Vedlegg 14 - Delutgreiing - Helse i Hardangerbadet.

Helse i Hardangerbadet
Saksopplysningar:
I H-sak 26/14- søknad om kommunal deltaking i Hardangerbadet vart det mellom anna fatta vedtak
om at Kvam herad ville samarbeida om og arbeida for å utvikla helsedelen i senteret, jfr. punkt 5 i
vedtaket:
Kvam herad vil samarbeida om og jobba for å utvikla helsedelen i senteret, jamfør søknad frå HB
AS. Dette skal fortrinnsvis gi nye tilbod innan helsetenester i samarbeid med bl.a. Helse Bergen og
Helse Vest.
Arbeidsgruppa Helse i Hardangerbadet (Helse-i-HB) vart oppretta i juni 2014. Gruppa var samansett
av representantar frå Kvam herad (2), representant frå legane i Helsebanken (1), representant frå
Helse Bergen (1) og representant frå styret i Hardangerbadet (1). Representanten frå styret i HB Alfred
Halstensen var leiar i gruppa.
Det er utarbeidd eigen rapport frå arbeidsgruppa datert 15.12.2014.
I protokollen frå styremøtet i Hardangerbadet 5. juni 2014 står det:
HB, Kvam herad og Helse-Bergen skal i samarbeid arbeida for å få på plass eit godt helsekonsept i
HB, jfr. prosjektomtalen og HST-vedtak 19. mai 2014.
HB og Kvam herad skal arbeida for eit regionalt tilbod og eit interkommunalt samarbeid.
Deltakarane frå Kvam herad fekk i mandat frå rådmannen å delta i arbeidsgruppa, vera med på
idedugnad for å koma fram til tenester som kan leggjast i HB, samt finna løysingar for korleis dette
eventuelt kan skje i samarbeid/sameksistens med det kommunale tilbodet.
Rapporten beskriv kort mål og visjon for HB og status for prosjektet hausten 2014. I kapittelet
«Vurderingar av moglege helsetilbod i HB» oppsummerer rapporten ide`dugnaden omkring nye
helsetenester med regional funksjon som kan koma i tillegg til det Kvam herad har ansvar for med
fylgjande overskrifter:
 Spesialisering og auka kompetanse på muskel-ledd-skjelett og ernæring
 Friskliv- og meistringstilbod
 Spesialtilbod for barn og unge i Hardanger
 Psykolog
 Helse Vest RHF og rehabilitering
 Pasient og helseorganisasjonar
 Forsking og utvikling- Fou
 Samarbeid HB, Kvam herad og Helse Bergen
 Hardangerkommunane
 Areal for tenestene
 Rekruttering
Rapporten peikar på at fygjande avklaringar er nødvendige:
1. Trepartsavtale mellom Helse Bergen, Kvam herad og HB skal utformast i nær framtid
2. Legar og fysioterapeutar i Helsebanken må avklara ny aktivitet i HB med Kvam herad. Bør
avklarast i løpet av 2015
3. Spesialistheimelen i Helsebanken skal vurderast i 2017 og bør diskuterast med Helse Vest i
den samanheng.
4. NAV arbeidsliv i Hordaland viser stor interesse for HB og skal vurdera prosjektmedverknad
5. Det pågår avtaleformuleringar med fleire av samarbeidspartane. Endelege avtalar er avhengig
av den endelege arealdisponeringa.
Frå oppsummeringa i rapporten:
HB skal gje tverrfaglege helsefremjande tilbod retta mot fysisk helse og ernæring. 3 saltvassbasseng
skal fremja fysisk aktivitet og glede for mange, inkl. symjeopplæring og opplæring/terapi/trening i
varmtvassbasseng. Samarbeidet mellom HB, Kvam herad/andre kommunar og Helse Bergen innan
høgkompetente definerte helseområde må regulerast i eigen trepartavtale. Helsetenester som kan
vurderast etablert i HB i samarbeid med Kvam herad og Helse Bergen er:
1. Helsetenester som i dag er lokalisert i Helsebanken i Øystese
2. Nye helsetenester med regional funksjon, særleg spesialisering og auka kompetanse på
muskel-ledd-skjelett og ernæring
3. Andre nye helsetenester som kan gje stor synergi saman med infrastruktur og kompetanse i
HB
Anna samarbeid:
4. HB ynskjer FOU for å utvikla og dokumentera nytten av nye relevante metodar inkludert
samarbeidsformer/kompetansebygging. Samarbeid mellom Kvam herad, Helse Bergen,
Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen og Norges Forskningsråd om til dømes master og
doktorgrader.
