Bømlo-nytt - Kystskogbruket

Bømlo-nytt
3
Laurdag 22. august 2015
Billegaste nordsjøolje sidan 2009
Oljeprisane held fram med å
falle. Natt til fredag var prisen for eit fat nordsjøolje
nede i 45,97 dollar – den
lågaste prisen på over seks år.
Nordsjøoljen fall frå
46,37 dollar ved 3-tida natt
til fredag til 45,97 to timar
seinare. I morgontimane tok
prisen seg derimot noko opp
igjen, og oljen blei omsett for
rundt 46 dollar fatet.
Førre gong prisene var
så låge, var i mars 2009. For
berre ein månad sidan kosta
nordsjøoljen 56,05 dollar
Storkommune på Nord-Jæren?
fatet. Den amerikanske lettoljen steg med 34 cent under
torsdagens handel i New
York. Prisen på 41,14 dollar
er berre så vidt høgare enn
botnnivået for drygt seks år
sidan. (©NPK)
Rådmann Inger Østensjø i
Stavanger meiner det bør
etablerast ein ny storkommune på Nord-Jæren som
minimum inkluderer dagens
Stavanger, Sandnes, Sola
og Randaberg kommunar.
Også tilgrensande kommu-
nar i nord og sør blir inviterte med, skriv Aftenbladet.
Avisa skriv også at Arbeidarpartiet i Finnøy alt har sagt
ja til å gå inn i ein storkommune saman med Stavanger.
Historisk skipsdåp
i Rubbestadneset
Mat- og landbruksminister
Sylvi Listhaug (FrP) var
torsdag i Rubbestadneset
for å døype skogplattforma «Frøya». Etterpå vart
det feira med kake, kaffi,
Salma-laks og omvising om
bord.
Bn: Håvard Hammarstrøm
Bømlo-nytt har ved fleire
høve fortalt om den unike
skogsplattforma, ein lekter
med overbygg akterut, som
kan ta om bord inntil 10.000
kubikkmeter tømmer. Den 91
meter lange og 28 meter breie
plattforma er eigd av Austevoll-selskapet
Energihogst.
Lekteren fungerer som ein flytande kai, og gjer det enklare
å drive effektiv skogshogst
langs kysten.
Stor festivitas
Torsdag ettermiddag var det
stor festivitas i Rubbestadneset. Skogsplattforma skulle
døypast, og mat- og landbruksminister Listhaug var
invitert til å vera gudmor.
Statsråden kom sjøvegen frå
Flesland med Magnus Stangeland til rors. På kaien i Rubbestadneset vart ho teken imot
av ordførar Odd Harald Hovland, representantar frå Energihogst og partifeller i Bømlo
FrP.
Dette er ei veldig
spennande satsing,
og eg håpar dei får
dette til å gå
Listhaug fekk ros
Det vart halde talar av ordførar Hovland, ordførar i Austevoll, Renate Møgster Klepsvik, og representantar frå
Energihogst, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen
i Hordaland, fylkesmanns-
God stemning om bord på «Frøya» etter dåpen. Med på biletet er frå venstre: ordførar Odd Harald Hovland, dagleg leiar i Energihogst, Ole Andreas Aunet,
Dag Helge Hellen (Bømlo Frp), landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og Gunn Hellen.
gruppa i Kystskogbruket,
Kystskogbruket, Vestskog og
Skogselskapet i Hordaland.
Frå skogbruksnæringa fekk
statsråden mykje ros for regjeringa si satsing på skogbruk,
ikkje minst med omsyn til
støtte til infrastrukturtiltak.
Uttransportering av tømmer
er ei utfordring på Vestlandet,
og næringa sa mellom anna at
Listhaug var den første skogministeren på mange år.
Vellukka dåp
Champagneflaska gjekk i
tusen knas på første forsøk,
og statsråden gratulerte med
dagen. Deretter vart gjestar og
publikum inviterte om bord.
Listhaug fekk omvising, både
på dekk, og inne i bygningen
på plattforma der mannskapet
bur når dei er på jobb.
I pressemeldinga frå selskapet heiter det at dette er den
første kjente flytande skogplattforma i sitt slag i Europa.
Såleis vart det skrive historie
med dåpen sist torsdag.
Nøgd minister
Listhaug, som var på Bømlo
for første gong, var strålande
nøgd med dagen.
– Det har vore ein kjempedag. Først båtturen hit til
Rubbestadneset som var fantastisk, og sidan møtet med
gründerane som satsar på
denne måten. Eg tykkjer det
er veldig bra at ein slik kan
utnytte skogen langs kysten. Det er også hyggjeleg at
Framstegspartiet får ros for
satsing på skogbruket. Dette
er viktig for oss, sa statsråden
til Bømlo-nytt, før ho tok av i
helikopter frå Rubbestadneset
med kurs for Fana.
Gledens dag
Styreleiar Knut Arne Hovdal i
Energihogst sa i sin tale at det
eit par dagar tidlegare hadde
blitt henta sitkatømmer frå
plattforma tilsvarande om lag
150 bustadhus. Tømmeret frå
Bømlo skulle fraktast til Tyskland. Å frakte tømmeret sjøvegen er langt meir miljøvenn-
leg enn å frakte tømmeret på
100 trailerar. Til Bømlo-nytt
seier Hovdal at det har vore
ein fantastisk dag. At landbruks- og matministeren ville
komme for å vera gudmor var
over all forventning.
Først til Rubbestadneset
Dagleg leiar Ole Andreas
Aunet er samd.
– Dette var utruleg stas. At
statsråden ville komme hit er
stort for oss.
– Og Bømlo vart første
stogg for plattforma. Kvifor
det?
– Me var ferdige i Austevoll
og heldt alt på med hogst her
på Bømlo før plattforma var
ferdig. Difor var det naturleg
for oss å gå hit til Rubbestadneset. Me er godt nøgde med
samarbeidet me har hatt med
grunneigarane her i Bømlo.
Positiv satsing
Landbrukssjef Njål Gunnar
Slettebø i Bømlo kommune
var mellom dei som var til sta-
des på dåpen. Han seier dåpen
med statsråden, og det å stå
om bord på denne digre skogplattforma, er nesten litt uverkeleg.
– Dette er ei veldig spennande satsing, og eg håper dei
får dette til å gå. Mange har
sett på sitkagrana som eit problem, men no er det mogeleg
å tene pengar på sitkaen. Det
er positivt at dette no er ein
ressurs som kan bli utnytta.
Det har vore lite hogst her i
Bømlo, samstundes som det
er stor trong for hogst. Det
at ein har satsa på ein plattform som gjer hogst langs kysten enklare, er veldig positivt,
seier han.
Merete Larsmon representerte fylkesmannsgruppa i
Kystskogbruket, som omfattar 10 kystfylke. Ho peika i
sin tale på at det også er viktig med langsiktig tenking og
nyplanting, for å sikre at dette
er ei høgst levande næring
også om 50–60 år.