Oppstart planarbeid_uttale og

Statens vegvesen
VEDLEGG 1..
Rv 555 Sambandet Sotra-Bergen – varsling om
utarbeiding av reguleringsplan –
oppsummering av innkomne uttale og
merknader med Vegvesenet sin kommentar
Notat frå Statens vegvesen datert 16.09.2013, revidert 05.06.2015
Innhald
1
OPPSUMMERING AV INNKOMNE UTTALE OG MERKNADER FRÅ VARSLING OM PLANOPPSTART
30.04.2013 MED KOMMENTAR FRÅ VEGVESENET ............................................................................................ 3
1.1
GENERELT ................................................................................................................................................. 3
1.1.1 Oppstartsmelding .............................................................................................................................. 3
1.1.2 Medverknad i planprosessen ............................................................................................................. 4
1.1.3 Oppfølging av uttale og merknader .................................................................................................. 4
1.2
HØYRINGSINSTANSAR .................................................................................................................................. 4
1.3
PRIVATE MERKNADER – BERGEN KOMMUNE .................................................................................................. 12
1.3.1 Drotningsvikområdet – tilhøve til ønskje om utbygging ................................................................. 12
1.3.2 Området Søre Drotningsvik ............................................................................................................. 14
1.3.3 Kryssområdet ved Storavatnet – Ørjebekk ...................................................................................... 16
1.4
PRIVATE MERKNADER – FJELL KOMMUNE ...................................................................................................... 20
1.4.1 Generelle innspel ............................................................................................................................. 20
1.4.2 Kolltveitområdet.............................................................................................................................. 20
1.4.3 Bildøy ............................................................................................................................................... 21
1.4.4 Bildøy-Straume ................................................................................................................................ 23
1.4.5 Arefjord ........................................................................................................................................... 28
1.4.6 Knarrvika ......................................................................................................................................... 29
2
OPPSUMMERING AV UTTALE OG MERKNADER SOM KOM INN I SAMBAND MED VARSEL OM UTVIDING
AV PLANOMRÅDET PÅ KOLLTVEIT 27.09.2014 MED VEGVESENETS KOMMENTAR ......................................... 31
2.1
2.2
2.3
GENERELT ............................................................................................................................................... 31
HØYRINGSINSTANSAR ................................................................................................................................ 31
MERKNADER FRÅ GRUNNEIGARAR ................................................................................................................ 32
1
3
OPPSUMMERING AV INNKOMNE UTTALE OG MERKNADER SOM KOM INN I SAMBAND VARSEL OM
MINDRE UTVIDING / JUSTERING AV PLANOMRÅDE I FJELL KOMMUNE 06.03.2015 MED VEGVESENETS SINE
KOMMENTARAR ............................................................................................................................................ 34
3.1
3.2
GENERELT ............................................................................................................................................... 34
MERKNADER FRÅ GRUNNEIGARANE .............................................................................................................. 35
2
1 Oppsummering av innkomne uttale og merknader frå varsling om
planoppstart 30.04.2013 med kommentar frå vegvesenet
1.1 Generelt
1.1.1 Oppstartsmelding
Oppstart av planarbeid vart varsla med annonse i avisene Vestnytt, BT og BA 05.05.2013.
Oppstartsmeldinga lå ute til offentleg gjennomsyn i perioden 05.05.2013 – 19.06.2013.
I samband med varsling om oppstart som vart sendt til høyringsinstansar i brev av 30.04.2013 og til
grunneigarar, naboar m.m. i brev av 24.04.2013, kom det inn totalt 18 uttale frå høyringsinstansane,
14 merknader i Bergen kommune og frå 36 merknader i Fjell kommune frå grunneigarar og andre
private med interesser i planområdet.
Varslingsgrense Fjell kommune
Varslingsgrense Bergen kommune
3
1.1.2 Medverknad i planprosessen
Undervegs i planprosessen har det vore fleire møte og mange kontaktar på telefon og på epost både
med høyringsinstansar og grunneigarar og andre private som har interesse i planområdet.
1.1.3 Oppfølging av uttale og merknader
Det som vegvesenet har kommentert under kvar uttale og merknad, er følgt opp der det har vore
mogleg. Der det ikkje har vore mogleg å oppfylle dei ulike ønskja, er dei aktuelle partane varsla om
det så langt ein har oversikt no.
1.2 Høyringsinstansar
Bergen og omland havnevesen (BOH), dato 05.06.13
Havnevesenet skriv at dei ikkje kan sjå at planlagt tiltak vil kome i konflikt med interesser som dei er
sett til å ta vare på. Dei har følgjande kommentarar:
• Ber om at Fiskeridirektoratet vert informert om reguleringsarbeidet i samband med ulike
fiskeriinteresser
• Ber om å få tilsendt planteikningane når dei ligg føre
• Minner om søknadsplikt til BOH i samband med graving eller fylling i sjø m.m. og ber om at
punkt om søknadsplikt vert teke inn i føresegnene.
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet tek uttalen til etterretning og vil følje opp hamnevesenets kommentarar i det vidare
planarbeidet. Fiskeridirektoratet er varsla.
BKK, datert 19.06.13
BKK viser til tidlegare korrespondanse og kontakt om vegtiltak og deira leidningsnett i samband med
kommunedelplanen.
Dei omtaler dagens leidningsnett og konfliktpunkt mellom planlagt vegtrasé og kraftleidningar og
peikar på at koordinering med annan infrastruktur i området, mellom anna elektriske anlegg, må
vere en del av arbeidet med detaljreguleringsplanen.
BKK omtaler vidare tilhøve til forsyningstryggleiken til Kollsnes og minner om at ny kraftleidning (300420 kV) mellom Mongstad og Kollsnes må vere ferdig før omkopling av omlagt 300 kV samband FanaKollsnes kan skje. For å sikre full forsyningstryggleik til Kollsnes bør og ny (300-420 kV) kraftleidning
mellom Modalen og Mongstad vere sett i drift før omkopling skjer.
BKK skriv at det vil vere behov for utviding av Litlesotra trafostasjon. Dei ber difor om at planlagt
veganlegg ikkje går inn på deira areal ved Litlesotra trafostasjon for å unngå at deira utvidingsplanar
vert hindra.
Dagens anlegg er bygd i samsvar med anleggskonsesjon etter Energilova § 3-1. BKK opplyser at
endringar av ein leidningstrasé med anleggskonsesjon føreset at det vert søkt om konsesjon til NVE
og at NVE avgjer om tiltaket vert gjeve konsesjon.
4
For vilkår knytt til flytting eller omlegging av høgspentanlegg, skriv BKK følgjande:
• «Dersom reguleringsplanen skal legge opp til at eksisterende høyspenningsanlegg må flyttes
eller legges om, må det avsettes plass til nye traseer for ledninger og/eller kabler. Både nye
og eksisterende traseer for luftledninger som ikkje er omfattet av særskilt anleggskonsesjon,
kan med fordel innarbeides i plan som arealformål trase for nærmere angitt teknisk
infrastruktur.
• Det er som hovedregel den som krever å få et høyspenningsanlegg flyttet eller erstattet, som
må bære alle omkostningene med omleggingen. BKK Nett må kreve full kostnadsdekning.
• Traseene til nye kabelanlegg eller luftledninger må gis rettigheter med minst like gode vilkår
som det BKK Nett har til de eksisterende traseene.
• Eventuelle krav om omlegging av eksisterende anlegg må meldes inn til BKK Nett i god tid før
omlegging må væra ferdig utført. Omlegging kan være en tidkrevende prosess, og det er en
fordel om det tas hensyn til dette ved utarbeidelse av eventuelle rekkefølgebestemmelser.»
Til slutt skriv BKK at alle kostnader som vert påført BKK Nett i samband med omlegging av
ledningsnettet som følgje av veitiltaket må dekkast av tiltakshaver. Det er ein grunnleggjande
føresetning at BKK Nett skal haldast skadeslaus.
BKK Nett ber om at ein i størst mogleg grad prøver å unngå konfliktar med eksisterande
leidningsanlegg i det vidare reguleringsarbeidet. Dei gjer merksam på at spenningsnivået for
leidningsanlegga ikkje må førast på i planen, i samsvar med Forskrift om beredskap i kraftforsyningen
§ 6-2, og NVEs Veiledning til forskrift om beredskap i kraftforsyningen, pkt. 6.2.5.
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet og BKK har i heile planarbeidet hatt god kontakt om vegløysingar og konsekvensar for dei
elektriske anlegga. Det vert i det vidare planarbeidet eit samarbeid om koordinering av vegplanane
og naudsynt endring i annan infrastruktur, mellom anna elektriske anlegg. Det gjeld og tilhøve til
Litlesotra trafostasjon og planlagt utviding av stasjonen. Vegvesenet er innforstått med at dei som
tiltakshavar, må dekke kostnader til flytting og omlegging av dei høgspentanlegga som vert rørt.
Vegvesenet vil og dekke kostnadene til konsesjonssøknad for omlegging av el-anlegga og samarbeide
med BKK i arbeidet med konsesjonssøknaden.
Fiskeridirektoratet, datert 19.06.13
Fiskeridirektoratet skriv at vegtrasèen mellom Kolltveit og Bildøy (Bildøystraumen) rører ved eit
sjøområde som i kommuneplanen for Fjell og i Fiskeridirektoratets kartdatabase, er registrert som
låssettingsplass for fisk. Dei føreset at det i reguleringsarbeidet vert teke omsyn til fiskeriinteressene i
dette området.
Utover dette har dei ingen merknader til varsla reguleringsarbeid.
Vegvesenets kommentar
Det vert teke omsyn til fiskeriinteressene i det vidare planarbeidet.
5
Fylkesmannen i Hordaland, datert 30.04.13
Fylkesmannen viser til merknader i samband med offentleg ettersyn av kommunedelplanen og tema
som skal føljast vidare opp i reguleringsarbeidet. Det gjeld mellom anna teknisk/økonomisk vurdering
av bybane på ny bru og tiltak generelt for bedra tilhøve for kollektivtrafikk. Dei viser og til Bergen
kommune sine merknader til oppstart av reguleringsrabeidet.
Når det gjeld løysingar for planlagt trafikksystem, vert det i uttala stilt spørsmål om det er naudsynt
med så mange hovudvegkryss i Fjell kommune. Spesielt vert kryssområde på Bildøy og i Knarrvika
nemnt.
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet skal følgje opp krav om teknisk/økonomisk vurdering av bybane på ny bru og om dette er
gjennomførleg. Dette temaet vil gå inn i eit av fleire innleiande forprosjekt som vert utført som
grunnlag for vidare reguleringsarbeid. Vegvesenet vil uansett legge vekt på at kollektivtransporten
vert prioritert med god og sikker framkomst på eigne felt eller eigen trasé mellom Straume og
Storavatnet, og med effektiv og god tilknyting til kollektivterminalar og haldeplassar.
Når det gjeld behov for kryss og tal på kryss, er dette vurdert og fastsett i kommunedelplanen for
sambandet. Det vil seie kryss med alle svingebevegelsar på Kolltveit, på Bildøy, i Arefjord og ved
Storavatnet, og halve kryss i Knarrvika og i Drotningsvik med berre rampar retning Bergen.
Bakgrunnen for så mange kryss har vore at trafikken skal førast snarast mogleg inn på nytt
vegsamband slik at lokalmiljøa langs dagens vegsystem vert avlasta for biltrafikk.
Kommunestyret i Fjell kommune har i vedtaket sitt bedt om at det i tillegg må vurderast løysingar for
trafikken med kryss på Straume. Dette skal vurderast i det vidare planarbeidet.
Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga, datert 12.04.13
Dei viser i innleiinga til sine internettsider www.hordaland.no/plan/startpakke og omtaler spesielt
tema samferdsel, kollektivtransport, areal- og transport, kulturminne, landskap og friluftsliv.
Hordaland fylkeskommune vil vektleggje framkome for buss og kollektivtransport høgt i
detaljutforminga av Sambandet Sotra-Bergen. Det er viktig at det er tett dialog undervegs i prosessen
slik al ein finn det gode løysingane for kollektivtransporten. Haldeplassar og terminalar for
kollektivtransporten må vere tilrettelagt for alle brukargrupper.
