Valgprogram 2011 - 2015

Valgprogram 2011 - 2015
Kommunevalget
Skjåk Arbeidarparti
http://skjak.arbeiderparti.no/
Skjåk Arbeidarparti
2
• kommunevalget 2011
Skjåk Arbeidarparti
Gode sambygdingar!
Eg har tru på at politiske vedtak
treng innsyn og oppfylgjing frå fol-
”
- Vi ynskjer med vår
politikk å vise at det
er mange ting som
kan gjerast annleis!
Kommunale bygg og anlegg
• Skjåk Ap vil ha ein vedlikehaldsplan som ivaretek
årlege avsetjinger til alle kommunale bygg og
annlegg.
Helse, Pleie og
Omsorg
Som leiar i Skjåk Ap og
ordførarkandidat ved haustens val er eg svært takksam for tilliten som er vist
meg.
Skjåk Ap har gjennom dei
siste 4 år hatt stor vekst, og
vi ser fram til haustens val.
For meg som ordførarkandidat er det godt å få med
eit solid mannskap med
politisk erfaring, og nye
som kan tilføre nye tankar
og innspel til saker som
kjem til politisk drøfting og
behandling.
Vi ynskjer med vår politikk
å vise at det er mange ting
som kan gjerast annleis,
dersom vi kjem i ein fleirtalsposisjon.
Vi ynskjer ei tydeleg politisk leiing
som kan ansvarleggjera oss som
folkevalte, og ikkje minst ynskjer vi
at kommunen skal vere ein god
tenesteleverandør til innbyggjarane.
Kommunen må vere ein god
arbeidsgjevar for dei som arbeider
innanfor dei ulike offentlege sektorar, og ta tak i dei utfordringar som
møter oss i kvardagen.
3
• kommunevalget 2011
Ein trygg og god kvardag er viktig for alle. Som brukar
av dei kommunale tenestane skal ein som innbyggjar
føle seg godt teke vare på.
Vi ynskjer at brukarar og arbeidstakarar har ein god
dialog med politisk leiing, og gjev oss attendemelding
om dei prioriteringar vi gjer er rett for tenesta.
Barn og Ungdom
Skjåk Ap si målsetjing er å ha full barnehagedekning,
samt å halde foreldrebetaling på eit minimumsnivå.
Vi meiner at barnehagesatsing er eit viktig verkemiddel
for å støtte opp om og kanskje til og med få ein auke i
talet på barnefamilier i kommunen vår.
kevalte for å få full utteljing, meir
nærhet til konsekvensar for overordna politiske beslutningar gjev eit
større ansvar for den politiske
leiing.
Eg er overtydd om at det vil bli
vekst i Skjåk kommune ved gode
offentlege tenester, tryggleik i kvardagen og betre dialog med innbyggjarar, arbeidstakarar og næringsliv.
God legevaktsordning og fleire heildøgnsambulanser vil vere eit viktig
moment for å greie å nå ei målsetjing om vekst av innbyggjarar i tillegg til etablering av nye arbeidsplassar.
Også innspel frå hytteeigarar og
turistar er med på å gjere oss som
politikarar betre i marknadsføringa
vår av kommunen som ein god
plass å bu, ein god tenesteleverandør og ein god arbeidsgjevar.
Som ordførarkandidat er mitt ynskje
at vi har ei god kommune å bu i og
ein trygg kvardag, tryggleik for at
dei kommunale tenester svarer til
innbyggjarane sine forventningar
om kommuna som ein god tenesteleverandør.
Dette vil også gje oss synleg og
positiv profilering av Skjåk. Det er
du som innbyggjar som gjev dei
beste referanser.
Vi i Skjåk Arbeidarparti ynskjer ta
ansvar om du som veljar gjev oss
tillit.
Helsing
Bente J. Aamodt
Ordførarkandidat
Skjåk Arbeidarparti
Vi ynskjer alle eit godt val, og vonar
du vil nytte stemmeretten din.
Vi må til ei kvar tid vere i forkant, ha god oversikt over
kva plassbehov som kan melde seg, og kva personalbehov som krevst.
Skjåk Ap ynskjer å ta ei evaluering av skulestrukturen
for å få tydelege signal frå bygdafolket på om vi treng
ein eller to barneskular. Dette vil gje vurdering på kor
stor satsing som må til
for å gjere skulebygga til
ein god arbeidsplass
både for elevar og lærarar.
