Sund Arbeiderparti Kommuneprogram 2015 - 2019 Arbeiderpartiet sitt motto: OPEN NYSGJERRIG FRAMTIDSRETTA Etter stortingsvalet i 2013 har Arbeiderpartiet arbeidd med å forme ut ein ny politikk. Ein politikk som held fast på våre gode og godt forankra sosialdemokratiske verdiar; som like sjansar, rettferd, solidaritet og fellesskap. Men som samtidig er open og nysgjerrig på vegen mot eit lokalsamfunn i utvikling. Folkehelse er eit tema vi ønskjer å løfte fram og som skal prege vår politikk i åra som kjem. Folkehelsearbeid er å fremje helse og trivsel, og inkluderer - men er samtidig meir enn - å førebyggje sjukdom og skade. Det føreset innsats langt utover det tradisjonelle helsefeltet, ikkje minst innan barnehage, skule, idrett, fritid og kultur. Sund Arbeiderparti vil at folkehelsa skal gjennomsyre alt arbeid i kommunen. Barn og unge – barnehage og skule Barna våre er det mest dyrebare vi har. Vi veit at fleire vil klare seg betre om hjelpa kjem tidleg. Sund Arbeiderparti vil gje barn og unge si psykiske helse auka merksemd. Dette vil vi gjere gjennom god førebygging og ved å styrke tilbodet til dei som treng særleg hjelp. Arbeid mot mobbing er ein viktig del av dette arbeidet og må skje på alle arenaer der barn og unge oppheld seg. Gode barnehagar og gode skular er nokre av dei viktigaste oppgåvene kommunen har ansvaret for. Etterutdanning av tilsette i barnehage og skule må få høg prioritet. Vi ønskjer at Sund skal ha 3 barneskular som er moderne og framtidsretta. For å få gode skular, treng vi gode lærarar og skulane treng godt samarbeid med mellom anna næringslivet i kommunen. Vi meiner at Sund bør få ein leksefri skule med ein skuledag som er tilpassa barna sin kvardag. Kosthaldet i barnehage og skule må få meir merksemd. God læring føreset eit godt kosthald. Skulane må få elevkantiner med servering av varm mat. Dette vart også programfesta på Arbeiderpartiet sitt landsmøte 2015. Ungdomskontoret i Sund arbeider godt for å redusera talet på unge som droppar ut av skulen. Det er viktig at dette arbeidet vert sikra og utvikla vidare. Vi ønskjer at barna skal bli stolte av heimstaden og kulturen sin og at kystkulturen vert godt integrert i skular og barnehagar. Områda rundt skulane må bli trafikktrygge og all transport av barn må vera sikker. Sund Arbeiderparti vil: styrke helsestasjonen og jordmortenesta at kompetanseheving i barnehage og skule vert prioritert innføre to barnehageopptak i året sikre ungdomskontoret naudsynte ressursar ha elevkantiner med varm mat på alle skulane jobbe for full utbygging av gang- og sykkelstiar i kommunen 1 Helse og omsorg Kompetanse, kapasitet, likeverd og verdigheit må vera basisverdiar for ei god helseteneste. Førebyggande tiltak må setjast inn tidleg på alle nivå, også i eldreomsorga. Psykisk helse og rus krev særskilt merksemd. Vi vil styrka det lokale arbeidet innan desse fagfelta. Samhandlingsreforma føreset at kommunane satsar sterkare på førebygging og helsefremjande tiltak for alle. Vi treng eit meir aktivt samarbeid mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar, der kommunen har eit hovudansvar. Kommunale og interkommunale helsetenester må samordnast betre. Seniorsenteret må vidareutviklast slik at det kan skape glede og trivsel for seniorane. I Sund kommune får alle over 80 år tilbod om ein samtale med kvalifiserte fagperson minst ein gong i året. Tilbodet bør utvidast til å gjelde alle over 75 år. Musikkterapi er eit godt tiltak i omsorga for svekka eldre og demente. Musikkterapi må på plass på Sundheimen og på dagtilbodet. For å organisere dei ulike tilboda ønskjer vi å styrke frisklivssentralen som samarbeider med folkehelsekoordinator. Sund Arbeiderparti vil sjå positivt på eit samarbeid med private for å byggje eit eldrekollektiv sentralt i kommunen. Sund Arbeiderparti vil: at kommunen tar eit sterkare ansvar for samarbeid med frivillige styrke helsestasjon og