BØMLO KYRKJELEGE FELLESRÅD Dreneringsarbeidet på gravplassen på Moster er gjort, men leiar på kyrkjegardsdrifta konstanterar at det er meir som skal til før anlegget er i tipp-topp stand. ÅRSMELDING 2014 Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 2 INNHALD BØMLO KYRKJELEG FELLESRÅD .................................................................................... 3 SAMANSETJING ................................................................................................................... 3 DESSE SAKANE HAR HATT HOVUDFOKUS .................................................................. 3 ADMINISTRASJONSUTVAL ............................................................................................... 4 KYRKJELEGE HANDLINGAR .............................................................................................. 5 ORGANISASJON ...................................................................................................................... 6 ARBEIDSGJEVARFUNKSJON OG PERSONALPOLITIKK ............................................ 7 TILSETTE ................................................................................................................................. 7 ULØNA FRIVILLIGE MEDARBEIDARAR ......................................................................... 7 SAMLA LØNNSUTGIFTER ................................................................................................... 8 SJUKEFRÅVÆR ...................................................................................................................... 9 LIKESTILLING ....................................................................................................................... 9 IA-AVTALEN .......................................................................................................................... 9 SENIORPOLITIKK ................................................................................................................ 10 ARBEIDSMILJØUTVALET ................................................................................................. 10 ØKONOMISK OVERSIKT - DRIFT .................................................................................... 11 ØKONOMISK RESULTAT OG RAMMEVILKÅR.............................................................. 11 RESULTATVURDERING .................................................................................................... 11 KOMMENTAR TIL BALANSEN ......................................................................................... 12 BRUTTO DRIFTSRESULTAT FOR KVAR FUNKSJON .................................................. 13 SAMLA DRIFTSOVERSIKT ................................................................................................ 13 KYRKJELEG ADMINISTRASJON ...................................................................................... 13 KYRKJER .............................................................................................................................. 14 GRAVPLASSAR .................................................................................................................... 14 ANDRE KYRKJELEGE FØREMÅL ..................................................................................... 15 FINANSIERINGSTRANSAKSJONAR …….. ...................................................................... 17 INVESTERINGAR I 2014 ........................................................................................................ 17 RESULTATVURDERING .................................................................................................... 17 SAMANLIKNING AV INVESTERINGAR DEI SISTE ÅRA ............................................ 18 OPPSUMMERING ................................................................................................................... 