandidatar, kan ein kontakta Gunnar Løvaas, Olaug Drarvik, Asta H. Pettersen, Mari Austarheim eller Torgeir O. Tveitane som utgjer komiéen. Soknerådet har ansvar for å gjennomføra valet lokalt, og det oppnemner i tillegg ein nominasjonskomité. Kyrkjebakken vil i seinare nummer koma med utfyllande stoff om kyrkjevalet. Når det gjeld valet til bispedømeråd/Kyrkjemøtet skal ein representant frå kvart sokneråd i prostiet møtast for å velje prostiet sin representant til denne nominasjonskomitéen. Komitéen i Sauda har allereie hatt sitt første møte, og er i gong med å vurdera listekandidatar til soknerådsvalet. Alle som er medlemar i Den norske kyrkja har høve til å stilla som kandidat, og til å setja opp eigne kandidatlister, uavhengig av nominasjonskomitéen. Jon L. Grindheim kyrkjeverje TAKK FOR GÅVER TIL KYRKJEBAKKEN Redaksjonsnemnda har fått opplyst at det er komme inn om lag kr 34.000 i pengegåver til Kyrkjebakken. Vi vil gjerne få takka alle som har sendt oss gåver og pengane vil bli nytta til å dekka kostnader til trykking av bladet. Gåver kan framleis sendast til konto 3520.62.17810 og merkast med talet 8001. Likar du å gå på juletrefest ? Då skal du ikkje bli skuffa denne jula heller. Betel opnar dørene for alle som har lyst å feira Jesusbarnet med song og glede. Det blir søndag 28.desember. Ein juletrefestarrangør med respekt for seg sjølv bør pynta eit fint juletre med lys og glitrande kuler. Det bør vera varmt og godt i lokalet, fin musikk og mat som høyrer jula til. Ei barnevenleg juleforteljing må det vera og kanskje litt konkurranse, for ikkje å gløyma gongen rundt juletreet. Dette trur eg me kan lova. Kom og bli med , så får du sjå om me kan by på ein skikkeleg fest av gamalt, godt merke. Velkomne små og store. Olaug Drarvik Redaksjonsnemnda Soknerådsleiaren Då går me mot advent. Eg håper me får ei fin advent-/ventetid fram mot den store julehøgtida. Me i soknerådet har mange saker å arbeida med. Akkurat nå er det førebuingar til juletrefesten. Ellers er det jo soknerådsvalg til neste år. Me har sett ned nominasjonskomite, og eg håper at saudabuen svarer positivt på spørsmål om å vera med i soknerådet. Kan også nemna at me har motteke ein del konfirmantkapper frå vår venskapskommune i San Juan del Sur. Me var godt fornøgde med dei ,og det er allerede bestilt nokre fleire. I 2016 har Sauda kyrkje 150 års-jubileum. Her arbeider me med å få til ein jubileumskomite. Dette vil me håpa blir ei verdig markering. Då vil eg ynskja alle ei God Jul og eit Godt Nytt År! Med venleg helsing Per Aksel Birkeland. 4 KyrkjeBakken Glimt frå konfirmantweekend i Sveio Også denne hausten samlast Sauda-konfirmantane på Solgry leirstad. Mange forventningsfulle og spente ungdomar var å sjå på bussen utover. Og mykje leik og moro vart det, spesielt på bli-kjent-kvelden. Der gjorde ungdomsleiarane og deltakarane på MILK (minileiarkurset for fjorårets konfirmantar) ein framifrå innsats. Kvelden var eit fyrverkeri av livsglede, futt og fart. Seinare i helga var det bibelundervisning. Eitt av temaene var gudstenesta. Konfirmantane lærde om dei ulike delane i gudstenesta og fekk sjølv laga ei. Sentrale ledd vart dramtisert med tanke på framføring på Solgry og seinare på presentasjonsgudstenesta i Sauda kyrkje. Valfrie aktivitetar som bading, fotball, go-cart