pdf Ørsta kommune

ØRSTA KOMMUNE
politisk sekretariat
Plan- og miljø avdelinga for vidare ekspedering
Saksnr
2010/253
Løpenr.
686/2015
Saksansvarleg
SELBERVIK
Arkiv
00
Dato
21.01.2015
Melding om vedtak Ørsta formannskap 20.1.2015, sak 4/15
FRÅSEGN: REGIONAL FORVALTNINGSPLAN FOR MØRE OG ROMSDAL
VASSREGION
Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 20.01.2015
VEDTAK:
1. Ørsta kommune ser positivt på arbeidet med å sikre ein felles, bærekraftig bruk av
vassressursane på tvers av tradisjonelle sektormynde, og ønskjer å bidra til at måla i
vassforskrifta vert nådd.
2. Ørsta kommune vil peike på behovet for styrke dei økonomiske rammene frå statleg
hald for å sikre ei god oppfølging og gjennomføring av aktuelle tiltak innanfor dei
ulike sektorområda.
3. Utfordringane knytt til akvakulturnæringa med næringstilføring, lakselus og røming
må handterast i forvaltningsplanen på same måte som andre utfordringar.
4. Åmdalselva bør takast ut får lista over kandidatar til SMVF.
5. Svartevatnet bør også takast ut frå lista over kandidatar til SMVF med føresetnad om
konsesjonshandsaming av uttak av drikkevassforsyninga til Vartdal vassverk.
6. Ørsta kommune ber fylkeskommunen å prioritere å vidareføre eigne prosjektstillingar i
vassområde med tanke på komande planperiode.
Postadresse:
6153 ØRSTA
[email protected]
700 49 700
700 49 711
www.orsta.kommune.no
939461450 MVA
3992.07.30144
Handsaminga( 9 r.f.)
Magnar Selbervik, miljørådgjevar orienterte
Fellesframlegg endre punkt 6: Ørsta kommune ber fylkeskommunen å prioritere å
vidareføre eigne prosjektstillingar i vassområde med tanke på komande planperiode.
Ved alternativ røysting punkt 6
Fellesframlegg fekk 9 røyster og vedteke
Rådmannen si tilråding fekk 0 røyster og fall.
Rådmannen si tilråding punkt 1 – 5 vart samrøystes vedteke
Rett utskrift
Inger Johanne E. Løeng
Politisk sekretær
ØRSTA KOMMUNE
SAKSFRAMLEGG
Sakshandsamar:
Magnar Selbervik
Utvalsaksnr.
4/15
Utval
Ørsta formannskap
Arkivsak: 2010/253
Løpenr.: 13944/2014
Møtedato
20.01.2015
Saka gjeld: FRÅSEGN: REGIONAL FORVALTNINGSPLAN FOR MØRE OG ROMSDAL
VASSREGION
TILRÅDING TIL VEDTAK:
1. Ørsta kommune ser positivt på arbeidet med å sikre ein felles, bærekraftig bruk av
vassressursane på tvers av tradisjonelle sektormynde, og ønskjer å bidra til at måla i
vassforskrifta vert nådd.
2. Ørsta kommune vil peike på behovet for styrke dei økonomiske rammene frå statleg
hald for å sikre ei god oppfølging og gjennomføring av aktuelle tiltak innanfor dei
ulike sektorområda.
3. Utfordringane knytt til akvakulturnæringa med næringstilføring, lakselus og røming
må handterast i forvaltningsplanen på same måte som andre utfordringar.
4. Åmdalselva bør takast ut får lista over kandidatar til SMVF.
5. Svartevatnet bør også takast ut frå lista over kandidatar til SMVF med føresetnad om
konsesjonshandsaming av uttak av drikkevassforsyninga til Vartdal vassverk.
6. Fylkeskommunen bør prioritere å vidareføre eigne prosjektstillingar i vassområde med
tanke på komande planperiode.
Saksvedlegg:
 Høringsbrev, datert 01.07.2014
 Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion (2016-2021)
 Regionalt tiltaksprogram for Møre og Romsdal vassregion
 NINA 22.12.2014; Oppsummerer årets lakselusovervåking
 NVE og KLIF rapport 49/2013 liste over vassdrag som er mest aktuelle for
vilkårsrevisjonar
Uprenta saksvedlegg:
(kan lastes ned fra www.vannportalen.no/ ):
-
Planprogram for Vannregion Møre og Romsdal, godkjent av FT x. dato
Vesentlige vannforvaltningsspørsmål for Vannregion Møre og Romsdal, godkjent av
VRU xx. 2013
Tiltaksanalyse og miljømål Møre og Romsdal vassregion
Overvakingsprogram for Møre og Romsdal vassregion
Data får karakterisering, miljøtilstand og påverknadsfaktorar for vassførekomstane kan lastast
ned frå www.vann-nett.no
Saksopplysningar:
Kommunen har motteke høyring av framlegg til regional plan for vassforvaltning for Møre og
Romsdal vassregion 2016- 2021. Høyringsfristen var 31.12.2014. Administrasjonen si
tilråding er sendt over som førebels fråsegn og formannskapet sitt vedtek vil verte ettersendt.
