Planident 19242014001 Områderegulering for

Målselv kommune
Arkiv:
Saksmappe:
Saksbeh.:
L12
2014/1189
Astrid Fjose
Saksfremlegg
Særutskrift - Planident 19242014001 Områderegulering for turløyper
Målselv Fjellandsby-Rognmoskaret
Utvalgssaksnr.
60/2015
Utvalg
Plan- og næringsutvalget
Møtedato
08.09.2015
Referanser:
Vedlagte bilag:
 Plankart datert 8.9.2015
 Planbestemmelser 25.8.2015
 Planbeskrivelse med KU, 8.9.2015; vert lagt fram i møte
 ROS- analyse Skiløype Målselv fjellandsby – Rognmoskardet; vert lagt fram i møte
Utrykte bilag:
 Referat frå dialogmøte 12.3.2015
Bakgrunn:
Målselv kommune varsla oppstart av planarbeid for Planident 19242014001 Områderegulering for turløyper Målselv Fjellandsby – Rognmoskardet 1.august 2014 og ba om
innspill og merkander til planarbeidet.
Planprogram vert lagt fram for plan- og næringsutvalget i møte 8.9.2015 med forslag om
endeleg vedtak.
Reguleringsplankart og bestemmelsar samt planbeskrivelse med KU er utarbeida etter føringane
som her er gjeve.
Utredning og vurdering:
Planforslaget bygger på skiløypetrasé slik den i dag prepareres frå Blånisselandet i Målselv
fjellandsby via Rognmoskaret til Benkan ved Hompen og videre til Helgemauken. Dette er i tråd
med dei føringane som reindriftsnæringa samtykker til i reguleringsplan for Målselv fjellandsby;
pkt 2.4 Hensyn til reinbeite.
Turløypa er i tråd med sport- og fritidstilbudet til Målslev fjellandsby og eit viktig tilbud for
reiselivsdestinasjonen og for lokalbefolkninga. For å ivareta næringsinteressene til reindrifta og
landbruket er det viktig at denne tilrettelegginga skjer i regulerte former som ivaretar dei ulike
interessegruppene.
Ein viktig føresetnad for å få dette til er at løypenettet forheld seg til føringane frå reindrifta og
at grunneigarane samtykker til den tilrettelegginga som er nødvendig for nettopp eit slikt
løypenett. Reguleringsplanforslaget søker å forena dette med å legga løypene slik reindrifta
ønsker, og legga inn noko spredd fritidsbebyggelse slik grunneigarane ynskjer. Eit alternativ
utan samtykke frå grunneigarane er utreda som 0-alternativet utan fritidsbebyggelse og utan
tilrettelagte løyper. Eit alternativ med løyper og utan fritidsbebyggelse er ikkje utreda. Dette
med bakgrunn i at det ikkje er samtykke frå grunneigarane for slik tilrettelegging og dermed
ikkje noko grunnlag for å utarbeida eigen reguleringsplan.
Planen er såleis eit kompromissforslag der omsyna vert søkt tatt vare på for alle partar.
Vektinga av konsekvensane dette får for dei ulike interessene, samt naturmiljø og kulturminner,
er beskreve i Planbeskrivelse med konsekvensutrening kapittel 4. Samanstilt gjev dette ein litt
større «liten negativ konsekvens» for 0-alternativet.
Samla vurderer rådmann at tiltaket i planforslaget, alternativ 1, ikkje vert til vesentlig ulempe
korkje for landbruksinteressene eller reindriftsinteressene.
Planen stadfester skiløypa slik den har var tenkt i utgangspunktet for å redusera omfanget av uro
inn mot viktige vinterbeiteområder for reindrifta. Ved å ta i bruk anleggstraseen som vert bygt i
samband med bygging av 420 kV-linja frå Ofoten til Balsfjord oppnår ein også ei tilrettelegging
for barmarksesongen. Fyrste del er universelt tilrettelagt med gang- og sykkelveg.
Hytteområda er trekt godt unna det opne landskapsrommet løypa går i; område 1 tett inntil lifoten av Helgemauken og område 2 på eit lågare nivå utanfor synsranda for turgåarar og
beitedyr.
Rådmann vurderer planforslaget som ei balansert og nøktern tilrettelegging inn i eit område som
har mange ulike interesser.
Under henvisning til ovenstående vil rådmannen anbefale at Plan- og næringsutvalget gjør
slikt
vedtak:
Forslag til områderegulering for turløyper Målselv fjellandsby – Rognmoskardet, Planident
1924201400, vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn jf § PBL 12-10 og FOR-2014-12-191726 § 8.
Saksprotokoll i Plan- og næringsutvalget - 08.09.2015
Behandling:
Rådmannens innstilling ble enstemmig vedtatt.
Vedtak:
Forslag til områderegulering for turløyper Målselv fjellandsby – Rognmoskardet, Planident
1924201400, vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn jf § PBL 12-10 og FOR-2014-12-191726 § 8.