SAUDABARNEHAGEN Rustå barnehage Medverknad og fordjuping Rustå barnehage finn me omtrent vegg i vegg med Austarheim skule, nært store, flotte og godt etablerte bustadområde ca 2,5 km frå Sauda sentrum. Trygge gang- og sykkelvegar gjer at dei eldste barna kan gå eller sykle sjølv til barnehagen. Rustå barnehage er den nyaste barnehagen i Sauda, og etter påbygg i 2009 framstår den som ein innhaldsrik og flott barnehage med plass til 50 barn. Ein av grunntankane til dei 14 tilsette er at alle barna skal ha medverknad i sin eigen kvardag. Pedagogikken er forma rundt å styrka og utvikla barna si evne på dette området. Romma er delt inn og innreia for ulike aktivitetar som forming, vatnleik, drama, språktrening, lesing, spel og byggjeaktivitet, slik at barna skal kunne ha og ta val som passar dei. Dei vaksne hjelper barna med å ta gode val for si utvikling, og dei utfordrar også barna til å ta val som gjer at dei får prøva seg på nye aktivitetar. I aktivitetsromma møtar barna vaksne som har eit heilt spesielt engasjement og ein kompetanse for akkurat denne aktiviteten. Mange grupperom gjer det muleg å dela barna i mindre grupper. I desse gruppene kan barna lettare føla seg trygge, og dei tør å utfalda seg meir. Dei får også leika uforstyrra over tid. Styrar Marit Helen Hølland meinar denne organiseringa støttar barnas evne til fordjuping og konsentrasjon, noko ho ser som veldig viktig i ei tid der mykje skjer fort og litt overflatisk. Rustå barnehage vil vera ei motvekt til dette. Dei vaksne får også betre oversikt og tid til å gi omsorg og merksemd til kvart barn i mindre grupper. Språktrening og lesing er eit område som har særleg fokus i barnehagen. All barna blir lest for kvar dag, og dei likar godt å delta dei organiserte språkleikane. Målet er å utvikla og styrka ordforrådet til alle barna slik at dei blir gode til å uttrykka eigne tankar og kjensler. Det skjer like mykje aktivitet ute som inne, og skogsområdet som omkransar barnehagen blir flittig brukt som arena for leik og aktivitet. SAUDABARNEHAGEN Barnehagane i Sauda er ulike, men spelar på same lag. Dei er opptekne av at alle barnehagar skal vera gode, og dei støttar kvarandre i dette arbeidet. Via det interkommunale oppvekstprosjektet «Haugalandsløftet» får alle tilsette i barnehagane kompetanseauke og verktøy til å møte kvart barn på ein måte som fremjar god utvikling. Alle barn som har gått i barnehage i Sauda vil etterkvart kjenne «Være sammen» og «Løveloven». Det kollektive og tette barnehagemiljøet i Sauda viser også igjen ved eit felles prosjekt for å trygge barna som skal starte i skulen. Gjennom tett samarbeid lar barnehagane barna få møta sine framtidige klassekameratar til kjekke og felles aktivitetar eit heilt år før barna begynner i skulen. Eit svært stabilt personale med høg fagleg kompetanse gir år etter år eit resultat som sender barnehagane i Sauda til topps på brukarundersøkingar. Barna først Marit Helen Hølland har vore styrar i alle åra Rustå barnehage har eksistert. I desse åra har ho hatt eit motto for sitt arbeid, og det er «barna først!» I kva grad barna har glede og nytte av opphaldet i barnehagen er for ho den einaste målestokk for om ho og dei tilsette har lukkast med arbeidet sitt. Ho veit at nøkkelen til det gode barnehagetilbodet er ein svært stabil og kompetent arbeidsstokk, som legg ned ein stor innsats og eit personleg engasjement i arbeidet sitt. Og når alle samlar seg til fellessamling i husets allrom, og «storkoret» stemmar i med sine glade barnestemmar, ja då kjenner Marit Helen seg priviligiert som får ha eit arbeid som gir så mykje tilbake. www.minbarnehage.no/rusta
© Copyright 2024