Telenor Xtra Hødd

Telenor Xtra Hødd
Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit
utviklingsorientert og godt miljø.
Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og
Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld for alle gutar og
jenter i alderen 8-12 år. Fotballaktiviteten er sentral,
men er utforma som eit supplement til den vanlige
fotballtreninga på ettermiddagen. I tillegg til den fysiske
aktiviteten, blir det satt fokus på kosthold, pedagogisk
kyndig leksehjelp, fair play og trening av sosiale
ferdigheiter også utanfor idrettsbana. Borna skal bli
Foto: NFF
utfordra på samarbeid, sjølvstendigheit, ansvar og
planlegging. Leiar for Telenor Xtra prosjektet er tidligare
landslagsspelar Halvar Thoresen.
Telenor Xtra Hødd Fotballfritidsordning følgjer
skuleruta, dvs. ikkje FFO i feriane eller på dagar der
borna har fri frå skulen.
Vedtektene for Hødd FFO finn du på vår heimeside
www.hodd.no under fana «Sport»
Søknadsfrist
Fristen for å melde seg på Telenor Xtra Hødd
Fotballfritidsordning frå august 2015 er 1. april.
Send søknad til
E-post: [email protected]
Telefon: 99 54 21 59
Adresse: Høddvegen 30
Post: Postboks 248, 6067 Ulsteinvik
1
Telenor Xtra Hødd FFO
Tilbod
IL Hødd Fotball starta opp fotballfritidsordning i 2007 med
suksess. Fem år seinare, i 2012, valte klubben å bli med på
Telenor Xtra konseptet til Norges Fotballforbund.
2. – 4. klasse: 2 eller 3 dagar
Klubben har det siste året jobba med å styrke opplegget rundt
FFO, slik at vi kan tilby eit betre opplegg for deltakarane frå
Pris:
august 2015. Dette betyr at organiseringa, innhaldet og
2 dagar: kr.1100,- pr. mnd.
aktiviteten blir styrka. Ein viktig brikke er tilgangen til nye
Ulsteinhallen.
Endringar frå august 2015:

Utvida opningstider til kl.16.30

Tilbod til elevar frå alle dei fire skulekrinsane i
kommunen

Tilsette FFO leiar og sportsleg leiar

Styrka kompetanse på trenarar og instruktørar

Aktiviteten skal vere betre tilpassa barna

Frileik kvar dag

Ein dag med allidrettt for dei minste (2.-4. klasse)

