Kulturminneverdiar på Hardangervidda

NIKU OPPDRAGSRAPPORT 136/2015
KULTURMINNEVERDIAR PÅ
HARDANGERVIDDA
Grunnlag for utarbeiding av kulturminneplan for
Hardangervidda nasjonalpark og landskapsvernområda
Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell
Knut Fageraas, Anne-Cathrine Flyen og Siv Leden
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU)
Storgata 2, Postboks 736 Sentrum, 0105 Oslo
Telefon: 23 35 50 00
www.niku.no
Tittel
Kulturminneverdiar på Hardangervidda
Grunnlag for utarbeiding av kulturminneplan for Hardangervidda
nasjonalpark og landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og
Møsvatn Austfjell
Rapporttype/nummer
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Publiseringsdato
01.11.2015
Prosjektnummer
1020503
Oppdragstidspunkt
27.03-01.11.2015
Framsidebilete
Stølsmiljø, Hellehalsen ved Langavatn, Hardangervidda
nasjonalpark. Foto: K. Fageraas, NIKU 2015
Sider
Tilgjenge
48
Open
Forfattar(ar)
Knut Fageraas, Anne-Cathrine Flyen og Siv Leden
Avdeling
Samfunn og forvaltning
Prosjektleiar
Knut Fageraas
Prosjektmedarbeidar(ar)
Anne-Cathrine Flyen, Siv Leden, Anneli Nesbakken og Åse Dammann
Kvalitetssikrar
Sveinung Krokann Berg
Oppdragsgjevar(ar)
Hordaland fylkeskommune
Samandrag
Hardangervidda har ei omfattande og variert mengd kulturminne og kulturmiljø frå alle periodar av dei meir enn 8000 åra menneske har
brukt og hausta ressursar i dette høgfjellsområdet. Bevaring av desse kulturminna er ein del av verneformålet for nasjonalparken og
landskapsvernområda. Det å ta omsyn til brukarinteressene slik at det kan drivast landbruksverksemd, jakt, fiske og anna friluftsliv, som
det har vore gjort opp igjennom tida, er òg del av verneformålet. Det gjev samstundes utfordringar for forvaltinga i verneområda som må
finne balansen mellom vern og bruk. Denne rapporten gjev eit grunnlag for utarbeiding av kulturminneplan for kulturminne frå nyare tid
for Hardangervidda nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde og skal bidra til å leggje føringar for forvaltinga av kulturminna i
verneområda. Oppdraget har vore å utarbeide kategoriar av kulturminne, definere vilkår for verdisetting, lage ei overordna, fagleg
prioritert verneliste av verneobjekt og utarbeide retningsliner for vedlikehald, restaurering og tilbygg/påbygg av bygningar, samt
eventuelt nybygg. Vi har identifisert ti kategoriar kulturminne på Hardangervidda og utarbeidd ein modell for verdivurdering av
kulturminna. Det er mange kulturminne med høg verneverdi i verneområda. Vi har foreslått nokre av desse som vi har kunnskap om, til ei
konkret verneliste. Modellen for vernevurdering skal òg kunne brukast for å identifisera naudsynte tiltak og ressursbehov i forvaltinga.
Basert på dei rammene som forvaltingsplanen og andre styrande dokument gjev, har vi laga retningsliner for korleis kulturminna skal
takast vare på, utbetrast og eventuelt gjenreisast, samt korleis nybygg best kan realiserast med minst påverknad på eksisterande
kulturminne og landskap.
Emneord
Hardangervidda, nasjonalpark, Skaupsjøen/Hardangerjøkulen, Møsvatn Austfjell, landskapsvernområde, kulturminne frå nyare tid,
kulturminneplan, forvaltingsplan, ruinar, steinbu, turisthytte, støl, seter, fiskelæger, jaktbu, sleper, samiske kulturminne
Avdelingsleiar
Sveinung Krokann Berg
3
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Forord
Hardangervidda er den største nasjonalparken i fastlands-Noreg. Han vart oppretta i 1981 på
særskilte vilkår sidan så mykje som 52 % (1772 km2) av arealet er privat eigedom med omfattande
bruksinteresse. Verneføresegnene slår fast at bruken av vidda med tradisjonell utnytting av
ressursane skal kunne halde fram så sant han er tilpassa verneformålet. Dette har vist seg å vera ein
vanskeleg balansegang, og har gjeve utfordringar for både dei offentlege forvaltingsstyresmaktene og
for dei private grunneigarane. Utarbeiding av ein kulturminneplan skal bidra til å leggje føringar for
både vern og bruk av kulturminne på Hardangervidda.
Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) har fått i oppdrag av Hordaland fylkeskommune
å utarbeide ein rapport som grunnlag for ein plan for kulturminne frå nyare tid, basert på den
gjeldande forvaltingsplanen for Hardangervidda nasjonalpark og dei to tilgrensande landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell. Utkast til plan for før-reformatoriske
kulturminne er ferdigstilt av Hordaland fylkeskommune forut for arbeidet til NIKU. Denne planen
skulle vera til inspirasjon, men ikkje mal, for arbeidet med kulturminna frå nyare tid. Oppdraget til
NIKU omfatta å kategorisere, verdivurdere og gje retningsliner for forvalting av kulturminna frå nyare
tid i dei tre verneområda. Rapporten skulle leggje særleg vekt på bygningar og omfatte retningsliner
for vedlikehald, restaurering, tilbygg/påbygg og eventuelle nybygg, sidan det er dette det knyter seg
størst brukarinteresser til.
Ei utfordring i arbeidet har vore det veldige arealet som kulturminneplanen skal dekkje, og det store
talet og mangfaldet av kulturminne og kulturminnetypar som finst i verneområda. Oppdraget er
gjennomført ved ein gjennomgang av eksisterande kjelder, registreringar og tilgjengeleg informasjon
og litteratur om kulturminne frå nyare tid. I tillegg kjem den kunnskapen som medlemmane i
prosjektgruppa hos oppdragsgjevar, og andre ressurspersonar som er kontakta undervegs, har
bidrege med. For å få betre kjennskap til og forståing for nokre av kulturminnekategoriane i
verneområda, samt nokre av dei utfordringane som forvaltinga og eigarane har når det gjeld
kulturminna på Hardangervidda, vart det gjennomført ei synfaring over tre dagar til kulturminnelokalitetar inne på Hardangervidda. Det har ikkje vore mogleg å skrive denne rapporten med full
oversikt over kva som finst av kulturminne på Hardangervidda, eller kva tilstand dei er i. Ei rekkje
oppfølgjande tiltak er nemnde til slutt i rapporten for å betre grunnlaget for forvaltinga.
Prosjektgruppa i NIKU har vore leidd av etnolog Knut Fageraas. Medarbeidarar har vore sivilarkitekt
Anne Cathrine Flyen, sivilarkitekt Siv Leden, etnolog og jurist Åse Dammann og arkeolog Anneli
Nesbakken. I startfasen leidde landskapsforskar Gro Jerpåsen prosjektet for NIKU. Prosjektet er
finansiert av Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland og Buskerud fylkeskommunar og Riksantikvaren.
Arbeidet med kulturminneplan for verneområda på Hardangervidda er eit samarbeid mellom
fylkeskommunane i Hordaland, Buskerud og Telemark, samt Fylkesmannen i Hordaland på vegne av
Fylkesmennene i Buskerud og Telemark. Hordaland fylkeskommune ved fylkeskonservator Per
Morten Ekerhovd har prosjektansvaret hos oppdragsgjevar, medan prosjektleiar hos oppdragsgjevar
har vore Ole Vegard Skauge.
5
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Innhald
1
Innleiing ........................................................................................................................................... 7
2
Kulturminnekategoriar .................................................................................................................... 8
3
Verdivurdering av kulturminna ..................................................................................................... 14
3.1
4
5
6
Modell for verdivurdering ..................................................................................................... 16
Verdisetting av kulturminna .......................................................................................................... 19
4.1
Verneverdi knytt til kategoriane ........................................................................................... 19
4.2
Verneliste for kulturminne og kulturmiljø............................................................................. 21
Retningsliner for forvalting ........................................................................................................... 26
5.1
Lovverk og føresegner ........................................................................................................... 26
5.2
Overordna føringar ................................................................................................................ 26
5.3
Regional og lokal byggeskikk ................................................................................................. 26
5.4
Retningsliner for endring og bruk ......................................................................................... 27
Forvalting av kulturminne og kulturmiljø ...................................................................................... 28
6.1
Retningsliner for kvar kulturminnekategori .......................................................................... 29
7
Oppfølgjande tiltak ........................................................................................................................ 44
8
Litteratur og kjelder....................................................................................................................... 46
6
NIKU Oppdragsrapport 136/201
1 Innleiing
På bakgrunn av St. meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større
verneområder i Norge, vart det starta opp arbeid med nye verneføresegner for Hardangervidda
nasjonalpark og dei tilgrensande landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn
Austfjell. Dei vart vedteke i 1997. I medhald av desse nye verneføresegnene vart det laga ein
forvaltingsplan for verneområda. I planen, som vart gjort gjeldande frå 2003 og revidert i 2011, vart
det peikt på behov for fleire viktige oppfølgjande tiltak, mellom dei, utarbeiding av ein kulturminneplan. Kulturminneplanen skal byggje på den gjeldande forvaltingsplanen, men vil gje meir praktiske
og spesifiserte retningsliner for forvaltinga av kulturminna enn det forvaltingsplanen gjer.
Hardangervidda har ei omfattande og variert mengd kulturminne og kulturmiljø frå alle periodar av
dei meir enn 8000 åra menneske har brukt og hausta ressursar i dette høgfjellsområdet. Bevaring av
desse kulturminneverdiane er ein del av verneformåla både for nasjonalparken og dei to
landskapsvernområda. Samstundes går det fram av forvaltingsplanen for verneområda frå 2011 at
forvaltinga av kulturminne og kulturmiljø har vore lite prioritert (s. 29), og at det er eit generelt
inntrykk at utviklinga for kulturminnevernet har vore særs uheldig i verneområda (s. 32). I tillegg vert
det konstatert at det har vore høgt konfliktnivå mellom dei sentrale forvaltingsstyresmaktene og dei
lokale brukarinteressene om korleis forvaltinga av nasjonalparken skulle ivaretakast. Trass i eit lågare
konfliktnivå etter at forvaltingsplanen vart vedteke, er det framleis ei stor utfordring å finne den
rette balansen mellom vern og bruk i høve til verneformålet (s. 17). Dette gjer det naudsynt med ein
kulturminneplan, som skal vere ei rettleiing både for den offentlege forvaltinga, grunneigarane og
andre brukarar med omsyn til ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø.
Ein kulturminneplan for verneområda på Hardangervidda skal gjelde alle kulturminne, inkludert dei
som ikkje har anna formelt vern enn det som følgjer av at dei ligg innafor grensene for nasjonalparken og landskapsvernområda. I nasjonalparken skal det utøvast eit strengt vern. Verneforskrifta
seier at alle kulturminne i nasjonalparken skal vernast mot inngrep. I landskapsvernområda er det dei
kulturminna som set preg på landskapet, som er verna. Vurderingane i denne rapporten bør ha
konsekvensar for randområda, for å få ei harmoniserande forvalting innafor og utafor verneområda.
Som ramme for forvaltinga trengst ei kategorisering av kulturminna som kan bidra til oversikt og
systematikk.
Det finst inga fullstendig oversikt over kulturminna eller kulturmiljøa i dei tre verneområda, eller
tilstanden deira. Mange registreringar er gjort i Askeladden, Riksantikvarens offisielle database over
kulturminne i Noreg, gjennom ei rekkje registreringsprosjekt som er utførte frå 1960-åra og
framover, men dei er langt frå uttømmande for kva som finst av kulturminne i verneområda.
I utgangspunktet er berre kulturminne som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og
bygningslova, eller er kulturminnefagleg vurderte som verneverdige i annan samanheng registrerte i
databasen. Det finst mange andre kulturminne, som ikkje er registrerte i Askeladden, men som har
høg verneverdi. På den andre sida har ikkje alle kulturminne som er verna i medhald av
verneforskrifta for verneområda like høg verneverdi. NIKU har difor laga ein modell for
verdivurdering av alle kulturminna i verneområda. Denne kan gje grunnlag for prioritering av tiltak og
utarbeiding av retningsliner for vern og bruk. Modellen kan òg brukast for verdivurdering av
kulturminna i randområda.
7
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Det er eit mål for forvaltinga, og for utarbeiding av kulturminneplanen for Hardangervidda, å leggje
til rette for at høgfjellsområdet framleis skal vera ein ressurs for bygdesamfunna omkring og at
landbruk og annan tradisjonell bruk skal halde fram (jf. Forvaltingsplanen s. 4 og 37). I så måte er
føresegnene for Hardangervidda nasjonalpark meir liberale enn for dei andre nasjonalparkane.
Tradisjonane knytte til den historiske ressursbruken er immateriell kulturarv som har verdi i seg sjølv
og skal vidareførast, men utan at det det går utover verneverdiane til dei faste kulturminna. Desse
spesielle tilhøva gjer at forvaltinga og utforminga av retningsliner for vern og bruk av kulturminna på
Hardangervidda er utfordrande. Kulturminneplanen skal bidra til å finne den rette balansen mellom
verne- og bruksinteressene. Forvaltingsplanen seier at der det er konflikt mellom vern og bruk, skal
omsynet til verneinteressene gå føre brukarinteressene. Bruk er likevel naudsynt for at mange
kulturminne, ikkje minst bygningar, skal bli haldne ved like og tekne vare på for ettertida.
2 Kulturminnekategoriar
Kulturminnelova har ein brei definisjon av kulturminne, og reknar som kulturminne alle spor etter
menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet, inkludert lokalitetar det knyter seg historiske hendingar,
tru eller tradisjon til (kulturminnelova § 2). På Hardangervidda omfattar det alt frå arkeologiske funn
etter dei fyrste jegerane og fangstfolka til nyare innretningar, spor etter samisk verksemd, ruinar og
buer etter driftetrafikk, gjeting og setring, samt andre byggverk for husly, lagring, fritidsbruk, turisme
og busetnad – og vidare eit nett av sleper og anna infrastruktur, lokalitetar det knyter seg historiske
hendingar til og munnleg tradisjon som segn og namnebruk. Kulturminnelova definerer kulturmiljø
som område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng (ibid.). Dei fleste
kulturminna på Hardangervidda inngår i eit kulturmiljø i samanheng med andre kulturminne eller
landskapet ikring. Difor skil vi ikkje mellom kulturminne og kulturmiljø i kategoriseringa. I ei
verdivurdering av kulturminna spelar samanhengen dei har i eit kulturmiljø ei stor rolle.
Forvaltingsplanen nemner mange typar kulturminne på Hardangervidda. Desse dekkjer alle periodar
av historia, inklusive før-reformatoriske kulturminne (s. 30-31). Det er kulturminne knytte til fangst
og fiske som vitnar om ein meir enn 8000 år gamal tradisjon, og som omfattar både bu- og fangstplassar etter jegerkulturar frå eldre og nyare tid. Kulturminne knytte til ferdsel og eit nett av gamle
vegar og sleper finst over heile Hardangervidda. Det gjer òg kulturminne etter stølsdrift gjennom
fleire tusen år. Driftetrafikk, som kom i gang frå 1600-talet, har etterlate seg eigne kulturminne.
