Saksprotokoll frå møtet i kommunestyret

Arkivref: 2014/289 - 17641/2015
Saksh.: Gudfinna Erlingsdottir
Saksnr
Utval
Møtedato
45/15
Kommunestyret
22.10.2015
45/15
Forvaltningsstyret
01.10.2015
DETALJREGULERING FOR DEL AV GNR/BNR 27/365 M.FL., KATTATVEIT 2.GONGSHANDSAMING
Framlegg til innstilling:
Med heimel i § 12-12 i plan- og bygningslova vedtek kommunestyret Detaljregulering for del av gnr/bnr
27/365 m.fl., Kattatveit.
Saksprotokoll i Forvaltningsstyret - 01.10.2015
Innstilling
Med heimel i § 12-12 i plan- og bygningslova vedtek kommunestyret Detaljregulering for del av gnr/bnr
27/365 m.fl., Kattatveit.
Handsaming
Samrøystes tilrådd.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 22.10.2015
Vedtak
Med heimel i § 12-12 i plan- og bygningslova vedtek kommunestyret Detaljregulering for del av gnr/bnr
27/365 m.fl., Kattatveit.
Handsaming
Samrøystes vedteke
Habilitet
Ordførar stilte spørsmål om kommunestyret ønska drøfta habiliteten hennar i samband med Plan Vest AS
sitt oppdrag.
Kommunestyret meinte dette ikkje var naudsynt .
Rådmannen, 14.09.2015
Dokumentliste
S
14.09.2015
I
I
I
23.01.2014
29.01.2014
07.02.2014
Plan Vest As
Plan Vest
Plan Vest AS m.fl.
I
13.08.2014
Plan Vest AS
U
18.08.2014
Plan Vest As
I
22.09.2014
Hordaland Fylkeskommune, regionalavd.
I
I
17.12.2014
07.01.2015
Plan Vest AS
Plan Vest AS
I
I
13.02.2015
16.03.2015
Plan Vest as
Plan Vest AS v Morten Anthonessen
I
S
22.03.2015
24.03.2015
Plan Vest AS
U
30.03.2015
Plan Vest AS m.fl.
I
N
12.04.2015
17.04.2015
Kjell Håvard Sævareid
fakturagrunnlag
X
17.04.2015
U
21.04.2015
Bladet Sunnhordland
U
22.04.2015
I
12.05.2015
Fylkesmannen i Hordaland, Kommunal- og
samfunnsplanavdelinga m.fl.
Statens vegvesen, Region Vest
X
28.05.2015
Gudfinna Erlingsdottir
I
02.06.2015
Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga
I
U
03.06.2015
08.06.2015
Jan Inge Soerheim
Plan Vest AS v/Knut Vikestrand m.fl.
I
26.06.2015
Plan Vest AS
U
I
I
29.06.2015
03.09.2015
14.09.2015
Plan Vest AS
Plan Vest as
Plan Vest AS
Vedlegg
Plankart
Føresegner
Planomtale
Vegprofil
Merknader til offentleg ettersyn
2 av 7
DETALJREGULERING FOR DEL AV GNR/BNR
27/365 M.FL., KATTATVEIT 2.GONGSHANDSAMING
Tinging av oppstartsmøte for reguleringsplan
Plangrense
Detaljregulering gnr/bnr 27/365, Kattatveit Referat frå oppstartsmøte
Oppstart av arbeid med detaljregulering
Kattatveit, gnr/bnr 27/365 m.fl., Stord
kommune
Etterspurnad planavgrensing i sosi format for
detaljregulering Kattatveit, gnr/bnr 27/365
Kopi av fråsegn til oppstart av arbeid med
detaljregulering - Kattatveit - gnr 27 bnr 365
m.fl. - Stord kommune
Planforslag Kattatveit
Reviderte føresegner, planomtale, plankart,
sjekkliste og oppstartsbrev
Oppdaterte plandokument Kattatveit
DR Kattatveit - planframlegg og relevante
dokument
Forslag til regulering Kattatveit - oversending
Detaljregulering for del av gnr/bnr 27/365 m.fl.,
Kattatveit - 1. gongs handsaming
