Aksjeoppgåva 2014 (RF-1088)

RETTLEIING TIL
Aksjeoppgåva 2014 (RF-1088)
INNHOLD
2
2
2
3
3
3
3
3
3
3
3
3
3
4
4
4
4
Kvifor finst det 2 oppgåver og kva er skilnaden
Kva er «Aksjeoppgåva 2014 – Forenkla» (RF-1088F)?
Kva er «Aksjeoppgåva 2014 – Detaljert» (RF-1088D)?
Kven skal levere oppgåva?
Når skal oppgåva leverast?
Kva skal du gjere?
Spesielt for selskapsaksjonærar
Korleis leverer du oppgåva?
Levering i Altinn (elektronisk levering)
Endringar i oppgåva kan føre med seg endringar i sjølvmeldinga
Kvar er informasjonen henta frå?
Kvifor får du «Aksjeoppgåva 2014» (RF-1088)?
Kva er skjermingsfrådrag?
Aksjar som står i oppgåva, men som du må levere
eige skjema for (RF-1059)
Kva gjer du med aksjar som ikkje står i oppgåva?
Handel med VPS-aksjar på slutten av året (2014)
Rettleiing til postane
4
4
4
5
5
5
5
6
Beløp som står i sjølvmeldinga
Kva gjer eg dersom det står «Ukjend» i post 140?
Aksjar registrerte i VPS
Oversikt over aksjar du eigde i 2014
Kjøp og salg oa. i 2014
Realisasjonsvederlag (salssum)
Inngangsverdi (kjøpesum)
Oversikt over gevinst- og tapsutrekning for aksjar
som er selde eller realiserte på annan måte i 2014
6 Spesifikasjon per selskap og aksjeklasse
6 Aksjar du eigde ved utgangen av året
8 Utbytteopplysningar om aksjar du eigde ved utgangen av året
8 Realisasjonsopplysningar
8 Utbytteopplysningar for realiserte aksjar
8 Realiserte aksjar
9 Døme
11 Oversikt over aktuelle skjema for aksjonærar
«Aksjeoppgåva for 2014»
(RF-1088F) er ei oversikt over
aksjane dine i norske aksjeselskap
og i utanlandske selskap registrerte
på Oslo Børs, som er registrerte i
Skatteetaten sitt aksjonærregister.
Oppgåva inneheld også eigenkapitalbevis i norske sparebankar.
Informasjonen i oppgåva byggjer
mellom anna på opplysningar
selskapa har sendt til
Skatteetaten.
Du må kontrollere oppgåva før du gjer deg
ferdig med sjølvmeldinga.
Det finst to aksjeoppgåver
• Aksjeoppgåva – Forenkla (RF-1088F)
• Aksjeoppgåva – Detaljert (RF-1088D)
Dersom du er Altinn-brukar, finn du begge
oppgåvene i Altinn.
Dersom du aldri har logga deg inn på
Altinn, eller har reservert deg mot
elektronisk kommunikasjon, får du den
forenkla aksjeoppgåva på papir i posten
saman med denne rettleiinga. Den
detaljerte oppgåva ligg berre i Altinn.
Kvifor finst det 2 oppgåver og
kva er skilnaden
NB! Du skal berre levere oppgåva
om du gjør endringar i den
Når vi i denne rettleiinga omtaler
aksjar og aksjonærar, gjelder
det også for eigenkapitalbevis
og eigenkapitalbeviseigarar
Du kan enkelt levere oppgåva
på www.altinn.no
Den forenkla oppgåva gir ei enklare oversikt
over aksjetilhøva dine og det du faktisk skal
kontrollere når du leverer inn sjølvmeldinga.
Dette er vanlegvis vederlag ved kjøp/sal og
motteke utbytte for 2014.
Den detaljerte oppgåva viser ei oversikt
over aksjane dine og inneheld detaljert
informasjon om alle aksjekjøpa dine for
2014 og tidlegare år. Ho viser grunnlaget for
å rekne ut skattepliktig beløp, under dette
skjermingsfrådrag knytt til kvar einskild aksje.
Dei fleste postane i dei to aksjeoppgåvene
(RF-1088F og RF-1088D) er identiske, men
fordi oppgåvene har ulik detaljeringsgrad, vil
det vere nokre postar som du berre finn i ei
av oppgåvene.
Du treng berre kontrollere den forenkla
aksjeoppgåva. Dersom du vil sjå grunnlaget
for utrekninga av skattepliktige beløp, går
du til den detaljerte aksjeoppgåva.
Kva er «Aksjeoppgåva 2014
– Forenkla» (RF-1088F)?
«Aksjeoppgåva 2014 – Forenkla» (RF-1088F)
er ei oversikt over aksjane dine i norske
aksjeselskap og utanlandske selskap
registrerte på Oslo Børs som er registrerte
i Skatteetaten sitt aksjonærregister.
Oppgåva inneheld òg eigenkapitalbevis
i norske sparebankar.
Informasjonen i oppgåva byggjer mellom
anna på opplysningar som selskapa har
sendt til Skatteetaten.
SE EKSEMPLAR BAKARST
I RETTLEIINGA
2
Oppgåva har tre delar:
• Skattepliktige sumpostar som står i
sjølvmeldinga
- Post 110 Skattepliktig gevinst
- Post 120 Tap med frådragsrett
- Post 130 Skattepliktig utbytte
- Post 140 Likningsverdi
• Oversikt over aksjar du eigde i 2014
- Oversikt over selskap som oppgåva
dekkjer og utbytte/gevinst/tap på
aksjar i desse
- Oversikt over aksjar du må levere
«Aksjar og fondspartar m.m. 2014»
(RF-1059) for
• Endringar i aksjebehaldninga di i 2014
- Kjøp og sal o.a. i 2014
- Gevinst- og tapsutrekning for 2014
Kva er «Aksjeoppgåva 2014
– Detaljert» (RF-1088D)?
«Aksjeoppgåva 2014 – Detaljert» (RF-1088D)
er ei detaljert oversikt over aksjane dine
i norske aksjeselskap og utanlandske
selskap registrerte på Oslo Børs som er
registrerte i Skatteetaten sitt aksjonærregister. Oppgåva inneheld òg eigenkapitalbevis i norske sparebankar.
Informasjonen i oppgåva byggjer mellom
anna på opplysningar som selskapa har
sendt til aksjonærregisteret.
RF-1088D er forskjellig frå den forenkla
utgåva du har fått i posten. I tillegg til
å være ei oversikt over aksjane dine, innehelder den detaljert informasjon om alle
aksjeanskaffingane dine for 2014 og
tidligare år. Den viser også skjermings
frådrag for kvar einskild aksje.
Oppgåva har tre delar:
• Skattepliktige sumpostar som skal stå
i sjølvmeldinga
- Post 110 Skattepliktig gevinst
- Post 120 Tap med frådragsrett
- Post 130 Skattepliktig utbytte
- Post 140 Likningsverdi
• Oversikt over aksjar du eigde i 2014
- Oversikt over selskap som oppgåva
dekkjer
- Oversikt over aksjar du må levere
«Aksjar og fondspartar m.m. 2014»
(RF-1059) for
• Spesifikasjon per selskap og aksjeklasse
- Aksjar du eigde ved utgangen av året og
skjermingsopplysningar som gjeld desse
- Spesifisering av inngangsverdien i post 310
- Utbytteopplysningar og skjermingsfrådrag
for aksjar du eigde ved utgangen av året
- Utbytteopplysningar for realiserte aksjar
Skjermingsfrådrag reduserer din
skattepliktige aksjeinntekt
- Opplysningar om realiserte aksjer og
skjermingsfrådrag
registrerte i Skatteetaten sitt aksjonærregister. Oppgåva er berre til orientering
for selskap, og skal ikkje leverast.
Kven skal levere oppgåva?
Du skal berre levere oppgåva dersom du
gjer endringar i den. Selskap som er
aksjonærar, skal ikkje levere oppgåva.
