ÅRSMELDING 2014

Sogn
Cykleklubb
ÅRSMELDING 2014
Årsmelding 2014 - Sogn CK
1 OPPSUMMERING AV SESONGEN 2014.
Sesongen 2014 har vore ein fin sesong for Sogn Cykleklubb.
Medlemmar:
Klubben har hatt noko nedgang i medlemsmassen, men fått auka aktivitet blant yngre syklistar og det
har vore brukbar oppslutning på treningar.
Trening:
Treningsesongen starta for dei fleste i midten av mars og det har vore same opplegg som tidlegare
år. Ungdomstrening måndagar (kun fram til juni månad pga mangel på trenar og dalande interesse
utover våren), intervall tysdag og torsdag, samt langtur laurdag (frå sogndal) og søndag (frå
leikanger).
Satsing på unge syklistar:
Klubben har i 2014 fortsatt satsinga på unge syklistar. Sedrik Engebø Ullebø, Thristan Engebø Ullebø
og Runar Sekse har fått økonomisk støtte frå klubben.
Alle dei unge syklistane har markert seg sterkt i sesongen som har vore.
Sedrik og Thristan fortset framgangen frå førre år. Dei er i toppen i sine aldersklassar i både nasjonale
og nordiske ritt!
Runar får støtte frå Sogn CK på fyrste året og har allereie gode resultat å vise til, blant anna 2. plass i
Øygardsrittet og Sturerittet.
Kan ogso nemne Eirik Kinserdal som viser lovande takter på trening, og kan vise til ein imponerande
2. plass på Trollstigrittet i sin aldersklasse i 2014.
Det blir spennande å fylgje alle dei unge syklistane det komande året, og klubben har ogso plass til
fleire som ynskjer å satse!
Turritt:
På turrittsida har klubben vore med på mange ritt. Klubben deltok som vanleg med ein større
kontigent på Bergen-Voss, og elles har klubbens medlemmar vore med på blant anna Nordfjordrittet,
Voss-Geilo og Skarverittet (terreng).
Arrangement:
I 2014 arrangerte Sogn CK det 24. Jotunheimen Rundt, det 17. Sognefjellrittet og det 3.
Sognefjordrittet. Ritta er krevjande å arrangere og ein har arbeida med å gjere organisasjonen meir
robust. Detaljert rapport frå ritta lenger nede i årsmeldinga.
Sesongavslutning:
Sesongen vart avslutta med fest på Galleri Krydder. Det var markering av gode resultat, gode trenarar
og ein tradisjonsrik Quiz.
Årsmelding 2014 - Sogn CK
2 STYRE OG STELL
Styret i Sogn CK har i 2014 bestått av:
Leiar: Cathrine Stigen Bøen
Nestleiar: Weronica Øvstetun
Kasserar: Reni Herland
Styremedlemmar: Knut Kjærvik og Erik Sannebro
Varamedlemmar: Bjørn Birger Bremer og Tor Erik Hamre
Revisor: Deloitte
Valkomite: Kjetil Melheim (leiar), Oddvar Husum, Kurt Jevnaker,Johannes Tubbene (vara).
Styret har i perioden hatt 7 styremøte. Styret har og fungert som styringsgruppe for JR.
2.1 MEDLEMMER
2014 hadde 116 betalande medlemmar i klubben, ein nedgang på 26 stk frå sesongen 2013.
Fordelinga mellom kjønn og alder er 27 damer og 89 menn. Mesteparten av medlemsmassen må
seiast å vere aktive medlemmar. På ungdomssida er me omlag 12 jenter og 20 gutar under 19 år.
2.2 SPORTSLEG UTVAL
Sportsleg utval har bestått av Geir Orrestad, Jon Stedje og Stig Vattekar.
Dei la fram forslag til sesongplan for 2014 basert på erfaringar frå tidlegare år, samt etter innspel frå
medlemmane.
2.3 SPONSORAR
Vår hovudsponsor er Sparebanken Vest. Andre Sponsorar er Hans Nes Bygg AS, Nortura og Statkraft
Dette saman med sponsorar som støttar oss i arrangementet Jotunheimen Rundt. Her kan nemnast
Meny, Lerum og Lægreid hotell.
2.4 ØKONOMI
Sogn CK har ein solid økonomi.
Me får inn eit godt bidrag til klubben gjennom Link Bingo.
Klubben får og inn ein lite skjerv frå grasrotandel.
Dette saman med sponsorinntekter og inntekter knytt til Jotunheimen Rundt gjer at klubben sit i ein
god økonomisk situasjon.
