Side 1 av 2 KONTROLLRAPPORT Kontrollert

KONTROLLRAPPORT
Kontrollert
eining:
Saksnummer.:
Kontrollomfang:
Selje kommune
Kontrolleiar:
2015/1805
Kontrolldato:
Søknader om produksjonstilskot i
jordbruket, tilskot til avløysing for
ferie og fritid med søknadsfrist
Dato for
20. januar og 20. august 2014.
kontrollrapport:
Regionalt miljøprogram (RMP)
for 2014 og ajourhald gardskart
Odd Ivar Kalland
02.06.2015
19.06.2015
Vi viser til forvaltningskontrollen vår i Selje kommune 2. juni 2015.
Bakgrunn for kontrollen
Utgangspunktet for kontrollen var reglement for økonomistyring i staten § 15, forskrift om
produksjonstilskot i jordbruket § 11, forskrift om tilskot til avløysing § 14, forskrift for
regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane § 14.
Føremålet med kontrollen var å sjå nærare på kommunen sine forvaltningsrutinar,
vurderingar, prioriteringar og dokumentasjon i samband med søknadshandsaming og kontroll
av dei aktuelle tilskotsordningane, i tråd med varselbrevet vårt til kommunen datert
18.05.2015.
Gjennomføring av kontrollen
I kontrollteamet deltok Helen Haaland og Odd Ivar Kalland frå Fylkesmannen.
Frå Selje kommune deltok rådmann Ørnulf Lillestøl (opnings- og sluttmøtet) og leiar plan- og
utvikling, Kristian Nave.
Kontrollen føregjekk ved intervju og gjennomgang av dokumentasjon. Det vart utforma og
signert ein førehandsrapport på sluttmøtet under kontrollen.
Generelt om kommunen
Kristian Nave har arbeidd lenge i Selje. Han kjenner kommunen godt, og har god oversikt og
detaljkunnskap om landbruket i kommunen.
Det er omlag 60 søkjarar om produksjonstilskot i kommunen, halvparten av desse søkjer også
om RMP. Utbetalt tilskot pr. år er ca. 12 mill. kroner i produksjons og avløysartilskot, og ca.
0,5 mill. i RMP.
Selje kommune hadde forvaltningskontroll seinast i 2010 på SMIL-ordninga. Då vart det
funne tre merknader. Det gjaldt kostnadsgrunnlag for tilskot, kontroll av miljøplan trinn 2 og
kontroll av arbeidsfristar.
Side 1 av 2
Funn og faktiske forhold som vart avdekka under kontrollen:
Vårt inntrykk er at Selje kommune forvaltar dei aktuelle tilskotsordningane på ein god og
rasjonell måte. Sakshandsamar har lang og brei erfaring, og kjenner dei lokale tilhøva innan
næringa godt. Tal søkjarar er moderat, driftseiningane små og tilhøva er oversiktelege. Dette
gjev låg risiko for feil utbetaling av tilskot.
Under kontrollen gjorde vi to funn, alle i form av merknader:
Merknad 1. Avkorting
Kommunen har ikkje dokumentert at det er gjort vurdering om avkorting.
Dersom søkjar har gitt opplysningar som kunne ha ført til utbetaling av urettmessing tilskot,
jf. rundskriv 2014-16 punkt 9.5.3, skal kommunen dokumentere at avkorting er vurdert.
Rapporten PT 4100A viser søkjarar som har gitt feil opplysningar i søknaden, og er til hjelp i
vurderinga. I tillegg skal rapporten PT 4100B brukast til å registrere beløp som skal avkortast
og sendast til fylkesmannen innan frist fastsett av fylkesmannen. Også tilfeller der kommunen
har vurdert avkorting utan at det har ført til avkorting, skal rapporterast til fylkesmannen.
Merknad 2. Ajourhald av gardskart (AR5)
Kommunen fekk godkjent gardskart i juni 2012, men har ikkje levert kontinuerleg ajourhald i
åra etter.
Kommunar som er ferdig med gardskartprosessen må halde fram med kontinuerleg ajourhald
av kart og register, jf. rundskriv 27/12 punkt 3. All oppdatering av kartinformasjon skal
gjerast i tråd med kommunen si avtale gjennom Geovekst.
****
Delegasjonsreglementet for Selje kommune, som var vedteke i april 2009, vart framlagt.
Delegering av avgjerdsmyde frå rådmann er ikkje omfatta av delegasjonsreglementet, men
kan gjerast som eit administrativt vedtak. Slikt vedtak var ikkje gjort for landbrukssaker i
kommunen. Kommunen opplyste at nytt delegasjonsreglementet skal vedtakast 15. juni 2015.
Korrigerande tiltak
Kommunen må endre sine rutinar for framtidige søknadsomgangar, sjå merknadane ovanfor.
Kommunen må gje tilbakemelding til Fylkesmannen innan 15. august 2015 om korleis
merknader skal rettast opp.
Førde 19.06.2015
Odd Ivar Kalland
kontrolleiar
Helen Haaland
kontrolldeltakar