osv er alltid like populære, og slik også i år. Seint kvar kveld var det små gruppesamlingar der ein oppsummerte korleis dagen hadde vore, og der vi fekk med oss eit bibelvers som avslutning. Tekst: ajg Foto: Arne Austarheim RING JUL! Julekonsert ved Sonor i Sauda kyrkje onsdag 10. desember klokka 19.00. stemning med fine klangar til både høgtid og hygge. På repertoaret står både kjende og litt uvanlege songar, og det er både tradisjonelle og utradisjonelle arrangement. Dei fleste tekstane er på norsk, men me har funne plass til eit par med engelsk tekst også. Denne gongen kan de også få høyra tekstar frå lokale forfattarar. Ei lita juleforteljing høyrer også med. Nils Bjarne Vold tok i vår over som ny dirigent for Sonor. Han hadde eit stort ønske om at det første prosjektet han hadde med koret var ein eigen julekonsert i Sauda kyrkje. Desse tankane likte medlemmene, så dette året har juleførebuingane starta tidleg for den songglade gjengen. Saman med 3 unge jenter frå kulturskulen og musikklærar Inna Mazurova på piano, vil me prøva å skapa jule- Og sjølvsagt skal publikum også få vera med å syngja! Me har øvt heile hausten, men for å få den siste finpuss av klang og fylde, har me søkt hjelp av operainstruktør Anne Randine Øverby frå Bergen. Ho har også hjelpt Sonor ved tidlegare høve. Det blir billettsal ved inngangen. Prisen er kr 200 for vaksne og kr 50 for barn i grunnskulen. Styret i Sonor Julestjerner HANNE SØRVAAG BRITT-SYNNØVE JOHANSEN RANDI TYTINGVÅG SAUDA KYRKJE, 16. DESEMBER, 19.30 BILLETTER KAN KJØPES PÅ BIBLIOTEKET OG PÅ WWW.SAUDAKINO.NO ”Julestjerner” Stemningsfull julekonsert med Randi Tytingvåg, Britt Synnøve Johansen og Hanne Sørvaag. Knut Aabø er kapellmester. Hanne, Randi og Britt Synnøve velger sine favoritter fra julerepertoaret, i tillegg til nye versjoner av perler fra hverandres sanger. Sammen, og hver for seg, leker de seg gjennom et allsidig program. Velkommen til en julekonsert fylt med vakre trestemte vokalharmonier, leken musisering og en stor dose sjarm og spilleglede! KyrkjeBakken 5 TIL BOLIVIA IGJEN GUNN OG BERNT EGIL STRØMME SVARAR PÅ SPØRSMÅL FRÅ REDAKSJONEN Bolivianerne selv kaller gjerne landet sitt for Sør-Amerikas hjerte. Over nytt år setter Gunn og Bernt Egil Strømme, etter over 20 år som aktive saudabuar, kursen sørover igjen. De har bodd i Bolivia mange år tidligere. Nå er planen å være og arbeide sammen med tidligere venner og kollegaer i den lutherske kirka i de sentrale delene av landet. For nesten tjue år siden ble den ble den evangelisk lutherske kirka (ICEL) dannet. Den er et resultat av arbeidet som vi fikk være med på de tolv årene vi bodde i Bolivia fra 1978 til 1993. Nå er mange av bolivianerne som vi jobbet sammen med, blitt ledere og aktive kirkebyggere. årene. På den måten kan vi holde kontakten med famile og venner. Vi gleder oss til å følge utviklingen til de tre små barnebarna våre. Og så kommer vi til å prøve følge med på hva som skjer i Sauda, både i kirkeliv, poltikk og samfunnsliv. Hvorfor tar dere på en ny arbeidsbolk i Bolivia nå? Kirka ber om støtte fra oss fortsatt. På spørsmål fra kirka og misjonen om vi kunne ta en ny periode, fant vi ut at nå har vi anledningen til gå inn i oppgaver som kirka synes er viktige. Vi synes også det er oppmuntrende at kirka har