Fleire stader i verneområda finst kulturminne etter fast busetnad. Ein ueinsarta type er tekniske
kulturminne som omfattar alt frå spor etter førhistorisk jernutvinning til demningar og vegar frå
nyare tid. Forvaltingsplanen skil mellom kulturminne knytte til gamal – i stor grad før-reformatorisk –
ferdsel, og desse tekniske kulturminna. Til sist er det nemnt segn, tradisjonar og namnebruk knytte til
bestemte stader som er viktige kulturminne for å forstå historia til Hardangervidda.
På bakgrunn av formålet med kulturminneplanen – mellom anna med et særleg omsynet til vern og
bruk av bygningar, og ruinar av bygningar – trengst det delvis ei anna kategorisering for kulturminne
frå nyare tid. Kategoriseringa for nyare tids kulturminne er basert på følgjande fire parametrar:
•
•
•
•
Type kulturminne
Et særleg omsyn til bygningar
Verneverdi
Retningsliner for tiltak og bruk
8
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Utifrå desse parametrane har vi kome fram til ti kategoriar av kulturminne. Dei omfattar kulturminne
både i nasjonalparken og landskapsvernområda, og kan også omfatte kulturminne i randområda til
verneområda.
KATEGORI:
TYPE KULTURMINNE:
Ruinar av buer (stein eller tre)
Ruinar hovudsakleg etter gamle steinbuer knytte til jakt, fangst og
fiske, driftetrafikk og støling.
Ståande buer nytta i tradisjonell ressursbruk: jakt- og fiskebuer,
fiskelægre, felægre og stølsbuer. Steinbuer er typiske kulturminne
i denne kategorien.
Alle spor etter samisk verksemd. Dette omfattar samisk verksemd
knytt til tamreindrift, også frå dei seinaste åra opp til i dag.
Alle spor etter ferdsel. Det finst eit nett av gamle sleper, bruer,
klopper og vad som er viktige kulturminne i denne kategorien,
saman med vardar, trapper og andre anlegg i samband med
ferdsel.
Spor og innretningar etter jakt, fangst og fiske (ikkje
bygningar/ruinar av bygningar, som er eigne kategoriar). Dette er
kulturminne etter omfattande utnytting av ressursar i høgfjellet.
Store bygningar og bygningskompleks i bruk som turisthytter og
fjellstover.
Dette gjeld historiske hendingar, segn, tradisjonar og namnebruk
som er viktige for å forstå historia til Hardangervidda.
Små til middels store bygningar som til dømes hytter, naust, løer
og stølshus bygde i tre.
Mellom anna demningar, bygde strukturar og andre anlegg og
installasjonar som ikkje går inn i nokon av dei andre kategoriane.
Alle typar bygningar knytte til fast busetnad: bustader,
driftsbygningar, uthus og anna.
Ståande buer (stein eller tre)
Samiske kulturminne
Ferdselsårer og -spor
Innretningar for jakt, fangst og
fiske
Store bygningar/bygningskompleks for turisme
Landskapselement knytte til
munnleg tradisjon
Mindre bygningar for fritid og
næringsverksemd
Tekniske kulturminne
Bygningar for fast busetnad
Ruin felæger, Halnetunga på Hardangervidda. Foto: O.V. Skauge, 2015
9
NIKU Oppdragsrapport 136/201
1. Ruinar av buer (stein eller tre)
Ruinar av buer er karakteristiske kulturminne som finst spreidde i landskapet på Hardangervidda.
Dei fleste ruinane består av murar som står att etter gamle steinbuer, og som representerer den
særskilte byggetradisjonen på høgfjellet med ei mange hundreår gamal historie. Denne
kategorien kulturminne omfattar alle ruinar etter buer på Hardangervidda både av stein og tre,
uansett funksjon, så lenge dei har vore knytte til tradisjonell ressursbruk i jakt, fangst og fiske,
driftetrafikk eller støling. Dei kan i noko monn skiljast frå kvarandre utifrå plassering i landskapet,
korleis dei inngår i eit kulturmiljø av andre bygningar, eller i høve til naturtype som seier noko om
tidlegare funksjon, til dømes preg etter beiting. Buene har vore nytta som ly for menneske og
dyr, fangstlager, eller til ysting og avdrått på stølane.
2. Ståande buer (stein eller tre)
Denne kategorien kulturminne omfattar alle ståande steinbuer og buer av tre som har vore
brukte til jakt, fangst og fiske, stølsdrift, driftetrafikk og annan ferdsel. Han omfattar såleis både
jaktbuer, fiskelægre, felægre og stølsbuer. Kategorien omfattar buer som har forfalle, men som
framleis er bevarte i så stor grad at dei kan rekonstruerast. Det er ulik byggjetradisjon på ulike
delar av Hardangervidda, særleg er det skilnad mellom Vest- og Austvidda. I aust, der det var det
lettare tilgang til tømmer, var bygningar av tre vanlegare. Mange sel på stølane er bygde i tre,
særleg på Austvidda, medan skut og flor gjerne er i stein. Funksjonen desse bygningane har hatt,
er ei kjelde til kunnskap om og oppleving av kulturhistoria på Hardangervidda. Materialbruk og
utforming fortel konkret om ulike byggjetradisjonar. Bygningane har framleis verdi for bruk, for
jakt- og fiske og anna fritidsbruk. Som ruinane av buer skil dei seg ofte frå kvarandre ut i frå
plassering i landskapet og kva kulturmiljø dei inngår i. Dei ståande buene er som oftast tydeleg
del av eit kulturmiljø med andre byggverk, eller av naturtypar prega av beiting og menneskeleg
verksemd.
3. Samiske kulturminne
Det er eit ope spørsmål om det finst eldre spor etter samisk verksemd på Hardangervidda enn
det som er knytt til kjend tamreindrift. Kulturminne etter tamreindrift er det i alle høve ein del
av, men ikkje alle desse kulturminna kan reknast som samiske, sjølv om all tamreindrift kan seiast
å byggje på samisk kulturarv (jf. Bitustøyl 2013). Nokre namn viser at stader/objekt har eit klårt
samisk opphav, eller har vore i samisk bruk. Samisk verksemd på Hardangervidda i dag etterlet
seg òg spor som med tida kan bli viktige kulturminne.
4. Ferdselsårer og -spor
Ferdsel har sett mange spor på Hardangervidda, og ferdselshistorikken på vidda er mangearta og
går langt attende i tid. Det finst ei rekkje gamle sleper, anlegg og spor etter ferdsel og annan
trafikk i høgfjellet og ned mot bygdene. Dei fleste er frå nyare tid og omfattar varderuter,
traktorvegar og umerkte stigar, bruer, klopper og vad. Nokre stader er det bygt imponerande
vardar for gamle vinterruter over fjellet. Dei gamle slepene knytte til steinbuer for jakt, fangst og
fiske, felægre og stølar har høg relevans for kulturhistoria på Hardangervidda. Det same gjeld
stigar og anlegg som vitnar om friluftsliv i samband med turisme og lokalbefolkninga sin
fritidsbruk av området.
10
NIKU Oppdragsrapport 136/201
5. Innretningar for jakt, fangst og fiske
Spor og innretningar knytte til jakt, fangst og fiske ber vitnesbyrd om den omfattande utnyttinga
av viltressursar som har gått føre seg på Hardangervidda. Jakt, fangst og fiske i nyare tid kan
seiast å vidareføre den meir enn 8000 år lange historia om utnytting av ressursar i høgfjellet.
6. Store bygningar/bygningskompleks for turisme
Store bygningar og bygningskompleks i verneområda omfattar utelukkande fjellstover og
turisthytter. Dei inngår i eit nett av gamle sleper, stigar og løyper på kryss og tvers over heile
Hardangervidda, og ber vitnesbyrd om ein utbreidd fotturisme, som er langt større enn i dei
fleste andre verneområda i landet. Den eldste av desse overnattingsstadene vart opna i 1871,
men har ei eldre historie som støl. Andre vart bygd nye. Det finst 15 turisthytter innafor
nasjonalparken og landskapsvernområda (4 private, 11 betente og ubetente
turistforeiningshytter). Det finst 2 fjellstover i Skaupsjøen/Hardangerjøkulen
landskapsvernområde. Storleiken og standarden på hyttene er varierande. Nokre er store
bygningskompleks som har utvikla seg over tid.
7. Landskapselement knytte til munnleg tradisjon
Den munnlege tradisjonen er viktig for forståing av kulturhistoria til Hardangervidda. Mange
stader har stor symbolverdi gjennom historiske hendingar, segn, tradisjonar, namnebruk m.m.
Hendingar frå andre verdskrig er eit døme på munnleg tradisjon som er knytte til bestemte
stader og bygningar. Slike hendingar er ofte knytte til kulturminne som inngår i dei andre
kategoriane, slik som bygningar.
8. Mindre bygningar for fritid og næringsverksemd
Ein god del små og middels store bygningar knytte til fritid og næringsverksemd finst spreidde
omkring i verneområda på Hardangervidda. Mellom anna finst det nokre hyttefelt som vitnar om
auka fritid for befolkninga og utviklinga av hytteliv i høgfjellet. Det er totalt sett mange hytter,
naust, løer og andre bygningar i verneområda. På Austvidda, særleg i landskapsvernområda, er
det ein god del stølshus som inngår i denne kategorien. Dei er i storleik større enn buene på
høgfjellet. Dei fortel om stølsdrifta på Hardangervidda, men skil seg ikkje vesentleg frå stølshus
som finst i andre stølsområde i landet, og er difor ikkje særprega for byggjeforma og -skikken på
høgfjellet, slik som dei små buene. Restar og hustufter etter dei mindre bygningane i tre som
ikkje kan reknas som ruinar av buer, er del av denne kategorien.
9. Tekniske kulturminne
Denne kategorien kulturminne er vid. Han femner demningar, bygde strukturar og andre anlegg
og installasjonar som ikkje inngår i nokon av dei andre kategoriane. Nokre av dei tekniske anlegga
som reknast som kulturminne, vart bygde seint i det 20. århundre.
10. Bygningar for fast busetnad
Bygningar i denne kategorien ligg for det meste i bygdene innafor landskapsvernområda, men
det er òg fast busetnad innafor nasjonalparken. Kategorien omfattar alle typar bygningar knytte
til fast busetnad: bustader, driftsbygningar, uthus og andre bygningar.
11
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Kart 1 – Steinbuer og ruinar av steinbuer i nasjonalparken og landskapsvernområda. Uttrekk frå
Askeladden (freda kulturminne, samt SEFRAK-registrerte bygningar)
12
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Kart 2 – Utval typar av kulturminne, inkl. steinbuer og ruinar (ruinar av steinbuer). Uttrekk frå
Askeladden (freda kulturminne, samt SEFRAK-registrerte bygningar)
13
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Karta på side 12 og 13 er laga på bakgrunn av uttrekk frå databasen Askeladden og viser kvar ein finn
kulturminne og kulturmiljø i verneområda på Hardangervidda. Dei gjev eit bilete av den geografiske
utbreiinga av ulike kulturminnekategoriar 1, men omfanget av registreringane av både bygningar og
andre typar kulturminne i databasen er usikkert. Det same gjeld korleis kulturminna er kategoriserte.
Dette gjer det vanskeleg å ha ei klar formeining om kor representative uttrekka er når det gjeld
kulturminna i verneområda. Det er dessutan vanskeleg å avgrense uttrekka til dei kulturminnekategoriane vi har definert i denne rapporten. Databasen har vidare mange kulturminne som ikkje er
kartfesta og som ikkje er med på karta på dei førre sidene. Karta har likevel god informasjonsverdi på
eit overordna nivå når det gjeld å gje eit bilete av den geografiske utbreiinga av kulturminne og
kategoriar av kulturminne på Hardangervidda.
Kart 1 (s. 12) viser alle kartfesta Askeladden- og SEFRAK-registreringer av kategorien steinbu eller ruin
av steinbu i databasen. Formålet med kartet er å vise geografisk utbreiing av nokre av dei mest
karakteristiske kulturminna på Hardangervidda. Samanhalde med dei karta vi brukte på synfaringa
i nokre delar av verneområda, viser dette kartet på langt nær alle ruinar av steinbuer som finst, til
dømes rundt Halnefjorden. I Askeladden er dei ruinane av steinbuer som ikkje står på kartet på neste
side, sannsynlegvis registrerte berre som “ruin”. Alle ruinar som finst i verneområda er heller ikkje
registrerte i databasen.
Kart 2 (s. 13) viser geografisk plassering av eit større tal kulturminnekategoriar som er kartfesta i
Askeladden og SEFRAK. Dei fleste bygningstypar er tekne med. Ljos blå-grøne prikkar, som viser
kategorien ruin (bygningsrest) i Askeladden, er sannsynlegvis for det meste ruinar av steinbuer.
Saman med registreringar av “steinbu” i Askeladden, og SEFRAK-registreringane av “steinbu
ruin/revet” og “steinbu ståande”, gjev det eit bilete av det store talet og plasseringa av desse
kulturminna over det meste av verneområda.
3 Verdivurdering av kulturminna
Mange av kulturminna i verneområda har eit strengt formelt vern ved at dei er automatisk freda
etter kulturminnelova. Dette gjeld alle kulturminne frå før år 1537, alle ståande byggverk frå før år
1650, og alle samiske kulturminne som er eldre enn 100 år. Avklaring om eit kulturminne er
automatisk freda, er ein avgjerande føresetnad for fastsetting av verneverdi og retningsliner for
forvalting og bruk, og må liggje som eit premiss for kulturminneplanen. Det må òg avklarast om
nokre av bygningane knytte til fast busetnad er verna etter plan- og bygningslova. Alle kulturminne
innafor ein nasjonalpark er i prinsippet verna. I landskapsvernområde er det kulturminne som pregar
landskapet, eller på anna måte har betyding for landskapet, som har ei form for vern og skal takast
vare på (Miljødirektoratet og Riksantikvaren 2015).
Kulturminne blir tilskrivne verdi utifrå kva betyding dei har for oss menneske. Ein viktig verdi er kva
kunnskap kulturminna kan gje, ved at dei er kjelder til kunnskap om liva og verksemda til menneske i
fortida. Der det ikkje finst nokon skriftlege dokument eller munnleg tradisjon, kan kulturminna vera
1
Askeladden inneheld SEFRAK-registrerte bygningar. SEFRAK (Sekretariatet For Registrering Av faste
Kulturminne i Noreg) er eit landsdekkjande register over eldre bygningar og andre kulturminne. SEFRAKregistreringa vart gjennomført som feltarbeid i åra 1975-1995. I Finnmark vart ståande bygningar bygde før
1945 registrerte, medan det for resten av landet vart registrert bygningar bygde før 1900. I alt er det registrert
ca. 515.000 einingar i SEFRAK-registeret landet over.
