Innkalling til møte 11 juni - Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Jnr. 1079.15
GJG/rr
Ordførarar og rådmenn i Sunnhordland
Ordførar og rådmann i Fusa kommune
Ordførar og rådmann i Haugesund kommune
Ordførar og rådmann i Vindafjord kommune
INNKALLING TIL MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND
Det vert med dette kalla inn til møte i Samarbeidsrådet for Sunnhordland
torsdag 11. juni kl. 14.00 på Fitjar Fjordhotel.
Då vert føre:
Sak 19/15
Sak 20/15
Sak 21/15
Sak 22/15
Sak 23/15
Sak 24/15
Sak 25/15
Sak 26/15
Sak 27/15
Godkjenning av referat frå møte i Samarbeidsrådet 6. mars d.å
Skriv og meldingar
a) Interkommunal strandsoneplan / kystsoneplan
b) Byregionprogrammet – kommunane si deltaking
c) Helse Fonna – ambulanse helikopter
d) Planmidlar til E39
e) Politireforma
f) Kommunereform – nettside og facebookside – vidareføring
g) Situasjonen i leverandørindustrien
Bruk av tiltakspott – studietur
Styremedlem til Polytec
Moglegheitsbilete for fylkesvegar knytt til E39
Ferjeavløysingsmidlar
Helse Fonna – akuttberedskap ved Stord sjukehus
Bruk av lokalt talemål ved namnsetjing av vegar mm i Sunnhordland
Ymse
Sunnhordland, 4. juni 2015
Gro Jensen Gjerde
Dagleg leiar
Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes
A Postboks 444, 5403 Stord | T 53 45 67 90 | Orgnr. 971 492 910 |E [email protected] | W samarbeidsraadet-sunnhordland.no
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 11. juni kl. 14.00
Sak 20/15
GJG/rr
SKRIV OG MELDINGAR
a)
Interkommunal strandsoneplan / kystsoneplan
Den interkommunale strandsoneplanen vert i desse dagar sendt på høyring med
høyringsfrist 1. oktober. Dette er same høyringsfrist som det er på Kystsoneplan for
Sunnhordland og ytre Hardanger.
Fylkesutvalet gjorde følgjande vedtak då dei handsama Kystsoneplanen:
146/15 Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger – høyringsforslag til
offentleg ettersyn. Høyringsperioden vert 22. mai til 1. oktober 2015.
Fylkesutvalet er kjend med at det parallelt med denne fylkeskommunale planen og vert
arbeidd med ein interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland. Fylkesutvalet ser det
som viktig med ei samordning og harmonisering av dei ulike krava og retningslinjene
mellom desse to planane.
Fylkesutvalet ber spesielt høyringsorgana koma med sine merknader til dei framlagde
forslaga til retningslinjer innanfor dei ulike temaområda.
I regional kystsoneplan er det eit eige kapittel som omhandlar strandsona. Det er i denne
delen det ikkje er samsvar i føresegnene med den interkommunale strandsoneplanen.
Det er difor viktig at ein i høyringsvara ser desse planane saman.
b)
Byregionprogrammet – kommunane si deltaking
Søknad om deltaking i fase 2 i Kommunal og Moderniseringsdepartementet er sendt og det
er forventa svar om deltaking innan utgangen av juni. Det er sett frist til 18. juni om
kommunane si deltaking. Det er difor viktig at administrasjonen får ei tilbakemelding før
fristen går ut om vedtak som er gjort i kommunane.
c)
Helse Fonna – ambulanse helikopter
Arbeidsutvalet drøfta i møte 29.05 arbeidet med å få på plass eit eige helikopter i Helse
Fonna.