Vi ynskjer å styrke rehabilitering og førebyggjande
arbeid. Alle som treng praktisk bistand, sjukeheimsplass eller heildøgnsomsorg vert sikra dette gjennom
kvalitetsstandard i tildeling av tenestar.
Gode helsetenester, lege og ambulanse er særs viktige
faktorar for tryggleik i kvardagen. Med lang avstand til
legevakt og sjukehus må vi finne
løysingar som bidreg til tryggleik,vi ser det som særs viktig
å få stasjonert heildøgnsambulanse i eiga kommune.
Skjåk Ap vil at kommuna må
legge tilrette pleie- og omsogstenesta slik at både brukarar
og tilsette i tenesta vert ivareteke på ein best mogleg måte.
”
- Ambulanse
stasjonert i
Skjåk heile
døgnet!
”
• Vi må ha god over- Vi ynskjer full
sikt på personalbebarnehagedekning.
hov ved barnehagane
• Vi må ha kapasitet i
barnehagane til å ta
i mot ungar frå tilflyttande familiar
• Syskjenmoderasjon i barnehagane må
framførast
• Barneskular: Skjåk Ap vil legge tilrette for ein
framtidsretta skulestruktur.
• Skjåk Ap meiner det er viktig å halde fokus på
kompetanseutvikling både i barnehage og i skulen vår.
• Skjåk Ap vil vere tydeleg på at den vidaregåande
skulen i Lom med byggfagline skal bestå. Vi vil
og arbeide for ei vidareutvikling av skulen med
evt. nye studieretningar
• Skjåk Ap vil støtte arbeidet med å etablere ein folkehøgskule på Klones
• Skjåk Ap vil styrke rehablitereringstenesta
• Skjåk Ap vil legge til rette for å kunne få meir
fysisk aktivitet for alle aldersgrupper
• Skjåk Ap vil ha heimel for ergoterapi
• Skjåk Ap vil ha heimel for kreftsjukepleiar
• Skjåk Ap vil at helsestasjonen skal vidareutviklast
til ein enda betre ressursstad for barn, unge,
vaksne og eldre.
• Skjåk Ap vil arbeide for å kvalitetssikre legevaktsordninga.
Skjåk Arbeidarparti
4
• Skjåk vil arbeide for heildøgnsambulanse stasjonert i Skjåk.
• Skjåk Ap vil arbeide for at sjukeheimsplassar
ikkje vert bygd ned før omsorgsbustader er på
plass.
• Skjåk Ap vil ha ein heimel innanfor utebasert
teneste for oppgåver
som ikkje fell innunder
dei vanlege arbeidsinstruksar, men meir som
- Vi ynskjer heimel
ei ambulerande vaktfor kreftsjukepleiar
meisterteneste.
og ergoterapeut.
• Skjåk Ap vil styrke
rekruttering og kompetanseløft for yrkesgruppene innanfor pleie- og
omsorg for å imøtekomme samhandlingsreforma.
• Skjåk Ap vil at ufrivilljug deltid skal bort
• Skjåk AP ynskjer fleire kommunale lærlingplassar
”
arbeidsplassane i landbruket har stor betydning for
sysselsettinga innanfor andre næringar i kommunen
vår. I framtida vil landbruket med levande kulturlandskap vere ein viktig del av marknadsføring av nasjonalparkane Breheimen og Reinheimen. Vår oppgåve må
vere å sjå til at vern og bruk samsvarer med utfordringane som ligg i verneformåla, og at vernet ikkje er til
hinder for bruk av naturlege områder for å drive aktivt
land- og beitebruk.
• Skjåk Ap vil ha ei nasjonal satsing på fjell-landbruk, og ein eigen fjell-landbrukspolitikk
• Skjåk Ap vil leggje til rette for at sæterhus i tillegg
til tradisjonell sæterdrift, kan nyttast til andre formål som tilleggsnæring mellom anna innanfor
turisme
• Skjåk Ap vil at alle driftseiningar som kjem på
salg i utgangspunktet ikkje vert delt opp eller
omdisponert til fritidsbustad, men ved salg fortrinnsvis skal avhendast som eigne bruk
• Skjåk Ap vil at unge brukarar under 30 år som tek
over i landbruket skal prioriterast med ein høgare
sats ved søknad om stønad frå næringsfondet
• Skjåk Ap vil ha ein restriktiv rovdyrpolitikk, slik at
bestanden av rovdyr ikkje er til skade for beitedyr.
