Årsmelding, Melding frå KS-gruppa og Årsplan

Vindafjord Kristeleg Folkeparti
Styret
v/Steinar Skartland,
Vikevegen 1641
5568 Vikebygd
Tlf 9087 3170 / 5376 9128
Årsmøte for
Vindafjord Kristeleg Folkeparti
Onsdag 4. februar 2015
Klokka 18:30
På Øvre Vats Bedehus, Øvre Vats
Program:
Opningsord, andakt, song mm
Tale ved 1. vara stortingsrepr. Marie Ljones Brekke
Bevertning
Årsmøtesaker:
Konstituering med val
Årsmelding for 2014
Melding frå kommunestyregruppa
Rekneskap 2014
Budsjett og styret sin årsplan for 2015
Val i tråd med vedtektene, av:
Leiar, 2 styremedlemmer, 2 varamedl., 2 revisorar (+ vara)
Valnemnd til neste årsmøte
Utsendingar til Fylkesårsmøtet (4 + vara).
Politisk program for Vindafjord KrF 2015 – 2019
Nominasjon til kommunestyrelista
Vi ynskjer alle medlemmer velkomne til årsmøtet
Helsing Styret i Vindafjord KrF
Steinar Skartland
Leiar
Vindafjord Kristeleg Folkeparti
Årsmelding for 2014
Året 2014 har vore eit travelt år både i organisasjon og i politikk. Utarbeiding av program for neste
kommunestyreperiode og nominasjon var mellom fleire viktige oppgåver. På slutten av året gjekk ein av våre
mest aktive medlemmer, Einar Grønstad bort. Gjennom mange år som samfunnsengasjert og aktiv i KrF og
lokalpolitikk, har han hatt ei rekkje verv i lokallaget, kommunepolitikk og fylkespolitikk, mange av desse har
vore leiarverv. Han stod på KrF si liste til denne kommunestyreperioden, der han også deltok i valkampen. Vi
lyser fred over minnet.
Medlemstal og statistikk
Lokallaget har hatt eit stabilt medlemstal. Styret har i fleire rundar arbeida med medlemsverving, noko som
resulterte i 10 nye medlemmer i KrF. Dødsfall og flytting har ført til avgang, men netto vekst er 2 medlemmer.
KrFU sitt medlemstal har gått noko ned. Ved utgangen av 2014 hadde Vindafjord KrF totalt 164 (175)
registrerte medlemmer. Av desse 152 (150) i V.KrF og 12 (25) medl. i KrFU. 63 (61) medlemmer er over 67
år. Eitt medlem er over 100 år. 10 (9) medlemmer er innmeldt i 2014, derav 2 KrFU. 13 (18) ordinære
medlemmer har ikkje betalt kontingent i 2014.
Årsmøte
Årsmøte for 2014 blei halde i Vågen bedehus den 27.1.2014. Leiar Steinar Skartland ynskte velkomen og vart
vald til å leia møtet der han også orienterte frå kommunestyregruppa sitt arbeid. Håvard Brekkå heldt andakt.
Stortingsrepr. Geir Toskedal hadde politisk tale. Årsmøtet godkjende styret sin rekneskap, årsmelding og
budsjett og handlingsprogram for styret 2014. Årsmøtet vedtok ny lokallagslov med endring i paragraf 1 og 2 i
samsvar med landsmøtevedtak. Fleire frå KrFU deltok i årsmøtet med orientering om laget. Årsmøtet
godkjende at laget kunne registrera seg i Brønnøysundregisteret. Dette er ikkje gjort.
Styret
Etter årsmøtet har styret vore samansett slik:
Leiar Steinar Skartland, nestleiar Ruth Fosse Fjelltveit, kasserar Inghart Lasse Tveit, sekretær Norun
Marie Eintveit, Eivind Hetland. Gustav Løge Fosse (kommunestyregruppa).
1 vara: Olav Osaland, 2 vara: Sigbjørn Mortveit
Vindafjord KrFU var representert med Sondre Madland (våren) og Kaleb Abreham (hausten).
Lokallaget hadde 4 repr. på fylkesårsmøtet. Leiar har møtt i fylkesstyret. I tillegg har styret vore rep. ved
fellesmøter for lokallaga på Haugalandet, lokalpolitikarkonferansen og møte i Rogaland KrF om ny
kommunestruktur. Styremedlemmer har delteke på fleire politiske verkstader som vart arrangert av Rogaland
KrF. På det eine deltok også ei gruppe frå Vindafjord KrFU.
Styret sitt arbeid
Styret har hatt 6 styremøte i 2014 og handsama 52 saker. Mellom desse var medlemsverving, program-arbeid
og nominasjon der styret hadde fullmakt frå årsmøtet til å godkjenna komité. Vidare var drøfta viktige saker
som skulle opp i kommunestyret, m.a. høyring om vindkraftparkar i Vindafjord. Lokallaget fekk besøk av Olaug
Bollestad i april og styret la då tilrette besøk/omvising på Vindafjordtunet med møte om helse-samarbeidet.
