NR.3 • 2015 • 56. ÅRGANG Innhald I kyrkjeporten..................................2 Visst skal våren komme ..........2 Kvifor feirar me pinse?...................3 Kyrkjevalet 2015 .......................4 Orgelet i Leveld .........................4 Å se hele mennesket .................5 Du er så fin og eg bryr med om deg ................ 5 Bispevisitas ............................... 6 Konfirmasjon ............................6 Vi går i kyrkja .......................... 7 Vårhilsen fra Kambodsja ........8 Foto: Øystein Kilde. (Ulf Christiansson til høyre, Anders Mossberg til venstre) ROCKEBANDET JERUSALEM TIL ÅL Vi er utrolig stolte av å kunne få presentere det legendariske svenske kristne rockebandet Jerusalem. «Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk» Joh. 14, 26. Bandet er nå endelig tilbake på Ål! Sist de var på Ål spilte de i ferieparken på Holy Riders Pilegrimstreff ! Jerusalem ga for få år siden ut plata «She» og bandets frontfigur Ulf «Uffe» Christiansson er aktuell med selvbiografien sin: «Det var värt altihop». Gruppa har 40 års-jubileum i år, og når Jerusalem søndag 31. mai kl. 18 står på scenen på Sundrehall er det bare dager før gruppa endelig får oppfylt ett av sine store mål, nemlig å spille på den verdslige store svenske musikkfestivalen Sweden Rock. Sweden Rock Magazine kåret for ett par år siden stemmen til Uffe som den beste rockestemmen i Sverige! Ellers er Anders Mossberg tilbake på bassen. Anders har spilt med Jerusalem på 5 av platene og har turnert mye med bandet. Han er en skikkelig Jerusalem-veteran! Jerusalem er bandet, som unge på 70 og 80 tallet bygde sin tro på! De står fremdeles fjellstøtt, er like aktuelle, OG de er tilbake på Ål! Øystein K. MEIR HIMMEL PÅ JORDA Me har ulike interesser og innfallsvinklar. Slik også i redaksjonsnemnda. Eg «kom heim» i soknerådsarbeid for 10 år sidan. Dermed kjenner eg til tillitsmannsarbeidet, og korleis dette arbeidet artar seg. Noko lokalt arbeid er grunna i tradisjon og behov, noko er pålagt av administrasjon, og noko kjem frå «byen», dvs bispedøme- og kyrkjemøtenivå. Som rimeleg fersk i kyrkjebladnemnda fekk eg lov å ha nær kontakt med soknerådet på Torpo: Eg er flugu på veggen! Sist møte hadde «me» besøk av prost Vigdis. Og ho hadde som venteleg mykje å fara med. Mellom anna hadde ho med seg ein fin plakat: På Kyrkjemøtet 2014 vart det vedteke ny visjon for Den norske kyrkja! No skulle me kanskje tru at me HAR EIN visjon, og at den er 1985 år gamal, eller 2015 år, om du vil rekne frå år 0. Men me må fylgje tida og ha ein ny visjon om lag kvart fjerde år. Dette har med satsingsområde og utvikling å gjera. Dessutan skal ordlyden vera ny og hipp. No trur du kanskje at eg er skeptisk til alt nytt, men fullt so galen er eg ikkje. Men eg følte meg Hjarteleg velkomen då eg vart møtt med «Kom heim», og salma til Edward Hoem passa meg ganske godt! «Meir himmel på jorda» - er slagordet. «Kyrkja vitnar i ord og gjerning om frelse, fridom og håp i Jesus Kristus ved å vera: vedkjennande, open, tenande og misjonærande.» Vidare er det mange punkt som forklårar dette og ynskja me har for kristenlivet 2015-2018. Denne vil du finne i Våpenhuset på Torpo, eller på: http://kirken.no/globalassets/kirken.no/omkirken/slik-styres-kirken/kirkemotet/2013/ visjon_15_18_nynorsk.pdf (Det var langt å bla seg fram, trur det var enklare på den gamle nettsida.) Men kanskje me kan få kyrkjekontoret til å legge det på heimesida til Ål? Smålåten er eg, men ikkje meir enn at eg