Bruk av nye Ulsteinhallen

“Keeperprosjekt” for dei som ynskjer det

Målsetjing om eigne jentegrupper

Betre kvalitet på måltidet

Nyheitsbrev ein gang i månaden
Litt om dagen på FFO
Borna vert henta på skulen (Ulsteinvik, Ulstein, Hasund Haddal)
etter skuleslutt med buss/ minibuss,. På Høddvollhuset vert dei
3 dagar: kr.1500,- pr. mnd
Matpengar på kr.75,- kjem i
tillegg.
Totalpris 2 dagar: 1175,- pr
mnd
Totalpris 3 dagar: 1575,- pr.
mnd
Syskenrabbatt (gjeld også
FFO 5.-7. klasse)
Frå barn 2 og oppover: 25 %
Foreldre får foreldrefrådrag
på skatten for pass av barn
etter skatteetaten sine
reglar.
Alle som deltek på Telenor
Xtra Hødd FFO får i tillegg
25% rabatt på alle
fotballskular som Hødd
arrangera.
teken i mot av vaksne instruktørar. Her ventar eit sunt måltid,
aktivitet i Ulsmohallen/ Ulsteinhallen/Nærmiljøet og leksehjelp/
frileik.
2
Frileik
Frileik har som formål å heve kvaliteten på dagens tilbod. Etter vi har gjennomført dagens treningsøkt i
Ulsmohallen vil ungane få en pause med litt frukt og drikke på Høddvollhuset. Frå ca. kl.15.15 – 16.00 vil borna
kunne velje aktivitet.
Borna har da valet mellom å drive eigenaktivitet i Ulsteinhallen eller ute om veret er godt, eller aktivitetar på
Høddvollhuset. Ulsteinhallen gir oss gode moglegheiter til svært variert aktivitet for barna. På Høddvollhuset er
tilbod for dei som har meir behov for «å roe ned». Døme på aktivitetar kan vere leksehjelp, teikning og brettspel.
Det er sjølvsagt alltid vaksne tilstade ved frileik.
Kvifor er frileik viktig?
Frileik er viktig for borna si eiga utvikling og stimulera til eigenaktivitet utan at ein skal bli fortalt kva ein skal gjere
gjennom heile dagen. Her er det opp til borna sjølve å velje og skape aktivitet!
Allidrett
For dei yngste legg vi stor vekt på ein variert aktivitet. Vi vil difor ha minst ein allidrettsdag i veka. Det blir laga eit
oppsett over kva som vil vere denne vekas allidrett. Vi vil prøve å ha eit stort sprik i aktivitetar, men samstundes
ha noko meir av dei andre store idrettane i kommuna, som friidrett, handball og turn med fleire. Vi i FFO, jobbar
med å organisere samarbeid med desse idrettane for å sikre best mogleg kvalitet på allidrettsdagane.
Reglar
Vi har også enkelte reglar som borna må følgje når dei deltek på FFO.
Dersom ein deltakar bryt ein regel, vil han eller ho få ei åtvaring i form av eit gult kort. Om deltakaren fortsetter å
bryte reglar etter han eller ho har fått gult kort same dag, vil det medføre raudt kort. E-post blir sendt heim med
grunngjeving til raudt kort
3
Kva kan vi tilby
Ansvarlege
Telenor Xtra Hødd FFO er eit tilbod for
alle og ikkje kun dei som spelar fotball.
Vi legg til rette for andre aktivitetar enn
fotball minst 1 dag i veka. Dette kallar vi
allidrettsdagar.
Telenor Xtra Hødd FFO brukar i dag
instruktørar frå A-laget og UVS.
Sportsleg leiar har ansvaret for innhaldet
i treningsøktene. I tillegg følgjer han opp
daglig instruktørane frå A-laget og sikrar
at opplegget blir gjennomført med best
mogleg kvalitet.
Tilbodet gjeld for alle gutar og jenter frå
2.kl. – 4.kl., og vi tilbyr transport for
borna etter skuleslutt.
Telenor Xtra Hødd
Fotballfritidsordning
følgjer skuleruta til
Ulstein kommune.
Leiar:
Alle borna får ein
utstyrspakke frå
Telenor Xtra.
Pakken inneheld
bag, shorts,
strømper, skjorte og
ein treningsdress.
Fotballutdanning: UEFA-B lisens
Vi tilbyr eit sunt
måltid kvar dag.
Aslak Falch
Allsidig trening som
mellom anna
inneheld
koordinasjon,
hurtigheit og
balanse.
Vi fokuserer på
trivsel, læring og
meistring og har
som mål at ALLE
skal oppleve ekte
idrettsglede!
André Aurvåg Gardshol, bachelor i Sport
Management.
Det vil bli tilsett ein sportsleg leiar .
Instruktørar:
Aslak vil ha ansvar for gjennomføringa
av øktene i “keeperprosjektet.
Michael Karlsen og Eirik Ulland
Andersen.
Michael og Eirik vil ha ansvar for
gjennomføringa av fotballøktene.
I tillegg stiller 4-6 instruktørar frå Ulstein
vidaregåande skule. Elevane ved UVS vil
bidra når borna har frileik.
Har du spørsmål?
Send e-post til [email protected] eller
på telefon 99 54 21 59.
4
Anlegg
Ulsmohallen
Ulsmohallen
Vår hovudarena på FFO er Ulsmohallen. Her er vi sikra gode forhold uansett vær.
Kunstgrasbana
Enkelte av treningane vil gå på kunstgrasbana på Høddvoll.
Gamle Høddvoll stadion
Om våren/ hausten tek vi i bruk gamle Høddvoll stadion til
ulike aktivitetar. Dette kan vere friidrett eller orientering.
Tarebingen
Enkelte av treningane vil gå i Tarebingen på Høddvoll.
Ulsteinhallen
Ulsteinhallen er tenkt til frileik. Det vil seie alternative
aktivitetar som inne-bandy, handball, kanonball, friidrett osv.
5