Etterpå var det møte med landbruksrepresentantar, ordførar og KrF repr. på Haugen gard.
Arbeidsutval var Leiar, nestleiar og kasserar. Dei har hatt to møte.
Medlemsmøte og nominasjon
Styret kalla inn til eitt medlemsmøte med nominasjon til fylket. Steinar Skartland og Gustav Løge Fosse deltok
på fylket sitt nominasjonsmøte, der Gustav Løge Fosse vart vald til 7. plass på lista til fylkestingsvalet. Etter
flott innspel frå Torunn Tvedt, vedtok styret å halda 3 opne møte: i Skjold, Ølensvåg og Sandeid. Her var
innspel til programmet og å møte medlemmane, det sentrale. Frammøtet var lite, men ga gode samtalar der
det kom innspel til programnemnda. Media var tilstades på møtet i Sandeid med greitt oppslag i Grannar.
Torunn Tvedt skreiv ein god førehandsomtale i avis.
Nominasjonsnemnd:
AU vart kalla saman med valnemnda (for årsmøtet 2014) og leiar i programnemnda. Der vart bestemt at
nominasjonsnemnd vart samansett av Torunn Tvedt, Endre Stople og Steinar Skartland. Seinare bad Steinar
Skartland om avløysing og styret godkjende at Norun Marie Eintveit gjekk inn i nemnda i staden.
Oppnemningane er lagt fram for styret som har godkjent dette i tråd med årsmøtevedtak. Desse har jobba det
Vindafjord Kristeleg Folkeparti
siste halvåret for å finna kandidatar som vil stå på liste for KrF til kommunestyrevalet. Arbeidet har ikkje vore
lett, men nemnda legg, i samsvar med reglementet, fram forslag til liste med gode kandidatar.
Programarbeid:
Årsmøtet valde til programnemnd: Liv Ingunn Heie Medhaug, Jan Sverre Frønsdal og Sigbjørn Mortveit.
Gustav Løge Fosse repr. kommunestyregruppa. Dei har laga utkast til program som vert lagt fram for
årsmøtet.
Rekneskap og økonomi.
Lokallaget har betra økonomi/behaldning i 2014 og har ved årsslutt kr 43.749 på konto. Rekneskapen for
2014 er ført av Inghart Lasse Tveit og revidert og godkjent av dei valde revisorane, Sjur Inge Stødle og Trygve
Sandvik. Rekneskapen syner desse hovudtala (vedtatt budsjett for 2014 i parentes):
Inntekter kr 58.121 (kr 58.210). Utgifter kr 41.506 (kr. 46.300).
Vindafjord 21. januar 2015
For styret i Vindafjord KrF
Steinar Skartland (leiar), Ruth Fosse Fjelltveit (Nestleiar), Norun Marie Eintveit (sekretær),
Inghart Lasse Tveit (kasserar), Gustav Løge Fosse og Kaleb Abreham (KrFU-leiar).
‘ - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Årsplan / Strategi for 2015
I samsvar med krav i lova for laget, §5, pkt. 3, gjer styret framlegg om slik årsplan og strategi for 2015:
Politisk satsing
 Vindafjord KrF vil arbeida for at vedtak i kommunestyret i størst mogeleg grad er i tråd med
lokallaget sitt politiske program. Primært med å halda fram eit godt samarbeid med dei andre
politiske partia, særleg dei som utgjer fleirtalskonstellasjonen, for få gjennomslag for KrF sin politikk
slik det er fastsett i programmet for valperioden.
 Vindafjord KrF vil arbeide i alle aktuelle fora for tiltak som kan førebygge misbruk av rusmiddel i
kommunen, særleg blant ungdom. Partiet vil også arbeide for god oppfølging av rusavhengige.
 Vindafjord KrF vil arbeida for sikrare vegar, særleg der born og unge ferdast.
 Vindafjord KrF vil vera aktive i arbeidet med vurdering av ny kommunestruktur og arbeida for
løysingar som vi gi innbyggjarane i kommunen gode tenester og eit styrka lokaldemokrati.
Avklaringar om dette vil kommunestyregruppa gjera i samråd med styret.
 Vindafjord KrF vil arbeida for tiltak som er helsefremjande og førebyggjande.
 Vindafjord KrF vil arbeida for å oppnå godt samarbeid med andre politiske parti etter valet og
gjennom drøftingar med desse sikra gode posisjonar der KrF får innverknad på styringa av
kommunen.
Organisatorisk satsing
 Vindafjord KrF vil arbeide for verving av nye medlemmar. Mål om å få netto minst 10 nye i løpet av
2015.