Detaljregulering for del av gnr/bnr 27/365 m.fl.,
Kattatveit - melding om synfaring
Manglande dokumentasjon
Fakturagrunnlag - Detaljregulering for del av
gnr/bnr 27/365 m.fl., Kattatveit
Særutskrift Detaljregulering for del av gnr/bnr
27/365 m.fl., Kattatveit - 1. gongs handsaming
Detaljregulering for del av gnr/bnr 27/365 m.fl.,
Kattatveit - Kunngjering offentleg ettersyn
Detaljregulering for del av gnr/bnr 27/365 m.fl.,
Kattatveit - Offentleg ettersyn
Detaljregulering for del av gnr. 27 bnr. 365
mM., Kattatveit
Uttale til detaljreguleringsplan, Kattatveit, frå
Rådet for Funksjonshemma
Fråsegn detaljregulering Kattatveit - gnr 27 bnr
365 - Stord kommune
Merknad til plan
Oversending av merknader - Detaljregulering
for del av gnr/bnr 27/365 m.fl., Kattatveit
SV: Spørsmål om plassering av bossdunkar for
Detaljregulering gnr/bnr 27/365, Kattatveit
Kommentarar oppstillingsplass for bossdunkar
Detaljregulering Kattatveit
Oppdatert planomtale og vegteikning
Innleiing (bakgrunn for saka)
På vegne av hovudeigar av området gnr/bnr 27/365, har Plan Vest AS sendt inn forslag til
detaljregulering for del av gnr/bnr 27/365 m.fl., Kattatveit.
I kommuneplan for Stord kommune (2010-2021) er arealet vist som bustadområde. Planområdet grensar
til reguleringsplan Gravplass Kattatveit gnr. Bnr. 27/211 m.fl. (Plan ID: R-273-000). I denne planen er
tilstøytande areal regulert til veg, gang- og sykkelveg og grav- og urnelund. Vegen frå Sæ til Kattatveit
Gravplass er også tilkomstveg til planområdet og til øvrig tilgrensande busetnad.
Det vart halde oppstartsmøte med planmynde i kommunen 05.02.2014. Melding om oppstart vart
kunngjort 11.08.2014 og samtidig sendt naboar og offentlege instansar.
Planforslaget for detaljregulering for Kattatveit, sak PS 15/15 vart lagt fram for første gongs handsaming
i forvaltningsstyret i møte 16.04.2015, og planframlegget vart vedteke lagt ut til offentleg ettersyn.
Føremålet med planen er å leggja til rette for fortetting av området ved å tilrettelegge for 4 nye
bustadtomter med tilhøyrande leikeareal og tilkomst.
Planforslaget var kunngjort og lagt ut til offentleg ettersyn den 23.04.2015 med høyringsfrist til
05.06.2015. Innan merknadsfristen har det kome inn 3 uttalar og 1 merknad frå ein nabo.
Plasseringa av oppstillingsplass for bossdunkar er endra etter planen var på offentlig ettersyn. Plasseringa
vart ikkje godkjend av SIM. I tillegg ville plasseringa gjeve problem med for bratt veg med stigning på
14 % på 30 meter inn i planområdet. Eigarar av eigedommar gnr/bnr 27/858 har også protestert mot de
plasseringa. I planen som no ligg føre, skal oppstillingsplass for dunkane etablerast innan område merka
# ved Kattatveitvegen, jf. bestemmelsesområde i planen. Området ligg på areal som er regulert til gang/sykkelveg både i denne og i eksisterande plan. Vegmynde i Stord kommune stiller seg positivt til slik
løysing, så lenge som vilkåra elles er oppfylt.