14
NIKU Oppdragsrapport 136/201
dei einaste kjeldene til historia. Kulturminne har òg stor verdi ved å gje opplevingar. I tillegg kan dei
ha bruksverdi. Kunnskap, oppleving og bruk er ei tredeling kulturminnestyresmaktene ofte brukar for
verdisetting av kulturminne. Dette er mellom anna presisert i den nye rettleiaren frå
Miljødirektoratet og Riksantikvaren om Kulturminner i områder vernet etter naturmangfoldloven
(2015, s. 23). Der nemnast òg ei tredeling mellom lokal, regional og nasjonal verdi, som er ein annan
ofte brukt måte kulturminnestyresmaktene vurderer verdien til kulturminne (ibid.). I tillegg blir
tilstanden til kulturminna vurdert. Alle kulturminna på Hardangervidda har potensial for kunnskap,
opplevingar og bruk for mange menneske – lokalt, regionalt og nasjonalt. Potensialet er avhengig av
kulturminnas tilstand.
I nasjonalt perspektiv representerer mange av kulturminna på Hardangervidda viktige kategoriar.
Kulturminne i utmark er eit hovudtema Riksantikvaren har definert i den gjeldande fredingsstrategien sin fram mot 2020 (Riksantikvaren 2015). Dét er også kulturminne knytte til nasjonale
minoritetar, ferdsel og rekreasjon, fritid og folkehelse. Riksantikvaren har definert ti hovudtema for
kulturminne som er underrepresenterte på fredingslista, men som skal prioriterast framover for å
følgje opp stortingsmålet om at eit representativt utval kulturminne skal vera freda innan 2020.
Dei ti temaa er sett opp i prioritert rekkjefølgje: 1) forsvars- og krigshistorie, 2) nasjonale minoritetar,
3) kulturminne i utmark, 4) handel, 5) fellesskap og demokrati, 6) rekreasjon, fritid og folkehelse, 7)
ferdsel, 8) industri, 9) busetnad etter industrialiseringa og 10) etter-reformatoriske, arkeologiske
kulturminne. Mange av dei kulturminna som finst på Hardangervidda, høyrer til dei prioriterte
kategoriane i denne fredingsstrategien. Dette høgnar verneverdien deira.
Sandhaug turisthytte på Sentralvidda. Turisthyttene er eit karakteristisk innslag på Hardangervidda og har
verneverdi som kulturminne utifrå historia deira knytt til fotturismen i dette høgfjellet. Dei har òg verdi utifrå
verknaden i landskapet, som vitne om menneskeleg bruk av høgfjellet. Det er likevel andre kulturminne som
har høgare verneverdi som historiske dokument på Hardangervidda. Foto: K. Fageraas, NIKU 2015
15
NIKU Oppdragsrapport 136/201
3.1 Modell for verdivurdering
Modellen som ligg til grunn for vurdering av verneverdi for kulturminne på Hardangervidda i denne
rapporten, tek utgangspunkt i verneformålet for nasjonalparken der kulturhistoria er eit viktig
aspekt. Vidare byggjer den på dei gjengse måtane for vurdering av verneverdi for kulturminne,
og overordna føringar frå nasjonale styresmakter, inklusive vurdering av tilstand. For øvrig må det
avklarast om eit kulturminne er freda (automatisk freda eller freda ved enkeltvedtak), eller verna i
medhald av plan- og bygningslova. Følgjande steg har vore utgangspunkt for modellen for
verdivurdering av kulturminne på Hardangervidda:
1. Vurdere kor relevante kulturminne er for verneformålet for verneområda
Hovudmålet for vern av Hardangervidda som nasjonalpark er å ivareta eit særleg verdifullt
høgfjellsområde med natur- og kulturverdiar. Som nasjonalpark har verdiane Hardangervidda
representerer, nasjonal verdi. I dei to NOU’ane Om Hardangervidda som var skrivne forut for
etableringa av nasjonalparken, vert natur- og kulturverdiane til Hardangervidda omtalte som
eineståande både i nasjonal og internasjonal samanheng (NOU 1974: 30 A, NOU 1974: 30 B). I
innstillinga til Stortinget om etablering av nasjonalparken vert det slått fast at det er dei generelle
verneverdiane som må vera utgangspunkt for vurderingar av området (Innst. S. nr. 361 (1978-79).
Det er dei generelle, overordna kulturminneverdiane, framfor dei regionale og lokale, som etter
dette må prioriterast i kulturminneplanen.
2. Vurdere kor representative kulturminne er i høve til relevansen (jf. førre punkt)
Det er dei kulturminna som best representerer kontinuiteten i den meir enn 8000 år gamle historia
om utnytting av ressursar på Hardangervidda, som har høgast verneverdi. Det er desse som best
representerer det eineståande i den nasjonale og internasjonale samanhengen. Dette gjeld spora
etter jakt, fangst og fiske, ferdsel, driftetrafikk og støling. Det er utmarksbruk som er kjernen i
kulturhistoria til dette høgfjellsområdet. I prinsippet er det ingen verdiskilnad på kulturminne som
representerer denne utmarksbruken i nasjonalparken samanlikna med i landskapsvernområda, sjølv
om kulturminne innafor nasjonalparken har eit strengare vern. Uavhengig av område, vitnar
kulturminna om den same historia om utnytting av ressursar på Hardangervidda.
3. Vurdere kulturminna ut i frå øvrige kulturminneverdiar gjengs i kulturminneforvaltinga
I ei nærare identifisering av verneverdi må kulturminna vurderast utifrå kva kunnskap, oppleving og
bruk dei kan gje. Nokre døme på slike verdiar er følgjande kulepunkt (ikkje uttømmande):
Kunnskapsverdiar:
•
•
•
•
•
•
•
Alder
Opphavleg/
autentisk
Sjeldsynt/vanleg
Samanheng/
kulturmiljø
Arkitekturhistorisk
Historieforteljande
Kjeldeverdi
Opplevingsverdi:
Bruksverdi:
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Tidsdjupn/
kontinuitet
Samanheng/
heilskap
Estetisk verdi
Patina/atmosfære
Identitetsverdi
Arkitektonisk verdi
Historisk verdi
16
Praktisk nytte
Funksjonalitet
Brukspotensial
Kommersiell verdi/
verdiskapingsverdi
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Desse verdiane seier ikkje noko om prioritering mellom verneinteresser og brukarinteresser.
Bruksverdiar er ein del av verneverdiane til eit kulturminne. Det er ikkje alltid eit klårt skilje
mellom verdiar knytte til kunnskap, oppleving og bruk. Til dømes kan i prinsippet oppleving vera
eit bruksaspekt, og kunnskap eit opplevingsaspekt. Bruk kan òg vera del av opplevinga av eit
kulturminne, kanskje særleg når det gjeld ein bruk som vitnar om korleis den har vore i gamal tid.
Nokre av verdiane er meir eller mindre sjølvforklarande. Andre, særleg under kunnskap og
oppleving kan trengje ein nærare definisjon. Somme av desse står i eit forhold til kvarandre. Det
gjeld til dømes skilnaden mellom arkitekturhistorisk verdi og arkitektonisk verdi, der det fyrste
viser til den kunnskapen ein kan få frå eit kulturminne om arkitekturhistorie, og det andre er den
opplevinga av arkitektoniske kvalitetar kulturminna gjev. Det same gjeld historieforteljande verdi
og historisk verdi, der det fyrste viser til den kunnskapen ein kan få om historia frå eit
kulturminne, og det andre den opplevinga av den historiske dimensjonen det gjev.
Ei vurdering av kulturminna utifrå kunnskaps-, opplevings- og bruksverdiar kan gjerast med ei
vekting av verdikategoriane og innbyrdes mellom ulike verdiar innafor kvar kategori. Ser ein til
verneformålet og -forskrifta for nasjonalparken, må verdiar knytte til oppleving og bruk forståast
som like viktige som kunnskapsverdiar, sidan formidling av kulturhistoria og framleis ressursutnytting er sentralt. Derimot kan einskilde verdiar rangerast høgare enn andre, til dømes
kunnskapsverdiar som alder og representativitet, opplevingsverdiar som samanheng i heilskapleg
kulturmiljø, og bruksverdiar som praktisk nytte.
4. Vurdere kulturminne utifrå den tekniske tilstanden deira
Til sist må den tekniske tilstanden til kulturminna vurderast. Teknisk tilstand spelar inn på kva
verdi kulturminne har med omsyn til både kunnskap, oppleving og bruk. Kor omfattande
tilstandsvurderinga skal vera, avheng av kva ho skal nyttast til. For vurdering av verneverdi
trengst ikkje nødvendigvis anna vurdering enn om eit kulturminne er intakt, truga eller sterkt
truga. Dette er ei vurdering som ofte har vorte brukt når det gjeld bygningar (SEFRAK-registeret).
For utarbeiding av ein tiltaksplan for skjøtsel av ruinar, eller eventuelt vedlikehald, utbetring eller
restaurering av bygningar, trengst det derimot ei grundigare vurdering av teknisk tilstand,
sårbarheit og tålegrenser. Dét vil òg vera naudsynt for å berekna ressursbehov.
I tillegg må det avklarast om kulturminna er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og
bygningslova, eller i anna samanheng er kulturminnefagleg vurderte som verneverdige. Dei er
enklare å forhalda seg til som verneobjekt, enn den store mengda kulturminne som ikkje er det, men
som likevel har verneverdiar i medhald av verneformålet og -forskrifta for verneområda.
Vi rår til at utarbeiding av tiltaksplan blir basert på ei avklaring om fredings-/vernestatus og
prioritering utifrå relevansen, representativiteten og øvrige kulturminneverdiar ved kulturminnet,
jamfør pkt. 1-3, samt ressursbehov etter pkt. 4.
Ein modell for verdivurdering kan sjå ut som illustrasjonen på neste side:
17
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Basert på dei fire punkta i modellen for vernevurdering kan ein på overordna nivå rangera
kategoriane for kulturminne på Hardangervidda utifrå følgjande tredeling:
•
Høg verneverdi har eit kulturminne på Hardangervidda om det skårer høgt på relevans og
representativitet med omsyn til utmarksbruken i høgfjellsområdet. Svært høg relevans og
representativitet set kulturminna i fredingsklasse.
•
Middels verneverdi har eit kulturminne på Hardangervidda om det skårer høgt på relevans
og representativitet med omsyn til utmarksbruken i høgfjellsområdet, men ikkje er like
karakteristisk for Hardangervidda som dei kulturminna som er vurderte med høgast
verneverdi. Enkeltkulturminne kan uavhengig av denne verdisettinga ha status som
automatisk freda, vedtaksfreda eller verna etter plan- og bygningslova.
•
Låg verneverdi har eit kulturminne på Hardangervidda om det skårer middels til lågt på
relevans og representativitet med omsyn til utmarksbruken i høgfjellsområdet. Det tyder
ikkje at kulturminna ikkje er verneverdige. Etter verneforskrifta er alle kulturminna innafor
nasjonalparken verna. I landskapsvernområda skal alle kulturminne som pregar landskapet
takast vare på. Enkeltkulturminne kan vera automatisk freda, freda ved enkeltvedtak eller
verna etter plan- og bygningslova uavhengig av relevansen og representativiteten deira for
utmarksbruken på Hardangervidda.
For å kunne setje opp ei konkret verneliste av kulturminne og -miljø, må verneverdi i kvart einskild
tilfelle vurderast utifrå dei øvrige kulturminneverdiane knytte til kunnskap, oppleving og bruk.
18
NIKU Oppdragsrapport 136/201
4 Verdisetting av kulturminna
Mange kulturminne på Hardangervidda har høg verneverdi. Desse finst innafor dei fleste kategoriane
av kulturminne. Det gjeld sjølv om dei ikkje er automatisk freda etter kulturminnelova, eller verna i
medhald av plan- og bygningslova. Nokre av desse kan setjast opp på ei konkret verneliste. Utifrå
modellen for verdivurdering i kapittel 3 gjeld det særlig kategorien ruinar av buer og steinbuer.
Einskilde steinbuer, eller fleire steinbuer i eit kulturmiljø, kan ha særleg høg verneverdi. Samiske
kulturminne, som andre kulturminne, har høg verneverdi når dei vert omfatta av automatisk freding.
Det finst eksemplar på kulturminne innanfor kvar kategori som har høg verneverdi. Usikkerheit med
omsyn til datering av mange kulturminne i verneområda gjer det problematisk å fastsette verneverdi
og må avklarast gjennom oppfølgjande tiltak til kulturminneplanen.
4.1 Verneverdi knytt til kategoriane
Utifrå modellen for verdivurdering i kapittel 3 er dei ti kulturminnekategoriane vurderte og gjeve
verneverdi på generelt grunnlag utifrå svært høg, høg, middels og låg verneverdi. Verneverdien er
generell for den kategorien kulturminna høyrer til, men enkelte typar og enkeltobjekt innafor dei
einskilde kategoriane kan ha høgare eller lågare verneverdi enn den generelle for gruppa. Dersom eit
kulturminne er knytt til eit anna kulturminne i ein kategori over seg i tabellen, eller høyrer til eit
kulturmiljø med kulturminne med høgare verneverdi, vil det høgne verneverdien. Det motsette kan
òg vera tilfellet, for ikkje alle kulturminne innafor ein kategori har like høg verneverdi. Tabellen
nedanfor er overordna og berre retningsgjevande.
KATEGORI:
VERNEVERDI:
FREDA/VERNA:
Ruinar av buer (stein eller tre)
Svært høg
Må avklarast (eldre enn 1537)
Ståande buer (stein eller tre)
Svært høg; enkeltobjekt og
miljø av ruinar i fredingsklasse
Høg
Må avklarast (eldre enn 1650)
Høg for enkeltobjekt; elles
middels til låg
Middels; høg dersom knytt til
ruinar av buer eller ståande
buer av stein eller tre
Middels til låg
Må avklarast (eldre enn 1537)
Middels; enkeltelement høg
dersom knytt til gamle sleper
og ruinar av buer og ståande
buer av stein eller tre
Låg; enkeltobjekt høg til
middels
Låg; middels til høg dersom
knytt til gamle sleper; høg
dersom knytt til ruinar av buer
og ståande buer av stein/tre
Låg
Må avklarast (eldre enn 1537)
Samiske kulturminne
Ferdselsårer og -spor
Innretningar for jakt, fangst og
fiske
Store bygningar/ bygningskompleks for turisme
Landskapselement knytte til
munnleg tradisjon
Mindre bygningar for fritid og
næringsverksemd
Tekniske kulturminne
Bygningar for fast busetting
19
Må avklarast (eldre enn 100 år)
Må avklarast (eldre enn 1537)
Må avklarast (eldre enn 1650)
Må avklarast (eldre enn 1537)
Må avklarast om freda/verna i
medhald av kml eller pbl
NIKU Oppdragsrapport 136/201
1. Ruinar av buer
Som kulturminne har buene i stein eller tre høg relevans for å forstå historia til Hardangervidda.
Utifrå det store talet og utbreiinga av ruinar, kva dei fortel om den historiske ressursbruken og
preget dei set på landskapet i nasjonalparken så vel som i landskapsvernområda, har dei den
høgaste verneverdien av kulturminna frå nyare tid på Hardangervidda. Alle ruinar etter buer i
stein og tre, uansett tidlegare funksjon, har svært høg verneverdi. Aller høgast verdi har dei
eldste ruinane. Ruinar som stammer frå 1537 eller tidlegare er automatisk freda.