jordmortenesta auke innsatsen for barn og unge si psykiske helse auke innsatsen for rusførebygging styrke ungdomskontoret styrke innsatsen for dei eldre i kommunen ha høg kvalitet på tenestene ved Sundheimen betre tilbod til utviklingshemma, demente og personar med alvorlege psykiske lidingar at dagtilbodet for heimebuande demente blir styrka frå 2 til 3 dagar i veka og at tilbodet blir trappa opp vidare at musikkterapi blir eit integrert tilbod til alle demente i kommunen 2 Kultur, idrett og friluftsliv Lokalkultur og fellesskap er viktig. Vi har eit variert og mangfaldig organisasjonsliv i Sund. Løyvinga på dette området er ikkje auka på mange år. Sund Arbeiderparti vil auke ressurskoplingsmidlane til 1 million i året. Vi vil også gå gjennom statuttane for tildeling av ressurskoplingsmidlar. Biblioteket vårt arbeider godt og har utvikla seg til ein viktig møteplass for mange. Biblioteket kan bli midtpunktet i senterutviklinga i Sund. Det er mange viktige kultursaker i Sund som Arbeiderpartiet vil halde fram med å støtte. Dette gjeld mellom anna ungdommens kulturmønstring. Det gjeld også Bygdeboka - som må fullførast i samsvar med tidlegare vedtak, Nordsjøfartmuseet - som fortel oss mykje om den lokale krigshistoria, Loyalsenteret - som er under planlegging i Forlandsvågen, Trelleviknaustet - som kan vere med å styrke lokal identitet, og minnefondet etter Johannes Kleppevik. Sund Arbeiderparti vil også løfta fram Periferifestivalen - som har sett Sund skikkeleg på kartet og som Sundsokningar kan vere stolte av. Sund Arbeiderparti støttar og stimulerer arbeidet som idrettslaga gjer og vil lytte nøye til innspel som kjem frå laga og idrettsrådet. Vi vil spesielt støtta tiltak som hjelper ungar til å læra seg å symje tidleg. Sund treng også ein ny symjehall. Sund Arbeiderparti vil arbeide for å få sett av plass i Skogsskiftet for frivillige arbeid. Her skal det kunne utviklast alternative aktivitetar for ung og gammal, som til dømes: Ungdomsklubb, kafé, bil- og båtverkstad, arbeidsstasjon, elektronikk- og dataklubb, og andre aktuelle aktivitetar. Kanskje skal vi kalle dette for «Tumleplassen»? Folkehelse og kultur heng saman og vi støttar tiltak med tursti/lysløype som til dømes «ord i spreke spor» frå modellen av Johannes Kleppevik sin gitar. Sund turlag gjer ein god jobb for å halda stiane i utmarka opne for allmenn ferdsel. Vi er samde i at Veten må få sin gapahuk. Gode gang- og sykkelstiar er viktige og burde dekke heile kommunen. Det er også viktig at dei vert godt vedlikehaldne, både sommar og vinterstid. Vi ønskjer at alle skal ha tilgang til sjøen. Det må etablerast marina og gjestehamn fleire plassar i kommunen. Sund Arbeiderparti vil: auke tilskotet til ressurskoplingsmidlar til 1 million kroner setje av plass i Skogsskiftet for frivillig arbeid - «Tumleplassen» legge til rette for vekst og gode vilkår for idrettslaga i kommunen jobbe for full utbygging av gang- og sykkelstiar i kommunen 3 Arbeidsliv Sund Arbeiderparti er for eit seriøst og organisert arbeidsliv. Vi vil arbeide for at når kommunen set arbeid ut på anbod skal det krevjast at dei som får jobben skal ha faste tilsette, betale norsk løn og vere godkjend opplæringsbedrift. Det skal og krevjast at underleverandørar er seriøse, og at det ikkje skal vere meir enn to ledd med underleverandørar. Vi vil òg støtte det arbeidet som myndigheitene har sett i gang, der Skatt- Politi- og Arbeidstilsynet samarbeider for å kome svart arbeid og sosial dumping til livs. Sund Arbeiderparti vil arbeide for faste heile stillingar og vi vil jobbe for å fjerne ufrivillig deltidsarbeid. Dette er særleg utfordrande innan helse og omsorg. Vi vil samarbeide med dei tilsette sine organisasjonar i dette arbeidet. Sund Arbeiderparti er i mot søndagsopne butikkar. Dette vil vere med på å gjere søndag til ein «normal arbeidsdag», noko vi er i mot. Sund Arbeiderparti vil: at dei som leverer