Saksutgreiing (fakta, saksopplysningar)
Planstatus
Planen er i samsvar med kommuneplan for Stord kommune der arealet er regulert til bustadføremål i
Kattatveit. Planområdet grensar til reguleringsplan for Gravplass Kattatveit gnr. Bnr 27/211 m.fl., (Plan
ID: R-273-000). I denne planen er tilstøytande areal regulert i sør til veg, gang- og sykkelveg og i nord til
grav- og urnelund.
Omtale av planområdet
Planområdet er lokalisert i Leirvik i Stord kommune. I nord er noverande grønt/skogsområde regulert til
næringsføremål i eksisterande kommuneplan, men skild frå planområdet og den regulerte gravplassen
med eit grønt belte. Gangtid til sentrum er om lag 10 minutt.
Området som vert regulert er ca. 3,9 daa.
Omtale av planforslaget
Planforslaget viser område for bustader-frittliggjande-småhus, leikeplass, tilkomstveg, gang- og
sykkelveg, annan veggrunn, omsynssoner, og bestemmelseområde.
I område for bustader er det lagt opp til 4 nye bustadtomter og ei eksisterande tomt. Dei er fordelt på to
område regulert til bustader-frittliggjande-småhus (BFS1 OG BFS2), til saman ca. 3,1 daa.
Maksimal utnyttingsgrad er BYA=30%. Maksimal byggehøgde er sett til 8,0 m målt frå gjennomsnittleg
ferdig opparbeid terreng ved veggliv og til møne.
BFS1 er tomt nr. 1,2,3 og ein eksisterande tomt nr. 5, til saman ca. 2436 m² . BFS2 er tomt nr. 4 og er
ca. 495 m². Bygningane er føresett å bli frittliggjande småhus med tilhøyrande tilkomst og parkering.
Ved utforming av bustadane skal det takast vare på hovudtrekk i landskap og vegetasjon. Tomtene ligg
på eit område som skrår mot nord. I tomtegrensa mot nord er det eit belte av vegetasjon og ein
steingard.
Området rundt er bebygd med einebustader frå 1950 talet og frå 1980- og 2000 talet og uthus av ulik
karakter. Området framstår med blanda bebyggelse.
Barskog mot gravplassen er tung og dominerande men skal i hovudsak takast vare på. Nokre tre i
grenseområdet er i så dårleg forfatning at dei må takast ned.
3 av 7
Bustadane skal tilpassast tomtene og terreng på staden, likevel må dette gjerast på ein slik måte at det
gjev tilkomst samt gode tilhøve for sol og lys og med naudsynt skjerming.
Bygningane skal utformast slik at dei føyer seg inn i terrenget si hovudform. Markante skjeringar vil ein i
det lengste unngå, men i noko grad er dette naudsynt, særleg i høve til å gje tilkomst.
Dei to tomtane i midten (2 og 3) er relativt flate, med fall mellom 1:12 og 1:20 mot nord. Her bør
bustadane ligga så langt mot nord som råd, med eit tilbygg i vinkel mot aust for å skape eit skjerma
uterom mot sør og vest. Det er gjeve høve til takterrassar.
Bakre del av tomtane (1 og 4) må fyllast opp, her må ein unngå høge murar og i staden regulere høgda
ut mot utmarka med skråningar og ev. låg mur.
Det er ikkje i detalj bestemt bygningane si utforming. Ein ser for seg pulttak og ei bygningsform som tek
opp i seg området sin terrengmessige karakter. Føresegna gjev høve til pulttak og saltak og moglegheit
til terrasse på plan 2 over delar av bygga.
Dei fire bustadane skal ha proporsjonar og volumoppbyggnad som gjer at dei framstår som samstemt,
sjølv om dei er ulike.
Det er viktig at oppføring av dei nye bygga i materialbruk, fargeval og volum tilpassar seg omgjevnadane
og kvarandre.
Det skal etablerast eit felles leikeområde, f_BLK på ca. 150 m², i samsvar med kommuneplan for Stord
sine krav. Leikeplassen skal vera felles for bustadane i områda BFS1 og BFS2. Området skal nyttast til leik
og fritidsaktivitetar. Leikeområdet skal vera universelt utforma og etablerast med minst 2 leikeapparat,
sandkasse og sitjegrupper etter nærare godkjende planar.
