Les heile programmet her

4
KOMMUNEVALET
FITJAR 2015
Fitjarpatriot
KOMMUNEVALET
5
FITJAR 2015
ADMINISTRASJON OG TILSETTE I
KOMMUNEN
TOPPKANDIDATAR
FITJAR SENTERPARTI VIL:
• styrkja det interkommunale samarbeidet
• støtta tiltak for å skaffa fagfolk i kommunen
• ikkje innføra endringar i arbeidsmiljølova for
kommunen sine tilsette
• arbeida på sikt for å få til eit driftsbudsjett utan
eigedomsskatt,
• eigedomsskatten bør gå til investeringar
• ha ei rettferdig utrekning av eigedomsskatten
1. Grete
Marit Veka
Maraas
56 år
Hjelpepleiar
KOMMUNAL INFRASTRUKTUR
FITJAR SENTERPARTI VIL AT:
• Fitjar vassverk må byggjast ut til Sandvikvåg, og
vedlikehald av leidningsnettet må prioriterast
• det kommunale avløpsnettet må byggjast ut slik
at andre enn sentrumstomtar kan koplast på
• vedlikehaldet av dei kommunale vegane
må betrast
• det kommunale vegnettet må rustast opp i tråd
med trafikksikringsplanen
• det stadig er tilgjengeleg byggjeland
• det til ei kvar tid er ledige attraktive byggjetomtar
i nærområdet til krinsskulane
•
•
•
støtta biblioteket
støtta dei gode fritidstilboda både for barn og
vaksne, og leggja til rette for nye tilbod
ha eit rikhaldig tilbod i kulturskulen (musikk, dans,
drama, bildande kunst)
KYRKJA
Aktiviteten er høg i Fitjar kyrkje, med godt barne- og
ungdomsarbeid, temakveldar og konsertar i tillegg
til gudstenestelivet. I 2017 er kyrkja 150 år, og me
vil støtta kyrkja med midlar til god drift og godt
vedlikehald.
JAKT OG FISKE
Hjortestamma har auka svært mykje i den siste tida.
Dette er eit til dels stort problem for landbruket og
hageeigarar fleire stader i kommunen, og medfører
farlege situasjonar i trafikken.
Samtidig er jakt god rekreasjon for mange. Dei siste
åra har flokkar med grågås beita på innmark heile
året enkelte stader, og grasavlingane her vert
monaleg reduserte. I alle fiskevatn er det mykje
småfisk.
Me seier nei til tvangssamanslåing
av kommunar, og er skeptiske til ein
stor Sunnhordlands-kommune.
Lokaldemokratiet vert truleg
svekka. Blir tenestene betre?
Sp vil lytta til ei folkerøysting om
kor stor kommunen skal vera.
HELSE OG SOSIAL/ELDREOMSORG
Senterpartiet meiner at alle skal ha tilgang til gode
og likeverdige helsetenester, uavhengig av personleg
økonomi og bustad. Helsetenestene i kommunen må
vera stabile og godt utbygde. Nøkkelordet er førebygging på alle plan og godt tverrfagleg samarbeid mellom
etatane.
FOLKET SKAL BLI HØYRT
Forhandlingar kring kommunesamanslåing er i gang.
Sp-representantane lovar å lytta til kva folk i Fitjar
meiner i ei folkerøysting, før endeleg avgjerd. I alle
samanhengar vil me også leggja stor vekt på at
• innbyggjarane kan komma med innspel og
bli tekne med på råd
• kommunen held fram med å ha eldreråd
• ungdomsrådet vert høyrt, slik at ungdommen kan få
høve til å fremja sine saker, og vera med å ta ansvar
for politikken i kommunen
• rådet for funksjonshemma vert høyrt
ØKONOMI OG NÆRINGSLIV
Eit godt utvikla næringsliv er grunnlaget for ein god
kommuneøkonomi. Senterpartiet er glad for at kommuneøkonomien er under god kontroll, og me vil stå
på for eit regjeringsskifte i 2017, med større overføringar frå staten. God økonomistyring er samtidig svært
viktig, fellesskapen sine verdiar må forvaltast rett.
FITJAR SENTERPARTI VIL:
• at Fitjar kommune skal leggja til rette for utvikling
av eksisterande næringsliv (industri, reiseliv mm)
og nyetableringar
• at ungdom skal bli oppmuntra til å skapa
eigne arbeidsplassar
• sjå til at primærnæringane også i framtida
skal ha gode vilkår i Fitjar
• ha god kontakt med aktuelle nyetablerarar
• leggja til rette for utnytting av bioenergi og
utbygging av småkraft
•
•
at kommunen er mindre restriktiv når det gjeld
sal av næringstomtar i Aarskog
ikkje ha søndagsopne butikkar utover dei
tilboda me har i dag
SKULE OG OPPVEKST
Senterpartiet ynskjer at alle barn har ein god og trygg
barndom, fylt med leik, læring og omsorg. Me vil også
ha ein kunnskapsskule for alle barn og unge med god
kvalitet på undervisninga, ved å gi enkelteleven utfordringar på sitt eige nivå.