varer og tenester skal vere godkjente opplæringsbedrifter at arbeid mot sosial dumping og svart arbeid vert skjerpa at kommunen skal ha faste heiltidsstillingar og at det vert kjempa mot ufrivillig deltid at kommunen ikkje opnar for søndagsopne butikkar Sund kommune – eit godt lokalsamfunn Sund Arbeiderparti ønskjer at Sund skal vere ein velstelt og ryddig kommune. God estetikk og velstelte uteområde langs vegane, i strandsona og ved alle kommunale bygg er med på å auke trivsel for innbyggarane. Og her kan alle vere med, kvar einskild av oss har eit ansvar. Godt fungerande opplegg for vatn og avlaup er viktig. Innbyggjarane må kunne knytte seg til det offentlege avlaupsanlegget og det må sikrast offentleg styring og kontroll over vassressursane i kommunen. Universell utforming er viktig for alle innbyggarar og gjeld både funksjonsfriske og menneske med ulike funksjonsvanskar. Sund Arbeiderparti vil sikre at all etablering i kommunen vert gjennomført med universell utforming som norm. Vi vil utvide eksisterande industriområde der dette er mogeleg og syta for at bustadområda vert skjerma for ny industri. Vi støttar arbeidet til Gode Sirklar, og som kystkommune må vi leggje til rette for både turisttrafikk og maritime næringar. Vi vil støtta arbeidet for nasjonal fiskerihamn i Porsvika og reguleringsplanen for Skaganeset må bli gjort ferdig. Vi vil arbeida for ny gjennomgåande veg - skjerma frå bustadområda - frå Kolltveit til Eidesjøen. Dette kravet må få høg prioritet i forhandlingane med Statens vegvesen og Fjell kommune. Vi treng også ny standardveg på Klokkarvik, Eide, Spildapollen, Telavåg og strekninga frå Berge til Forlandskrysset. 4 Vi treng fleire bussar frå Skogsskiftet og nokre av desse må bli direkteruter til Bergen. Det skal ikkje vera ventetid på skulebussane. Vi vil også arbeide for ringbuss i kommunen. Vi treng fleire parkeringsplassar ved bussterminalen i Skogsskiftet. Vi treng også plass til syklar, elektriske syklar og motorsyklar i dette området. Fram til fastlandssamband for øyane vert realisert, må ferjedrifta på sambandet Klokkarvik – Hjellestad bli stabilt og få fleire avgangar. Vi vil arbeide for full 4G mobildekning i heile kommunen. Eigedomsskatten er framleis naudsynt for å halde oppe tenestenivået i kommunen. Vårt mål er at eigedomsskatten ikkje skal aukast. Sund Arbeiderparti vil evaluera den kommunale organiseringa slik at innbyggarane kan kjenna seg trygge på at kommunen vel den beste styringsmodellen. Sund kommune er inne i ein prosess der vi samtalar med nabokommunane om kommunesamanslåing. Sommaren 2016 skal kommunestyret ta stilling til forhandlingsresultatet. I forhandlingane vil vi fremja dei vilkår som kommunen må setja for eventuelt å seia ja til endringar. Sund Arbeiderparti vil: arbeide for ny veg mellom Kolltveit og Eidesjøen arbeide for hyppige bussavgangar frå Skogsskiftet og fleire parkeringsplassar knytt til bussterminalen arbeide for betra ferjesamband på sambandet Klokkarvik – Hjellestad Klima Sund kommune må følgja opp den vedtekne klimaplanen som byggjer på prinsippet om berekraftig utvikling. Oppføring av nybygg så vel som rehabilitering av private og offentlege bygg må skje i samsvar med denne planen. Ved utskifting av bilar skal kommunen gå over til el-bilar eller hybridbilar. Utbygging av ladepunkt for el-bilar må halda fram. Det kan vere vanskeleg å sjå ein samanheng mellom dei globale klimautfordringane og lokale tiltak. Sund Arbeiderparti vil saman med innbyggarane arbeide for å finne fram til tiltak som kan gjere ein forskjell, og er oppteken av at vi alle må gjere vårt i dette viktige arbeidet. Framleis gjeld Gro sine ord, vi må tenkje globalt og handle lokalt! Sund Arbeiderparti vil: at kommunen går over til el-bilar eller hybridbilar at utbygging av ladepunkt for el-bilar må halda fram jobbe for full utbygging av gang- og sykkelstiar i kommunen 5
© Copyright 2024