Årsmelding 2014 - Sogn CK
3 AKTIVITETAR
3.1 TURGRUPPA
Turgruppa hadde som vanleg laurdagstreningar med oppstart i mars månad. Oppmøte klokka 09:00
utanfor Statoil Sogndal. Inndeling i tre gruppar med faste kapteinar i kvar gruppe:
-
Gr 1 fart tilsvarande Bergen-Voss på under 4:30. Kapteinar: Geir Orrestad og Erik Stedje.
Gr 2 fart tilsvarande Bergen-Voss på ca 5 timar. Kapteinar: Stig Vattekar og Arne Frode Barsnes.
Gr 3 fart tilsvarande Bergen-Voss på meir enn 5 timar. Kapteinar: Jon Stedje og Magne Lund.
Målsettinga for dei fleste var ritta Bergen - Voss og Jotunheimen Rundt.
Som utgangspunkt for gjennomføring av desse treningsturane var den sportslege plan som sportsleg
utval hadde utarbeida. Det var sjølvsagt rom for endringar der ein såg det som teneleg. Det starta
som vanleg med turar utover mot/til Hella. Seinare meir retta mot mål som Fortun og Jostedalen.
I tillegg til dette var det og lagt opp til ei søndagsgruppe med utgangspunkt i dei som bur på
Leikanger og innover til Sogndal. Med start på Esso’en på Hermansverk kl. 09.00. Turen gjekk
vanlegvis via Sogndalsdalen med retur til Leikanger.
Det har vore trening tysdagar og torsdagar både på Leikanger og Sogndal. Øktene var lagt opp med
variasjon på intervall (flatt/bakke), tempo, fartsleik og rulletrening.
3.2 UNGDOMSTRENING
Klubben har i 2014 fortsatt med ungdomstrening ein gong i veka. Klubben vil rette ein stor takk til
Kristian Tjønneland frå Førde CK som har vore trenar. Sidan Kristian har flytta bort ifm. skulegang er
det usikkert om klubben kan halde fram med tilsvarande tilbod i 2015.
3.3 TRENINGSLEIR I «SYDEN»
Både kanariøyane og området rundt Alicante er populære reisemål. Ambisjonane, ønska reisemål og
tidspunkt er forskjellige, derfor har det ikkje lukkast klubben å få til ein felles tur.
3.4 SPINNING
Spinning på Idrettssenteret i Sogndal kom i gang på vinteren 2014/15. Klubben har hatt avtale med
idrettssenteret om eigen drop-in pris.
Årsmelding 2014 - Sogn CK
4 ARRANGEMENT
4.1 JOTUNHEIMEN RUNDT OG SOGNEFJELLSRITTET 2014
Årets Jotunheimen Rundt vart arrangert for 24.gong 4-5 juli 2014.
Gruppa for Jotunheimen Rundt var samansett slik:
Rittleiar Jotunheimen Rundt: Håkon Nesse
Rittleiar Sognefjellrittet: Håkon Nesse
Rittleiar Sognefjordrittet: Maria Kalstad
Marknadssjef: Jørgen Ulrik Berg
Tidtaking: Quicktiming
Løyvesjef: Håkon Nesse
Vaktsjef: Torodd Kvam
Matsjef: Bent Sjøthun
Sekretariat: Halvard Gjerde
Arrangement i målområdet: Anders W. Yri
Transportsjef: Magne Lund
Skiltsjef: Frode Vagstad
Marknadsføring:
Marknadsføringa til rittet 2014 var kun nettbasert, deriblant bannerannonse på birken.no og
styrkeproven.no. Det knytte seg litt spenning til om dette ville gjere utslag på påmeldinga. Ny
dynamisk nettside blei ferdigutvikla først i august, dvs. etter rittet der ein nyttar wordpress som
tidligare, noko som ein forventar skal gje positiv effekt i åra som kjem. Fokuset er meir bruk av bilete
og eit meir moderne uttrykk i konkurransen med andre ritt. Vi har nå slideshow på sida der vi sjølv
kan styre dette. Det er også integrert sosiale media på nettsida med Facebook, Strava, Twitter og
Webstagram-feed frå publikum. Me er og stolte av å ha truffet målgruppa ved å knytta opp
arrangementet som klubb i Strava, der mange frå før samanlikner treninga si med andre likesinna.
Dette skapar engasjement.