2. Ståande buer
Buene ber vitne om mange hundreår lang byggjetradisjon og ressursbruk på Hardangervidda som
har endra seg lite opp igjennom tida, og dei har difor svært høg verneverdi. Tidlegare funksjon
har ikkje noko å seie for verneverdien. Enkelte buer som i særleg grad har den opphavlege forma
og materiala i behald, er fredingsverdige. Buer eldre enn 1650, er automatisk freda. Alle dei
ståande buene, uansett om dei er endra i stor eller liten grad, representerer den tradisjonelle
byggjeforma og -skikken på Hardangervidda. Steinbuene står i ei særstilling, og representerer i
særleg grad byggjetradisjonane på høgfjellet.
3. Samiske kulturminne
Alle spor etter samisk verksemd eldre enn 100 år er automatisk freda etter kulturminnelova og
har dermed høgaste verneverdi. Yngre samiske kulturminne har òg høg verneverdi, og vil med
tida bli automatisk freda ettersom fredingsgrensa for dei samiske kulturminna er bevegeleg.
4. Ferdselsårer og -spor
Gamle sleper, anlegg og spor etter ferdsel ber vitnesbyrd om bruken av Hardangervidda i eldre
som nyare tid. Dei fleste av desse kulturminna har middels verneverdi. Nokre har høg verneverdi,
slik som spor etter ferdsel knytt til ruinar av buer, eller gamle ståande buer, som har vore brukte
til jakt, fangst og fiske, driftetrafikk og støling. Kulturminna knytte til fotturisme og anna
fritidsbruk frå den seinaste tida, eller traktorsleper, vegar og anlegg som er relativt nye, har låg
verneverdi.
5. Innretningar for jakt, fangst og fiske
Generelt har kulturminne etter verksemd knytt til jakt, fangst og fiske i nyare tid middels til låg
verneverdi, men om dei har tilknyting til buene, eller ruinar av buer av stein eller tre som vart
brukt til denne verksemda, har dei høg verneverdi. Alle før-reformatoriske innretningar knytte til
jakt, fangst og fiske er automatisk freda, og alderen må difor avklarast for å vurdere verneverdien
til enkeltobjekta.
6. Store bygningar/bygningskompleks for turisme
Desse kulturminna har middels verneverdi. Dei har kulturhistorisk verdi knytt til den funksjonen
dei har spelt og framleis spelar på Hardangervidda, og som arkitektoniske landskapselement i eit
vidstrakt villmarksprega høgfjellsområde.
7. Landskapselement knytte til munnleg tradisjon
Historiske hendingar og munnleg tradisjon er immateriell kulturarv. Som fysiske spor i landskapet
har landskapselement knytte til munnleg tradisjon, middels verneverdi generelt sett. Dei har høg
verneverdi dersom dei er knytte til gamle sleper eller ruinar av buer eller ståande buer av stein
eller tre. Mange minne frå andre verdskrig har middels verneverdi. Nokre landskapselement kan
vere automatisk freda i medhald av kulturminnelova.
20
NIKU Oppdragsrapport 136/201
8. Mindre bygningar for fritid og næringsverksemd
Bygningane i denne kategorien har generelt middels til låg verneverdi. Enkeltbygningar som er
knytte til tradisjonell ressursbruk, som støling, kan ha høg verneverdi. Nokre hytter og hyttefelt i
verneområda har vorte viktige kulturminne og har middels verneverdi som kulturminne i kraft av
å representere hyttebygging og hytteliv som spreidde seg i fjellet med meir fritid og betre
økonomi i etterkrigstida. Dei fleste hyttene har likevel låg verneverdi. Elles har bygningane i
denne kategorien for det meste låg verneverdi. Det må avklarast om nokre bygningar er eldre
enn 1650, og dermed automatisk freda.
9. Tekniske kulturminne
Innafor nasjonalparken er alle tekniske kulturminne verna som del av landskapet i medhald av
naturvernlova. Det gjeld òg tekniske kulturminne frå det 20. hundreåret. I landskapsvernområda
har dei ikkje same grad av vern. Generelt har tekniske kulturminne låg verneverdi utifrå relevans
for forståing av den historiske utmarksbruken, men middels til eventuell høg verneverdi om dei
er knytte til gamle sleper – og høg verneverdi om dei er knytte til ruinar av steinbuer og ståande
buer av stein eller tre. Det må avklarast om kulturminne er automatisk freda i medhald av
kulturminnelova, eller er listeførte som verneverdige, til dømes kulturminne knytte til
kraftproduksjon (jamfør prosjektet Kulturminner i norsk kraftproduksjon (KINK) – en evaluering
av bevaringsverdige kraftanlegg).
10. Bygningar for fast busetting
Bygningar for fast busetting har liten relevans for forståing av den historiske utmarksbruken som
har prega sjølve Hardangervidda. Dei har difor låg verneverdi som kulturminne i denne
samanhengen. Derimot kan slike bygningar i bygdene ha høg verneverdi i annan nasjonal,
regional og lokal samanheng, og på den bakgrunn vera verna i medhald av plan- og bygningslova.
Det må avklarast om kulturminna i denne kategorien er verna etter plan- og bygningslova, eller
kulturminnefagleg vurderte som verneverdige utan formelt vern. Dei kan og vere automatisk
freda (eldre enn 1650), og dette må avklarast.
4.2 Verneliste for kulturminne og kulturmiljø
Per i dag finst det for lite kunnskap om kulturminna på Hardangervidda samla og systematisert til å
setje opp ei relevant og representativ verneliste som dekkjer alle kategoriar kulturminne og
kulturmiljø. Utifrå den kjennskapen til kulturminne og kulturmiljø i verneområda på Hardangervidda
som er tilegnavi har tileigna oss som grunnlag for denne rapporten, er det likevel nokre klåre
kandidatar som utmerkjer seg for ei konkret verneliste. Ei nærare vurdering av desse og identifisering
av fleire kandidatar til vernelista, må gjerast som eit oppfølgjande tiltak basert på kartlegging,
dokumentasjon og tilstandsvurdering av dei mange kulturminna og kulturmiljøa. Forslag til
kulturminne og kulturmiljø til ei verneliste må mellom anna kome frå kommunane. Alle kulturminne
som er freda etter kulturminnelova eller verna etter plan- og bygningslova, bør setjast på vernelista.
Følgjande kulturminne og kulturmiljø kan utgjera ei førebels verneliste:
•
Alle ruinar av gamle steinbuer
Desse ruinane er så godt som freda utifrå kva som seiest i forvaltingsplanen. Denne kategorien
kulturminne er òg vurdert med høgast verneverdi utifrå modellen for vernevurdering i kapittel 3.
21
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Mange kan i tillegg vere automatisk freda etter kulturminnelova. Sjå til dømes ruin ved
Halnefjorden side 9.
•
Nokre særleg representative, ståande steinbuer (einskildståande og miljø av steinbuer)
Stølen Peisbotn i Ullensvang, som er eit av dei få intakte stølsmiljøa utan nyare bygg.
Riksantikvaren har foreslått denne stølen freda etter kulturminnelova. Den skårer svært høgt på
relevans, representativitet og mange øvrige kulturminneverdiar, samt at tilstanden er god. Det at
det er eit miljø av steinbuer gjer det særleg interessant som verneobjekt. Sjå bilete neste side.
Kvilestaden Heimste Hadlaskard i Ullensvang, som er eit miljø av gamle steinbuer i eit landskap
prega av beite. Riksantikvaren har foreslått denne staden freda etter kulturminnelova. Den
skårer svært høgt på relevans, representativitet og mange øvrige kulturminneverdiar, samt at
tilstanden er god. Det at det er eit miljø av steinbuer gjer det særleg interessant som
verneobjekt.
Stavalistølen i Stavalidalen i Ullensvang, som er eit miljø av stølsbuer i stein der det har vore
drive stølsdrift sidan mellomalderen. Han har verdi òg gjennom nærleiken til Stavali turisthytte
som han leverer stølsprodukt til. Den skårer svært høgt på relevans, representativitet og mange
øvrige kulturminneverdiar, samt at tilstanden er god. Det at det er eit miljø av steinbuer gjer det
særleg interessant som verneobjekt.
Holmsbu, Sandhaug i Eidsfjord. Fiskebu som ligg ute på ein holme og vitnar om gamal
fiskeaktivitet på Hardangervidda. Sjå bilete neste side. Den skårer svært høgt på relevans,
representativitet og mange øvrige kulturminneverdiar. Tilstanden er god, sjølv om nokre av
grepa for vedlikehald som er teke ikkje er anbefalt. Sjå bilete side 24.
Stølsmiljø ved Langavatn på Hellehalsen, Eidfjord, ei samling bygningar frå stølsdrift som ligg
særleg fint til i landskapet med ein turiststig som passerer mellom husa. Består av ei godt halde
steinbu, ei eldre og to nyare buar i tre. Dei ligg nær eit fint hyttemiljø som gjev signal om endring
i bruk av vidda frå støling til fritid. Sjå bilete på framsida av rapporten.
Hedlo i Veigdalen, Eidfjord, er danna av ei stor steinhelle og dekt til med plankeveggar. Vart brukt
som ly. Dette er eit særeige kulturminne som skil seg ut, samstundes som det skårar svært høgt
på relevans og representativitet. Sjå bilete side 24.
•
Ferdselsårer og -spor etter slike:
Store, Nordre og Søre Nordmannslepa, var dei viktigaste ferdselsårene over Hardangervidda og
er viktige kulturminne etter ferdselshistoria på høgfjellet, med høg relevans og representativitet.
I dag er dei ikkje lenger nytta i særleg grad og har grodd delvis att. Oppføring på ei verneliste, kan
gje slepene merksemd slik at dei vert prioriterte med tanke på skjøtsel og tilrettelegging for bruk.
Sjå bilete side 25.
Steinvardar frå Bergsmulen-Sysenvatnet. Den kortaste vintervegen mellom Hallingdal og
Hardanger var merkt med 40 to meter høge steinvardar med omkring 500 meter mellom kvar.
Vardane vart reiste i 1850 og er eit imponerande kulturminne etter tidlegare ferdsel. Dei skårer
høgt på relevans og representativitet, samt kulturminneverdiar som sjeldsynt, samanheng,
historieforteljande verdi, og ei rekkje opplevings- og bruksverdiar.
22
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Gamal steinbru over Breiåni vitnar om tidlegare tilrettelegging og byggetradisjon for ferdsel på
Hardangervidda. Ho skårer høgt på relevans og representativitet, samt på kulturminneverdiar
som alder, autentisitet og arkitekturhistorisk verdi, og på verdiar knytte til oppleving og bruk. Sjå
bilete side 25.
Måbøgaldane i Eidfjord, er ein del av den gamle ferdselsvegen mellom vest og aust over
Hardangervidda. Det er laga 1300 trappetrinn og vegen har 125 svingar frå Måbødalen opp til
fjellplatået på Hardangervidda. Dei skårer høgt på relevans og representativitet, samt på mange
andre kulturminneverdiar, særleg på opplevings- og bruksverdiar.
•
Andre bygningar
Fjellgarden Berunuten ved Møsvatn i Vinje, er eit døme på busetting i høgfjellet, men som no er
fråflytt og tener som ope hytte. Han vitnar om landbruksdrifta som har vore og fortsatt blir drive
i verneområda. Han skårer høgt på mange av kunnskaps-, opplevings- og bruksverdiane, og har
både relevans og representativitet som kulturminne om kulturhistorie på Hardangervidda.
Stølen Peisbotn, Ullensvang. Kjelde: Forvaltingsplanen for Hardangervidda frå 2011
23
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Holmsbu, Sandhaug i Eidsfjord. Foto: K. Fageraas, NIKU 2015
Hedlo, Eidfjord. Foto: O. V. Skauge, 2015
24
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Søre Nordmannslepa. Foto: O. V. Skauge, 2015
Gamal bru over Breiåni. Kjelde: Forvaltingsplanen for Hardangervidda 2011
25
NIKU Oppdragsrapport 136/201
5 Retningsliner for forvalting
5.1 Lovverk og føresegner
Alle tiltak på eksisterande bygningsstrukturar og eventuelle nybygg må følgje gjeldande lovverk og
dessutan særskilte planar for Hardangervidda nasjonalpark. Aktuelle lovverk, føresegner og planar er
• Naturmangfaldlova
• Kulturminnelova
• Plan- og bygningslova
• Forskrift om vern av Hardangervidda nasjonalpark – Odda, Ullensvang og Eidfjord kommunar,
Hordaland, Vinje og Tinn kommunar, Telemark, Hol, Nore og Uvdal kommunar, Buskerud
• Forvaltingsplan for Hardangervidda nasjonalpark, Skaupsjøen/Hardangerjøkulen
landskapsområde og Møsvatn Austfjell landskapsområde.
I tillegg er det utvikla fleire rettleiarar og handbøker. For kulturminnefeltet er dei viktigaste:
• Veileder Kulturminne i områder vernet etter naturmangfoldloven (2015)
• Veileder Rundskriv om forvaltning av verneforskrifter (2004)
• Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (1983)
5.2 Overordna føringar
Etter aktuelle lovverk og føresegner kan vi trekkje ut følgjande overordna moment som
retningsgjevande for tiltak på og i bygningar og eventuelle nybygg:
• I nasjonalparken skal i utgangspunktet alle verneverdige kulturminne takast vare på.
• I verneområda skal kulturminne som pregar landskapet på ein eller annan måte bevarast.
• Byggjeaktivitet skal haldast på eit lågt nivå i alle tre verneområde. Det kan berre gjevast løyve
til å dekkje grunnleggjande behov for godkjent bruk. Eksisterande bygningsmasse er i
utgangspunktet tilstrekkeleg.
• Grunneigarar og andre rettshavarar har eigedomsrett og bruksrett, og kan nytte rettane i
samsvar med verneføremålet.
• Tiltak skal følgje lokale byggetradisjonar.
5.3 Regional og lokal byggeskikk
Det eksisterer lite litteratur om byggetradisjonar på Hardangervidda. Ein av dei få artiklane som finst
omhandlar byggeskikken med steinbuer i høgfjellet (Brekke 1978). Frå gamalt av var ein hevdvunnen
rett å setja opp ei bu i fjellet. I dei fleste tilfella var dette enkle eittroms bygningar i stein eller
tømmer, som vart nytta til veiding, fangst og gjeting. Buene er eit resultat av naturgjevne
føresetnader. Hardangerviddaprosjektet for Tverrvitenskaplig Kulturforskning, 1969-1974, som danne
bakgrunn for kapitlet “Kulturminner på Hardangervidda” i dei to NOU-rapportane om
Hardangervidda i 1974 (NOU 1974: 30 A, NOU 1974: 30 B), har påvist restar etter liknande steinbuer
og datert dei til 1100- og 1200-talet. Byggetradisjonane som kan følgjast frå mellomalderen og
framover mot nyare tid knyter seg først og fremst til fangstbuer, stølar og felæger. Byggeskikken er
nøktern og funksjonell, men ser også ut til å spegla byggeskikken i bygdelaga omkring. Buene knytte
til handelsferder (felæger og driftelæger) og fangst er i hovudsak enkle buer som ligg åleine i fjellet.