5. Alle kommunane i Hardanger kan vera medeigarar og brukarar av deler av HB, både
badeanlegget og den helsefremjande spesialkompetansen som er planlagt her.
Helse og omsorgsplan 2015-30.
Ny Helse og omsorgsplan 2015-30 er til offentleg ettersyn og høyring med høyringsfrist 20. august
2015.
Helse og omsorgsplanen er saman med kommuneplanen det viktigaste dokumentet for helse og
omsorgstenestene si utvikling og styring fram mot 2030. Planen viser korleis helse og omsorg kan
realisera sine moglegheiter for å møta framtidige behov og skapa gode tenester i åra som kjem.
I Kvam er det forventa ein befolkningsvekst i planperioden. Planen tek opp i seg denne veksten og skal
styra utviklinga i ei berekraftig retning.
Helse og omsorg har vore i kontinuerleg vekst i fleire tiår. Med sikte på dei demografiske
utfordringane som ventar oss for fullt om 10-15 år, må me dreia og organisera tenestene slik at dei
støttar opp under og utløyser dei ressursane som ligg hos brukarane sjølve, familiane deira og sosiale
nettverk, i nærmiljøet og lokalsamfunnet, ideelle organisasjonar og i næringsliv. Dette er i tråd med
bodskapen i sentrale styringsdokument som Samhandlingsreformen, Morgendagens omsorg og
Fremtidens primærhelseteneste. Desse legg vekt på å utvikla helse og omsorgstenestene sitt samspel
med dei samla ressursane som finst i samfunnet.
Helse og omsorgstenesta i Kvam herad skal:
- skapa framtidsretta, fagleg forsvarlege og likeverdige tenester som sikrar befolkninga eit
profesjonelt, tilgjengeleg og effektivt tenestetilbod.
-
leggja til rette for at kvar enkelt kan ta ansvar for eiga helse gjennom fysisk aktivitet, sosialt
fellesskap og tilrettelegging av eigen livssituasjon (hovudmål i planen)
Planen innleier med å beskriva nasjonale og lokale føringar og hovudutfordringar for helse og
omsorgstenesta med fylgjande oppsummering av utfordringane for åra som kjem:
 Mobilisera ansvar for eiga helse
 Engasjera frivillig sektor som ressurs
 Involvera pårørande som ressurs
 Ta i bruk ny teknologi
 Tilpassa tenestene til den demografiske utviklinga
 Tilby kunnskapsbaserte tenester i tråd med endra sjukdomsbilete
 Rekruttera og behalda kvalifisert arbeidskraft
Strategiar i helse og omsorgsplanen vil difor m.a. vera å utvikla ein aktiv pårørande- og frivilligpolitikk
og utvida samarbeidet både med ideelle organisasjonar og næringsliv.
Planen har 16 temaområde med mål og strategiar for kvart temaområde der me kallar målsetjingane
våre for « slik vil me ha det» og strategiane våre for å nå måla « slik gjer me det».
Primæroppgåva for helse og omsorgstenesta i Kvam er lovpålagde oppgåver i tråd med lover og
forskrifter.
Primærhelsemeldinga peikar spesielt på at den «silobaserte» organiseringa av tenestene gjer at
pasientar og brukarar kan oppleva at tenestene er lite koordinerte og at det er lite flyt mellom
faggruppene. Meldinga peikar på at me treng meir heilskaplege tenester for heile menneske. Meir
teamorganisering, auka kompetanse og satsing på leiing er nøkkeltema i meldinga.
