Valdresmusea Tiltaksplan 2015 Strategiplan 2015–2018 ”Han tala som ein hyrde og fekk folk til å gråte” Sagt om Andris Eivindson Vang (1795–1877) 1 Innleiing Valdresmusea forvaltar viktige historiske verdiar. 119 antikvariske hus, 26 000 gjenstandar, 625 papirarkiv, 13 700 arkivopptak med song og musikk og 78 500 foto utgjer den største konsentrerte samlinga av kulturhistoriske kjeldemateriale i Valdres og gjev ein unik tilgang til innsikt og refleksjon om Valdres i gamal tid. Valdresmusea er inga historisk samling, men ei moderne bedrift med 24 tilsette og ei årleg omsetting på om lag 15 millionar kroner. Dette forpliktar Valdresmusea til ansvarleg drift og til å legge planar for museumsfagleg utvikling. Styret og tilsette har krav på gode styringsreiskap. Denne plana er fyrste steget i arbeidet med få til eit heilskapleg planverkty for Valdresmusea. Målet er at det i etterkant av dette planarbeidet blir utarbeidd underliggande planar for mellom anna løn, kommunikasjon, beredskap, samling og forsking. Fagernes 10. desember 2014 Ole Aastad Bråten Konstituert direktør Bilde på framsida 1. Øvst til venstre: Museale Forstyrrelser, Valdres Folkemuseum, 2008–2012 2. Nedst til venstre: Sylvring, reg.nr. VFF 00256, foto: Torgeir Bolstad, 2014 3. Øvst til høgre: Konstruktiv Kontrast, Valdres Folkemuseum, 2014 4. Nedst til høgre: Vassdag på oppgangssaga, Bagn Bygdesamling, 2014 2 Innhaldsliste 1. Bakgrunn 1.1 Museumsreforma – konsolidering og ei ny tid 1.2 Samarbeid før 2006 2. Planprosess 3. Formål og etikk 3.1 Formål 3.2 Etikk 4. Visjon, verdi og satsingsområde 4.1 Visjon 4.2 Verdi 4.3 Satsingsområde 5. Strategi 5.1 Driftsmål 5.2 Forskingsmål 5.3 Formidlingsmål 5.4 Forvaltingsmål 5.5 Fornyingsmål 6. Rammer og styringsverkty 6.1 Lovverk og aksjoneravtale 6.2 Tildelingsbrev frå Kulturdepartementet 6.3 Tildelingsbrev frå Oppland fylkeskommune 6.4 Samarbeidsavtaler 6.5 Stortingsmeldingar 6.6 Andre meldingar 7. Situasjonsbeskrivelse 7.1 Administrasjon 7.2 Forsking 7.3 Formidling 7.4 Forvalting 7.5 Fornying 8. Langtidsplan 2015–2018 9. Tiltaksplan 2015 9.1 Administrasjon 3 9.2 Forsking 9.3 Formidling 9.4 Forvalting 9.5 Fornying 4 1. Bakgrunn Aksjeselskapet Valdresmusea vart stifta i 2006 og er driftsorganisasjonen for Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Drifta er regulert gjennom eigne vedteker og ei aksjonæravtale. Det er kommunane i Valdres som eig Valdresmusea og det er ordførarane som er generalforsamling og som peikar ut styret. I styret sit styreleiar (vald for eitt år av gongen), nestleiar (vald for to år av gongen), styremedlem (vald for to år av gongen), styremedlem (representant frå Valdres Naturog Kulturpark, vald for to år av gongen), styremedlem (representant frå Bagn Bygdesamling, vald for to år av gongen), styremedlem (representant frå Bautahaugen Samlinger, vald for to år av gongen) og styremedlem (representant for dei tilsette, vald for to år av gongen). Samarbeidsavtaler I 2008 vart det inngått avtale med Stiftinga Gardbergfeltet og Oppland fylkeskommune om drift av Gardbergfeltet i Vestre Slidre kommune. Valdresmusea overtok frå 2008 ansvaret for Norsk institutt for bunad og folkedrakt (tidlegare Bunad- og folkedraktrådet). Drifta her er regulert gjennom avtale med Kulturdepartementet. Instituttet har eit statleg oppnemnt fagråd, Bunad- og folkedraktrådet. Valdresmusea er eineeigar av selskapet Isfolket AS. 1.1 Museumsreforma – konsolidering og ei ny tid Med Stortingsmelding nr. 22 (1999–2000) «Kjelder til kunnskap» la Staten opp til ein prosess for etablering av nasjonale museumsnettverk og konsolidering av regionmusea. I Valdres førte prosessen til ei samling av drifta for Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Foto: Museumsforbundet 5 I «Kjelder til kunnskap» heiter det at eit fragmentert museumslandskap ikkje vil gje eit godt nok grunnlag for å løyse oppgåvene på ein tilfredsstillande måte. Ein forventa på bakgrunn av dette at det vart sett i gang: etablering av nye driftsorganisasjonar styrking av fagmiljø, samling av fagstillingar og etablering av nye fageiningar samling av praktiske, tekniske og administrative tenester samling av fyrstelinetenster utvikling av felles mål og strategi Konsekvensar for Valdresmusea Stortingsmelding nr. 35 (2013) «Framtid med fotfeste» konkluderer med at ein langt på veg har nådd måla for reforma. For Valdresmusea avgrensar konsolideringa seg til opprettinga av dei formaldokumenta nemnt i innleiingsteksten, innføring av felles ITsystem gjennom avtale med KulturIT, deltaking i tre nasjonale nettverk der Valdresmusea/NBF leier det eine av dei, felles søknad- og rapporteringsrutinar til Kulturdepartementet, samt etableringa av eit mellomleiarnivå. Ser ein på organiseringa av verksemda og fordelinga av stillingsresursar og arbeidsoppgåver ved dei tre museumsavdelingane, kan situasjonen synest om lag den same no som før 2006. Ved Bautahaugen Samlinger vart det i 2010 tilsett ein vaktmester i 20 % stilling. Denne vart i 2012 utvida til 40 %. Følgjene av dette samt ei totalvurdering av situasjonen fører til følgjande konklusjon: Ein har berre delvis styrkt fagmiljøa ved samling av fagstillingane Ein har berre delvis samla dei praktiske, tekniske og administrative tenestene Ein har berre delvis samla fyrstelinetenestene Ein har ikkje utvikla felles mål og strategiar Mål med plana – verkty for framtida Valdresmusea har etter konsolideringa ikkje utarbeidd samla mål- og strategplanar. Norsk institutt for bunad og folkedrakt har eigne fagplanar. Det same har dei to fagseksjonane. Valdresmusea manglar planverk som viser samanhengen mellom styringsdokumenta, lover, forskrifter, inntekter, utgifter og Valdresmusea sine eigne ambisjonar for forsking, formidling, fornying og forvalting. Eit viktig mål med denne plana er å a) synleggjera samanhengen mellom det museumsfaglege arbeidet og dei økonomiske rammene, b) skapa trygge rammer for eigar, styre og tilsette, og c) skapa oversikt over dei langsiktige investeringsbehova. 1.2 Samarbeid før 2006 Etter at støtteordninga for dei halvoffentlege musea vart oppretta i 1975 vart det eit tettare samarbeid om faglege spørsmål og museumsdrift mellom Bagn Bygdesamling og 6 Valdres Folkemuseum. Det tok til med skipinga av Opplandsarkivet i 1982. I 1985 vart det oppretta eit samarbeidsorgan for musea på Fagernes og Bagn, etter tilråding frå Samnemnda for musea i Oppland. I 1998 vart det inngått ei samarbeidsavtale mellom musea på Fagernes og Bagn, og som sa at Valdres Folkemuseum skulle vere ansvarsmuseum for Bagn Bygdesamling. Bakgrunnen var dels signal frå staten om at musea måtte førebu seg på den kommande konsolideringsreforma. Dels var det ei omlegging av tilskottet frå Oppland fylkeskommune, som sa at berre museum som dekka fleire kommunar skulle få direkte tilskott. Denne avtala vart fornya i 1999. 7 2. Planprosess Valdresmusea har sidan 2011 vore i ein prosess med drøftingar om vegval, verdiar og strategi. Gjennom deltaking i Innovasjon Norge sitt Fram-program og ei rekkje strategiog temamøte har ein opna for ordskifte om spørsmål som ”kva vil vi vere?”, ”kven er vi til for?” og ”kva er våre verdiar?” Med bakgrunn i innspel frå desse møta, innspel frå seksjonane om prioriterte tiltak for 2015, vedtak i personalmøte 1. september om prioriterte tiltak for perioden 2015–2018, drøftingar med styret for Bagn Bygdesamling og mandat frå styret i styremøte 22. september, utarbeidde Valdresmusea hausten 2014 skisse til plan for verksemda. Plana vart lagt fram i personalmøte måndag 3. november, i styremøte måndag 10. november, og vedtatt i styremøte måndag 8. desember. Fyrstegenerasjonsplan Planen inneheld eit fireårsperspektiv. Kvart år i perioden vil plana rullere og berre tiltaksdelen endrast frå år til år. Mot slutten av perioden opnar ein for ei større revidering. Sidan denne plana er ein fyrstegenerasjonsplan, opnar leiinga for revidering allereie etter fyrste verkeår. 