Når skal oppgåva leverast?
Har du plikt til å levere oppgåva, er
leveringsfristen den same som for
sjølvmeldinga. Det vil for dei fleste seie
innan 30. april 2015.
Korleis leverer du oppgåva?
Du leverer endringane på Altinn.no
(Aksjeoppgåva 2014 – Korrigerbar,
RF-1088K). Du kan òg levere endringane
på papiroppgåva du har motteke frå
Skatteetaten.
Levering i Altinn
(elektronisk levering)
Du må kontrollere oppgåva før du gjer deg
ferdig med sjølvmeldinga.
Det er berre dei som har realisert eller
skaffa seg aksjar i 2014 som vil få ei
korrigerbar oppgåve i Altinn (RF-1088K
– Korrigerbar).
Det er spesielt viktig at du kontrollerer:
• Motteke utbytte (post 205)
• Inngangsverdi/Realisasjonsvederlag
(post 306)
I RF-1088K kan du gjere endringar i post
306 dersom opplysningane om inngangsverdien eller realisasjonsvederlaget er
feilaktige eller mangelfulle.
Verdiane stemmer
Dei skattepliktige beløpa i postane 110–140
er førehandsutfylte i sjølvmeldinga. Dersom
du ikkje har endringar til oppgåva, treng du
ikkje gjere noko.
Gjer du slike endringar, kan det føre med seg
endringar i dei skattepliktige beløpa dine.
Kva skal du gjere?
Verdiane stemmer ikkje eller det står
Ukjend
Dersom verdiane ikkje stemmer eller det
står «Ukjend» i oppgåva, må du rette tala
som er feil eller mangelfulle og føre opp
rett skattepliktig beløp i sjølvmeldinga.
Gevinst/tap fører du i post 3.1.8/3.3.8
i sjølvmeldinga, utbytte og likningsverdi
i postane 3.1.5 og 4.1.8. I slike tilfelle må du
levere både sjølvmeldinga og denne
oppgåva. Du kan få hjelp til å rekne ut det
rette skattepliktige beløpet dersom du gjer
desse rettingane i Altinn (www.altinn.no).
Sjå også lenger ned i rettleiinga under
«Endringar i oppgåva kan føre med seg
endringar i sjølvmeldinga».
Spesielt for selskapsaksjonærar
Selskapsaksjonærar får ei eiga oppgåve
som PDF i Altinn (RF-1088S – Selskap).
Denne oppgåva inneheld motteke utbytte,
gevinst/tap og likningsverdien på aksjar i
norske aksjeselskap og utanlandske
selskap registrerte på Oslo Børs som òg er
Skattepliktige beløp skal vere
førehandsutfylt i sjølvmeldinga
Du har ansvar for at opplysningane du
leverer er rette. Dersom du til dømes
leverer oppgåva med høgare inngangsverdi
enn den reelle, risikerer du å få tilleggsskatt.
Når du leverer den korrigerbare oppgåva
med endringar, vil du etter nokre få dagar
få ei ny oppgåve (RF-1088R – Rekalkulert)
med oppdaterte skattepliktige beløp. Du
finn den i «Min meldingsboks».
Dei oppdaterte skattepliktige beløpa som
skal stå i sjølvmeldinga, finn du i postane
110–140 i oppgåva. Dersom beløpa er endra
i høve til den opphavlege oppgåva, må du
sjølv gjere tilsvarande endringar i
sjølvmeldinga.
Endringar i oppgåva kan føre med
seg endringar i sjølvmeldinga
Gjer du endringar i oppgåva, kan dette føre
til at du òg må endre dei skattepliktige
beløpa som skal overførast til sjølvmeldinga (postane 110–140). Hugs at du i så fall
må gjere endringar direkte i sjølvmeldinga.
Du får hjelp til å rekne ut dei nye skattepliktige beløpa dersom du leverer oppgåva
med endringar på www.altinn.no. Etter
nokre få dagar vil du få ei rekalkulert
oppgåve i «Min meldingsboks» på
www. altinn.no. Den oppdaterte oppgåva vil
då vise beløpa i postane 110–140 som du
må overføre til sjølvmeldinga. Du treng ikkje
levere oppgåva (RF-1088) på nytt. Oppdateringa vil ta nokre dagar, og du bør difor
gjere eventuelle endringar i god tid før
sjølvmeldingsfristen.
Kvar er informasjonen henta frå?
• Opplysningar frå selskap der du eig eller
har eigd aksjar i løpet av 2014
• Opplysningar frå Verdipapirsentralen (VPS)
• Opplysningar du tidlegare har sendt til
Skatteetaten
Kvifor får du «Aksjeoppgåva 2014»
(RF-1088)?
Oppgåva skal hjelpe deg med å kome fram
til rette skattepliktige beløp, og hjelpe deg
til å få dei frådraga du har krav på i aksjeinntektene dine.
Personlege aksjonærar skal betale skatt av
utbytte på aksjar og av gevinst ved sal av
aksjar utover eit skjermingsfrådrag.
Grunnlaget for utrekning av skjermingsfrådraget er vanlegvis det du betalte for
aksjane. Inngangsverdien dannar dermed
grunnlaget for utrekning av frådraga dine.
Kva er skjermingsfrådrag?
Skjermingsfrådrag er eit frådrag som
reduserer dei skattepliktige aksjeinntektene dine slik at du betalar mindre skatt.
Aksjonæren sitt skjermingsfrådrag kvart
einskilt år er aksjen sin inngangsverdi
(pluss eventuelt tidlegare ubrukt frådrag)
gonga med ei skjermingsrente. Først når
du får utbytte som overstig det totale
skjermingsfrådraget (frådraget for året +
ubrukt frådrag frå tidlegare år), blir det lagt
skatt på utbyttet. Skattesatsen på slikt
utbytte er 27 % (for skattytarar i Finnmark
og Nord-Troms er satsen 23,5 %). Ved
realisasjon (til dømes gevinst ved sal) kan
aksjonæren redusere gevinsten med
ubrukt skjermingsfrådrag frå tidlegare år.
Eig du aksjen over fleire år og ikkje får
utbytte eller skjerminga overstig utbytte for
året, vil du opparbeide deg eit ubrukt
skjermingsfrådrag som du kan bruke til å
redusere dei skattepliktige aksjeinntektene
dine for seinare år.
Merk at skjermingsfrådrag følgjer den
einskilde aksjen og ikkje kan overførast
mellom ulike aksjar.
• Høgare inngangsverdi gir større skjermingsfrådrag og kan føre til at det skattepliktige
utbyttet blir lågare.
• Lågare inngangsverdi reduserer
3
skjermingsfrådraget og kan føre til at det
skattepliktige utbyttet blir høgare.
Skjermingsrenta for 2014 er på 0,9 %. Du
finn ei oversikt over renter for tidlegare år
på www.skatteetaten.no, søk på
«skjermingsrente».
Aksjar som står i oppgåva, men
som du må levere eige skjema for
(RF-1059)
På side 2 i oppgåva kan det vere ei tabelloversikt over aksjar som er registrerte i
Skatteetaten sitt aksjonærregister, men
som du likevel må levere «Aksjar og
fondspartar m.m. 2014» (RF-1059) for.
Skatteetaten har ikkje fullstendige opplysningar om aksjane dine i desse selskapa.
Skjemaet kan leverast som vedlegg til
sjølvmeldinga på www.skatteetaten.no eller
www.altinn.no. Du kan òg få skjemaet hos
Skatteetaten eller skrive det ut frå internett.
Kva gjer du med aksjar som ikkje
står i oppgåva?
Aksjar i utanlandske aksjeselskap som
ikkje er registrerte på Oslo Børs, er ikkje
med i oppgåva.
Nokre aksjar i norske selskap er heller ikkje
med i oppgåva fordi selskapet ikkje har
levert inn oppgåve til Skatteetaten sitt
aksjonærregister.
• Dersom du ved utgangen av 2014 eigde
aksjar som ikkje er med i oppgåva,
leverer du «Aksjar og fondspartar m.m.