Når det gjeld kulturmiljø, minner fylkeskommunen om plikta til å undersøke området både for
marine kulturminner, automatisk freda kulturminner og nyare tids kulturminner. Det kan verte
aktuelt med arkeologiske registreringar både på land og i sjø for å ivareta undersøkingsplikta etter
Kulturminnelova §§ 9 og 10.
Dei peikar vidare på nyare kulturminne i utmarka i Kolltveitområdet, og at Bildøystraumen og
Straumsundet har kulturminneverdi knytt opp til naust- og gardsmiljø. Bildøystraumen har i tillegg
kulturminneverdi i forhold til samferdsel. Arefjorden er og eit område kor planane kan kome i
konflikt med kulturminneinteresser. Her vil dei særleg trekkje fram det industrielle kulturmiljøet i
Knarrvika som eit miljø det er svært viktig å take vare på. I tillegg vil dei minne om at det i Knarrvika
6
er kulturminneverdiar knytt til gardsmiljø og samferdsel. Hordaland fylkeskommune ber om at det
vert tatt omsyn til desse kulturminna i det vidare arbeidet.
Dei minner om at kulturminneinteressene må i det vidare planarbeidet omtalast særskilt som eige
tema, eller som eige vedlegg, jf. pkt. 2 i dei regionale retningslinene i fylkesdelplan for kulturminne
der dokumentasjon av kulturminne og kulturmiljø skal gjerast på eit tidleg stadium i all
arealplanlegging. I dette må det inngå omtale av kvart kulturminne og vurdering av verneverdi. Her
er det viktig å få fram ikkje berre fornminne og bygningar / bygningsmiljø, men og steingardar, gamle
ferdselsårer, utmarksminne, tekniske kulturminne, kulturlandskap, m.m. Planar på offentleg høyring,
som ikkje har tilfredsstillande dokumentasjon om kulturminne, kan bli returnert.
Hordaland fylkeskommune ber om at planarbeidet legg særleg vekt på samferdsel og
kollektivtransport, areal- og transport, kulturminne, landskap og friluftsliv.
Dersom særleg vesentlege regionale interesser som ikkje blir ivaretatt i planen, kan fylkeskommunen
vurdere å fremje motsegn.
Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga, datert 19.06.13
I dette brevet kjem fylkeskommunen med krav om ei arkeologisk registrering (jf Kulturminnelova § 9)
for å avgjera om tiltaket kjem i konflikt med hittil ikkje registrerte kulturminne. Dette er gjort med
bakgrunn i ei synfaring der arkeolog både frå Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune var
med. Det gjeld områder i Fjell kommune mellom Kolltveit og Bergen kommunegrense.
Vegvesenets kommentar til uttalene frå Hordaland fylkeskommune
Vegvesenet har bestilt og gjort avtale både for arkeologiske registreringer av aktuelle landområder
og for marinarkeologiske registreringer av aktuelle sjøområder. Begge registreringane vert utført
sumar/haust 2013. I tillegg vert tidlegare utførte vurderingar av nyare tids kulturminne i samband
med kommunedelplanen for sambandet Sotra-Bergen, supplert i det vidare planarbeidet for tema
kulturmiljø.
Vegvesenet er samd med fylkeskommunen i at det er viktig å legge vekt på samferdsel og
kollektivtransport, areal- og transport, kulturminne, landskap og friluftsliv i planarbeidet.
Norges Miljøvernforbund, datert 12.06.13
Norges Miljøvernforbund (NMF) ønskjer primært at det ikkje vert lagt til rette for meir trafikk mellom
Bergen og Sotra. Følgjeleg er dei motstandarar av ny bru som har vegfelt. Dei meiner at det bør
maksimalt byggast eit ekstra felt til vegtrafikk som kan snus etter morgon og ettermiddagsrushet.
Dei konkluderer slik:
«Følgelig anbefaler NMF at det kun jobbes videre med konsept J102. Det vil være å foretrekke at det
blir en kombinert bybane/jernbanetrase. Noe som også vil gjøre det mulig å tilrettelegge for utvidet
havnevirksomhet på Sotra. Etter det NMF har fått opplyst medfører kombinasjon av bybane/tog at
anleggskostnadene blir omtrent 10 % høyere. Det vil en slik langsiktig infrastrukturinvestering være
verdt.
7
Subsidiært kan kollektivfelt tilrettelagt for Trolleybuss være et alternativ. Hvis det bygges ut
trolleybussnett andre steder mellom Bergen og Sotra som Fyllingsdalen, Loddefjord og Laksevåg kan
dette være verdt å utrede. Avslutningsvis vil NMF legge til at det bør vektlegges å lage traseen slik at
den blir mest mulig skånsom gjennom landskapet.»
Vegvesenets kommentar
Val av konsept og prinsipp for vegløysing vart gjort gjennom dei kommunale vedtaka i 2012 knytt til
kommunedelplanen og er ikkje eit tema no i reguleringsarbeidet. Då vart løysing med ny 4 felts veg
og ny 4 felts bru mellom Sotra og Bergen valt. Det vart og vedteke at to av dei fire nye felta skal
nyttast til kollektivtransport slik at det berre vert to nye felt for annan trafikk. Vedteke
kommunedelplan er grunnlaget for reguleringsrabeidet.
Bergen kommune har i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og Skyss starta opp utgreiing av
framtidige løysingar for kollektivtransport og val av kollektivtransportmiddel i vestkorridoren (SotraAskøy-Bergen vest-Bergen sentrum). Val av kollektivtransportmiddel mot Sotra er ikkje del av
reguleringsarbeidet for sambandet Sotra-Bergen.
Vegvesenet er samd i at omsyn til landskapet vil vere viktig tema i det vidare reguleringsarbeidet.
Norges vassdrag og energidirektorat (NVE), datert 17.06.13
Dei skriv følgjande i si uttale:
«Dersom det vert planlagt inngrep i vassdrag. må det gjerast greie for kva ålmenne interesser som er
knytt til vassressursen, og kva konsekvensar inngrepa får for desse ålmenne interessene. Som døme
på ålmenne interesser kan nemnast fiskens frie gong, ålmenn ferdsel, naturvern, biologisk mangfald,
vitskapleg interesse, kultur og landskapsomsyn. jordvern, omsyn til flaum og skred osb.
NVE rår til at arealbrukskategorien Bruk og vern av sjø og vassdrag, jf. PBL § 12-S nr 6, vert nytta til å
merke vassdrag med kantsoner. Vassdrag med kantsone kan regulerast til "Natur og friluftsliv".»
Vegvesenets kommentar
Omsyn til sjø og vassdrag samt dokumentasjon og vurdering av ålmenne interesser som er knytt til
vassressursen som til dømes naturverdiar og biologisk mangfald, vert viktig tema i det vidare
reguleringsarbeidet. Inngrep i sjø og vassdrag vert vurdert nøye og vegvesenet vil legge vekt på å
gjere avbøtande tiltak i dei områda som vert rørt av tiltaket, slik at ålmenne interesser, mellom anna
biologisk mangfald, vert minst mogleg skadelidande.
Bergen brannvesen, datert 18.06.13
Bergen brannvesen omtalar i første rekke krav til planlagte tunnel ar både på Bergenssida og på
Sotrasida. Heile strekninga for tiltaket går inn i Bergen brannvesen sitt utrykkingsdistrikt.
Dei krev at tunnelane vert tilrettelagt slik:
• Branngassventilasjon
• Brannvann med tilstrekkelig vannmengde i alle løp og ramper
• Samband
• Mulighet for innsats via kjørbare tverrslag mellom løpene
8
•
•
•
•
God tilkomst til alle løp og ramper herunder:
o kryssing av midtdeler ved tunnelportal
o egen tilkomst ved tunnelportal på bro
o bommer som utformes slik at det er mulig å kjøre forbi med brannbiler når bommene
står i lukket tilstand, uten at vegtrafikksentralen trenger å åpne for gjennomkjøring
Videoovervåkning/hendelsesdeteksjon som muliggjør rask lokalisering og informasjon til
nødetatene
Oppsamling og ledning av farlig gods
God oppstillingsplass for nødetatene ved tunnelportalene».
Bergen brannvesen, datert 19.06.13
Bergen brannvesen kjem med eit ønskje om at det i reguleringsplan for strekninga Fjell
kommunegrense til Storavatnet, PlanID 62990000 vert innarbeid naudsynt areal for ein framtidig
brannstasjon som kan tene Bergen Vest, Lille Sotra og deler av Askøy. Dei meiner at aktuelt område
vil vere i terminalområdet ved Storavatnet ved avkøyringa til Askøy.
Dei ber om å bli involvert i det vidare planarbeidet og vil da kunne supplere med nærare detaljar om
arealbehov og aktuell bygningsmasse.
Vegvesenets kommentar til begge uttale frå Bergen brannvesen
Alle tunnelar i sambandet Sotra-Bergen vil verte planlagt i samsvar med gjeldane normar og
forskrifter. Vegvesenet vil ha dialog med Bergen brannvesen og andre utrykkingsetatar i løpet av
planprosessen slik at ein sikrar at dei krava som er sett opp, vert teke omsyn til i planane.
Når det gjeld ønskje om areal for framtidig brannstasjon, vil vegvesenet vurdere om det er mogleg å
innpasse i reguleringsarbeidet. Mest sannsynleg må dette takast inn i ein eigen planprosess.
Bergen kommune, Grønn etat, datert 20.06.13
Grøn etat ønskjer fokus på følgjande punkt:
• Gradere opp gang- og sykkelvegen langs Storavatnet sør for kryssområdet i Ørjebekk og få til
betre skjerming av gåande og syklande mot forureining og støy frå rv 555. Ein må sikre god
tilkopling mellom gang- og sykkelveg og turveg mot Alvøyskogen.
• Langs Askøyvegen bør gang- og sykkelveg få grøne kantsoner og eksisterande grønstruktur
bør takast vare på.
• Hjortetrekk over Askøyvegen i Ørjebekkområdet må takast omsyn til
• Ønskjer at Ørjebekken vert opna att slik at bekken kan bli gytebekk for auren i Storavatnet
slik den var før utbygginga av dagens vegsystem i området.
• Minner om at Storavatnet er viktig rastevatn for andefugl og at dette må takast omsyn til ved
evt. utfylling langs strandsonen i nordenden av vatnet.
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet vil ta desse innspela med i det vidare reguleringsarbeidet.
Bergen kommune, Trafikketaten, datert 10.06.13
Trafikketaten har ingen merknad til førebels plangrense.
9
Dei peikar på at trafikktryggleik skal vere del av planarbeidet og omtalast i planen. Det bør vere fokus
på mjuke trafikantar og universell utforming. Gang- og sykkelveger må henge saman og knytes til dei
gang- og sykkelvegar som ligg rundt planområdet på ein god måte. Fotgjengarfelt og kryssingspunkt
skal vurderast spesielt. Dei viser til «Trafikksikkerhetsplan for Bergen 2010-2013» for meir
retningsliner for trafikktryggleik.
Dei viser til gjeldande lovar og forskrift og nemner spesielt krav til temaa:
Vegstandard
Veglys
Avkøyringar
Parkering
Dokumentasjon i planarbeidet
Trafikketaten vil kome med ytterligare kommentarar når det ligg føre plan for tilkomst, vegareal,
gang- og sykkelvegar og parkering til, langs og i planområdet. Dei reknar med å bli kontakta i
naudsynt grad i det vidare planarbeidet.
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet tek uttalen til etterretning og vil ta kontakt med Trafikketaten når det ligg føre eit
planframlegg.
Bergen kommune, Vann og avløpsetaten, datert 20.06.13
Dei skriv følgjande:
«Utbygging av ny vegforbindelse mellom Bergen kommune og Fjell kommune er et stort prosjekt som
vil føre til mange konfliktpunkt med eksisterende kommunal infrastruktur i området.