Løyve for uttaking av rovdyr må gjevast umiddelbart når det er behov for det
Næring og
industri
Landbruk
Skjåksamfunnet er
avhengig av eit livskraftig landbruk,og det heng
nøye saman med den
nasjonale landbrukspolitikk som vert ført.
”
- Nasjonal satsing
på fjell-landbruk!
Vi treng å halde i hevd tradisjonelt distriktslandbruk med
både store og små driftseiningar. Å oppretthalde
Skjåk Arbeidarparti
• kommunevalget 2011
Skjåk Ap ynskjer å ta grep om ei positiv næringsutviking
for Skjåk.Vi vil at Skjåk skal vere ei attraktiv kommune å
bu i. Vi trur at innbyggjarane sjølve, er dei som kan gje
oss som kommune dei beste referansar. Dersom du
som bur her har ein god kvardag og ein god arbeidsplass, trur vi at det gjev den beste marknadsføring for å
få vekst av nye arbeidsplassar og tilflytting.
Skjåk Ap vil at kommuna skal vere ein god medspelar
og døropnar for ein meir offensiv næringspolitikk, med
forgreining til nye arenaer for næringslivet.
Som kommune ser vi at eksisterande arbeidsplasser og
nyetableringar er med å gjev den verdiskapning som
kommuna treng for å vere ein god tenesteleverandør.
Offentleg og privatsektor i Skjåk treng einannan for å
legge ein framtidsretta strategi.
•
•
ling ikkje eit hinder for næringsutvikling i tilsluttande randsoner.
Skjåk Ap vil vere positiv til framtidig kraftutnytting
av Måråe.
Skjåk Ap vi ha Dønfoss
som eit framtidig satsningsområde for
turisme.
Profileringsmål for
Breheimen og
Reinheimen, og ein
- Vi ynskjer meir
turisinformasjon må
tomteareal til
ligge ved Dønfoss.
busetnad og
Skjåk Ap vil leggje til
industri!
rette for meir industriområde.
Skjåk Ap vi ha ein
framtidsretta plan for
busetnad og klargjering av tomteareal
Skjåk Ap vil tilrettelegge for ungdoms- og
gjennomgangsbustader.
”
•
•
•
5
• kommunevalget 2011
Kultur/idrett
Skjåk er ei kommune med mange tradisjonar og ein
kommune der ein finn noko av det beste kulturelle arvesylv landet vårt kan syne fram.
Vi trur at ved å ha satsing på organisert og friviljug aktivitet, er dette med å gje kommunen vår eit godt omdøme, samstundes som det høgdar livskvaliteten åt unge,
vaksne og dei eldre.
Friviljugsentralen kan og vere ein viktig aktør i dette
arbeidet, noko vi ynskjer kommunen skal ta høgde for i
ein framtidig dialog om kva og kven vi kan dra veksler
på.
Kulturskulen og idrettslag skaper trivsel og viktig positiv
markedsføring for kommuna vår.
• Tilskot åt idrettslag må få årleg oppjustering.
• Kulturskulen og idrettslag må få driftsmoglegheiter for ei vidare
utvikling.
• Ungdomsklubben
må tilretteleggjast
- Ungdomsklubben
som ein god møtesom god møtestad!
stad for ungdom,
og sikrast årlege
driftsmidler.
• Ungdomsrådleiar må inkluderast i kommunestyret
med tale og forslagrett.
”
Rekruttering av kompetanse, rekrutteringsbehov som
kommune og næringsliv har i framtida, må kartleggjast.
Miljø
• Samhandling mellom offentleg og privat sektor
må til for ei større næringslivsatsing.
• Skjåk Ap vil legge tilrette for ein møteplass for
næringslivet.
• Å ta vare på eksisterande arbeidsplasser, samt å
tilrettelegge på ein god måte for etablering av nye
er ein viktig faktor for å lykkast.
• Skjåk Ap vil ha ei vidare satsing på hyttebygging,
og tilrettelegging av nye tomteareal.
• Skjåk Ap vil at vern og bruk skal vere ei samhand-
• Skjåk Ap vil at klimaplan skal vere eit arbeidsdokument som ein konkret arbeider ut frå, og at ei
revidering vert datofesta.
• Skjåk Ap vil støtte etablering av biobrenselanlegg
og oppmode nyetablerare til å nytte alternative
energikjelder
• Skjåk Ap vil støtte opp om miljøstasjonen i vidare
utvikling for god og ryddig avfallshandtering.
• Skjåk Ap vil arbeide for at privatbustader får
levere spesialavfall er gratis.
