valprogram 2015-2019

KLEPP SENTERPARTI
PROGRAM
2015–2019
Ordførarkandidaten vår: Roar Lima Grødeland
å bu i klepp:
- Sikra at folketalet i Klepp er på eit
berekraftig nivå i samsvar med
kapasitet på dei kommunale
tenestane skule, helse m.m.
- Gje frivillige lag og organisasjonar
gode vilkår
- Auka antal elevplassar i kulturskulen
- Stimulera til gode bumiljø for eldre
- Nei til søndagsopne butikkar
- Unngå eigendomskatt
ung i klepp:
“ Æg æ goe nok - du æ goe nok!”
- Bevisstgjering på nettvett i sosiale
medier
- Utvida opningstidene ved helsestasjon
for ungdom
- Snakka meir om psykisk helse på
ungdomstrinnet og markera
“Verdensdagen for psykisk helse”
- Gjera det enklare å koma seg inn på
bustadmarknaden, til dømes ved å
iverksetja tiltaket “leige for å eige”
- Auka innsatsen for å få ungdom i
arbeid, f.eks. gjennom fleire
lærlingeplassar
KLEPP SENTERPARTI
skule og barnehage
Barna - vår framtid! Vi treng ein ny skule på Kleppe istaden for å byggja på dei
overfylte skulane Kleppe og Bore. Viktig å fylgja Opplæringslova som seier at maks
antal elevar ikkje bør overstiga 450. Større skular enn dette vert uoversiktlege og fører
ofte til meir mobbing. Kvar skule bør og sikrast spennande og store nok uteareal.
- Fleksibelt opptak av 1-åringar
i barnehagane
- Plan for sunne matvaner i alle
barnehager
- Abonnementsordning på mat i skulen:
- felles måltid gir nytt påfyll av
motivasjon, er god sosial trening
og reduserer mobbing.
- Tidleg hjelp til dei som strevar i
barnehage og skule reduserer behovet
for spesialundervisning
- Meir praktiske læringsmetodar i alle
fag gir motivasjon og djupare forståing
- Større foreldreengasjement gir betre
læringsmiljø.
- Tilbod om etter- og vidareutdanning til
lærarar i alle fag
- Vidareutvikla praksissamarbeid skule/
næringsliv
- Gratis språkopplæring til arbeidstakarar frå EØS-området. Dette vil
gje betre kulturforståing og gjera det
lettare med oppfølging av eigne barn i
skule og barnehage.
helse og velferd
Ta i bruk ny teknologi og metodar
som gjer omsorgen lettare, utan
å redusera den menneskelege
kontakten:
- Førebygging framfor reparasjon
- Sjef i eige liv lengst mogleg
- Nok ressursar og varme hender
når livet går mot slutten
- Utvikla kommunale velferdstenester,
inga privatisering
- Sikra utbygging av barneog avlastningsbustad
- Nok dagplassar for demente
1. Roar Lima
Grødeland
Grødeland
7. Ansgar Bilstad Solheim
2. Susanne
Horpestad
Horpestad
8. Anita Nese
Nese
Bore
3. Morten
Brekne Anda
Klepp stasjon
9. Sigmund
Wiig
Vik
4. Alf Eirik
Stangeland
Stangeland
10. Roger
Høyland
5. Morten Haugland Gudmestad
Kleppe
11. Grete Grude
Verdalen
Verdalen
14. Unni Johannesen Skadsem
15. Anne Elida
Hanssen
16. Sigmund
Bråtveit
17. Kjell Vårli
19. Sven
Orstad
20. Olav
Bjarte Nese
21. Anne Kari
Tveit Fossen
22. Salwa
Idris Yahye
23. Åge Erås
Orstad
Skas
Nese
Sele
Verdalen
25. Trond
Obrestad
Skas
26. Arild
Ånestad
Bore
Skas
12. Åslaug
Årsland Grude
Hauge
13. Leon Magne
Horpestad
Kleppe
6. Kjartan Trane
Skadsem
Kleppe
Verdalen
27. Årstein
Orstad
Orstad
Kleppe
Anda
18. Marianne
Øvregaard
Øvregård
24. Arild Børge
Skjæveland
Sele
KLEPP SENTERPARTI
næring
Mat og olje er to av dei største næringsvegane i regionen vår, og mange små
og store verksemder er knytt opp mot
desse. Det er særs viktig med langsiktig
forvaltning av jord og auka matproduksjon på Jæren for å sikra trygg og lokal
mat. Det tek naturen 100 år å laga 1cm
matjord. Eit dekar jord gir 1000 brød
kvart år i all framtid, samstundes som
det i 2014 var ein avgang på omlag 500
dekar matjord i Klepp.
