Side 1 PROGRAM VÅGSØY KrF 2016 - 2019 For KrF er den kristne brorskapstanken, nestekjærleiken og forvaltaransvaret viktige hjørnesteinar i det samfunnsbyggjande arbeidet. Ut frå dette vil vi arbeide for ei positiv utvikling i kommunen vår. Familien For KrF er familien det viktigaste elementet i samfunnet. Familien må få fridom til å organisere familielivet, og fleksibilitet når det gjeld barnehage og kontantstøtte. Ved mangel på barnehageplasser vil KrF be om utredning av kommunal kontantstøtte som alternativ ved eventuell planlegging av større barnehagekapasitet. Bustadar Unge som vil busetje seg i bygdene, bør få høve til det. Difor må ein støtte initiativ for å opparbeide bustadfelt anten i offentleg eller privat regi, eller i kombinasjon av desse. KrF vil også sjå positivt på utvikling og bygging av sentrumsnære leiligheiter med variasjon i storleik og kostnad. Dette for å møte behova til unge, einslege vaksne og familiar i etableringsfasen. Born og unge Borna sine behov må vurderast i all offentleg planlegging. Leikeareal og skulevegar må vere trygge for borna. Oppvekstmiljøet for dei må haldast rusfritt. Eit samfunn som er bra for borna, er bra for alle. Sommarstengde barnehagar er problem for mange foreldre med ulike ferieordningar. KrF vil være positive om det kan finnast tenleg og rimeleg ordning som, litt på veg, kan løyse dette. Kommunen bør ha to årlege opptak til barnehagane. Eldre Våre eldre har bygt opp det gode samfunnet vi bur i. Dei er ein viktig ressurs i mange samanhengar i frivilleg arbeid i kommunen vår. Mange er med i frivillig besøksteneste . Om det er råd å utvide slike tenester med faste avtaler, vil KrF gå inn for å sette av ressursar. Organisasjonar og enkeltpersonar bør få dekning for utgifter med slik teneste. KrF vil vere med å legge til rette for ei verdig, god og trygg eldreomsorg. Eldre som har helse til å bu heime, må få høve til det, og få variert og god hjelp så lenge det er det rette for dei. Kommunen får fleire eldre i åra som kjem. Ved bygging av nye omsorgsbustader eller sjukeheimsplassar må det vere fleksibilitet. Det offentlege må ikkje skilje ektepar/sambuarar som ynskjer å bu i lag, også når den ein treng hjelp som fordrar utflytting frå heimen. KrF vil føre ein politikk som gjer at eldre kan kjenne seg trygge og får god hjelp. Forts. Side 2 Side 2 Program Vågsøy KrF 2016 - 2019 Kyrkje og kultur Den norske kyrkja, andre trusamfunn og dei frivillige organisasjonane er viktige for mange. Dei står for grunnleggande verdiar i landet vårt. Dei må ha gode vilkår for arbeidet sitt. Kyrkjer og kyrkjegardar må få økonomi til å haldast i rimeleg god stand. I budsjett for 2016, og eventuelt i 2017, må det på plass nok midlar slik at gravplassen ved Nord Vågsøy Kyrkje kan byggast ferdig etter planer som er utarbeidde av landskapsarkitekt Eli Kjær. KrF vil vere med å verne helgedagsfreden. Søndagsopne butikkar bør unngåast, - også av omsyn til dei som arbeider der. Kulturlivet må få gode vilkår. Vi vil støtte barne- og ungdomsarbeid som driv haldningsskapande aktivitetar i gode og rusfrie miljø. Skule God og trygg utdanning er viktig for samfunnet. Skulen må gjevast ressursar til å kunne gjere dette, og hjelpe foreldre med å gje elevane gode sosiale og verdibaserte haldningar. KrF vil arbeide for ei styrking av skulehelsetenesta i samsvar med føringar frå sentrale myndigheter. KrF meiner at alle må få kjennskap til den kristne kulturarven i landet vårt. Difor må ein kunne halde fram med å delta på skulegudstenester, og få kjennskap til innhaldet i kristne høgtider. Dei bygdene som no har skule, må få behalde denne så lenge der er elevgrunnlag for det. KrF vil gjærne være med å diskutere organiseringa av skulen i Vågsøy, heller enn å legge ned fleire skular. Ei rasjonalisering av skuleleiinga må kunne planleggast og søkjast om løyve til å prøve ut. Dette kan være eit viktig element for at det i framtida kan være skule både i Holvik, Måløy, Raudeberg, Skavøypoll og