Dei nasjonale føringane understrekar eit saumlaust pasientforløp der pasienten får rett tilbod på rett
nivå til rett tid tilpassa pasienten. Dette stiller auka krav til samarbeid mellom kommune og
helseføretak, og det er etablert ein eigen samarbeidsstruktur og eigne samarbeidsavtalar mellom
kommunane og føretaket. Pasientar og brukarar med samansette behov må møtast av fleirfagleg og
tverrfagleg kompetanse. Samhandling innan dei kommunale helse og omsorgstenestene er ikkje nok.
Samhandling mellom ulike sektorar, både offentleg, privat og frivillig, er nødvendig for å betra
tenestene i kommunane.
Dei nasjonale føringane opnar også for interkommunalt samarbeid og kommunesamanslåing for å
heva kvaliteten på og styrka tenestene. I Hardanger og Voss er det etablert interkommunalt samarbeid
gjennom prosjekt i regi av Hardangerrådet.
Fleire av strategiane i helse og omsorgsplanen omhandlar tiltak og ulike samarbeidsformer som kan
vidareutviklast både internt, med helseføretak, andre kommunar, frivillige og private aktørar som t.d.
Hardangerbadet.
Vurdering:
Kvam heradstyre har vedteke å samarbeida om og jobba for å utvikla helsedelen i Hardangerbadet.
Dette skal fortrinnsvis gje nye tilbod innan helsetenester i samarbeid med bl.a. Helse Bergen og Helse
Vest. Arbeidsgruppa Helse i HB har omtala og vurdert det dei meiner er mogleg, godt og realiserbart
for helse- og omsorgstenestene og folkehelsa i Kvam og Hardanger. Gruppa har oppsummert
rapporten med at Hardangerbadet «skal gje helsefremjande tilbod mot fysisk helse og ernæring.»
Helse og omsorgsplanen omtalar og legg grunnlaget for kva tenester kommunen skal tilby
kvemmingane i åra som kjem, dette gjeld både reint kommunale tenester og samarbeid om tenester
med spesialisthelsetenesta.
Rådmannen ser behovet, både nasjonalt og lokalt, for auka innsats innan folkehelse, rehabilitering og
fysikalsk medisin, og potensialet som ligg i ei slik satsing i Hardangerbadet. I gjennomføringa av
prosjektet er utfordringa å tilpassa dette til dei kommunale tenestene og aktivitetane kommunen
allereie har etablert og planlagt.
Kvam lokalmedisinske senter er etablert som overbygning for fleire funksjonar som rehabilitering,
behandling, korttidsopphald, kommunal øyeblikkeleg hjelp døgntilbod, legevakt, hjelpemiddellager,
læring og mestring, friskliv, kompetansesentral, spesialistpoliklinikk og ambulansestasjon.
Helse – og omsorgsplanen legg opp til å ta vare på eksisterande helse – og omsorgstenester i
kommunen og arbeida for nye tilbod, både kommunale , interkommunale, nye
spesialisthelsetenestetilbod knytt til lokalmedisinsk senter og legekontor i Kvam og eventuelt andre
private tiltak. Det er viktig for rådmannen å presisera at det i kommunen i dag, i tråd med føringane
om meir fokus på tidleg innsats og førebyggjande arbeid, er ei spesiell satsing på
kvardagsrehabilitering, styrke og balansetrening og omsorgsteknologi i tillegg til kontinuerleg høg
aktivitet ved rehabiliterings – og behandlingsavdelinga.
Slik rådmannen ser det kan Hardangerbadet likevel vera ein arena for utviklingsprosjekt av ulike
samarbeidsmodellar innan fagområda med spesielt fokus på synergien med bassengdelen (spesielt
terapibassenget), fysikalsk medisin og treningssenteret som er marknadsført som hovudsatsinga for
helse i HB. Målgruppene i eventuelle prosjekt må koordinerast med kommunale aktivitetar og vera eit
supplement til og ikkje i konkurranse med desse.