Kvar einebustadtomt har eit uteopphaldsareal MUA som oppfyller krava i kommuneplan med god margin.
Veg, o_SV1 er eksisterande offentleg veg skal utarbeidast i tråd med reguleringsplan for gravplass
Kattatveit (ID R-273-000).
Veg, f_SV2 skal vera felles tilkomst til BFS1 og BFS2, og samt tilgrensande bustadtomter med avkjørsle
frå denne vegen. Regulert vegbreidd er sett til 4,0 m pluss annan veggrunn.
Gang/sykkelveg, o_SGS skal opparbeidast av offentleg mynde i samsvar med reguleringsplan for
gravplass på Kattatveit ( ID R-273-000). Det er på føremål o_SGS1 lagt bestemmelsesområde #, dette
er areal for oppstilling av bossdunkar på tømedagar.
Innafor føremålet veggrunn f_SV2 og annan veggrunn – teknisk anlegg, f_SVT, er det høve til å etablere
anlegg for tekniske innretningar for VVA.
Annan veggrunn-grøntareal, f_SVG er det høve til å etablere anlegg for tekniske
innretningar/pumpestasjon og liknande for VVA. Området skal vera allment tilgjengeleg og sikra
gangtilkomst til bakomliggjande areal.
I planen er det regulert inn omssynssoner. Det er omsyn for frisikt (H140).
Rekkefølgjekrava i føresegnene slår fast at før bruksløve for bustader blir gjeve, skal tekniske anlegg
(veg, vatn og avløp) vere ferdig opparbeid og tilknytt overordna nett og godkjent av Stord kommune.
Før bruksløyve vert gjeve for bustader, skal felles leikeareal vere opparbeidd og godkjent av Stord
kommune.
Innkomne uttalar og merknader
1. Statens vegvesen, brev datert 12.05.2015, skriv at då planområdet ikkje ligg til riks- eller
fylkesveg, og heller ikkje fører til tiltak på dette vegnettet, har dei ingen merknader til
planarbeidet.
2. Rådet for funksjonshemma, brev datert 28.05.2015, viser til punkt 2.1.3.f i
detaljreguleringsplan for Turnhallen, og ber om at pkt f vert teke med i føresegnene også for
detaljreguleringsplanen for Kattatveit, med følgjande grunngjeving: «RFF håper at dette vil føre til
at arbeidsplaner på detaljnivå for universell utforming/tilgjenge vert meir nøyaktige og betre utført
i praksis. Dette gjeld høgdeplassering på brytarar, støpsel, brannvarslarar, at fargeval og
belysning, infoskilt (kontrastar) gjer det lettare å orientere seg, at dører vert terskelfrie –
4 av 7
eventuelt fint avfasa – (også til terrasser), og at ein også vurderer plantar/materiale ut frå asma
og allergi.»
Kommentar: Det er i føresegnene stilt krav om at utbygginga skal vera i tråd med TEK 10 sine
krav om universell utforming.
3. Hordaland fylkeskommune, brev datert 01.06.2015, skriv at dei har ikkje kjennskap til
automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i planområdet. Dei har difor
ingen avgjerande merknader i saka, utover at ein under opparbeiding av arealet søkjer å unngå
inngrep i /skade på eventuelle kulturlandskapstrekk som steingardar, eldre vegar/stiar,
bakkemurar, ruinar/tufter m.m. Elles gjer dei merksam på meldeplikta etter kulturminnelova § 8,
2. ledd.
4. Anne Margrethe og Jan Inge Sørheim eigarar av gnr/bnr 27/718, e-post datert
03.06.2015, skriv at dei ønskjer vegen lagt så langt frå deira grense som mulig for å unngå
trafikkstøy. Det vil bli trafikk til og frå 4-5 bustader, og også mykje anleggstrafikk.