spurt etter det de kaller seniormisjonærer med livserfaring og bakgrunn fra Bolivia tidligere. Og så skal vi ikke legge skjul på at vi fortsatt har en dragning mot dette landet og folket som vi kjente oss ett med sist vi bodde der. Hva skal du gjøre, Gunn? Tidlig på året neste år starter kirka et prosjekt som er rettet mot foreldre og barn. Mange familier flytter fra landsbygda til byene. Endringene blir store, og belastningene på familiene utfordrende. Her ønsker kirka å sette inn tiltak slik at disse familiene opplever støtte til å takle overgangene. Dette planlegger kirka å drive i samarbeid med kommunale sentra som arbeider med familier, og fra egne lokaler som stilles til disposisjon. Jeg vil bruke min utdanning som familieterapeut og den erfaringen jeg har som familieveileder her i Sauda til å veilede ansatte og frivillige i prosjektet. Prosjektet, som er støttet av Norad, starter i Cochabamba, men etter hvert skal prosjektet utvides til å omfatte flere byer. Hva skal du Bernt Egil arbeide med? Størstedelen av mi arbeidstid vil gå med til rådgivning i kirka. Kirka har bedt om praktisk veiledning for pastorer og andre ansatte, f.eks når det gjelder strukturering av arbeidstid, hjelp til administrative oppgaver og pengebehandling. Noen trenger personlig veiledning. Og så skal jeg ha noen administrative oppgaver for misjonen. Gunn og Bernt Egil forteller at de har lovt å være to år i Bolivia denne gangen. De skal bo i Cochabamba som er en Bolivias tredje største by med over 800 000 innbyggere. Byen ligger i en varm dal 2500 meter over havet. Hovedkontoret til kirka og til misjonen, Norsk Luhthersk Misjonssamband, er samlokalisert i et bygg i denne byen. Her driver også kirka sammen med staten en skole med alle klassetrinn og 1000 elever, et resultat av et tidligere prosjekt sammen med Norad. Gunn og Bernt Egil legger til: Med raske flyforbindelser blir det anledning til ferieturer heim til Sauda i løpet av de to Bolivia • 1,1 mill km2 • 10,5 mill innbyggere fordelt på quechua- og aymarafolket, mestisbefolkningen og noen mindre folkegrupper. • Demokratisk republikk, president er Evo Morales, nettopp gjenvalgt for tredje gang. • Store geografiske variasjoner: stort lavland med jungel (Amazonas), daler og høyfjell (Andes). • Cochabamba: stor by, 800000 inn. Klima: som en varm sommer i Sauda. • Næringsliv: store naturressurser (metaller, jordbruk), voksende turisme Det muntre hjørnet Dør til dør Den nye pastoren i menigheten dro ut en lørdag formiddag for å besøke sine sognebarn. Alt gikk strålende inntil han kom til et hus der døren forble stengt selv om han hadde banket på en rekke ganger og han skjønte at folk var hjemme. Til slutt la han igjen et kort med påskriften ”Åpenbaringen 3:20”. Neste dag fant han kortet sitt i offerkurven med tilføyelsen ”1.Mosebok 3:10”. I Åpenbaringen 3:20 står det: ”Se, jeg står for døren og banker. Hvis noen hører min røst, og åpner døren, vil jeg komme inn til ham, og holde nattverd med ham og han med meg.” Mens ordene i 1.Mosebok 3:10 lyder: ”Og han sa, jeg hørte stemmen din i hagen, og jeg ble redd for jeg var naken og gjemte meg.” Eg utfordre ein som har fortalt vitsar så lenge eg kan hugse, nemleg min far Torgeir Austarheim. 