REFERAT FRA HANDBALLSTYRET Møtenummer: 2 -2015 Sesongen 2014/2015 Frammøtte:, Lill-Marete Egge Lye, Oddvar Dubland, Christopher Forsmo, Marianne Sør-Reime, Møyfrid Njærheim og Ellen Johansen Fråfall: Ernst Mæland, Jorunn Varhaug og Elin Hobberstad Sted: Idrettshuset, handballromet Dato/kl: Tysdag 27 januar 2015 kl 19.30-21.30 Sak 5/15 Godkjenning av referat og innkalling Innkalling godkjent, referat godkjent med desse kommentarane: AK28: me må få inn påmeldinga, slik at me får meldt på laga og betale påmeldingsavgift. Buss er bestilt, og Møyfrid tek kontakt med dei, med ønske om ein sentral overnattingsplass. Årsfest: Her skal det deles ut diploma, og innsatspokalar, må finne nokon som kan dela desse ut. Årsmøte: alt under kontroll Sak 6/15 Økonomi Budsjettet arbeider me vidare med på neste møte, alle talla er enda ikkje på plass. Sak 7/15 Banedagbok Christopher finner dommar til neste søndag, samt tek kontakt med klubbdommarane angåande kven som fortsetter til neste år. Sjekkar òg opp kven som kan tenke seg å melde seg på dommar 1 kurs til hausten. Dette legges frem på neste møte. Sak 8/15 Festing av handballmål Dei store måla i hallen må sjekkast opp, om det kan være andre mogligheiter for å feste dei meir. Oddvar sjekkar opp om det er mogligheit for dette, eventuelt pris på nye mål, med heis. Minihandballmåla i hallen har skikkelig festeanordning, dei som står på barneskulen skal kun brukast saman med sandsekker, Ellen tek med seg 2 nye ned. Slik at ein har 2 på kvart mål. Sak 9/15 Dugnad Har fått inn spørsmål om at me vil ha dugnad frå Jæren forlag, går ut på å selje nokre bøker. Dette blei stemt ned av styret. Har også fått forespørsel om dugnad i forbindelse med Tour the fjords, dette ynskjer me meir info om før me svarar på denne dugnaden. Ellen sjekkar dette. Eventuelt: Idrettsregistrering – Lill-Marete sjekkar opp med administrasjonen om dette er i rute. Aktivitetsserie neste helg - Møyfrid sender informasjon til trenarane det gjeld Keepertrening – Lill-Marete snakkar med Ole Ernst om dette Bekledning lagleiarar/oppmenn på kamp – Alle skal være i kledd i alle fall overdel som viser sponsorar. Lill-Marete sender ut ny mail til lagleiarar /oppmenn angåande dette. Lill-Marete Egge Lye -referent-
© Copyright 2024