Tilkomsvegen i begynnelsen er bratt, med stigning 14 %. Derfor bør vegen leggjast mest mulig
mot nord og ha ein slak sving mot aust i starten når ein kjem opp på flaten. Dette også for å
unngå for brå sving mot aust når det er glatt i brekka om vinteren. Bilar blir da lett ståande og
spinna på glatten i øverste del av brekka.
Vegen kan så gå vidare mot nord 1 meter frå vår grense som anført frå Plan Vest.
Dei ønskjer å oppretthalda vegen bort til deira hus som før, og ønskjer at starten på vegen til nye
bustader blir lagt så langt mot vest som mulig.
Ad. Oppstillingsplass for bossdunkar midt i brekka. Der er berre ca. 4 meter areal for veg mellom
27/364 og 27/858, og altså ikkje areal til plass for bossdunkar utan at ein kjem inn på
eigedommen 27/858. Dei meiner at bossdunkar må som i dag plasserast nede ved vegen til
Lønning.
Kommentar: Tilkomstveg til dei nye eigedomane skal utformast i høve til Statens vegvesens si
handbok N100; Veg og gateutforming, A1 (Atkomstvegar i boligområder, fartgrense 30 km/t).
Vegen er vist i planomtalen med tverrprofil A1 med eit kjørefelt, asfaltert bredde 3,5 m, og med
kant 4,0 m (regulert breidde). I tillegg kjem anna vegformål som variere noko i breidde, men om
lag 1,0 m jf. Reguleringsplanen. Vegen inn til bustadområdet har ei stigning på ca. 14 % frå
Kattatveitvegen, og om lag 30 m inn i planområdet, etter om lag 35 m er stigninga mindre eller lik
10 %. I høve til Statens vegvesen sin handbok på slik veg er maksimal stigning 8 %.
Dette er bratt og området slik det tidlegare er disponert gjer at anna og betre løysing er
vanskeleg å oppnå. Men vegen eksisterer som avkøyrsle til dagens busetnad. I planen er
tilkomstvegen føresett senka så langt det er mogeleg, utan at dette rører for mykje ved
noverande anlegg.
Plassering av oppstillingsplass for bossdunkar er endra etter planen var på offentleg ettersyn. Den
plasseringa som først vart vist vart ikkje godkjend av SIM. Det har vore dialog med naboar på
begge sider av vegen, for å kome fram til best mogeleg løysing. Ein har konkludert av plassering
på venstre side av vegen, nær der dunkane vert satt i dag, er den løysinga som gjev minst
konflikt.
Det skal etablerast oppstillingsplass for bossdunkar innan område merka # ved Kattatveitvegen,
jf. bestemmelsesområde i planen. Området ligg på areal som er regulert til gang-/sykkelveg både i
denne og i eksisterande plan , men den er ikkje opparbeidd. Vegmynde i Stord kommune har
uttalt at dei kan akseptere ei slik løysing, så lenge vilkåra elles er oppfylt. Regulert gang/sykkelveg er 3 meter breitt. Oppstillingsplass for bossdunkar er gitt 0,8 meter breidd innerst på
fortauet, og det vil då fortsatt vere 2,2 meter fri passering for gåande og syklande dei dagane
søppeldunkane står framme.
Vurdering
Krav om konsekvensutgreiing
Planarbeidet er i samsvar med vedteken kommuneplan. Planmynde har difor lagt til grunn at planarbeidet
ikkje utløyser krav om planprogram og konsekvensutgreiing.
Naturmangfald og vassdrag
5 av 7
Det er ikkje registrert viktige eller raudlista artar eller naturtypar som vert påverka av planen, det er
heller ikkje vassdrag i eller nær planområdet.
Kulturminne
Det er ikkje registrert arkeologiske funn eller SEFRAK registrerte bygningar innafor planområdet. Det er
eit SEFRAK-registrert bygg på gnr/bnr 27/99 like utanfor plangrensa i vest. Bygget er frå 1900-1924 talet,
det er tatt i bruk av privat eigar.