saksar det eg vil: Fleire har gjeve uttrykk for at nynorskversjonen er flottast, td redaksjonsmedlem i Luthersk Kirketidende, prest Hege E Fagermoen. Det kan eg ikkje vera usamd om! Olav Moen, flugu. Visst skal våren komme! Vårsola har allereie sett sine spor rundt oss! Lite visste vel Ål kantori og Voss kantori om at dei inviterte til vårkonsert i Ål kyrkje på ein sommardag i april! Dei to kora har samarbeidd før og denne gongen var det verket med jazzinspirerte tonar av Eyvind Skeie og Sigvald Tveit som var øvd inn. Fleire har nok eit forhold til enkelte av songane og no fekk me høyre verket i sin heilskap. Dirigentane Audun Flaen og Magnus Kløften delte på å leie det heile. Tonefylgje fekk me av lette fløytetonar, klaver og contrabass. Det var tydeleg at det var lagt vekt på både det musikalske og det lyriske. Koristane leika seg gjennom tekst og tonar og formidla verkeleg songar om håp! Som solist presenterte Sigurd Rotvik Tunestveit vare og varme vårtonar! Tekstane som batt det heile saman er henta frå Johannes Openberring. Mange hadde funne vegen til kyrkja og dei kunne gle seg både over våren og flott musikk denne laurdagen. Tekstane viser prøvelsane livet set oss på og dei ber på ein lengt etter det nye, om håpet, våren og det evige livet. «Du vind som varmer meg, du puls som bærer meg, du trygge åndedrag av dyp barmhjertighet, i dine åndedrag av fred lar du meg bo». Songen varierer mellom lette, dansande viser til meir melankolske songar. Det kunne ein sjå på hovuda til dei frammøtte som fylgde rytmen i benkeradene. Kora tok med seg verket til Voss dagen etter. Så det vart spreidd vårsong om håp på båe sider av fjellet! Eg gjekk lett til kyrkja fordi denne konserten hadde eg gledd meg til! Eg letta nesten på veg heim for dette var ein god start på våren som er like ny i år som åra før: «Visst skal våren komme, visst skal jorden bli ny! Visst skal solen flomme fra en himmel uten sky! Visst skal noen danse, visst skal noen le! Visst skal barna klatre høyt i livets tre. Alt det gamle byttes ut, snart blir verden ny! Visst skal våren komme!» TN Kvifor feirar me pinse? TORE ARNEGARD Det er sant at jula sin bodskap er heilt grunnleggjande for den kristne trua: Gud vart menneske. Utan det, ingen frelse eller kristen kyrkje. Det er òg sant at påska sin bodskap er heilt grunnleggjande for den kristne trua: Jesus døydde til soning for våre synder, og han sigra over døden då han stod opp frå dei døde. Utan dette ingen frelse eller kristen kyrkje. Så er det òg sant at pinsa sin bodskap er heilt grunnleggjande for den kristne trua: Læresveinane til Jesus hadde sett og høyrt alt det som hadde hendt i påska. Også i samband med himmelfarten, men dei forstod enno ikkje kva det tydde. Dei var enno redde og veike. Dei torde ikkje fortelja om Jesus til andre. Då var det at Gud sendte Den Heilage Ande. Han forklara for dei kva Jesu død og oppstode tyder, så dei forstod det. Han gav dei kraft og frimod til å fortelja det til andre. Guds Ande gjorde det slik at mange av dei som høyrde det, forstod det. Kom så til ei levande tru på Jesus som Frelsar og Herre. Den fyrste kristne kyrkjelyden vart skapt. Utan det, ingen frelse eller kristen kyrkje. Me feirar difor pinse som ei av dei tre store høgtidene til den kristne kyrkja. Dette overalt på jorda i ei verdsvid kyrkje. Pinsa er kyrkja sin fødselsdag. Det er difor god grunn for fest! Pinsa, den tredje store høgtida, er Den Heilage Ande si høgtid – den tredje personen i guddomen. Guds Ande