Kommunen må spela på lag med lokal og
regional næringsverksemd i den grøne
omstillinga. Verksemdene på Jæren er
dyktige i å tilpassa seg nye kvardagar. Det
er viktig at kommunen er ein pådrivar for
ny teknologi og nye metoder. Nedgangen
som regionen opplever må snus til noko
positivt som kan gi fleire næringsbein å
stå på.
- Klepp har i dag ubrukt potensiale innan
turisme. Det må arbeidast med å få
reiselivsaktørar til å oppdaga det Klepp
har å tilby, t.d. flott natur, spennande matproduksjon og gammal historie. Eit døme
på ny verksemd er gardsturisme
kombinert med lokalmat og kultur.
Fortsatt kommunalt eigarskap i Klepp
Energi AS.
kommunikasjon:
- Alle hus i Klepp skal ha tilgang
til breiband
- Betra kollektivtilbodet:
Tog i tide og ventande buss
- Auke busstilbodet kveld
og helger
- Gjera det enklare å ta med
sykkel på tog
- Sikker sykkelparkering ved
kollektivknutepunkt
- Trygge skulevegar i heile
kommunen.
- Planlegge nye sykkelog gangvegar; først langs
heile Lalandsvegen
- Kommunale bilar på
fornybart drivstoff
- Forsøksordning med taxibuss
sentrumsutvikling i kleppekrossen:
Kleppekrossen må videreutviklast
som nærmiljø og kommunesenter. Vi
må tenkja heilskap og setja menneske
i sentrum. Det opne og estetisk vakre
grøntdraget rundt kyrkja må tas vare
på, og det bør lagast ei stor grøn lunge
i Kleppekrossen med ope vatn.
Med bakgrunn i folkeauke og sterk
fortetting av bumiljø treng vi stader der
folk kan møtast til felles opplevingar,
deltaking og engasjement. I arbeidet
med sentrumsplanen kan nye “Meieriet”
bli ein slik møteplass i Kleppekrossen;
eit fellesbygg som kan romma mange
ulike aktivitetar.
Bygget må ha rom for kor, korps,
kulturskule og andre lokale foreiningar
på ettermiddag- og kveldstid, samt til
kurs og seremoniar på dagtid og i helger.
Nye “Meieriet” må bli eit bygg med røter
i Klepp-historia.
Ilag med tilstøytande idrettspark kan
bygget og området rundt bli motoren i
skapinga av eit levande sentrum.
Kommunen må samarbeida med
næringsliv og kulturen for å skapa eit
spennande sentrum der ein knytt saman
handel og bumiljø.
KLEPP SENTERPARTI
JA TIL
NORSK MAT
GODE
NÆRMILJØ
IKKJE
TVANG
kommunesamarbeid
Klepp kommune er med snart 20.000
innbyggjarar stor nok til å løyse nye
oppgåver.
Gjennom interkommunalt samarbeid
har vi til nå klart å løysa oppgåver som
har vist seg å vera vanskelege å stå
åleine om, og det vil vi fortsetja med.
Vi må få til eit ennå meir langsiktig og
forpliktande regionalt samarbeid om
arealdisponering, slik at matjorda vert
sikra for komande generasjonar. Det
viktigaste er ikkje kor grensene går,
men at oppgåvene vert løyste på ein
god måte. Vi må sikre at innbyggjarane
opplever demokratisk nærleik til eigen
kommune ved at det er kort veg til dei
som bestemmer.
verdigrunnlag
Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Vi vil ha eit samfunn
med frie sjølvstendige menneske med tru på eigne evner, som tek
ansvar for eige liv, fellesskap, natur og miljø. Partiet sitt menneskesyn
spring ut frå det kristne verdigrunnlaget, og humanistiske verdiar i
tråd med dette. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og respekten
for menneskeverdet er overordna andre verdiar.
STØTT DEMOKRATIET
BRUK STEMMERETTEN
Sett kryss i ruta framfor dei kandidatane du vil
skal representera deg i kommunestyret
Les meir om Klepp Senterparti på
www.sp.no/klepp,
eller på facebookgruppa.
Vil du verta medlem?
send ein SMS til 2360.