Årsmelding 2014 - Bømlo kyrkjelege fellesråd

LYKLING SOKNERÅD
Årsmelding 2014
Lykling sokneråd si samansetjing i 2014:
Elisabeth D. Bjørnevik
Margunn Ersland
Oskar Ersland
Johanna Seim Hjelland
Grethe Hidle Kallevåg
Kjell Olav Thorsland
Roald Drønen
Roald Magne Stautland
Else Irene S. Ldden
Olav Væhle Hauge
leiar
nestleiar
kasserar
sekretær
styremedlem
styremedlem
styremedlem/sokneprest
1.varamedlem, møter fast
2.varamedlem
3.varamedlem
Andre verv og nemnder:
Representantar til Bømlo kyrkjelege fellesråd:
Elisabeth Bjørnevik.
Roald Stautland
1.varamann: Oskar Ersland
2.varamann: Margunn Ersland
Diakonikontakt
Grethe Hidle Kallevåg,
Kirkens Nødhjelp - kontakt:
Grethe Hidle Kallevåg
Ansvar for kyrkjevertar
Kjell Olav Thorsland
Forsongar/ kyrkjemusikkontakt:
Kjell Olav Thorsland
Kyrkjeskyss
Gunhild Pedersen
Konfirmantarbeid/Kimen:
Elisabeth Bjørnevik,
Alfhild Hestenes
Kjell Olav Thorsland
Bibellagskontakt:
Alfhild Hestenes
Estlandskomiteen
Anne Grete Espevik
Lokalt trusopplæringsutval:
Trygve Leigland
Margunn Ersland
Roald Stautland
Arild Selle
.
1
Besøksteneste på Bømlo sjukeheim ca ein gong i månaden. Frå Lykling sokn er desse med:
Ingebjørg Ersland, Sigfrid Løkling , Emma Løkling, Gunvor Stautland og Toril Thorsland.
Ansvar for kyrkjekaffi: Else Irene Sakseide Lodden, Emma Løkling, Jane Løkling, Irene
Dybsland, Kari Steinsvåg og Toril Thorsland
SOKNERÅDSARBEIDET
 I 2014 har Lykling Sokneråd hatt 10 møte og handsama 65 saker.
 Soknerådet har ansvar for budsjett, rekneskap og årsmelding. Dette vart lagt fram og
godkjent på årsmøte 23.03. 2014
 Soknerådet har ansvar for tildeling av offer ved gudstenestene.
 Soknerådet har handsama høyringsutkast vedrørande skilje stat/kyrkje
 Lykling sokneråd har førebudd trusopplæringskurs for vaksne.
 Lykling sokneråd er valnemnd for nytt soknerådsval 2015
Konfirmantarbeid





Den 6.april arrangerte me konfirmantfest i Finnås bedehus
Soknerådet har ansvar for miljøtiltak for konfirmantane. Dette arbeidet vert arrangert
gjennom ”Kimen”. Soknerådet har og støtta ”Kimen” økonomisk.
Konfirmantane har frå dei vart innskrivne delteke i ulike oppgåver.
I samarbeid med konfirmantane gjennomførte soknerådet Kirkens Nødhjelp sin
fasteaksjon før påske med særs godt resultat.
Konfirmantane hadde ein svært vellukka tur med ”Statsraad Lemkuhl” Kjell Olav
Thorsland var med som konfirmantleiar.
Tårnagenthelg og ”Lys vaken”
I mars arrangerte me tårnagenthelg for 8-åringar i soknet vårt. Det var fin
oppslutning, og ei svært vellukka helg.
Helga 6-7 desember hadde me ”Lys vaken”- arrangement for 6.klassingane i soknet
Desse tiltaka er ein del av satsingsområdet i den nye trusopplæringsreforma, og me
ønskjer at dei skal bli gode tradisonar her i Lykling.
Spesielle gudstenester og temakveldar





Den 4.april arrangerte me fredsgudsteneste saman med Bømlo Folkehøgskule.
Skjærtorsdags kveld hadde me skjærtorsdagsmåltid i kyrkja.
Soknerådet hadde medansvar ved gudstenesta i Moster Amfi i samband med 200årsjubileet for grunnlova i pinsehelga.
15.juni arrangerte me friluftsgudsteneste i Helvik i samarbeid med med Sverre Leon
Larsen og Kormix, kystlaget og turlaget . Som takk for det gode samarbeidet har me
kjøpt ein trebenk som Sverre Leon kan ha i Helvik, og som kan inspirera til denne
gode tradisjonen.
I samband med NMS sitt områdestemne hadde me misjonsgudsteneste 24.august
Me hadde og ansvar for Kanaldagsgudstenesta i september.


23.april: Temakveld med Bjarte Stubhaug.
30.oktober: Temakveld med Haldis Reigstad.

.
2
Song og musikk:
Innføring av ny salmebok er ei av dei store hendingane i kyrkja i 2014. I
Lykling har dette arbeidet vore i gode hender hos kantor Jostein Molde.
Etter gudstenesta 23. februar vart det halde soknemøte der han orienterte
om den nye salmeboka, og i gudstenesta den 17. august vart boka teken i
bruk i Lykling kyrkje.
Under Jostein Molde si leiing har forsongar gruppene og kyrkjelyden hatt
fleire øvingar for å bli kjende med innhaldet i den nye boka.
Ordninga med forsongargrupper fungerer framleis godt og er av stor
verdi.




Musikkarrangement:
Salmekveld 16.februar: Me lærer/syng salmar frå den nye salmeboka.
Påskesongen palmesundag vart gjennomført etter same opplegg som
før.
Salmekveld 16.november: Brorson-kveld 250 år etter at salmediktaren
døydde. Jostein Molde fortalde om Brorson. Salmevalet vart delt mellom
Brorson og nye salmar frå Norsk Salmebok.
Me syng jula inn 14.desember. Mange aktørar og stort frammøte.
 Song/kulturkveld 16.mars med besøk frå Fitjar
 Julekonsert 30.november ved Eirin Spilde og Einar Martin Løkling.
Minnelund og gravplass
Når det gjeld minnelunden, har soknerådet meldt frå til kyrkjeverja at me
ønskjer desse endringane: Utvida felt, dekorstein på heile feltet, nytt
flaumlys. Plate er bestilt.
Etter mange innspel og møte når det gjeld gravplassen, gjekk Lykling
sokneråd inn i 2015 med ei tilfredsstillande løysing på denne saka.
Investeringsønske for 2015-2018, større prosjekt.
 Asfaltering av parkeringsplassen
 Oppgradering av bårehuset
 Fiksa vannposten og oppgradera miljøstasjonen.
 Vurdera utviding av parkerigsplass.
Tilsetjingar:
Liv Merete Fylkesnes Pedersen er tilsett som ny kyrkjelydspedagog.
.
3
STATISTIKK. (utarbeidd av soknepresten).
Døypte
Konfirmerte
Kyrkjeleg vigsel
Gravferder
Gudstenester
Musikkandaktar, konsertar
Innmelde i Den Norske Kyrkja
Utmelde frå DNK
Deltaking ved alle gudstenester
2014
20
9
3
7
31
6
0
0
2493
2013
18
5
0
17
31
6
0
1
2451
Økonomi: Det vert vist til rekneskapen.
Soknerådet vil takka alle trufaste medarbeidarar for innsatsen i 2014.
Soknerådsleiaren vår, Elisabeth Bjørnevik, har vore sjukemeld frå september, og i denne tida
har nestleiar Margunn Ersland fungert som leiar.
Margunn Ersland, fungerande leiar
Oskar Ersland, kasserar
Johanna Seim Hjelland, sekretær
4