katalog

Knut Flatin
Gjesteutstillar 2015
måleri
21. juni – 16. august 2015
Ope kvar dag kl. 11.00 - 18.00
EVA BULL HOLTES
MUSEUM
Åmotsdal, 3841 Flatdal , tlf: 35 05 00 66
Knut Flatin
Målaren Knut Flatin er født 07.07.1945 og er gjesteutstillar i år. Det er ei
glede for Eva Bull Holtes museum å ha jubileumsutstilling for Seljordskunstnaren det året han fyller 70. Knut Flatin kan vise til eit langt og aktivt
kunstnarliv frå debuten med teikning på Statens høstutstilling som 19-åring i
1967. Kunstnaren er både målar og grafikar. Dei seinare åra har han hovudsakeleg arbeidd med maleri – acryl på lerret i store format.
Han har utdanninga si frå SHKS 1964-67 og Statens kunstakademi i Oslo
1967 – 72 m.a under professorene Reidar Aulie, Alf Jørgen Aas, Halvdan
Ljøsne og Arne Malmedal. Deretter var han stipendiat ved Jan van Eyck
akademiet i Maastricht, Nederland. Kunstnaren er representert i fleire faste
galleri og samlingar, m.a Nasjonalmuseet, Riksgalleriet, Norsk kulturråd.
I sin ungdom var Knut Flatin «i lære» og
som assistent for Terje Grøstad i Flatdal.
På kunst-og handverksskolen (SHKS )
blei han «headhunta» som assistent for
Dagfin Werenskiold i samband med eit
utsmykkingsoppdrag. Seinare assisterte
han også prof. Halfdan Ljøsne ved større
utsmykkingsarbeid.
Vegen frå ung talentfull bygdekunstnar med
røter i folkekunst og folkemusikk, til den
kunstnaren han er idag, har vore utfordrande.
Ein del år arbeidde han figurativt, men
inspirasjon både frå studiar og tendensar i
tida prega han meir og meir, og det abstrakte
formspråket overtok.
Akt frå studietida
Prisliste
1. Kamp2014
100x120kr. 43.000
2. Toppen
2013
65x 65
kr. 21.000
3. Åpenbaring
2014
95x150
kr. 53.000
4. Vinterreise2012
133x164kr. 75.000
5. Leik
2014
74x100
kr. 31.000
6. Mjølk og honning
2011
133x164
kr. 75.000
7. Grying
2012
90x100
kr. 31.000
8. Ljos og skugge
2011
95x100
kr. 35.000
9. Begjær2014
120x150kr. 60.000
10. Eventyr
2014
80x90
kr. 31.000
11. Draumesyn2013
105x100kr. 37.000
12. Harmoni
2012
85x100
kr. 33.000
13. Vinterlys2012
153x183kr. 96.000
14. Attom låven
2014
80x90
kr. 31.000
15. Opp
2014
30x35
kr. 12.000
16. Sommernatt ved fjorden
2014
30x33
kr. 12.000
I tillegg til prisen kjem lovpålagt 5% avgift til Bildende kunstneres hjelpefond.
«Mørkt tun» Oljemåleri frå 1960-talet
Den første viktige hovudstadsutstillinga han deltok i, var «Juniutstillingen» i
Kunstnerforbundet, Unge norske – omkring akademiet 1969-70. Seinare har
han stilt ut mange stader, både separat og kollektivt, og har hatt fleire større
utsmykkingsoppdrag m.a Jessheim gymnas, Symjehallen i Seljord, Svalbard
lufthavn og Telemark tekniske fagskole (HiT avd. Porsgrunn).
Knut Flatin var ein sentral aktør for biletkunstnarane i Telemark i ein offensiv
startperiode, der kampen for kunstnaranes plass i samfunnet var sentral.
Han blei ofte trekt fram som Telemarkskunstnar, og kunstmeldarane
meinte å sjå både trekk frå folkekunst og frå rosemåling. Vi finn utsegn
som: «Bondekunst som slår ut som modernisme» og «Vi ser at detaljer
fra rosemalingens velkjente formspråk tas opp og settes i ny billedmessig
sammenheng».