Rådmannen har sett på kvart enkelt tiltak nemnt i rapporten frå arbeidsgruppa og relatert det til
planane elles for dei kommunale tilboda frå 2015 – 2030. I vurderinga av dei enkelte føreslegne tiltaka
legg rådmannen til grunn Helse og omsorgsplanen og Plan for fagleg og organisatorisk utvikling av
Lokalmedisinsk Senter på Toloheimen.
Helse og omsorgsplanen opnar for samhandling: «vidareutvikla samhandling internt, til dømes ved
oppretting av tverrfaglege team, vidareutvikla samhandling med andre i tråd med avtalar, særavtalar
og nettverk og vurdera interkommunale tiltak knytt til kompetanseheving, bustad og døgnomsorg»
Eit eventuelt samarbeid med Nakke- og Ryggpoliklinikken i Helse Bergen for å betra tilbodet til og
korta ventelister for pasientar med behov for slik behandling, er slik rådmannen ser det itråd med
planen.
Det er mangel på rehabiliteringsplassar på Vestlandet. Om fagmiljøet i Hardangerbadet saman med
Hardangerfjord hotell kan utvikla eit funksjonelt rehabilteringsopplegg slik at Helse Vest eller
forsikringsinstitusjonar finn det fagleg og økonomisk attraktivt å kjøpa og utvikla slike tenester i HB,
vurderer rådmannen fagleg sett positivt. Rådmannen kjenner til at Helse Vest har avtalar med fleire
rehabiliteringssenter i eigen region. Avtalane gjeld i 6 år med opsjon på ytterlegare 2 år. I tillegg har
Helse Vest avtalar med ulike rehabiliteringssenter på Austlandet. Tildelinga av rehabiliteringstilbod
skjer gjennom anbod.
Rådmannen ser at fagmiljøet i Hardangerbadet kan vera ein god samarbeidsarena for behandling og
trening for pasientar med muskel – ledd – og skjelettplager, samt hospitering, vidareutdanning og
spesialisering for kommunen sine tilsette, både fysioterapeutar og legar. Gode fagmiljø kan virka
rekrutterande og stabiliserande på fagpersonar som vil flytta til og/ eller bli verande i Kvam. Men, det
må understrekast at hovedtyngda av dette er spesialisttilbod som lyt finansierast av
spesialisthelsetenesta. Personellet må rekrutterast frå spesialisthelsetenesta. Både fysioterapeutar og
legar med avtale med Kvam herad skal arbeida innafor inngådde avtalar og driva kommunale tenester.
Både fysioterapeutar og legar med avtale med Kvam herad skal arbeida innafor inngådde avtalar og
driva kommunale tenester.
Nye avtalar med private spesialistar vert tildelte som personelege avtalar mellom spesialisten og Helse
Vest. Kommunen eller ein institusjon kan koma med ynskje om at det vert etablert spesialistheimlar i
lokalsamfunnet, men kan ikkje inngå spesialistavtalar. Rådmannen er kjend med at det i 2015 vert
gjennomført ei revurdering av samtlege private spesialistavtalar i Helse Vest, og at det også skal
vurderast om tal heimlar skal aukast. Rådmannen har vendt seg til Helse Vest med ynskje og tilråding
om at det i tillegg til faglege og økonomiske vurderingar for det regionale føretaket, også vert teke
brukaromsyn tufta på demografi og geografi ved desse revurderingane.
Til dette arbeidet har rådmannen meldt at Kvam herad ynskjer å behalda det spesialisttilbodet me har
idag, og i tillegg at det vert vurdert å lokalisera eventuelle nye eller deler av eksisterande eller nye
heimlar i Kvam ved den gjennomgangen som no skal vera av dei private spesialistheimlane. Fastlegane
har kome med prioriteringsliste som er sendt Helse Vest.
Spesialistar, fysioterapeutar og kiropraktorar utan tilskot, kan etablera seg kor dei vil. Privat etablering
kan ha både positiv og negativ marknadsinnverknad på kommunale tilbod, men prinsipielt har ikkje
rådmannen motførestillingar til privat etablering.