 Vindafjord KrF vil styrke kontakten med medlemmane i laget i 2015.
 Vindafjord KrF vil driva ein aktiv valkamp for å sikra KrF god representasjon i det nye
kommunestyret. Målet er minst fire representantar.
Vindafjord Kristeleg Folkeparti
Rapport frå kommunestyregruppa om politisk arbeid
Vindafjord KrF er repr. i kommunestyret med: Steinar Skartland (varaordførar, gruppeleiar, leiar av utval for
politisk organisering, nestleiar i Eigedomsutvalet og adm.utvalet), Gustav Løge Fosse (leiar i OPOM og
nestleiar i gruppa) og Tove-Elise O. Frøland (DUK, valnemnd, Rådet for Eldre og funksjonshemma mm).
Varamenn er: Endre Stople, Torunn Tvedt, Ragnhild Thorsen og Håvard Brekkå. Skartland har vore
fungerande ordførar i fire veker i 2014 og repr. kommunen i ei rekkje møter utover det. Samarbeidet med
ordførar er godt.
KrF deltar i fleirtalskonstellasjon saman med Senterpartiet, Bjoa bygdeliste og SV (13 av 25 repr.). Desse
partia har avtale om valteknisk samarbeid og ein felles plattform for eit politisk samarbeid i perioden. I etterkant
av alle gruppemøte har vi felles gruppemøte og samarbeider om felles framlegg. Dette gjeld også utarbeiding
av fellesforslag til budsjett og økonomiplan for kommunen. KrF har fremja mange forslag i kommunestyret og
fått gjennomslag gjennom / i samarbeid med fleirtalsgruppa.
Viktige saker har m.a. vore spørsmål om utbygging av vindkraftparkar på Døldarheia og Bukkanibba. Dette
var ei vanskeleg sak som måtte vurderast opp mot programmet («KrF vil arbeida for stimulera til gode prosjekt
på fornybar energi frå vasskraft og vindkraft»). KS-gruppa la ned mykje arbeid og deltaking i fora/møte for å
skaffa kunnskap i saka og enda til slutt med å konkludera med at dei to føreslegne utbyggingane ikkje var
«gode prosjekt», og stemde i mot desse i høyringane. Bukkanibba har fått konsesjon.
Andre saker: Interkommunale helsesamarbeid med Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord (som vi støtta);
Fairtrade kommune, der Torunn Tvedt tok over etter Tove Elise O Frøland i komiteen; Reguleringsplan for
Yrkes- og Vatsfjorden til industriformål, der vi gjekk imot denne. Det har vore fokus på vedtak i samsvar med
programmet. Ombygging rådhus til «Familiens hus» og utv. av kulturhuset, skular; trafikksikring av vegar,
Øyane Asvo mm. I budsjettet for 2015 vil vi særleg peika på auka midlar til styrking av vedlikehald, frukt og
grønt til barneskulane, tiltak innan kultur (museum), auka midlar til rentekompenasjon for tippemidlar (idrett)
og styrking av hukommelsesteam for demente. Det er sikra midlar til ny parkering og veg til Ølen kyrkjegard
og opparbeiding areal der. Det er generelt sikra eit godt budsjett for kyrkja med vidareføring av 1 mill. til
kyrkjevedlikehald i året. Gjennom OPOM fekk KrF vedteke å yta tilskot til universell utforming av veg frå
Vikebygd til Vikestølen. Det har vore jobba saman med grendeutval om utbetring av fylkesvegen frå Vikebygd
til Skjold. Hovudtrekka i budsjettet fylgjer ei mangeårig linje KrF har vore med og støtta. M.a. gjeld dette fokus
på tidleg innsats, førebyggjande arbeid, gode tenester innan helse, pleie og omsorg og å oppretthalda skular,
SFO og barnehagar i alle bygder.
Kommunestyregruppa seier seg nøgd med det ein har oppnådd gjennom det politiske samarbeidet og dei
posisjonar KrF sine politikarar har hatt.
Andre verv
Karin Kolltveit er leiar i Rådet for Eldre og funksjonshemma. Bjørg Borgemyr medlem i kontrollutvalet. Torunn
Tvedt medlem i Sakkunnig ankenemnd. Endre Stople i Sakkunnig takstnemnd for eigedomsskatt. Steinar
Skartland i representantskapet for HIM – Haugaland Interkom. Miljøverk
Gustav Løge Fosse er medlem i fylket sitt utval for funksjonshemma og er andre varamann til fylkestinget.
Dette gjer at han er fast medlem i KrF si gruppe i fylkestinget, møter på gruppemøter, i fylkestinget og som
varamann i fleire styrer og utval.
For kommunestyregruppa
Steinar Skartland,
Gruppeleiar