2014» (RF-1059).
• Om du har selt eller på annan måte
realisert aksjar i løpet av 2014 og desse
sala ikkje står i oppgåva, skal du levere
«Aksjar og fondspartar m.m. 2014» (RF-1059).
Skjemaet kan leverast som vedlegg til
sjølvmeldinga på www.skatteetaten.no eller
www.altinn.no. Du kan òg få skjemaet hos
Skatteetaten eller skrive det ut frå internett.
Handel med VPS-aksjar på slutten
av året (2014
Har du selt aksjar som er registrert i
Verdipapirsentralen (VPS) på slutten av
2014 med handelsdato i 2014 og oppgjørsdato i 2015, vil salgene være oppført i
Fristen er den same som for
sjølvmeldinga, for dei fleste
30. april
4
aksjeoppgåva og i sjølvmeldinga for
inntektsåret 2014. Du må kontrollere at
beløpa som står i aksjeoppgåva og i
sjølvmeldinga er korrekte før du gjør deg
ferdig med sjølvmeldinga.
Har du kjøpt aksjar som er registrert i
Verdipapirsentralen (VPS) på slutten av
2014 med handelsdato i 2014 og oppgjørsdato i 2015, vil kjøpa være oppført i aksjeoppgåva og i sjølvmeldinga for inntektsåret
2014.
DEL 1: Rettleiing til postane
Beløp som står i sjølvmeldinga
I postane 110–140 på side 1 i oppgåva finn
du dei beløpa som Skatteetaten har rekna
ut for deg, og desse beløpa er førehandsutfylte i sjølvmeldinga.
Under kvart einskilt beløp i oppgåva er det
vist til den aktuelle posten i sjølvmeldinga.
Beløpa som står i desse postane, er summar
for alle aksjane dine, til dømes er summen av
skattepliktig utbytte frå ulike selskap summert
til eitt beløp i post 130. Dersom du gjer
endringar i oppgåva, vil dette kunne endre
beløpa som skal stå i sjølvmeldinga.
Fotnote
Dersom skatteetaten manglar fullstendige
opplysningar for å rekne ut gevinst eller tap
på ein eller fleire realisasjonar, vil det vere
ein fotnote under postane 110-140. Vi legg
òg til ein fotnote om vi manglar likningsverdien
på eitt eller fleire selskap.
Då er det viktig å kontrollere tabell 2a og 3a
for å finne ut kva for selskap det manglar
opplysningar på. Det vil stå «Ukjent» i feltet
der vi har mangelfulle opplysningar. Du må
korrigere tala som er feil eller mangelfulle,
og føre rett skattepliktig beløp i sjølvmeldinga.
Kontroller beløpa
For å kontrollere om beløpa stemmer med
opplysningane dine, må du gå til spesifikasjonane for kvart selskap på dei neste
sidene i oppgåva.
POST 110 SKATTEPLIKTIG GEVINST
Posten viser samla skattepliktig gevinst ved
sal eller annan realisasjon av aksjar i 2014.
Posten er berre førehandsutfylt når
Skatteetaten har fått opplysningar frå deg
eller selskapet om både inngangsverdi og
vederlag. Dersom alle realisasjonane dine i
oppgåva totalt sett medfører ein nettogevinst, vil det stå eit beløp i denne posten.
For realisasjonar der inngangsverdi og/eller
vederlag ikkje er førehåndsutfylt(e), må du
sjølv supplere og rekne ut den skattepliktige
gevinsten.
Skattepliktig gevinst i post 110 skal vere
førehandsutfylt i post 3.1.8 i sjølvmeldinga.
Dersom du meiner at beløpet i post 110 er feil,
må du sjølv rette post 3.1.8 i sjølvmeldinga.
POST 120 TAP MED FRÅDRAGSRETT
Posten viser samla tap som gjev frådragsrett ved sal eller annan realisasjon av
aksjar i 2014. Posten er berre førehandsutfylt når Skatteetaten har fått opplysningar
frå deg eller selskapet om både inngangsverdi og vederlag. Dersom alle realisasjonane dine i oppgåva totalt sett medfører
eit nettotap, vil det stå eit beløp i denne
posten. Det blir ikkje gjeve skjermingsfrådrag for dei aksjane du har realisert med
tap. For realisasjonar der inngangsverdi og/
eller vederlag ikkje er førehandsutfylt(e),
må du sjølv supplere og rekne ut tapet som
gjev frådragsrett.
Tap med frådragsrett i post 120 skal vere
førehandsutfylt i post 3.3.8 i sjølvmeldinga.
Dersom du meiner at beløpet i post 120 er
feil, må du sjølv rette post 3.3.8 i sjølvmeldinga.
POST 130 SKATTEPLIKTIG UTBYTTE
Posten viser summen av skattepliktig
utbytte frå selskapa som er med i oppgåva.
Dette er summen av beløpa i postane 323
og 416.
Skattepliktig utbytte frå post 130 skal vere
førehandsutfylt i post 3.1.5 i sjølvmeldinga.
Dersom du meiner at beløpet i post 130 er
feil, må du sjølv rette post 3.1.5 i sjølvmeldinga.
POST 140 LIKNINGSVERDI
Likningsverdien er den skattemessige
formuesverdien på aksjane dine. Det er
berre dei aksjane du eigde ved utgangen
av året som blir rekna som formue. Posten
viser ikkje likningsverdi for aksjar som er
registrerte i verdipapirregisteret (VPS). Sjå
meir om VPS-registrerte aksjar nedanfor.
Likningsverdien frå post 140 skal vere
førehandsutfylt i post 4.1.8 i sjølvmeldinga.
Dersom du meiner at beløpet i post 140 er
feil, må du sjølv rette post 4.1.8 i sjølvmeldinga.
Kva gjer eg dersom det står «Ukjend»
i post 140?
Står det «Ukjend» i denne posten, kjem det
av at likningsverdien manglar for ein eller
fleire av aksjepostane dine. Under «Over-
sikt over aksjar du eigde i 2014» (post 209
på side 2) står det kva for selskap som er
oppførte med likningsverdien «Ukjend». Ta
kontakt med selskapet for å få opplysningar
om likningsverdien på aksjane. Ein del
selskap har lagt ut informasjon om dette på
internettsidene sine. Når du har funne
opplysningar om manglande likningsverdi,
summerer du den med dei førehandsutfylte
likningsverdiane som står i «Oversikt over
aksjar du eigde i 2014» (post 209 på side 2).
Summer dei nye likningsverdiane i post 140 og
overfør beløpet til post 4.1.8 i sjølvmeldinga.
POST 203 TALET PÅ AKSJAR VED
INNGANGEN TIL ÅRET
Her står det kor mange aksjar du eigde ved
inngangen til 2014.
Aksjar registrerte i VPS
Likningsverdiane for aksjar i VPS-registrerte
selskap står ikkje i oppgåva og inngår difor
ikkje i summen i denne posten. I post 209
står det «VPS» i staden for likningsverdi.
Du finn likningsverdiane for dei VPSregistrerte aksjane dine førehandsutfylte
i post 4.1.7. i sjølvmeldinga.
POST 206 BRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG FOR UTBYTTE
Her står frådraget du får i motteke utbytte
for kvart einskilt selskap. Frådraget
reduserer skattepliktig utbytte. Beløpet i
post 130 er redusert med summen av
frådraga i post 206.
DEL 2: Oversikt over aksjar du
eigde i 2014
Her finn du ei oversikt over selskapa du i
løpet av inntektsåret 2014 har hatt aksjar i.
Motteke utbytte, gevinst, tap og likningsverdi blir viste i denne delen, summerte per
selskap og per aksjeklasse.
På side 2 i oppgåva kan det vere ei tabelloversikt over aksjar som er registrerte i
Skatteetaten sitt aksjonærregister, men
som du likevel må levere «Aksjar og
fondspartar m.m. 2014» (RF-1059) for.