Landskap og terreng
Landskapet er moderat flatt med jorddekt mark, vegetasjonsdekke og med noko skogsareal. Nord for
planområdet er det høg hogstmoden skog, dette pregar området til ein viss grad, men er ikkje
avgjerande for sol og lystilhøve, som for heile planområdet er tilfredstillande/gode.
Uteopphaldsareal
I planforslaget er sett minimumskrav til MUA-uteopphaldsareal i samsvar med kommuneplanen sine krav
i område for frittliggjande småhus. Kvar bueining over 60 m² skal ha min. 150 m² uteopphaldsreal (MUA)
på bakken. For kvar bueining under 60 m² er kravet 50 m².
Det skal etablerast leikeområde på min. 150 m² i samsvar med kommuneplan sine krav. Leikeområdet
skal vera felles for bustadane i områda BFS1 og BFS2. Leikeområdet skal vera universelt utforma og skal
innehalda minst 2 leikeapparat, sandkasse og sitjegrupper etter nærare godkjende planar.
Barn og unge sine interesser
Det ligg rekkefølgjekrav om opparbeiding av gang- og sykkelveg forbi planområdet i kommunen sin
reguleringsplan for Gravplass Kattatveit gnr.bnr 27/211 m.fl., (Plan ID: R-273-000), og i detaljregulering
for Lønningsåsen. Det er føresett opparbeida felles nærleikeplass i planområde, jf. Reguleringsplan. Kvar
einebustadtomt har eit uteopphaldsareal MUA som oppfyller krava i kommuneplan med god margin.
Planområdet grensar dessutan til store tilgjengelege utmarks- og friluftsområde i nord. Nærast liggande
ballbane som tilfredsstillar kommuneplanen sine krav ligg ved Åsbanen om lag 800 m unna, målt langs
veg.
Universell utforming
Det ligg greitt til rette for universell utforming, området er tilnærma flatt fram til planlagde bustader.
Prinsippet om universell utforming skal leggjast til grunn ved planlegging, utforming og opparbeiding av
tiltak i området. Kravet til tilgjenge skal ivaretakast frå interne P-plassar og til bustad i samsvar med
TEK10.
Friluftsliv/grøne interesser
Planen påverkar eller avkortar ikkje eksisterande friluftsområde. Tilkomst til omliggjande friluftsområde er
lagt til føremålet f_SVG fram til plangrensa. Tilhøva til friluftsliv er svært gode. Området ligg inntil eit ope
skogsområde med turdrag ned mot Ådlandsvatnet og vidare til Landåsen, tilkomst vestover er via
undergang under E-39.
Landbruk
Tiltaket vil ikkje føre til omdisponering av jordbruksareal.
Skule og barnehage
Det ligg to barnehagar på Ås om lag 500 m frå planområdet, Leirvik skule ligg nærmast av barneskulane
om lag 1,4 km unna. Vidaregåande skular ligg på Vabakkjen om lag 2 km frå planområdet. Det er
regulert fortau eller gang- og sykkelveg heile vegen mellom barneskule og planområdet, likevel er det
fleire og lange strekker som framleis manglar gang-sykkelvegvett/fortau mellom Bandadalen og Leirvik
skule.
Klima og energi
Ved alle nye byggeområde skal det i fylgje kommuneplan for Stord leggjast til rette for bruk av vassboren
varme eller biogass.
Tiltaka i følgje denne reguleringsplanen gjev ikkje utan vidare økonomisk grunnlag for å leggja til rette
for gass eller vassboren varme. Men krava til energibruk og oppvarming i TEK 10 må oppfyllast. Dette
kan gjerast ved bruk av varmepumpe, godkjend eldstad, eller anna godkjent energikjelde i tillegg til el.
oppvarming.
6 av 7
Veg, vatn og avlaup
Kattatveitvegen, o_SV1 er i dag nytta som tilkomst til eigedomar i området og omsorgssenteret på
Knutsaåsen. Den er og tilkomst til Lønningsgardane på andre sida av E39 og planlagt tilkomst for
utbygginga av Austråsen/Lønningsåsen og gravplass. Det ligg inne føringar for vegutbetringar med fokus
på auka trafikktryggleik.
