Barn på museum

Barn på museum
Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2014
1
Valdres feirar Grunnlova
2014 er viktig markeringsår for den norske Grunnlova. Noreg tapte krigen mot Sverige, men sikra ei
moderne og radikal grunnlov og ei fri stilling i personalunion med Sverige. Dessutan vann vi freden.
Etter hundreår med krig i Norden vart det underteikna ein traktat med mål om varig fred.
Valdresmusea er med når Grunnlova skal feirast. Sidan barn og ungdom er deltakarar i eit framtidig
norsk demokrati, er dette ei viktig målgruppe under Grunnlovsjubileet. I 2014 tilbyr Valdresmusea
omvising i utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» og eit eige undervisingsopplegg med vekt på
demokrati og folkestyre.
I tillegg kan elevar og lærarar sjå fram til faste undervisingsopplegg som «Smi deg ein dings», «Mat i
fortid og framtid» og «Gamle jakt- og fangsreiskapar». Prisar og tidspunkt er nemnt i omtalene av dei
einskilde aktivitetsopplegga. Velkomen til eit innhaldsrikt museumsår.
Venleg helsing
Ole Aastad Bråten
Seksjonsleiar, Kulturhistorisk avdeling
Valdresmusea AS
2
1
Folkemusikk og nasjonalisme
I tiåra etter 1814 gjekk ein i gang med å samle og dokumentere den folkelege kulturen i Noreg: song,
musikk, språk, eventyr og folkeliv. Kva var grunnen til dette? Kvifor vart den folkelege kulturen så
viktig for kultur- og samfunnsbyggarar på denne tida?
Utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» er eit viktig bidrag til å forstå vårt kulturelle sjølvbilete.
Kven er vi som nordmenn? Kva reknar vi som særskilt norsk? Svaret er ikkje tilfeldig. I utstillinga
møter vi politikarar og spelemenn, nasjonale strategar, forfattarar, songarar og krigsherrar. Til felles
har dei ein sterk interesse for den norske folkemusikken og eit ynske om at folkemusikken skal ha ein
sentral plass i norsk kulturliv.
«Folkemusikk og nasjonalisme» seier noko om haldningar til folkemusikk gjennom 200 år. Og den
viser kva som kan skje når interessa for folkemusikk og folkedans får plass innafor farlege politiske
miljø, til dømes okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Det å gjera unge menneske i stand til å
forstå slike trendar er eit viktig mål med utstillinga.
Valdresmusea tilbyr omvising i utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» for elevar i heile Valdres.
Hovudmålgruppe er elevar i 5.–7. klasse. Omvising kan tingast heile året.
3
2
Stem i veg
Valdresmusea har utarbeidd eit eige skuletilbod med relevans til 1814 og Grunnlovsjubileet. «Stem i
veg» er tittelen på programmet som blir vist i veke 43 og 44. Tilbodet retter fokuset på demokrati og
deltaking og byd på musikk og forteljing frå eidsvollsmannen Lauritz Weidemann si notesamling.
Presten og eidsvollsmannen Hans Jacob Stabel, bonden Knut og husmannskona Marit er berande
stemmer i framsyninga. Elevane får òg vera med, som jordeigande bønder med stemmerett og som
kvinner og menn utan stemmerett. Materiell til førebuing vil bli tilsendt skulene før framsyninga.
Tid
Veke 43 og 44.
Påmeldingsfrist
20. juni.
Stad
Valdresmusea sine avdelingar og skulene i Valdres.
Lengde
«Stem i veg» varar i 45 minutt.
Klassetrinn
5.–7. klasse. Maks 50 elevar per gruppe.
Pris
Kroner 70 per elev.
4
3
Mat i fortid og framtid
Valdresmusea inviterer 6. og 7.-klassingar i Valdres til «Mat i fortid og framtid» på Valdres
Folkemuseum. Samanhengen mellom natur, levesett og kosthald er hovudtemaet for programmet.