Forvaltningsplanen skal etter høyringa handsamast i fylkesutvalet våren 2015 og deretter
leggjast fram for godkjenning av Kongen i statsråd innan 1. juli 2015.
Bakgrunn
Fylkesutvalget i Møre og Romsdal har vedteke å leggje regional forvaltningsplan for Møre og
Romsdal vassregion ut på høyring. Saman med forvaltningsplanen følgjer også eit
tiltaksprogram og eit overvakingsprogram. Forvaltningsplanen er ei oppfølging av EU sitt
vassrammedirektiv som vart implementert i Noreg i 2007 gjennom vassforskrifta. Forskrifta
slår fast at det skal utarbeidast og vedtakast regionale forvaltningsplanar og tiltaksprogram for
kvar vassregion, med sikte på å oppfylle miljømåla. Vidare skal det skaffast til veie eit
tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag. Alle vassførekomstar skal karakteriserast før ein startar på
undersøkingar og overvaking som grunnlag for tiltaksplanar. Vassforskrifta er heimla i både
forureiningslova, plan- og bygningslova og vassressurslova. Målet er å sikre god økologisk
og kjemisk tilstand i alt vatn.
Figur 1. Miljømålet for alt vatn er god tilstand.
Planen gir føringar til kommunane, regionale og statlige organ og skal bidra til å samordne og
gje retningsliner for vidare forvaltning og arealbruken på tvers av kommune- og
fylkesgrensene. Dersom retningslinene ikkje vert følgt opp, kan dette gje grunnlag for å
fremme motsegn etter plan- og bygningsloven.
Den regionale planen fastset normer for miljøkvalitet for elver, innsjø, grunnvatn og kystvatn
og legg føringar for om miljømåla skal nåast innan planperioden 2016-2021 eller utsetjast til
ei seinare planperiode (2022-2027 eller 2028-2033).
Figur 2. Planhjulet for gjennomføring etter vassforskrifta.
Ca 31 % av vassførekomstane (knapt 600) er vurdert til å ha risiko for ikkje å nå miljømåla
innan 2021. I figur 3 er risikovurderinga for Søre Sunnmøre synt. Kunnskapsgrunnlaget har
ikkje vore godt nok til å gjennomføre kost-nytte vurderingar for alle og difor legg ikkje
forvaltningsplanen og tiltaksprogram opp til tiltak i alle disse innan 2021. Vassregionen har
prioritert arbeid med vassførekomstar ein ser på som viktigast, og der ein har kunnskap.
Figur 3. Risikovurdering av vassførekomstar Søre Sunnmøre
Framlegget til forvaltningsplan er basert på midtvegshøyringa vesentlege
vassforvaltningsspørsmål som peika på følgjande hovudutfordringar innan vassregionen: akvakultur, - avløp, - flaumsikring og andre fysiske inngrep, - Gyrodactylus salaris og andre
framande artar, - avrenning frå landbruk, - miljøgifter, - vasskraft/vassuttak. Denne høyringa
vart også lagt fram for formannskap og samfunnsutval som tok høyringa til vitande.
Lokalt i kommunen er dei viktigaste årsakene til at vassførekomstar ikkje har god økologisk
tilstand inngrep i samband med kraftutbygging, kanalisering/flaumførebygging og avløp får
spreidde anlegg og avrenning frå landbruk. Fiskeoppdrett med næringstilføring, røming og
lakselus påverkar også mange vassførekomstar.
Søre Sunnmøre vassområde har priortert tiltak knytt:
- til miljøgifter i Fosnavågen og Lyngnesvika,
- Oppfølgjande undersøkingar i den Grøne Korridor
- Interkommunalt samarbeid om spreidd avløp
- Mørevassdraget
For å nå miljømåla er det utarbeidd eit tiltaksprogram med konkrete tiltak for å førebyggje,
forbetre eller gjenopprette ønskja tilstand. Tiltaka skal være operative innen tre år etter at
tiltaksprogrammet er vedteke og det er dei ulike sektormynda som er ansvarleg for
oppfølging/iverksetting innanfor sine ansvarsområde. Det er også utarbeidd eit overvakingsprogram, men dette vert ikkje lagt ved her då formatet er lite eigna.