sin gjerning er grunnleggjande sett ein skapargjerning. Den Heilage Ande skapar liv. Den Heilage Ande skapar tru. Meir utførleg kan me seia at Den Heilage Ande har tre oppgåver hjå oss i den kristne kyrkja: 1. Han overtyder om synd. Jesus seier i Johannes at når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd, rettferd og dom er. Mange vil seia at det er unødvendig. Me veit vel så godt sjølve om våre eigne feil, og at me ikkje strekk til. Men det er berre Den Heilage Ande som kan få oss til å forstå at det me gjer gale er synd overfor Den Heilage Gud, slik at me forstår at me har bruk for Jesus. 2. Han herleggjer Jesus. Om me så vender oss til Jesus med våre synder for tilgjeving og frelse, så gjer Den Heilage Ande det slik at me forstår av hjarta at Jesus Kristus verkeleg er Frelsaren. I Joh 15,26 seier Jesus: «Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg.» Og i Joh 16,14 står det skrive: «Han skal herleggjera meg, for han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk.» 3. Han heilaggjer og utrustar til teneste. Ved dåpen og trua føder Guds Ande oss på ny. Me skal leva eit nytt liv i omvendig frå synda, det vonde. Til Gud, det gode og det nye livet! Den Heilage Ande skapar gode frukter i livet til den kristne, slik som kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik og tru- skap (Gal 5,22). Saman med nåden gjev Den Heilage Ande oss nådegåver, utrusting til ulike tenester, for at kyrkjelyden skal verta bygd opp. Når desse mange forskjellige Anden sine gåver er i funksjon hjå alle kristne, veks Jesu Kristi kyrkje på jord. Kvar gong kyrkjeklokkene ringjer 3 x 3 slag, seier eg inni meg: Gud Fader, Son og Heilag Ande: Det er Gud Fader som har skapt meg, og som held meg oppe. Gud Fader, Son og Heilag Ande: Det er Jesus Kristus som er død og oppstaden for meg. Gud Fader, Son og Heilag Ande: Det er Den Heilage Ande som forklarar alt dette for meg. God pinsefest! 3 Kyrkjevalet 13. – 14. september Står du i manntalet? Alle kyrkjemedlemer som kan stemme ved valet vil få tilsendt eit valkort. Registeret for DNK sine medlemer, d.v.s. det kyrkjelege manntalet blir lagt fram til gjennomsyn frå 10. august – 1. september på Ål kyrkjekontor. Er du i tvil om medlemsskapet ditt, kan du stikke innom, sende ein e-post eller ringe. Ved valet i 2011 var det dessverre enkelte medlemer som ikkje stod oppført i det lokale manntalet, og dei kunne ikkje røyste – dette håpar me blir retta opp før valet til hausten. Men har du fått valkort, vil du få avgi stemme sjølv om du ikkje er oppført i medlemsregisteret for ditt lokale sokn. Orgelet i Leveld I 1964 mottok kyrkja ei stor pengegåve frå Sigrid og Asle Arnegård til nytt orgel i Leveld. I 1966 kunne kyrkjelyden gle seg over det nye orgelet som sto ferdig. Orgelet har altså gjort teneste i snart femti år. Førehandsrøysting I tida 10. aug. – 11. sept. kan du møte opp på Ål kyrkjekontor for å røyste på førehand. Dette vil bli kunngjort nærare. 6. 7. 8. 9. Vigdis Gåsterud Svein Ove Stølen Anne Kristine Tveit Wenche Smestad Kandidatlister Desse er no klare frå nominasjonsnemndene si side og ser slik ut: Ål 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. Øystein Kilde Anne Karina Urving Tunestveit Einar Brattegard Anne Kristin Thoen Pål Kasper Mikkelrud Berit Hajem Anders Bekkestad Toril Stadsvoll Sønsteby Morgan Slåtto Dagrun Kristine Aas Ilstad Tor Egil Kaslegard Stein Ove Thon Gunn Elen Arneberg Hansen Wencke Skår-Ekse Kari Inger Drågen Brye Leveld 1. Torfinn Slåtto 