AU konkluderte med at ein ikkje har oversikt over prioritering i høve til kostnader, og rår til
at Samarbeidsrådet ikkje arbeider vidare med denne saka før det eventuelt vert spelt inn
frå Helse Fonna.
d)
Planmidlar til E39
AU drøfta i møte 29 mai manglande planmidlar til Statens vegvesen til planlegging og
regulering av prosjektet ferjefri kyststamveg E39 Aksdal-Bergen. Det er sendt brev til
samferdselsministeren der ein ber om at det vert sett av nok midlar, slik at forventa
oppstart kan bli i 2015.
e)
Politireforma
Det ser no ut til at Politireforma vert vedteke med at kommunane Bømlo, Stord og Fitjar
vert overført til Rogaland politidistrikt. Samarbeidsrådet har dei siste åra arbeidd for at
desse kommunane skal høyra til Politidistrikt Vest.
f)
Kommunereform – nettside og facebookside
Under forprosjektet Ny kommunereform i Sunnhordland vart det laga ei nettside for
prosjektet i tillegg til ei facebookside.
Samarbeidsrådet er ferdig med rapporten og denne er oversendt til kommunane for vidare
handsaming. Det må no gjerast ei vurdering om ein skal sletta facebooksida eller om andre
ønskjer å administrera den vidare. Informasjonen som ligg på nettsida vert liggande ut året.
g)
Situasjonen i leverandørindustrien
Dagleg leiar i HOG Energi, Ove Lunde hadde i møte med fylkespolitikarane 26. mai ein
gjennomgang av rapporten som syner situasjonen i leverandørindustrien i Hordaland.
Rapporten går no som sak til fylkespolitikarane som vart oppmoda om å ha sterkt fokus på
denne saka.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 11. juni kl. 14.00
Sak 21/15
GJG/rr
BRUK AV TILTAKSPOTT - STUDIETUR
Samarbeidsrådet søkte midlar gjennom regionalt næringsfond til studieturen til Danmark i januar
2015. I budsjettet som var lagt fram var det lagt opp til eigendel frå deltakarane, midlar frå
regionalt næringsfond og tiltakspotten til Samarbeidsrådet.
Administrasjonen ser i etterkant at me ikkje har på plass eit formelt vedtak på at tiltakspotten kan
nyttast.
Difor vert saka no lagt fram.
Oversikt over kostnadar og finansiering:
KostnadsplanTittel 2014 2015 2016 2017 2018 SUM
Diverse
Kr. 10 000
Flybilletter 15 pers. x 3000
Kr. 45 000
Opphald 3 netter à 1150 x15 pers.
Kr. 51 750
Transport, middag, lunsj
Kr. 48 000
Sum kostnad
Kr. 154 750
FinansieringsplanTittel 2014 2015 2016 2017 2018 SUM
Eigendel pr deltakar (5000x15)
Kr. 75 000
Regionalt næringsfond
Kr. 40 000
Tiltakspotten Samarbeidsrådet
Kr. 39 750
Sum finansiering
Kr. 154 750
Framlegg til vedtak:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland vedtek at det kan nyttast inntil kr. 39 750 frå tiltakspotten til
studieturen til Danmark i januar 2015.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 11. juni kl. 14.00
Sak 22/15
GJG/rr
STYREMEDLEM TIL POLYTEC
Polytec er i ein prosess der dei skal oppretta eit felles aksjeselskap med UNI RESEARCH AS og flytta
alle aktivitetar over dit.
I henhold til dei nye vedtektene skal styret sine medlemmer oppnemnast av;
Maritimt Forum Haugalandet og Sunnhordland,
Haugaland Vekst Regionråd,
Haugesundregionens Næringsforening,
Rogaland Fylkeskommune og
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Samarbeidsrådet er representert i dagens råd som vel dagens styre.
Det vil seia at endringa for Samarbeidsrådet er at ein ikkje vil ha representantar i rådet (som utgår),
men kan velja 1 medlem til styret (som overtek rådet sin funksjon).
Samarbeidsrådet har til ei kvar tid vore representert i rådet i Polytec med styreleiar og nestleiar
som vara og administrasjonen meiner at dette kan vidareførast til det nye styre.
