Tusseladdane november 2016 PDF, 196 kB

Askeladden Barnehage
Månadsplan for Tusseladdane
Desember 2016
Veke
48.
Måndag
Tysdag
49.
5.
Temasamling:
Jul
6. Frileik
50.
12. Frileik
Tema: Jul og Advent
Fagområde: Etikk, religion og filosofi
Sosialkompetanse: Sei fine ting til kvarandre
Onsdag
Torsdag
Fredag
1. Frileik
2. Frileik
7.
Me baker
julekaker
8. Frileik
Møtedag
9. Frileik
13. Frileik
14.
Nissefest på
loftet!
15. Frileik
Me ønskjer alle
Tusseladdar m/familie
ei fredeleg jul
&
eit godt nytt år
Me baker
julekaker
Møtedag
16. Frileik
Foreldrekaffi på
loftet
14.00-15.30
51.
19.
Temasamling:
Jul
20. Frileik
21. Frileik
22. Frileik
23. Frileik
52.
26. 2.juledag
27. Frileik
28. Frileik
29. Frileik
30. Frileik
Barnehagen
stengt!
Då hadde me kome til desember, kanskje den koselegaste månaden i barnehageåret.
Me tar ein pause i temaarbeidet med klatremus og hakkebakkeskogen, og fokuserer kun
på jul og advent denne månaden. Julegåveproduksjonen er allereie godt i gang på
avdelinga, så de foreldre har mykje å gleda dykk til. Me skal og baka julekaker i
desember som både me og dykk skal få smaka på.
I desember ønskjer me å ha fokus på førjulstida, med kos, julesongar, bøker, tenna
adventslys og trekka kalender.
Onsdag 14. desember skal me ha Nissefest i barnehagen. Då er me Tusseladdar og
Småtroll inviterte opp på loftet på samling, leik og graut, og kanskje får me besøk av
nissen?? Dei som vil kan ha på seg nisseklær/ lue denne dagen.
Fredag 16. desember inviterer me på foreldrekaffi på loftet frå kl. 14.00-15.30. Då kan de
ta med foreldre, besteforeldre, søsken og andre for å koma og smaka på den gode
julebaksten vår. Velkommen!
Mål for desember:
Kristine går ut i barselpermisjon 30.desember, ho gler seg sjølvsagt til eit spennande år
heime, men kjenner det blir vanskeleg å gje slepp på alle dei gode Tusseladdane eit heilt
år. Heldigvis er dei i trygge hender sjå Helle, Hanne og Elin. Elin, som kjem inn for
Kristine, har vore ein del vikar på avdelinga no i vinter medan Kristine har gått kortare
dagar. Ungane har allereie blitt litt kjent med ho, noko som er veldig positivt for alle
parter.
Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi
skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap
til kristne høytider og tradisjoner og tradisjoner
knyttet til høytider i religioner og livssyn som er
representert i barnegruppen (rammeplanen
2011).


Få kjennskap til
juletradisjonane me har i
barnehagen gjennom
baking, julesonger og
nissefest på loftet.
Bli kjent med julebodskapen
gjennom adventsamlingar
og temasamlingar
Til slutt vil me ønska alle Tusseladdane og deira familiar ei fredeleg jul og eit godt nytt år!
Helsing Kristine, Hanne og Helle 
Kontoradresse:
Stokkalandsveien 2
4363 BRUSAND
Postadresse:
Stokkalandsveien 2
4363 BRUSAND
Tlf. Tusseladdane: 99 21 48 79
Telefon:
51 43 94 80
Org nr:
975 212 289