Tilkomstveg, f_SV2 til dei nye eigedomane skal utformas i høve til Statens Vegvesens handbok N100, A1
Atkomsvegar i boligområder, fartgrense 30 km/t. Vegen har tilfredstillande vegbredde, kurvatur og sikt.
Det vert likevel påpeika eit avvik i høve vegnormalen ved at tilkomstvegen dei første 30-40 metrane er
bratt, i høve vegnormal på slik veg er kravet maks 8 % stigning. Etter om lag 35 m er stigninga mindre
eller lik 10 %. Dette er i planomtalen vurdert som akseptabelt då det berre er eit avgrensa tal nye
bueiningar dette gjeld, og har vegmynde, brann- og beredskap ikkje uttalt seg i forhold til dette.
Området har fall mot nord og aust, avlaup frå bustadane bør følgje bakre grenselinje, med fall mot
pumpestasjon lagt i tiltenkt føremål (SVG). Trykkleidning vidare må byggast frå pumpestasjon til fallkum
ved høgbrekk.
Vassleidning med forgreining følgjer trase for avlaupsleidning, med fordelingsinnretning ved
pumpestasjon.
Trafikk og trafikktryggleik
Planområdet ligg nord for den kommunale vegen Kattatveit, og har ein intern privat veg. I
reguleringsplanen Gravplass Kattatveit, er vegen «Kattatveit» regulert med gang og sykkelveg.
Opparbeiding av vegen «Kattatveit» ligg inne som rekkefølgjekrav både i reguleringsplan for gravplassen
(planid. R-273-000), og i vedteken detaljregulering for bustader i Austråsen, Lønningsåsen
(Planid.201108). E39 ligg vest for planområdet, og fv.544 ligg aust for planområdet. Per i dag er det lite
trafikk forbi planområdet. Trafikkmengda har si årsak i køyring til og frå bustader og Knutsaåsen
orsorgssenter samt eit forsamlingslokale. Når tilkomst til Austråsen og Lønningsåsen vert opparbeidd over
Kattatveit som planlagt vil trafikkmengda forbi området auka noko.
Med utgangspunkt i at trafikkmengda er liten, maks 25 – 30 turar per døgn, og sikttilhøva frå avkjørsla til
Kattatveitvegen er ivaretatt, vurderer ein tryggleiken som akseptabel.
Kollektivtrafikk
Det er ikkje eit godt utbygd kollektivtilbod for dette området, men enkelte lokalbussar og regionale
bussar har stopp på fv.544 i Sæ om lag 800 meter unna. Bussterminal på Sunnhordlandskaien ligg om
lag 1,4 km i frå planområdet.
Renovasjon
Det skal etablerast oppstillingsplass for dunkar innan område merka # ved Kattatveitvegen, jf.
bestemmelsesområde i planen. Området ligg på areal som er regulert til gang-/sykkelveg både i denne og
i eksisterande plan. Oppstillingsplass for bossdunkar er gitt 0,8 meter breidd innerst på fortauet, og det
vil då fortsatt vere 2,2 meter fri passering for gåande og syklande dei dagane søppeldunkane står
framme.
Risiko- og sårbarheit (ROS)
Det er utarbeidd risiko- og sårbarheitsanalyse som ligg som del av planomtalen. For nærare omtale om
planområdet, planforslaget, konsekvensar og risiko- og sårbarheitsanalyse vert det vist i planomtalen.
Rekkefølgjekrav
Før bruksløve for bustader blir gjeve, skal tekniske anlegg (veg, vatn og avløp) med unntak av føremål
som nemnt i § 4.4 i føresegner vere ferdig opparbeidd og tilknytt overordna nett og godkjent av Stord
kommune.
Før bruksløyve vert gjeve for bustader, skal felles leikeareal vere opparbeidd og godkjent av Stord
kommune.
Konklusjon
Rådmannen rår til at planen vert vedteken slik den no ligg føre.
7 av 7