19 KYRKJEVERJE SI INNSTILLING ....................................................................................... 19 Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 3 BØMLO KYRKJELEG FELLESRÅD SAMANSETJING Kyrkjeleg fellesråd Karl Mæland Målfrid Stautland Elisabeth Diane Håland Bjørnevik Roald Stautland Andreas Tislavoll Trygve Totland Edvin Aase Målfrid Røksund Sammy Olsen Asbjørn Gundersen Representerar Bremnes sokneråd Bremnes sokneråd Lykling sokneråd Lykling sokneråd Bømlo sokneråd Bømlo sokneråd Moster sokneråd Moster sokneråd Kommunal repr. Geistleg repr. Administrasjon Arne Salmelid Dagleg leiar Verv Leiar Nestleiar DESSE SAKENE HAR HATT HOVUDFOKUS Bømlo kyrkjelege fellesråd har i 2014 hatt sju møter og handsama 43 saker. Dette er dei viktigaste sakene gjennom året: Arbeidet i sokna – kyrkjelydsarbeidet Biskop Halvor Nordhaug hadde visitas i januar 2013. Det påfølgande år blei vi inviterte til å jobba vidare med biskopen sin oppfordring om å prioritera følgjande punkt: 1) Gudstenesta 2) Ungdom 3) Frivillige og 4) Gjevartenesta. Kampanjen 100 gjer hundre vart igangsett for å minne kvarandre på at diakonstillinga er fundert på innsamla midlar. Moster kyrkje fekk ny alterfot i same design og farge som preikestolen, og erstatta med det eit gammalt klede. Sokneråda fekk kr 90.000 til styrking av undervisning, diakoni og kyrkjemusikk over fellesrådet sitt budsjett. Personalmessige saker Det tekniske utstyret i kyrkjene som mikspult og projektor er frå 2014 styrt av ein lønna teknikar i kvar av kyrkjene for ein to-års periode. Liv Merete Fylkesnes Pedersen vart tilsett som kyrkjelydspedagog i 50 % stilling frå 20.8.2014. Sonja Gilje Ekse er frå 1.8.2014 tilsett som klokkar i 5 % stilling i Moster sokn. Innføring av ny tenesteordning gjer at alle tilsette får pensjon uavhengig av stillingstorleik. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 4 I forhold til kommunen og det offentlege rom Kommunen løyvde 7.097.000 kroner til det kyrkjelege arbeidet i 2014, ei auke på 206.000. Fellesrådet var høyringsinstans for tre høyringar: 1. Høyring om kyrkjebygg. 2) Høyring om endringar i gravferdsforvaltninga – Lik og likskap. 3) Staten og Den norske kyrkja- eit tydeleg skilje. Utøving av forvaltaransvar Arbeidet med Espevær gravplass pågjekk heile året, men vart vigsla i november og ferdigstilt ved årsskiftet 2014-2015. Det vart grøfta og drenert i botten på den nye gravplassen på Moster. Bremnes kyrkje fornya seg gjennom året med gode enøk-tiltak som isolerglass i tillegg til utplassering av stolar istadenfor benker, nytt lyst eikegolv, nytt stoff trekt på skinnstolane i koret og på alterringen. Det var re-opning av kyrkja i november 2014. Fellesrådet fekk lagt inn fiber i alle kyrkjene. Dei fire kyrkjene er nå bundne saman i eit eige intranett. ADMINISTRASJONSUTVAL Administrasjonsutvalet si samansetjing i 2013: Leiar var Karl Mæland og nestleiar Elisabeth D. Bjørnevik. I tillegg var Andreas Tislavoll arbeidsgjevarrepresentant. Anne Berit Fylkesnes og Gerd Turid Ersland Røksund er begge tillitsvald. Sekretær er Arne Salmelid. Administrasjonsutvalet har vore samla til tre møter i året som gjekk. Utvalet tilsatte kyrkjelydspedagog i 50 % fast stilling og klokkar i 5 % fast stilling. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 5 KYRKJELEGE HANDLINGAR 1. Tal på kyrkjelege handlingar med unnatak av gravferd. Døypte og konfirmerte angir tal på personar. 