Garden Kvie på museet er eit godt utgangspunkt for å lære meir om gamle mattradisjonar. I «Mat i
fortid og framtid» gjer vi ei tidsreise 100 år tilbake i tid. Her er hus, reiskap, åker og eng om lag som
det var den gongen. Elevane blir delt inn i grupper som rullerer mellom seks ulike postar.
Måltida i gamledagar
Måltida var styrd av rytmen av ein arbeidsdag. Fyrste måltidet om dagen vart kalla ferebisk. Dette var
kaffi, lams eller brødskive med smør, sirup, brim og stundom syltetøy. Bisk var det andre måltidet om
dagen. Dette kunne vera vassvelling, mjølkevelling, havrevelling eller graut med brim eller surost.
Flatbrød, potet og spekekjøt høyrde alltid med.
Tredje måltidet om dagen var dugurd (12.00). Dette var vassgraut med surmjølk eller søtmjølk.
Mellommåltidet etter dugurd kunne vera kaffi og biteti (lams). Ved 16.00-tida var det non. Om
sumaren var dette helst spekemat, kokt eller steikt flesk, kurv, søll og kokt potet. I regnvêr og på
kalde dagar var det vanleg med majel (suppe av salt kjøt, erter, kål og gryn). Til kvelds (20.00) åt ein
gjerne vassgraut med surmjølk eller surbrim, nykokte potetar med sur mjølk eller smør.
«Mat i fortid og framtid» blir arrangert desse dagane i 2014
Tysdag 16. september klokka 09.30-14.00
Onsdag 17. september klokka 09.30-14.00
Torsdag 18. september klokka 09.30-14.00
5
Program
Aktivitetar på seks postar, 30 minutt på kvar post. Bisk klokka 11.15–12.00. Då får elevane servert
vassvelling, havresuppe med brunost, smør eller sukker, kokte potetar, forskjellige ostar, flatbrød,
surmjølk og søtmjølk. Programmet i 2014 er slik:






Potetgraving på Kvie
Skjering og binding av korn på Frigstadplassen
Kornmaling på stølen
Kvikakesteiking i hovudbygningen på Kvie
Lompebaking i Dalestogo
Om urter og nyttevekstar i urtehagen på Kvie
Lengde
«Mat i fortid og framtid» er eit heildagsopplegg. I tillegg kjem reise og matpause.
Klassetrinn
6. og 7. klasse. Maks 30 elevar per gruppe.
Ustyr og klede
Tilsette ved Valdresmusea stiller i tidsriktige klede. Vi oppmodar elevar og lærarar om å det same.
Arbeid før og etter
Påmeldte skuleklasser får tilsendt undervisingsheftet «Mat i fortid og framtid».
Pris
Kroner 100 per elev (inklusiv mat).
Påmeldingsfrist
Måndag 1. september.
6
4
Musikkmagi
Har du høyrt om musikkmagi? Folkemusikken i Valdres har fascinert folk i fleire hundre år. Det gjer
han framleis. Springar, bonde og halling er artige dansar som gjev liv til kropp og sinn. Kom og lær
meir om musikk- og dansetradisjonane i Valdres!
Program
«Musikkmagi» består av 1) minikonsert, 2) opplæring i song og 3) opplæring i dans (halling og
go’karstykkje). Kvar post varer i cirka 30 minutt.
Konsert
Konserten blir halde av profesjonelle folkemusikarar og -dansarar. Her får de høyre song, langeleik og
hardingfele, sjå dansedokka Tore og dansane springar og halling.
Musikk på boks!
På Valdres Folkemusikkarkiv arbeider Elisabeth arkivar. Ho tek hand om 13 000 opptak med song og
musikk. Dette er viktige kjelder for alle med interesse for folkemusikk. Opptaka fortel om menneske
og samfunnsformer som ikkje lenger finst. Desse kan gje oss viktige perspektiv til våre liv. I tillegg til å
høyre songar frå arkivet, får elevane lære enkle songstubbar.
Dans og go’karstykkje
Halling og go’karstykkje gjev høve til å byggje laganden, kjenne meistring, arbeide saman eller på eiga
hand. Elevane får trene rå styrke og hårfin balanse.
Lengde
«Musikkmagi» varar i 1 ½ time. I tillegg kjem reise og matpause.
