Nyhendebrev sommar 2015 KLB

Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg
og lindrande behandling i Sogn og Fjordane
Juni 2015
Kjære ressurssjukepleiarar og leiar i kreftomsorg og lindrande
behandling
Takk for sist!
Vi ynskjer med dette å sende litt informasjon om aktiviteten vi har hatt i nettverket sidan
des.2014
Samlingar
Fellessamlinga
Fellessamlinga var 10 februar 2015 på Skei Hotel. Tema var Eit verdifult liv trass utfordringar.
Det var godt frammøtte av ressurssjukepleiarar og deira leiarar. Vi har fått gode
tilbakemeldingar både på møtestad, innhald og gjennomføring av samlinga. Vi har dessverre
fått tilbakemelding på dårleg mat. Skei hotell har fått tilbakemelding om dette.
Fellessamlinga opplevast som nyttig både for ressurssjukepleiarar og leiarar.
Nytt namn på fellessamling frå neste år: Årleg Fagdag
Dette for at alle helseføretaka (Helse Fonna, Helse Stavanger, Helse Bergen og Helse Førde)
skal bruke same benevning.
Lokalsamlingar
Tema for lokalsamlingane i vår var: Korleis kan ein ressurssjukepleiar vera ein ressurs for
pårørande? Vertskommunane fekk velje om dei ville nytte ein pårørande eller bruke
www.pårørandeprogrammet.no
Oppmøte:
Indre Sogn:
Nordfjord:
Sunnfjord/Sogn I:
Sunnfjord/Sogn II:
14 deltakarar av 22 ressurssj.pl
20 deltakarar av 25 ressurssj.pl.
16 deltakarar av 22 ressurssj.pl.
13 deltakarar av 22 ressurssj.pl.
Tilbakemeldingane på lokalsamlingane er at ein får inspirasjon av kvarandre og at desse
treffpunkta er viktige for at ein ikkje brenner seg ut. Ressurssjukepleiarane er flinke til å
støtte kvarandre innad i gruppene.
Dato for lokalsamlingar hausten 2015
Indre Sogn:
Årdal
08.09.15
Nordfjord:
Gloppen
29.09.15
Sunnfjord/Sogn I:
Flora
20.10.15
Sunnfjord/Sogn II: Fjaler
27.10.15
Snakk med leiar tidleg og merk av tida allereie.
Nytt namn frå hausten blir: Møte i lokal nettverkssgruppe……..f.eks Sunnfjord/Sogn
Dette for at alle helseføretaka (Helse Fonna, Helse Stavanger, Helse Bergen og Helse Førde)
skal bruke same benevning.
Introduksjonskurs
Introduksjonskurset vart gjennomført 08.juni 2015
Det kom 9 nye ressurssjukepleiarar og 1 leiar. I tillegg deltok Kristin Vassbotn Guldhav,
ny driftsgruppeleiar.
Ressurssjukepleiar Mette Storhaug Nybø frå Hyllestad fortalde om korleis dei i Hyllestad
utførte sine oppgåver som ressurssjukepleiar.
Elles deltok Geir Andvik, leiar i styringsgruppa for Nettverket, Edith Hooiveld og Marit
Eikemo Halsnes med undervisning.
Nytt i nettverket
Ny leiar i nettverket
Edith Hooiveld slutter som leiar for nettverket frå 01.07.2015
Ny leiar for nettverket er Kristin Vassbotn Guldhav [email protected]
Marit Eikemo Halsnes fortsetter som medarbeidar i KLB i 20% stilling som før.
Årsplan og årsrapport for nettverket
Årsrapport for 2014 og årsplan for 2015 er godkjent og ligg på nettsida til KLB. Her er mykje
nyttig informasjon. Alle ressurssjukepleiarar og leiarar vert oppmoda til å lese gjennom
desse dokumenta.
Ny brosjyre frå KLB
Det er laga nye informasjonsbrosjyrar for KLB og nettverket. Vi tar med brosjyrane ved
lokalsamlingane til hausten, men de finn den også på framsida i nettsida til KLB under « 0m
kompetansesenteret»
LCP nytt
Det har vore litt diskusjon i bruk av LCP både som system og ved bruk av namnet.
Men 17. okt. 2013 var det i Oslo eit møte mellom det norske LCP-teamet og den nasjonale
referansegruppa. Der vart det bestemt at LCP skulle brukast her i Noreg på same vis som
tidlegare. KLB oppdaterer jamleg sine nettsider i høve nytt om bruken av LCP.
Til orientering er nytt, norsk navn på tiltaksplanen nå offisielt. Heretter heter den
« Livets siste dager - Plan for lindring i livets sluttfase».
Eiga lukka nettgruppe for ressurssjukepleiarar
Nettgruppa har i dag 31 medlemmer. Alle ressurssjukepleiarane har fått tilbod via e. post om
å delta. Ta gjerne kontakt med Kristin om du vil bli medlem.
Informasjon på legekontor/helsesenter
Vi har laget 2 slides som vi kan sende til legekontor/helsesenter som har en flatscreen på
venteromma sine. Alle ressurssjukepleiarane kan sende dei til sine legekontor/helsesenter.
Ressurssjukepleiar sitt arbeid i nettverket
Hospitering
Dersom du vil hospitere på FSS så ta kontakt med fagutviklingssjukepleiar Benedicte Garfors:
[email protected]
Husk at du kan søke nettverket om midlar til å få dekke utgifter til reise/opphald inntil kr.
2000,-. Send søknad til Kristin ([email protected]). Du må sjølv betale
utgifter for å så få tilbakebetalt etter kvittering. Ta vare på kvitteringar!
Hospitering må finne sted i Sogn og Fjordane. Dette gjelder hospitering frå sjukehuset til
kommunar eller frå kommunar til sjukehus. Men også til andre for eks. Hauglandsenteret.
Sjå elles tidligare utsendt e-post.
Søknad på å få dekka fagdag
Også i år kan du få dekke kursavgifta til palliative fagdagar i Bergen som er om våren og
hausten. Du kan få dekke kursavgift til 2 dagar (900 kr/dag) og inntil kr.1.000,- til
overnattingskostnadar. Du må sende ein søknad til Kristin og får tilbakemelding om du får
dekke kostnadene. Ta vare på kvitteringar!
Sjå elles tidligare utsendt e-post.
Oppmoding til å gi intern undervisning
Du finner mykje informasjon på KLB sine nettsider (til og med ferdig PP presentasjonar)
Husk å lage årsplan i lag med leiaren din!
Informasjon frå samarbeidspartnarar
Kristin Vassbotn Guldhav har fått 60% fast stilling som kreftsjukepleiar
i det palliative teamet FSS.
I tillegg har ho fått 20% stilling i KLB som driftsgruppeleiar for nettverket.
Karianne Røssummoen Øyen har fått 40% fast stilling som kreftsjukepleiar
i det palliative teamet FSS. I tillegg skal ho fortsette som lektor ved høgskulen Sogn og
Fjordane i 40%. Karianne fortsetter som representant for høgskulen i driftsgruppa.
Informasjon frå Kreftforeningen