Trafikksikring/samferdsel:
I Skjåk ynskjer vi å fylje opp samfunnsutvikling i ein
handlingsplan. Ei av føringane er at ein knyter inn meir
fysisk aktivitet. Ved å vise større iniativ til grunnavståing
for gang og sykkelveg , trygg skuleveg, bru til
Lundagrenda handler vi ut frå eit trafikk - og folkehelseperspektiv. Desse punkta er med å gje både ungar og
vaksne moglegheit for å vere mjuke trafikantar, samt at
ein kan legge det inn i ein trafikkavbøtningsplan, der vi
kan minke biltrafikk langs veg og farlege vegkryss.
Vegplanane Tronoberget - Lom må sjåast i samanheng
med risikoanalyse og vere ein beredskapsveg.
• Skjåk Ap vil ha faste årlege avsetjingar åt vedlikehald av kommunale vegar.
• Skjåk Ap vil kommunen skal starte arbeid med
lokal grunnavståing til gang og sykkelveg.
• Skjåk Ap vil lyfte fram TRYGG SKULEVEG som ei
foku sak.
• Skjåk Ap vil arbeide for
bru Bismo Lundagrend.
• Skjåk Ap vil arbeide for
- Vi vil ha TRYGG
fleire busshaldeplassar
SKULEVEG som ei
for skuleborn vert oppfokussak!
arbeida, sikra og tilrettelagt med lys i alle grender.
• Trafikksikringsutvalget må vere eit utval med
faste månadlege møter, og synleggjere seg i
lokalsamfunnet.
• Skjåk Ap vil arbeide for å setje veg frå Staurust –
Tronoberget på dagsorden.
• Skjåk Ap vil arbeide for miljøgate gjennom Bismo
sentrum og tilsluttande vegar i boligfelta.
”
Samhanding med Lom
Skjåk Ap vil arbeide for eit meir forpliktande interkommunalt samarbeid med Lom. Vi trur at ein ved god dialog og avklaring av kva vi som kommunar er gode på,
Skjåk Arbeidarparti •
6
kan få til samarbeid og fellestenester over kommunegrensene som kjem innbyggjarane i båe kommunar til
gode.
Vi trur at med felles
marknadsføring har vi
mykje å hente både på
kultursida og enkelte
samlokaliseringar av
tenester.
”
- Vi vil samarbeide
meire med Lom!
Vi trur og at rekruttering av fagpersonell vil
vere lettare om vi er to
kommunar som legg til rette for eit større fagmiljø samstundes som administrasjonskostnader kan reduserast.
I ein dagsaktuell debatt om kommunesamanslåing trur
vi at innbyggjarane vil tene på fellesløysingar med Lom
i staden for ei stor kommunesamanslåing av heile regionen. Dersom vi kan få felles tenester til å fungere vil
dette gje meir kroner til bruk ut i dei praktiske tenesteområda.
kommunevalget 2011
• Skjåk Ap ynskjer dialog med Lom der vi kartlegg
kva vi som kommuner er gode på. Ut frå ynskje
om meir ressurser ut i tenesteområda og mindre
administrasjon, kan vi få til resultat som kjem innbyggjarane til gode.
Skjåk Arbeidarparti
7
• kommunevalget 2011
Listekandidatar
kommunevalet 2011-2015 Skjåk Arbeidarparti
Politisk styring:
Gjennom delegasjonsregelementet og politisk styring vil
vi at kommuna skal vere ein god lagspelar. Vi ynskjer å
ivareta både brukarar av kommunale tenester og tilsette
i Skjåk kommune.
Som folkevalte får vi ofte innspel og henvendelser frå
innbyggjarar. Vi meiner at ein ved politisk medbestemming er med på å ansvarleggjere dei folkevalgte i høve
dei overordna politiske retningsliner vi vedtek.
Skjåk Ap vil arbeide inn mot fylkesparti og sentrale styresmakter for:
• Fraktutjevningstilskot til transportnæringa for å gjere desentraliserte bedrifter meir konkurransedyktig.
• Arbeide for ei landsomfattande lågare nettleige.
• Arbeide for tilrettelegging av tilpassa trasear for bevegelsehemma i nasjonalparkane.
• Arbeide for ein ny nasjonal fjell-landbrukspolitikk, som inkluderer verdiskapning for småe driftseiningar
med tradisjonell og utradisjonell drift.
• Arbeide for eit sterkt importvern.