7
Klassetrinn
1.–10. klasse. Maks 30 personar per gruppe.
Pris
Kroner 50 per elev.
8
5
Barnas dag
Valdres Folkemuseum er den finaste leikeplassen i heile Valdres. Det er ikkje berre me som jobbar på
museet som synest det. Her har ungar leika i over 100 år og kvar sumar kjem dei tilbake. Det er mykje
å undre seg over på Valdres Folkemuseum. Vaksne folk tenkjer mykje på korleis dei hadde det, dei
som budde i dei gamle husa. Tenk at det budde folk her. Ikkje hadde dei vask og ikkje hadde dei do.
Sjølv om mykje har endra seg på 100 år, er det ikkje sikkert ungar før i tida var så forskjellige frå oss.
Nokre arbeidde meir enn andre, dagar var gode og dagar var mindre gode. Mange svalt, andre fekk
mat fleire gonger om dagen. Nokre måtte vera med i hardt arbeid frå dei var ganske småe. Ferie og
fritid var ukjend for dei fleste, men ungar leika før òg, gøymsle, til dømes. På Barnas dag får ungane
leike og kose seg, og dei får eta nysteikte lappar.
Aktivitetar
 Før-skule i Høyne
 Hallingdans i festsalen
 Lappesteiking i Dalestogo og Flatigarden
 Fôrhopping i låven på Kvie-tunet
 Pil og boge-verkstad på Slidrehuset
 Fri-leik på festplassen
Alderstrinn
Fire- og femåringar.
Utstyr og klede
Gode klede og sko. Ta med niste. Valdresmusea serverer ferske lappar og saft.
Program
10.00–11.30:
11.30–12.15:
12.15–13.45:
13.45:
Aktivitetar på postane.
Matpause på museumsplassen.
Aktivitetar på postar.
Avslutning på museumsplassen.
Påmeldingsfrist og pris
Barnas dag blir arrangert tysdag 13. mai i 2014. Påmeldingsfrist er 1. mai. Pris kr 50 per unge.
9
6
Smi deg ein dings!
Menneska i Valdres tok til med utvinning av myrjern for over 1500 år sidan. Jernet frå Valdres var
kjent over heile landet. I bytte mot jern fekk valdrisane fisk og salt. Jernutvinninga var særlig stor i
mellomalderen. Mange stader held ein på med jernutvinning til tidleg 1800-talet.
Kva er jern? Kven var den fyrste smeden? Kva vart jernet brukt til og kva har utvinninga av jern hatt å
seie for støling og kulturlandskap i Valdres? «Smi deg ein dings» inviterer skuleelevar til møte med
ein ekte smed. Elevane får sjølve prøve hammaren og dei får lære korleis jern blir til.
Aktivitetar på Valdres Folkemuseum, 4. og 7. klasse
 På stølsområdet ser vi etter spor av jern og jernutvinning, i landskapet
 I Kvie-tunet går vi på leit etter jern – på dører, reiskap, skåp og kjøretøy
 I Lome-smia formar vi enkle gjenstandar som hekter og spiker
«Smi deg ein dings» blir arrangert desse dagane i 2014
Tysdag 23. september klokka 10.00-13.00
Onsdag 24. september klokka 10.00-13.00
Torsdag 25. september klokka 10.00-13.00
Påmeldingsfrist
Påmeldingsfristen er måndag 1. september.
Lengde
«Smi deg ein dings» varar i 3 timar. I tillegg kjem reise og matpause.
10
Klassetrinn
4. og 7. Klasse. Maks 30 personar per gruppe.
Utstyr og klede
Gode klede og sko.
Pris
Kroner 80 per elev.
11
7
Gamle jakt- og fangstreiskapar
Jakt og fangst var viktig for folk i eldre tid. På Bagn Bygdesamling har vi ei stor samling med gamle
fangstreiskap. Elevane får høyre korleis reiskapane vart brukte og kva slags dyr ein jakta på.
Praktiske oppgåver
Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar:



Film frå Buvassfaret om bjørn og bjørnehi.
