Møtebok 3 - Bømlo kyrkjelege fellesråd

Referat frå møte i Lykling sokneråd tysdag 24.03.2015 kl. 19.00
Møtestad Lykling kyrkje.
Til stades: Roald Drønen, Kjell Olav Thorsland, Oskar Ersland, Grethe Hidle
Kallevåg, Elsabeth Bjørnevik, Margunn Ersland, Roald Stautland, Olav Væhle
Hauge og Johanna Seim Hjelland
Sak 14-15: Godkjenning av referat og innkalling
Merknad: Sekretæren må senda referat frå Årsmøtet.
Sak 15-15: Meldingar og skriv
Ungdomstinget - 17-19 april i Bergen. Lykling sokneråd kan ha to utsendingar.
Vedtak: Anna Espevik Søvold og Sigrid Gunnarsjå vert spurde. (Margunn)
Heftet ”Veivalg” om kyrkjeordning for framtida må skaffast til
soknerådsmedlemene. NB:Nynorsk!
Sjå: www.kirken.no/kirkeordning
Sak 16-15:Soknerådsvalet
Me delte ansvar og bestemte kven som skal spørja kven på lista. Alle
bør vera aktive og spørja aktuelle kandidatar.
Martin Magne Sørenes vert innkalla til neste møte. (johanna)
Sak 17-2015:Evaluering av ny liturgi i kyrkjene på Bømlo.
Møtedatoar:
14.april kl. 18-20 - 2 representantar: Margunn og Olav/- Elisabeth
viss ho kan.
12.mai – Heile soknerådet.
Vedtak: Evalueringsskjemaet vert lagt ut i kyrkja palmesundag og
1.påskedag. Margunn vidaresender til soknerådsmedlemene skriv
vedrørande evalueringa. Soknerådsmedlemene fyller ut sine skjema
og leverer i kyrkja.
Sak 18-2015: Konfirmantfesten 26.april
Invitasjon vert delt ut til konfirmantane på Kimen 12.april.
Kvar konfirmant kan ta med seg inntil 6 personar.
Pris: 200 kroner per vaksen.
Program: Roald S kopierer songar.
Konkurranse: Oskar/ Kjell Olav / Ola(?) Margunn spør Ola.
Festleiar: Roald D
Sak 19-2015: Søknad om støtte frå ”Sprell” (Sundagsskulen)
Finnås sundagsskule v/ Heidi Ådnanes søkjer om økonomisk støtte til
innkjøp av ein ny CD-spelar (Boomblaster)
Vedtak: Lykling sokneråd støttar Sprell/ sundagsskulen med kroner
2000 . Pengane skal takast frå kontoen gåve frå Vornes og Lykling
bedehus.
-Særutskrift til kasserarSak 20-2015: Ymse
Perm til bruk i kyrkja. I denne permen skal dei tilsette finna
informasjon, soknerådsreferat og innkallingar, beskjedar og liknande.
Annonse/avisomtale vedrørande KN-aksjonen vart etterlyst. Kven
har ansvar her? Viktig at folk veit at bøsseberarane kjem!
Sakseid, 28.03.2015
For Lykling sokneråd
Johanna Seim Hjelland -sekretær-
Særutskrift
Sak 19-2015: Søknad om støtte frå ”Sprell” (Sundagsskulen)
Finnås sundagsskule v/ Heidi Ådnanes søkjer om økonomisk støtte til
innkjøp av ein ny CD-spelar (Boomblaster)
Vedtak: Lykling sokneråd støttar Sprell/ sundagsskulen med kroner
2000 . Pengane skal takast frå kontoen gåve frå Vornes og Lykling
bedehus.
Kroner 2000 skal setjast inn på kontoen til Finnås sundagsskule
v/Heidi Ådnanes