2014 2013 2012 2011 Døypte 140 127 116 132 Konfirmerte 132 136 147 128 Vigsel 11 12 32 25 Gudstenester 213 201 200 182 Musikkandakt/konsertar 26 37 20 19 Om lag 93 % av alle nyfødde i Bømlo vart døypte i Den norske kyrkja. Om lag 86 % vart konfirmerte. (tal frå 2007) 2. Gravferd Gravlagde i alt Av desse: Grav der det vert reservert ved sida av Bruk av tidlegare reservert grav Bruk av enkel grav Urnegrav Personar med bustad utanfor kommunen Gjenbruk av grav 2014 100 2013 105 2012 85 2011 82 32 40 18 10 35 43 22 5 39 25 20 1 26 33 20 3 8 7 6 3 3 1 6 3 3. Talet på personar som er innom kyrkja gjennom året: Deltaking ved gudstenester totalt Deltaking ved konsertar totalt Deltaking ved gravferd totalt Deltaking ved vigsel SUM DELTAKING 2014 24.430 4.465 12.334 1.087 42.316 2013 25.388 4.239 13.008 1.061 43.696 2012 23.106 2.827 13.312 2.457 41.702 Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 6 ORGANISASJON Organisasjonskart vert oftast sett opp hierarkisk med leiar og tilsette. Eit alternativt organisasjonskart knytt til funksjon, kan sjå slik ut Kyrkjeverje Felles stabsfunksjonar Sekretær – Personal – Kyrkjemusikk – Undervisning – Diakoni Bremnes kyrkje Bømlo kyrkje Lykling kyrkje Moster kyrkje Kyrkjegards -drifta Klokkar Kyrkjetenar Reinhaldar Klokkar 1 Reinhaldar Klokkar 1 Reinhaldar Klokkar Kyrkjetenar Reinhaldar Leiar Kyrkjegardsarbeidar Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 7 ARBEIDSGJEVARFUNKSJON OG PERSONALPOLITIKK TILSETTE Bømlo kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar for 22 personar. Gerd Turid Røksund slutta som kyrkjelydspedagog og Liv Merete Fylkesnes blei tilsett i stillinga. Stillinga vart då redusert frå 70-50 %. Leiar 100 % Arne Salmelid Støttefunksjonar Administrasjon 120% Aud Haldorsen Anne Berit Fylkesnes Undervisning 230 % Laila Hansen Røksund Trygve Leigland Liv Merete Fylkesnes Pedersen Kyrkjemusikk 200 % Jostein Molde Diakoni Øystein Skullerud 100 % Sissel Johanne F. Våge Kyrkjelydane Bremnes kyrkje 90 % Paulos Hiabo Arnfinn Norheim Karsten Nesse Marit Dahl Hollund Bømlo kyrkje 44 % Gunn Stensen Lykling kyrkje 22 % Liv Jannikke Oldereide Elisabeth Bjørnevik Ola Ersland Turid Håvik Anglevik Moster kyrkje 41% Nasreen Naustbakken Audny G. Johnsen Kyrkjeverje Sekretær Sekretær kyrkjelydskontor Kyrkjelydspedagog Kyrkjelydspedagog Kyrkjelydspedagog Kantor i Bremnes og Lykling Kantor i Bømlo og Moster Diakonimedarbeidar Reinhaldar Kyrkjetenar Klokkar Klokkar Klokkar 1 og reinhaldar Reinhaldar Klokkar 1 Klokkar 1 Reinhaldar Kyrkjetenar Klokkar Kyrkjegardsdrifta 175 % Åse Berit Haldorsen Bodil Sætre Leiar kyrkjegardsdrifta Kyrkjegardsarbeidar ULØNA FRIVILLIGE MEDARBEIDARAR Uløna frivillige medarbeidarar gjennom heile eller delar av året:: Laila Bauge (klokkar på Espevær) Det frivillige klokkarteamet i Moster sokn vart avvikla då Laila Gilje Ekse vart tilsett frå 1.8 Teknikarane Andreas Tislavoll (Bømlo), Halvdan Endresen (Moster) og Kristian Nesse vart fast tilsette for to år frå 1.1.2014. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 8 Mange andre er med og gjer ein stor og uvurderlig frivillig innsats i det synlege rom. Nokre gode medarbeidarar arbeidar meir i det stille, men er like viktige. SAMLA LØNNSUTGIFTER Tabellen under viser utvikling av lønsutgifter dei fem siste åra frå 2009 - 2014. Lønn er i 2014 finansiert ved: Statleg tilskot Kommunalt tilskot Innsamla midlar Fond SUM 2.092.000 4.649.000 376.000 99.000 7.216.000 8,6 % 85,2 % 4,8 % 1,4 % 100 % I 2014 utgjorde lønn 66,4 % av driftsbudsjettet mot 56,7 % året før. SJUKEFRÅVÆR Samla sjukefråvær i 2014 var 0,9 % mot 1,8 % i 2013 og 1,9 % i 2012. Av eit samla fråvær i 2014 var 0,57 % legemeldt fråvær og 0,3 % var eigenmeldt. Det var ingen menn som hadde legemeldt fråvær i 2014. Av eigenmeldt sjukefråvær i 2014 stod menn for 37 % og kvinner for 63 %. Av det samla legemeldte sjukefråværet var om lag 4 % av fråværet korttidsfråvær under 8 dagar og 96 % var langtidsfråvær. Sjukemeldingane er i hovudsak konsentrert til 1. og 4. kvartal. 