8 3. Formål og etikk 3.1 Formål Formålet for Valdresmusea er nedfelt i § 3 i vedtektene. Her heiter det at Valdresmusea: «skal vere regionmuseum for Valdres, og drive og utvikle samlingane ved Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Valdresmusea skal arbeide med kulturhistorisk bevaring og formidling, og elles drive forsking knytt til den lokale kulturarven. Det internasjonale museumsforbundet (ICOM) sin formålsparagraf ligg til grunn. Valdresmusea skal elles drive sal av produkt og tenester, samt utøve annan aktivitet som er i samsvar med hovudformålet». Vidare heiter det at Valdresmusea skal drive Norsk institutt for bunad og folkedrakt, i samsvar med avtale med Kulturdepartementet. 3.2 Etikk Valdresmusea arbeidar etter ICOM sine museumsetiske retningsliner. Desse er hjørnesteinane for alt museumsarbeid og fastset minstestandardar for museal praksis og yrkesfagleg åtferd. Kapittel 8.16 seier til dømes noko om privat samlingsaktivitet: «Museumsarbeidere skal ikke konkurrere med sin institusjon om anskaffelse av gjenstander eller gjennom egen samlingsvirksomhet. Det må inngås avtaler mellom medarbeidere og styret vedrørende privat samlingsaktivitet, som må strengt overvåkes». Foto: ICOM ICOM definerer eit museum som ein permanent institusjon, ikkje basert på profitt, som skal tene samfunnet og samfunnsutviklinga og som skal vere ope for publikum. Musea skal samle, bevare, konservere, forske, formidle og stiller ut materielle og immaterielle 9 minne om menneske og omgjevnadane deira – i eit studie-, utdannings- og underhaldningsperspektiv. Definisjon vedtatt 24. august 2007. 10 4. Visjon, verdi og satsingsområde 4.1 Visjon Valdres Folkemuseum og Valdresmusea har hatt tre visjonar dei siste 15 åra. Alle seier noko om institusjonen sin funksjon som møteplass og minneskapar. Dei tre visjonane er: Gamal møteplass for moderne menneske (2001–) Eit levande museum (2001–) Møteplass for minne (2012–) Kulturhistorisk seksjon utarbeidde i 2013 ein visjon for instrumentverkstaden. Funksjonen som møteplass er her ein viktig dimensjon. Terskelen for eit besøk hjå instrumentmakarane skal vera låg og miljøet skal vere ope og inkluderande. Handverket er skjørt, men høgst levande. Visjonen for instrumentverkstaden er: Skapande miljø, levande handverk 4.2 Verdi Valdresmusea er ein viktig premissleverandør når framtida for Valdres skal formast. Då blir våre fingermerke, dei spora vi set att etter oss, ikkje utan betyding. Kva røynsler tek vi med oss frå dei som levde før oss? Korleis kan kunnskap om menneske og samfunnsformar som ikkje lenger finst, sikre ei berekraftig utvikling for Valdres i framtida? Valdresmusea sitt verdigrunnlag er derfor tufta på audmjuke og respekt for røynsler og eldre livsoppfatningar, og ansvar i arbeidet med vår eiga samtid, vår eiga framtid. Med bakgrunn i tidlegare plan- og strategiprosessar foreslår leiinga følgjande verdiar: Ansvarleg Valdresmusea skal gjennom sitt arbeid med kulturhistorie i Valdres og Noreg sikre kunnskap og forståing om, og vekstvilkår for kulturelle praksisar og ytringsformar som synest truga av økonomi, modernisering og sentralisering, jfr. Unesco-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv. Forma kan vere forvalting, opplæring og utdanning. Relevant Valdresmusea skal gjennom sitt arbeid med kulturhistorie i Valdres og Noreg fremje relevans og aktualitet om fenomen og samfunnsprosessar, for einskildmenneske, gruppe, institusjonar, organisasjonar. Forma kan vere utstilling, debatt, møte og meiningsytring. 11 Modig Valdresmusea skal gjennom sitt arbeid med kulturhistorie fremje kritisk tenking og skapande innsikt. Valdresmusea skal utfordre førestillingar om norsk identitet, gje rom til det som ikkje stemmer, ikkje passer inn, det vi ikkje forstår, det vi ikkje kan forklare. 4.3 Satsingsområde Følgjande satsingsområde ligg til grunn for det museumsfaglege arbeidet ved Valdresmusea: 1. Folkemusikk, folkedans og instrument 2. Bunad og folkedrakt 3. Bygningsvern Dei tre fagområda har djup forankring i det museumsfaglege arbeidet i Valdres. På 1990talet var også reiseliv, matkultur, gards- og stølskultur, stavkyrkje, byggjeskikk, 2. Verdskrigen og jernvinna satsingsområde. Når ein gjennom denne plana vel å redusere det museumsfaglege arbeidet til tre hovudsatsingar, kviler det på følgjande refleksjon: 1. Behov for sterkare samhandling mellom forsking, forvalting og formidling 2. Behov for sterkare museumsfageleg profil (kamp om merksemda) 3. Behov for spesialisering og profesjonalisering i alle ledd Folkemusikken og folkedansen har sterke band til museumsrørsla i Valdres og både Valdres Folkemuseum og Bagn Bygdesamling har vore viktige møteplassar for musikarar og dansarar tilbake til 1940-talet. Instrumentverkstad, instrumentutstilling, arkivdrift, utøvande folkemusikkformidling og eit tett samarbeid med folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet er i denne samanhengen dei viktigaste innsatsane. Etter at Jørn Hilme-stemnet starta i 1960 vart spel- og dansarlaga viktige samarbeidspartar, og musea på Fagernes og Bagn viktige møteplassar i arbeidet med opplæring og formidling av folkemusikk og folkedans. Vinteren 1966 tilsette Folkemusikknemnda Torleiv Bolstad som folkemusikkinstruktør og i 1970 vart Folkemusikkarkivet etablert ved museet på Fagernes. Sjølv om Folkemusikknemnda var eigar av arkivet i starten, bidrog Valdres Folkemuseum i mykje av utviklingsarbeidet. I 1981 vart Olav Viken tilsett som instrumentmakar ved museet på Fagernes. Han var då den einaste felemakaren fast knytt til eit norsk museum og tenestene hans var etterspurd over heile landet. Dei siste åra har Valdresmusea tatt eit utvida nasjonalt ansvar gjennom tilsetting av fleire instrumenthandverkarar og skiping av Nordisk instrumentseminar for forskarar, spelemenn og instrumentbyggarar. Valdresmusea har òg våga å stille spørsmål der andre teier. I 2013 vart Valdresmusea nominert til prisen «Årets museum» for arbeidet med utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme». 12 Valdresmusea har ei brei samansetting av fagkompetanse innan musikk og musikkutøving, instrumentbygging og konservering. To av dei tilsette har mottatt Statens kunstnarstipend i kategoriane musikk/tradisjonsmusikk, Spelemannsprisen (1985) i kategorien folkemusikk og Kongepokalen frå Landskappleiken (2014) i klassa eldre folkemusikkinstrument. Valdresmusea forvaltar ei stor tekstilsamling. Arbeidet med denne samlinga og drifta av Norsk institutt for bunad og folkedrakt gjer derfor bunad og folkedrakt til eit anna viktig satsingsområde. Historia til instituttet – i Valdres – går tilbake til 1986 då Landsnemnda for Bunadsspørsmål skifta namn til Bunad- og folkedraktrådet og fløtte frå Oslo til Fagernes. I 2008 vart sekretariatet konsolidert med Valdresmusea og formålet for sekretariatet og Rådet utvida. I 2010 skifta verksemda namn til Norsk institutt for bunad og folkedrakt medan det statlege oppnemnde rådet beheldt namnet Bunad- og folkedraktrådet. Bevaring av dei antikvariske bygningane har vore ei av dei mest synlege arbeidsoppgåvene ved alle dei tre museumsavdelingane. I perioden 1952–1975 vart det sett opp 41 hus på Valdres Folkemuseum. I dag forvaltar Valdresmusea 119 antikvariske bygningar og driv ei nasjonal kursrekke i restaurering og eldre handverksteknikkar. Behovet for restaurering av eige anlegg er stort, og utviding av staben tilsvarande. Like fullt er bygningsvern definert som eit viktig satsingsområde for Valdresmusea i åra framover. 