Årsmelding 2014 - Sogn CK
JOTUNHEIMEN RUNDT
Årets ritt samla til start 312 personar. Totalt var det påmeldt ca 335. Det var 2 ferre som starta enn
året før, noko me var nøgde med. Spesielt når me les om andre ritt med stor tilbakegang. Rittet vart
avvikla under litt varierande vêrtilhøve. Litt regn på Filefjell, skodde på toppen av Valdresflya og til
tider sterk vind på Sognefjellet. Stort sett turr vegbane.
I forkant av rittet hadde me fleire møte og planlegging. Fekk i februar melding om at Ottadalen CK
ikkje lenger klarde skaffe folk til matstasjonane på Randsverk og i Lom. Dette gjorde at me måtte
tenke alternativt. Løysinga vart foreldre til 9.klasse ved Leikanger ungdomsskule som skulle til Polen.
Rittleiar hadde møte med dei og tok i dagane før rittet turen til Lom og Randsverk for å gjere avtale
med kommunen, få nøklar og oversikt. Varmmaten vart laga på Leikanger og frosen ned før transport
til Lom. Dette vart, totalt sett, svært vellukka. Trur ikkje Lom har hatt så god mat nokon gong. Her eit
bilete frå Randsverk.
Sikkerheitstiltak/sykkelvest:
I år gjorde me eit val med fokus på sikkerheit. Det vart, i samarbeid med Via Scandinavia, utvikla ein
refleksvest med lommer. Denne vart så utdelt før start i Lærdal med anbefaling om å bruke for å
verte meir synlege.
- Nær 80% av dei som starta nytta
seg av vesten. Fekk og svært gode
tilbakemeldingar på den. Det må
me få lov å kalle suksess!
- Lærdal sykkelklubb var med og
hjelpte til med starten i Lærdal. Dei
stilte som før med vakter og
fylgjebil eit stykke.
- Tidtakinga fungerte, som i 2013,
meget godt. Dette har vore eit løft
for rittet og arrangementet.
Årsmelding 2014 - Sogn CK
SOGNEFJELLRITTET:
Starten på Sognefjellrittet gjekk som vanleg. Nytt i år var «Rask pulje» med start 12.45. Dette vart
godt motteke og vert noko me satsar vidare på. Slepp det store fartshysteriet ut frå Lom. Diverre var
nedgangen på Sognefjellrittet større. Totalt i overkant av 200 som starta. Nær 50 ferre enn i 2013.
Litt urovekkande, men håpar det er eit eingongstilfelle. Diverre skapte vinden som kom problem for
Sognefjellrittet og det vart ein del som braut. Nokre ryttarar bles regelrett av vegen. Heldigvis utan at
nokon vart alvorleg skadd.
Vaflene på Sognefjellet smakte utmerket som alltid. Eit mål for mange….!
Serviceapparatet fungerte godt og rittet gjekk utan store problem. Det var (som vanleg) ein velt
rundt Flåklypa området på Sognefjellrittet. Våre eigne ryttarar var og involvert her. Ein til legesjekk
med hjerneskaking og skrubbsår. Det gjekk heldigvis bra med alle. Einaste skade på Jotuheimen
Rundt, var eit kragebein etter velt på veg ned Valdresflya. Dette var sjølvforskylt og hendeleg uhell.
Styret i Sogn CK vart til slutt samla i ein bil opp Bøverdalen, hadde dei «hastemøte» under rittet?
I målområdet sytte Anders og Halvard for at ting var på stell. Speaker Ole Simen Nesdal sytte for at
dei som kom i mål vart godt mottekne. Det artige unntaket i år, var at to deltakarar valde å gifta seg
etter målgang. Andreas Bernhoft og Monica Storhaug.
Årsmelding 2014 - Sogn CK
Klubben gjorde litt stas på brudeparet i målområdet og dei hadde fått eit minne for livet sa dei.
Det kan og nevnast at Anders deltok på Norseman etter Jotunheimen Rundt. Han nytta då
sykkelvesten vår der. Det sette me stor pris på og god «reklame» for oss.
Me ynskjer dei begge velkommen att i 2015.
Oppsummering Jotunheimen Rundt og Sognefjellsrittet 2014
Takk til Lærdal kommune for lån av idrettshall og garderobar. Lærdal Ferie og Fritidspark stilte med
salsbod i Lærdal. Vegarbeidet frå Borlaug fram til Brusestølen var me spente på, men det gjekk heilt
fint og utan dramatikk. I 2015 er tunellen i drift og vegen opp frå Borlaug vil bli mykje tryggare.