8,20 dagsverk gjekk tapt grunna eigenmeldt sjukefråvær. Dette fordelt på 5,3 dagsverk på kvinner og 3,0 dagsverk på menn. Legemeldt sjukefråvær utgjorde 15,4 dagsverk, alle kvinner. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 9 LIKESTILLING Etter likestillingslova § 1a er verksemder som er pålagt å utarbeida årsmeldingar også pålagt å rapportera om tiltak som er iverksett og tiltak som er planlagt iverksatt for å fremma likestilling og for å forhindre forskjellsbehandling i strid med likestillingslova. Bømlo kyrkjelege fellesråd har ikkje utarbeidd eigen handlingsplan for likestilling. Likevel er verksemda ganske merksam på og ynskjer ein balansert kjønnsfordeling mellom dei tilsette. Av fellesrådet sine 22 tilsette er to personar (9 %) av utanlandsk bakgrunn, samanlikna med Bømlo kommune der 7,3 % av innbyggjarane har utanlandsk bakgrunn. 32 % av fellesrådet sine tilsette er menn og 68 % er kvinner. Dersom ein reknar med dei statleg tilsette sokneprestane i staben på kyrkjekontoret, er forholdet her at kvinner utgjer 42 % av staben og menn utgjer 58 %. Gjennomsnittleg årslønssats for alle tilsette var ved utgongen av 2014 kr 402.900, ei auke på 18.900 frå året før. Kvinner hadde i gjennomsnitt ei årslønnssats på 388.200 og menn 428.600. Av dei låglønna i stillingsgruppe 1 eller 2 er 11 av 15 stillingar tilsett av kvinner. Mennene i organisasjonen har i snitt lenger utdanning enn kvinnene. IA-AVTALEN Arbeidsmiljøutvalet gjorde den 23.02.2011 vedtak om å forlengja IA-avtalen for ein ny periode, frå 2010-2013. IA-avtalen vart automatisk forlengja inn i 2014. Ei ny intensjonsavtale for 2014-2018 vart underskriven av partane ved årsskiftet 2014-2015. Desse tre lokale delmåla vart vedteken som ei målsetting i AMU den 09.05.2011: Delmål 1: Sjukefråvær a) 1. Sjukefråvær under 5 %. 2. Ingen arbeidsrelatert sjukemelding. b) 1. Krav om kontaktpunkt med arbeidskollegaer etter 4 veker. 2. Kontakte NAV etter 4 veker for å rådspørje hjelp for tilrettelegging. Delmål 2: Personar med redusert funksjonsevne a) Når ein arbeidstakar får redusert arbeidsevne, skal det straks førebuast tiltak for å til rette legge til rette slik at arbeidstakar framleis kan stå i jobb. b) 1. Fellesrådet er positiv til å vurdera ein person ein gong i året. 2. IA-gruppa (verneombod, personalrådgjevar og kyrkjeverje) drøftar kvart tilfelle. Delmål 3: Avgangsalder 1. Arbeidsgjevar vil tilby alle tilsette i fellesrådet 20 prosent redusert arbeidstid frå fylte 62 år utan å gå ned i løn. 2. Arbeidsgjevar tilbyr ei veke årleg fordjuping/studieveke frå fylte 62 år og to veker frå fylte 65 år. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 10 PS: Delmål 3 vil bli tatt opp til ny vurdering i 2015. SENIORPOLITIKK Kyrkjeleg fellesråd følgde same månad opp vedtaket i AMU frå mai 2011 med same vedtak som delmål 3. Målsettinga er å forlengja yrkeskarrieren. 1. Arbeidsgjevar vil tilby alle tilsette i fellesrådet 20 prosent redusert arbeidstid frå fylte 62 år utan å gå ned i løn. 2. Arbeidsgjevar tilbyr ei veke årleg fordjuping/studieveke frå fylte 62 år og to veker frå fylte 65 år. Retningslinjer for fordjuping/studieveke: - Arbeidstakar med 20 prosent stilling eller høgare får innvilga årlege fordjupingsdagar etter søknad. - Perioden på ei veke gjeld tilsette i heil stilling. Talet på fordjupingsdagar vert redusert tilsvarande for deltidsstilling. - Fordjupinga skal vera innafor eit arbeidsrealtert tema. - Tidspunktet for fordjupinga skal skje når det ikkje er til hinder for arbeidet og skal ikkje nyttast som forlenging av ferieveke. Seniorpolitikken vil bli vurdert på nytt i 2015. ARBEIDSMILJØUTVAL (AMU) Arbeidsmiljøutvalet (AMU) hadde eit møte i 2014. AMU skal ha fokus på dei tilsette sin arbeidssituasjon og arbeidsmiljøet. AMU handsamar saker som vernerunde, handlingsplan, avviksmeldingar og sjukefråvær. Ved utgangen av 2014 var desse medlem i AMU: Karl Mæland og Arne Salmelid – frå arbeidsgjevarsida. Bodil Sætre og Jostein Molde er representantar for dei tilsette. Jostein Molde er verneombod. I tillegg møter ein representant frå Bedriftshelsetenesta Ysst. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 11 ØKONOMISK OVERSIKT - DRIFT (tal i 1000) Sum driftsinntekter Sum driftsutgifter Brutto driftsresultat Sum eksterne finansinntekter Sum eksterne finansutgifter Netto driftsresultat Sum bruk av avsetningar Sum avsetningar Mindreforbruk / meirforbruk Rekneskap Oppr.bud. Rev.bud. Avvik -10.858 -10.244 -10.244 614 10.861 10.307 10.307 554 3 63 63 -60 -94 -70 -70 24 0 0 0 0 -92 -7 -7 85 -99 -105 -105 -6 190 112 112 78 0 0 0 0 ØKONOMISK RESULTAT OG RAMMEVILKÅR . Rammetilskotet frå kommunen til drift var i 2014 kr 7.097.000 mot kr 6.891.000 i 2013. Lønskostnaden var i 2014 kr 7.215.653, noko som er 382.373 meir enn året før. Den store auka skuldast ikkje minst at pensjonskostnaden gjekk opp frå 681.000 til 976.500. Resultatet for driftsrekneskapen for 2014 går i balanse med null i resultat etter å ha dekka inn tidlegare meirforbruk med 112.000 og med bruk av fondsmidlar på 99.000 kroner. Rekneskapen for Gjevartenesta går med eit overskot på kr 60.204 etter trekk på kr 99.000. (Vedlegg 4-6) Rekneskapen for Trusopplæringa er ført opp med eit underskot på kr 3.008 med eit samla budsjett på kr 798.000. (Vedlegg 4-7). Gjennom året blei det flytta store midlar frå Trusopplæringa 0442 til Kyrkjelydsarbeid 0440. Opprinneleg var budsjettet 1.841.000 kr. Rekneskapen for gravlegat er pr 31.12. bokført som bundne fond. Fondet er på kr 912.761, ei auke på kr 78.493 frå året før. Dette er ført i eige kapittel for gravlegat. (Vedlegg 4-8) RESULTATVURDERING Fellesrådet sin rekneskap for 2014 er gjort opp med null i resultat. Rammeoverføringa frå kommunen aukte med kr 206.000. Dette skulle dekka auka lønnskostnad med kr 382.300 og dekka inn tidlegare meirforbruk på kr 112.000. Den største overraskinga var den store auka i pensjonskostnader. Denne posten åleine aukte med 43 % - kr 266.500. Det var også ei stor overrasking at Gjevartenesta gjekk med overskot. Kampanjen 100 gir hundre gav mange gjevarar med fast gjevarteneste og desse gav samla over 40.000 meir enn budsjettet. På toppen av det heile fekk diakoniarbeidet kr 153.000 etter søknad frå OVF og med ekstramidlar frå bispedømmet. Med denne enkle forklaringa er kyrkjeverja godt tilfreds med det rekneskapsmessige resultatet for 2014. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 12 KOMMENTAR TIL BALANSEN Eigenkapitalen i Bømlo kyrkjelege fellesråd held seg på eit stabilt nivå. Det er ingen langsiktig gjeld. Kortsiktig gjeld knytt seg i hovudsak til skattetrekk, arbeidsgjevaravgift og feriepengar. Udisponerte investeringsmidlar er i balansen fastslått til kr 673.645. (Vedlegg 3) Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 13 BRUTTO DRIFTSRESULTAT FOR KVAR FUNKSJON SAMLA DRIFTSOVERSIKT (i tusen) 0410 Kyrkjeleg administrasjon 0420 Kyrkjer 0430 Graavplassarar 0440 Andre kyrkjelege føremål 0890 Finansposter BALANSE Rekneskap Opp.bud. Rev.bud. Avvik -93 -62 -62 31 11 0 0 -11 9 0 0 -9 73 0 0 -73 3 0 0 -3 3 -63 -63 60 Kyrkjeleg administrasjon Tenester/oppgåver Denne funksjonen ivaretek Kyrkjeleg fellesråd som rådsorgan saman med tilsett kyrkjeverje og sekretær. I tillegg dekker denne funksjonen andre oppgåve av fellesadministrativ karakter, som kontor og datautstyr, kontingent og rekneskapsføring og revisjon for både sokneråd og fellesråd. Fellesrådet har ansvar å stilla med kontorutstyr også for dei tre statleg tilsette prestane. Ansvarsområdet vert finansiert ved rammeoverføring frå kommune og renteinntekter. Lønsutgifter står for 56 % av den samla driftskostnaden. Mål og måloppnåing Ved utgongen av 2014 er det personar