Vann- og avløpsetaten ser på et samarbeid med Fjell kommune og Fjellvar når det gjelder en felles
reservevannforsyning. Dette arbeidet henger også sammen med arbeid med soneplan Vest for
vannforsyning. Disse momentene, samt omfanget og kompleksiteten i planleggingen av
ledningsnettet gjør at Vann- og avløpsetaten ønsker å stå for utarbeiding av VArammeplanen selv.
Dette gjelder kun for Bergenssiden av reguleringsplanen, vi forutsetter at Statens Vegvesen/Fjell
kommune sørger for planleggingen på andre siden.
Vi ser frem til et tett samarbeid videre i planleggingen.»
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet tek uttalen til etterretning og vil ta kontakt med Vann og avløpsetaten i Bergen og
Fjellvar i Fjell undervegs i planarbeidet.
Fjell kommune, Fjell eldreråd, datert 14.06.13
Dei skriv følgjande:
«Fjell eldreråd vil nytte høvet til å minne om fire tema som reguleringsplan for RV 555 Sambandet
Sotra-Bergen bør ta omsyn til:
10
•
•
•
•
Talet på avkøyrslar - eldrerådet legg merke til at det frå Kolltveit til Knarrevik er lagt opp til
fire avkøyrslar, noko som kan vere i meste laget for ei strekning med relativt kort lengde og
høg fart. Eldrerådet oppmodar om at det vert tenkt gjennom om det kan vere mogleg
redusere talet på avkøyrslar for omtalt vegstrekning.
Framtidig trase til bybane - eldrerådet oppmodar om at det vert vurdert mogleg trase for
bybane i reguleringsplanen.
Parker & køyr - eldrerådet oppmodar om at det ven lagt til rette for parker & køyrområder i
reguleringsplanen.
Den gamle Straumsbrua - eldrerådet er opptekne av kva som vil skje med den gamle
Straumsbrua og oppmodar om at brua vert tatt vare på som kulturminne om ikkje noko anna
allereie er politisk vedteke.»
Vegvesenets kommentar:
Når det gjeld behov for kryss og tal på kryss, er dette vurdert og fastsett i kommunedelplanen for
sambandet. Det vil seie kryss med alle svingebevegelsar på Kolltveit, på Bildøy, i Arefjord og ved
Storavatnet, og halve kryss i Knarrvika og i Drotningsvik med berre rampar retning Bergen.
Bakgrunnen for så mange kryss har vore at trafikken skal førast snarast mogleg inn på nytt
vegsamband slik at lokalmiljøa langs dagens vegsystem vert avlasta for biltrafikk.
Kommunestyret i Fjell kommune har i vedtaket sitt bedt om at det i tillegg må vurderast løysingar for
trafikken med kryss på Straume. Dette skal vurderast i det vidare planarbeidet.
I innleiinga av planarbeidet vert det sett på moglege løysingar for eventuell framtidig bybane mellom
Straume og Storavatnet på eit overordna nivå i samband med teknisk/økonomisk vurdering av
bybane på ny bru. Men sidan det ikkje ligg føre noko vedtak om bybane som framtidig
kollektivtransportmiddel, heller ikkje nokon tankar om mogleg finansiering av ei bybane, vert berre
bussløysing regulert i reguleringsplanen.
Område for parker & køyr vert vurdert i planarbeidet.
Tilhøve til den gamle Straumsbrua vert vurdert i det vidare planarbeidet.
Fjell kommune, Ungdommens kommunestyre, datert 16.05.13
Ungdommens kommunestyre fatta følgjande vedtak:
«Ungdommens kommunestyre i Fjell er glad for at oppstart av planarbeid med reguleringsplan for RV
555 nytt Sotrasamband er kome i gong og ønskjer at dette arbeidet skal gjennomførast så fort som
mogeleg.»
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet tek uttalen til etterretning.
Fjell kommune, Beredskapsleiar, datert 12.08.13
Beredskapsleiaren i Fjell kommune skriv følgjande:
11
«I samband med planlegging av ny bru til Sotra, RV 555, har psykososialt kriseteam i Fjell kommune
eit ønskje om at det vert vurdert tiltak som kan verka førebyggjande for sjølvdrap. Bakgrunnen for
ønsket er erfaringar med eksisterande bru til/frå Sotra.»
Vegvesenets kommentar:
Vegvesenet tar uttalen til etterretning og vil ta innspelet med i det vidare planarbeidet.
Folkehelsekoordinator og kulturkonsulent i Fjell kommune på vegne av Fjell Turlag, datert 22.08.13
Innspelet for Fjell Turlag omtalar
gang- og sykkelvegløysingar og
inngangsportalar til turområde.
Sykkelsti mellom Fjell og Straume bør
følgje Kjergardsvegen og
Bildebakken. Denne vegen kan og gi
god tilkomst til Fjellparken (pkt B på
kartet). Dei ønskjer seg og gang- og
sykkelveg mellom Knappskog og den
planlagde Sotra kystby på Bildøy.
Vidare peikar dei på at det må
leggjast til rette for god tilkomst til
turområdet Storavatnet-Midtmarka
på Kolltveit (pkt A på kartet) og
foreslår ein rasteplass og
parkeringsplass i det området. Dei
ønskjer og at det vert etablert ein
god turveg langs Storavatnet.
Innspel frå Fjell Turlag
Vegvesenets kommentar:
Vegvesenet tar innspelet frå Fjell Turlag for Kolltveitområdet og g/s -veg mellom Fjell og Bildøy med i
det vidare planarbeidet. Framlegget om gang- og sykkelveg mellom Knappskog og Sotra kystby bør
handsamast som del av planarbeidet for Bildøy nord og har ikkje noko med planarbeidet for
Sambandet Sotra-Bergen å gjere.
1.3 Private merknader – Bergen kommune
1.3.1
Drotningsvikområdet – tilhøve til ønskje om utbygging
Familien Breivik AS, datert 16.06.13
Deira eigedom, gnr 137, bnr 3 i Drotningsvik, er avsett til bustadføremål i kommuneplanen for
Bergen kommune. Dei ønskjer å bygge ut området og ønskjer tilkomstveg til sitt område frå dagens
rv 555 eller at tilkomst vert avklart som del av planarbeidet med Sambandet Sotra-Bergen. Dei vil og
sjå positivt på ein eventuell utfylling av Stiavatnet der arealet kan nyttast til park, leikeplass, ballplass
m.m. og vere ein attraktiv tilvekst til heile distriktet.
Dei ber om at tilkomst til deira utbyggingsområde vert teke inn i det vidare planarbeidet.
12
Sigurd og May-Britt Torsnes, datert 17.06.13
Dei eig gnr 137, bnr 8 og skriv mellom anna følgjande:
«Eiendommen min er nå tatt inn i planområdet og jeg ønsker og delta i disse planene for krysset ved
Drotningsvik. Teigen 137/8 ved Stiavannet er nå et LNF området på ca 6 mål. Jeg ønsker å utvikle det
området til noe annet og er villig til og samarbeide med dere om dette. Jeg ser mange gode formål
dere og jeg kan ta nytte av denne eiendommen.
En omregulering av 137/8 ved Stiavannet til boligformål kan gi dere mulighet til erstatningstomter for
berørte eiere andre steder i planområdet. Om igjenfylling av Stiavannet skulle bli aktuelt, kan det
også gjøre min eiendom mer tilgjengelig for bebyggelse. Steinmasser etter tunellarbeid kan brukes på
min eiendom til planering av tomter og vei, evt over Stiavannet.
Håper dere også ser nytten av min eiendom og ønsker og gjøre området rundt Stiavannet mer
attraktivt for meg og de berørte beboerne i Drotningsvik.»
Gnr 137, bnr 3
Gnr 137, bnr 8
Vegvesenets felleskommentar
Eigedomane ligg inntil kvarandre og omfattar og kvar sin del av Stiavatnet like aust for Drotningsvik
senter. Vegvesenet har vurdert innspela frå grunneigarane i samband med planlegging av nytt
veganlegg og kryssutforming i Drotningsvikområdet. Det har vore fleire møter og det er vurdert
alternative løysingar for tilknyting til nytt vegnett i Drotningsvik, men det er konkludert med at det er
ikkje ønskjeleg å gi desse områda tilkomst frå nytt vegsystem. Områda må få tilkomst frå
lokalvegane.
13
1.3.2
Området Søre Drotningsvik
Arild Hansen, datert 19.06.13
Familien Hansen er ein av dei opphavlege
grunneigarane i Søre og Vestre Drotningsvik og
varslar at dei vil ta kontakt med advokat som kan
ivareta deira interesser i planprosessen.
Dei peikar på at dei vert svært mykje belasta
med trafikkstøy og inngrep både frå dagens
Sotraveg og no frå den nye brua. Dei vert
buande mellom to store veganlegg. Dei meiner
at ny bru vil øydelegge naturområde, strand, kai
og båtplassar i området.
Når det gjeld støy, trekk dei og fram belastning
frå flystøy til og frå flyplassen på Flesland og frå
eit industrianlegg i Knarrvika på Sotra. Den
totale støybelastinga vert for stor.
Dei peikar og på andre belastingar med ulike
miljøinngrep som har vore gjort i området opp
gjennom åra, til dømes BKK sine kraftleidningar
gjennom området.
Dei meiner at familien Hansen har lidd store
økonomiske tap av alt som er bygd ut i området
gjennom historia.
Arild Hansen sin eigedom vist med brungul farge
med dagens Sotrabru i nord
Søndre Drotningsvik Velforening v/Eva Holmesland, datert 17.06.13.
Velforeininga protesterer mot det planlagde veganlegget i Søre Drotningsvik. Dei skriv mellom anna:
«Vi som bor i Drotningsvik godtar ikke at boforholdene i området blir rasert. Vi godtar ikke at Statens
vegvesen på en overkjørende måte tar fra oss bokvaliteten, bade- og fiskeplassen, og sist men ikke
minst: STILLHETEN.»
For de ca. 60 boenhetene i Drotningsvik som blir liggende mellom de to broene vil støyen bli ekstrem.
Lyden vil kollidere på midten. Vi er allerede i dag plaget av ekko fra fjellene rundt, og dette vil bli
verre. Mye verre! I tillegg har vi innflygningen til Bergen lufthavn Flesland, samt industri på Knarrevik
som også er en støykilde.
Dei påstår vidare at det ikkje ligg føre konsekvensutgreiing for dette traséalternativet og meiner at
alternativet hadde blitt skrinlagt dersom det hadde vore gjort.
Dei peikar på at sjølve vika i Søndre Drotningsvik er ein oase for friluftsliv og skriv at vika er i dagleg
bruk av dykkarar, barnehagar, fiskarar og dei som bur i området. Denne vika er ein av dei få plassane
ein kan kome ned til sjøen mellom Alvøen og Bergen. Vika ligger mot sør med sandstrand og ein
gamal dampskipskai og lokalmiljøet bør bli teke vare på slik som det er i dag.
14
Dei meiner at ny bru bør ligge inntil dagens bru og det bør berre være ny 2 felts bru.
Vegvesenets felleskommentar:
Vegvesenet er samd i at området Søre Drotningsvik vil få auka støybelasting og vesentlege inngrep i
lokalmiljøet i høve til i dag. Søre Drotningsvik er eit lokalmiljø som vil bli sterkt råka av nytt
vegsamband. Men i eit tettbygd strøk som Drotningsvikområdet, hadde eit anna nærmiljø blitt råka
mykje på same måte dersom vegen hadde vore plassert ein annan plass.
Den vedtekne vegløysinga som no ligg til grunn for reguleringsarbeidet, er eit resultat av ein
omfattande kommunedelplanprosess der mange omsyn har vore nøye vurdert. I samband med
kommunedelplanen har det og vore utført ein konsekvensutgreiing i samsvar med gjeldande lover og
reglar. Alle traséalternativ har vore vurdert på lik linje. Statens vegvesen har ikkje lagt skjul på i
kommunedelplanmaterialet at lokalmiljøet i Søre Drotningsvik vert sterkt råka.
Løysingar for å redusere ulempene, spesielt i høve til støy, vil vere ein viktig del av planarbeidet
vidare. Det same gjeld tilhøve til inngrep i eigedomane, sol- og utsiktstilhøve for eigedomane og
spørsmål om tilbod om innløysing. Statens vegvesen vil vere opne om planarbeidet og legg opp til
dialogmøte med grunneigarar og andre folk i lokalmiljøet når det ligg føre framlegg til meir detaljerte
løysingar for området.