• Arbeide for eit nasjonalt regelverk for heildøgnsambulanse stasjonert i kommunar med stort areal.
Ambulansedrift må vere eit offentleg ansvar. Skjåk
som har legevakt på Otta, må ha eigen heildøgnsambulanse stasjonert, slik at akuttmedisinsk
behandling og flåtestyring kan fungere optimalt.
Ambulansa skal vere sjukehuset sin forlenga arm
ut i distriktet
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
Godt valg!
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
Samferdsel: fylket og nasjonaltransportplan:
Opning av Kvivsveg i 2012 vil føre til auka trafikkmengde
gjennom kommuna vår. Dette er eit ansvar nasjonale styresmakter må tilleggjast, og føre til ei prioritert utbetring
av Rv 15
• Skjåk Ap vil krevje utbetring av breidda på rv. 15
• Skjåk Ap vi arbeide for gang og sykkelveg langs
heile Rv. 15 frå Dønfoss til Lom grense. På fylkesvegane våre må trygg skuleveg lyftast fram som eit
krav inn mot fylkespartiet.
• Skjåk Ap vil arbeide for å få autovern langs
Bångråttjønn, og setje fokus på trafikksikkerheit
ved friluftsområdet.
1. Bente Jorunn Aamodt
2. Tor Oddbjørn Jevnheim
3. Heidi Fallingen Banken
4. Odd Joar Ramstad
5. Eva Therese Hyrve Bosmen
6. Bernt Dahl
7. Aud Jotun
8. John Tore Barrusten
9. Lena Kolden
10. Ragnar Melby
11. Ingeborg Banken
12. Inge Gjerdet
13. Ane Skamsar
14. Denis Osmancevic
15. Julianne Ramstad Plassen
16. Åge Bankhaug
17. Cathrin Lærum Aamodt
18. Ingvar Severin Kringlethaugen
19. Oddveig Grjotheim Kveum
20. Stig Arne Moen
21. Livø Embjørg Rustad
22. Knut Vindheim
23. Inger Bøye
24. Jostein Strøm
25. Reidun Skjelkvåle Aaboen
26. Odd Ragnar Solheim
27. Torgrim Rusten
Skjåk Arbeidarparti
8
• kommunevalget 2011
Sentrale saker vi vil arbeide med:
• Heildøgns ambulanse stasjonert i Skjåk.
• Ei eldreomsorg som gjev hjelp, omsorg i eigen bustad, samt sjukeheimsplass utan ventelister, for dei
som treng det.
• Gang og sykkelveg langs heile Rv.15 Dønfoss - Lom grense.
• Heimel for ambulerande vaktmeister.
• Vi vil arbeide for ein heimel for kreftsjukepleiar.
• Heimel for ergoterapeut.
• Vi vil arbeide for eit fjell-landbruk som ivaretek primærnæringa.
- Vi er eit lag som er
• Vi vil arbeide for eit næringsliv som gjev moglegheiter for nyutvikling
både motivert, har
og nyetablering.
• Vi vil arbeide for bru frå Bismo til Lundagrend.
ynskje om å kome i
• Vi vil arbeide for bygging av gjennomgangs/ungdomsbustader.
posisjon, og som vil
• Vi vil arbeide for veg Staurust - Tronoddbrua.
”
Om du ynskjer å fylje Skjåk Ap fram mot valet kan du klikke deg inn på
heimesida vår der du finn
nyheiter og bilete frå både lokalpartiet, fylkespartiet og regjering.
På heimesida: http://skjak.arbeiderparti.no/ finn du òg ein presentasjon
av alle listekandidatane våre med bilete og litt om kva for saker som
opptek dei.
Om du ynskjer å bli støttemedlem eller aktivt medlem vil du finne innmeldingsskjema på menylinja på heimesida, eller du kan ta kontakt med
leiar på mob. 416 93898.
ta grep om samfunnsutviklinga.
Vi har tru på at
samarbeid og vilje til
dialog er med å
fremje gode løysingar
for innbyggjarane
våre!
Om Skjåk Ap skal vinne valet i haust treng vi mobilisering frå kvar og ein. Nettopp di stemme kan vere
med å avgjere valet og kven som innehar ordførarvervet og nok representantar i kommunestyret til å
gjennomføre sin politikk.
Godt valg!
Treng du skyss til valglokalet?
Ta kontakt med :
Ragnar Melby
61213080 95701721
Bente J. Aamodt
416 93898
Skjåk Arbeidarparti
http://skjak.arbeiderparti.no/