13 5. Strategi Driftsmål: Valdresmusea skal drive god personalpolitikk og trygg økonomiforvalting, og sikre tilgangen til statlege og private økonomiske ressursar. Strategi: 1. Sikre deltaking og inkludering på arbeidsplassen 2. Sikre statleg, fylkeskommunal og kommunal finansiering 3. Styrke samhandling mellom avdelingane og på tvers i organisasjonen 4. Styrke samarbeidet med privat næringsliv, stiftingar og ideelle organisasjonar Forskingsmål: Valdresmusea sitt innsamlings-, dokumentasjons- og formidlingsarbeid skal vere forskingsbasert og kan utførast i samarbeid med andre museum og kunnskapsorganisasjonar. Strategi: 1. Styrke samarbeidet med andre kunnskapsinstitusjonar 2. Styrke forskingskompetansen ved autorisasjonstildeling Formidlingsmål: Valdresmusea sitt formidlingsarbeid skal fremje kritisk refleksjon og skapande innsikt. Strategi: 1. Invitere til debatt, ordskifte og meiningsytring (møte og meiningsstoff) 2. Utvikle utstillingar som er modige i tematikk og innhald Forvaltingsmål: Valdresmusea skal sikre og vidareføre den materielle (arkiv, samlingar) og immaterielle kulturarven (handlingsboren kunnskap) og gjere denne tilgjengelege gjennom utstilling, omvising og digital presentasjon. Strategi: 1. Styrke forvaltingskompetansen gjennom kurs og opplæring 2. Søkje samarbeid med museum og nettverk om vidareutvikling av Fiol Fornyingsmål: Valdresmusea skal spele ei aktiv samfunnsrolle og bidra til realiseringa av viktige mål for kultursektoren. Valdresmusea skal sikre kompetanse innafor satsingsområda, styrke fageiningane og produsere tenester på lokalt og nasjonalt nivå. Valdresmusea skal vere pådrivar i arbeidet med den immaterielle kulturarven og bidra til gjennomføringa av utviklingstiltak for sektoren. 14 Strategi: 1. Styrke samarbeidet med aktørar i Valdresregionen 2. Søkje innflytelse gjennom deltaking i nasjonale nettverk 15 6. Rammer og styringsverkty 6.1 Lovverk og aksjoneravtale Valdresmusea skal overhalde dei pliktene som følgjer av eit nasjonalt lovverk. Døme på lover er Aksjelova, Arbeidsmiljølova, Rekneskapslova, Bokføringslova, Kulturlova, Åndsverklova, Privatarkivlova, Kulturminnelova, Offentlegheitslova, Lov om offentleg anskaffing og Brann- og eksplosjonsvernlova. Valdresmusea skal rette seg etter internasjonale konvensjonar og retningsgivande avtaler for ICOM sitt museumsetiske regelverk. Døme på konvensjonar med relevans for Valdresmusea sitt arbeide er Konvensjon om tiltak for å forby og forhindre ulovlig import og eksport av kulturgjenstander og ulovlig overføring av eiendomsrett til kulturgjenstander (1970, ratifisert i 2007) og UNESCOs konvensjon om vern av immateriell kulturarv (2003, ratifisert i 2007). Valdresmusea skal rette seg etter aksjonæravtalen (inngått 14. juni 2006) og eigne vedtekter (vedtatt 14. juni 2006, revidert 21. mai 2008). Aksjonæravtalen omhandlar eigarskapen til samlingane, arbeidsgjevaransvaret, råderetten over tilskotta og ansvarsavklaring ved utviding av anlegga. Vedtektene omhandlar formålet, aksjekapitalen, styret og generalforsamlinga. 6. 2 Tildelingsbrev frå Kulturdepartementet Tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet er eit sentralt styringsdokument for Valdresmusea. Dette skisserer økonomiske rammer og prioriteringar, resultatmål og rapporteringskrav. Tildelingsbrevet blir sendt kvart år etter behandlinga av statsbudsjettet i Stortinget. Resultatmåla som det skal rapporterast for gjeld arbeidet med 1) fornying, 2) forvalting, 3) formidling og 4) forsking. I tillegg gjeld rapportering på 5) økonomiforvalting og kontroll og 6) andre føringar (for 2014 gjeld dette inkludering og mangfald, lova om diskriminering og tilgjenge, likestilling, grunnlovsjubileet, immateriell kulturarv og vedtekter). 6.3 Tildelingsbrev frå Oppland fylkeskommune Tildelingsbrevet frå Oppland fylkeskommune er òg eit viktig styringsdokument. Her er måla i sterkare grad knytt opp til konkrete satsingar, slike som grunnlovsjubileet og bygningsvern-rådgjevarstillinga. Krava til rapportering er dei same for fylkeskommunen som for staten. 6.4 Samarbeidsavtaler Valdresmusea har partnarskapsavtale med Kulturdepartementet om drift av Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Valdres Natur- og Kulturpark om kulturhistorisk arbeid og regionalt utviklingsarbeid i Valdres. Valdresmusea har òg avtale med Oppland 16 fylkeskommune og Stiftelsen Gardbergfeltet om utvikling og drift av Gardbergfeltet i Vestre Slidre kommune, og Statens vegvesen, reiselivsselskapa i Valdres og Sogn, musea i Sogn og Fjordane, Lærdal kommune, Vang kommune, Oppland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune om utvikling av Kongevegen over Filefjell. 6.5 Stortingsmeldingar Statlege prioriteringar og forventa resultatmål kjem ikkje av seg sjølv, men er resultatet av ei fagleg utvikling i feltet og lange politiske prosessar. Med jamne mellomrom har regjeringa behov for utgreiingar om særskilte emne eller ynskjer å presentere saker for Stortinget, utan at dei er knytt til forslag til vedtak. Stortingsmeldingane har karakter av å vere ein rapport til Stortinget om eit arbeid som er gjort eller drøfting av framtidig politikk. Musea har sjølve eit ansvar for fagleg utvikling og fornying. Armelengds avstandprinsippet mellom kulturinstitusjonane og dei offentlege styresmakter er eit udiskutabelt prinsipp og ein innarbeidd køyreregel i norsk kulturpolitikk. Stortingsmeldingane er like fullt styringsverkty som musea ikkje kan stelle seg likegyldige til sidan dei uttrykkjer statlege prioriteringar eller særskilte satsingar for feltet. Det er særleg to stortingsmeldingar med relevans for Valdresmusea: St.melding nr. 49 (2008–2009) «Framtidas museum» og St.melding nr 35 (2013) «Framtid med fotfeste». I den fyrste meldinga er det lagt vekt på behovet for auka forskingssamarbeid, både gjennom museumsnettverka og mellom musea og forskingsmiljøa i kunnskapssektoren. Formidlinga skal vere kritisk og nyskapande og ho skal fremje innsikt og refleksjon. Sjølve samfunnsoppdraget er lausleg formulert, men handlar i korte trekk om den måten musea samhandlar med sine omgjevnadar. Korleis kan musea vere relevante samarbeidspartar for aktørar utanom sektoren? Kva er relevante bidrag i eit samfunnsperspektiv? Den andre meldinga tek for seg dei nasjonale måla for bygningsvernet. Her heiter det at alle verneverdige bygg skal koma på eit akseptabelt vedlikehaldsnivå innan 2020. I dette bilete er samspelet mellom private huseigarar, offentleg forvalting og musea viktig. I meldinga heiter det at: «På mange områder har museene og kulturminneforvaltningen felles interesser og forholdene ligger godt til rette for samarbeid. Både museumssektoren og kulturminneforvaltningen har et stort behov for å øke kompetansen og kapasiteten knyttet til bygghåndverk. Utviklingen av bygningsvernsentre og samarbeidet om regionale rådgiverstillinger innen bygningsvern og bygningstjenester ved flere av museene, er gode eksempler. 17 En viktig utfordring for sektoren er å sikre kvalifisert kompetanse og -kapasitet i hele landet slik at man kan klare å holde bygningsarven ved like. De positive erfaringene fra samarbeidet om bygningsvernrådgivertjenester viser at potensialet for videreutvikling på området er stort. Dette kan bidra til å styrke kapasiteten innenfor bygningsvernet. Fag-kompetansen museene har på området og deres uavhengige rolle overfor forvaltningen, er viktig i arbeidet for å nå de nasjonale målene.» 6.6 Andre meldingar Oppland fylkeskommune vedtok i 2010 museumsmeldinga «Framtidas museum i Oppland – perspektiver og strategier mot 2015». Denne er på sett og vis eit ekstrakt av dei nasjonale meldingane, men legg særleg vekt på kva rolla musea kan spele i arbeidet med dei regionale utviklingsprosessane i åra framover. Verdiskaping og reiselivsutvikling er særleg nemnt som felt der musea kan spele ei viktig rolle. 