TOKKE ARBEIDERPARTI

KOMMUNEVALPROGRAM
TOKKE ARBEIDERPARTI
2015 – 2019
Hilde Alice Vågslid
Ordførarkandidat
Kjell Magne Grave
Varaordførarkandidat
Hilde er 49 år og har fylgjande politisk erfaring:
•1 periode som ordførar
•7 periodar i kommunestyret
•5 periodar i formannskapet og administrasjonsutvalet
•2 periodar som leiar av administrasjonsutvalet
•1 periode i teknisk utval
Kjell Magne er 55 år og har fylgjande politisk erfaring:
•1 periode som varaordførar
•3 periodar i kommunestyre
•1 periode i formannskapet og
leiar av administrasjonsutvalet
•1 periodar i teknisk utval
•1 peride i hovudutval for undervisning
•2 periodar i forliksrådet
Arbeiderpartiet.no
«Handlekraftig,, stolt og synleg i eit trygt fellesskap»
Nærmiljøet og lokalsamfunna er rammene for liva
våre. Me trur på sterke fellesskapsløysingar, fordi me
får til meir saman enn kvar for oss.
I Tokke ynskjer me heile tida velferdstenester i
endring, som tek opp i seg nye behov og nye
verkemiddel i tråd med utviklinga.
I utviklinga av Tokke skal me vere kunnskapssøkande.
Me ynskjer at alle dei som høyrer til lokalsamfunnet
skal vere med å utvikle det. Derfor vil me invitere
innbyggjarane våre inn i diskusjonane, både som
parti og som lokalt folkevalde. Innbyggjarane er
lokalsamfunnet!
Tokke Arbeiderparti vil sikre ein god og brei prosess
i samband med kommunereforma, ved å involvere
innbyggjarane våre. Gode samarbeidsløysingar med
dei andre kommunane i Vest-Telemark er eit godt
alternativ.
Næring, arbeidsliv og verdiskaping
Attraktive arbeidsplassar er ein grunnleggjande
føresetnad for å halde oppe og auke innbyggjartalet.
Vi skal gå i front for at Tokke skal bli ein kommune
som er aktiv som utviklingsaktør og tilretteleggjar.
Tokke Arbeiderparti vil
• at kommunen som samfunnsutviklar skal utarbeide
ein nærings- og sysselsetjingsplan, i samarbeid
med lokalt næringsliv
• sikre ei etablering og utvikling av ny næringshage
på Dalen
• vere aktive i arbeidet med å få aktivitet på
næringsområda
• ruste opp vegane til næringsområda
• innføre ein meir kritisk bruk av næringsfondet,
mellom anna ved å spisse det til å gjelde
verksemder som Tokke treng og som skapar/
tryggar arbeidsplassar
• vidareutvikle Tokke som turistmål og stimulere til eit
heilårs overnattingstilbod i kommunen
• ha meir utbygging og større aktivitet på
Hallbjønnsekken
• synleggjere turstigar, bryggjeområda,
Telemarkskanalen, Dalen Hotel, musea osv. med
god marknadsføring
• gå i front for kampen mot sosial dumping, svart
arbeid og arbeidslivskriminalitet.
Landbruk er ei viktig næring i kommunen, og har
mykje å seie for busetnaden i grendene. Det er stadig
større fokus på, og etterspurnad etter lokalproduserte
matvarer. Dette er med på å gje oss matkvalitet og
bidreg til betre dyrevelferd.
Tokke Arbeiderparti vil
• vere ein støttespelar for eit aktivt og levande
landbruk i Tokke
• halde fram med støtteordningane for landbruket
• sikre eit landbruk som tek vare på kulturlandskapet
• halde på konsesjonsgrense 0
• verne om dyrka/dyrkbar jord og biologisk mangfald
gjennom arealdisponering
Samferdsel
Det er eit stort behov for å betre vegane og
infrastrukturen i og til Tokke.
Tokke Arbeiderparti vil
• ha eit godt sommar- og vintervedlikehald på
kommunale vegar
• vere pådrivarar for arbeidet på E134 over Haukeli
• få vegen Høydalsmo – Dalen inn i fylket sine
vegplanar
• vere pådrivarar for høgfartsbane over Haukeli
• få heilårsveg over Suleskar inn i Nasjonal
transportplan
Oppvekst- og levevilkår
Ein god skulegang for alle er det aller viktigaste for å
nå Arbeiderpartiet sitt mål om eit rettferdig og godt
samfunn. Alle skal ha likt høve til å utvikle sine evne,
til arbeid og til å leve gode liv.
3. Solbjørg Frantzen,
Åmdals Verk
4. Olav Storåslid,
Skafså
5. Mona Sofie Skafså,
Skafså
6. Olav Godtland,
Dalen
7. Anne Gro Damkås,
Høydalsmo
8. Vidar Vindal,
Dalen
9. Siv Skogheim
Byrte
10. Tor Øystein
Gravdal, Dalen
11. Sigrunn Skare,
Åmdals Verk
12. Håvard Ole
Holstaa, Dalen
13. Randi Eikåsen,
Dalen
14. Romeo Adolphus
Brown, Dalen
Bornehage - Tokke Arbeiderparti vil
• halde ved lag full barnehagedekning
• starte arbeidet med planlegging av ny barnehage i
Høydalsmo og få den inn i økonomiplanen
• sikre at born som treng ekstra hjelp skal få
det så tidleg som råd og ha stort fokus på tidleg
innsats
Skule - Tokke Arbeiderparti vil
• at Tokkeskulen skal vere ein mobbefri arena som
satsar på kunnskap gjennom god læring og ein god
skulekvardag
• ha fokus på eit godt heim-skule samarbeid
• gje elevane i Tokke ein kvalitativ og heilskapleg
skuledag, med måltid, leksehjelp og fysisk
aktivitet. Derfor vil me oppretthalde skulemat/
kantine for ungdomsskulen og fruktordning i
barneskulen.