Det kan tyde på at det først og fremst er i stølsanlegga at skilnaden i byggeskikk mellom aust og vest
viser seg. Klyngestølane, dei store fellesstølane med mange brukarar i ei stølsgrend, dominerer
26
NIKU Oppdragsrapport 136/201
biletet på vestvidda. På austvidda ligg stølane for ein stor del meir spreidde og einskildvis. På
vestvidda er det steinbuene som dominerer i snaufjellet. Lafta sel der er eit nyare trekk. På austsida
har lafta stølshus vore det vanlege gjennom lang tid, og steinbuer finst bere høgt til fjells som
fiskebuer eller driftelæger. Steinbuene har hatt jordgolv og ofte ikkje anna ljos enn det som kom inn
gjennom døra. Steinbuene var gjerne halvt inngravne i bakken bakanfor.
5.4
Retningsliner for endring og bruk
Alle byggverk og tiltak må handsamast individuelt sjølv om dei følgjer oppsette retningsliner. For
større tiltak bør det gjennomførast synfaring. Alle bygge- og inngrepssaker utover vedlikehald er
søknadspliktige, og må handsamast i samsvar med gjeldande føresegner og lovverk som
kulturminnelova og plan- og bygningslova. Framlegget til retningsliner som er sett opp her, tek opp i
seg verneføresegna, forvaltingsplanen (herunder Rettleiar for byggesaker i verneområde på
Hardangervidda (2011)), rettleiaren Kulturminner i områder vernet etter naturmangfoldloven
(Miljødirektoratet og Riksantikvaren 2015) og Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på
Hardangervidda (RA og MD 1983).
Det er teke særleg omsyn til buene, som er kulturminne med svært høg verneverdi. Saker som gjeld
buer må ha ei særleg grundig handsaming. Desse overordna retningslinene bør liggje til grunn for
handsaminga:
•
•
•
Det er ønskjeleg å bevare dei buene som i dag ligg i ruinar, best mogleg nettopp som ruinar.
Det er ønskjeleg å bevare ein del buer ståande, i god stand og best mogleg autentiske slik at
dei kan gje ei oppleving av korleis dei kan ha sett ut og har prega landskapet.
Dette vil krevje retningsliner etter tre hovudprinsipp:
- Retningsliner for buer som i dag ligg i ruinar og ikkje skal rørast. Dette vil vera
retningsliner for enkel skjøtsel og bruk/ikkje bruk (sjå kapittel 6.1, punkt 1. Ruinar av
buer)
- Retningsliner for buer som delvis ligg i ruinar, men som kan rekonstruerast/restaurerast
ettersom dei fyller vilkåra for å gjere dette ut frå rettar eigar og brukar har (sjå kapittel
6.1, punkt 2. Ståande buer).
- Retningsliner for buer som er rekonstruerte/restaurerte tidlegare. Dette er retningsliner
for enkelt vedlikehald og eventuell ombygging (sjå kapittel 6.1, punkt 2. Ståande buer).
Følgjande definisjonar av sentrale omgrep knytte til tiltak på kulturminne er lagt til grunn:
• Restaurering: heil eller delvis tilbakeføring av ein konstruksjon til ein tidlegare tilstand. Ved
restaureringa må det veljast kva tidspunkt kulturminnet skal førast tilbake til. Den tilstanden
konstruksjonen skal tilbakeførast til, må kunne dokumenterast.
• Istandsetting/reparasjon: reparasjonsarbeid for å bringe ein konstruksjon, eller del av ein
konstruksjon, opp til eit ordinært vedlikehaldsnivå, og i ein slik stand at berre vanleg, jamt
vedlikehald vil vera naudsynt etterpå.
• Skjøtsel: regelmessige vedlikehaldstiltak for å ivareta eit kulturminne eller kulturmiljø.
• Vedlikehald: rutinemessig arbeid for å forhindre forfall grunna jamn og normal slitasje.
• Ombygging: heil eller delvis endring av utsjånaden, standarden eller funksjonen til ein
konstruksjon.
27
NIKU Oppdragsrapport 136/201
•
•
Tilbygging: ny konstruksjon bygd inntil ein annan med føremål å nytte han som del av den
opphavlege konstruksjonen.
Byggetradisjon/-skikk: Måtar å bygge på, skikk og bruk, innafor eit visst tidsrom og eit gjeve
område. Omgrepet er først og fremst nytta for bygningar, men kan også nyttast om andre
typar konstruksjonar, til dømes bruer.
6 Forvalting av kulturminne og kulturmiljø
Retningslinene for forvaltning av kulturminna må vera forankra i lov og føresegner gjeve i medhald av
lova. Særleg viktig er verneføresegna og forvaltingsplanen.
I Forskrift om vern for Hardangervidda nasjonalpark går det klårt fram at vern av kulturminne og –
miljø er ein del av føremålet med nasjonalparken. I § 2. Føremål heiter det: «Føremålet med
Hardangervidda nasjonalpark er å verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik
måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart,
samstundes som området skal kunne nyttast for landbruk, naturvenleg friluftsliv og naturoppleving,
jakt og fiske og undervisning og forsking». Det blir også slått fast at grunneigarar og andre
rettshavarar framleis skal ha eigedomsrett og bruksrett i nasjonalparken, og kan nytte rettane i den
grad det ikkje kjem i strid med verneføremålet. I § 4.1 Landskap heiter det mellom anna at
landskapet skal vere verna mot utbyggingar, anlegg og andre inngrep av alle slag, medrekna
oppføring eller ombygging av bygningar. Forvaltingsstyresmakta kan likevel gje løyve til visse tiltak.
I Hardangervidda nasjonalpark skal i utgangspunktet alle verneverdige kulturminne og kulturmiljø
takast vare på. Det er likevel ikkje definert kva ein legg i omgrepa kulturminne og kulturmiljø.
Verneføresegnene forsterkar vernet ved at det i utgangspunktet ikkje er tillate å oppføre eller byggje
om bygningar. For landskapsvernområda krev føresegnene at kulturminne ikkje må påførast skade.
Samstundes gjev føresegnene høve til dispensasjon for ombygging, tilbygging og riving av bygningar i
alle verneområda. Det blir då svært viktig at verneverdi vert vurdert som del av sakshandsaminga for
alle typar bygningar.
Etter verneføresegna § 4, punkt 4.1.3 a) – j), kan forvaltingsstyresmakta gje løyve til:
a) Ombygging av bygningar innanfor eksisterande grunnflate
b) Mindre tilbygg til bygningar
c) Riving av gamle bygningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk
d) Bygging av naust for opplag av båt og utstyr til fiske
e) Nybygg eller større tilbygg til eksisterande bygningar, i særskilte tilfelle i samband med
landbruksutnytting, utnytting av statsallmenning eller drift av turisthytte
f) Restaurering av steinbuer
g) Naudsynt merking og kvisting av nye ski- og turistløyper
h) Bygging av bruer og klopper
i) Vedlikehald av sleper
j) Vedlikehald, naudsynt skjøtsel og ev. restaurering av kulturminne og kulturmiljø
Forvaltingsplanen slår fast at omfanget av byggjeaktivitet skal haldast på eit lågt nivå i alle tre
verneområda. Det kan berre gjevast løyve til å dekkje grunnleggjande behov for godkjent bruk.
Planen slår vidare fast at tiltaket må vere naudsynt, at det skal vere så lite som råd og at det skal vere
28
NIKU Oppdragsrapport 136/201
så skjerma som mogleg i landskapsbiletet. Ein skal unngå nye tiltak dersom eksisterande innretningar
kan dekke behovet, og nye tiltak skal om mogleg lokaliserast til eksisterande tiltak. Utforminga skal
vere i tråd med lokale tradisjonar, og tiltaket må ikkje medføre negativ påverknad på verdifulle
kulturmiljø eller kulturlandskap.
6.1 Retningsliner for kvar kulturminnekategori
Framlegget til retningsliner som er skissert i dette kapitlet, tek utgangspunkt i gjeldande lovverk,
føresegner, handlingsplan og diverse handbøker som beskreve i kapittel 5.1 og 5.2. Nokre av
retningslinene er henta direkte frå desse, men sidan dei fleste retningslinene i lov, føresegn og
forvaltingsplan, er relativt overordna, er dei supplerte med nye forslag og utdjupa. På den andre sida,
er ein del retningsliner føreslått i handbøker, til dømes Riksantikvaren og Miljødepartementet sitt
skriv Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (1983), til dels svært detaljert.
Retningslinene nedanfor er forsøkt halde på eit noko mindre detaljert nivå, men enkelte stader er dei
likevel relativt detaljerte.
1. Ruinar av buer
Desse kulturminna representerer dei viktigaste brukstradisjonane på Hardangervidda.
Framlegget til retningsliner for ruinar av buer er difor strengt.
Overordna føringar:
•
•
•
•
•
•
•
Det må ikkje fjernast stein frå ein ruin.
Det er ikkje lov å slå opp telt inne i ein ruin.
Det er ikkje lov å klatre på ein ruin.
Det er ikkje lov å brenne bål inne i ein ruin.
Ruinen skal ikkje endrast eller forsøkast rekonstruert på nokon måte. Turgåarar må gjerast
merksame på at steinar som har rast ned, ikkje skal flyttast på, men liggje der dei ligg.
Buskar og tre som veks inne i, eller oppe på ruinar, bør fjernast varsamt. Annan vegetasjon
bør vera i fred.
Ytterlegare forfall bør kunne stoppast i utvalde tilfelle. Til dømes kan dette dreie seg om:
- sikring/justering av overliggar;
- fjerning av rasmasser som trugar ruinen;
- leggje på plass stein som er på veg til å rase ut.
Nybygg
Det bør ikkje vera tillate å bygge nokon form for nybygg i nærleiken av ein ruin. Dette vil påverke
opplevinga av det viktige kulturminnet i så stor grad at verneverdien vil bli vesentleg redusert. I
tilfelle der lovmessige rettar tilseier at eigar kan ha ei bu til erstatning for ruinen, kan det gjevast
løyve til å oppføre nybygg, men då i god avstand frå ruinen. Det bør bli sett ein
minimumsavstand på 50 meter, og som føreset at det nye byggverket er lite. Dersom ei eventuell
ny bu skal erstatte ei som ligg i eit miljø av fleire (det vil som regel seie at ho er del av eit
stølsmiljø), bør det vurderast om den nye bua likevel kan plasserast i dette stølsmiljøet.
Ombygging/tilbygg
Det bør ikkje vera tillate å bygge på/utvide en ruin på nokon måte.
29
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Rekonstruering/restaurering
Ruinar som er så nedbrotne at det ikkje er mogleg å lese den opphavlege, utvendige utsjånaden,
bør ikkje rekonstruerast/restaurerast, men få liggje i fred som ruinar (sjå kapittel 6.1, punkt 2.
Ståande buer, der det er gjort greie for kva som skal til for å kunne få løyve til å
rekonstruere/restaurere ei bu).
Vedlikehald, skjøtsel og bruk
Desse ruinane skal ikkje takast i bruk som bygningar, og det er derfor ingen særskilde krav til det
som kan definerast som vedlikehald. I enkelte tilfelle kan det vera aktuelt med enkle tiltak for å
sikre at ruinen ikkje skal forfalle ytterlegere, såkalla forfallsforsinkande vedlikehald. Samstundes
er det viktig at ruinane ikkje blir brotne ned av menneskeleg aktivitet raskare enn dei naturleg vil
gjere. Det er viktig at ingen menneskeskapte tiltak bryt dei ned. Dette tyder at ruinane så langt
råd er skal liggje i fred. Vi føreslår følgjande retningsliner:
2. Ståande buer
Dei ståande buene representerer, saman med ruinane av buer, dei viktigaste bruks- og
byggetradisjonane på Hardangervidda, og er særeigne kulturminne på høgfjellet. Framlegget til
retningsliner for dei er difor relativt strengt. 2 På grunn av manglande oversikt over tidlegare
restaurerte buer, er det ikkje mogleg å gje heilt detaljerte forslag for forvalting av ståande buer
(tidlegare rekonstruerte/restaurerte og ikkje tidlegare rekonstruerte/restaurerte).
Overordna føringar:
•
•
•
•
•
•
•
Vedlikehald skal oppretthalde opphavleg utsjånad, materialar og konstruksjonar.
Nybygg skal vere eit unnatak
Dersom det berre er ein låg rest av veggane att, skal bua få ligge i ruin.
Det er tillate å restaurere/bygge opp at buer som har bevart så mykje av opphavleg
konstruksjon at dei kan rekonstruerast. Tidlegare form og utføring skal vere
retningsgjevande. Det gjeld òg tidlegare rekonstruerte/restaurerte buer.
Det er ikkje tillate å bygge på/utvide ei bu, heller ikkje ei tidlegare rekonstruert/restaurert
bu, utover dei opphavlege ytre måla, korkje i utstrekning (grunnflate) eller høgde.
For at buene skal kunne brukast, er det tillate å gjere endringar/ombygging innvendig,
innafor opphavleg grunnriss og storleik. Ein moglegheit er å bygge ei trekasse inni.
Det kan opnast for å setja inn vindauge i dør og tak, men vert vurdert opp mot plasseringa og
utforminga til bua, og opp mot den aktuelle bruken/behovet.
Vedlikehald
Vedlikehaldet av buer skal berre vera mindre arbeid som ikkje endrar noko ved det utvendige til
byggverket, og det bør gjerast med opphavlege materialar og metodar. På buer som er
rekonstruerte/restaurerte, vil det ofte vera lagt til nye element på innsida. Såleis blir det ikkje
stilt spesielle krav til innvendig vedlikehald, utover at det ikkje skal føre til endringar på utvendig
utsjånad, eller skade sjølve byggverket på nokon måte.
2
Handboka Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (RA og MD 1983) gir til dels detaljerte
forslag til restaurering og kan brukast som underlag for forvaltinga av buene. Retningslinene som er skisserte i
dette kapitlet er ikkje like detaljerte. Detaljerte retningsliner bør takast inn i retningslinene for
byggesakshandsaming.
30
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Nybygg
Det bør vera ein føresetnad at ståande buer ikkje treng å erstattast av nye, men blir sette i stand
og rekonstruerte/restaurerte. Det bør uansett ikkje vera tillate å bygge nokon form for nybygg i
nærleiken av ei ståande bu, som vil påverke opplevinga av det viktige kulturminnet i så stor grad
at verneverdien vil bli vesentleg redusert. Ei eventuell ny bu til erstatning for ein ruin, bør heller
ikkje setjast opp i nærleiken av ei ståande bu. Det bør vere ein minimumsavstand på 50 meter, og
at det blir kravd at det nye byggverket er mindre enn maksimumsstorleiken på 45 m². Dersom ei
ny bu skal erstatte ei som ligg i eit miljø av fleire (det vil som regel seie at ho er del av eit
stølsmiljø), bør det vurderast om den nye bua likevel skal plasserast i dette stølsmiljøet. For
framlegg til retningsliner for nybygg: sjå punkt 11. Nybygg til slutt i dette kapitlet.
