SAUDABARNEHAGEN Veslefrikk barnehage Historikk, mangfold og friluftsliv SAUDABARNEHAGEN Veslefrikk barnehage finn me i naturrike omgjevnadar nært det ærverdige industriområdet Åbøbyen og sentrum. Dei tre avdelingane i barnehagen har plass til 46 barn og det er 13 kompetente og engasjerte vaksne som tar hand om desse små. Veslefrikk barnehage blei bygd av Smelteverket, og var den første barnehagen i Sauda. I 1967 blei den gitt som ei gåve til Sauda Kommune. Som smelteverket er også Veslefrikk barnehage ein smeltedigel. Barn frå heile 7 ulike nasjonalitetar har plass i barnehagen. Det gir eit språkleg, religiøst og kulturelt mangfald som er berikande og utviklande for alle. Gjennom leik og aktivitet byggjast vennskap på tvers av nasjonalitetar, og kunnskap om kvarandre sine bu- og levemåtar utvidar barna sin kompetanse i å vera borgar i eit fleirkulturelt samfunn. Verdiar er eit tema som er vektlagt i Veslefrikk barnehage. Barnehagen samarbeidar tett med heimane om barnas danningsprosess, og målet er å bidra til utvikling av rause, varme, inkluderande, kloke og reflekterande menneske. Å kunne innordna seg og fungera i ein sosial fellesskap med andre menneske er viktig for barnas seinare meistring i skule- og arbeidsliv. For å hjelpa barna med dette er det lagt vekt på å ha tydelege og gode rutinar for dei faste aktivitetane. Det skapar også tryggleik for barna å vite kva som skal skje og korleis det skal skje. Som einaste mann i barnehagen er styrar Heine Kvaløy ein populær mann blant barna. Han ser naturen som den beste læringsarena, og å stimulera barna til eit aktivt friluftsliv er eit overordna mål. Gjennom uteaktivitet i alle dei 4 årstidene får barna følgja naturens gang, og saman undra seg over det fantastiske som skjer. I naturen får barna også testa ut sine grenser for kva dei kan meistra, og styraren vil gjerne at barna både skal bli utfordra og utfordre seg sjølv når det gjeld grensene for kva dei kan klare. Dei treng ikkje å gå langt for å koma til flotte turområdet, dei er like utanfor barnehageporten med Lillebekk som næraste nabo. Barnehagane i Sauda er ulike, men spelar på same lag. Dei er opptekne av at alle barnehagar skal vera gode, og dei støttar kvarandre i dette arbeidet. Via det interkommunale oppvekstprosjektet «Haugalandsløftet» får alle tilsette i barnehagane kompetanseauke og verktøy til å møte kvart barn på ein måte som fremjar god utvikling. Alle barn som har gått i barnehage i Sauda vil etterkvart kjenne «Være sammen» og «Løveloven». Det kollektive og tette barnehagemiljøet i Sauda viser også igjen ved eit felles prosjekt for å trygge barna som skal starte i skulen. Gjennom tett samarbeid lar barnehagane barna få møta sine framtidige klassekameratar til kjekke og felles aktivitetar eit heilt år før barna begynner i skulen. Eit svært stabilt personale med høg fagleg kompetanse gir år etter år eit resultat som sender barnehagane i Sauda til topps på brukarundersøkingar. «Omsorg, leik og læring – ein god start!» Styrar Heine Kvaløy fortel at visjonen over er eit viktig styringsverktøy. Det å gi barna ein god start gjennom omsorg, leik og læring er noko dei tilsette arbeidar for kvar dag. Barna skal oppleva at det dei seier blir tatt på alvor, og slik får bidra til å forma sin eigen kvardag. Å utvikla menneske som både forstår og kan delta i det demokratiske samfunnet er noko styraren meinar må starte tidleg i barneåra. Beviset for om dei lukkast i jobben sin vil koma til uttrykk gjennom korleis barna seinare år snakkar om tida dei gjekk i barnehagen, seiar styraren. Hans ønske er at opplevingane barna har fått i Veslefrikk barnehage skal gjera minnene om barnehagetida gode. Og tilbakemeldingane dei får frå føresette og barna tyder på at hans ønske går i oppfylling her. www.minbarnehage.no/veslefrikk
© Copyright 2024