18 7. Situasjonsbeskrivelse Administrasjon MÅL: Valdresmusea skal drive god personalpolitikk og trygg økonomiforvalting, og sikre tilgangen til statlege og private økonomiske ressursar. Dei viktigaste styrings- og rapporteringsverktya for Valdresmusea er rekneskap, årsmelding, budsjett og arbeidsplanar. Saman med det samla plandokumentet følgjer budsjettet for 2015, arbeidsplanar for virkefelta 1) forsking, 2) formidling, 3) forvalting og 4) fornying for 2015, ei prioritert tiltaksliste for perioden 2015–2018, samt ei prioritert investeringsliste. Sikre faste økonomiske rammer Dei økonomiske rammene har sidan skipinga av tilskottordninga for halvoffentlege museum i 1975, vore føreseielege og utan store svingingar. Det rår tverrpolitisk semje om at sektoren vil vere avhengig av statleg og fylkeskommunalt tilskott i framtida, men krava til eigeninntening og forventingar om auka samarbeid med privat sektor har vore merkbare dei siste åra. Det er eit viktig mål for Valdresmusea å sikre desse tilskotta gjennom aktuelle og relevante rammesøknadar. Valdresmusea er positive til dei nye statlege innretninga som stimulerer til auka samarbeid med næringsliv og privat sektor, men minner om den kulturelle handlingsregel for norsk kulturliv: Sponsorpengar må aldri bli ein integrert del av finansieringa av musea, men i staden vera den ekstra stimulansen som gjev musea handlefridom til arbeid med nye prosjekt. Det er likefullt eit mål for Valdresmusea å sikre tilskott gjennom andre statlege innretningar, slike som Gåveforsterkingsordninga. I ein rapport frå Norsk kulturråd, «Organisering av museene» (2013), heiter det at regionane skal dekke 40 % av det samla offentlege driftstilskottet. Av eit samla budsjett på 15 millionar kroner dekker det kommunale (500 000 kroner) og fylkeskommunale (2,2 millionar kroner) tilskottet til Valdresmusea om lag 20 %. Rammeavtalen med Valdreskommunane vart inngått for perioden 2006–2009 og må fornyast innafor den kommande fireårsperioden. I avtalen vart tilskottet satt til 30 kroner per innbyggar. Det er eit mål for Valdresmusea å sikre kommunalt tilskott gjennom ei revidert partnarskapsavtale. Eit verkty i denne samanhengen er langsiktige, strategiske planar for drift og museumsfagleg utvikling. Eit verkemidel i denne samanhengen er god dialog med politisk leiing (kommune, fylkeskommune og stat) og leiing for andre statlege og/eller private tilskottsordningar (Norsk kulturråd, Norsk kulturminnefond, Sparebankstiftelsen, Bergesenstiftelsen, Eckbos Legater, Fritt Ord). 19 Sikre prosjekttilskott Tilskott utover det ordinære rammetilskottet vil i mange tilfelle gjere det mogleg å realisere prosjekt med ei kortare tidsavgrensing. Særleg gjeld dette for kurs og seminar, utstillingar, forskingsarbeid, sikringstiltak og/eller andre utviklingstiltak. Det er eit mål for Valdresmusea å sikre prosjekttilskott gjennom aktuelle og relevante prosjektsøknadar. Rutinar for budsjett- og økonomistyring Valdresmusea driv økonomiforvalting i samsvar med dei reglane og retningslinene staten har satt for mottakarar av driftstilskott frå Kulturdepartementet. Valdresmusea har budsjett som syner plan for disponering av inntekter og utgifter. Arbeidet med budsjett og økonomikontroll er forankra i leiinga med jamleg rapportering og gjennomgang og kontroll av prosjekt, resultat og prognosar. Valdresmusea har tilfredstillande likviditet, sjølv om ressursane til vedlikehald av bygningsmassen kunne vore større. Valdresmusea legg vinn på å sikre tilgangen til dei frie inntektene gjennom prosjekttilskott, butikkdrift, billettsal, og inntekter frå leigetakarar og arrangørar. Per tid utgjer desse inntektene om lag 10 % av dei samla inntektene. Organisasjon og personal Valdresmusea har sidan 2008 organisert drifta gjennom ein administrasjon, to fagseksjonar og Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Organisasjonsmodellen er skjør og praksisen med arbeid etter planar delvis til stades. Konsekvensen blir museumsarbeid på tvers av seksjonar og nivå. Det kan verke positivt dersom fleksibiliteten er stor. Det kan verke negativt dersom organisasjonen flyt fritt. Dei tilsette svarar til seksjonsleiarane eller administrasjonssjefen, som svarar til direktør. Eit mellomleiarnivå er organisert gjennom «Leiargruppa». Denne har berre delvis fungert. Ved avdelingane i Sør-Aurdal har dei tilsette operert på tvers av fagseksjonar og leiarnivå. Med utgangspunkt i måla for museumsreforma kan ein derfor hevde at dei museumsfaglege og administrative tenestene ved Valdresmusea berre delvis er samla og at det enno ikkje er utarbeidd felles mål og strategi. Det er derfor eit mål at ein med denne plana og det framtidige strategiarbeidet etablerer felles forståing for Valdresmusea som tenesteprodusent – for alle fagområde og med konsekvensar for alle avdelingane. Sjå elles vedlagt organisasjonskart. Inkluderande arbeidsliv Valdresmusea har samarbeidsavtale med NAV om inkluderande arbeidsliv. Det overordna målet med IA-avtalen er å betre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærveret, førebygge og redusere sjukefråveret og hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Ein 20 årleg handlingsplan peiker på tiltak for å nå desse måla. IA-møte, seksjonsmøte, personalmøte, personalsamtaler og faste møtepunkt mellom leiing, tillitsvald og verneombod er døme på tiltak nedfelt i plana. Arbeidsinstruks Arbeidskontrakt og arbeidsinstruks skal skapa føreseielege og trygge rammer for dei tilsette. Ikkje alle tilsette ved Valdresmusea har utarbeidd ein slik arbeidsinstruks. Det er eit mål for administrasjonen at slike instruksar blir utarbeidd innan fyrste verkeår av denne plana. Lønspolitikk Valdresmusea har gjennom avtaleverk plikt til å utforme ein lønspolitikk, formulert som eige policy-dokument. Bakgrunnen for dette er at lønspolitikk er eit godt verkemidel til å unngå tilfeldige lønsforskjellar og lønsfastsetting. På same tid er ein slik lønspolitikk eit godt styringsverkty og eit middel for å nå betre resultat for verksemda. Ved Valdresmusea har det vore tendens til vilkårleg bruk av stillingskoder og lønsrammer ved tilsetting av nye medarbeidarar. Det er eit mål for Valdresmusea å etablere ein lønspolitisk handlingsplan med rutinar for plassering av stillingskoder og lønsrammer, slik dette er nedfelt i overeinskomsten mellom arbeidstakarorganisasjonane og Virke, i løpet av den kommande fireårsperioden. Kompetansebehov Valdresmusea har ein brei samansetting av fagkompetanse og arbeidserfaring, realkompetanse og formalkompetanse. Det er ein målsetting for Valdresmusea å ta vare på ein slik breidde og på same tid rekruttere spesialkompetanse som sikrar arbeidet med satsingsområda. Det er særleg eit behov for å styrke kompetansen knytt til forsking, bygningsvern og samlingsforvalting. Eit verkemiddel her vil vere tilsetting av medarbeidarar med spesialkompetanse, kurs og etterutdanning, og fordjuping i forskingsarbeid med mål om ein konservator NMF-autorisasjon. Forretningsdrift I følgje vedtektene skal Valdresmusea drive sal av produkt og tenester. Næringsverksemda er knytt til museumsanlegga som arena og dei tilsette sin kulturhistoriske kompetanse. Valdresmusea har inntekter gjennom utleige av hus og anlegg (kurs, seminar, konsertar, festivalar, arrangement, verkstad, kafé og kontor) og sal av tenester som kurs og konferanse, restaurering, foredrag og omvising. Valdresmusea er inga suvenirbutikk. Det er heller ikkje eit mål at Valdresmusea skal sitja med varelager som bitt opp for mykje kapital. Følgjeleg vil Valdresmusea styre butikkarbeidet mot sal av varer med relevans for satsingsområda og med vekt på dei arrangementsmessige høgdepunkta gjennom året. Valdresmusea vil òg vurdere eit større skilje på opningstidene sommars- og vintertid. 