FITJAR SENTERPARTI VIL:
• at barna i kommunen skal ha trygge og gode
oppvekstvilkår med barnehagetilbod til alle
som ynskjer det
• halda på alle tre skulane i kommunen,
med SFO-tilbod
• oppretthalda spesialundervisninga på eit
forsvarleg nivå
• prioritera symjeundervisning
• arbeida for god tilrettelegging og innføring av
praktiske valfag i ungdomsskulen
• arbeida for at alle barn skal ha trygg skuleveg
med gang- og sykkelvegar
• vera med å leggja til rette for vidare utvikling
av Fitjar vidaregåande skule
FITJAR SENTERPARTI VIL:
• at det er tilstrekkeleg bemanning på institusjonane
med fornuftige vikarløysingar
• at det vert fleire avlastningsplassar ved Fitjar bu
og behandlingssenter, FBB
• at satsane på omsorgslønna vert heva, og at det
vert opna for meir bruk av denne ordninga med
tanke på både eldre og born med funksjonshemming
• ha gode avlastningstilbod, i samarbeid med andre
kommunar, til foreldre med funksjonshemma born
• styrkja psykiatriarbeidet i kommunen med eit betre
fagmiljø
• ha praktiske løysingar for tannlegetilbodet
• styrkja helsestasjonen og anna førebyggjande
arbeid
• få ferdig eit nytt helsesenter
• at Stord Sjukehus ikkje vert nedprioritert i Helse
Fonna, slik at innbyggjarane i Fitjar kommune har
eit tilfredstillande lokalsjukehus
• ha eit godt rusførebyggjande arbeid, gjerne i
samarbeid med andre kommunar
• byggja ut husvære for dei som har vanskar med
å skaffe seg plass å bu
• ha ei best mogleg integrering av flyktningar i
kommunen
SAMFERDSLE
FITJAR SENTERPARTI VIL VERA EIN
AKTIV PÅDRIVAR FOR:
• at riksvegnettet og fylkesvegar i kommunen vert
rusta opp til eit forsvarleg nivå, særleg med tanke
på dei som bur langs vegane og dei mjuke
trafikantane. Det trengs sikre avkøyringar og
gang- og sykkelsti
• at det er veglys langs skulevegane og der skule barn og -ungdom ventar på bussen
• fleire fotgjengarovergangar i Fitjar sentrum
• traseen Vik – Sentrum vert ferdigstilt
• ein ny og trafikksikker veg til Sælevikkrinsen
• at busstilbodet skal bli betre, med fleire
kveldsruter og nattbuss i helgane
KULTUR OG FRITID
Eit levande lokalsamfunn, med lag og organisasjonar, er grunnlaget for kulturlivet. Fitjar har eit rikt og
mangfaldig kulturtilbod. Kulturskulen er svært viktig
for at barn og unge får sjanse til utvikling.
FITJAR SENTERPARTI VIL:
• støtta frivillig arbeid i lag og organisasjonar og
Frivillighetsentralen
FITJAR SENTERPARTI VIL:
• framleis ha ei funksjonell viltnemnd
• ha fortgang i arbeidet med forvaltningsplanen for
hjortevilt, i samarbeid med nabokommunane
• arbeida for at kommunen lagar forvaltningsplan
for grågås
• revidera forvaltningsplanen for ferskvassfiske
KLIMA OG MILJØ
Miljøutfordringane er store i vår tid. Lokalt må me
prøva å gjera det me kan. Bruk av skjergarden, turområde og utmarksbeite på ein berekraftig og fornuftig
måte er det beste vern av naturen.
FITJAR SENTERPARTI VIL:
• ta vare på og leggja til rette for god bruk av den
mangfaldige naturen vår med skog, fjell og
skjergard
• verna matjord
• ha auka skogsdrift
• vera forsiktige med for store inngrep i naturen,
slik at både me og komande generasjonar kan få
oppleva dei rike verdiane me har i fjellet, skogen
og skjergarden
• at kommunen går over til el-bilar der det er
mogleg
• at det blir fleire tilgjengelege ladepunkt for el-bilar
• arbeida for oppfølging av klimaplanen
• arbeida for eit fullverdig kollektivtilbod med fleire
bussruter
Bli med og gjer Fitjar til
ein endå betre kommune!
www.senterpartiet.no
facebook.com/Fitjar Senterparti
2. Karen
Elisabet Rydland Sæbø
37 år
Dyrlege og
bonde
3. Sverre
Sæterbø
43 år
Mekanikar
og bonde
4. Lisa
Instefjord
Gilje
33 år
Visningsleiar,
Engesund
5. Geir Arne
Solbakken
40 år
Lærar i vidaregåande skule
Resten av lista:
6 Lillian Kongestøl Vik, f. 1980
7 Reidar Kloster, f. 1959
8 Ina Soltvedt Tufteland, f. 1979
9 Leif Hedman, f. 1954
10 Håkon Hovstad, f. 1955
11 Geirmund Drønen, f. 1955
12 Bård Inge Bø, f. 1977
13 Karin Korsvik, f. 1942
14 Jens Gaute Aarbø, f. 1964
15 Knut Vik, f. 1959
16 Terje Nordbustad, f. 1978
17 Katrine Aarbø Solheim, f. 1988
18 Per Drønen, 1943