Skatteetaten har ikkje fullstendige
opplysningar om aksjane dine i desse
selskapa.
POST 200 NAMN PÅ SELSKAP
Denne posten viser kva for selskap du er
registrert som eigar av i løpet av 2014.
Har du i 2014 eigd aksjar i selskap som
ikkje er med i oppgåva, sjå «Kva gjer eg
med aksjar som ikkje står i oppgåva?»
framme i rettleiinga.
POST 201 ORGANISASJONSNUMMER
Organisasjonsnummeret er selskapet
sitt identifikasjonsnummer frå Føretaksregisteret.
POST 202 AKSJEKLASSE
Posten viser kva for ein aksjeklasse
aksjane dine er registrerte i, eventuelt
identifikasjonsnummer for aksjar som er
registrerte i VPS (ISIN nummer).
POST 204 TALET PÅ AKSJAR VED
UTGANGEN AV ÅRET
Her står det kor mange aksjar du eigde ved
utgangen av 2014.
POST 205 MOTTEKE UTBYTTE
Her står utbyttet du har fått på aksjane i
dette selskapet.
POST 207 GEVINST/TAP
Her står brutto gevinst eller tap du har hatt
ved sal eller annan realisasjon på desse
aksjane.
POST 208 BRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG FOR GEVINST
Her står frådraget du får for gevinst du har
hatt ved sal eller annan realisasjon på
aksjar i dette selskapet. Det er teke omsyn
til dette frådraget ved presentasjonen av
skattepliktig gevinst/tap i postane 110/120.
POST 209 LIKNINGSVERDI
Sjå rettleiinga til post 140.
POST 210 SKATTEPLIKTIG UTBYTTE
(kun i detaljert aksjeoppgåve)
Posten viser samla skattepliktig utbytte per
selskap/aksjeklasse.
POST 211 SKATTEPLIKTIG GEVINST
(kun i detaljert aksjeoppgåve)
Posten viser samla skattepliktig gevinst for
alle dine sal eller andre realisasjonar per
selskap/aksjeklasse.
POST 212 TAP MED FRÅDRAGSRETT
(kun i detaljert aksjeoppgåve)
Posten viser samla tap med frådragsrett
for alle dine sal eller andre realisasjonar
per selskap/aksjeklasse.
DEL 3: Kjøp og salg o.a. i 2014
– forenkla oppgåve
300 NAMN PÅ SELSKAP
Denne posten viser kva selskap du i løpet
av 2014 har skaffa deg eller realisert aksjar i.
Sjå framme i rettleiinga kva du gjer med
aksjar som ikkje står i oppgåva.
POST 301 ORGANISASJONSNUMMER
Organisasjonsnummeret er selskapet sitt
identifikasjonsnummer frå Føretaksregisteret.
POST 302 AKSJEKLASSE
Posten viser kva for ein aksjeklasse
aksjane dine er registrerte i, eventuelt
identifikasjonsnummer for aksjar som er
registrerte i VPS.
POST 303 TRANSAKSJONSTYPE
Posten viser på kva måte aksjane blei
skaffa eller realiserte. Her kan det til dømes
stå kjøp, arv, sal, likvidasjon o.a.
POST 304 DATO FOR TRANSAKSJONEN
Her står tidspunktet då du skaffa deg eller
realiserte aksjane. Har du arva eller fått aksjar
som gåve i 2014, skal du overta anskaffingsdatoen til arvelataren eller gjevaren.
POST 305 TALET PÅ AKSJAR
Her står talet på aksjar som kvar transaksjon
gjeld. Ver merksam på at talet på aksjar
kan ha endra seg som følgje av til dømes
splitt, spleis, fusjon eller fisjon i selskapet.
Kontakt selskapet dersom du er usikker på
kor mange aksjar du eig i selskapet.
POST 306 INNGANGSVERDI/
REALISASJONSVEDERLAG
Her står inngangsverdien og realisasjonsvederlaget for kvar handel du gjorde i 2014.
Realisasjonsvederlag (salssum)
Her ser du vederlaget for dei aksjane som
blei selde eller på annan måte realiserte
i 2014. Posten viser beløpet du fekk for
aksjane for denne transaksjonen, fråtrekt
kostnadene.
Inngangsverdi (kjøpesum)
Her ser du inngangsverdien for dei aksjane som
blei kjøpte eller skaffa på annan måte i 2014.
Dersom selskapet har sett ned aksjekapitalen
ved reduksjon av pålydande i 2014, kan
inngangsverdien på aksjane vere korrigert
for eventuell tilbakebetaling av innbetalt
kapital frå selskapet.
5
Dersom selskapet har forhøgja aksjekapitalen ved å auke pålydande i 2014, kan
inngangsverdien på aksjane vere korrigert
for innbetalt aksjekapital.
Endrar du inngangsverdien, kan det føre til
at du må endre dei skattepliktige beløpa
som står i sjølvmeldinga. Dette kan vere
aktuelt dersom du gjer endringar på aksjar
du har fått utbytte på eller realisert.
Sjå lenger framme i rettleiinga om endring
av oppgåva og levering i Altinn for hjelp til
ny utrekning av det skattepliktige beløpet.
Generelt
Ver merksam på at talet på aksjar og
inngangsverdien kan ha endra seg som
følgje av til dømes splitt, spleis, fusjon eller
fisjon i selskapet, og i så fall skal inngangsverdien vere omfordelt på talet på aksjar
du eigde ved utgangen av 2014.
Inngangsverdien blir brukt for å rekne ut
gevinst eller tap ved sal eller annan
realisasjon og for å rekne ut skjermingsfrådraga dine.
Døme på inngangsverdi:
– Kjøp
Inngangsverdien er det som er betalt per
aksje pluss aksjen sin del av anskaffingskostnadene.
– Aksjar du har skaffa deg i arbeidsforhold
Inngangsverdien er omsetningsverdien på
aksjen på anskaffingstidspunktet, dersom
den tilsette er skattlagd for fordel ved
underpris.
– Stifting eller nyemisjon
Inngangsverdien er aksjen sitt kapitalinnskot
inkludert overkurs og stiftingskostnader.
– Arv og gåveoverføringar
Har du fått aksjen som arv eller gåve i
2014, skal du normalt bruke den same
inngangsverdien som arvelataren eller
givaren brukte. Reglane om arveavgift blei
oppheva frå og med 1. januar 2014. Ver
merksam på at dødstidspunktet til arvelataren er avgjerande for om du må betale
arveavgift etter dei gamle reglane. Dersom
arvelataren døydde 1. desember 2013, og
du tek imot arven din 1. februar 2014, må
du betale arveavgift. I slike tilfelle skal
inngangsverdien din vere det lågaste av
arveavgiftsgrunnlaget og arvelataren sin
inngangsverdi.
6
For meir informasjon, sjå på
www.skatteetaten.no, søk på «arv».
gjere endringane i papiroppgåva og levere
den.
– Alternative innkjøpsverdiar for aksjar ein
har skaffa seg før 1. januar 1989
For nærare informasjon om inngangsverdi,
sjå rettleiinga til post 310.
Endrar du inngangsverdien, kan det føre til
at du må endre dei skattepliktige beløpa
som står i sjølvmeldinga.
Oversikt over gevinst- og tapsutrekning for aksjar som er selde
eller realiserte på annan måte i 2014
400 NAMN PÅ SELSKAP
Denne posten viser kva selskap du har selt
eller på annan måte realisert aksjar i i løpet
av 2014.
Sjå framme i rettleiinga for informasjon om
kva du gjer med aksjar som ikkje står i
oppgåva.
POST 401 ORGANISASJONSNUMMER
Organisasjonsnummeret er selskapet sitt
identifikasjonsnummer frå Føretaksregisteret.
POST 402 AKSJEKLASSE
Posten viser kva for ein aksjeklasse
aksjane dine er registrerte i, eventuelt
identifikasjonsnummer for aksjar som er
registrerte i VPS.