i alle faste stillingar. Her er mange særdeles gode, dyktige og høgt kvalifiserte medarbeidarar som saman drar lasset. Økonomisk resultat (drift) 0410 Kyrkjeleg administrasjon Rekneskap Oppr.bud. Justering Rev.bud. 1.977 1.878 0 1.878 Bruk av midlar -2.070 -1.940 0 -1.940 Tileigna midlar Brutto driftsresultat -93 -62 0 -62 Forklaring: Negativt tal: meirutgift eller mindreinntekt Positivt tal: mindreutgift eller meirinntekt Avviksforklaring Det er brukt kr 99.000 meir enn budsjettert samtidig som det også er tilført kr 130.000 meir enn budsjettert. Samla er det eit positivt avvik på kr 31.000. Utfordringar Å gjennomføra ei god drift på kyrkjekontoret. Å sikra god økonomisk drift gjennom å forvalte midlane effektivt. Ivareta alle medarbeidarane ved å ha ein god personalpolitikk og eit godt arbeidsmiljø. Ivareta kyrkjene og inventar på ein best mogleg måte. Avvik -99 130 31 Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 14 Kyrkjer Tenester/oppgåver Denne funksjonen ivaretek alle driftsomkostningane med kyrkjebygga, inkludert løn for dei tilsette i kyrkjene, sekretær og kantorane. Etter ein avtale i 2010 mellom Bjørgvin bispedøme, Bømlo kommune og Bømlo kyrkjelege fellesråd skal fellesrådet dekka 50 % av lønskostnadane for den eine prestestillinga i 12 år. Funksjonen vert finansiert ved rammeoverføring frå kommunen. Lønsutgifter står for 71 % av den samla driftskostnaden. Mål og måloppnåing I Moster kyrkje blei det frå 1.8.2014 tilsett ny person som 5 % klokkar. Frå 1.1.2014 blei det tilsett betalte teknikarar. Økonomisk resultat (drift) 0420 Kyrkjer Rekneskap Oppr.bud. Justering Rev.bud. Avvik 4.083 3.923 0 3.923 -160 Bruk av midlar -4.072 -3.923 0 -3.923 149 Tileigna midlar Brutto driftsresultat 11 0 0 0 -11 Forklaring: Negativt tal: meirutgift eller mindreinntekt Positivt tal: mindreutgift eller meirinntekt Avviksforklaring Det er eit samla negativt avvik på kr 11.000. Det er kostnadsført kr 160.000 meir enn budsjettert og samtidig inntektsført kr 149.000 meir enn budsjettert. På kostnadssida er det eit overforbruk på løn, i hovudsak skuldast meirkostnad på pensjon på 130.000. På inntektsida er det ført refusjon frå kommune på kr 110.000. Dette skuldast arbeid i Bremnes kyrkje som var betalt av fellesrådet. Utfordringa Å sikra at den tekniske delen av oppgåva ved kyrkjelege handlingar vert ivareteke og kvalitetssikra ved hjelp av dyktige frivillige og godt utstyr. Å sikra eit høgt vedlikehaldsnivå på kyrkjene. Gravplassar Tenester/oppgåver Denne funksjonen ivaretek drift og forvaltning av dei 14 gravplassane i kommunen. Her er det to tilsette i tilsaman 175 % stilling med 25 % stillingsauke i sesongen. I tillegg vert det kjøpt gravarteneste frå privat aktør i samband med gravferd. Fellesrådet sine transportmidlar og større utstyr er knytt til drift av gravplassane og uteområda til kyrkjene. Funksjonen vert finansiert ved rammeoverføring frå kommune, i tillegg til gravfesteavgift og andre betalingstenester. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 15 Lønsutgifter står for 53 % av den samla kostnaden. Mål og måloppnåing Det vert kommentert at gravplassane er velstelte og fine. Økonomisk resultat (drift) 0430 Gravplassar Rekneskap Oppr.bud. Justering Rev.bud. Avvik 2.234 2.030 0 2.030 -204 Bruk av midlar -2.224 -2.030 0 -2.030 194 Tileigna midlar Brutto driftsresultat 10 0 0 0 -10 Forklaring: Negativt tal: meirutgift eller mindreinntekt Positivt tal: mindreutgift eller meirinntekt Avviksforklaring Denne funksjonen har eit negativt avvik på kr 10.000. Det er brukt kr 204.000 meir enn budsjettert og samtidig tilført 194.000 meir enn budsjettert. Avviket skuldast i første rekke høge lønnskostnader, høge vedlikehaldskostnader på utstyr og kjøretøy. Det er henta inn festeavgifter for 63.000 meir enn budsjettert. Utfordringa