6 KyrkjeBakken BARNAS SKATTEKISTE Bibelen er som ei skattekiste med mange historieskattar oppi. Denne hausten har Barne- og Ungdomssutvalget i Sauda kyrkjelyd starta opp med «BARNAS SKATTEKISTE» i utvalgte gudstenester . Då kan ungane kome fram til kista og bli med på å finne dagens historieskatt i frå bibelen. Før vi kikkar opp i kista syng vi sangen «Den største skatten». Oppi kista ligg det noko konkret som kan vera med å synliggjera historien som skal fortellast. Dette er spennande, og ungane – og dei vaksne – som er i kyrkja vert konsentrerte. På ein måte kan me sei at me har eit mini søndagsskuleopplegg midt i gudstenesta. Neste gong vi skal ha BARNAS SKATTEKISTE er 30.nov kl 11 i Saudasjøen Kapell. Kva kjem det til å ligga i skattekista då, mon tru? Følg med i på gudstenesteannonsane, der vil BARNAS SKATTEKISTE bli nevnt når det er. KONGESKATTEN – dåpsskule for 1.klassingar Dåpsskule har me hatt i Sauda i mange år, og i 2015 skal med bruka tysdagane i veke 10 til veke 13 til dette. Dåpsskule er eit ledd i trusopplæringsarbeidet for dei døypte til Sauda kyrkjelyd. For å få fleire med, prøver me ut eit nytt klokkkeslett i år; kl 13.30 til 15, og samlingane vert på Betel. Håpet er at dette kan vera eit familievenleg tidspunkt for samlingane. Dei ungane som melder seg på dåpsskulen blir henta etter på skulen og skyssa ned til Betel, der opplegget startar kl 13.30 med fruktstund og leik. Om lag kl 14 vil vi ha eit undervisningsopplegg med bibelhistorie, song, enkel bøn og aktivitet. Kl 15 er opplegget ferdig, og ungane kan hentast på BETEL av mor, eller far. Hovudoverskrifta for dåpsskulen dette året vert «KONGESKATTEN», og opplegget vert avslutta på palmesøndag i kyrkja når Jesus rid som ein konge inn i Jerusalem… Olaug Drarvik og Grete Landa blir med som vaksenleiarar. Det kjem invitasjon i posten når «KONGESKATTEN» nærmar seg. HAR DU LYST Å VERA LEIAR I BARNE-/ UNGDOMSARBEID I SAUDA KYRKJELYD? Kanskje du er ein av dei som har lyst å fortella bibelhistoriar til barna? Kanskje du likar å pusle med hobby, eller matlaging, og på den måten laga ei koseleg og meinigsfull stund for dei håpefulle som kjem på slike samlingar… ??? Ikkje nøl, men ta kontakt med Grete Landa på telefon 40 03 56 47, eller mail: grete. [email protected]. SNAKKAST! Alphakurset hausten 2014 Tysdag 9.november starta Alpha-kurset opp på Betel. Det var 12 påmelde deltakarar.Etter eit par samlingar minka deltakartalet til 10. Kurset har halde fram kvar tysdag med unntak av haustferien. Den siste samlinga var tysdag 18.november.I månadsskiftet oktober-november blei det arrangert week-end på Minnehaugen. Den som har deltatt på eit Alpha-kurs har fått gjernnomgått sentrale delar av den kristne trua. Det har vore høve til å samtala i trygge grupper og stilla spørsmål. På Alpha-kurset er det og sosialt samvær med mat.Det blir lagt vekt på at lokalet skal vera triveleg, maten litt ekstra god og at alle skal kjenna seg velkomne og godt tatt vare på. Etter kurset får dei deltakarane som ønskjer det, høve til å vera med i ei bibelgruppe. Alpha-komiteen i Sauda hausten 2014 har vore Gunvor Søndenaa, Aud H Gya, Bernt Egil Strømme og Olaug Drarvik. Undervisarar har vore Aud V Hoftun, Espen Gya, Arild Markussen, Anna Jorunn Garvik og Bernt Egil Strømme. Seks dugande damer har stelt i stand nydeleg mat og tatt oppvasken. Stor takk til alle som