POST 403 ANSKAFFINGSDATO
Anskaffingsdatoen er tidspunktet då du
kjøpte, arva, fekk eller på annan måte
overtok aksjane. Har du arva eller fått
aksjar som gåve i 2014, skal du overta
anskaffingsdatoen til arvelataren eller
gjevaren.
POST 404 REALISASJONSDATO
Realisasjonsdatoen er tidspunktet då du
selde, ga bort eller på annan måte overførte aksjane.
POST 405 TALET PÅ REALISERTE
AKSJAR
Talet på aksjar som er selde eller på annan
måte realiserte av denne anskaffinga.
POST 406 REALISASJONSVEDERLAG
Posten viser beløpet du fekk for aksjane
for denne anskaffinga, fråtrekt kostnadene.
POST 407 INNGANGSVERDI
Her står inngangsverdien for dei aksjane
du har selt eller på annan måte realisert.
Sjå meir om inngangsverdi i post 305.
Dersom du gjer endringar i denne posten
for anskaffingar du gjorde før 2014, må du
POST 408 GEVINST/TAP
Her står brutto gevinst eller tap du har hatt
ved sal eller annan realisasjon på desse
aksjane.
Tilleggsopplysningar
Her kan du gje fleire opplysningar til
oppgåva.
Spesifikasjon per selskap og
aksjeklasse
Under denne overskrifta skildrar ein postar
som berre står i den detaljerte aksjeoppgåva.
Dette er postar som inneheld detaljert
informasjon om alle aksjar du har skaffa
deg i 2014 og tidlegare år. Dei viser
grunnlaget for å rekne ut skattepliktig
beløp, under dette skjermingsfrådrag knytt
til kvar einskild aksje.
Aksjar du eigde ved utgangen av
året – tabell i detaljert aksjeoppgåve
POST 307 ANSKAFFINGSDATO
Anskaffingsdatoen er tidspunktet då du
kjøpte, arva, fekk eller på annan måte
overtok aksjane. Har du arva eller fått
aksjar som gåve i 2014, skal du overta
anskaffingsdatoen til arvelataren eller
gjevaren.
POST 308 ANSKAFFINGSTYPE
Kva måte aksjane blei skaffa på, til dømes
kjøp.
POST 309 TALET PÅ AKSJAR VED
UTGANGEN AV ÅRET
Her står det kor mange aksjar knytte til dei
ulike anskaffingane du hadde i behald ved
utgangen av året. Ver merksam på at talet
på aksjar kan ha endra seg som følgje av til
dømes splitt, spleis, fusjon eller fisjon i
selskapet.
Kontakt selskapet dersom du er usikker på
kor mange aksjar du eig i selskapet.
Du kan enkelt levere oppgåva
på www.altinn.no
POST 310 INNGANGSVERDI PER AKSJE
Om inngangsverdien på aksjar ein har
skaffa seg i 2014, sjå rettleiinga til post
306.
For aksjar du skaffa deg før 2014
Slike anskaffingar blir berre presenterte i
den detaljerte utgåva (RF-1088D). Dersom
du finn feil i inngangsverdien på slike aksjar
og ynskjer å endre dei, vil endringa bli
handsama som ei klage på likninga for
tidlegare år. Du kan ikkje levere slike
endringar elektronisk, men må då levere
klaga på papir.
– Alternative anskaffingsverdiar for
aksjar du skaffa deg før 1. januar 1989
For ikkje-børsnoterte aksjar du kunne ha
selt skattefritt i 1992, er post 310 likningsfastsett til eit beløp som svarar til aksjen
sin høvesvise del av den skattemessige
formuesverdien til selskapet per 1. januar
1992, eller den opphavlege kostprisen.
Takstverdi eller del av rekneskapsmessig
verdi kan ikkje brukast som inngangsverdi
ved utrekning av skjermingsfrådrag.
Verdiane vil eventuelt bli brukte ved
gevinstutrekninga ved realisasjon av
aksjane, og du vil då finne dei i post 407 i
oppgåva.
Ved utrekning av gevinst vil Skatteetaten
bruke takstverdiar eller del av rekneskapsmessig verdi. Dersom du er i ein tapssituasjon,
kan du ikkje bruke takstverdiar eller del av
rekneskapsmessig verdi som inngangsverdi.
POST 313 SKJERMINGSGRUNNLAG FOR
ÅRET PER AKSJE (post 312x0,9 %)
Skjermingsfrådraget til aksjen er aksjen sitt
skjermingsgrunnlag i post 312 gonga med
skjermingsrenta, som for 2014 er 0,9 %.
Skjermingsfrådraget for året reduserer
skattepliktig utbytte.
RISK står for Regulering av Inngangsverdi
med Skattlagt Kapital og hadde som
føremål å sørgje for at du ikkje blei utsett
for dobbel skattlegging (frå 1992 til og med
2005). RISK-reglane skulle sikre at du ikkje
betalte skatt av det overskotet selskapet
allereie hadde skatta av.
Du får berre lagt til årleg skjermingsfrådrag på
aksjar du har i behald ved utgangen av 2014.
Kapitalkorrigering
Dersom selskapet har sett ned aksjekapitalen ved reduksjon av pålydande, kan
inngangsverdien på aksjane vere korrigert
for eventuell tilbakebetaling av innbetalt
kapital frå selskapet.
Døme på utrekning av skjermingsfrådrag:
Skjermingsgrunnlaget (post 312) er 1 000
kroner, og skjermingsrenta er 0,9 %.
Skjermingsfrådraget per aksje blir:
Kr 1 000 x 0,9 % = kr 9
POST 314 SAMLA SKJERMINGSFRÅDRAG PER AKSJE DU EIGDE VED
UTGANGEN AV ÅRET (post 311+313)
Samla skjermingsfrådrag er lik summen av
ubrukt skjermingsfrådrag frå tidlegare år
(post 311) og skjermingsfrådraget for året
(post 313). Dette er summen du kunne ha
teke ut i skattefritt utbytte per aksje i 2014.
For postane 307, 308, 309 og 310, sjå
omtale ovanfor under «Aksjar du eigde
ved utgangen av året».
Utbytteopplysningar om aksjar
du eigde ved utgangen av året
– tabell i detaljert oppgåve
POST 315 BRUKT SKJERMINGFRÅDRAG PER AKSJE
Skjermingsfrådrag som er kome til frådrag
i utbyttet for året på denne anskaffinga (sjå
òg post 321).
POST 311 UBRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG PER AKSJE FRÅ TIDLEGARE ÅR
Her står skjermingsfrådrag som du ikkje
har brukt i tidlegare år. Slikt ubrukt
skjermingsfrådrag blir brukt til å redusere
skattepliktig utbytte i 2014. Det som ikkje
blir brukt i 2014, blir overført til 2015.
POST 316 UBRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG PER AKSJE SOM BLIR
OVERFØRT TIL NESTE ÅR (post 314-315)
Ubrukt skjermingsfrådrag per aksje som
blir overført til oppgåva for neste år.
Frådraget er rekna ut ved å trekkje brukt
skjermingsfrådrag (post 315) frå samla
skjermingsfrådrag per aksje du eigde ved
utgangen av året (post 314). Skjermingsfrådraget er knytt til kvar einskild aksje, og
kan ikkje brukast til frådrag i skattepliktig
utbytte på andre aksjar.
POST 312 SKJERMINGSGRUNNLAG
FOR ÅRET PER AKSJE (post 310+311)
Skjermingsgrunnlaget er lik summen av
inngangsverdi per aksje (post 310) og
ubrukt skjermingsfrådrag per aksje frå
tidlegare år (post 311).
Spesifisering av inngangsverdien
i post 310
Inngangsverdien er i utgangspunktet det
du betalte for aksjen inklusive kostnader.
Den kan likevel vere korrigert for tidlegare riskregulering eller inn- og utbetalingar på aksjen.
Har du endra inngangsverdien i post 310,
må du òg korrigere skjermingsgrunnlaget.