Vel 300 vassførekomstar har fått status som kandidat til «Sterkt modifiserte vassførekomstar»
(SMVF) med i utgangspunktet miljømålet «godt økologisk potensial - GØP», tilpassa den
samfunnsnyttige bruken av vassførekomsten. Fleire av dei ligg i Ørsta kommune. Dette er
vassførekomstar der målet om god økologisk tilstand ikkje er mogleg å nå av omsyn til andre
viktige samfunnsinteresser, som kraftproduksjon (Harpedalselva og Smådalselva,
Myklebustelva, Risaskarelva, Trandalselva, Tyssaelva, Kårdalselva, Skipedalselva,
Lauvadalselva og Sætreelva) og flaumsikring (Årdalselva/Bjørdalselva, Follestaddalelva,
Liadalselva, Barstadvik, Vartdal, neste del av Ørstaelva) og vassuttak (Urkeelva).
Endeleg utpeikinga av SMVF og fastsetting av miljømål for disse er utsett til neste
planperiode då rettleiar kom for seint. I tabell 14 er det likevel lista opp nokre kandidatar som
har fått fastsett miljømål GØP. Blandt disse er Åmdalselva står også oppført i tabell 14 over
vassførekomstar som er vurdert som SMVF. Dette grunna vassføringsreguleringar i
tilføringselvane Bjørdalen og Kvanndalen. Neste del av Bjørdalselva er her omtala som
Årdalselva. Åmdalselva bør ikkje vere ein SMVF då Vatnevatnet vil ha stort nok
vassmagasin til å demme opp og utjamne dei endringane av vassføringa som følgje av
kraftverka.
Svartevatnet ovanfor Risaskarvatnet er også med i tabell 14 over SMVF utan at denne er ein
del av vassdragskonsesjonen. Vatnet har likevel vore tappa noko ned for å sikre drikkevatn til
Vartdal vassverk. Det vert arbeidd med ein ny søknad for å sikre tilstrekkeleg
drikkevassforsyning og Svartevatnet bør du kunne gå ut av lista over SMVF med
gjennomføring av tiltak innan 2021 og dermed mål om ”god økologisk tilstad”. Tapping frå
Storvatnet til produksjon av kunstsnø ved skisenteret på Bondalseidet er ikkje omtala og
burde vore avklara gjennom ei handsaming etter vassressurslova.
Hovudutfordringa i arbeidet har vore kunnskapsgrunnlaget og manglande ressursar til
arbeidet. Skal ambisjonane i vassforskrifta oppfyllast, må ressursbruken aukast. Der det
manglar konkrete målingar er miljøtilstanden basert på fagleg skjønnsmessige vurderingar.
Organisering:
Alt arbeid med oppfølging av vassforskrifta i Noreg er delt inn i vassregionar og mindre
vassområde. Ørsta kommune er med i vassregion Møre og Romsdal og vassområde Søre
Sunnmøre. Vassområdeutvalet, som består av ordførarane i dei 7 kommunane skal sikre
kommunane sin medverknad, forankring og kontinuitet i arbeidet mot god kjemisk og
økologisk vasskvalitet. Ordførar sit også i vassregionutvalet (sjå elles figur 3 i planen).
Meir informasjon om arbeidet etter vassforskrifta og arbeidet med å lage forvaltningsplan ligg
på nett under: www.vannportalen.no. Vassregion Møre og Romsdal har her ei eiga side.
Vurdering og konklusjon:
Framlegg til tiltak frå einskilde sektorar er mangelfullt. Særleg har Fdir i liten grad bidrege og
mest vore eit talsrøyr for oppdrettsnæringa med ønskje om å unngå nye tiltak knytt til
utfordringane med td lakselus og røming. Forvaltningsplanen får då ei skeivheit gjennom at
det er dei tiltaka som er utgreidd i tiltaksanalysen som vert prioritert for gjennomføring,
medan viktige område ikkje kjem med. Skal ein klare å få til ei heilskapleg vassforvaltning
der miljømåla vert nådd på ein mest mogleg samfunnsøkonomisk kostnadseffektiv måte må
ansvarlege innan alle sektorar bidra. Nedanfor vil eg trekkje fram nokre korte hovudmoment i
arbeidet. Ut over dette syner eg til vedlagte forvaltningsplan og tiltaksprogram.
Landbruk
Avrenning frå landbruk er vurdert som ein negativ påverkar på vasskvaliteten i blant
anna Storelva på Vartdal og Øvre del av Bondalselva. Dette ut frå eldre prøver.