Den gamle dampskipskaia og tilkomsten til sjøen for ålmenta vil vere viktige element som skal takast
vare på. Det er ikkje å kome i frå at området i Søre Drotningsvik vil verte vesentleg endra i høve til i
dag, men dei områda som vert rørt av anlegget vil verte handsama på ein god måte. Ein vil legge vekt
på å etablere ein grøn struktur i området under og rundt den nye brua og legge til rette for at bruk av
området til dykking, fisking, båtplass m.m. kan haldast oppe sjølv om området ikkje vert så attraktivt
som i dag.
Når det gjeld del av Hansen sin merknad som går belastningar og økonomiske tap for familien som
ikkje har med veganlegg å gjere, meiner Vegvesenet at den delen ikkje vedkjem denne vegsaka og må
takast opp i annan samanheng.
15
1.3.3
Kryssområdet ved Storavatnet – Ørjebekk
Åse-Karin Spjeld på vegne av Vigdis og Torstein Gjervik, 123/86, Vibeke og Lars Kristian Stendahl
Gjervik, 123/214, Erling og Gerd Olsen, 123/85, Åse-Karin Spjeld/Kjell Didriksen, 123/254, datert
15.06.13
Eigedomane deira ligg innanfor området til nytt kryss
/ terminal ved Storavatnet. Dei viser til ein tidlegare
vurdert løysing med ny lang tunnel heilt frå
Drotningsvik til Liavatnet som dei meiner ville spart
inngrep i desse eigedomane sidan kryssområdet
kunne vere som idag.
Samstundes ligg området deira innanfor eit område
som er lagt ut til bustadføremål og industri/kontor og
lager i vedteke arealdel til kommuneplan for Bergen
og dei viser til eigedomanes verdi som
utbyggingsområde. Dei peikar i den samanheng på at
lokalisering alt B av ny kollektivterminal vil røre deira
eigedomar minst.
Dei avsluttar slik:
«Vi bor i dag i et skjermet område med en frihet som
vanskelig kan erstattes. Naturen rett utenfor døren,
sentralt til det meste. Hvor finner vi noe tilsvarende i
dagens boligmarked?
Vi krever å bli gjort kjent med eventuell fraflytting og
størrelse på erstatning så snart som mulig og senest i
første halvdel av 2015.»
16
Aktuelle eigedomar i Ørjebekk knytt til
denne merknaden
Åse-Karin Spjeld på vegne av grunneigarar av gnr 123, bnr 11, 159, 160, 84 og 135 – totalt 15
grunneigarar, datert 15.06.13
Dei viser til tidegare merknader med motstand mot
vegplanane og peikar på mogleg løysing med å fylle ut
i Storavatnet og etablere nytt kryss der.
Dei peikar på at området har vore i familiens eige i 100
år og at dei har sterkt tilknyting til staden. I samband
med Bergen kommune sine planar om vidare
utbygging i området (arealdel i kommuneplanen,
område I/K/L 14), har dei inngått utbyggingsavtale
med JM Norge (Byggholt) om utvikling av området.
Dei konkluderer slik:
«I siste reguleringsplan kommer det fram to alternativ
til terminal, alternativ A og B. For at våre eiendommer
skal bli minst mulig berørt, ber vi om at alternativ B
velges. Steinmasser fra tuneller kan fylles i Storavannet
og gi mer areal til terminaler og veier etc. som trengs.
Kommuneplanen viser at et stort areal av våre
eiendommer er båndlagt i anleggsperioden. Vi ber at
dette innsnevres til minst mulig slik at våre
utbyggingsplaner ikke må settes ytterligere på vent til
Aktuelle eigedomar i Ørjebekk knytt til
denne merknaden
veianlegget er ferdig. Statens Vegvesen har uttalt at vi som grunneiere skal få være aktivt med i
detaljplanleggingen av arealbruk på våre eiendommer, sammen med JM Norge, Bergen kommune og
Statens vegvesen.
Vi regner med at dette samarbeidet vil medføre at utbyggingsområdene våre blir skånet mest mulig
slik at det kan tilrettelegges for boliger. Områdene ligger ideelt til (1-2 minutters gange)i forhold til
kollektivtransport.
Veikontoret bruker begrepet “bymessig utbyggingsstruktur” der det også kan etableres
næringsarealer (og bolig). Dersom areal øremerket veier og infrastruktur blir benyttet nå eller senere
til industri og/eller næringsbygg, kan dette bety en økt verdi av våre eiendommer som vi vil ha
kompensert.
Henviser til egne brev angående reguleringsplan fra JM Norge og 4 berørte boligeiere.»
JM Norge, datert 14.06.13
Dei viser til avtale med grunneigarar av eigedomar i Ørjebekkområdet (jf merknaden over) og
tidlegare varsling om oppstart av planarbeid for området, men at dei ventar på ein avklaring av
vegsystemet knytt til Sotrasambandet. Området gjeld i hovudsak området I/K/L 14 på figuren under.
I denne merknaden peikar dei mest på alternative lokaliseringar av ny kollektivterminal og fordelar
og ulemper med dei to alternativa i høve til framtidig utvikling av området.
Dei konkluderer slik:
«Uavhengig av hvilket valg som gjøres, vil JM som direkte berørt part, og som fremtidig gjennomfører
av utbygging i terminalområdet, anmode om å bli trukket aktivt med i den videre detaljutforming av
reguleringsplanen. I møte på Olsvikåsen skole ble det åpnet for såkalte kontormøter med berørte
17
parter, og vi ber om å bli kalt inn til et slikt møte, sammen med representanter for grunneierne, så
snart som mulig. Vi vil da kunne legge frem de tanker og planer som en har hatt for området før det
er lagt for mange føringer i planarbeidet og sammen med planleggerne kunne utvikle området til
beste for veimyndighet, grunneiere og boligutvikler. Vi vil i så fall sette av fagressurser og personell
med beslutningsmyndighet, til å delta i det overordnete planarbeidet, samt til parallell
detaljplanlegging av området i egen regi.»
Norconsult AS på vegne av Florvaag Hus AS og Konseptbygg AS, datert 14.06.13
Norconsult hjelper utbyggarane Florvaag Hus AS og Konseptbygg AS
med regulering av Laksevåg. gnr 123 bnr 7, 32, 136, 201, 438, 499, 547,
560 m.fl., Fagerdalen. Deira område grenser inn mot JM Norge sitt
utbyggingsområde i nord og omfattar området B41
Dei viser til tidligare møte med Vegvesenet og summerer opp
merknaden slik:
«Partene må i fellesskap ta stilling til planleggingen av Olsvikvegen øst
for Askøyvegen og til utformingen av Fagerdalenplanen i forhold til
Askøyvegen/kommende regulering til 4-felts veg.
Fagerdalenreguleringen er nå i fullt arbeid, et mellommøte med Etat for
byggesak og private planer der vi skal presentere hovedtrekkene i
planforslaget, skal avholdes 18. juni.
Det vil være ønskelig fra vår side å få fortsette dialogen med SVV så
snart som SVV har kommet tilstrekkelig langt i planarbeidet. Ut fra den
Utsnitt fra KPA med del
av KDP
Sotrasambandet teikna
inn
fremdriften som er lagt til grunn for arbeidet med vegplanen, legger vi til grunn at det vil kunne være
klart for et slikt møte noe etter sommerferien?»
Salutaris eiendom AS, datert 16.06.13
Salutaris Eiendom AS søker på vegne
av familien Fasmer, v/fullmakt til
Hendrik Fasmer, Alvøveien 130,
5179 Godvik, om at ikkje eigedomen
innanfor gnr 121, bnr 4, vert
nemneverdig rørt av den planlagde
infrastrukturendringa. Dei ønskjer å
utvikle på ca 6 daa i samsvar med
vedteke kommuneplan, felt IKL 14
(storhandel, industri, kontor og
lager).
Aktuelt område
Dei gjer vidare greie for bakgrunn og kva for kriterier det har brukt for lokalisering og avsluttar
merknaden slik:
«Som konkret forslag så vil vi anmode om at Statens vegvesen og lokal planmyndighet i sitt KDP
arbeide finner gode løsninger for tomten snarest mulig.»
Adv. firma Torkildsen, Tennerø & co, datert 06.06.13
Dei representerer Sameiet Alvøen Eiendommer, mellom anna gnr 130, bnr 1 og 28.
18
Tilhøve til utbygging på Harafjellet-felt nr B37
Dei ber om at det vert teke omsyn til utbygging av området B37 på Harafjellet i samsvar med vedteke
arealdel til kommuneplanen og at ein vurderer behov for bandlegging av areal over vegtunnelen
gjennom Harafjellet.
Tilkomst til NLF-område
Eksisterande tilkomst til traktor/landbruksveg/turveg langs Storavatnet frå Ørjebekkområdet må
sikrast i det vidare reguleringsarbeidet. Det same gjeld velteplass for tømmer i området.
Storavatn – vannreservoar
Vatnet er privat regulert drikkevatn og vatnet vert i dag for det meste nytta til settefiskanlegg i
Alvøen Gamle Mølles lokalar. Det er kultivert fiskebestand i vatnet og det vert seld fiskekort. Dei ber
om at det vert sett fokus på å hindre forureining av Storavatnet frå veganlegg eller frå mogleg
utfylling. Vatnet kan ikkje tappast ned i anleggsperioden.
Jan Tore Vad, datert 17.06.13
Dei bur i Kiplehaugen og ber om at Kiplevatnet vert teke vare på som ein friluftsressurs og at det vert
støyskjerming mot Kiplevatnet.
Halvor Røyset, datert 17.06.13
Han kjem med framlegg om at delar av Storavatnet vert fylt ut med overskytande tunnelmasse og at
krysset ved Storavatnet vert flytta så langt om råd ut i vatnet. I tillegg bør det etablerast
parkeringsplass og opparbeida badeplass som del av eit skjerma utfartsområdet for dei som bur i
området.
Fredrik Nilsen, datert 25.05.13
Som eigar av 139/96 og 139/147 har han følgjande kommentarar og spørsmål:
«-på hvilke måte vil våre eiendommer bli berammet av denne reguleringen. Hvilke begrensinger vil
dette medføre for fremtidige utviklingsmuligheter og verdi. ? Og hvordan vil evt. begrensninger bli
økonomisk kompensert.
- Når blir det avklart hvorvidt våre eiendommer blir ekspropriert eller ikke? Slik som situasjonen er nå,
så er ikke eiendommene praktisk mulig å omsette for en fornuftig verdi. Og det vil også være
vesentlige usikkerhetsmomenter ved videre utvikling av eiendommene.
-Hvilke tiltak vil bli gjort for å skjerme gjenværende eiendommer for støy og luftforurensing? Vi har
barn og voksne i husholdningen som lider av astma, og allergi. Dette tiltaket vil så lang vi kan se
medføre en forverring av situasjonen.»
Vegvesenets felles kommentar
Her er det mange merknader som omhandlar det same området. Innspel og merknader både frå
grunneigarar og utbyggarar i Ørjebekkområdet vert teke med vidare i planarbeidet. Vegvesenet vil ta
kontakt med grunneigarar og utbyggarar med sikte på eit samarbeid om utvikling av området.
Turvegen til Alvøymarka er viktig å ta vare på og vil vere ein premiss i planarbeidet. Det vidare
planarbeidet vil vise eventuelle behov for utfylling i Storavatnet og omfanget av ei utfylling. Men
19
vegvesenet er samd i at strandsona langs nordenden av Storavatnet bør kunne leggjast til rette for
auka bruk til rekreasjon og skjermast for trafikkstøy i betre grad enn i dag.
Det vert stilt strenge krav til at Storavatnet ikkje skal forureinast verken i anleggsperioden eller etter
at anlegget er ferdig slik at Storavatnet som vasskjelde til settefiskanlegget i Alvøen skal kunne takast
vare på.