Frå Lom og Sognefjellrittet stilte motorsyklistar frå Jotunheimen MC som følgje. Dette viser seg
spesielt viktig i avvikling av rittet oppover Bøverdalen med tanke på sikkerheit og tryggleik. Brukte i
år og «master» bil ut frå start, noko som var vellukka. Fekk fin flyt i feltet før det vart sluppe fri.
År etter år blir matstasjonane trekte fram på ein positiv måte, dei får mykje fortent skryt frå
syklistane. For Sogn CK er dette eit meget viktig element i vårt «produkt/merkevare» og blir brukt i
marknadsføringa vår. Norges vakraste og truleg beste turritt på kvalitet og opplevelsar. Det må me
halde på.
Flott er det samarbeidet me har med handballgruppa til SIL og Eli Tjørhom, samt fotballgruppa som
hjelpte til med sekretariatsarbeid. Den eine hovudsponsoren vår, Intersport Sogndal, stilte med eigen
stand også i 2014. Frå Sparebanken Vest lånte me i år Start og Målportal. Dette var vellukka, spesielt i
Lom som tok seg mykje betre ut med startportal i «porten».
Sogn CK vil og rette ein stor takk til dei som stiller opp som vakter, sjåførar, sekretariat osv. Eit
dugnadsarbeid som er eit viktig bidrag for at arrangementet skal gå.
Også ei takk til Sogndal kommune som let oss få bruke Trudvang skule, kommunehuset og parken
som målområde.
Takk for godt arbeid i 2015
Håkon Nesse
Rittleiar
Årsmelding 2014 - Sogn CK
4.2 SOGNEFJORDRITTET, ROALD KALSTADS MINNERITT 2014
Sognefjordrittet, Roald Kalstads minneritt, vart gjennomført for fyrste gong i 2012. Ideen bak tiltaket
var å minnast Roald Kalstad, som døydde av kreft i 2011. Kalstad var delaktig i etableringa av Sogn CK
og opprettinga av rittet Jotunheimen Rundt. Han gjennomførte også Jotunheimen Rundt sjølv kvart
år fram til han vart sjuk. Det var viktig, i Kalstads minne, å gjere Sognefjordrittet til eit lågterskeltilbod, utan klasseinndeling og tidtaking. Dette skulle være eit ritt som “alle” kunne gjennomføre.
Roald Kalstad var sjølv aldri særleg oppteken av konkurranseaspektet, men nytta syklinga til
rekreasjon, avkopling og som eit middel til god mental- og fysisk helse.
Årets utgåve av rittet (2014) gikk mykje likt som året før. Planleggingsperioden vart igjen prega av
begrensa tid og kapasitet for den då verande rittleiar Andrè Kalstad. Maria Kalstad Brun tok over som
rittleiar 1 månad før rittet. Det var lita tid til å gjere dei store grepa som skulle til for å ta rittet til eit
høgare nivå enn kva forrige ritt hadde vore. Dette viste seg og gjennom påmeldinga til rittet. Det var
42 førehandspåmeldte deltakarar av i overkant 60 deltakarar som gjennomførte rittet i år.
Underteikna syns såleis at gjennomføringa og resultatet var godt med tanke på kor liten tid ein hadde
å markedsføra rittet.
Sjølve gjennomføringa av rittet gikk og som planlagt. Intersport stilte med stand ved startområdet
der ein kunne ta siste fiks på syklane. Noko som fleire har nytta seg godt av. Underteikna og Anders
Fortun tok seg av registreringa ved start. John Oddvar Vinda hadde ansvar for matstasjonen på
Lambhaug og Brystkreftforeninga hadde lotteriet i målgang, samt utdeling av diplomar frå
kreftforeninga. Som i år som i fjor stilte bedrifter opp med sponsing av gevinstar og peng.
Sparebanken Vest og Luster Sparebank stilte opp med 5000kr kvar, Sogndal Fotball med signert Tskjorte, SGN Skis med div t-skjorter og Intersport med sykkelvest og anna div. treningstilbehør.
Til tross for lita kapasitet til å organisere rittet er underteikna fornøgd med gjennomføring og
resultatet.
Familien Kalstad har evaluert årets ritt og har vore inne i ein tankeprosess på kva ein skal gjera
framover. Familien syns det har vore godt å hedre Roald Kalstads minne på denne måten, men alt i
alt kjenner familien at det er tid for å levere stafettpinnen vidare. Viljen og ønske om å forsetje som
arrangør balanserer ikkje med påkjenninga familien har til å arrangere dette aleine. Familien Kalstad
ynskjer at rittet skal kunne hedra alle kreftråka familier og at det av den grunn har behov for ein
arrangør som kan inkludere fleire. Underteikna har stor tru på at med fleire engasjerte og med meir
prioritert tid til å planlegge arrangementet så vil rittet ha stort potensiale i framtida. Underteikna
stiller seg disponibel til samarbeid med nye arrangørar for å bidra til ein god overgang og til ei
betre organisering av rittet.