2. Inger Haug 3. Elin Nordheim 4. Harald Olsen Skrinde 5. Oddveig Skrindo Tveitehaug 6. Jorunn Teksle Gurigard 7. Lars Kaslegard 8. Berit Hovdegard 9. May Rose Brattegard Torpo 1. Olav Moen 2. Ove Bråten 3. Ingunn Slåtten 4. Eldbjørg Moen 5. Sigrid Johnsrud Det var ikkje uvanleg at det vart gjort litt for lettvinte løysingar ved orgelbygging på denne tida, og orgelet i Leveld er ikkje noko unntak. Orgelet er sett saman av piper av ymis kvalitet frå fleire eldre instrument utan at pipene er tilpassa kvarandre. Det gjer at stemmene ikkje kling saman. Andre problem er luft lekkasje og at orgelet er tungt å spela på. Etter som tida har gått, har organistane måtta slutte å bruke delar av orgelet fordi det rett og slett let stygt. Spørsmålet er faktisk kor lenge orgelet kan brukast. No er me i den heldige situasjon at me har fått ein orgelbyggar til å gjera om orgelet. To av dei verste stemmene blir bytta ut og heile orgelet blir intonert (tilpasse stemmene til å klinge saman), mekanikken blir utbetra og justert slik at orgelet blir betre å spela på. 4 Det nye felles soknerådet "Leveld, Torpo og Ål sokneråd" får slik samansetting: 2 frå Leveld, 2 frå Torpo og 4 representantar frå Ål. Føremålet med denne utbetringa er fyrst og fremst å få eit instrument som fungerer godt til å leie song ved gudstenester, gravferder og vigslar, men det vil også bli meir aktuelt å bruke orgelet ved konsertar, songkveldar o.l. Det klanglege har fyrste prioritet i prosjektet, men me får ein bonus i at orgelet får ny fasade som blir tilpassa interiøret og rommet. Leveld sokneråd har sett av pengar til utbetring av orgelet, men for å få gjort det som er naudsynt trengs det noko meir. Me håpar folk set pris på at det er orgelmusikk ved kyrkjelege handlingar og at nokon vil støtte prosjektet. Gåver til orgelprosjeketet kan betalast til Leveld sokneråd kontonr. 2320 20 37712, merka orgel. Å se hele mennesket Ni av ti nordmenn tilhører et troseller livssynssamfunn. Hvor aktiv man er eller hvordan man utøver sin tro er forskjellig, men ofte blir undringene tydeligere når livet kommer ut av komfortsonen. I 2009 påla departementet helsetjenesten å planlegge troog livssynsutøvelse for pasienter i institusjon og hjemmetjeneste. Dette rundskrivet har vist seg å skape utfordringer for flere enn en kommune. Du husker kanskje kursserien «Godt liv hele livet». Gjennom fem kvelder ble det fokusert på samarbeid, hverdagsliv og eksistensielle spørsmål til ansatte i helsetjeneste og kirker i Hallingdal. Kursserien fi kk så mange påmeldinger at noen måtte stå på venteliste og kom ikke med. Erfaringen viser at både tjenesteytere, pårørende og tjenestemottakere har behov for kunnskap og veiledning om hvordan man kan legge til rette for pasientens ønsker for tros- og livssynspraksis, men det er behov for enkle verktøy. Bispedømmekontoret i Tunsberg har utarbeidet heftet «Tro og håp». Heftet er et verktøy med enkle tekster og sanger til bruk når smerte, angst, og uro gjør hverdagen utfordrende. Gjennom enkle tekster, etiske refleksjoner og samarbeid med tro- og livssynsutøvere er det et mål at helsepersonell skal kunne gå inn i disse utfordringene, og samtidig være trygge på egen innsats. De fleste av oss synes det er utfordrende å snakke med andre om tro- og livssyn, og langt mindre tenke tanken på å skulle veilede andre. Det er fort å føle seg usikker og hjelpeløs. Ofte unngås situasjonen eller temaet overlates til andre. Tjenesteytere er opptatt av å være livssynsnøytrale