Detalj
Kunst krev ofte tittel som vegvisar for tanken. Nokre gonger kan denne vere
konkret som t.d. «Fjellbekk» eller «Indre havn», andre gonger blir titlane meir
abstrakte, lause stikkord/skildringar som f.eks. «På vetterstig», «solstreif»
eller «natt». Det ligg ofte noko tvetydig i titlane hans.
Flatin har bilete der tema/motiv er forenkla. Dette karakteriserer ein målar
som vil ha oss inn i den særegne stemningen som vi sjølv skaper i møte
med kunsten og det som skaper assosiasjonar.
Han seier sjølv at naturen er eit utgangspunkt for han, ikkje eit mål. Det
er difor forståeleg at dei fleste titlane antyder, meir enn beskriv biletet.
Kunstmeldar Karl Erik Harr skreiv: «Flatin stoler på oss som billedskapende
selv, når han setter opp tre hakk i en flate og kaller det Nordkapp»
(Kunstnerforbundet, serigrafier 1972).
«Natt» 1992
Arbeid frå 90-talet kunne til tider grense opp mot surrealisme. Kunsthistorikaren Svein Thorud omtaler arbeida som «mørke, hemmelighetsfulle
og med skremmende amorfe former i kosmiske rom». Han meinte at arbeida
viste naturens hemmelege krefter (Trondhjems kunstforening, malerier 1992).
Landskapelege haldepunkt meinte han var ein vesentleg side ved den norske
abstrakte kunsten.
Nyare tid med ein ljosare
palett
Årets gjesteutstillar er
framleis ein aktiv biletkunstnar, og hadde separatutstilling sist i Galleri Heer
i Oslo, hausten 2014.
Utstillinga viste, med få
unntak, bilete frå dei siste
to åra. Ved det høvet
uttrykte han «Hovudsaken
for meg er å skape uttrykk
som kan aktivisere og
stimulere. Eg har ein
bodskap som eg trur når
fram, og det er målet mitt
både på det innhaldsmessige og det formale plan».
«Fra lys til lysere» 2008
I år er det 40 år sidan han hadde separatutstilling i Seljord kunstforening. Han
stilte ut på Sneie som første innfødde kunstnar i 2007. Årets jubileumsutstilling
er heller ikkje retrospektiv, men viser nyare måleri; dei siste frå 2015.
Knut Flatin arbeider i eit lyrisk
abstrakt formspråk der farge og
komposisjon er dei viktigaste
elementa. Bileta byggast gradvis
opp av tynne gjennomskinlege lag
med akrylmåling. Fargane spenner
mellom det lette transparente til
sterke metta fargeflater. Kontrasten
mellom varme og kalde fargar, store
flater og detaljar, skapar spenning
i bileta. Mellom desse elementa
oppstår det romlege strukturar og
dynamikk.
«Utan tittel» 2012
Flatin har hatt fleire studieopphald i utlandet gjennom åra som har sett
tydelege spor i hans kunst.
Naturoppleving, musikk og inntrykk frå reiser er viktige inspirasjonskjelder i
måleria hans.
«Begjær» 2014
«Det er nærliggande å samanlikne arbeidsmåten
og tilnærminga med musikalske komposisjonar og
uttrykk: Med komposisjon meiner eg fordeling av
farge og valørar, slik at det oppstår spenning og liv.
Stikkord her er ei blanding av kontroll, spontanitet
og eksperiment, samt harmoni og disharmoni.
Fargen er ei berande kraft. Med farge kan det
meste seiast - og er dette interessant for andre så
oppstår dialog»
«Etter mange års utdanning og kunstnarleg virke,
har eg eit fundament som ligg i det underbevisste
og som set grenser. Desse prøver eg å strekke litt.
Eg er på oppdagingsferd og finn nye erfaringar,
som eg gjerne delar med andre.»