Vegvesenet har svart direkte til Fredrik Nilsen på dei konkrete spørsmåla hans.
1.4 Private merknader – Fjell kommune
1.4.1 Generelle innspel
Jan Gunnar Solheim, datert juni 2013
Han kjem med konkrete innspel til korleis sambandet bør utformast. Ved Kolltveit bør det vere stor
parkeringsplass for park&ride, bensinstasjon og handelstilbod. I Straume bør det vere avkøyring frå
ny vegtunnel til parkeringsanlegget under Straume. Bør ikkje ha ordinær biltrafikk på gateplan i
Straume. Ny bru bør dimensjonerast for 4 køyrefelt og jernbane/bybane + g/s veg. Han meiner det
bør vere jernbane (evt bybane) på heile strekninga frå Kolltveit til Liavatnet og vidare til Bergen
sentrum.
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet tek innspelet med i det vidare planarbeidet.
1.4.2 Kolltveitområdet
Knutepunkt Kolltveit AS, datert 18.06.13
Dei opplyser at dei har laga framlegg til reguleringsplan for eit område nær krysset på Kolltveit med
føremål innfartsparkering, service- og næringsverksemd. Området ligg nord for Kolltveittunnelen og
omfattar ca 30 daa. Handsaming av planframlegget vart stoppa i 2012 i for å vente på avklaring av
løysing for sambandet Sotra-Bergen.
Dei ber om at det i det vidare arbeidet med sambandet vert teke omsyn til utviklingspotensiale det
ligg i deira eigedom og argumenterer for at det vert anlagt eit transportknutepunkt med service- og
næringsverksemd og noko bustadareal i området.
Vegvesenets kommentar
Eit knutepunkt for transport og service- og næringsverksemd i Kolltveitområde må vurderast i
samråd med Fjell kommune og sjåast i samanheng med dei totale transportløysingane i området.
Spesielt er løysinga for kollektivtransporten og eventuelt behov for kollektivterminal i området
viktige moment i denne saka.
Harry Mattson, 12. 05.13
Familien eig eit hytte i Midtskarshaugen 11. Han meiner det er bra at det vert bygd betre vegnett og
at det vert satsa på kollektivtransport.
Han har konkrete spørsmål til kven som er ansvarleg for eventuelle skader på bygningar, vass- og
avlaupsleidningar, uteareal m.m. og spør om det finnes forsikringar som dekker eventuelle skader.
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet har svart direkte til Harry Mattson på dei konkrete spørsmåla hans.
20
1.4.3 Bildøy
Bildøy Hyttelag v/ Jan-Steinar Erichsen, datert 16.06.13
Bildøy Hyttelag er ein interesseorganisasjon for om lag 70 hytteeigarar på Nordre Bildøy. Dei viser til
tidlegare merknader og peikar framleis på at eit alternativ med ny veg med bru og tunnel i sør etter
alternativ C101 er betre enn den løysinga som er valt.
Dei er spesielt imot ein eventuell løysing med ny sekundærveg i nord frå nordre Bildøy til nordre del
av Straume tettstad som dei meiner vil øydelegge naturperler og viktige område for fugl i området
knytt til Straumsholmane i Straumsundet / Straumeosen. Ein slik veg vil og øydelegge mykje av deira
hytteområde og hyttemiljø på Bildøy og eksisterande bustadområde i Straume tettstad. Dei meiner
at det aktuelle området i Straumsundet bør vernast som kulturlandskap.
Ortofoto for det aktuelle området med Straumsholmane sentralt i biletet
Bildøy hyttelag peikar vidare på at dei i dag har opparbeida parkeringsplass like ved rv 555 og
avkøyringa til Bildøy skulesenter. Denne parkeringsplassen må ertstattast dersom den vert rørt av
veganlegget eller annan utbygging i området.
Bildøy hyttelag ber til slutt om at bandleggingssona (vist i vedteken kommunedelplan) av områda
som ikkje vert rørt av veganlegget, vert oppheva så snart som råd.
Kenneth Teiganes, eigar av grn34/bnr 128, datert 07.06.13
Han viser til fagrapporten om landskap som vart utarbeidd i samband med kommunedelplanarbeidet
og peikar spesielt på:
«Landskapsanalysen peker på viktige karaktertrekk for Bildøy og for områder som er spesielt sårbar
for inngrep. Analysen nevner to landskapstrekk som har stor verdi, småvåg og smalsund, der småvåg
har høyest verdi. «
Han protesterer mot alternativ løysing med ny sekundærveg over Straumsholmane og som vil gå
gjennom småvågen der familien har eigd og brukt familiehytte dei siste 50 åra (gnr 34 / bnr 128).
Han meiner at denne sentrumsnære småvågen må takast vare på, og heller sjå på kva dette området
kan utviklast til, i staden for å rasere området ved å bygge veg rett igjennom. Han vil og nemne at
det på austsida av Bildøy berre er to område som kommer under småvåg omtala i landskapsanalysen.
Merknaden tilrår at alternativ C101 med nytt vegsamband lenger sør vert valt.
Vegvesenets felles kommentar:
Vegvesenet viser til vedteke kommunedelplan der politikarene i Fjell kommune valde ny veg i dagens
vegkorridor (alternativ C102). Det vidare reguleringsarbeidet må ha det vedtaket som grunnlag. Men
det vidare planarbeidet inneheld vurdering av ny sekundær veg mellom Bildøy og Liltesotra. I det
arbeidet vert moment som både Bildøy Hyttelag og Teiganes peikar på, teken med i vurderingane.
21
Eventuell erstatning av parkeringsplass for hytteeigedomane vert og vurdert i samarbeid med Fjell
kommune og dei som planlegg utbygginga av Nordre Bildøy (Kystbyen).
Trude Mikkelsen og Jannik Meyer, gnr 34, bnr 186 m.fl., datert 17.06.13
Deira eigedomar ligg ved Straumsundet like nord for vestre brufeste for bru på rv 555. Dei har ein
vanskeleg tilkomst til bustadeigedomen sin i dag og ein eventuell utviding av dagens rv 555 mot nord
vil få store konsekvensar både for bustadeigedom og dei andre eigedomane og spesielt tilkomsten til
eigedomane. Dei skriv mellom anna:
«Mulige løsninger.
• Opprettholdes adkomst til våre eiendommer i anleggsperioden og etter utbygging av den nye
firfeltsvegen er ferdig, ønsker vi å fortsette med bruk av våre eiendommer som i dag.
Forutsetter da støyskjerming og andre tiltak for at eiendommene ikke skal forringes i forhold
til i dag.
o Det er vesentlig at skjæringen (mot sør, parallelt med riksveg 555) som i dag gir en
naturlig støyskjerming for vår bolig (Gnr34 Bnr186) ikke blir fjernet.
o Det er også vesentlig at retur veg til Sartor ikke kommer nord over holmene foran
eiendommen, da det vil ta utsikt og skape enda mer støy. Vi blir da eventuelt liggende
med veg på alle kanter, samt at strand områdene blir dødlagt
o Videre vil det da ikke være nødvendig for Statens Vegvesen og å legge beslag på våre
eiendommer i forbindelse med vegutbygging. Ber da om at skravering/rutenett på
eiendommen fjernes.
o Videre vil vi påpeke at skjæringene fra vårt bolighus ned mot viken består av fjell som
er ustabilt. Dette må trolig sikres i forbindelse med sprengningsarbeider ved bygging
av ny veg
•
Er det ikke mulig å opprettholde adkomst til våre eiendommer ønsker vi dialog i forhold til en
eventuell overdragelse av eiendommene.
Tidsfaktorene er kanskje den største utfordringen. I og med at en ikke i dag vet eksakt hvordan hoved
og sekundærveger vil bli lagt.
Det er noen fantastiske eiendommer vi har i dag, og vi har jobbet svært hardt for å bygge opp både
bolighus og næring. Vi forstår behovet for vegutbygging og er enig i denne men håper det kan gjøres
uten at vi blir nødt til å flytte. Er det ikke noe alternativ ønsker vi å komme videre i livene våre og ha
en avklaring så snart som det er praktisk mulig.»
22
Adv.firma Harris på vegne av Magne Skulstad gnr 34, bnr 152 og Jannik Meyer gnr 34, bnr 186 m.fl.,
datert 19.06.13
Merknaden frå Harris omfatter same eigedomar
og har om lag same innhald som merknaden frå
Trude Mikkelsen og Jannik Meyer. Men
merknaden omtaler og naboeigedom gnr 34, bnr
152.
Dei ber om at eigedomane kan behalde sin
tilkomst, alternativt får ny tilkomst som del av
planarbeidet.
Dei oppsummerer slik:
«Oppsummert ber grunneierne av nevnte
Eiendommer at vegplanen foretas slik at
Eiendommene beliggende rundt Tjuvika og bruk
Situasjonskart som viser dei aktuelle eigedomane
av disse kan opprettholdes som i dag som den
idylliske perle dette er og at vegutvidelsen legges
mot sør, som vil medføre vesentlig mindre
ulemper (ingen) for bebygget eiendom.
Jeg ber om at ovennevnte merknader hensyntas i det videre reguleringsplanarbeid».
Vegvesenets felles kommentar
Vegvesenet er klar over at utviding av vegen mot nord vil få store konsekvensar for eigedomane og
vil halde god kontakt med grunneigarane i planprosessen slik at dei vert informert og kan vere med i
planprosessen. Det vidare planarbeidet vil vise kva for vegløysing som vert best totalt sett i dette
området.
1.4.4 Bildøy-Straume
Under dette punktet er alle merknader og innspel som går på vidare arbeid med det totale
vegsystemet mellom Bildøy og Litlesotra samla. Det gjeld spesielt vurdering av ny
sekundærvegløysing. Dette har engasjert mange i lokalmiljøet.
Det er og utbyggingsinteresser i området som har kome med merknader og spørsmål i samband med
det.
Vegsystem - sekundærveg
Øystein Mjøs, Høgestølen 11, datert 19.06.13
Han protesterer mot ny sekundærveg BildøyStraume langs gamle Bildøyveg. Han meiner at det
vert for mykje trafikk i søre del av Straume og kø i
kryssområdet Gamle Bildøyveg/Foldnesvegen. Han
ønskjer avkøyring frå ny rv 555 under lokket ved
Straume direkte inn i det nye parkeringsanlegget.
Han ønskjer og å forlenge lokket forbi Straume
heilt over til Bildøy og legge ny sekundærveg oppå
lokket. Dei meiner at ei slik løysing vil påverke
eksisterande utbyggingsområde minst mogleg.
23
Kart over Straume sør med gamle Bildøyveg og
Foldnesvegen.
Han skriv vidare at det er mange born som bur langs gamle Bildøyveg, og meiner difor at dersom ny
sekundærveg kjem ved gamle Bildøyveg, er det ønskjeleg med:
- 3o km/t sone ved Straume.
- Fotgjengarovergang ved Høgestølen.
- Det er mye støy frå trafikken på gamle Bildøyvegen slik det er i dag. Det er ønskjeleg med
ein vurdering av støyskjerming langs vegen spesielt ved avkjørsel til Høgestølen, retning mot
Bildøy.
Sameiget Ankerhagen, Bildøyvegen 19, datert 02.06.13
Sameiget som har 50 bueiningar, ligg heilt inntil gamle Bildøyveg. Dei peikar på mange uheldige
konsekvensar dersom ny sekundærveg mellom Bildøy og Straume kjem i området. Det gjeld spesielt
auka miljøulemper, dårlegare tryggleik og dårlegare tilhøve for deira utkøyring frå garasjeanlegget.
Dei vonar at det vert teke omsyn til dette i den vidare planlegginga.
Venke og Harald Strømme, Nina og Daniell Strømme Andersen, datert 09.06.13.
Dei meiner at sekundærvegen mellom Bildøy og Straume bør leggjast i same korridor som rv 555 og
ha av- og påkøyring til parkeringshuset under Sartor senter. Dei meiner at den vegløysinga er mest
miljøvennleg og har minst inngrep i eksisterande bumiljø langs Bildøyvegen.
Tytebærbrekko Velforeining v/Sjur Århus,
datert 23.05.13
Velforeininga representerer 50 bueiningar.