i møte med pasienten. Balansen mellom eget ståsted og pasientens trosbehov kommer fort i konflikt med hverandre. I løpet av kort tid vil du som helsepersonell eller pårørende finne heftet «TRO OG HÅP» på alle sykehjem i fylket vårt. I november 2015 arrangerer vi sammen med Kirkens medarbeidere en dagskonferanse over samme lest som «Godt liv hele livet. Gjennom faglig påfyll, inspirasjon og tid for dialog håper vi den enkelte tjenesteyter styrkes og trygges i sin hverdag i møte med disse spørsmålene. Ønsket er å gjøre utfordrende øyeblikk litt lettere å møte, og at vi sammen kan utnytte hverandres kompetanse på tvers av arbeidsgrenser. Gå ikke glipp av denne unike muligheten til å høre både Per Arne Dahl og Magnar Kleven. Husk å se etter kursinvitasjon i løpet av sommeren, og meld deg på. Her blir det rift om plassene. Borghild Ulshagen Du er så fin og eg bryr meg om deg… Ein stille og var folketone høyrest i kyrkjestugu på Ål. Det er onsdag formiddag. Ein flokk foreldre har kome hit med sine små og er klare for sangstund. Me samlast i ring rundt teppet på golvet. «Vel møtt her igjen alle mine venner»… Alle borna får eit vers kvar på namnesangen og vidare følgjer songar, dans og regler. Småbarnssangen har fokus på samspel. Songane me nyttar skal hjelpe oss til å ta på (berøre) barnet, bruke blikket og stemma. Dette er ei kosestund for mor/far og barnet eller borna som er med. Stemme, rørsle, blikk og berøring er viktig for all kommunikasjon. Akkurat di stemme er den vakraste for barnet ditt. Repertoaret er henta frå gode gamle tradisjonssongar, kristne barnesongar og nyare mellodiar. At til å med små born kjenner att songane frå gong til gong er spennande å sjå. Når bein og armar går som «trommestikker» viser dei at dei kjenner att t.d. «Bom-chicka-bom» og store augo og smil følgjer såpeboblane når me kvar gong avsluttar med «Kjære Gud, eg har det godt». Me startar opp med nytt småbarnssang-semester til hausten. Er du interessert så følg med på nettsida til kyrkja, «Småbarnssang 2015» på facebook eller ta kontakt med kyrkjekontoret. 5 Foto: Håvard Krogedal Bispevisitas Høsten 2015 blir det bispevisitas i Hallingdal. Fra 16. – 29. november vil dette prege alle menighetene i prostiet. Tidligere var vistas begrenset til ett prestegjeld, som det da het, om gangen. Nå vil vårt bispedømme prøve ut en ny ordning for visitas, der man ser hele prostiet under ett. Underveis vil biskopen møte både ansatte, frivillige medarbeidere og rådsledere. Det legges også opp til en inspirasjonskveld for de nyvalgte menighetsrådene. Det er viktig at biskopen møter menighetene, og at menighetene møter ham. Derfor vil biskopen sette av en dag i hver kommune. Vi ser for oss tre kveldsarrangement på prostiplan. Blant annet en kirke- og kulturfest, slik vi hadde da biskopen besøkte Hallingdal i november. Visitasgudstjenesten, som avslutter visitasen, tenkes lagt til Geilo kulturkyrkje første søndag i advent. Den dagen er det fem år siden kirken ble vigslet. Detaljert program for visitasen blir presentert når det foreligger. LEVELD KYRKJEGARD Leveld Bygdekvinnelag vatnar alle graver på kyrkjegarden i sommar. Vil du gje eit tilskot til dette, blir det motteke med takk! Kontonummeret er 2320.20.60439. 