Planen legg blant anna opp til ein ny gjennomgang av fristane i lokal forskrift om
spreiing av husdyrgjødsel. Disse tek i dag ikkje tilstrekkeleg omsyn til ulik lengde på
vekstsesong. Landbrukskontoret har vore trekt med i arbeidet med planen og har kome med
innspel. Dei vurderer det slik at: ”Planen beskriv både status og utfordringane som er knytt til
landbruket på ein god måte. Landbruksfagleg har ein ikkje merknad til planen slik den no ligg føre.”
Vasskraftreguleringar og vassuttak
Mange elvar i kommunen er utbygde for produksjon av vasskraft. Dei vassdraga
som er mest påverka er vurdert som kandidatar til sterkt modifiserte
vassførekomstar (SMVF). For nokre (SMVF) kan ein ikkje oppnå godt økologisk potensial
(GØP) utan å endre konsesjonsvilkåra. Dette der konsesjon ikkje inneheld standardvilkår, og
dermed ikkje heimel for pålegging av miljøundersøkingar og biotoptiltak.
NVE og KLIF har utarbeidd ei liste over vassdrag som er mest aktuelle for
vilkårsrevisjonar (rapport nr 49/2013). Både Tyssareguleringa og Ørstavassdraget
(Bjørdalen og Vatne) er open for vilkårsrevisjon, men er ikkje av dei som er prioritert
i rapporten (sjå vedlagt utsnitt av rapport 49/2013). Mørevassdraget (Austefjord) er
heller ikkje prioritert av NVE og KLIF, men vert no tilrådd prioritert gjennom
forvaltningsplanen. Kommunen eller lag- og organisasjonar kan krevje revidering av
konsesjonsvilkåra. I tillegg til krav til minstevassføring er også restriksjonar i høve
magasin og reguleringshøgde aktuelle tiltak. Overføringa av Skipedalselva til
Tyssavatnet utan krav til minstevassføring reduserer anadrom strekning i
Bjørkevassdraget og synes ikkje vere teke med i rapporten til NVE og KLIF. På
grunn av manglande dynamikk mellom med forvaltningsplanar for vatn og praksisen
med tidsavgrensa vilkårsrevisjonar for eldre vassdragsreguleringar er Noreg klaga
inn for ESA (EFTA sitt overvakingsorgan). Denne klagen ventar framleis på ei
avklaring og vil kunne bidra til større dynamikk i høve slike vilkårsrevisjonar i
framtidige planperiodar.
Flaumsikring
Fleire vassdrag i kommunen er førebygde og utretta for å vinne stabile
jordbruksområde td Storelva i Follestaddalen, nedre del av Bondalselva, Barstadvik
og Vartdal. For å betre forholda for gyting og oppvekst så langt som råd i slike
vassdrag er det naudsynt med biotopforbetrande tiltak. Det er utarbeidd plan og
gjennomført tiltak i Vartdalselva. I Follestaddalen er det også utarbeidd ein plan,
men denne har ikkje kome til gjennomføring og må utvidast til å omfatte
massetransport. Begge er med i tiltaksplanen. På fleire elvestrekningar har også
førebygging eller andre fysiske inngrep (td vegar) skapt oppgangshinder for fisk.
Strandsona
Utfylling i strandsona kan endre straumforhold og vassutskifting. Slike inngrep i dei
grunne mest produktive og artsrike område gjev også endringar i økosystemet og
arts samansetninga.
Vatn- og avløp
Ørsta kommune har etterkvart eit relativt godt utbygd offentleg avlaupsnett, men
reinseanlegget er gammalt og dårleg. Dette er prioritert i økonomiplanen. I høve
private mindre/spreidde anlegg er derimot både tilstand og kommunen si oppfølging
som forureiningsmynde mangelfull. Vassområde har difor prioritert dette temaet og
det vert arbeidd med etablering av eit felles interkommunalt organ for slike saker der
ein kan byggje opp kompetanse og prioritere arbeidet. Dette for å byggje opp og
samle kompetansen på fagområdet. Dette vil redusere påverknaden frå spreidde avløp til
mange vassførekomstar. Det vert lagt opp til å nytte heimelen i forureiningslova til å i all
hovudsak gebyrfinansiere dette. Det vert også arbeidd med felles lokale forskrifter.
Vi kjem attende med ei eiga sak som oppfølging av denne prioriteringa.
Overvatn vert ofte leia ureinsa og ukritisk til næraste resipient. Slikt overvatn frå
tettstadar og industriområde kan innehalde tungmetall og andre miljøgifter. Salting
av hovudvegane gjev ureining av nærliggande vassførekomstar.