Eventuelle nye driftstilskot til legar og fysioterapeutar vil verta lyste ut i tråd med avtaleverket og
tildelast etter kva behov kommunen har, og kva kompetanse søkjarane måtte ha. Driftstilskot kan ikkje
forskotterast til legar og fysioterapeutar som har etablert seg utan avtale i kommunen.
Primærhelsemeldinga legg opp til ei avklaring av ansvarsområda og oppgåvene innan rehabilitering og
vil knyta eventuelt utvida kommunalt ansvar til kommunereforma.
Vidareutvikling av Kvam lokalmedisinske senter og rehabiliteringsavdelinga på Toloheimen saman
med fokus på kvardagsrehabilitering, er tenkt å vera hovudsatsinga innan rehabilitering i dei
kommunale tenestene i Kvam herad. Om dei økonomiske rammene og oppgåvefordelinga mellom
føretak og kommunar legg til rette for det, ser rådmannen potensialet i ei satsing i Hardangerbadet på
rehabilitering spesielt retta mot fysikalsk medisin og rehabilitering.
I regi av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger er det etablert eit eige prosjekt med oppgåve å sjå
på det samla rehabiliteringstilbodet i lokalsjukehusområda Voss og Odda. Prosjektgruppa rår
kommunane til å satsa på kvardagsrehabilitering, og når Helsedirektoratet har lagt fram ny rettleiar
for ansvars – og oppgåvefordelinga innan rehabiliteringsfeltet, vert det vurdert om det skal etablerast
interkommunale rehabiliteringstilbod i institusjon i Kvam, Odda og Voss. I utgangspunktet er ei slik
utviding i Kvam tenkt lokalisert til avdelinga på Toloheimen.
Rådmannen ser behovet for auka innsats innan rehabilitering. Så langt er oppgåvene som er tenkt
etablert i Hardangerbadet lagt under spesialisthelsetenesta eller er privat drivne. Hardangerbadet vera
ein arena for eit utviklingsprosjekt av ein samarbeidsmodell for rehabilitering med fokus på synergien
med bassengdelen (spesielt terapibassenget), fysikalsk medisin og treningssenteret (som er
hovudsatsinga for helse i HB). Målgruppene i eit slikt prosjekt må koordinerast og vera eit supplement
til den kommunale rehabiliteringa.
Nasjonale føringar, helse – og omsorgsplanen, plan for fagleg og organisatorisk utvikling av Kvam
lokalmedisinske senter og prosjektgruppa for Hardangerbadet har fokus på førebygging og peikar på
kor viktig kunnskap mellom anna om rett mat og etevanar er i førebyggjande arbeid. Kombinasjonen
rett kosthald med fysisk aktivitet er dokumentert viktig for folkehelsa.
Kvam herad har behov for kompetanse innan ernæring både praktisk og på system nivå. Dette er
omtala i plan for lokalmedisinsk senter. Rådmannen ser potensialet i eit samarbeid om
ernæringskompetanse mellom kommunen, nabokommunar, føretaket og Hardangerbadet.
Ernæringsproblematikk er sentral i alle aldersgrupper både med omsyn til førebygging og behandling.
Slik ser rådmannen potensiale til prosjektarbeid og prosjektfinansiering frå fleire innfallsvinklar i eit
eventuelt samarbeid med Hardangerbadet.
Nasjonale føringar, Helse – og omsorgsplanen, plan for fagleg og organisatorisk utvikling av Kvam
lokalmedisinske senter og prosjektgruppa for Hardangerbadet har fokus på etablering av frisklivs- og
mestringstilbod i kommunane. Kvam heradstyre har tidlegare avslått framlegg om dette.
Rådmannen er innstilt på å følgja opp frisklivs – og lærings – og mestringstilbod i tråd med helse – og
omsorgsplanen. Organiseringa av arbeidet kan gjerast som prosjekt og gjerne i samarbeid med andre
kommunar, Helseføretaka og private, men som ein del av Kvam lokalmedisinske senter. I så måte kan
Hardangerbadet vera ein aktuell samarbeidspartnar, men rådmannen er ikkje klar for å lokalisera
aktiviteten til ein bestemt stad. Spesielt frisklivstilbodet er låg-terskeltilbod som må etablerast fleire
stader i kommunen.