6 KYR K J E B L AD FO R ÅL 2 • 1 5 KONFIRMASJON Sokneråda i Ål, Torpo og Leveld har gjort fylgjande vedtak: Det blir normalt avvikla 4 konfirmasjonsgudstenester i Ål. som det er konfirmasjon i Leveld – inntil 16 konfirmantar. Ei konfirmasjonsgudsteneste i Ål kyrkje 2. sundag i mai (viss 1. mai er sundag, blir det konfirmasjon 3. sundag i mai) – inntil 16 konfirmantar. Ved fleire interesserte enn 16 konfirmantar, blir det avgjort ved loddtrekking kven som får laurdagskon firmasjon. Ei konfirmasjonsgudsteneste i Torpo kyrkje 1. sundag i mai (viss 1. mai er sundag, blir det konfirmasjon 2. sundag i mai) – inntil 10 konfirmantar. Gjennomføring av konfirmasjonsgudsteneste laurdag føreset at denne dagen er ønska av tilstrekkeleg mange, slik at det er plass til resterande konfirmantar i dei andre konfirmasjonsgudstenestene. Her tek ein omsyn til både talet på konfirmantar i kvart sokn og ønske om konfirmasjon i anna sokn. Viss for få ynskjer laurdagskonfirmasjon, blir det 2 konfirmasjonsgudstenester i Ål kyrkje sundag, om talet på konfirmantar tilseier det. Ei konfirmasjonsgudsteneste i Leveld kyrkje 1. sundag i juni (viss det fell saman med pinsedag, blir det konfirmasjon 2. sundag i juni) – inntil 8 konfirmantar. Ein laurdagskonfirmasjon i Ål kyrkje, felles for alle sokn, same helg VI GÅR I KYRKJA 24.05.2015 Torpo kyrkje Høgtidsgudst Ål kyrkje Høgtidsgudst Leveld kyrkje Høgtidsgudst REDAKSJONSKOMITE: Magny Reinton Folkedal Borghild Ulshagen Arne Jensen Olav O. Moen Bankgiro: 2320.20.70272 ADRESSE: Postboks 140, 3571 Ål UTGJEVAR: Sokneråda i Ål, Torpo og Leveld GRAFISK PRODUKSJON: Kreator Kommunikasjon AS 3570 Ål • Telefon 3208 2560 ÅL PRESTEGJELD KYRKJEKONTORET Ope tysdag – fredag kl. 08.30–14.00 Tlf. 32 08 61 61 Vakttlf. kl. 17.00–08.00 + helgane 954 71 644 [email protected] www.aal.kyrkja.no Prost/spr. Sokneprest Prest/rådgj. Prostiprest Kyrkjeverje Sekretærar Vigdis M. Storhaug Frank Vorhaug Arne Lie Arne Jensen Kjellfred Dekko Magny R. Folkedal Guro Stave Kantor Audun Flaen Organistar Ingunn S. Lie Håkon Tveito Diakon Bente K. Sletten Kyrkjelydsped. Johanne Marie Jordet Reinhaldar Gro Thoen Kyrkjetenarar Nils Medgard Håkon Tveito Per Hermann Kolsrud Soknerådsleiarar: Ål Øystein Kilde Torpo Anne Torild Grødum Leveld Ingvard Solberg Fellesrådsleiar: Ingvard Solberg Pinsedag 10.00 11.00 12.00 31.05.2015 Treeiningsdagen Ål kyrkje 11.00 Gudsteneste 07.06.2015 2. s. i tree.tida Leveld kyrkje 10.30 Konfirmasjonsgudst Leveld kyrkje 12.30 Konfirmasjonsgudst 14.06.2015 Torpo kyrkje Gudsteneste Ål kyrkje Kveldsmesse 3. s. i tree.tida 11.00 19.00 21.06.2015 4. s. i tree.tida Vats Fjellkyrkje 11.00 Gudsteneste 28.06.2015 Ål kyrkje Gudsteneste 5. s. i tree.tida 11.00 05.07.2015 Torpo kyrkje Gudsteneste Aposteldagen 11.00 12.07.2015 Leveld kyrkje Gudsteneste 7. s. i tree.tida 11.00 19.07.2015 Ål kyrkje Gudsteneste 8. s. i tree.tida 11.00 DØYPTE 26.07.2015 9. s. i tree.tida Nystølskyrkja 11.00 Gudsteneste Torpo stavkyrkje 18.00 Olsokmesse 02.08.2015 Leveld kyrkje Gudsteneste Ål kyrkje Kveldsmesse 10. s. i tree.tida 11.00 19.00 09.08.2015 11. s. i tree.tida Sangefjell naturkatedral 13.00 Friluftsgudst 16.08.2015 12. s. i tree.tida Torpo kyrkje 11.00 Gudsteneste Vats Fjellkyrkje 11.00 Sportsandakt 23.08.2015 13. s. i tree.tida Ål kyrkje 11.00 Gudsteneste Leveld kyrkje 19.00 Sanggudsteneste Ål: 12.04. Kristin Dalby Roen Leveld: 22.03. Marius Brusletto-Sundbrei 22.03. Oda-Johanne Spjøtvold 22.03. Selma Øen Li 22.03. Sunniva Medgard Bekkevold 22.03. Tuva Bühler 19.04. Elena Lågrinn Venås DØDE Ål: 14.03. 02.04. 04.04. 