Sørge for at dei tilsette har tenlege og effektive hjelpemiddel. Å sikra god forvaltning ved å halda gravplassane fine og utnytta området effektivt Å sikra gode medarbeidarar til sesongstillinga (40 % i seks månader) og sommarhjelp. Sørge for god oversikt over antall ledige graver på alle gravplassane. Andre kyrkjelege føremål Tenester/oppgåver Dette området ivaretek kyrkjelydane sine kjerneoppgåver som undervisning, diakoni og kyrkjemusikk. Tiltak i samband med trusopplæringsreforma og lønsmidlar til pedagogane og diakon er kjerneområder. Ansvarsområdet vert finansiert ved statleg tilskotsordning til kyrkjelydspedagog, statleg tilskot i samband med Trusopplæringsreforma, rammeoverføring frå kommune - og innsamla midlar og renteinntekt i samband med Gjevartenesta for diakon. Lønsutgifter står for 78 % av den samla kostnaden. Mål og måloppnåing Mål om å styrke det økonomiske bæregrunnlaget til diakonstillinga. Oppretthalda tre kyrkjelydspedagogar i 100%, 80 % og 50 % stilling. Rekruttera tilstrekkeleg med frivillige til å gjennomføra faseprogrammet etter planen. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 16 Økonomisk resultat (drift) 0440 Andre kyrkjelege Rekneskap Oppr.bud. Justering Rev.bud. Avvik føremål 2.565 2.476 0 2.476 -89 Bruk av midlar -2.492 -2.476 0 -2.476 16 Tileigna midlar Brutto driftsresultat 73 0 0 0 -73 Forklaring: Negativt tal: meirutgift eller mindreinntekt Positivt tal: mindreutgift eller meirinntekt Avviksforklaring Samla avvik her er minus 73.000. Trusopplæring er ein eigen funksjon i rekneskapen og skal alltid balansera så nær null som mogleg. Avviket i 2014 var på 3.000 kroner (vedlegg 4-7). Diakoni er også ein eigen funksjon. Rekneskapsmessig har denne funksjonen eit overskot på kr 60.000 etter at det er brukt kr 99.000 frå fondet til Gjevartenesta. Samtidig er det overført kr 145.000 frå budsjettet på Gjevartenesta til Gravplassane for å dekka underskotet. Gjevartenesta vart påplussa med tilsaman 153.000 etter å ha fått OVF-midlar og ei ekstraordinær gåve frå bispedømekontoret. Utfordringar Å få til eit godt samarbeid mellom tilsette, frivillige og råd ved iverksetting av tiltaka i trusopplæringsplanen. Å skaffa nok frivillige til å gjennomføra trusopplæringsplanen. Å få barn og unge til å kjenna tilhøyring til gudstenestefellesskapet. Å sikra nødvendig finansiering av diakonstillinga gjennom å bygga ut Gjevartenesta for diakon og tenka utvida samarbeid med kommunen og lokale aktørar. Ny funksjon: 089 Finansieringstransaksjonar Dette er ei ny rapporteringsfunksjon som skal rapportera finansielle transaksjonar – i praksis på 5* og 9*-kontoane. Finanspostar, som reneinntekt, skal likevel førast i annan funksjon dersom den naturleg høyrer heime ein annan plass. Til dømes vil renter frå diakonifondet bli tilgodeskreve Gjevartenesta og ikkje fellesrådet sin totale rekneskap. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 17 INVESTERINGAR I 2014 PROSJEKT som er gjennomført i 2014 Norsk Salmebok 2013 Bremnes kyrkje – ny vassleiing Grasklyppar / Utbygg Espevær Espevær kyrkjegard Moster kyrkjegard Carport Bremnes Lykling kyrkjegard planlegging Udisponert salmebøker Udisponert grasklyppar Espevær Udisponert gravplassar Udisponert varmestyring/enøk i kyrkjene Aksjar og andelar i KLP SUM disponert 135.562 171.119 87.000 3.297.995 650.660 441.896 19.107 4.438 33.000 620.000 120.000 23.859 5.604.636 FINANSIERING av prosjekta Tilskot frå kommunen 2014 Bruk av tildl- års udisponert Bruk av ubundne investeringsfond Refusjon frå kommunen SUM tilført 1.000.000 4.590.033 9.003 5.600 5.604.636 Rekneskapsført i kommunen Kalkulatoriske postar Bremnes kyrkje 2.784.975 RESULTATVURDERING Rehabilitering av Bremnes kyrkje har ei ramme på 5,3 mill. I 2014 er det gjort investeringar på nesten 2,8 