21 Valdresmusea sin kapital sit fyrst og fremst i spesialkunnskapen som kor og ein av dei tilsette sit inne med. Det er eit mål for Valdresmusea å dele meir av denne gjennom foredrag, omvising, kurs og konferanse. Valdresarv vart etablert i 1989 som forlag med eige logo, ISNB-nummerserie og redaksjonsnemnd. I perioden 1989–1999 produserte forlaget/Valdres Folkemuseum fire bøker om natur- og kulturhistoriske emne frå Valdres. Det kan ligge eit inntektspotensiale i slik drift, men bokmarknaden er usikker og potensialet for inntening avheng av storleiken på dei offentlege tilskotta, usikkerheit om statleg innkjøp, mengda marknadsføring og profesjonalitet i sal og distribusjonsleddet. Sal og marknadsføring Valdresmusea har sidan 1960-talet vore ei betydeleg reiselivsbedrift i Oppland med eit årleg besøk på i underkant av 40 000. Dei gruppereisande er enno ei viktig inntektskjelde for Valdresmusea, men markanden er uføreseieleg og tendensen dei siste åra fortel om ei auke i talet på uanmeldte gruppereisande. Valdresmusea må i åra framover styrke arbeidet med synlegheit og kommunikasjon. Mellom anna betyr det sterkare satsing på publikumsbygging gjennom etablering av kontaktlister, utsending av spesialinvitasjon og kundepleie. Vidare må ein profesjonalisere verkemidla gjennom større satsing på digital presentasjon og formidling. Heimesider, digitale nyheitsbrev og interaksjon med brukarane gjennom sosiale media kan vere nokre av verkemidla, men slike tiltak er kostbare og må sjåast opp mot med andre tiltrengte tiltak. Det er eit mål for Valdresmusea å etablere ein plan for marknadsføring og kommunikasjon innan fyrste verkeår av denne plana. Sikring og drift Valdresmusea har utarbeidd ein sikringsplan for tilsette, besøkande og samlingane. Planen peiker på ei rekkje manglar i arbeidet med sikring. Mellom anna er det behov for utarbeiding av beredskapsplan. Sikringsgruppa møtast ein gong kvar månad for drøfting av framdrift og iverksetting av tiltak jamfør plana. Valdresmusea har sidan 2008 hatt fulldriftsavtale med KulturIT om levering av ITtenester til avdelingane på Fagernes og Bagn. Gjennom avtala er Valdresmusea sikra økonomiske fordelar ved storinnkjøp, domene, e-post, internett og intranettsider, infrastruktur, brukarmaskinar og brukardata, servere, skrivarar, sikring, back up, heimekontor, support, programvare, Primus og kurs. Forsikring Valdresmusea driv i hovudsak arbeidet sitt med offentleg tilskott. Dermed pliktar musea, med jamne mellomrom, å setje innkjøp av tenester ut i konkurranse, jamfør Lov om offentleg anskaffing. Valdresmusea har sidan 2013 nytte Norwegian Broker som forsikringsmeglar, og som hjelper til med anbod og risikovurdering. 22 Forsking MÅL: Valdresmusea sitt innsamlings-, dokumentasjons- og formidlingsarbeid skal vere forskingsbasert og skal kunne utførast i samarbeid med andre museum og kunnskapsorganisasjonar. Forsking skal legge grunnlaget for innsamlings- og dokumentasjonsarbeid ved Valdresmusea, og for produksjonen av utstillingar og musikkinstrument. Målet med forsking er å utvikle satsingsområda gjennom ervervet av ny kunnskap. Gjennom forsking legg musea vinn på å formidle nye perspektiv og komplekse samanhengar. Dette er avgjerande dersom musea skal leve opp til oppgåva som kritisk og relevant samfunnsaktør. Utan forsking risikerer ein å redusere musea til formidlar av trivialitetar og stereotypiar. Slik formidling er oftast basert på fordommar og førestillingar, ikkje vitskapleg kunnskap. Musea har lang historie som forskingsinstitusjonar. Sjølv om forsking ikkje er nedfelt ved lov i Noreg, er dette sett som eit av rammevilkåra for museumssektoren gjennom statsstøtta. Valdresmusea har eit lite forskingsmiljø. Det vitskaplege personalet har bakgrunn frå fag som etnologi, historie og musikkvitskap. Valdresmusea har to tilsette med konservatorautorisasjon frå Norges Museumsforbund. Det er eit mål at ytterlegare to av dei tilsette får slik autorisasjon i løpet av kommande fireårsperiode. Kva er forsking? Forsking er kreativ aktivitet utført systematisk for å oppnå auka kunnskap om prioriterte emne. Forsking er basert på problemformulering, anerkjente vitskaplege metodar og teoretisk forankring. Forsking skal formidlast i vitskapleg form. Dokumentasjon og innsamling er del av ein kunnskapsfangst, og legg grunnlaget sjølve for forskinga. Forsking ved Valdresmusea Forsking ved Valdresmusea tek sikte på å utvikle nye tilnærmingar til fenomen og samlingar med relevans for satsingsfelta. Forsking skal belyse kultur og samfunnsliv frå nye perspektiv, og den skal synleggjera kompleksiteten i historia vår og slik gjera kunnskapen om fortida relevant for fleire. Forskinga skal ta omsyn til eigenart og særpreg ved Valdresmusea som institusjon, og må følgjeleg springe ut frå innhaldet i samlingane og kompetansen hjå dei tilsette. Valdresmusea har følgjande satsingsfelt med konsekvensar for forskinga ved musea: Folkemusikk og folkedans Bunad og folkedrakt Instrument 23 Formidling MÅL: Valdresmusea sitt formidlingsarbeid skal fremje kritisk refleksjon og skapande innsikt. Gjennom formidlingsarbeidet skal Valdresmusea nå eit breitt publikum med variert kunnskap og ulike opplevingar. Valdresmusea sitt formidlingsarbeid er knytt til følgjande innsatsar: Utstilling Omvising Publikasjon Den kulturelle skulesekken Foredrag og debatt Kurs og seminar Arrangement (konsertar, festivalar, teater, framsyningar) Utstillingar Valdresmusea sine utstillingar skal utfordre oppfatningar om liv og samfunnsforhold i Valdres og Noreg. Dei skal formidle nye perspektiv og komplekse samanhengar og dei skal vere modige i tematikk og innhald. Omvising Valdresmusea tilbyr omvisingar ved alle avdelingane sommarstid. Ved Valdres Folkemuseum skal turistane få tilbod om omvising norsk, engelsk, tysk, fransk og nederlandsk. Ved dei andre avdelingane skal turistane få tilbod om omvising på norsk og engelsk. Valdresmusea skal også tilby spesialomvising om særskilte emne. Publikasjonar Valdresmusea skal presentere forsking og museumsfagleg arbeid gjennom artiklar, kronikkar, kommentarar og meiningsstoff – i bøker, aviser og tidsskriv. Valdresmusea skal også formidle materiale frå samlingane gjennom publisering på www.digitaltmuseum.no eller utgjeving av særskrift, dvd-ar og cd-ar. Valdresmusea skal i følgje avtale med Nord-Aurdal kommune (2010) bidra til ferdigstilling av bygdebøkene for Nord-Aurdal. Valdresmusea har òg planar om å ta opp att aktiviteten i Forlaget Valdresarv. Forlaget er eigd av Valdresmusea og gav i perioden 1989–1999 ut fire bøker. Bokserien har eige ISBN-nummerrekke og redaksjonsnemnd. Den kulturelle skulesekken Valdresmusea skal tilby undervisingsopplegg til barnehagane og skulene i Valdres gjennom Den kulturelle skulesekken. Denne ordninga skal sikre at barn og ungdom blir 24 kjende med si eiga lokalhistorie og får møte profesjonelle kulturarbeidarar i skulekvardagen. Foredrag og debatt Valdresmusea skal formidle forskings- og museumsfagleg arbeid gjennom foredrag og debatt. Valdresmusea skal med utgangspunkt i kunnskap og innsikt om kulturhistorie i Valdres, også bidra til forståing, refleksjon og sakkunne om fenomen, samfunn og samfunnsutvikling elles. Kurs og seminar Valdresmusea skal spreie kunnskap og tilby opplæring gjennom kurs, seminar og konferansar. Gjennom kurs og seminar ynskjer Valdresmusea å ta ansvar for vidareføringa av særskilte tradisjonar og handverksteknikkar, til dømes instrumentbyggarhandverket, bunadtilverking og handverksteknikkar knytt til restaurering av antikvarisk bygningsmasse. Arrangement Museumsanlegga er flotte arenaer for gjennomføring av aktivitetar og arrangement. Åleine og ilag med andre samarbeidspartar skal Valdresmusea bidra til skipinga av konsertar, festivalar, julemarknad, kappleikar, barne- og ungdomssamlingar, teater, samlingar for organisasjonar og anna. Slik bidreg Valdresmusea til realiseringa av viktige samfunnsmål for regionen. 25 Forvalting MÅL: Valdresmusea skal, med bakgrunn i vedtekne planar, sikre og vidareføre den materielle (arkiv, samlingar) og immaterielle (handlingsboren kunnskap) kulturarven, og gjere denne tilgjengeleg gjennom utstilling, omvising og digital presentasjon. Valdresmusea forvaltar den største konsentrerte samlinga kulturhistorisk materiale i Valdres. Handlingsboren kunnskap, arkiv (papir, kart, musikk, foto, film), samlingar (gjenstandar) og antikvarisk bygningsmasse er unike spor etter menneskeleg aktivitet og uerstattelege kjelder om menneske og samfunn. Eit arkiv er ei ufortolka stemme frå fortida og eit vitnemål om kva folk gjorde og korleis dette sette spor. Arkiv skapar nærleik til historia og opnar for identifikasjon med menneske og miljø. Når vi arbeidar i arkiv må vi søkje informasjon og vurdere og samanlikne kjelder. Slik utviklar vi ei kritisk haldning til vår eigen kunnskapsproduksjon. Eit hus eller ein gjenstand er òg vitnemål om liv og samfunn i eldre tid, men her er historikken meir kompleks enn for arkivsektoren. Friluftsmusea og gjenstandssamlingane er som oftast bygde opp med bakgrunn i førestellingar om homogene fellesskap. Konsekvensen av slik tenking blir overrepresentasjon av enkelte hus og gjenstandsgrupper og manglar av andre. Slik rommar samlingane ei unyansert framstilling av kulturrøyndomen. St.meld. nr. 49 Framtidas museum (2008–2009) viser til at berre 39 % av dei totalt 2,8 mill. kulturhistoriske gjenstandane i musea, er registrerte i elektroniske katalogar. Berre 15 % av desse er registrert med foto. Dette betyr at norske museum ikkje har tilfredsstillande oversikt over samlingane. Antikvarisk bygningsvern og fysisk og digital sikring av arkiva og gjenstandssamlingane er ei viktig oppgåve for Valdresmusea i kommande fireårsperiode. Det er ei prioritert oppgåve å få på plass ein samlingsplan i løpet av fyrste verkeår av denne plana. Opplandsarkivet1 Valdresmusea er tilslutta ei regional arkivordning, Opplandsarkivet. Arkiva er organisert ved Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Opplandsarkivet består av 78 500 foto. 1231 foto er registrert i Primus medan 504 av desse er publisert på Digitalt Museum. Arkivsamlinga består av 625 arkiv fordelt på 249 hyllemeter. Ved Valdres Folkemuseum er det 436 arkiv, Bagn Bygdesamling 130 arkiv og Bautahaugen Samlinger 59 arkiv. 