05.04. Valborg Alice Hagen f. 1921 Guri Hæreid f. 1921 Margit Sundrehagen f. 1952 Aagot Noss f. 1924 Torpo: 09.03. Knut Arvid Ødegård f. 1958 02.04. Anne Lindhjem f. 1920 30.08.2015 Vingargssundagen Torpo kyrkje 11.00 Gudsteneste Vats Fjellkyrkje 11.00 Sportsandakt Ål kyrkje 19.00 Kveldsmesse 06.09.2015 15. s. i tree.tida Leveld kyrkje 11.00 Gudsteneste Ål bygdemuseum 11.00 Friluftsgudst Samtaler for par, familier og enkeltpersonar Kommunikasjon, Konfliktløysing, Foreldrerettleiing, Mekling m.m Tilbodet er gratis – Tlf. 32 08 11 75 Torget 5, Ål. Pb. 119, 3570 Ål [email protected] For døve og tunghøyrde; send sms til: 404 88 126 www.familievern.no www.bufetat.no BUK 2015 FOTSPOR Familieterapeutar: Liv A. Solberg Børge Bekkestad Marit Haug Noss Sekretær: Guro Stave 22. – 24. juni Sjå info på www.aal.kyrkja.no el. Kyrkjeblad nr. 2-15 Hugs påmelding til årets BUK innan 1. juni! Neste nr. av kyrkjebladet kjem i byrjinga av september. Stoff til bladet må leverast kyrkjekontoret innan 10. august. KYRK J EBL AD FO R Å L 2 •1 5 7 Informasjon til alle husstandar i Ål Vårhilsen fra Kambodsja Takk for forbønn for Misjonsalliansens arbeid, for staben i Kambodsja, familien vår og livet her i Kambodsja. Det setter vi stor pris på, og hviler i det. Vi er takknemlige for å kunne være en del av den globale kirken og det diakonale utviklingsarbeidet som folk i Ål er med og støtter på den kambodsjanske landsbygda. Avsluttende måneder Vi har nå vært utsendinger her i fire og et halvt år. Mye har skjedd, og vi har – i skrivende stund – kanskje ikke helt perspektiv over denne tiden selv. Om et drøyt kvartal avrunder vi oppholdet vårt som gjester her i Kambodsja, og vender snutene heimover til Romsdal for å bygge og bo videre der. Vi håper vi får muligheten til å besøke menighetene i Ål og dele bilder, film og historier etter at vi er kommet tilbake. Påskefeiring Hvordan feires Jesu oppstandelse i Kambodsja? Siden mange kambodsjanske kristne ikke har vokst opp i et kristent samfunn, har ikke påskehøytiden blitt markert i lokale kirker. – Mange har blitt kristne i voksen alder, uten den tidlige sosialiseringen inn i kristne tradisjoner faller det ikke naturlig inn for kirkene her å ha store markeringer. Påskefeiringen slik vi er vant til fra Norge blir derfor sett på som et nytt fenomen av kirkene som Misjonsalliansen samarbeider med. Vern for miljøet Misjonsalliansen har siden 2009 jobbet med å mobilisere lokalsamfunnet i landsbyen Trapeang for å komme seg ut av fattigdom. For noen år tilbake bygde et vietnamesisk selskap en fabrikk som produserer produkter av spillolje fra de mange verkstedene i distriktet. Hver dag slipper fabrikken ut giftig røyk og avfallsstoffer, som trolig har ført til at titalls gressende kyr har mistet livet, gravide kvinner har fått helseplager og barn har fått tuberkulose og hudsjukdommer. Det handler om miljørettferdighet: Alle mennesker har rett til reint vann og til å puste inn luft som ikke skader! Misjonsalliansen i Kambodsja utforsker nå effektive metoder for å mobilisere familier fra kommunen som er rammet, lokale myndigheter og landsbyens Utviklingskomité for en renere natur for både mennesker og dyr i distriktet. Bønneemner • For menneskene i landsbyen Trapeang som kjemper for kampen for reint vann og luft for familiene og kyrne sine. • For de kambodsjanske kirkenes veg til å finne sin egen kristne identitet i et buddhistisk samfunn. • For en meningsfull avrunding av oppholdet til oss som utsendinger her i Kambodsja. Beste hilsen fra familien Iversen Foseide (Bente, Knut og lille Anna) Ål prestegjelds Misjonsprosjekt 2013-15 har kontonr. 2320.15.52893. Takk for alle bedrag!
© Copyright 2024