mill. mot 1,2 mill. i 2013. I 2014 vart det lagt nytt golv, hovedvinduene langs skipet er bytta ut, benkene vart skifta ut med stolar og skinnstolane og alterringen fekk stoff i staden for skinn. Det er installert automatisk fuktanlegg. Prosjekt som står igjen er nytt dobbeltglas bak glasmaleria i koret og doble glas på alle småvindu i sakrestia, gangar, kjøken og i tårnet. I tillegg skal orgelet totalrenoverast. Alt dette er planlagt til rett over påske 2015. Prosjektet er ført i kommunen sin rekneskap og vert synleggjort i fellesrådet sin rekneskap som kalkulatoriske postar. På den utvida gravplassen på Espevær kom ein så vidt igang med anleggsarbeidet i 2013 og rakk akkurat å få ferdigattest i november 2014. Gravplassen vart vigsla same veka. Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 18 Her vart det nytta kr 3.298.000 av eit budsjett på 4,0 mill. I tillegg var det gjort vedtak om å omdisponera midlar frå Moster kyrkjegard til Espevær for å gjera ferdig ny driftsbygning. På gravplassen på Moster blei det gjort djuptgåande grøftearbeid då ny hovedgrøft vart graven opp og ny drenering vart kobla til hovudgrøfta ut ifrå gravplassen. Samla prosjektkostnad vart kr 650.660. Bømlo kommune løyvde i 2014 generelle investeringsmidlar til Kyrkjeleg fellesråd på kr 1.0 mill. Investeringsrekneskapen for 2014 (vedlegg 2a) er gjort opp i med udisponerte/ubrukte midlar på kr 777.438. Likevel har det aldri tidlegare vore investert så mykje i kyrkjer og gravplassar på Bømlo i nyare tid som i 2014. SAMANLIKNING AV INVESTERINGANE DEI SISTE ÅRA (Tal i 1000) Sum investeringar Dekning av tidlegare års meirforbruk Mva Aksjar i KLP Sum udisponert Sum avsetningar SUM FINANSIERINGSBEHOV 2014 4.803 0 1.163 24 777 0 6.767 Rekneskap 2013 2012 2011 765 677 3.801 0 184 200 179 133 0 22 0 0 0 0 0 0 966 994 4.001 Sal av driftsmidlar Refusjonar Kalkulatoriske postar Tilskot frå kommunen Tidlegare års avsetning Tidlegare års udisponert / eigne fond Overføring frå driftsrekneskapen (mva) SUM FINANSIERING 0 -1.168 0 -1.000 -9 -4.590 0 -6.767 0 0 0 -3.224 0 -97 -143 -3.464 0 2.498 Udisponert i investeringsrekneskapen 2010 3.369 0 0 0 7 3.376 -102 -459 0 -1.350 0 -1.138 0 -3.000 0 -3.672 -250 0 -80 -3.080 -22 -3.944 -3.049 2.085 -57 -327 Bømlo kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2014 Side 19 OPPSUMMERING Bømlo kyrkjelege fellesråd er ved årsskifte arbeidsgjevar for 22 tilsette. Dette er uendra frå året før. Desse utfører per 31.12.2014 til saman 11,92 årsverk. I tillegg er det ein teknikar i kvar av kyrkjene tilsette midlertidig for to år (2014-2015). Det er heller ikkje rekna inn 0,20 årsverk som vert nytta i sommarhalvåret. Arbeidet i Administrasjonsutvalet og Arbeidsmiljøutvalet har gått som normalt. Rekneskapsmessig kom fellesrådet ut i null etter å ha brukt 99.000 av diakonfondet og dekka inn kr 112.000 frå tidligare års underskot. Det er i 2014 bygd ut ein heilt ny gravplass på Espevær og lagt nye dreneringsrøyr på gravplassen på Moster. Bremnes kyrkje er rehabilitert for kr 2,8 mill og etter krav frå brannvesenet er det lagt inn nye vassleiingar i Bremnes kyrkje for å få nødvendig trykk i brannslangane. Det er kjøpt inn nye salmebøker i alle kyrkjene. Det er også laga ein carport ved sida av driftsbygningen på Svortland. På investeringssida er dei samla udisponerte midlane nå kr 673.645 (vedlegg 3) Balansen syner at det er ingen vesentleg gjeld. KYRKJEVERJE SI INNSTILLING Kyrkjeleg fellesråd godkjenner Årsmelding 2014. Driftsrekneskapen for 2014 vert avslutta i balanse med null i resultat. Det er framleis eit driftsunderskot på kr 134.407. Dette er budsjettert inndekka i 2015. Det er udisponerte midlar til investeringar på kr 673.645. I trå med tidlegare vedtak skal dette nyttast primært til gravplassen på Moster.
© Copyright 2024