Rekonstruksjon/restaurering
Styrande for rekonstruksjon/restaurering bør vera den generelle tilstanden og materiala bua er
bygd av. Tre hovudtypar buer kan vere utgangspunkt for rekonstruksjon/restaurering:
-
Steinbuer
Buer bygde i kombinasjon av stein og treverk
Buer i tre (eventuelt med steinfundament/grunnmur)
Felles for alle typar buer er at dersom dei skal kunne rekonstruerast/restaurerast, bør dei vera i
ein slik stand at det er råd å tolke opphavleg utforming rimeleg sikkert. Det må vera tydeleg kva
utstrekking bygget hadde (grunnflate), kor høge langveggane var, kor høge gavlane var og kva
vinkel taket hadde. Vidare må opphavleg materialbruk vera kjend.
Sjølv om ei bu vert rekonstruert/restaurert, er det vanskeleg, og i dei fleste tilfella ikkje mogleg, å
tilfredsstille krav etter Norsk Standard eller plan- og bygningslova. Dei tekniske løysingane som er
føreslege her, vil berre vera tillempingar av bygningskroppen innafor dei rammene som
kulturminnet tillèt, og vil ikkje kunne tilfredsstille strenge krav til bygningsteknikk og lang levetid.
Desse buene vil framleis, også etter ei forenkla restaurering, vera enkle buer for kortvarig
opphald, og dei vil høgst sannsynleg måtte utbetrast med stuttare intervall enn det som er
vanleg når det vert bygd i dag.
For buer med mykje treverk vil det ofte vera naudsynt å byte ut mykje av materiala på grunn av
råteskadar og kollaps. I slike tilfelle vil det vera viktig å byte ut treverket med materialar av lik
dimensjon og type.
Taket bør visast spesiell merksemd på alle typar buer. Dersom rekonstruering/restaurering skal
gje ei løysing med ei rimeleg levetid, altså at bua ikkje blir skadd av vatninntrenging som kan
skade innvendig eller utvendig treverk, bør det vera tillate å bygge opp taket etter tilnærma
moderne teknikkar i sjølve konstruksjonen. Likevel bør utvendig utsjånad og materialbruk vera
tilpassa den opphavlege.
For buer med enkle steinveggar og dei med veggkonstruksjon i treverk bør det vera eit visst
takutstikk for å hindre vatn frå taket i å renne inn i trekonstruksjonen. For steinbuer som blir
rekonstruerte/restaurerte med ei trekasse innvendig, vil det også vera ein fordel med takutstikk,
for at ikkje den nye trekassa vert utsett for vatninntrenging. Men sidan det kan ha vore tradisjon
for å bygge utan takutstikk der steinbuene vert sett opp med doble veggar og jord imellom, kan
31
NIKU Oppdragsrapport 136/201
slike rekonstruerast/restaurerast utan takutstikk. 3 Men det kan medføre vatn som treng ned i
jordmassen sprenger ut steinveggane når frosten kjem og massen frys. Vanlegvis er det ein fordel
å hindre vatn i å trenge gjennom og inn i konstruksjonar, først og fremst der det er treverk til
stades, men også for å hindre eventuell muggdanning, som vil kunne gje dårleg inneklima. I
steinbuene var dette neppe noko viktig poeng, ettersom dei var rå i utgangspunktet (jordgolv),
men ved ei eventuell rekonstruksjon eller restaurering er dette eit poeng.
Ettersom det er svært få ljosopningar i dei fleste buer, bør det opnast for at det i spesielle tilfelle
kan vera tillate å setje inn vindauge i døra, eller i taket, som er den konstruksjonsdelen som
sjeldan er opphavleg, og som oftast må bytast ut. Dersom det blir gjeve løyve til å setje inn
takvindauge, må ein likevel vera merksam på at dette er ei vanskeleg løysing reint teknisk sjølv i
tak bygde opp etter nye standardar. Endå vanskelegare er det å få eit torvtak tett rundt eit
takvindauge. Det kan fort oppstå lekkasjar. Det bør leggjast beslag under torva/steinhellene, dekt
av denne/desse. Både for å bevare vindauget, og for å ta omsyn til fjernverknaden av vindauget i
taket, bør det setjast lem over takvindauget når bua ikkje er i bruk.
Ei ny frittståande trekasse inne i eksisterande steinbu kan vere ei god løysing for å verne den
opphavlege bua og gjere den anvendeleg for bruk. Ein slik kasse bør ha avstand til opphavlege
veggar, og bør utformast og isolerast som ein moderne konstruksjon (sjå prinsippskisse side 34). 4
Ei slik trekasse bør utformast med treverk i veggar, tak og golv. I prinsippet er ho da mogleg å ta
ut att med minimale endringar for den opphavlege konstruksjonen (reversibelt tiltak). Eit
unnatak er golvet, dersom det må gravast. Graving vil krevje undersøkingar i grunnen etter § 9 i
kulturminnelova. Det bør ikkje tillatast å støype golv på grunnen. Dette vil gjere løysinga langt
mindre reversibel.
Dersom ei bu som er restaurert tidlegare, har dårlege løysingar, bør ein vurdere å krevje desse
løysingane endra etter retningslinene i dette dokumentet, som grunnlag for å tillate eventuelle
nye endringar.
Det finst ikkje oversikt over tidlegare restaurerte buer til å gje detaljerte retningsliner for
forvaltning, men desse overordna retningslinene bør vere førande både for buer som ikkje før
har vore rekonstruerte/restaurerte og for tidlegare rekonstruerte/restaurerte buer:
-
Den opphavlege konstruksjonen bør dokumenterast godt før eventuelle nye arbeid knytte til
restaurering/rekonstruksjon blir påbyrja.
For å kunne rekonstruerast må det vera så mykje att av ytterveggen at ein kan sjå spor etter
opphavleg høgde og takvinkel.
Det er tillate å ta ned veggar heilt eller delvis for å bygge dei opp på ny.
3
Riksantikvaren og andre instansar har påpeika at steinbuer med doble veggar og jord imellom opphavleg ikkje
skal ha vore sett opp med takutstikk, for å hindre jordveggen frå å tørke ut, slik at massen smuldrar opp og siv
ut så konstruksjonen blir ustabil. Det trengs meir kunnskap om kor utbreidd det har vore å bygge utan
takutstikk.
4
Slike løysingar med ei trekasse, er skildra i Riksantikvaren og Miljødepartementet sitt skriv Buer på vidda.
Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (1983). Disse løysingane kan nyttast som utgangspunkt.
32
NIKU Oppdragsrapport 136/201
-
-
-
-
-
-
Det bør ikkje vera tillate å bygge på bua, korkje i høgda, breidda eller lengda.
Det bør ikkje vera tillate å bygge til eit byggverk på utsida av opphavleg bu, og heller ikkje å
bygge saman fleire buer til ei.
Utvendig utsjånad bør verte verande så opphavleg som råd.
Det er ikkje tillate å erstatte utvendige flater/veggar med anna materiale enn det som var
opphavleg. Der det er treverk og som må bytast ut, bør det så langt råd er nyttast materiale
lik det opphavlege. Der det ikkje har vore overflatebehandling, bør det ikkje nyttast slik.
På steinbuene bør det ikkje nyttast sementbasert mørtel for å feste steinar i veggane, som
ikkje er i tråd med opphavleg tradisjon, og er heller inga god løysing reint teknisk. Mørtelen
bind dårleg til naturstein, han er stiv og tåler ikkje rørsler i veggen, men sprekk opp. Då kan
han falle ut og samstundes rive med seg heile eller delar av steinen. På sikt vil dette bryte
ned veggen. Samstundes gjer sementmørtelen veggen for tett, for han har godt av å vera
luftig.
Det bør berre vera tillate å bytte ut skadd treverk, men det bør så langt som råd skiftast ut
med tilsvarande materiale og dimensjon.
Det bør ikkje vera tillate å lage ny opning i veggen for å sette inn vindauge, men vurderast
ved behov om det kan setjast inn i takflata eller i dørbladet.
Det bør vera tillate å bygge ei «kasse» inne i den opphavlege bua, så sant denne ikkje går ut
over opphavlege dimensjonar på bua. Ei slik kasse kan om ønskjeleg byggast opp som ein
moderne konstruksjon med isolasjon, men bør ikkje på nokon måte skade den opphavlege
veggkonstruksjonen. Kassa bør halde avstand til opphavlege veggar, og bør utformast og
isolerast som ein moderne konstruksjon, med treverk i veggar, tak og golv.
Graving vil krevje undersøkingar i grunnen etter § 9 i kulturminnelova. Det bør ikkje tillatast
å støype golv på grunnen.
Det bør vera tillate å bygge opp taket/takkonstruksjonen etter moderne prinsipp, men den
utvendige utsjånaden skal vera så lik den opphavlege som råd. Dette inneber at moderne
materialar ikkje bør vera synlege på utsida.
Taket bør ha opphavleg vinkel (eller så nær som det er råd å kome).
Taket bør takkast med torv eller steinheller der det har vore vanleg. NB: Det må søkast om å
få ta torv og stein til taket.
På buer med utvendig veggkonstruksjon i tre bør det vera eit lite takutstikk. Utstikket bør
vera 0-5 cm på gavlveggar og om lag 10 cm på langveggar.
Steinbuer med enkle veggar bør også ha eit tilsvarande lite takutstikk.
Steinbuer med doble veggar kan restaurerast/rekonstruerast utan takutstikk. Med ei slik
løysing er det ekstra viktig at det er nok luft mellom steinveggen og den nye trekassa, slik at i
alle fall ein del av råmen frå taket/veggane kan tørke opp og luftast ut.
Det bør ikkje vera tillate å leggje papp- eller platetak. Dette bør berre nyttast som
mellombels naudløysing for å hindre forfall, og bør ikkje godtakast som varig løysing.
Pipa skal murast opp i naturstein, men det kan setjast ei stålpipe inni ho. NB: det må søkjast
om løyve til å ta stein til pipa.
Eventuelle takvindauge bør dekkast til med lem når bua ikkje er i bruk. Ei lem bør også
vurderast for døra, eventuelt ei varedør utan vindauge. Dersom det skal setjast luke for døra
når bua ikkje er i bruk, kan det vurderast om det skal gjevast løyve til at ein større del av døra
kan fyllast med glas.
33
NIKU Oppdragsrapport 136/201
-
Det bør vera tillate å setje inn ny dør dersom den opphavlege ikkje er bevart. Ny dør skal vera
i ein nøktern stil og lagast som enkel labankdør, samansett av breie bord.
Illustrasjonen viser korleis det kan byggjast ei «trekasse» inne i den opphavlege steinkonstruksjonen i
ei steinbu. Illustrasjonen er teke frå Riksantikvaren og Miljødepartementet sitt skriv Buer på vidda.
Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (1983).
Biletet viser korleis ein moderne konstruksjon med bruk av knotteplast under taktorva kan skjulast av
eit lag med never som blir lagt rundt kanten ytst på takflata. Foto: AC Flyen, NIKU 2015
34
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Biletet viser ei litt uheldig løysing med papp som stikk nedanfor takflata. Denne burde vore skjult med never
slik som på illustrasjonen over. Døra er sett inn ved hjelp av sementmørtel, noko som gjev ein rufsete og
uoriginal utsjånad. Med enkle middel kan dette endrast slik at bygningen framstår meir truverdig som eldre,
tradisjonell steinbu. Desse løysingane finst det sansynlegvis fleire døme på. Foto: AC Flyen, NIKU 2015
35
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Biletet viser at det brukt sementmørtel i fugene mellom naturstein. Dette er ei uheldig løysing som ikkje bør
nyttast. Sementmørtel er ikkje i tråd med opphavleg tradisjon, og heller ikkje noka god løysning reint teknisk.
Mørtelen bind dårleg til naturstein, han er stiv og tåler ikkje rørsler i veggen, men sprekk opp. Då kan han falle
ut og samstundes rive med seg heile eller delar av steinen. På sikt vil dette bryte ned veggen. Samstundes gjer
sementmørtelen veggen for tett, det ville vera betre om han var luftig. Foto: AC Flyen/NIKU
3. Samiske kulturminne
Det er for lite kunnskap kva som finst og type av samiske kulturminne til å kunne gje praktiske
retningsliner for handtering av dei. Kulturminna bør kartleggast, og deretter bør det utarbeidast
retningsliner for tiltak tilpassa dei aktuelle kulturminna.
4. Ferdselsårer og -spor
Bruken av fjellet i vår tid er først og fremst knytt til jakt og fiske og til rekreasjon/turisme.
Slepene som blir nytta til frakt av fangst og vilt og til drift av turisthyttene, vil bli haldne i hevd av
bruken. Sameleis vil turstigane mellom turisthyttene bli haldne i hevd av bruk. Dei gamle slepene
som ikkje lenger er i bruk, er derimot i ferd med å gro igjen, sjølv om det tek lang tid så langt til
fjells.
Vi vil ikkje føreslå nokon spesielle retningsliner for tiltak på sleper og stigar, men føreslår at
bruken av desse blir overvaka slik at eventuell uønskt slitasje kan stoppast og om mogleg og
ønskjeleg reverserast. Dette vil bli stadig meir aktuelt knytt til eit klima i endring mot stadig meir
nedbør, sterkare vind og endra temperatur.
36
NIKU Oppdragsrapport 136/201
5. Innretningar for jakt, fangst og fiske
Desse innretningane kan ofte vera små og ikkje så lette å oppdage i det vid landskapet i fjellet.
Dei vil derfor ofte vera sårbare for menneskeleg påverknad. Det vil sjeldan vera aktuelt med tiltak
knytte til desse innretningane, utover å ta omsyn til dei når det blir lagt nye stigar eller om det
blir reist nybygg. Innretningar med høg verneverdi kan eventuelt skjøttast gjennom at vegetasjon
blir halden nede, men på generell basis vil det sannsynlegvis vera lite aktuelt å prioritere dette.
6. Store bygningar/bygningskompleks for turisme
Nybygg
Det kan vera aktuelt med nybygg som sikringsbu, eller anna frittståande bygg, i tilknyting til
turisthytte. Dersom det kan dokumenterast behov for dette, bør gjevast løyve til slike nybygg (i
nokre tilfelle, til dømes når det gjeld sikringsbu, er løyve naudsynt før igangsetting av tiltaket).
Det bør stillast krav om at slike nybygg skal tilpassast verneverdige bygningar og bygningsmiljø,
men det er vanskeleg å gje spesifikke retningsliner ettersom desse anlegga er så ulike. Ein bør
vurdere verknaden til nybygget frå både fjernt og nært hald.
Enkelte bygningsmiljø i fjellheimen er bygde på i mange omgangar, og verneverdien kan vera
vanskeleg å sjå. Ettersom dei fleste av desse anlegga er relativt store, blir dei synlege i landskapet
på ein heilt annan måte enn små, private hytter og buer. Det bør gjerast ein enkel gjennomgang
av turisthyttene, der ein mellom anna vurderer påbyggingsskikken. Mange av anlegga består av
svært store einingar som er bygde på i alle retningar. Dei følgjer ikkje alltid nokon regional eller
lokal byggeskikk, men sin egen påbyggingsskikk. I verneområda er det eit poeng at dei skal
tilpassas landskapet. Kanskje ville anlegga blitt noko mindre ruvande om bygningsmassen vart
utforma som fleire mindre bygg.