Dei peikar på inngrep i eksisterande og
planlagt bumiljø langs dagens rv 555 og ber
om at følgjande alternativ vert innarbeidd i
planane:
1. Vegen over Straumssundet vert lagt
i tunnel
2. At det planlagde miljølokket ikkje
berre vert bygd ved kjøpesenteret,
men vert forlenga over heile sundet
fram til krysset ved skulesenteret på
Bildøy.
Kart over bustadområda Tytebærbrekko og
Storhilderen og korridor for rv 555
Storhilderen Velforeining v/ Arnold Solsvik, datert 16.06.13
Dei protesterer mot ein eventuell ny sekundærveg frå Bildøy til Straume gjennom deira buområde og
viser til felles løysing med ny sekundærveg i same korridor som rv 555 – evt ein ny veg i sør ved
gamle Bildøyveg.
Ole Kåre Straume, Bildøyvegen 35, datert 13.06.13
Han meiner det må vere kryss på Straume og at alle kryss bør utformats som planfrie kryss. Han
ønskjer nytt møte med Fjell kommune slik at alle kan få kome med innspel til vegutforming i
Straumeområdet.
Han peikar på mange uheldige konsekvensar for lokalmiljøet dersom gamle Bildøyveg vert utbygd til
sekundærveg mellom Bildøy og Straume.
Han foreslår å fylle vestre del av Stovevatnet og få til en av- og påkøyring til Straume i det området.
Han håper vidare at dei som bur i området langs gamle Bildøyveg vert hørt i denne saka.
24
Mette og Åsmund Fjell, Rognevegen 1, datert 17.06.13
Dei bur inntil Straume sentrum og gamle Bildøyveg og protesterer mot å få auka trafikkstøy og
miljøulemper i området. Dei meiner det er naudsynt at det må komme ein form for skjerming ut mot
vegen. Dersom det blir auka trafikkmengde, krev dei også lydtette vindauge. Dei skriv vidare at det å
ha ein slik veg så tett på seg er svært krevjande, og det må ikkje bli slik at dei får vegen meir inn på
seg.
Kari-Anne Løtvedt & Ove Sandal, Søre Straume 24, datert 19.06.13 og Lillian Århus Ekerhovd &
Henning Ekerhovd, Bjørkestølen 1, datert 11.06.13
Dei kjem med om lag likelydande merknad til vegsystemet i Bildøy-Straumeområdet.
Dei tilrår at det vert bygd ny 4 felts bru med miljølokk over Straumsundet og at dagens bru vert nytta
til sekundærveg inkludert gang- og sykkelveg.
Dersom dette ikkje vert aktuelt, støtter dei alternativ 1 med ny sekundærveg mellom nordre Bildøy
og nordre Straume pga dei store ulempene å gå gjennom søre del av Straume.
Vidare skriv dei at alle risikomoment ved venta trafikkauke på Bildøy må vurderast og tiltak utførast
og det og bør byggast gang- og sykkelveg langs sekundærvegsystemet.
Ein av merknadene ønskjer og at det vert lagt fiberkablar til nytte for lokalfolket i samband med
bygging av nye vegar og grøfter.
Kari Sundvor, Høgestølen 9, datert 18.06.13
Det vert protestert mot at eksisterande bumiljø må lide for at dei sentrale delene av Straume får
miljølokk over ny hovudveg. Ho meiner at løysinga skyver lokaltrafikken mellom Bildøy og Straume
over på lokalvegnettet som vil få auka trafikk- og støyulemper. Ho peikar på løysing med av- og
påkøyring frå hovudvegen til parkeringsanlegget under Straume. Ho viser også til Liegruppen sitt
framlegg om sekundærveg i 2. etasje over ny hovudveg i dagens korridor.
Til slutt peikar ho på ulemper med ny lokalveg i sør (gamle Bildøyvegen)og ber om at innspela hennar
vert teke med i det vidare planarbeidet
Felles merknad frå eigarane av Bildøyvegen 25, 27, 29 og 31 v/Johan Kristian Aag, datert 18.06.13
Dei protesterer mot ny sekundærveg i sør langs gamle Bildøyveg og peikar på ulemper dei vil få ved
ei slik løysing. Dei ønskjer at eksisterande bumiljø ikkje vert rørt og håper at deira merknad vert teke
til etterretning.
Jarulf Auestad, Bjørkestølen 9, datert 13.06.13
Ønskjer at sekundærveg vert lagt i same korridor
som rv 555. Det bør byggast ny 4 felts bru over
Straumsundet slik at dagens bru kan nyttast til
sekundærveg. Dersom ikkje ei slik løysing er
mogleg, peikar han på alt 1 som betre enn alt 2.
Han foreslår vidare å bygge ein ny intern
lokalveg på Søre Bildøy som bind saman
lokalvegsystemet i dette området, sjå kartskisse.
Skisse til løysing frå Auestad
25
Innbyggjarinitiativet BevarStraume, datert
18.06.13
Dei peikar på uheldige tilhøve for lokaltrafikken
og eksisterande bumiljø utan kryss i Straume
sentrum mellom hovudveg og
lokalvegnett/parkeringsanlegg. Dei skriv vidare
at for å unngå uhaldbar trafikkbelastning i
nærmiljøa sør for Straume sentrum, bør det på
nye Rv. 555 på nordsida av Straume sentrum
etablerast eit kryss med direkte av- og påkøyring
frå/til den nye firefelts hovudvegen, og med
høve til innkøyring til dei planlagde
parkeringsanlegga i tilknyting til senteret. Inn- og
utkøyring bør leggjast under bakken i tilknyting
til det planlagde miljølokket.
Skisse til tilknyting i tunnel mellom ny hovudveg
og parkeringsanlegg under Straume
Dei er overtydde om at den føreslegne løysinga med eit kryss på Straume vil føra til ein vesentleg
reduksjon av trafikken i det framtidige sekundærvegnettet på Straume. Forslaget vil bidra til å betra
bumiljøet og gjera Straume til ein meir attraktiv stad å bu, både for noverande og framtidige
bebuarar.
Dei kjem og med forslag til mellombels utbetring av Valenkrysset ved å samle dei to kryssa i området
til eit kryss i to plan for å betre trafikkframkomsten i området no før det nye sambandet kjem.
Ingvald Strømme, Øvre Bildøybakken 2, datert 13.06.13
Han meiner det er veldig uheldig å føre eit nytt 4 felts vegsamband gjennom Straume og foreslår en
tunnel frå krysset i Arefjord til krysset på Kolltveit. Han peiker særleg på den aukande trafikken til
CCB basen på Ågotnes og vidare nordover i Øygarden og kor uheldig det er å føre denne trafikken
gjennom Straume og over Bildøy.
Arne Johan Tuvin, Høgestølen 7, datert 18.06.13
Han etterlyser ein ny trafikkanalyse for køyremønster internt på Straume og mellom Straume og
Bildøy der og planlagt utbygging på Bildøy og Litle Sotra, mellom annan Medisinsk senter, vert teke
inn i vurderingane.
Han skriver vidare at det må utarbeidast ein ny vurdering av sekundærveg mellom Bildøy og Straume
med grunnlag i oppdatert situasjon for området og få fram traséalternativ som ikkje rører så mykje
av eksisterande bumiljø.
Ut frå det materiale som ligg føre, meiner han at alt 1 i nordre korridor er best. Han ønskjer og ei
mogleg av- og påramping mellom ny hovudveg og Straume sentrum.
Til slutt peikar han på at eigedomen hans må sikrast mot ras og masseutgliding samt skjermast mot
støy dersom det vert inngrep i hans eigedom.
Vegvesenets felles kommentar
Som innleiande del av reguleringsarbeidet, skal det utarbeidast eit forprosjekt for området BildøyStraume der både hovudveg og lokalvegsystem vert vurdert. Vurderingane inneheld følgjande tema:
26
•
•
Ny vurdering av løysing for hovudveg og utstrekning av miljølokk. Bakgrunnen er mellom
anna at Fjell kommune har vedteke 600 m lengde på lokket medan SVV viste lokk med 400 m
lengde i framlegg til kommunedelplan.
o Tilhøve til eksisterande og planlagt byggeområde. Byutvikling, estetikk, nærmiljø
o Bruk av dagens bru over Straumsundet
o Tilhøve til kollektivtransport og effektiv tilkomst til og frå terminalen på Straume
Lokalisering av ny sekundærveg – alternativvurdering
o trafikkmengder
o forhold til kollektivtransport og effektiv tilkomst til og frå terminalen på Straume
o lokalisering av ny sekundærveg – alternativvurdering, forhold til Straume sentrum,
parkeringsanlegg m.m.
o landskap og estetikk m.m.
Dei merknadene som er kome inn til dette punktet og som er summert opp over, vil verte teke med
og vurdert i det vidare planarbeidet.
Utbyggingsinteresser
Ard arealplan AS på vegne av eigedomane gnr 35, bnr 398, 339 og 516, datert 04.06.13
Ard Arealplan arbeider med
framlegg til reguleringsplan for
dette området som er vist som
område S3b i sentrumsplanen for
Straume. Området skal regulerast
til sentrumsføremål med
bustader, næring og
allmennnyttige føremål. Eit
framlegg er på det næraste ferdig.
Dei ber om at plangrensa knyta til
reguleringsplanen for Sambandet
Sotra-Bergen vert justert slik at
planen for området kan gjerast
Plangrense for privat reg.plan
ferdig og den vidare framdrifta
ikkje vert forrykka.
Vegvesenets kommentar
Dette området ligg innanfor mogleg område som kan verte rørt av nytt veganlegg og det vil ikkje vere
aktuelt å endre plangrensa knytt til Sambandet Sotra-Bergen, før planframlegget for veganlegget ligg
føre.
27
Ard Arealplan AS på vegne av eigar av gnr 35, bnr 6, Ole Kåre Straume, datert 16.06.13
Ard Arealplan skriv følgjande: «Innanfor den
varsla plangrensa har eigar av gnr 35 bnr 6,
Ole Kår Straume, ein nausttomt, sjå vedlagt
kartutsnitt. Ved planlegging og prosjektering
av vegtraseen ber ein om at det vert tatt
omsyn til denne tomta. Ein vil tru at
høgdeforskjellen er slik i området at vegen vil
gå i bru over denne tomta og at det kan
etablerast naust under.»
Lokalisering av nausttomt
Vegvesenets kommentar
Dette området ligg innanfor det arealet som ein treng til veganlegget og Vegvesenet vil mest
sannsynleg kome med tilbod om innløysing av nausttomta når reguleringsplanen for Sambandet
Sotra-Bergen er vedteke.
Ard Arealplan AS på vegne av eigar av eigedom gnr 35, bnr 637, datert 03.06.13
Ard Arealplan skriv følgjande:
«lnnanfor deler av meldt plangrense for rv 555
Sambandet Sotra-Bergen har vi under
utarbeiding reguleringsplan for Straume B2,
gnr 35 bnr 637 m. fl. i Fjell kommune. Arbeidet
med planen for B2 er nærast ferdig og
planarbeidet dykkar vil kunne forrykka
framdrifta for denne planen.
Vi ber difor om at den varsla plangrensa vert
justert slik at den ligg utanfor vår plangrense.»
Plangrense for privat reguleringsplan
Vegvesenets kommentar
Dette området ligg inntil Bildøyvegen. Kryssområdet og det næraste området kan verte rørt av nytt
vegsystem og det vil ikkje vere aktuelt å endre plangrensa knytt til Sambandet Sotra-Bergen, før
planframlegget for veganlegget ligg føre.
1.4.5 Arefjord
Inger Charlotte Nordstrøm Landro, datert 01.07.13
Dei eig ein fritidseigedom inst i Arefjordpollen og ønskjer at ny parkering til fritidseigedomane i
området må inn i planarbeidet. Det same gjeld hytterenovasjon, tilkomst frå sjø og naudsynt
støyskjerming mot veganlegget.