har bidratt til at kurset blei vellukka.Komiteen håpar og trur at deltakarane har fått med seg noko verdifullt for livet. For Alphakomiteen Olaug Drarvik. Pilegrimstur I Suldal har dei lang tradisjon med pilegrimsvandringar. I mellomalderen gjekk pilegrimane gjennom Hylsskardet, rodde over Suldalsvatnet og gjekk over Suldalsskaret når dei skulle til Røldal stavkyrkje. Vandringane er tatt opp att i moderne tid. Den årvisse vandringa frå Stavanger Domkyrkje til Røldal går gjennom dalføret. Og i Mokleiv ved Suldalsvatnet blir det kvart år skipa til korte, men flotte og innhaldsrike pilegrimsturar. Mange har ønskt at ein også kunne få til slike vandringar med Sauda som utgangspunkt. Arild Markussen og Anna Jorunn Garvik fekk i oppdrag å planlegga ein tur på ein ny pilegrimsveg. 6. september gjekk turen frå Nedre Sandvatn til Røldal. Store delar av løypa gjekk i kring 1200 m.o.h. Trass i lett regn det meste av dagen, fekk dei kring 20 deltakarane frå Sauda og Suldal ein flott tur i storfelt natur. For mange var dette ukjent terreng, men turleiaren, Helge Nilsen, var lommekjent og førte flokken sikkert fram. Arild Markussen innleidde vandringa med å lesa salme 121, den som byrjar med desse orda: Ein song til festreisene. Eg lyfter auga mine til fjella. Kvar kjem mi hjelp ifrå? Mi hjelp kjem frå Herren, som har skapt himmel og jord. Han vil ikkje la foten din vakla, din vaktar vil ikkje blunda! Seinare var det fleire stoppar med skriftlesingar og høvelege salmar til styrke og ettertanke. Ved målet, Røldal stavkyrkje, var det omvising, og det var gudsteneste med sokneprest Arne Natås som liturg. Ingvar Olimstad KyrkjeBakken 7 Gudstenester og møte i Sauda sokn Søndag 30.november. Saudasjøen kapell kl 11.00. Familiegudst. Laurdag 6.desember. Betel kl.11.00-14.00. Adventkafe, Normisjon. Julaftan onsdag 24.des. Sauda kyrkje kl 15.00. Familiegudsteneste. Sauda kyrkje kl 16.15. Familiegudsteneste. Saudasjøen kapell kl.16.00. Fam.gudst. Søndag 7.desember. Hellandsbygd kapell kl.11.00. Gudsteneste. Juledag torsd.25.desember. Sauda kyrkje kl 12.00. Gudsteneste. Søndag 7.desember. Sauda kyrkje kl 16.00. Julekonsert.Frelsesarm. Søndag 28.desember. Betel kl.17.00. Juletrefest. Søndag 14.desember. Saudasjøen kapell kl.11. Familiegudsteneste. Søndag 14. desember. Sauda kyrkje kl.19.00. Lysmesse. Torsdag 18.desember. Sauda kyrkje kl 19.00. Open kyrkje. Kveldsbøn kl.20.00-20.30. Søndag 21.desember. Sauda kyrkje kl 19.00 Vi syng jula inn. Nyårsaftan onsdag 31.desember. Sauda kyrkje kl 16.00. Minnegudsteneste Nyårsdag torsdag 01.januar 2015. Sauda kyrkje kl 12.00. Gudsteneste. Søndag 04.januar. Sauda kyrkje kl 11.00. Gudsteneste. Søndag 11.januar. Saudasjøen kapell kl 11.00. Gudsteneste. Dette er gudstjenester og møter slik de er planlagt. Det kan komme endringer, se annonse i Ryfylke hver fredag. Søndag 18.januar. Betel kl.17.00. Generasjonsgudsteneste. Torsdag 22. januar. Sauda kyrkje kl 19.00. Open kyrkje. Kveldsbøn kl.20.00-20.30. Søndag 25.januar. Sauda kyrkje kl 11.00. Gudsteneste. Betel kl 19.00. Årsmøte NLM. Søndag 01.februar, Hellandsbygd kapell kl.11.00. Gudsteneste. Betel kl.19.00. Bibelfest. Søndag 08.februar. Sauda kyrkje kl.11.00. Familiegudsteneste. Søndag 15.februar. Saudasjøen kapell kl.11.00. Gudsteneste. Oskeonsdag 18.februar. Sauda kyrkje kl.19.00. Skriftemålsgudsteneste. Søndag 22.februar. Sauda kyrkje kl 11.00. Gudsteneste. SLEKTERS GANG DØYPTE 24.08.14 Thea Håheim 24.08.14 Tindra Ness 24.08 .14Nora Tangeraas Birkeland. 