1 Statistikk 4. mars 2013 26 Folkemusikkarkivet har 13 750 førekomstar av lyd og 84 førekomstar av film registrert i Fiol. Fram til 1992 vart opptaka gjort på spoleband, seinare på DAT. I 2005 starta ein med lagring og utkopiering på HD. Originalane blir oppbevara i magasin. Det finst òg spoleband, DAT-kassettar, MC-kassettar og filmkassettar som ikkje er registrert i Fiol. Sikring og registrering av uregistrert arkivmateriale er ei viktig oppgåve for arkivaren i 2015. Fotoarkivet og gjenstandssamlingane blir registrerte i Primus. Papirarkivet blir registert i Asta og boksamlingane i BIBSYS. Lyd- og videoopptak blir registrert i Fiol. Ei utfordring med Fiol ligg i tilgangen på support og service. Per tid må ein kjøpe tenester frå Folkmusikens Hus i Rättvik i Sverige. Opplandsarkivet arbeidar med å finne ein modell som skal erstatte denne praksisen. Valdresmusea er ein viktig støttespelar i dette arbeidet. Bygningshistoriske samlingar Valdres Folkemuseum vart grunnlagt i 1901. Den fyrste lokaliseringa var på Valdreshaugen ved Skarpsno på Fagernes. I 1917 vart museet fløtt til Storøya. Frå 1917 følgde utbygginga ein plan med inndeling av hus etter kommunegrenser. Slik la ein opp til ei lite kjeldekritisk vurdering av forholdet mellom hus og landskap med stabbur og bustadhus om kvarandre. I 1950-åra vart museet utvida med ein storgard, ein gard, ein husmannsplass, eit industrimiljø og eit utmarksmiljø. I 1960- og 70-åra vart det satt opp bygningar med tilknyting til turist- og samferdslenæringa. Før utvidinga av arealet i 1952 var det 14 antikvariske hus på museet. I 1975 var det 55 antikvariske hus og ein administrasjonsbygning her. Det er 84 antikvariske bygningar på Valdres Folkemuseum. Dei fleste er frå 1700- og 1800-talet. Eit loft er frå før 1350. Her er eit par hus frå 1600-talet og elles nokre bygg frå nyare tid. På 1990-talet vart samlingane supplert med jernbanehus, forsamlingshus, utvandrarhus og ishus. Her er òg anlegg som fiskesløer, båtar, minnesteinar, skilt, gravrøyser og nyare hus. Bautahaugen Samlinger vart grunnlagt i 1902. 50 år etter kom det fyrste huset opp. I dag er det 15 bygningar på området. I tillegg eig Stiftelsen Bautahaugen garden Bergsrud, Hedalen Bygdemølle og ei badstove på garden Bronbakke. Bautahaugen er etablert ut i frå det gamle tunet/anlegget Brakadokka og bautasteinane. Bagn Bygdesamling vart etablert i 1920 på tuftene etter gamletunet på Islandsmoen. Dei fyrste åra vart det sett opp fleire hus på dei gamle tuftene. Etterkvart kom det inn bygningar og gjenstandar frå heile kommunen. Nokre av desse var veslestabburet frå Nedre Bang og Smettbakbua, ei gamal årebu frå Svartsetra. I 1937 vart den fyrste delen 27 av administrasjonsbygget oppsett og i 1939 vart museet gjeve til bygda og fekk namnet Bagn Bygdesamling. I dag er det 20 hus på området. Administrasjons- og utstillingsbygg Ved Valdres Folkemuseum vart det foreslått å reise eit utstillingsbygg i 1943. Ikkje før i 1967 sto bygget ferdig, med magasin for arkiv og gjenstandar. Administrasjonsbygningen har vore utbygd fleire gonger, seinast i 1989. I 2010 opna Velkomstbygget. Her er kontor, utstillingar, kafé, butikk, festsal, studiesenter og bibliotek, magasin og teknisk rom. Ved Bagn Bygdesamling vart det reist eit administrasjonsbygg i 1937, som seinare vart utvida i 1953, 1982 og 1989. I dag er det utstillingsrom, resepsjon, arkiv, kontor, møterom, verkstad og toalett her. Ved Bautahaugen er det ikkje eige administrasjonsbygg, men basisutstillingar i dei antikvariske husa. Magasin og arkivrom finst i kjellaren under eitt av desse husa. Gjenstandssamlingar Ved Valdres Folkemuseum har det sidan 1901 vorte arbeidd for å utstyre bygningane med det som naturleg høyrte til der. Museet har sjeldan hatt ressursar til å kjøpe gjenstandar, men har tatt i mot det som har kome som gåver. Dette har ført til at enkelte gjenstandsgrupper er betre representert enn andre, ikkje minst gjeld det innbu og lausøyre. Av meir spesifikke samlingar finn vi Einangsferja, Valdresbanen, kunst etter Gunnar Rørhus og Ralph Styker, våpen og skulesamlinga. Dei siste åra har museet konsentrert innsamlinga av gjenstandar til emne som seier noko om satsingsområda. Bautahaugen Samlinger har gjenstandar som høyrer til i husa på området, og som gir innblikk i liv og arbeid der. Her er ei samling av bruksgjenstandar frå Kantom, ei samling rester frå jern-vinnetida og i Brakadokka er det ei skulesamling og ei samling med gjenstandar knytt til handelsverksemda her. Bagn Bygdesamling har i administrasjonsbygget to utstillingsrom. I det eine rommet er det utstilt instrument, fangst- og fiskereiskap, husgeråd og tekstilar. I det andre rommet er det ei krigs-utstilling med gjenstandar og bilete frå kampane i Sør-Aurdal i april 1940. Stabelbygningen har skomakar-, urmakar-, bokbindar- og skreddarverkstad i andre høgda. I fyrste høgda er det eit større rom som blir brukt til selskap og møte. I tillegg er det laga ei utstilling som syner korleis det kunne sjå ut i eit landhandleri for 50–60 år sidan. I Telthuset er det ei utstilling om utviklinga av skogsdrifta fram til motoriseringa rundt 1950. I andre høgda er det ein snikkarverkstad. Islandsmobygningen har inventar slik det var vanleg i mange heimar rundt 1900, i tillegg til ei utstilling om Sigurd Islandsmoen. 28 Valdres Folkemuseum har ei tekstilsamling som inneheld a) folkedraktmateriale for kvinner og menn frå tidleg 1800-talet og framover b) tilbehør som luver, tørkle, vestar, bringedukar, belte, sko og sylv, c) nyare klede for kvinner og menn, d) barneklede, e) sengeklede som skinnfellar, kvitlar, sengeteppe og puter, f) underklede, g) uniformer og teppe. Bautahaugen Samlinger har ikkje eige tekstilmagasin. Her er ein del skinn og mykje av dette har vore oppbevara i dei ulike husa. Bagn Bygdesamling har ikkje eige tekstilmagasin. Det heng mykje klede i fyrste etasje i skulebygningen. Andre småting ligg spreidd ikring i skuffer og skåp i administrasjonsbygningen. Samlingsfakta Valdresmusea Gjenstandar: 26 605 Gjenstandar registrert i Primus: 1 583 Antikvariske bygningar: 119 Utstillings- og arkivbygg: 3 Verkstadbygning: 1 Arkivfakta Valdresmusea Arkiv: 625 Hyllemeter: 249 Foto: 78 500 Lyd og film: 13 750/84 Lyd og film registrert i Fiol: 13 015/84 Tilstandsvurdering Folkemusikkarkivet Folkemusikkarkivet har 13 750 objekt. I tillegg er det MC, DAT, videofilm og private spoleband som ligg på vent for digitalisering og registrering. Ein reknar med at arbeidsmengda for dette arbeidet ligg på eit årsverk (2000 timar). Spolebanda ligg lagra i kvelv og treng teknisk vedlikehald. Arkiv- og gjenstandssamlinga I 2008 vart det gjennomført ein tilstandsvurdering av samlingane ved Valdres Folkemuseum, og som viste at berre 7,5 % av gjenstandane vart oppbevara tilfredsstillande i magasin. Sidan den gongen har det ikkje vorte utført ein heilskapleg