Underteikna vil takka alle som har bidrege og nemnt i avsnitta over. Og takke Sogn CK
og Jotunheimenrundt for god dialog og samarbeid i tida før og etter rittet.
Underteikna: Maria Kalstad Brun
Årsmelding 2014 - Sogn CK
4.3 SOGNDAL ENDURO
Sogndal Enduro vart 23.8.2014 arrangert for 3. gong, og ogso i år med Jan Helge Aalbu som ritteleiiar.
Rittet vart i år arrangert på Molden og hadde 3 fartsetappar med omlag 80% nedover og 20 %
bortover og oppover. Vinnar av rittet var den som hadde kortast samanlagttid på dei 3
fartsetappane. Rittet var del av ein Nasjonal Cup og det var over 100 deltakarar, rittet vart fort
fullteikna. Rittet fekk god merksemd nasjonalt. Det var ein krevjande dag, regn, sleipt og dårleg
utsikt. Likevel var det god stemning og gode tilbakemeldingar på både gjennomføringa og område.
Diverse lenker til nyheitsartiklar, bilete og video frå arrangementet:
http://www.friflyt.no/Sykkel/Gjoermebryting-paa-Molden
http://happymtb.org/2014/08/25/bratt-halt-sinnsykt-rapport-fran-sogndal-enduro/
http://happymtb.org/video/50603/
http://happymtb.org/video/50606/
http://happymtb.org/video/50610/
https://vimeo.com/104306293
Årsmelding 2014 - Sogn CK
5 RESULTAT AKTIVE SYKLISTAR I KLUBBEN
5.1 SEDRIK ENGEBØ ULLEBØ
Sedrik har nok eit godt sykkelår bak seg. Svært gode resultat gjennom heile sesongen og ein sterk
syklist me er stolte av å ha med oss i klubben.










Sotramila nr 1
Rådalen Rundt nr 1
Østfold 3 dagers tempo og gateritt nr 1
Østfold 3 dagers fellesstart nr 11
Asker Petix Prix nr 1 totalt
Nordjordrittet nr 1 i klassen, 2 totalt
Pizzorne Challenge nr 20
Roserittet tempo nr 9
UM sykling tempo og fellesstart nr 1
(utland) Tour de Himmelfart (5 ritt på 3 dagar i
Danmark) nr 2 totalt
5.2 THRISTAN ENGEBØ ULLEBØ
Thristan har i 2014 sesongen etablert seg heilt i toppen og har svært imponerande resultat å vise til:






Sotramila nr 5
Rådalen rundt nr 13
Østfold 3 dagers tempo, gateritt og
fellesstart nr 1 på alle og totalt
Asker Petix Prix nr 1 totalt
Roserittet nr 1
(utland) Tour de Himmelfart nr 4 totalt
5.3 RUNAR SEKSE
Runar har hatt ein god andre sesong på landevegen med følgjande sterke resultat:






Ungdomsbirken landeveg nr 18
Sund fellesstart nr 4 klasse
M15/16
Liatårnet opp nr 4 klasse M15/16
Tjeldstø tempo nr 10 klasse
M15/16
Sturerittet nr 2 klasse M15/16
Øygardsrittet nr 2 klasse M15/16
Årsmelding 2014 - Sogn CK
5.4 EIRIK KINSERDAL
Eirik har ikkje fått støtte frå klubben i 2014, men har fleire sterke resultat i året som har vore og vil få
støtte i 2015. Rittresultat:




Regionmesterskap Vest nr 3
Fana 3-dagers nr 3 totalt
Tour de Hallingdal #4 Hemsedal nr 9 klasse M17-19
Trollstigrittet nr 2 klasse Aktiv menn 15-16
5.5 VETERANPROFF ERIK SANNEBRO
Erik har ein ny bra sesong bak seg, med følgjande resultat:





Ålesundrittet og Ålesundtempoen nr 1 klasse M50-54
Nordhordaland Rundt nr 3 i klasse M50-54
Color Line Setesdal Tour nr 3 klasse M50-54
Nordfjordrittet nr 1 klasse M50-59
Vassfarrittet (mtb) nr 2 klasse M50-59
Årsmelding 2014 - Sogn CK