Negativt skjermingsgrunnlag skal setjast til 0.
RISK
Riskregulering er berre aktuelt for aksjar
skaffa før 01.01.2006.
Dersom det står eit positivt tal i feltet for
RISK, tyder det høgare inngangsverdi og
såleis mindre skatt på utbytte og gevinst.
Skjermingsrenta for 2014 er 0,9 %
Dersom selskapet har forhøgja aksjekapitalen ved å auke pålydande, kan
inngangsverdien på aksjane vere korrigert
for innbetalt aksjekapital.
POST 317 ANSKAFFINGSDATO
Sjå post 307 i rettleiinga.
POST 318 UTBYTTEDATO
Datoen for generalforsamlinga sitt vedtak
om utdeling av utbytte.
POST 319 TALET PÅ AKSJAR
Talet på aksjar per anskaffing som
selskapet har opplyst at du har motteke
utbytte på.
POST 320 MOTTEKE UTBYTTE PER
AKSJE
Beløpet selskapet har opplyst at du har
motteke i utbytte per aksje.
POST 321 BRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG PER AKSJE
Skjermingsfrådrag som er kome til frådrag
i utbyttet for året på denne aksjen (sjå òg
post 315). For aksjar som er i behald ved
utgangen av året, blir skattepliktig utbytte
redusert med både ubrukt skjermingsfrådrag frå tidlegare år (post 311) og skjermingsfrådraget for året (post 313).
Du kan finne oppdatert
informasjon om aksjar på
www.skatteetaten.no
7
POST 322 SKATTEPLIKTIG UTBYTTE
PER AKSJE (post 320-321)
Motteke utbytte per aksje (post 320)
redusert med skjermingsfrådrag som gjev
frådragsrett (post 321).
POST 323 SKATTEPLIKTIG UTBYTTE
(post 319-322)
Totalt skattepliktig utbytte på anskaffinga.
Ein har kome fram til beløpet ved å gonge
talet på aksjar (post 319) med skattepliktig
utbytte per aksje (post 322).
Realisasjonsopplysningar
– tabellar i detaljert aksjeoppgåve
Realisasjonsopplysningar består av to tabellar:
• Utbytteopplysningar for realiserte aksjar
• Realiserte aksjar
Tabellane viser ei oversikt over dine sal og
andre realisasjonar i 2014. Oversikta viser
mellom anna realisasjonsvederlag, inngangsverdi, utbytte og skjermingsfrådrag
for desse aksjane. Har du selt eller på
annan måte realisert aksjar som blei skaffa
på forskjellige tidspunkt, blir aksjane som
blei skaffa først, rekna for å ha blitt
realiserte først (FIFU-prinsippet).
Har du selt ei aksjebehaldning som er skaffa
på ulike tidspunkt (skaffa i fleire omgangar),
viser oppgåva gevinst-/tapsutrekninga
fordelt på kvar einskild anskaffing på eigne
linjer i oppgåva. Om du til dømes skaffa deg
til saman 90 aksjar fordelte på tre anskaffingstidspunkt og selde alle dei 90 aksjane samla
i 2014, står det tre realisasjonar, ei linje for
kvar realiserte anskaffing.
Utbytteopplysningar for realiserte
aksjar – tabell i detaljert aksjeoppgåve
Fekk du utbytte i 2014 på aksjar som du
seinare i 2014 realiserte (post 412), er det
berre ubrukt skjermingsfrådrag frå
tidlegare år (post 413) som reduserer det
skattepliktige utbyttet (post 416).
Det blir ikkje rekna ut skjermingsfrådrag
(for 2014) på aksjar som du ikkje lenger har
i behald ved utgangen av 2014.
POST 409 ANSKAFFINGSDATO
Sjå post 307 i rettleiinga.
POST 410 UTBYTTEDATO
Datoen for generalforsamlinga sitt vedtak
om utdeling av utbyttet.
POST 411 TALET PÅ AKSJAR
Talet på aksjar i denne anskaffinga som er
realiserte, og som du har fått utbytte på.
8
POST 412 MOTTEKE UTBYTTE PER
AKSJE
Beløpet selskapet har opplyst at du har fått
i utbytte per aksje.
POST 404 REALISASJONSDATO
Realisasjonsdatoen er tidspunktet då du
selde, ga bort eller på annan måte overførte aksjane.
POST 413 UBRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG PER AKSJE FRÅ TIDLEGARE ÅR
Her står skjermingsfrådrag som du ikkje
har brukt i tidlegare år. Slikt ubrukt
skjermingsfrådrag blir først brukt til
å redusere skattepliktig utbytte i 2014.
Overstig dette skjermingsfrådraget
motteke utbytte, reduserer det resterande
skjermingsfrådraget ein eventuell skattepliktig gevinst (post 419).
POST 405 TALET PÅ REALISERTE
AKSJAR
Talet på aksjar som er selde eller på annan
måte realiserte av denne anskaffinga.
POST 414 BRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG PER AKSJE PÅ DETTE UTBYTTET
Skjermingsfrådrag som er kome til frådrag
i utbyttet for året per aksje på denne
realiserte anskaffinga.
POST 415 SKATTEPLIKTIG UTBYTTE
PER AKSJE
Motteke utbytte per aksje redusert med
ubrukt skjermingsfrådrag frå tidlegare år.
POST 416 SKATTEPLIKTIG UTBYTTE
(post 411-415)
Totalt skattepliktig utbytte på denne
realiserte anskaffinga.
POST 417 REST UBRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG FRÅ TIDLEGARE ÅR PER AKSJE
(post 413-414)
Dette er resterande skjermingsfrådrag som
ikkje er kome til frådrag i utbytte på desse
realiserte aksjane. Dette blir brukt til å
redusere ein eventuell skattepliktig gevinst
i post 421.
Realiserte aksjar
– tabell i detaljert aksjeoppgåve
Når du har realisert aksjar, er det berre
ubrukt skjermingsfrådrag frå tidlegare år
som reduserer den skattepliktige gevinsten.
Slikt skjermingsfrådrag kan maksimalt
redusere gevinsten til kroner 0. Dersom
det då står att ubrukt skjermingsfrådrag,
fell dette bort. Skjermingsfrådraget kan
ikkje brukast til å gje eller auke tap.
Det blir ikkje rekna skjermingsfrådrag (for
2014) på aksjar som du ikkje lenger har
i behald ved utgangen av 2014.
POST 403 ANSKAFFINGSDATO
Sjå post 307 i rettleiinga.
POST 406 REALISASJONSVEDERLAG
PER ANSKAFFING
Posten viser beløpet du fekk for aksjane
for denne anskaffinga, fråtrekt kostnadene.
POST 407 INNGANGSVERDI PER
REALISERT ANSKAFFING
Her står inngangsverdien for dei aksjane
du har selt eller realisert på annan måte.
Sjå meir om inngangsverdi i post 310.
POST 408 GEVINST/TAP FØR
SKJERMINGSFRÅDRAG (post 406-407)
Realisasjonsvederlag per anskaffing minus
inngangsverdi per realisert anskaffing.
POST 418 REALISASJONSTYPE
Kva måte aksjane er realiserte på, til
dømes sal.
POST 419 REST UBRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG FRÅ TIDLEGARE ÅR
Ubrukt skjermingsfrådrag frå tidlegare år
på desse aksjane.
Dersom du har fått utbytte på desse
realiserte aksjane, vil rest skjermingsfrådrag som ikkje er brukt til å redusere det
skattepliktige utbyttet, stå her. Beløpet kan
redusere skattepliktig gevinst i post 421.
Brukt skjerming, sjå post 420.
POST 420 BRUKT SKJERMINGSFRÅDRAG PÅ DENNE REALISASJONEN
Når du har realisert aksjar, er det berre
ubrukt skjermingsfrådrag frå tidlegare år
som reduserer den skattepliktige gevinsten.