Omvising ved flaum-muren: Elevane får høyre om Tressflaumen i 1760 og Storofsen i 1789
Naturstig langs Islandselva: Elevane får høyre og sjå (utstoppa dyr) om ville dyr og sjå
fangstreiskapane som vart brukte i jakta.
Lengde
Skuleprogrammet varar i to timar (inklusiv matpause). I tillegg kjem reise.
Klassetrinn
Opplegget passar best for elevar i 5.–7. klasse, men kan òg tilpassast elevar i 1.–4. klasse og elevar i
ungdomsskulen.
Pris
Kroner 30 per elev.
12
8
Andre verdskrigen i Valdres
Krigshandlingane i Valdres i 1940–1945 er ein viktig del av historia vår. På Bagn Bygdesamling er det
ei utstilling om kampane i Bagn og på garden Bagnsbergatn, som er eit nasjonalt krigsminnesmerke.
Museet disponerer garden, som står slik han gjorde i 1940.
Elevane kan velje mellom to undervisingsopplegg
1) Omvising i krigsminneutstillinga på Bagn Bygdesamling. Her får elevane sjå sivile og militære
effektar frå krigen. Framsyning av filmen «Bagn 1940» i administrasjonsbygget. Filmen fortel om dei
dramatiske hendingane på Bagnsbergatn i april 1940. Elevane får òg sjå kvar i nærområdet til museet
kampane gjekk føre seg.
2) Besøk på Bagnsbergatn med omvising i husa. Elevane får høyre kva som skjedde her under krigen.
Garden ligg 5 km opp for Bagn sentrum. Hit kjem du med buss eller ved gå opp frå Gråbeinhølet nord
for Bagn sentrum. Turen tek frå Bagn sentrum tek cirka ein halv time. Opplegget varar cirka 3 timar.
Med buss noko kortare tid, cirka 2, 5 time.
Lengde
Cirka 1,5 timar, inklusiv matpause.
Klassetrinn
Opplegget passar best for elevar i 8.–10. klasse.
Pris
Kroner 30 per elev.
13
9
Ein skuledag for 60 år sidan
I 1966 overtok Bagn Bygdesamling gamle Dølven skule. I fyrste etasjen er det samla skulemateriell frå
omgangsskuletida og fram til sentraliseringa av skulen i 1966. Gjenstandane kjem frå fleire skular i
Sør-Aurdal og gjev eit godt bilete av utviklinga innan skuleverket gjennom hundre år.
I andre høgda står lærarbustaden slik som då den siste læraren, Ingvar Koppervik, flytte frå skulen.
Døtrene hans gav alle eignelutar etter far sin til museet, mot at alt skulle takast vare på for ettertida.
Leikeplassen ligg der som før og utedoane står der dei alltid har gjort. Alt dette skapar eit levande
bilete av korleis skuletida var før i tida.
Praktiske oppgåver
Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar, 30 minutt på kvar post:



Elevane får delta i ein skuletime der undervisinga går føre seg slik den gjorde for 60 år sidan.
Elevane får omvising i lærarbustaden i andre høgda.
Elevane leikar gamle barneleikar på skuleplassen.
Lengde
Cirka 2,5 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise.
Klassetrinn
Opplegget passar best for elevar i 1.–7. klasse.
Pris
Kroner 30 per elev.
14
Søkjer du ein musikar?
Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark forvaltar ei støtteordning for folkemusikarar og
folkedansarar frå Valdres. Målet med ordninga er å auke rekrutteringa til folkemusikken og
folkedansen gjennom konsert og opplæring. Produksjonane er i hovudsak retta mot barn og unge.
Valdresmusea leverer innstilling til Valdres Natur- og Kulturpark, som deler ut tilskott ein gong i året.
Informasjon om speleklare produksjonar, kontakt:
Elisabeth Kværne
Folkemusikkarkivar
Tlf.: 61 35 99 32
E-post: [email protected]
15
Kontaktinfo
Ole Aastad Bråten
Tlf.: 61 35 99 11
E-post: [email protected]
Hanne Rime
Tlf.: 61 35 99 00
E-post: [email protected]
16