Forureina sediment
I vassområde er det hamnene i Fosnavåg og Lyngnesvika som har vore prioritert.
Fjordområda utanfor fleire verft er undersøkt og det er funne høve konsentrasjonar
av miljøgifter. Nokre fjordområde som Borgundfjorden, Ellingsøyfjordne og
Sunndalsfjorden har også kosthaldsråd for fisk og sjømat. Fiskerihamna på Vartdal
er kategorisert som risko og bør følgjast opp med nærare undersøkingar.
Framande arter
Det er ikkje registrert førekomst av ørekyte eller gyrodactylus salaris i kommunen.
Elveeigarlaga drive førebyggande arbeid med informasjon og desinfisering av
fiskeutstyr. Det er derimot funnet pungreke i Rognestøylvatnet. Planen er vag i høve
korleis ein skal hindre at denne truleg utsette arten spreiar seg vidare. Det er
registrert Japansk sjølyng i Botnfjorden truleg spreidd med ballastvatn. Pga
terminalen i Ørstafjorden og fiskerihamna på Vartdal burde dette vore betre
undersøkt lokalt.
Akvakultur
Er av kommunen tidlegare peika på som ein viktig trussel mot god økologisk tilstand i fleire
vassførekomstar. Opne anlegg bidreg med store mengder næringssalt til fjordane. Særleg for
lokale bestandar av sjøaure er lakselus dokumentert å ha stor negativ effekt (seinast NINA
22.12.2014; Oppsummerer årets lakselusovervaking). Røming truar vidare laksen si
genetiske tilpassinga til kvart vassdrag. Miljø- og fiskeridirektoratet arbeider med utvikling
av målemetodar og grenseverdiar for vurdering av kva som er berekraftig miljøpåverknad på
villfisk. Dette arbeidet er ikkje klart og i karakteriseringa er påverknadsgraden frå lus og
røming førebels sett som uklar i dei vassførekomstane dette er ei kjend utfordring. Fdir har
likevel fremja usemje. Dette går fram av kapittel 1.8 og må avklarast av kongen i statsråd.
Anna
Forvaltningsplanen gjev eit greitt bilete på utfordringane, men både kunnskapsgrunnlaget,
miljømål og tiltaksplanen med kost/nytte vurderingane er mangelfulle. Det manglar nye tiltak
på viktige område som oppdrett. Dette har også verknad for både kommunane og andre si
vilje til å prioritere gjennomføring av ”sine tiltak”.
Gjennomføring av forvaltningsplanen vi ha klart positive effekt for miljøet og kommunen
sine innbyggjarar. Miljømåla er i all hovudsak standard ”god økologisk tilstand”, men for
fleire SMVF kandidatar er miljømåla utsette til neste planperiode. Dette då rettleiar for
SMVF kom for seint og fastsetting av miljømål må utsettast til neste planperiode
(2021-2027). 6 vassførekomstar rundt verdsarvfjorden i Geiranger har fått strengare
miljømål enn kravet etter vassforskrifta. Nokre vassførekomstar har fått utsett frist (jf tabell
15) td Botnavika og Haddalsvika i Herøy. Dette då samfunnsmessige kostnader med
naudsynte tiltak for å oppnå standard miljømål er vurdert å overstige nytten for samfunnet.
Økonomi
Så langt har Fylkeskommunen dekt kostnader til eigen sekretær i vassområda, som har
koordinert arbeidet med utarbeiding av tiltaksanalysar. Søre og Nordre Sunnmøre har delt ei
full prosjektstilling (fram til 31.12.2013) til dette arbeidet. Dette har vore naudsynt. I andre
delar av landet har kommunane sjølv måtte dekt slike utgifter Arbeidet er svært omfattande
og vedkjem mange ulike fagområde både internt og utanfor kommunen.
Kommunane har bidrege administrativt gjennom deltaking i karakterissering,
tilstandsvurdering og innspel til tiltaksanalyse og politisk handsaming. Frivillege lag og
organisasjonar har delteke gjennom opne møter. I tillegg til miljøvernrådgjevar som har
koordinert arbeidet lokalt har også landbruk og vatn/avløp vore trekt med. Etter at ordninga
med eigen prosjektleiar for vassområde opphøyrte frå årsskrift 2013/14 har ein mista ein
eksisterande samarbeidsarena. Dette er uheldig og om dette ikkje kan vidareførast må
kommunane ta sikte på å etablere ein felles prosjektleiar for vassområde som kan sikre
koordinering og framdrift i høve gjennomføring, overvaking og forarbeid med tanke på neste
planperiode.
Wenche Solheim
Arnstein Nupen
Rådmann
Leiar plan- og utviklingsstaben