Oppføring av nybygg vil uansett vera søknadspliktig etter plan og bygningslova. Ved all nybygging
må det vurderast om det er forsvarleg å gjere inngrep i grunnen, med omsyn til eventuelle
automatisk freda kulturminne, og all graving må avklarast etter kulturminnelova § 9 5.
Ombygging/tilbygg
Det kan vera aktuelt med ombygging av eller tilbygging til turisthytter og fjellstover. Slitasjen på
fleire av desse anlegga er høg, og stadig nye krav til drifta frå helsestyresmakter og andre gjer det
naudsynt å gjennomføre bygningsmessige tiltak frå tid til annan. I kulturminnesamanheng bør
det stillast krav til at slike arbeid skal tilpassast eventuelle verneverdige bygningar og
bygningsmiljø, men det er vanskeleg å gje spesifikke retningsliner ettersom desse anlegga er så
ulike. Det bør gjerast ei spesifikk vernevurdering i kvart enkelt tilfelle, og at generelle
retningsliner for å ivareta eventuelle verneverdiar blir sett opp. Ombygging og tilbygg vil som
regel vera søknadspliktig etter plan- og bygningslova.
Restaurering
Det kan vera aktuelt med restaurering av turisthytter og fjellstover. Ofte viser dette seg å bli
såpass omfattande at det snarare kan kallast ombygging. Sjå derfor punktet over.
5
§9: «Ved planlegging av offentlige og større private tiltak plikter den ansvarlige leder eller det ansvarlige
forvaltningsorgan å undersøke om tiltaket vil virke inn på automatisk fredete kulturminner […].»
37
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Vedlikehald
Det bør ikkje bli stilt særskilte krav til vedlikehald av desse anlegga utover at vedlikehaldet berre
skal oppretthalde kvaliteten, og ikkje føre til noka endring. For anlegga blant turisthyttene med
høgast verneverdi, bør det utarbeidast spesielle retningsliner med krav om å oppretthalde
opphavleg utsjånad, materialar og konstruksjonar. Vedlikehaldet skal berre vera mindre arbeid
som ikkje endrar noko ved det utvendige til byggverket. Vedlikehaldsarbeid bør i desse tilfella
gjerast med opphavlege materialar og metodar. Samstundes er det ofte slik at ein eventuell
verneverdig bygning berre er ein del av den totale bygningsmassen i desse anlegga. Ofte kan han
også vera bygd inn i heile bygningskomplekset. Dette tyder at det vil vera naudsynt å utarbeide
individuelle avtaler/krav til vedlikehald.
7. Landskapselement knytte til munnleg tradisjon
Landskapselement kan vera sårbare for eventuell menneskeleg påverknad. Det vil likevel sjeldan
vera aktuelt med tiltak knytte til dei utover å ta omsyn til dei når det blir lagt nye stigar eller reist
nybygg. Landskapselement knytte til dømes til tidlegare beitebruk/stølsvollar med høg
verneverdi kan eventuelt skjøttast gjennom at vegetasjon blir halden nede, men på generell basis
vil det sannsynlegvis vera lite aktuelt å prioritere dette. Nokre av landskapselementa kan vere
automatisk freda i medhald av kulturminnelova, og det bør gjerast ei kartlegging med sikte på å
avklare dette.
8. Mindre bygningar for fritid og næringsverksemd
Nybygg
Etter dei generelle føresetnadene i verneføresegna og forvaltingsplanen om at landskapet skal
vera verna mot utbygging og ombygging, og at nybygg skal haldast på eit minimum, bør det
føresetjast at nybygging i denne kategorien bygningar vil vera sjeldan. Det er naturleg å tenkje at
eventuelle nybygg berre vil vera aktuelt som erstatning for bygningar som av ein eller annan
grunn ikkje lenger er råd å bruke. Dersom verneverdien på bygningen som ikkje lenger skal/kan
brukast er høg, bør det vurderast om denne bygningen kan bevarast som kulturminne. Ein
problemstilling er at han då neppe vil bli halden ved like, og vurderinga vil derfor kunne avhenge
av om denne bygningen kan bli verneverdig som ruin (som han etterkvart vil bli til). Dersom
verneverdien er låg, bør det setjast krav om at bygningen blir riven før ny blir reist.
Dersom den gamle bygningen låg i nærleiken av eit anna kulturminne med høg verneverdi, bør
det gjerast ei vurdering av om den nye bør setjast opp på same stad som opphavleg, eller om han
bør flyttast bort frå kulturminnet. Denne vurderinga vil mellom anna avhenge av kor gamal
bygningen som skal erstattast er i høve til det aktuelle kulturminnet/kulturmiljøet. Ei eventuell ny
plassering må òg vurderast nærare med omsyn til fjernverknad.
Nybygg bør tilpassast byggeskikken i dimensjon, form og detaljering, typisk for den nøkterne
byggestilen på Hardangervidda, og til natur og dyreliv når det gjeld plassering. Tilpassing med
omsyn til verknaden i landskapet på avstand er vesentleg for vurdering av eit nybygg. Nybyggets
verknad i landskapet på avstand er vesentlig. Ved all nybygging må det vurderast om det er
forsvarleg å gjere inngrep i grunnen, med omsyn til eventuelle automatisk freda kulturminne, og
all graving må avklarast etter kulturminnelova § 9. Sjå punktet 11. Nybygg seinare i dette
kapitlet.
38
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Ombygging/tilbygg
Arbeidet må følgje generelle krav i plan- og bygningslova. Det bør setjast krav om å dokumentere
den opphavlege konstruksjonen før nye arbeid blir påbyrja, dette er spesielt viktig dersom
verneverdien er høg eller middels høg. Vernestatusen til bygningen må avklarast før det blir gjeve
løyve til noka form for ombygging/tilbygg.
Dersom det skal vera aktuelt med påbygging/ombygging av eksisterande hytter, bør uansett
regelen om ikkje å overstige 45 kvadratmeter gjelde. Elles bør moglegheit for påbygging avhenge
av om bygningen har vernestatus/verneverdi og om han ligg nær eit viktig kulturminne. Ligg det
til dømes ei bu i nærleiken, bør avstanden til denne avgjere om det vil vera råd å bygge til etter
same prinsipp som avstand og storleik skissert i punktet Storleik under punkt 11. Nybygg. Ei
eventuell ombygging eller tilbygging bør ikkje endre karakteren til bygningen monaleg.
Bygningskroppen skal framleis ha ein nøktern utsjånad.
Dersom bygningen ligg ute i viddelandskapet, bør utvendig fargebruk haldast nøytral og ikkje
altfor ljos, slik at bygget ikkje blir for synleg på avstand. Dersom opphavleg fargebruk er av ein
type som ikkje er ønskjeleg (til dømes for ljos, kvite vindauge, mykje metall i vindauga, etc.) bør
det vurderast om det skal setjast krav til annan fargebruk ved ombygging.
For innvendig utforming bør det ikkje gjelde særskilte krav.
Restaurering
Arbeidet må følgje generelle krav i plan og bygningslova. Som for ombyggingsarbeid, bør
vernestatusen til bygningen avklarast før det blir gjeve løyve til noka form for restaurering.
Bygningane bør følgje hovudprinsippet om nøktern utføring. Dersom hyttene ligg i nærleiken av
eit kulturmiljø, bør dette medføre noko strengare krav til utvendig utføring. Dette bør først og
fremst gjelde fargebruk og taktekkingsmateriale. Den restaurerte bygningen bør ikkje påverke
opplevinga av kulturminnet i vesentleg grad. I fjellet tyder dette som oftast at han bør vera så
nøytral som råd. Det bør setjast krav om å dokumentere den opphavlege konstruksjonen før nye
arbeid blir påbyrja, dette er spesielt viktig dersom verneverdien er høg eller middels høg.
For innvendig utforming bør det ikkje gjelde særskilte krav dersom verneverdien er låg. Dersom
interiøret til bygningen skulle ha høg eller middels verneverdi, bør det også stillast krav til
eventuell innvendig restaurering. Desse krava vil avhenge av kva som er verneverdig ved
interiøret til bygningen. Slike vurderingar må gjerast i forkant, dersom det ikkje allereie finst ei
vernevurdering.
Vedlikehald
Det bør ikkje stillast særskilte krav til vedlikehald av desse hyttene, utover at vedlikehaldet berre
skal oppretthalde kvaliteten, og ikkje føre til noka endring.
9. Tekniske kulturminne
Nybygg
Nye tekniske installasjonar bør følgje eigne retningsliner. Ved eventuelle nye anlegg må det
takast omsyn dersom desse blir lagt i nærleiken av eller skal erstatte eldre anlegg med høg eller
middels verneverdi. Dersom eit eldre anlegg med høg verneverdi må erstattast av eit nytt, og det
39
NIKU Oppdragsrapport 136/201
gamle har høg verneverdi, bør det vurderast om det gamle kan behaldast som eit rent
kulturminne (ute av bruk).
Ved all nybygging må det vurderast om det er forsvarleg å gjere inngrep i grunnen med omsyn til
eventuelle automatisk freda kulturminne, og all graving må avklarast etter kulturminnelova§ 9.
Undersøkelsesplikt m.v.
Ombygging/tilbygg
Naudsynt ombygging av tekniske kulturminne i bruk med omsyn til sikkerheit bør vera tillate.
Dersom kulturminnet som skal byggast om har høg verneverdi, skal det takast omsyn til verdien
ved ombyggingsarbeid. Behovet for slike arbeid på kulturminne med høg verneverdi bør
dokumenterast godt, og det bør ikkje tillatast ombygging som endrar preget til kulturminnet i
vesentleg grad. Store endringar kan vera meldepliktige og krevje løyve både etter plan- og
bygningslova og verneføresegne.
For tekniske kulturminne med høg verneverdi bør ein streve etter å la det gamle stå og føye til
nyare delar for å fylle naudsynte behov. Eventuelt nye tillegg må ta omsyn til verdiane ved det
gamle, men kan gjerne skilje seg frå opphavleg konstruksjon, slik at det er råd å sjå kva som er
nytt. For tekniske anlegg med låg eller middels verneverdi, vil det truleg ikkje vera aktuelt med
restaurering, men snarare ombygging eller riving og oppsetting av nytt. For anlegg med høg
verneverdi må ein sjå til å dokumentere den opphavlege konstruksjonen godt før eventuelle nye
arbeid vert påbyrja. For anlegg med middels verneverdi bør det vurderast om den skal verte
dokumentert før ombygging eller eventuelt riving.
Restaurering
Naudsynt restaurering av tekniske kulturminne i bruk bør vera tillate. Dersom dei har høg
verneverdi, skal det takast særskilte omsyn til dette ved restaureringsarbeid. Dette inneber at dei
ikkje skal endrast og at arbeid skal gjerast med same type materialar og konstruksjonsløysingar
som opphavleg. Unntak frå dette er krav til sikkerheit som må ivaretakast. Dersom slike krav
kjem i konflikt med verneverdiane, må det vurderast i kvart einskilt tilfelle korleis det skal
handterast.
Vi føreslår følgjande generelle retningsliner for tekniske kulturminne med høg verneverdi:
-
Naudsynte utskiftingar bør gjerast så likt det opphavlege som mogleg.
Overordna utsjånad bør ivaretakast, men dersom det må gjerast endringar av omsyn til
tryggleiken, bør desse utførast så varsamt som mogleg.
Jamnleg ettersyn og vedlikehald bør etterstrevast då dette kan hindre skader i å utvikle seg
med påfølgjande behov for store utskiftingar.
Sørg for å dokumentere den opphavlege konstruksjonen godt før nye arbeid blir påbyrja.
For tekniske kulturminne med låg eller middels verneverdi vil det truleg ikkje vere aktuelt med
restaurering.
Vedlikehald
Det bør ikkje stillast særskilte krav til vedlikehald av tekniske kulturminne utover at vedlikehaldet
berre skal oppretthalde sikkerheit og kvalitet, og ikkje føre til noka endring.
40
NIKU Oppdragsrapport 136/201
10. Bygningar for fast busetting
Det ligg i definisjonen at bygningar for fast busetting er i bruk og såleis må kunne utviklast og
endrast i takt med behova til brukarane. Desse bygningane ligg ikkje inne på sjølve vidda, men i
bygdene ikring. Dei vil derfor ikkje sette like stort preg på sjølve vidda.
Nybygg
Det vil vera naturleg at krav til nybygg er mindre strengt for denne kategorien enn for
kulturminnekategoriar som ligg inne på sjølve vidda. Det bør likevel stillast klåre krav til å
dokumentere behov for (og rettar til) nybygg. Vi føreslår ikkje særskilte krav til nybygg utover dei
generelle krava etter plan- og bygningslova, og eventuelt kulturminnelova dersom nybygget vil
liggje i nærleiken av freda bygg eller anlegg.
Ved all nybygging må det vurderast om det er forsvarleg å gjere inngrep i grunnen med omsyn til
eventuelle automatisk freda kulturminne, og all graving må avklarast etter kulturminnelova § 9.
Undersøkelsesplikt m.v.
Ombygging/tilbygg
Før iverksetting av ombyggingsarbeid bør eventuell vernestatus og verneverdi kartleggjast.
Dersom bygningen er freda etter kulturminnelova eller verna etter plan- og bygningslova, vil det
gjelde særskilde krav. Dersom verneverdien til bygningen er låg, vil det ikkje vera særskilte krav
til ombygging/tilbygg innan denne kategorien utover dei generelle krava etter plan- og
bygningslova, og eventuelt kulturminnelova dersom bygget ligg i nærleiken av freda bygg eller
anlegg. Store endringar kan vera meldepliktige og krevje løyve både etter plan- og bygningslova
og etter verneføresegnene.
Restaurering
Som for ombyggingsarbeid, bør eventuell vernestatus og verneverdi kartleggjast før iverksetting
av restaureringsarbeid. Dersom bygningen er freda etter kulturminnelova eller verna etter plan
og bygningslova, vil det gjelde særskilde krav. Dersom verneverdien til bygningen er låg, vil det
ikkje vera særskilte krav til restaurering innan denne kategorien utover dei generelle krava etter
plan- og bygningslova, og eventuelt kulturminnelova dersom bygget ligg i nærleiken av freda
bygg eller anlegg. Store endringar kan vera meldepliktige og krevje løyve både etter plan- og
bygningslova og etter verneføresegnene.
Vedlikehald
Vi føreslår ikkje særskilte krav til vedlikehald for bygningar i denne kategorien utover dei
generelle krava etter plan- og bygningslova, og eventuelt kulturminnelova dersom bygningen er
freda.
11. Nybygg, mindre hytter
Dette kapitlet er ikkje knytt til ein einskilt av kulturminnekategoriane, men gjeld fleire av dem i
de tilfella kor det kan vera aktuelt å setja opp nybygg. Dette vil først og fremst vera til erstatning
for ei bu som ikkje kan restaurerast, eller ei nyare hytte som ikkje lenger er eigna til bruk, slik at
eit nybygg såleis vil liggje oppe på sjølve vidda. Dette må avklarast i kvart einskild tilfelle, både
med omsyn til at eigaren har rett til å føre opp nybygg, og at det er eit klårt behov fordi den
gamle ikkje kan rekonstruerast eller restaurerast.