Vardesenteret på Haukeland blir godt besøkt og no er også psykolog i full stilling på plass.
Ein viktig møteplass for pasientar og pårørande! For meir informasjon:
https://kreftforeningen.no/vardesenteret/sentersider/haukeland-universitetssjukehus/

De skal etablerast kreftkoordinator i alle kommunar innan 15.12.2016. Sjå ny Nasjonal
Handlingsplan for kreft 2015 – 2017
https://helsedirektoratet.no/Documents/Nasjonal%20handlingsplan%20for%20kreft%20201
5-2017.pdf

Husk å minne kreftpasienter og pårørende, som har økonomiske problem, på at dei kan søke
Kreftforeningen om økonomisk støtte, gjerne via
søknadsportalen: https://okonomiskstotte.kreftforeningen.no/
Vi i Kreftforeningen ynskjer dykk alle ein god sommar og ser fram til vidare samarbeid til
hausten!
Kurs og Konferansar
Sjå på nettsida til KLB!
-
Palliative fagdager i Bergen 04.-05. juni 2015:
http://www.helse-bergen.no/no/OmOss/Avdelinger/klb/kurs-ogutdanning/Sider/palliative-fagdagar-i-bergen.aspx
-
17. Landskonferanse i Krefsykepleie 24.-26 september 2015 i Stavanger
-
Omsorg ved livets slutt. Veiledning og standarder for god praksis, 13.-14. oktober 2015
på Gardemoen
-
Helsedirektoratet har gitt ut ein ny rapport innan palliasjon:
«Rapport om tilbudet til personer med behov for lindrende behandling mot livets slutt.
«Å skape liv til dagene»
https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/892/Rapport_lindrende%
20behandling%20og%20omsorg%20ved%20livets%20slutt_IS-2278.pdf
Takk for denne våren og ha en riktig god sommar 