JOBBE I SAUDA Eramet Norway

JOBBE I SAUDA
Eramet Norway
Ei forelsking
på påskeleir
i Sandnes som
femtenåring
førte Roy Nordhagen frå Lillestrøm til Sauda
der han sidan han
var 18 år har hatt eit
langt og spennande
familie- og yrkesliv.
Roy Nordhagen, f. 1958.
Gift, 7 barn, 10
barnebarn.
Drift varmprosess.
å reisa. Sjølv opplevde han å jobba tre år
ved Eramet sitt smelteverk i Frankrike.
Sjølv om dialekten avslører han, så er
han ein sann Sauda-patriot. Eg hadde
tidleg eit ønska om å kunne leva køfritt,
fortel han. I Sauda opplevde han og
nærleik og tilhøyrsle og merka at folk var
vane med å ta imot nye innbyggjarar.
Sju barn og 10 barnebarn seinare jobbar han
framleis i hjørnesteinsbedrifta Eramet Sauda der
han starta i 1973. Han omtalar seg sjølv som «fabrikkens potet». Nordhagen er eit
levande eksempel på at det er
høve til å få utdanning og utvikla
seg vidare innan ulike område i
smelteverkskonsernet.
Då han kom til Sauda hadde Nordhagen med seg eit år frå handelsskulen. I
Sauda fekk han og fleire kollegaer tilbod
om kjemiutdanning via Eramet. Sidan
har Nordhagen vore innom mange ulike
område i konsernet. Frå varmprosessproduksjon i omnshuset til arbeid i laboratoriet i fem år før han var innom ITavdelinga til den vart nedlagt. Han har òg
vore sekretær for tre direktørar og vart i
slutten av nittitalet plukka ut til å leia eit
nytt ERP-system, som skulle jobba fram
eit logistikksystem for materialstraumen
frå gruve til kunde.
— Dersom ein ved tilsetting kryssar
av i ruta om å vera mobil i inn- og
utland, så er det òg mogleg å få koma
seg litt rundt og ein skulle ha behov for
— Min styrke var nok å ha ei forståing
for å kopla saman produksjonsflyten og
teknikk, seier Nordhagen.
Sidan 2010 har Nordhagen vore prosjekt-
leiar for miljøforbetringar på verket.
— Dette har vore eit massivt satsingsområde for Eramet, fortel han engasjert.
Bedrifta har investert i milliardklassen
i avsug og kjøleanlegg for å kunne nå
Generasjonsmålet om 0% utslepp for
industrien i 2020.
At Nordhagen er ein allsidig kar har
kome godt med både i heimen og på
jobb. Oppvaksen som han var i ein plankehaug med far som var tømrar har han
bygd hus og restaurert hytta sjølv. På
fritida er han engasjert i Salem, der han
er leiar og der han sidan borna var små
har vore pådrivar for eit uformelt fotballtilbod for barn og unge i hallen kvar
fredag kveld.
— Nå er yngstedotter ute, men eg held
på enda, smiler han. Elles nyttar han,
kona og familien fritida til å vera på hytta
ved sjøen, og gå turar i fjellet. Eg kjenner
meg privilegert som får bu og arbeida
slik.
Prosessanlegget i Eramet Norway Sauda har rundt 200
tilsette og med sine to 40 MW-omnar og raffineringsanlegg
det største FeMn-verket i Nord Europa. Hjørnesteinsbedrifta
rundar i 2015 hundre år.
Manganen blir i hovudsak blir seld til stålindustrien og
særskilt til produsentar i Europa og Nord-Amerika. Dei siste
femten åra har ein kraftig vekst i Asia, primært drive av Kina,
ført til ei dobling av verdast stålproduksjon.
Eramet Sauda produserer raffinerte manganlegeringar.
Manganmalmen får dei på skip frå morselskapet si eiga gruve
i Gabon i Vest Afrika.
Anlegget har til ei kvar til 20 til 25 lærlingar i staben sin.
Foto/tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland - Filter
FAKTA