samlingsoversikt eller tilstandsvurdering. Ved Valdres Folkemuseum er 10 % (2006) av gjenstandane oppbevara i antikvariske hus og i ein låve i Ranheimsbygda. Ingen av dei antikvariske husa har i rapporten vorte vurdert som tilfredsstillande til bruk som magasin. Spesialmagasinet bør ikkje brukast til oppbevaring av instrument før klimakontrollen visar tilfredstillande resultat. Spesialmagasinet har heller ikkje eiga temperaturkontroll eller ventilasjon. Høyne skule har inga tilfredstillande lagringsplass for boksamlinga. Her ligg òg gjenstandar med ein del sensitive opplysningar. Forslag til tiltak ved Valdres Folkemuseum kan vere: Fløtte gjenstandar inn for vinteren 29 Fløtte instrumentsamlinga til det gamle hovudmagasinet Ved Bagn Bygdesamling ynskjer ein å gå i gang med følgjande tiltak: Gjennomføre klimamålingar i skulebygningen Gjennomføre overvaking av skadedyr ved utsetting av feller og limfeller Vurdere alternativ for lagring og pakking av tekstilar Vurdere nedpakking av tekstilar i bunadutstillinga For alle avdelingane gjeld følgjande tiltak: Styrke overvakinga av lagringsavdelingane: Skadedyr, temperatur, inneklima, lys I sommarsesongen: Reinhald av gjenstandar i hus og magasin Tilstandsvurdering av dei einskilde gjenstandar Prioritering og avhending Flytting til magasin, redusere talet på gjenstander i dei antikvariske bygningane Betre praksis for registrering i Primus Fotosamlinga Denne består av totalt 78 500 foto (inkludert 3 300 på Bagn Bygdesamling). Samlinga ber preg av at registreringsarbeidet har vorte utført av fleire personar, over mange år og med ulike metodar og verkty. Dette gjer det vanskeleg å skaffe oversikt over kor mange bilete som faktisk er registrert. Alle foto blir no fortløpande skanna og registrert i Primus. Dette er eit omfattande arbeid som vil ta mange år å gjennomføre. Vi har ein oversikt over kva samlinga inneheld, og korleis samlinga er merka, men vi manglar oversikt over plassering i magasinet. Vi manglar også oversikt over kor mange foto som er registrert på fysiske registreringskort. Det finst eit fotografregister med oversikt over ein del av fotografia med tilknyting til Valdres. I ein tilstandsrapport frå 1993 går det fram at 930 kopiar må fjernast på grunn av kjemisk skade. Det er uklart om dette er utført. Bygningshistoriske samlingar Bautahaugen Samlinger Mange av bygningane på Bautahaugen er satt opp utan at gamle skader er reparert. Her er det seinare gjort tiltak som utset forfallet. Mykje er bra, men det må til eit stort restaureringsarbeid på fleire av bygningane, særleg gjeld det for Liestuggua og både bygning og låve på Brakadokka. Gjerde er i stor grad i dårleg forfatning. Bagn Bygdesamling Her har det i alle år vore eit jamt og godt vedlikehald, slik at det meste er bra. Oppgangssaga skal takast meir i bruk, slik at her blir det behov for meir ettersyn. Det er 30 også behov for noko sikring i samband med besøkjande, av bygget og området rundt. Renne til kvern og sag må også oppgraderast og haldast i stand. Valdres Folkemuseum Her er det ei stor bygningsmasse og fåe folk til å utføre vedlikehald. Likevel er mykje i bra stand, dette i stor grad takka vere førre generasjon handverkarar. Fleire av taka har lekkasjar, så det blir å legge på presenningar og plater for midlertidig å halda dei tette. På nokre av husa er det betydelege råteskadar som fylgje av lekkasjane. Nokre av dei måla husa er flassa og stygge. Om ein går på området som ein vanleg besøkjande ser det meste bra ut, men når ein byrjar å sjå nærare på dei er det eit stort restaureringsbehov som møter oss, og det med stadig større hastigheit. Godt vedlikehald er god økonomi. Gjerde er i stor grad i dårleg forfatning. Takka vere dyrehaldet om sommaren vert kulturlandskapet halde i hevd, men det gror att med buskar og kratt, delvis til skade for bygningar, og særleg til skade for hovudinntrykket av området. 31 Fornying MÅL: Valdresmusea skal spele ei aktiv samfunnsrolle og bidra til realiseringa av viktige mål for kultursektoren. Valdresmusea skal sikre kompetanse på satsingsområda, styrke fageiningane og produsere tenester på lokalt og nasjonalt nivå. Valdresmusea skal vere pådrivar i arbeidet med den immaterielle kulturarven og bidra til gjennomføringa av utviklingstiltak for sektoren. Valdresmusea har lang tradisjon for å spele på lag med det lokale kulturlivet, organisasjonar, kommunar og einskildmenneske i regionen. Som arena og som samarbeidspart bidreg musea til realiseringa av viktige kultur- og samfunnsmessige mål for Valdresregionen. Valdresmusea skal gjennom sitt arbeid fremje relevans og aktualitet, og stille kompetanse og infrastruktur til rådvelde for arbeidet med vidareutvikling av lokalsamfunnet. Relevant og modig er ikkje berre stikkord for Valdresmusea sitt verdigrunnlag. Det er også høgst relevante omgrep i skildring av fagarbeidet ved musea. Gjennom utstilling, debatt, møte og meiningsytring skal Valdresmusea fremje kritisk tenking og skapande innsikt. Musea skal utfordre førestillingar om norsk identitet, gje rom til det som ikkje stemmer, ikkje passer inn, det vi ikkje forstår, det vi ikkje kan forklare. Valdresmusea er ein moderne museumsorganisasjon og vil i kommande fireårsperiode arbeide for å nå måla med museumsreforma. Dette handlar i fyrste rekke om ei styrking og samling av fagseksjonane, arbeid med langsiktige planar for alle avdelingane, samt arbeid for styrking og profesjonalisering av dei personal- og lønspolitiske tilhøva i organisasjonen. Som deltakar i nasjonale nettverk skal Valdresmusea ta ei aktiv rolle i den faglege utviklinga av satsingsområda bunad/drakt, instrument og bygningsvern. Vidare skal Valdresmusea bidra til vidareutvikling av eit nasjonalt registreringsprogram for musikk/video. Per tid brukar dei norske folkemusikkarkiva programmet Fiol. Valdresmusea er gjennom Opplandsarkivet med i eit utgreiingsarbeid med mål om å finne sikre, framtidige løysingar for dette programmet i Noreg. Valdresmusea skal søkje innflytelse til å påverke dei nemnte prosessane gjennom framhald i nasjonale nettverk, og representasjon i lokale, regionale og nasjonale utval og råd. Arbeidet kan òg skje i dialog og med støtte frå privat næringsliv, ideelle organisasjonar og stiftingar. 32 8. Langtidsplan 2015–2018 MÅL: Med langsiktige planar skal Valdresmusea skapa føreseieleg og trygge rammer for dei tilsette i arbeidet med museumsfagleg arbeid, drift og økonomistyring. Valdresmusea vil prioritere følgjande arbeids- og utviklingsmål for perioden 2015– 2018: 1. Personal- og lønspolitikk Utarbeide lønspolitisk handlingsplan Utarbeide stillingsinstruksar og kompetansemål for alle tilsette Styrke kompetansen gjennom kurs, opplæring og etterutdanning Sikre overføring av kompetanse ved avslutting av arbeidsforhold Vidareutvikle Valdresmusea som ein open og inkluderande arbeidsplass 2. Samlingsforvalting Utarbeide samlingsplan Utarbeide beredskapsplan Vurdere etableringa av nøkkelkortsystem ved Valdres Folkemuseum Vurdere etablering av automatisk klimastyring ved Valdres Folkemuseum Vurdere etablering av flaumvern ved Valdres Folkemuseum Vurdere avhending lagra antikvarisk bygg ved Valdres Folkemuseum Registrere gjenstandar og foto i Primus (ved alle avdelingane) Styrke kompetansen i bruk av Primus, Asta og Fiol Styrke kompetansen i handteringa av gjenstandssamlinga Søkje ekstern finansiering til digitalisering av Bergsrud-samlinga Etablere ny registreringsmetode ved Bautahaugen Samlinger 33 9. Tiltaksplan 2015 Administrasjon Oppstart arbeid med arbeidsavtaler og -instruksar Oppstart arbeid med lønsplassering (stillingskode og lønsramme) Oppstart arbeid med lønspolitisk handlingsplan saman med dei tillitsvalde Oppstart arbeid med personalhandbok Oppstart utarbeiding av nye timelister med spesifikasjon av oppdrag Oppstart arbeid med kommunikasjons- og marknadsplan Oppstart dialog med Valdreskommunane om reforhandling av avtale Utarbeide gode og relevante søknadar til KUD, Norsk kulturråd og andre Vidareutvikle og drifte instrumentverkstaden Gjennomføre