Bryggja. Skulebygningane må få midlar til å haldast i rimeleg god stand så lenge som der er elevgrunnlag nok til å drive skule på desse stadane. KrF vil vere med å støtte opp om gode vidaregåande opplæringstilbod i kommunen. Tilbodet må være tilpassa elevane og det næringslivet i distriktet treng av arbeidskraft. Næring KrF vil vere med å arbeide for at kommunen har eit godt samarbeid med det private næringslivet, og legge til rette infrastruktur for at det heile tida kan skapast nye arbeidsplassar. Kommunen må stimulere næringslivet til å ta imot lærlingar, og sjølv ha ein politikk som gjev fleire lærlingplassar. Menneske med ulik arbeidsevne må og kunne få arbeid som høver for dei. ASVO Måløy AS er ei bedrift av stor betydning for mange i distriktet. Kommunen, som er eineaksjonær, må være med å legge til rette for at denne bedrifta har gode arbeidsvilkår, og om mulig kunne utvidast til å kunne tilby endå fleire meiningsfylte arbeidsplassar. Kommunen sjølv, og det private næringslivet, må ved hjelp av statlege ordningar også kunne legge til rette arbeidsplassar til menneske med forskjellige vanskar når det gjeld arbeidsførleik. Eit variert arbeidsliv er viktig for unge som reiser bort for å ta utdanning, og har ynskje om å komme tilbake til heimkommunen. Forts. Side 3 Side 3 Program Vågsøy KrF 2016 - 2019 Landbruk Det som er av jordbruk i kommunen, må ha gode vilkår. Innmark og utmark bør haldast i hevd så ein unngår attgroing og lite tiltalande landskap. KrF vil føre ein balansert jakt- og rovdyrs politikk som gjev rom for både jordbruk og vilt. Alternativ energi er viktig for framtida. Stimulering av utviklig på dette området er viktig. KrF vil ha ei positiv og balansert haldning til slike tiltak. Ordninga med bu- og driveplikt må ikkje praktiserast restriktivt. Dette gjeld også strandplanlova. Handel og turisme. KrF ser det som viktig at dei handlande, og grunneigarane i sentrum av Måløy viser aktivitet. Gjestebrygga ,hotell, gode butikkar og serveringsstader betyr mykje for turistar som vil sjå severdigheter i vårt nærområde. Også næringskontakter bør kunne finne gode overnattingsstader og serveringsstader i kommunen. KrF vil arbeide for at vegen mellom Måløy og Oppedal får betre standard. Det same gjeld vegen til Blålida. Begge desse vegane er viktige for dei som bur der og for turistar. Samferdsle. KrF vil vere med å presse på for at: - Rv 15 blir utvida vest for Raudeggja slik at heile vegen får gul midtstripe - Den smale vegen mellom Maurstad og Møre og Romsdal grense vert opprusta. - Vegen mellom Kapellneset og Raudeberg sentrum vert utbetra. - Busstilbodet må vere tilstrekkeleg for at folk utan bil kan komme seg til sentrum heile året. Vi vil støtte arbeidet med Stadt-tunellen . Den blir viktig for skipsfarten. Vi vil støtte arbeidet med ny og kortare veg mellom Måløy og Florø. Vi er takksame for lokale og regionale bussruter. Oslo-bussen. Hurtigbåten og Hurtigruta. Vi vil arbeide for at buss og båtforbindelsar ikkje vert nedbygde, men heller utvida i vårt distrikt. Organisering Vågsøy kommune er ein stor arbeidsplass. Det er naturleg at organiseringa av alle aktiviteter i kommunen vert sett på når ein arbeider med budsjettering og framtidige planer. KrF vil vere med i diskusjonen om organiseringa i kommunen kan forbetrast. Kommunen er ein stor arbeidsplass med mange dyktige arbeidstakarar. Eventuelle endring av organiseringa må vere til beste for innbyggarane, og det må takast omsyn til at endringar er i samsvar med arbeidsmiljølova, slik at det ikkje vert gjort urett mot nokon. Vågsøy KrF vil være med på planene som gjeld kommunesamanslåing. Ei rimeleg stor kystkommune er tanker KrF vil være med å diskutere. Den vil krevje bru over ytre Nordfjord. Andre alternativ vil vi også ha våre meiningar om. GODE VELJARAR Bruk Vågsøy KrF si liste ved Kommunevalget 2016 – 2019. Våre listekandidatar vil føre ein politikk som gjer kommunen vår til ei kommune som framleis er god å bu i. Godt valg !
© Copyright 2024