41
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Følgjande krav bør gjelde for slike nye buer/hytter:
Arbeidet må følgje plan- og bygningslova.
Nybygg skal ta omsyn til byggeskikken på i dimensjon, form og detaljering som samsvarer med
den nøkterne byggestilen som har prega vidda, og til natur og dyreliv når det gjeld plassering .
Det må vurderast ved all nybygging om det er forsvarleg å gjere inngrep i grunnen med omsyn til
eventuelle freda kulturminne. All graving må avklarast etter kulturminnelova § 9.
Undersøkelsesplikt m.v.
Plassering: Som generelt prinsipp bør nybygg vera ei mindre hytte som blir plassert i god avstand
frå bygget ho erstattar. Dersom dette er ei einsleg bu, bør avstanden vera minimum
50 m. Dersom bygningen som skal erstattast, ikkje er verneverdig, eller har låg verneverdi, bør
det vurderast om han skal rivast og nybygget setjast opp på same staden. Dersom nybygget
erstattar ein bygning som er del av eit større kulturmiljø, bør det vurderast om erstatninga kan
setjast opp i nærleiken av bygget ho erstattar. Nybygget må få ei nedtona plassering i landskapet
og må ikkje leggjast på bakketoppar/åsar slik at ho skape silhuett. Hyttene bør liggje ei og ei i
terrenget og ikkje klumpast saman dersom det skal setjast opp fleire erstatningsbuer i same
område. Vert dei plasserte saman, vil dei verke langt meir dominerande enn om dei ligg enkeltvis
i terrenget. Dette må likevel vurderast opp mot verknaden buene/hyttene vil ha for villreinen.
Retningsliner for storleiken til nybygg avheng av avstanden til kulturmiljøet/bua som nybygget
erstattar, og om dette/denne har høg verneverdi. Det skal uansett ikkje overstige 45 kvm.
Dersom nybygget erstattar ein bygning med høg verneverdi, og det skal plasserast i nærleiken av
dette kulturminne (minimum 50 m i frå), bør det vurderast om maks-storleik skal vere ned mot
25 kvm for ikkje å overdøyve kulturminnet. Mindre kvadratmetermål enn 25 bør ikkje krevjast.
Utforming: Nybygg bør ha det same nøkterne utsjånaden som pregar bygningane på vidda.
Bygget bør vera knapt, med små og lite synlege detaljer, og nøytrale fargar. Takvinkelen bør
tilsvara vinkelen dei fleste tak på vidda har/har hatt (22-27 grader er vanleg brukt). Hyttene bør
ha takutstikk, men det bør haldast lite, og ned mot 0-5 cm på gavlveggene og om lag 10 cm på
langveggene, slik Riksantikvaren og Miljødepartementet rår til i Buer på vidda. Handbok i vøling
av buer på Hardangervidda (1983). Det er likevel sjeldan nyare hytter har et så lite takutstikk. Ein
mal kan vera dei eldre trehyttene som fortsatt står, slik som i stølsmiljøet på Hellehalsen,
Eidfjord, som har et noe større utstikk, sjølv om det fortsatt er relativt lite. Alle nye bygg bør ha
saltak i lengderetninga i høve til terrenget. Unntak er bygningar som blir lagt inn i terrenget med
gavlen ut, slik dei gamle buene ofte var lagt. Det bør ikkje vera for mange vindauge, og vindauga
bør ha små dimensjonar (gjerne oppdelte med sprosser), slik at dei ikkje pregar opplevinga av
bygget på avstand, men dette må tilpassast kvar enkelt bygning. Bygget bør ikkje ha meir enn ein
etasje. Hems kan eventuelt tillatast, men bør ikkje vera for høg. Grunnmur bør vere lågast
mogleg og helst av naturstein (uttak av lokal stein er søknadspliktig). Dersom ramma vert sett på
pelar, bør roma mellom dei blendast/skjulast. Terrenget rundt bygget bør ikkje planerast.
Materialbruken skal vere tilpassa byggeskikken på vidda med stein, torv, tømmer, panel,
trevindauge og tredører. For å kunne ta stein og torv frå nasjonalparken, må det søkjast løyve. Til
kledning bør det brukast virke av god kvalitet. Ein bør unngå bruk av villmarkspanel der det ikkje
er tradisjon for slik kledning. Kledning av god kvalitet kan gjerne stå ubehandla.
42
NIKU Oppdragsrapport 136/201
Fargebruk: Nøytrale fargar som går inn i naturen, gjerne ubehandla trevirke. Dersom treverket
blir måla/beisa, bør det nyttast farge med same verknad som mørk grå eller militærgrøn.
Vindauge skal vera i same farge eller tilnærma same farge som vegg.
Det blir ikkje sett særskilte krav til innvendig utforming.
Illustrasjonen viser døme på korleis ei ny bu kan leggjast inntil og ned i terrenget. Forblenda med naturstein og
tekt med torv blir ho lite synleg. Illustrasjonen er også eit døme på korleis det kan setjast opp to
bygningskroppar (med til saman 45 kvm) som ofte kan vera ei betre løysing med tanke på fjernverknad enn eitt
stort bygg. Denne utforminga har trekk frå byggeskikken på vidda. Illustrasjonen er henta frå Buer på vidda.
Handbok i vøling av buer på Hardangervidda utgjeve av Riksantikvaren og Miljødepartementet (1983).
Illustrasjonen viser døme på oppbygging av ein ny bygning, forblenda på utsida med tørrmur i naturstein.
Denne utforminga har trekk frå byggeskikken på vidda. Illustrasjon frå Buer på vidda. Handbok i vøling av buer
på Hardangervidda utgjeve av Riksantikvaren og Miljødepartementet (1983).
43
NIKU Oppdragsrapport 136/201
7 Oppfølgjande tiltak
I gjeldande forvaltingsplan (2011) er det peikt på fleire viktige oppfølgjande tiltak for forvalting av
verneområda, i tillegg til utarbeiding av kulturminneplan:
•
•
•
•
Utvikle plan/system for overvaking av verneområda, inklusiv kulturminne. Dei fleste andre
nemnde oppfølgjande tiltak er foreslått innarbeidde i ein slik overvakingsplan. Overvakinga
skal dokumentere tilstand, påverknad og tiltak som grunnlag for ei heilskapleg
miljørapportering av verneområda.
Informasjonsplan for å dekkje informasjonsbehov om verneformål, verneverdiar og
godkjente brukarinteresser. Dette omfattar mellom anna informasjon om dei særskilte
tilhøva i Hardangervidda nasjonalpark, å utpeike stader og lage plattformar for informasjon
(internett, innfallsportar til verneområda, brosjyremateriell m.m.), rettleiing til besøkande,
skular og barnehagar m.m.
Utarbeide ein kortversjon av forvaltingsplanen som informasjon til søkjarar om byggjeløyve
og motortransport.
Utarbeide skjema for forenkla driftsplan for eigedomar og andre einingar for søknader om
byggjetiltak og motorferdsel.
Vi støttar oppfatninga om at det er behov for desse oppfølgjande tiltaka, både når det gjeld
overvaking, informasjon og rettleiing for eigarar og brukarar. Vi meiner at ein kulturminneplan kan
omfatte alle desse punkta når det gjeld kulturminne. For å få til dette på ein tilfredsstillande måte,
rår vi til følgjande:
•
•
•
•
Jamnleg og syklisk overvaking. For bygningar kan det vera naudsynt å registrere
endringsgrad i tillegg til tilstand, påverknad og tiltak. Registreringa kan gjerast som i
programmet til Riksantikvaren for SEFRAK-kontrollregistrering, slik det vert utført kvart femte
år i utvalde kommunar. Der vert det registrert om bygningar er uendra/endra (i stor, middels,
liten grad), om dei er tapte, kva tilstand dei er i (intakt, truga, sterkt truga, falle i ruin) og med
meir spesifiserte underkategoriar av endring, slik som til dømes tilbakeføring til opphavleg
uttrykk m.m. 6 For ei systematisk og ressurssparande overvaking av ei større mengd
kulturminne kan det vurderast å ta i bruk flybore laserskanning (LiDAR).
Forbetre, kontrollere og samkøyre bruk av Askeladden for registrerte kulturminne og
kategoriar av kulturminne på Hardangervidda. Det kan vera føremålstenleg å utarbeide ei
handbok for verdivurdering av kulturminne, ikkje minst for bygningar, saman med ei
rettleiing for innføring av data i Askeladden, slik at registreringane skjer på ein einskapleg
måte. Eit prøveprosjekt med digital registrering (nettbrett) på staden med moglegheit for
automatisk in situ innlegging av foto og teikning av kulturmiljø, slik som skjer i Modum i
Buskerud (i samarbeid med firmaet Geomatikk), bør vurderast for Hardangervidda.
Gjennomføre ytterlegare registreringar av kulturminne på Hardangervidda.
Finne ut kor gamle dei registrerte kulturminna i verneområda er for å avklare fredingsstatus
6
Sidan 2010 har NIKU oppdrag for Riksantikvaren med miljøovervakingsprogrammet kalla Gamle hus da og nå.
NIKU har også hatt overvakinga av tilstanden til arkeologiske kulturminne på oppdrag for Riksantikvaren.
44
NIKU Oppdragsrapport 136/201
•
•
•
•
•
•
•
•
Dokumentere karakteren, historikken og tilstanden til ståande steinbuer. Dette gjeld også
korleis steinbuer med doble veggar og jord imellom bør handterast. Det kan vere usikkert om
buene har hatt takutstikk eller ikkje. Begge takformer kan, på kvar sine måtar, ha både
positive og negative konsekvensar for buene.
Dokumentere historikken til fjellstovene/turisthyttene og finne praksis for å bevare og
forvalte dei på best mogleg måte utifrå historia deira og med omsyn til landskapet
Dokumentere byggjeskikken på Hardangervidda, inklusiv regionale skilnader, som grunnlag
for forvalting etter den komande kulturminneplanen
Identifisere ressursbehov for tiltak med omsyn til skjøtsel, vedlikehald og utbetring av
kulturminne som delgrunnlag for prioritering.
Utarbeide skjøtselsplanar for utvalde kulturminne/kulturminnekategoriar.
Informasjon om søknadsprosess, rutinane i sakshandsaminga og kva tiltak som er tillatne
når det gjeld kulturminna. Folkemøta viste kor viktig informasjon om kulturminna til eigarar
og andre brukarar er, og at det er forvirring med omsyn til sakshandsaminga når det gjeld kva
instans hos styresmaktene som har ansvar for kva, og kva som er tillate tiltak. Det bør
informerast om kva ein kan forvente å få løyve til, kva instansar hos styresmaktane ein må
kontakte, kva som er kravd dokumentasjon, kor lang tid sakshandsaminga er forventa å ta, og
at ein kan be om førehandskonferanse med styresmaktene før ein eventuelt engasjerer
arkitekt.
Utvide byggjerettleiaren med konkrete tekniske løysingar og tilrådd detaljering og
materialbruk med omsyn til bygningar
Lage informasjonsopplegg for kulturminna, mellom anna med informasjonsskilt og
eventuelt brosjyrer o.l.
45
NIKU Oppdragsrapport 136/201
8 Litteratur og kjelder
Bitustøyl, Kjell 2013: Rapport frå prosjektet “Dokumentasjon av sørsamisk kultur sør for
Jotunheimen”. Upublisert
Brekke, Nils Georg 1978: Byggetradisjonar på Hardangervidda, Fjell og Vidde. Den Norske
Turistforening. Årbok 1978.
Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda. Riksantikvaren og
Miljøverndepartementet. Oslo, 1983.
Forskrift om vern for Hardangervidda nasjonalpark - Odda, Ullensvang og Eidfjord kommunar,
Hordaland, Vinje og Tinn kommunar, Telemark, Hol, Nore og Uvdal kommunar, Buskerud.
Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde, 2011. Utgjeve av
Fylkesmennene i Telemark, Buskerud og Hordaland.
Innst. S. nr. 361 (1978-79): Om Hardangervidda. Stortinget.
Kulturminnelova [Lov om kulturminner]. Klima- og miljødepartementet.
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1978-06-09-50
Miljødirektoratet og Riksantikvaren 2015: Kulturminner i områder vernet etter naturmangfoldloven.
Oslo/Trondheim.
Miljødirektoratet. Rundskriv om forvaltning av verneforskrifter. Veileder M106-2014.
NOU 1974: 30 A: Bruken av Hardangervidda. Oslo: Miljøverndepartementet.
NOU 1974: 30 B: Hardangervidda – natur, kulturhistorie, samfunnsliv: frå et utval ved kongelig
resolusjon 20. august 1971, utredningen avgitt 21. juni 1974. Oslo: Miljøverndepartementet.
NOU 2004: 28: Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold (Naturmangfoldloven).
Utredning fra et utvalg oppnevnt ved kongelig resolusjon 20. april 2001. Avgitt til
Miljøverndepartementet 7. desember 2004. Oslo.
Riksantikvaren 2015: Fredningsstrategi. Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen.
Oslo: Riksantikvaren.
Rettleiar for byggesaker i verneområde på Hardangervidda. 2011. Utgjeve av Fylkesmennene i
Telemark, Buskerud og Hordaland i samband med Forvaltningsplanen for Hardangervidda
nasjonalpark med landskapsvernområde. https://www.fylkesmannen.no/Documents/%20
Dokument%20FMTE/Milj%C3%B8%20og%20klima/Forvaltningsplaner/Hardangervidda%20vedlegg_6_-_Rettleiar_for_byggesaker_-_revidert.pdf
St. mld. nr. 43 (1978-79): Om Hardangervidda. Oslo: Miljøverndepartementet.
46
Norsk institutt for kulturminneforskning er eit uavhengig forskingsog kompetansemiljø med kunnskap om norske og internasjonale
kulturminne.
Instituttet driv forsking og oppdragsverksemd for offentleg
forvalting og private aktørar på felt som by- og
landskapsplanlegging, arkeologi, konservering og bygningsvern.
Våre tilsette er konservatorar, arkeologar, arkitektar, ingeniørar,
geografar, etnologar, samfunnsvitarar, kunsthistorikarar, forskarar
og rådgjevarar med spesiell kompetanse på kulturarv og
kulturminne.
www.niku.no
NIKU Oppdragsrapport 136/201
NIKU hovudkontor
Storgata 2
Postboks 736 Sentrum
0105 OSLO
Telefon: 23 35 50 00
NIKU Tønsberg
Farmannsveien 30
3111 TØNSBERG
Telefon: 23 35 50 00
NIKU Bergen
Dreggsallmenningen 3
Postboks 4112 Sandviken
5835 BERGEN
Telefon: 23 35 50 00
NIKU Trondheim
Kjøpmannsgata 1b
7013 TRONDHEIM
Telefon: 23 35 50 00
NIKU Tromsø
Framsenteret
Hjalmar Johansens gt. 14
9296 TROMSØ
Telefon: 77 75 04 00