28
Jarle Ellefsen, datert 17.06.13
Han eig og fritidseigedom inst i Arefjordpollen (gnr 36/bnr 111) og ønskjer tilkomst frå veg til
eigedomen. Han peikar og på tilkomst frå sjø og at ein tar omsyn til utskifting av vassmassane ved
bygging av det nye veganlegget over Arefjordpollen. Han skriv vidare at det må takast omsyn til
støyskjerming og det må leggjast vekt på god estetisk utforming av veganlegget, og ber om at indre
del av Arefjordpollen vert liggjande som i dag.
Vegvesenets kommentar
Eksisterande parkering og tilkomst til fritidseigedomane i Arefjordpollen vert endra og må erstattast
som del av planarbeidet. Vurdering av dette vil skje i samarbeid med Fjell kommune. Det skal og
takast omsyn til tilkomst til eigedomane for småbåtar og til naudsynt utskifting av vassmassane i
Arefjordpollen. Skjerming av anlegget vert vurdert i samsvar med gjeldande regelverk og vi vil leggje
vekt på god estetisk utforming av anlegget og god handsaming av områda som vert rørt i
anleggsperioden.
1.4.6 Knarrvika
Advokatfirma Wikborg/Rein på vegne av Sigba Eigedom AS, datert 19.06.13
Sigba Eigedom eig store delar av området
som er regulert til industri/kontor i
Knarrvika. Dei skriv om dagens
utleigetilhøve og kva for verksemder som
er i området. Det er rundt 100
arbeidsplassar i området. Leigetakarane er
interessert i å utvide si verksemd i
området.
Dei ønskjer at heile Sigba Eigedom sitt
areal vert del av planområdet for
veganlegget. Dei ønskjer og at tilgrensande
område i sør mot Valen vert vurdert som
mogleg utvidings/erstatningsområde og at
planområdet vert utvida mot sør.
Sigba eigedom
Innløysing av administrasjonsbygget
Gjennomføring av veganlegget fører truleg til at Sigba Eigedom sitt administrasjonsbygg vert innløyst.
I den samanheng ønskjer Sigba Eigedom at Statens vegvesen fører opp eit nytt bygg i staden for
erstatning. Men alternativet er at Sigba får erstatning for å kunne sette opp eit tilsvarande bygg.
Erstatningstomt for administrasjonsbygget må inn i reguleringsplanen meiner dei. Dei peikar på
området på nordsida av Mustadvatnet som ein aktuell stad. Tidspunktet for innløysing av
administrasjonsbygget bør avklarast i god tid.
Nytt sentrallager og andre tiltak på eigedomen
Det er ikkje ønskjeleg med noko inngrep i samband med veganlegget på området til Norsk
Gjenvinning og at prosess med planlagging av nytt sentrallager på denne delen av eigedomen ikkje
vert hindra.
Grunnavståing
Det er ønskjeleg at Sigba Eigedom får tilbod om eigna erstatningsareal for naudsynt grunnavståing.
Dei treng det arealet dei har, for å halde opp og vidareutvikle sin verksemd.
29
Fylling i Mustadvatnet
Etter Sigba Eigedom sitt syn, bør Mustadvatnet fyllast ut og arealet/fyllinga overtakast av Sigba
eigedom. Naudsynt vassforsyning i samband med slokkevatn m.m. må sikrast.
Tilkomst
Naudsynt tilkomst til heile eigedomen må sikrast i anleggsperioden og den permanente tilkomsten
som vert etablert, må vere eigna og tilpassa bruken av området til industriføremål.
Hindringar for framtidig verksemd på eigedomen
Sigba Eigedom peikar på at det er viktig å leggje til rette for og sikre at dagens industri på eigedomen
har moglegheit for vidare vekst og at det ikkje vert lagt restriksjonar på arealbruken som ikkje vert
erstatta gjennom andre tiltak.
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet er samd i at eigedomen til Sigba Eigedom vert vesentleg rørt av planlagd veganlegg.
Grunneigar skal takast med i den vidare planprosessen og vegvesenet vil vurdere ei utviding av
planområdet i samråd med Fjell kommune for å kunne avklare arealbruken i området.
Det må ligge føre ein godkjent reguleringsplan før innløysing og erstatning av eventuelt
administrasjonsbygg og anna areal som vert teke til vegareal, kan avklarast.
Eventuell fylling av Mustadvatnet vert vurdert som del av planarbeidet.
Alfred Lie, Valenvegen 1, datert 19.06.13
Han spør om eigedomens hans vert rørt av vegtiltaket. Han er i ferd med å selje eigedomen sin og
ynskjer ikkje inngrep eller restriksjonar på sin eigedom.
Vegvesenets kommentar
Denne eigedomen vert høgst sannsynleg ikkje rørt, men vegvesenet kan ikkje avklare dette
spørsmålet før endeleg framlegg til reguleringsplan ligg føre.
Freddy Furenes, eigar av gnr 41, bnr 58, datert 16.06.13
Hans eigedom ligg like nord for dagens rv 555 på austsida av Arefjordpollen. Han ønskjer seg ny
tilkomst frå dagens rv 555 og viser til plan for ny bru over rv 555 til hans eigedom for han ønskjer å
bygge ut eigedomen.
Vegvesenets kommentar
Freddy Furnes refererer til reguleringsplan for kollektivfelt langs dagens Rv 555 som er laga i regi av
Fjell kommune. Vegtiltak knytt til Sambandet Sotra-Bergen vil høgst sannsynleg ikkje røre hans
eigedom og heller ikkje tilkomsttilhøva til eigedomen. Hans merknad bør handsamast i samband med
reguleringsplanen for kollektivfelt langs dagens rv 555 og merknaden er sendt vidare til Fjell
kommune.
30
2 Oppsummering av uttale og merknader som kom inn i samband
med varsel om utviding av planområdet på Kolltveit 27.09.2014
med Vegvesenets kommentar
2.1 Generelt
I løpet av planprosessen kom ein fram til ei kryssutforming og løysing for tilknyting av ny rv. 555 til
fv. 561 mot Ågotnes og fv. 555 mot Sund som krev utviding av planområdet i Kolltveitområdet.
Denne planutvidinga vart varsla med annonse i avisene Vestnytt, BA og BT 27.09.14 og i brev til
aktuelle høyringspartar i brev av 23.09.14. Berørte grunneigarar og naboar vart varsla i brev av
23.09.14. Merknadsfristen var 27.09.2014.
Det kom inn 3 uttale frå høyringsinstansar og berre 1 merknad frå grunneigarar.
Oversiktskart som viser tidlegare varsla planområde og utvida planområde i Fjell kommune
2.2 Høyringsinstansar
Bergen og omland havnevesen, brev datert 17.10.14
Dei skriv det same som dei gjorde til oppstartsmeldinga i 2013.
«Havnevesenet skriv at dei ikkje kan sjå at planlagt tiltak vil kome i konflikt med interesser som dei er
sett til å ta vare på. Dei har følgjande kommentarar:
• Ber om at Fiskeridirektoratet vert informert om reguleringsarbeidet i samband med ulike
fiskeriinteresser
• Ber om å få tilsendt planteikningane når dei ligg føre
Minner om søknadsplikt til BOH i samband med graving eller fylling i sjø m.m. og ber om at punkt om
søknadsplikt vert teke inn i føresegnene»
31
Vegvesenets kommentar:
Vegvesenet tek uttalen til etterretning og vil følje opp hamnevesenets kommentarar i det vidare
planarbeidet.
NVE, brev av 07.10.14
NVE syner til innspel til planarbeidet i brev datert 17.06.2013, og til videomøte om planarbeidet den
15.09.2014. Dei generelle merknadane i brev og referat vil vere aktuelle også i det utvida
planområdet.
Vegvesenets kommentar:
Vegvesenet tek uttalen til etterretning.
Hordaland fylkeskommune, brev av 13.11.14
Dei peikar på at det er viktig å få fram ikkje berre fornminne og bygningar/bygningsmiljø, men òg
steingardar, gamle ferdselsårer, utmarksminne, tekniske kulturminne, kulturlandskap, m.m.
Dei opplyser at det per i dag ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne i den utvida delen av
planområdet. Det er kjent 3 SEFRAK-registrerte ruinar i planutvidinga, vi ber om at verneverdi blir
vurdert og at desse blir teke omsyn til i planprosessen vidare.
Dei understrekar viktigheita av å ta omsyn til landskapet i planutforming og gjennomføring av
prosjektet og oppsummerar med at Hordland fylkeskommune ber om at planarbeidet legg særleg
vekt på kulturminne og landskap.
Vegvesenets kommentar:
Vegvesenet er samd med fylkeskommunen at kulturminne og landskap er viktige tema og har lagt
vekt på dette i planarbeidet. Omsyn til landskap og vassressursar er mellom anna nokon av grunnane
til at kryssområdet vart plassert som vist i planframlegget og ikkje på utfylt område i Storavatnet. Det
er og teke omsyn til anleggets verknad i landskapet når ein har valt å legge traséen for det mest
dominerande veganlegget (ny rv. 555) lågt i terrenget.
Tilhøve til kulturminne er utgreidd som del av planarbeidet.
2.3 Merknader frå grunneigarar
Knutepunktet Kolltveit AS, brev av 26.10.2014
Grunneigarane av gnr 33, bnr 587 har hatt planar om å etablere eit knutepunkt for kollektivtrafikk,
areal for innfartsparkering, service- og næringsverksemd m.m. på Kolltveit. Dei protesterer mot at
planlagt veganlegg vil legge beslag på mykje av arealet som dei ville utvikle til knutepunkt og har
føljande innspel:
1. «Den nye firefelts tunnelen frå Bildøy vert forlenga og tunnelutslaget på vestsida flytta
mellom 250 og 300 meter lenger mot nord på vestsida av eksisterande veg. Dette vil gjera at
ein kan unngå konflikt mellom bnr 587 og den nye vegen og mykje av arealet kan «sparast»
til andre funksjonar.
2. Dersom ei slik endring ikkje kan gjennomførast, ønskjer vi snarast å å få eit oversyn på kor
mykje areal som vil vera att og vil kunna nyttast til andre føremål enn veg av gnr. 33 bnr. 587
(dersom vegen/tunnelen vert liggjande slik planen er i dag)?
3. Vi bed om at dei områda av bnr. 587 som vert disponible etter at vegen har teke sin del, får
nødvendig tilkomst (på- og avkøyrsler) til fastlandssambandet. Dersom ikkje det vert ordna
må desse areala å sjåast på som verdilause .
32
4. Knutepunkt Kolltveit (KK) har lagt fram ei førebels skisse der ein gjennom etablering av eit
fleirfunksjonelt område kan planlegge for funksjonar knytt til fastlandssambandet kombinert
med ei utvikling av grenda Kolltveit mot vest. Dei planlagde bustadområde ca 300 meter frå
dagens rundkøyring inneber 400 – 500 nye bueiningar i eit 6 års perspektiv. Dette og andre
planar vil krevja meir areal enn ein enkel haldeplass og må takast særskilt omsyn til i
planlegginga av kollektivtilbodet. Behovet for busshaldeplass, gode korrespondanse- og
omstigningsplassar for buss, parkering, bensinstasjon og bilverkstad, nærbutikk, bustader og
eventuelt blokker er funksjonar ein har drøfta med Fjell kommune som aktuelle i området. KK
disponerer og andre areal og vi ønskjer derfor å ta del i planlegginga i området.
5. KK har gjennom tidlegare prosessar brukt relativt store ressursar og mykje midlar på å prøva
å skapa aktivitet ved ei utvikling av området. Vi vil i utgangspunktet ikkje motsetja oss at det
offentlege får kjøpa området, forutsett at det er mogeleg å få til eit tilfredsstillande
økonomisk oppgjer. I motsett fall vil det offentlege måtta tileigna seg området ved
oreigning.»
Vegvesenets kommentar
Eit knutepunkt for transport og service- og næringsverksemd i Kolltveitområdet må vurderast i
samråd med Fjell kommune og sjåast i samanheng med dei totale transportløysingane i området.
Vegvesenet har vurdert fleire alternative løysingar for nytt kryssområde i Kolltveitområdet. Det har
og vore fleire møte med Knutepunkt Kolltveit AS for om mogleg å kunne tilpasse seg deira eigedom.
