03.02.2015 - Stord Kyrkja

Møtebok hovedutskrift FR 3. februar 2015
Råd/utval:
Stord kyrkjelege fellesråd.
Tid:
Møtestad:
Opning:
Tirsdag 3. februar. kl. 17:00. MERK TIDA !!!
Kyrkjekontoret
Nils Kåre
Til stades:
Nils Kåre Nysæter, Kjetil Eldøy, Grete Røksund Myrhaug, Addy Anne Langeland ,
kom.repr.vara: Leif Steinar Alvsvåg, prost Svein Arne Theodorsen og kyrkjeverje Liv Kari Bru.
Fråver:
Kom.repr. Tordis Nysæter
SAKLISTE
Godkjenning av innkalling og sakliste.
GODKJENT uten merknadar.
Godkjenning av møtebok frå fellesrådsmøte 17. desember 2014.
GODKJENT uten merknadar.
Referat, meldingar, orienteringar

Nytt frå Stord Sokneråd v/ Addy Anne Langeland.
 Førebuing med tanke på val hausten 2015.
 Val av leiar (Addy Anne Langeland) og nestleiar (Jorunn Høyland) for 2015.
 Statusgjennomgang rehabilitering av Stord kyrkje og kyrkjelydshus.
 Er med på den planlagde "Godhetsfestivalen"
 Visjonen.
 Innkjøp av 6 nye bord.
 Nominasjonsnemnd: Tore Tveit & Nils Helland.

Nytt frå Nysæter sokneråd v/ Grete Røksund Myrhaug.
 Førebuing med tanke på val hausten 2015.
 Per Flatøy har laga - og gitt eit bordkors i gåve til Nysæter kyrkje. Korset skal stå på
altaret.
 Er med på den planlagde "Godhetsfestivalen"
 Solveig Nome er oppnemnt som medlem i diakoniutvalet.
 T-dagar.
 Støttar Stord sokneråd sitt forslag på Kjellfrid Meland som kandidat til val av BDR.

Nytt frå staben
 Fagdag på Stord Hotell 11. februar.
 Snart ferdig med medarbeidarsamtalar med alle fellesrådstilsette.
 Gjennomgang av ressursutfordringar/tilsette i forhold til gjennomføring av T-dagar.
 Prosten orienterte om prestesituasjonen.

Nytt om gravplassar og kommande gravplassar.
 Utdeling av teikning over utviding av Nysæter gravplass.

Nytt frå rehabilitering/vedlikehald av kyrkjene
 På dette møtet vert orienteringspunktet eigne saker; SAK 03 & 04.
_________________________________________________________________________________________________________
Saksnr.
A.kode
Sak tittel
_________________________________________________________________________________________________________
2015/01
133
Førebels resultat for driftsrekneskap 2014
Vedtak:
Stord kyrkjelege fellesråd tek den førebelse rekneskapen for driftsbudsjettet 2014 til orientering.
Samrøysta vedteke.
2013/02
112
Driftsbudsjett 2015
Vedtak:
Stord kyrkjelege fellesråd vedtek det framlagde budsjettet for 2015 med fylgjande endringar:
Post 11301, bank gebyr vert redusert til 1.400. Post 11500, kurs og etterutdanning vert auka til 79.600.
Samrøysta vedteke.
2014/03
411
Nysæter kyrkje - rehabilitering
Vedtak:
A) VARME og VENTILASJON.
Stord kyrkjelege fellesråd takkar for rapporten frå Multiconsult og tek informasjonen frå denne til
orientering.
Fellesrådet ber Stord kommune om snarast å utarbeida eit anbudsgrunnlag og deretter leggja prosjektet ut
på Doffin for å få utført dei tiltaka som er foreslått i rapporten.
B) TAK og KLOKKETÅRN
Fellesrådet tek til orientering at klokketårnet må rivast og byggjast oppatt på ny.
Fellesrådet ber om at prosessen med nytt klokketårn vert sett i gang snarast råd er og ynskjer at
planlegginga og kostnadskalkyle vedr klokketårnet vert gjort parellelt med rehabilitering av taket.
Samrøysta vedteke.
2014/04
411
Stord kyrkje- rehabilitering
Vedtak:
Stord kyrkjeleg fellesråd tek orienteringa frå Multiconsult til orientering. Fellesrådet ber om
tilstandsrapport og forslag til tiltak samt kostnadskalkyle med tanke på handsaming i fellesrådet 18. mars
2015.
Fellesrådet ber om at ideane knytta til våpenhuset om golvvarme, maling/veggar og tetningslister/dør vert
tekne vidare til prosjektleiar med tanke på best mogleg resultat i samband med rehabiliteringa.
Samrøysta vedteke.
2014/05
411
Castor kompetanse
Vedtak:
Stord kyrkjelege fellesråd ber kyrkjeverja senda eit brev til Castor Kompetanse der FR ber om å få tilsendt
det som er betalt for og som FR meiner tilhøyrer FR. Brevet skal ta utgangspunkt i fylgjande punkt:
 Knefallet (skinntrekket)
 Varmecelle, orgel/kantor
 Plan (resept) for utvendig maling
 Hjulvindauga som skal vera over prestesakrestiet
 Teikningar toalett
 Korrespondanse med riksantikvaren vedr utviding av dør i kyrkjemuren til nytt HC-toalett.
 Stuprenne, nedløpsrøyr og takrenne
 Oppvarming inne i kyrkjerommet
Samrøysta vedteke.
Stord 12. februar 2015
For Stord kyrkjelege fellesråd
Nils Kåre Nysæter
Leiar
Liv Kari Bru
Kyrkjeverje/dagleg leiar
Neste møte i fellesrådet er
onsdag 18. mars kl. 18:00