Slikt skjermingsfrådrag kan maksimalt
redusere gevinsten til kroner 0. Dersom
det då står att ubrukt skjermingsfrådrag,
fell dette bort. Skjermingsfrådraget kan
ikkje brukast til å gje eller auke tap.
POST 421 SKATTEPLIKTIG GEVINST/
TAP (POST 408 - 420)
Skattepliktig gevinst på denne realiserte
anskaffinga.
Døme
Døme 1 – Utrekning av skjermingsfrådrag for året per aksje
For å gjere døma meir lesevenleg, har vi avrunda opp til næraste øre.
Du kjøpte 200 aksjar for kr 100 per aksje (inkl. kostnader) i 2013. Inngangsverdien din er då kr 100 per aksje. Alle aksjane var framleis i behald ved
utgangen av 2014. Du fekk ikkje utbytte i 2013 og har såleis eit ubrukt skjermingsfrådrag frå 2013 på kr 1,10 per aksje (skjermingsrenta var 1,1 % i 2013).
Inngangsverdi (post 310) + Ubrukt skjermingsfrådrag (post 311) = Skjermingsgrunnlag for året (post 312)
Kr 100 + kr 1,10 = kr 101,10 Skjermingsgrunnlaget for året er altså kr 101,10
Skjermingsrenta for 2014 er 0,9 %.
Skjermingsgrunnlag for året x skjermingsrenta (0,9 %) = skjermingsfrådrag for året (post 313)
kr 101,10 x 0,9 % = kr 0,91
Skjermingsfrådraget for året per aksje er då kr 0,91
I tabellen nedanfor ser du korleis nokre av postane i oppgåva di vil sjå ut:
310 Inngangsverdi per aksje
100
311 Ubrukt skjermingsfrådrag per aksje frå
tidlegare år
312 Årets skjermingsgrunnlag per aksje
(post 310+311)
1,10
101,10
313 Skjermingsfrådrag for
året per aksje
(post 312x0,9 %)
0,91
314 Samla skjermingsfrådrag per aksje du eigde
ved utgangen av året
(post 311+313)
2,01
Summen av skjermingsfrådraget for året og ubrukt skjermingsfrådrag frå tidligare år er det beløpet du kan ta imot i skattefritt utbytte. I dette
dømet utgjer det kr 1,10 + kr 0,91 = kr 2,01 per aksje. Totalt utgjer dette kr 402 for alle 200 aksjane.
Døme 2 – Endring av inngangsverdi på aksjar skaffa i 2014
I RF-1088 som du har fått, står det kr 80 i post 310 (Inngangsverdi per aksje). Desse verdiar står oppførte i oppgåva:
Inngangsverdi (post 310) + Ubrukt skjermingsfrådrag (post 311) = skjermingsgrunnlag for året (post 312)
Kr 80 + kr 0 = kr 80
Skjermingsgrunnlaget for året er rekna ut til å vere kr 80, og skjermingsfrådraget ditt i post 313 blir rekna ut til kr 0,72 per aksje
(kr 80 x skjermingsrenta på 0,9 %) – sjå òg tabell 1 i døme 4.
Du meiner at inngangsverdien er feil fordi du i 2014 betalte kr 120 per aksje (inkl. kostnader), og du endrar det førehandsutfylte beløpet i post 310.
Det fører til at skjermingsgrunnlaget for året blir kr 120.
Skjermingsgrunnlag for året x skjermingsrenta (0,9 %) = skjermingsfrådrag for året (post 313)
kr 120 x 0,9 % = kr 1,08 Skjermingsfrådrag for året per aksje blir da kr 1,08 (sjå òg tabell 2 i døme 4).
Slik rettar du dei aktuelle postane i oppgåva:
310 Inngangsverdi per aksje
80
120
311 Ubrukt skjermingsfrådrag per aksje frå
tidlegare år
0
312 Skjermingsgrunnlag for
året per aksje
(post 310+311)
80
120
313 Skjermingsfrådrag for
året per aksje
(post 312 x 0,9 %)
0,72
1,08
314 Samla skjermingsfrådrag per aksje du eigde
ved utgangen av året
(post 311+313)
0,72
1,08
På grunn av at du endra ein feilaktig inngangsverdi, har skjermingsfrådraget for året per aksje auka frå kr 0,72 til kr 1,08. På 1000 aksjar vil du
kunne ta imot kr 1 080 i skattefritt utbytte i 2014.
9
Døme 3 – Utrekning av skattepliktig utbytte på aksjar som er i behald ved utgangen av 2014
Du kjøpte 200 aksjar for kr 100 per aksje (inkl. kostnader) i 2013. Inngangsverdien din per aksje er då kr 100 per aksje. Alle aksjane er framleis i
behald ved utgangen av 2014. Du fekk ikkje utbytte i 2013, og har såleis eit ubrukt skjermingsfrådrag frå 2013 på kr 1,10 per aksje (skjermingsrenta
var 1,1 % i 2013). Skjermingsfrådraget for året per aksje er rekna ut til kr 0,91 (sjå døme 1).
I 2014 får du kr 1 400 i utbytte, noko som utgjer kr 7 i utbytte per aksje. I tabellen nedanfor ser du korleis nokre av postane i oppgåva di vil sjå ut.
310 Inngangsverdi
per aksje
100
311 Ubenyttet
skjermingsfradrag per
aksje fra
tidligere år
312 Årets
skjermingsgrunnlag
per aksje
(post 310+311)
1,10
319 Talet på aksjar
101,10
320 Motteke utbytte per
aksje
200
313 Skjermingsfrådrag for året
per aksje (post
312x0,9 %)
314 Samlet
skjermingsfradrag per aksje
du eide ved
utgang av året
(post 311+313)
0,91
2,01
321 Brukt skjermingsfrådrag
per aksje
7
315 Brukt
skjermingsfrådrag per aksje
2,01
0
322 Skattepliktig utbytte
per aksje (post 320-321)
2,01
316 Ubrukt
skjermingsfrådrag per aksje
som blir overført til neste år
(post 314–315)
323 Skattepliktig utbytte
(post 319x322)
4,99
998
Post 321 viser summen av skjermingsfrådrag for året og ubrukt skjermingsfrådrag frå tidligare år som reduserer skattepliktig utbytte. I dette
dømet skal du betale skatt for kr 998 av det mottekne utbyttet på kr 1 400. Du må kontrollere at kr 998 er ført opp i post 3.1.5 sjølvmeldinga.
Døme 4 – Skattepliktig utbytte ved endring av inngangsverdi for aksjar du skaffa deg i 2014
Nokre av postane i RF-1088 ser slik ut når du får oppgåva. Du fekk kr 7 i utbytte per aksje på 200 aksjar.
Tabell 1 i døme 4
310 Inngangsverdi
per aksje
80
319 Talet på aksjar
200
311 Ubrukt skjermingsfrådrag per aksje frå
tidlegare år
312 Skjermingsgrunnlag for
året per aksje
(post 310+311)
0
320 Motteke utbytte per
aksje
80
321 Brukt skjermingsfrådrag
per aksje
7
0,72
313 Skjermingsfrådrag for
året per aksje
(post 312 x 0,9 %)
0,72
322 Skattepliktig utbytte per
aksje (post 320-321)
6,28
314 Samla skjermingsfrådrag per
aksje du eigde ved utgangen av
året (post 311+313)
0,72
323 Skattepliktig utbytte
(post 319x322)
1256
Du endrar den førehandsutfylte inngangsverdien frå kr 80 til kr 120, sjå døme 2. Sidan oppgåva er førehandsutfylt med feil inngangsverdi, vil det
skattepliktige utbyttebeløpet som står i post 323 i oppgåva òg vere feil. Endrar du inngangsverdien, må du rekne ut det skattepliktige utbyttet på
nytt og rette det førehandsutfylte beløpet i post 3.1.5 i sjølvmeldinga. Endra inngangsverdi fører med seg endra skjermingsfrådrag i post 313, sjå
døme 1 og 2 for informasjon om korleis du reknar ut skjermingsfrådraget for året.