07.09.14 Andor Hardeland 14.09.14 Jone Rasmussen Vikre 28.09.14 Linus Holger Wahlman 28.09.14 Nora Aarthun Hansen 28.09.14 Iben Fatnes Foss 19.10.14 Brage Lofthus Østbye 19.10.14 Mikkel Helle Løvaas 26.10.14 Evine Hardeland Thomassen 26.10.14 Lars Djuv Meling. 02.11.14 Filip Ljung Saua VIGDE. 13.09.14 Kathrine Fristad og Kjetil Knutsen. GRAVLAGDE 21.08.14 Olav Johan Oftedal 22.08.14 Ingeborg Thorbjørnsen 26.08.14 Olav Risvold 28.08.14 Olav Dybing 29.08.14 Bertha Johanne Nilsen 03.09.14 Ingebjørg Amdal 11.09.14 Astrid Eikemo 23.09.14 Jensine Nilsen 24.09.14 Kåre Jostein Åbø 15.10.14 Borgny Solland 16.10.14 Haldis Bastlien 30.10 14 Stein Enlid 05.11.14 Magner Lorenz Ask 06.11.14 Aksel Kornelius Rød 11.11..14 Aase Fløgstad. 13.11.14 Astrid Marie Olsen. Torsdag 26. februar. Sauda kyrkje kl 19.00. Open kyrkje. Kveldsbøn kl.20.00-20.30. Søndag 01.mars. Sauda kyrkje kl 11.00. Gudsteneste. Betel kl.19.00. Årsmøte, foreningen Betel. Søndag 08.mars. Saudasjøen kapell kl.17.00. Generasjonsgudsteneste. Torsdag 12.mars. Betel kl.19.00 Inspirasjonssamling for kvinner. Søndag 15.mars. Sauda kyrkje kl.11.00. Gudsteneste. Kyrkjelyden sitt årsmøte etter gudst. Betel kl.19.00. Møte NLM. Søndag 22.mars. Saudasjøen kapell kl.11.00. Gudsteneste. Betel kl.19.00. Årsmøte, Normisjon. Har du lyst å vera med i bibelgruppe ? Det kjem til å bli starta minst ei ny bibel/ samtalegruppe over nyttår. Er du interessert, kan du få meir opplysningar ved å henvenda deg til Olaug Drarvik tlf. 41654701, [email protected] Innsamling til nye salmebøker Aksjonen med innsamling til kjøp av den nye salmeboka held fram. Me har i første omgang sett oss som mål å kjøpa inn 100 eks. Innkjøpsprisen vil då verta kr. 30.000. Til nå har det kome inn gåver på i alt kr. 16.590. Vona er å greia å samla inn dei resterande kr. 13.410 før året er omme. Til dei som har bidratt så langt: Tusen hjertelig takk! Dei som ennå ikkje har fått gitt, men ønsker å gi ei julegåve til vår felles kyrkje, kan nytta konto nr: 3520.62.17810. Mrk: 8007. 8 KyrkjeBakken GULLKONFIRMANTAR 2014 Bakerse rekkje frå venstre : Knut Langholm, Paul Bjarne Nerheim, Oddbjørn Abotnes, Paul Ivar Jørgensen, Toralf Tveit, Bjarne Tveit, Einar Lunde, Ingvar Høyland, Vigdis Tungesvik Astrid Åslaug Hauge, Gunn Elin Henriksen. 4.rekkje: Asbjørn Hansen, Reidar Risvoll, Svein Dag Sørland, Thor Svendsen, Arild Fosstveit, OleLarsen, Alf Haugland, Njell Fløgstad. 3. rekkje: Bodil (Andersen) Olsen, Ingebjørg Løvaas, Torhild Maldal, Solfrid Birkeland, Elise Ljung, Anne Britt (Nilsen)Gudmundsen, Marit (Jensen) Årthun, Ane (Øvrebø) Opistov, Sissel(Dyrset) Totland, Inger Marie (Drarvik) Gundersen, Aslaug (Svendsen) Sørensen, Marit (Ferkingstad) Løvaas, Randi (Sveen) Odland, Prest Arild Markussen 2.rekkje: Haldis (Dahl) Ekkjestøl, Ågot (Olsen) Aabø, Edith (Dolmen) Gilje, Tove Jansson, Ellen Marie Saua, Torhild (Risvoll) Sjøhus. 1.rekkje frå venstre: Anne (Tafjord) Kirkebø, Else( Larsen)Eik Nes, Sissel (Dahl)Haug, Sylvi (Ingebrightsen).Hestad Fotograf: Janne Kvanåli. Redaksjonen bed om forståing for at det kan vera feil i namnelista.
© Copyright 2024