Energisenteret for barn og unge ved Haukeland Universitetssjukehus er under etablering.
Energisenteret skal gje tilbod til barn og unge med fysiske og psykiske helseproblem og bidra til å
opparbeide ny kunnskap om effekt av trening og fysisk aktivitet. Senteret vil innehalda areal for
diagnostikk, behandling, rehabilitering, habilitering, undervisning og forsking, og skal bidra til å
utdanna trenarar, lærarar, fysioterapeutar, helsesøstre og andre som har nytte av å læra meir om fysisk
aktivitet for barn og unge.
Målet er å få meir kunnskap om korleis ein kan lukkast med å integrera barn og unge med kroniske
sjukdommar og ekstraordinære behov, og dela denne kunnskapen med andre. Helse Bergen inviterer
til samarbeid med kommunale etatar, idrettslag og pasientorganisasjonar. Kvam herad har hatt eit
informasjonsmøte med Energisenteret og har signalisert interesse for eit samarbeid.
HB ynskjer også samarbeid med energisenteret ut frå at dei har «svært lik infrastruktur (basseng,
fysikalsk behandling og trening) som Energisenteret. Dette kan gje eit godt grunnlag for fagsamarbeid
og oppfølging av heilskapleg pasientforløp.» Eit eventuelt samarbeid lyt tuftast i tråd med
tenesteavtalane mellom føretaket og kommunen.
Arbeidet med å byggja opp Kvam familie og læringssenter (KFL) pågår. Hovedprinsippet er
samlokalisering av barnevern, PPT, helsestasjon, kommunepsykolog barn og unge og barnefysioterapi.
Lokalisering og utkast til rombehov er enno ikkje klarlagt og hovedtanken er å samlokalisera og å
etablera tenestene i eit eksisterande kommunalt bygg. Korleis helsestasjonstenestene skal utøvast i
KFL er heller ikkje enno avklart.
Låg-terskeltilbod med psykolog er i primærhelsemeldinga føreslått som eit obligatorisk tilbod i
kommunane. Kvam herad har alt etablert ein psykologstilling som har både kurative, førebyggjande og
systemoppgåver, med hovudfokus på rus og psykisk helse. Stillinga er etablert gjennom prosjektmidlar
frå staten. Rådmannen ser at det kan vera område der den kommunale psykologen kan samhandla
med psykologteneste knytt til funksjonane som er tenkt lagde til Hardangerbadet.
Kvam herad har etablert «Grannehjelpa» som drivkraft i frivillighetsarbeidet i kommunen. Utanom
Grannehjelpa er det mange frivillige organisasjonar og pasientorganisasjonar som om dei prioriterer
det kan dra nytte av lokale og fasilitetar i Hardangerbadet. Til dømes Norges revmatikar forbund,
pensjonistlag, o.a. kan ha nytte av å bruka fellesrom og eventuelt eit felles kontor.
Når det gjeld forsking og utvikling, er målet i Helse – og Omsorgsplanen at Kvam herad vil ha ei aktiv
rolle i forsking og utvikling og nytta kunnskapsbaserte og erfaringsbaserte tiltak, metodar og strategiar
i utviklinga og gjennomføringa av tenestene. Planen legg opp til å oppnå dette gjennom deltaking i
faglege nettverk, ved å setja av tid til fagleg oppdatering, leggja til rette for samarbeid med høgskular,
universitet og spesialisthelsetenesta og ta initiativ til og bidra aktivt i forskingsarbeid. Samarbeidet om
FOU, praksis og læretid er knytt til tenesteavtale nr. 7 med føretaket. Hardangerbadet har søkt Norsk
forskingsråd og fått godkjenning som eigen FOU institusjon. Rådmannen ser positivt på at Kvam
herad inngår samarbeid med Helse Bergen og Hardangerbadet om FoU.
Tilråding
Rådmannen ber Kvam heradsstyre om i samarbeid med Hardangerbadet å få arbeida
vidare etter intensjonane som er skissert i denne delutgreiinga