Men etter nye vurderingar og i samråd med Fjell kommune og andre instansar, har Statens vegvesen
konkludert med at vist løysing er den beste totalt sett.
Grunngjevinga for utforming av kryssområdet på Kolltveit er:
• Utbetring av eksisterande Kolltveittunnel ville blitt svært omfattande skal den oppfylle
dagens krav. Dette ville og medført store konsekvensar for trafikkavviklinga i
anleggsperioden.
• Totalt sett vil to nye tunneler derfor ikkje koste meir enn opphavleg løysing
• Nye krav i vegnormalane vil føre til at kryss (rundkjøring) må flyttast lengre frå tunnelopninga
enn det som var tillate tidlegare, og dermed føre til store utfyllingar i Storavatnet. Dette er
ikkje akseptabelt for landskap og miljø.
• Trafikkavviklinga i rundkjøringa blir betre slik som den no er foreslått.
• Det er viktig å legge til rette for at kryssområdet på Kolltveit blir eit godt kollektivbyttepunkt.
Det er og ein av grunnane til kryssutforminga er endra og at det er lagt opp til gode gang- og
sykkelsamband fram til dei planlagde haldeplassane.
• Foreslått løysing legg betre til rette for eit framtidig nord-sør vegsamband på Sotra enn ei
løysing ved dagens tunnelopning ville gjort.
Spørsmål om grunnerverv og eventuell oreigning av råka eigedom, vert ein separat prosess med
grunnlag i vedteke reguleringsplan.
33
3 Oppsummering av innkomne uttale og merknader som kom inn i
samband varsel om mindre utviding / justering av planområde i
Fjell kommune 06.03.2015 med vegvesenets sine kommentarar
3.1 Generelt
Det vart i brev av 06.03.15 sendt ut varsel om planjustering til alle grunneigarane som no ligg
innanfor området som vert regulert. Grunngjevinga er at ein i løpet av planprosessen har kome fram
til eit reguleringsplanframlegg som tek med noko meir areal einskilde stader enn det som vart vist i
samband med varsling om oppstart planarbeid i brev av 30.04.2013 og seinare varsling om utvida
planområde på Kolltveit i brev av 23.09.2014.
Justeringa gjeld til saman 11 mindre område i Fjell kommune og er vist på kartskissene under.
Det kom inn totalt 5 merknader til varsel om denne planutvidinga.
34
3.2 Merknader frå grunneigarane og andre private
Anita Kolltveit Larsen, brev av 09.04.15
Larsen skriv følgjande:
«Viser til deres brev datert 6. mars 2015, det er faktisk første brev jeg har mottatt i denne saken
foruten varsel om at dere skulle utføre diverse målinger ulike plasser på min eiendom. Siden dere
nesten tar hele mitt kulturbeite til veg så synes jeg dere burde kontaktet meg tidligere.
Jeg er ikke negativ til å avgi grunn til ny veg men at dere vil ta så mye av min innmark til å lage gang
og sykkelveg er jeg ikke interessert i å avstå grunn til.
Jeg har også få tt høre at golfbanen t renger mer plass og at et alternativ er å komme inn på min
eiendom. Dersom det vil bli aktuelt at de trenger grunn fra meg vil jeg ikke godkjenne dette uten at
prisen her bli etter tomtepriser, for dette tomtearealet er det som jeg sitter igjen med etter at dere tar
resten til veg og det er de fineste tomtene jeg har på hele mitt gardsbruk.»
Vegvesenets kommentar:
Larsen ble svart i brev av 22.04.15 med følgjande:
«Vi vil bare til orientering, legge ved tidligere varslingsbrev med adresseliste som ble sendt ut i
forbindelse med reguleringsplansaken, siden det framgår av merknaden at det ikke er mottatt noe
varsel tidligere.
Opprinnelig varsling av oppstart planarbeid ble sendt ut 24.04.2013 og en tilleggsvarsling for
utvidelse av planområde på Kolltveit ble sendt ut 23.09.2014. Som grunneier av gnr 33, bnr 1, står du
øverst på begge adresselistene, se vedlegg 1 og 2. Brevene ble sendt i posten på vanlig måte.
Vi kan opplyse at planlagt gang- og sykkelvegforbindelse mellom Kolltveitvegen og nye
bussholdeplasser ved ny rv 555 og videre mot turområdene i vest, er planlagt som fortau langs
Stemmebakken fram til den gamle stemma og så videre i 3 m bredde fram til det planlagte
veganlegget. Etter at anleggsperioden er ferdig (det er i anleggsperioden vi trenger litt ekstra areal
på sidene), vil sidearealet bli utformet på skikkelig måte tilpasset jordbruksdrift og tilsådd med gras.
Så permanent inngrep er ikke så stort, men vi er pålagt å regulere det arealet vi trenger i
anleggsperioden også. Derfor ser det voldsomt ut på kartskissen.
Til orientering vil merknaden følge saken videre til Fjell kommune når vi sender inn planforslaget til
videre behandling.»
Ard arealplan as, brev av 31.03.15
Dei minner om at dei driv med planlegging av tilgrensande område til planområdet for rv 555 i
Straume sentrum og spør om å få oversendt sosi/dwg av ny plangrense og nye vegliner.
Vegvesenets kommentar:
Dette er ikkje merknad til planutvidinga. Ard arealplan har fått dei grunnlagsdata dei ønskja.
HFK Bussanlegg Straume AS, brev av 16.03.15
Dei skriv følgjande:
«Vi forstår det slik at planområdet utvides til å gjelde også deler av Straume bussanlegg, hvor deler
av området vi disponerer til bussanlegg blir utilgjengelig i anleggsperioden.
Det er viktig at virksomheten vår ikke blir forhindret i en slik grad at vi ikke kan opprettholde
forpliktelsene våre som tilbyder av kollektivtransport i regionen. Ellers ønsker vi å bli holdt løpende
35
underrettet om de deler av planen som omfatter vår virksomhet eller berører eiendommen vår
direkte, også i fremtiden.»
Vegvesenets kommentar:
Noko av det aktuelle område for bussanlegg vert råka i anleggsperioden i samband med etablering av
dei austre tunnelportalane for den nye Straumetunnelen. Tilkomsten til og bruken av det meste av
bussanlegget vert oppretthalde også i anleggsperioden.
Den planlagde bussvegen og hovudsykkelvegen med fortau frå Straume til Arefjorden vil gjere eit
permanent avgrensa inngrep i bussanlegget og råke nokon av dagens oppstillingsplassar for buss.
Men etter vegvesenet sitt syn vil bussanlegget vere om lag som i dag i framtida og. Den planlagde
bussvegen opp til dette anlegget vil gjere tilkomsten til/frå bussanlegg og planlagd ny
kollektivterminal enklare enn i dag.
Svein Olaf Drageland, brev av 14.03.15
Han etterspør svar på om eigedomen hans, gnr 41, bnr 369, med eksisterande naust på holmen
Sydvesten i Arefjordopllen vert råka av planlagd tiltak. Han viser til vedlagte skjøte på eigedomen,
teikningar for naustet med meir.
Vegvesenets kommentar
Vegvesenet skriv i svarbrev til Drageland datert 24.03.15 at den aktuelle eigedomen ikkje vert råka av
planlagd veganlegg.
Olav Kobbeltveit, brev av 25.03.15
Olav Kobbeltveit eig eigedomen gnr 33, bnr 6. Han ønskjer løysing som i tidlegare konsept J med to
nye felt i tillegg til dagens felt mellom Bildøykrysset og Kolltveit, og protesterer mot løysinga med å
«skrote» eksisterande Kolltveittunnel og bygge to nye tunnelløp og ny bru over Bildøystraumen. Han
viser til vedtak i Fjell kommunestyre for kommunedelplanen for rv. 555 fastlandssambandet SotraBergen. Kobbeltveit viser til eit punkt 2 i kommunestyrevedtaket som han skriv er følgjande:
«Strekninga frå Kolltveit til kryss på Bildøy vert bygd i samsvar med konsept J, alternativ J101». Litt
lenger nede i vedtaket står det at «Konsept J er basert på utviding av dagens Rv 555 frå to til 4 felt, og
ny 2 felts bru tett til eksisterande bru på nordsida av denne. Konsept J inneber også nye tunnelar med
to køyrefelt parallelt med dagens tunnelar (Kolltveittunnelen i Fjell) og Kiplehaugtunnelen og
Harafjelltunnelen (Bergen) for å få fire felt på heile strekninga. Det må og byggjast nye 2 felts bruer
ved sida av dagens bruer over Bildøystraumen og Straumssundet».
Vegvesenets kommentar:
Vi vil minne om gjeldande vedtak om kommunedelplan i Fjell kommunestyre sak 90/12, 21.06.2012,
pkt 2:
«Strekninga frå Kolltveit til kryss på Bildøy vert bygd ut i samsvar med konsept J, alternativ J101.
Konseptet inneber/inkluderer at noverande veg frå Kolltveit over Bildøybakken med bru over
Bildøysundet og veg fram til området for nytt kryss på Bildøy vert framtidig sekundærveg på
strekninga. Der ny veg krysser Bildøymarka, skal det sikrast tenleg undergang for
landbruksinteressene i området. Gjennomgåande gang- og sykkelveg skal sikrast i planføresegnene
og gjennom det vidare reguleringsplanarbeidet. Gjennom reguleringsplanarbeidet må ein også sikra
at framtidig kryssløysing på Bildøy vert minst mogleg arealkrevjande, og at ein i dette arbeidet også
tek særleg omsyn til funksjonalitet for framtidig utbygging på nordre Bildøy. Konsept J101 inneber at
den nye vegen i utgangspunktet skal vere open for allmen trafikk. Om trafikkutviklinga over tid tilseier
særleg prioritering av kollektivtrafikken, vert dette å kome attende til som eiga sak for
kommunestyret»
36
Det endelege vedtaket samsvarer ikkje med det Kobbeltveit skriv, men vedtaket om konsept J,
alternativ J101, mellom Bildøy og Kolltveit er rett.
Dette vedtaket vart lagt til grunn for det vidare planarbeidet med reguleringsplanen for rv. 555. I
løpet av planprosessen har vegvesenet i samråd med Fjell kommune, HFK/Skyss og andre instansar
arbeidd vidare med optimalisering av vegløysing for veganlegget. Statens vegvesen meiner at
forslaget til reguleringsplan som no ligg føre, er vidareutvikla til ein totalt sett betre løysing.
Grunngjeving for val av løysing for strekninga Bildøy-Kolltveit er omtalt under punkt 2.3; merknader
frå knutepunktet Kolltveit AS, brev av 26.10.2014.
Når ein utarbeider ein reguleringsplan, vil det alltid på større prosjekter skje nokon endringar i høve
til det som er vedteke på overordna plan. Men hovudprinsippa ligg fast. For Sotrasambandet gjeld
det val av korridor og kor det skal være bruer og tunneler og kryss.
Årsak til at slike endringer skjer:
• Alle detaljar er ikkje godt nok utgreidd/kjent når kommunedelplan vart laga, og nye
føresetnader kjem til i neste planprosess.
• Over tid har det skjedd skjerpande krav i vegnormalen til utforming av veganlegg.
For Sotrasambandet kan ein nemne følgjande endringar i forslag til reguleringsplan forutan
endringane på Kolltveit:
• Straumetunnelen vert foreslått som ein 850m lang fjelltunnel i staden for eit 600m langt
betonglokk.
• Det vert foreslått ein eigen bussveg mellom Straume terminal og Arefjord og bussfelt vidare
langs dagens veg til kryss ved Valen.
Statens vegvesen legg stor vekt på at slike forslag til endringar går i opne prosesser. Løysinga som vist
på Kolltveit har vore drøfta med ulike instansar, og det er gitt tilslutning til denne endringa som
Kobbeltveit protesterar mot.
Dette er vegvesenets forslag til reguleringsplan. Kommunestyret er planmyndigheit og kan fatte det
vedtaket som dei meiner er riktig. Eit eventuelt vedtak av reguleringsplanen i samsvar med
vegvesenet sitt forlag, vil da overstyre eit vedtak på kommunedelplanen.
37