Vest-Telemark vidaregåande skule
- Tokke Arbeiderparti vil
• få kartlagt trongen for yrkesfagleg utdanning
• gjere det me kan for å bidra til eit godt
samarbeid mellom rådgjevartenesta i skulane
og næringslivet
Fritid - Tokke Arbeiderparti vil
• at ungdomsklubben på Dalen skal fortsetje drifta
på same nivå som i dag, og at skyss til og frå
grendene vert som nå
• stø opp om andre frivillige lag og foreiningar som er
med på å gje born og ungdom ei meiningsfylt fritid
• jobbe for eit meir variert tilbod til ungdom i alderen
14-18 år
Helse og omsorg
Tokke Arbeiderparti sitt mål med helse- og
omsorgstenesta er at alle skal få den hjelpa dei treng,
når dei treng den.
Ein viktig nøkkel til god helse er førebygging og tidleg
innsats! Me vil ha eit godt helsetilbod for alle
Tokke Arbeiderparti vil
• at kommunen skal drive eit aktivt folkehelsearbeid
for å førebyggje sjukdom og lidingar
• halde ved lag eit vel fungerande interkommunalt
barnevernssamarbeid
• sikre eit godt psykisk helsetilbod i kommunen, med
særleg vekt på ungdom og psykisk helse
• halde ved lag ei god heimeteneste slik at eldre kan
bu heime lengst mogleg
• ha heilskapleg rusomsorg som satsar tungt på
førebygging, behandling og ettervern
• oppmuntre til å danne ei «venneforening for dei
eldre» som kan skape aktivitetar
• ha fokus på arbeidet mot vold i nære relasjonar
Tokke Arbeidarparti sine
tre høgst prioritera
saker i 2015 – 2019 vil vere:
1. Næringsutvikling og arbeidsplassar
2. Godt oppvekstmiljø for born og unge
3. Oppretthalde god eldreomsorg
15. Solveig Oppebøen,
Skafså
16. Helge Vildalen,
Dalen
17. Anne Irene
Anundskås, Dalen
18. Sondre Nygard,
Lårdal
19. Unn Breivik,
Skafså
20. Arne Gjerlid,
Dalen
21. Tove Wrålid,
Dalen
22. Tore Arild Dahle,
Dalen
23. Sigrunn Aaland
Taraldlien, Dalen
24. Tahar Haddad,
Skafså
25. Liv Nygård,
Høydalsmo
26. Arne G Askje,
Dalen
Kultur, bustad og miljø
Tokke kommune som arbeidsgjevar
Tokke Arbeidarparti vil vera ei god støtte for lokalt
kulturliv, idrett, fysisk aktivitet og arbeidet i frivillige
organisasjonar. Kultur skapar trivsel!
Dei tilsette er dei viktigaste ressursane me har
for å yte gode tenester til innbyggjarane. Tokke
Arbeidarparti ser det som svært viktig å ivareta dei
tilsette på ein god måte. Det er viktig for oss at unge
og nye innbyggjarar ser Tokke kommune som ein
attraktiv arbeidsplass.
Tokke Arbeiderparti vil
• lette tilgangen til kommunale bygg, for størst
mogleg aktivitet. Eks. Tokkehallen, kulturhus og
samfunnshus/grendehus
• utvide opningstida i Tokkehallen og syte for at den
er funksjonell for ulike aktivitetar
• sikre at natur og idrettsanlegg er tilgjengeleg for dei
med nedsett funksjonsevne
• ikkje innføre eigedomsskatt på private bustadar
• stimulere pensjonistar og andre ressurspersonar
til å delta i det frivillige arbeidet i barnehage og
skule
• auke vedlikehaldet av kommunale byggjefelt som
gror att og er lite attraktive
• rydde utsiktspunkt og rasteplassar
• oppmode til fjerning av bustadar som står til forfall
• vere pådrivarar for snøskutertrasear
• halde fram med tilskot til ungdom som vil
byggje/restaurere eigen bustad, og leggje til
rette for attraktive bustadtomter i heile kommunen
Tokke Arbeidarparti vil
• ha minimum 2 lærlingar pr. 1000 innbyggjar
• sei nei til privatisering og konkurranseutsetjing
av skule, eldreomsorg og andre grunnleggjande
velferdstenester
• at kommunen skal stille praksisplassar til
disposisjon for utdanningar som er relevante for
kommunen
• fylgje opp planar for kompetanseheving for tilsette
og halde på kompetansen i kommunen
• føre ein god seniorpolitikk, slik at fleire tilsette får
høve til å stå lengre i arbeid om dei ynskjer det
• legge til rette for at tilsette utan formell kompetanse
kan ta fagbrev som kommunen har behov for
• at kommunen skal ta inn sommarvikarar som kan
drive vedlikehald av uteareal
• at kommunen skal nytte den kompetansen som er i
kommunen til rett arbeid, for å redusere innleige av
tenester
• at kommunen fylgjer opp vedlikehaldsplan for
kommunale bygg
Tokke Arbeidarparti sine tre høgst prioritera saker i 2015 – 2019 vil vere:
 Næringsutvikling og arbeidsplassar
 Godt oppvekstmiljø for born og unge
 Oppretthalde god eldreomsorg