Etter at du har endra inngangsverdien i post 310 til kr 120, vil skjermingsfrådrag for året per aksje i post 313 være kr 1,08 per aksje. Då har du dei
beløpa du treng for å rekne ut det endra skattepliktig utbyttet i post 322.
Slik skal postane sjå ut etter at du har endra inngangsverdien og rekna om det skattepliktige utbyttet.
Tabell 2 i døme 4
310 Inngangsverdi
per aksje
120
319 Talet på aksjar
200
311 Ubrukt skjermingsfrådrag per aksje frå
tidlegare år
312 Årets skjermingsgrunnlag
per aksje (post 310+311)
0
320 Motteke utbytte per
aksje
120
321 Brukt skjermingsfrådrag
per aksje
7
1,08
313 Skjermingsfrådrag for
året per aksje
(post 312 x 0,9 %)
1,08
322 Skattepliktig utbytte per
aksje (post 320-321)
5,92
314 Samla skjermingsfrådrag per
aksje du eigde ved utgangen av
året (post 311+313)
1,08
323 Skattepliktig utbytte (post
319x322)
1184
Du endrar beløpet i post 3.1.5 i sjølvmeldinga frå kr 1 256 til kr 1 184.
Døme 5 – Kjøp – Utbytte – Sal – Utbytte
2013
Per skaffa seg 100 aksjar à kr 1 000 1. oktober 2013. Han fekk ikkje utbytte på aksjen i 2013.
Per har då eit ubrukt skjermingsfrådrag frå 2013 = kr 11 per aksje (skjermingsrenta for 2013 var 1,1 %)
2014
I april får Per utbytte på alle aksjane han kjøpte i 2013. I juli sel Per halvparten av aksjane sine. I desember får han utbytte på dei resterande
50 aksjane som er i behald ved utgangen av 2014. Merk! På dei selde aksjane er det berre ubrukt skjermingsfrådrag frå 2013 som kan brukast til
å redusere skattepliktig utbytte/gevinst (skjermingsrenta for 2014 er 0,9 %).
1. april
1. juli
1. des
10
utbytte på kr 10 per aksje
(totalt kr 10 x 100 = kr 1 000)
sal av 50 aksjar for kr 1 100 per aksje (totalt kr 1100 x 50 = kr 55 000)
utbytte på kr 10 per aksje
(totalt kr130 x 50 = kr 500)
Behaldningsopplysningar
Aksjar du eigde ved utgangen av året
Oversikt over aksjar du eigde ved utgangen av året. Kvar anskaffing blir vist på ei eiga linje. For meir informasjon, sjå rettleiinga.
307
Anskaffelsesdato
308
Anskaffelsestype
309
Talet på
aksjar ved
utgangen av
året
310
Inngangsverdi per
aksje
311
Ubrukt skjermingsfrådrag
per aksje frå
tidlegare år
312
Skjermingsgrunnlag
per aksje
for året(post
310+311)
313
Skjermingsfrådrag for året
per aksje (post
312x0,9 %)
314
Samla skjermingsfrådrag per aksje
du eigde ved
utgangen av året
(post 311+313)
315
Brukt
skjermingsfrådrag per
aksje
316
Ubrukt skjermingsfrådrag per aksje
som blir overført
til neste år (post
314–315)
01.10.13
Kjøp
50
1000
11
1011
9,10
20,10
20
0,10
Utbytteopplysningar om aksjar du eigde ved utgangen av året
Oversikt over motteke og skattepliktig utbytte. Kvar realiserte anskaffing du har fått utbytte på blir vist på ei eiga linje. For meir informasjon, sjå rettleiinga.
317
Anskaffingsdato
318
Utbyttedato
319
Talet på aksjar
320
Motteke utbytte per
aksje
321
Brukt skjermingsfrådrag per aksje
322
Skattepliktig utbytte per aksje
(post 320-321)
323
Skattepliktig
utbytte (post
319x322)
01.10.13
01.04.14
50
10
10
0
0
01.10.13
01.12.14
50
10
10
0
0
Realisasjonsopplysningar
Utbytteopplysningar for realiserte aksjar
Oversikt over motteke og skattepliktig utbytte. Kvar anskaffing du har fått utbytte på blir vist på ei eiga linje. For meir informasjon, sjå rettleiinga.
409
Anskaffingsdato
410
Utbyttedato
411
Antall aksjer
412
Motteke
utbytte per
aksje
413
Ubrukt skjermingsfrådrag
per aksje frå
tidlegare år
414
Brukt
skjermingsfrådrag per
aksje på dette
utbyttet
415
Skattepliktig
utbytte per
aksje
416
Skattepliktig
utbytte (post
411x415)
417
Rest ubrukt
skjermingsfrådrag
frå tidlegare år
per aksje (post
413-414)
01.10.13
01.04.14
50
10
11
10
0
0
1
Realiserte aksjer
Oversikt over motteke og skattepliktig utbytte. Kvar realiserte anskaffing du har fått utbytte på blir vist på ei eiga linje. For meir informasjon, sjå
rettleiinga.
403
Anskaffingsdato
404
Realisasjonsdato
418
Talet på
aksjar
405
Antall
realiserte
aksjer
406
Realisasjonsvederlag per
anskaffing
407
Inngangsverdi per
realisert
anskaffing
408
Gevinst/tap før
skjermingsfradrag (post
406-407)
419
Rest
ubenyttet
skjermingsfradrag fra
tidligere år
420
Skjermingsfrådrag på
denne
realisasjonen
421
Skattepliktig
gevinst/tap
(post
408-420)
01.10.13
01.07.14
Salg
50
55 000
50 000
5 000
50
50
4950
Oversikt over aktuelle skjema for
aksjonærar
RF-1088F
Aksjeoppgåva 2014 – Forenkla
Gjev ei enkel oversikt over aksjane og
aksjeinntektene dine som er registrerte
i Skatteetaten sitt aksjonærregister. Du får
denne i posten. Du må kontrollere denne
oppgåva før du leverer sjølvmeldinga. Ved
behov for korrigering, bruk helst elektronisk
innlevering (RF-1088K i Altinn).
RF-1088D
Aksjeoppgåva 2014 – Detaljert
Ei meir spesifisert og detaljert oversikt
over alle dine aksjar, aksjeinntekter og
frådrag (skjerming) som viser korleis
Skatteetaten har kome fram til dei skattepliktige beløpa. Denne finn du som PDF
i Altinn.
RF-1088K
Aksjeoppgåva 2014 – Korrigerbar
Denne oppgåva finst berre i Altinn, og
berre dersom du har skaffa deg eller
realisert aksjar i 2014. Her gjer du endringar
i inngangsverdi og realisasjonsvederlag.
Når du leverer denne oppgåva med
endringar, vil du etter nokre få dagar få
ei ny oppgåve (RF-1088R – Rekalkulert)
med oppdaterte skattepliktige beløp.
RF-1088R
Aksjeoppgåva 2014 – Rekalkulert
Ei oppdatert oppgåve du får som PDF i
Altinn etter å ha levert endringar i oppgåva
elektronisk. Her står oppdaterte skattepliktige beløp som skal stå i sjølvmeldinga.
RF-1088S
Aksjeoppgåva 2014 – Selskap
Denne oppgåva er meint for selskapsaksjonærar, og er berre til orientering for
selskapa. Den ligg som PDF i Altinn.
RF-1059
Aksjar og fondspartar m.m. 2014
Oppgåva skal fyllast ut av personlege
skattytarar for eigde eller selde aksjar
og fondspartar som ikkje står oppførte
i RF-1088 Aksjar og eigenkapitalbevis 2014,
eller der RF-1088 tilseier at RF-1059 skal
fyllast ut. Dette gjeld òg for utanlandske
aksjar/fondspartar, og for teikningsrettar
og tildelingsbevis.
11
Gitt ut av:
Skatteetaten
Februar 2015
Design og layout:
TRY Asap
RF-2033 N
skatteetaten.no