sikringstiltak, jamfør sikringsplan Kurs i reinhald av antikvariske hus og gjenstandar Avklare tidspunkt for dyrehald og skriftelg avtale med eigarane Avklare utvida arbeidsoppgåver for sommartilsette Avklare opningstider i butikk, utstillingar, uteområde Avklare varelager Arbeide vidare med nytt telefonisystem Oppstart arbeid med langtidsbudsjett Styre bokprosjektet «Frå europear til døl» Forsking Manifest I 2011–2013 arbeidde Valdresmusea med utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme», som vart omtala som banebrytande. Aldri før hadde historia om norsk folkemusikk vorte presentert i eit sopass breitt ideologisk og kulturelt landskap. Valdresmusea ynskjer å arbeide vidare med denne tematikken i eit prosjekt med førebels arbeidstittel «Manifest – folkekultur og nasjonalistiske rørsler i Noreg og Sverige». Arbeidet vil bli leia av Ingar Ranheim og Ole Aastad Bråten. Rekonstruksjon av instrument I 2013 fekk Valdresmusea utvida rammetilskott frå KUD, til vidareutvikling og drift av instrumentverkstaden. Kunnskapsutvikling er ei viktig oppgåve for instrumentmakarane. Gjennom dokumentasjon og rekonstruksjon legg ein vinn på å tileigne seg kunnskap om eldre instrument og bidra til å gjenreise mangfaldet innan tradisjonen. Instrumenthandverkarane vil i 2015 utvikle ein stilkopi av ein eldre type langeleik. Arbeidet vil bli leia av Knut Opheimsbakken, Bård Riise Hoel og Elisabeth Kværne. 34 Byggjeskikk Valdresmusea skal vurdere oppstart av eit bokprosjekt om byggjeskikken i Valdres. Viktige ressurspersonar her er Rolf Karlberg, Kolbein Dahle, Ragnhild Dietrichson og Ingrid Alice Kvissel. Arbeidet vil bli leia av Ole Aastad Bråten og Odd Arne Rudi. Forskingsdag Valdresmusea skal gjennomføre forskingsseminar med eigne og eksterne foredragshaldarar. Foredrag om forsking, vitskapleg tekstform, publisering og formidling vil står sentralt under seminaret. Arbeidet blir leia av Camilla Rudrud. Formidling Omvising og museumsfaglege aktivitetar sommarstid Vidareutvikle opplæringsseminar for omvisarar og tilsette Kvalitetssikre og følgje opp folkemusikkframsyninga Kvalitetssikre og følgje opp handverkarane Formidle instrumenthandverket i Rudi-bygningen Gjennomføre Stølsdagar, Kviisveka og Skarka Gjennomføre Landbruksdagen, Jørn Hilme-stemnet og Landskappleiken Gjennomføre Museumsstemne, Kveldssete og kulturhistorisk vandring Gjennomføre folkemusikkformidling på Bautahaugen 2–4 gonger i løpet av sommaren Etablere bussrute mellom Valdres Folkemuseum og Fagernes sentrum Gjennomføre ljåslått på engene (slå, tørke/kå/hesja og køyre inn) Den kulturelle skulesekken Prioritere arbeidet med «Smi deg ein dings» Prioritere arbeidet med «Mat i fortid og framtid» Prioritere arbeidet med «Gamle jakt- og fangsreiskap» Prioritere arbeidet med «Ein skuledag for 60 år sidan» Prioritere arbeidet med «2. Verdskrigen» Revidere tilbodsheftet Utstilling Formidle Langeleiken – heile Noregs instrument, Valdres Folkemuseum Produsere utstilling om Aslaug Fossen Helle, Valdres Folkemuseum (LB) Produsere utstilling om Torleiv Bolstad, Valdres Folkemuseum (LB) Produsere utstilling om Ralph Styker, Valdres Folkemuseum (LB) Produsere utstilling i samband med Nordisk draktseminar, Valdres Folkemuseum Produsere utstilling i samband med bunadbok, Valdres Folkemuseum Ferdigstille «Dei store forteljingane», Valdres Folkemuseum Oppgradere utstillingane i dei antikvariske husa, Valdres Folkemuseum (LB) 35 Produsere seks veggfaste monterskåp, Valdres Folkemuseum (2016) Avklare utstillingshall i administrasjonsbygget, Valdres Folkemuseum Produsere utstilling om julehandkle, Bagn Bygdesamling (hovudprioritet) Produsere sommarutstilling, Bautahaugen Samlinger Publikasjonar Publisere «Frå europear til døl» Publisere to vitskaplege artiklar i fagtidsskrift og bøker Publisere fire kronikkar i lokale og riksdekkande aviser Vurdere publisering av bok om byggjeskikken i Valdres Foredrag og debatt Langeleiken – heile Noregs instrument Torleiv Bolstad – mannen og musikken Fagernes – vegen vidare for byen og dei kulturhistoriske verdiane Terje Emberland – laftetømmerets germanske raseri Fire foredrag i samarbeid med Vennelaget for Valdres Folkemuseum Fire foredrag i samarbeid med styret for Bagn Bygdesamling Kurs og seminar Gjennomføre kurs i restaurering og eldre handverksteknikkar Gjennomføre årsmøte i Norsk Folkemusikklag Gjennomføre årsmøte i Norsk Langeleikforum Gjennomføre kurs i instrumentbygging for ungdom (langeleik og munnharpe) Gjennomføre Ung husflid Aktivitetar og arrangement elles Gjennomføre Skarke (VFM) Gjennomføre Husflidskveld (VFM) Gjennomføre Landbruksdag (VFM) Gjennomføre Kviisveka (VFM) Gjennomføre Stølsdagar (VFM) Gjennomføre Vassdag på saga (BB) Gjennomføre Kulturhistorisk vandring (BB) Gjennomføre konsertar, temakveldar og aktivitetar (alle avdelingane) Forvalting Gjenstandssamlinga Utarbeide samlingsplan Utarbeide beredskapsplan Gjennomføre klimamålingar i magasin og uteanlegg kvar veke Ferdigstille kulvert for mottak av gjenstandar 36 Fløtte tekstilsamlinga til permanent lagring i spesialmagasinet Avklare lokalitetar for permanent lagring av instrumentsamlinga Fløtte større gjenstandsgrupper til permanent lagring i Galleriet Registrere 1000 gjenstandar i Primus (inkl. BB og BS) Publisere 1000 registreringar på www.digitaltmuseum.no Registrere instrumentsamling ved Valdres Folkemuseum og Bagn Bygdesamling Fotosamlinga Merke reolar, hyller, kasser og esker i magasinet Skanne 4000 foto (med hjelp av frivillige) Registrere 1000 foto i Primus Publisere 1000 foto på www.digitaltmuseum.no Publisere fem utstillingsmapper på www.digitaltmuseum.no Utarbeide prisliste til bruk på www.digitaltmuseum.no Opprette frivillig fotogruppe Utføre fotoarbeid for Nord-Aurdal bygdebok Arkivsamlinga Registrere 100 arkiv i Asta Publisere ferdigstilte arkivlister på heimesida Gjennomføre arkivkveldar på Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger Biblioteket Avklare tilknytingsform til Bibliofil (eige lisens eller tilknyting til folkebibliotek) Avklare lokalitetar for framtidig boksamling/bibliotek Utarbeide plan for bokkjøp Lyd- og filmsamlinga – Folkemusikkarkivet Registrere 500 lydobjekt i Fiol Registrere og digitalisere gamle spoleband Gjennomføre arkivkveldar på Folkemusikkhuset Samarbeide med Opplandsarkivet om utviklinga av nytt digitalt verkty Driftsbygningar og bygningshistorisk samling, Valdres Folkemuseum Skjøtte hus og uteanlegg Ferdigstille Folkemusikkhuset og Rudi-huset Ferdigstille «Isfolket»-lageret i Velkomstbygget Fløtte maskiner til snikkarverkstaden Etablere skiltsystem på uteområdet Følgje opp sikringsplana Betre rutinar for dyrehald (med til dømes sjøvlukkande grinder) Langtidsplan: Planlegge brannsikring av dei antikvariske husa Langtidsplan: Avklare etablering av nytt lagerhus 37 Langtidsplan: Avklare fløtting av Kjøklåven Langtidsplan: Anlegga ny kornåker Langtidsplan: Utvide samarbeidet med Vennelaget Bygningshistorisk samling, Bagn Bygdesamling Skjøtte hus og uteanlegg Setje i stand bekkekverna Sikre oppgangssag, hus og området ikring Langtidsplan: Vedlikehalde vassrenna Bygningshistorisk samling, Bautahaugen Samlinger Skjøtte hus og uteanlegg Drenere under Brakadokka-låven Sikre tak på Liestuggua Sikre golv og tilhøve elles i Brakadokka Langtidsplan: Etablere antikvarisk verkstad i Brakadokka-låven Langtidsplan: Sluttføre tiltak på Liestuggua Langtidsplan: Legge nytt tak på Brakadokka (kurs) Langtidsplan: Avklare forhold kring dam (for mogleg fjerning) Fornying Bidra til system- og programvareutvikling for Fiol Styrke samarbeidet med kunstfeltet Styrke samarbeidet med festivalnettverket Styrke samarbeidet med Valdredebattane og Nord-Aurdal folkebibliotek Styrke samarbeidet med Valdres Destinasjon Vidareføre samarbeidet med Nord-Aurdal kommune om bygdeboka Vidareutvikle Skarke, Sommaropning og Museumsstemne Sikre større tilgang til nettverk og ressursar innafor hytte- og reiselivsmarknaden Sikre samarbeidsavtale med Dextra Musica om kurs, formidling og talentutvikling 38
© Copyright 2024