Framlegg til vedtak:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland vel til ei kvar tid styreleiar og nestleiar (vara) til medlem i styret
i Polytec.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 11. juni kl. 14.00
Sak 23/15
GJG/rr
MOGELEGHEITSBILETE FOR FYLKESVEGAR KNYTT TIL E39
Bakgrunn
Fylkesutvalet gjorde følgjande vedtak i juni 2014:
«Fylkesutvalet ber om at det blir sett i gang arbeid med eit mogleghetitsstudium for tverrsamband
til E139 for strekninga Bergen – fylkesgrensa mot Rogaland. Denne skal ta føre seg tekniske,
økonomiske og miljømessige aspekt ved nye samband og arealbrukskonfliktar. Det skal særleg
fokusere på det overordna fylkesvegnettet som, blir tverrsamband til ny E39, men og vurdere
konsekvensar for kollektivtilbodet, samt konsekvensar for det øvrige fylkesvegnettet av mogleg
nærings-og bustadbygging i området.»
Frist for merknader er sett til 02.06.15.
Dokumentet tek føre seg i all vesentleg grad bru kryssing over Langenuen , med eit nordleg, mindre
og sørleg alternativ, samt ferjestrekninga og overfart mellom Kvinnherad og Stord, og tilkopling til
E39.
Det er også vurdert ein ny fylkesveg frå Sveio med bru over Ålfjorden og tilkopling til E134 ved
Ølensvåg.
Vurdering
Mulighetsstudien syner at fylkeskommunale planar vert teken inn og vektlagt i nye planar. Plan for
senterstruktur og regionaltransportplan for Hordaland ligg til grunn for ein del av prioriteringane
som er gjort i Mulighetsstudiet. Blant anna ved at det vert lagt opp til vekst rundt regionsentara og
at overordna vegnett skal prioriterast. Difor vet det viktig at Sunnhordland er godt representert ved
utarbeiding av nye planar for å sikra at regionen vert ivareteke, då det gjennom planarbeid vert
følgt opp med prioritering av midlar.
For nokre av kommunane har dei tilhøva som er vurdert i Mulighetsstudien liten betydning, for
andre større og vesentleg betydning. Dette kjem nok fram i dei uttalane som er gjevne frå
kommunane.
Arbeidsutvalet ba administrasjonen vurdera om det var noko som kunne vera felles for regionen.
Høyringsfristen er ute, men administrasjonen legg til grunn at ein uttale frå Samarbeidsrådet vert
lagt ved saka.
Sjølv om mulighetsstudien har liten betyding for ein del av kommunane, så har den mykje å seia for
regional utvikling. Korleis vil Sunnhordland fungera som region inn i framtida?
Traseval og tilkoplingar til E39 vil påverka reisetida og gjer difor ulike konsekvensar for
trafikkbelastninga i vegnettet og for framtidig busetjing og pendling. Endeleg traseval kan difor få
store effektar for nokre av kommunane. Dette gjeld først og fremst kommunane langs traseen, men
mest Kvinnherad, Tysnes og Fitjar. For desse kommunane er påkoplingspunkta heilt vesentlege for
reiser både sør og nord langs E39, men og innad i regionen. Dette vil igjen vera førande for Stord
som regionsenter.
Gjennom Mulighetsstudien skal det ikkje takast endleg stillling til traseval. Administrasjonen rår til
at dersom Samarbeidsrådet skal gje ein uttale, må denne gå på at ein mest mogleg ivaretek dei
kommunane som kjem «dårlegast» ut ved val av trase.
Framlegg til uttale:
Samarbeidsrådet er svært positive til arbeidet som er gjort gjennom Mogleghetsstudien.
For Sunnhordland er det nokre moment som er særs viktige:
•
•
•
•
•
Kvinnherad må knyttast opp mot E39 gjennom ei løysing som er tenleg for Kvinnherad.
Uavhengig av val av trase over Langenuen, må påkoplingskryssa på Stord leggast så langt
nord som mogleg for å korta reisetida frå Fitjar.
Uavhengig av val av trase over Langenuen, må påkoplingspunkta på Tysnes leggjast slik at
mest mogleg av fylkesvegnettet over Tysnes vert erstatta med statleg stamveg.
Alle tilkomstvegar til E39 må i Regional Transportplan klassifiserast som overordna.
Samband om Ølensvåg frå E134 til E39 med bru over Ålfjorden vil korta ned reisetida frå
Etne mot Bergen/ Leirvik med om lag 35 minutt. Dette vil ha ei svært positiv innverknad for
blant anna transport av laks frå Sunnhordland.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 11. juni kl. 14.00
Sak 24/15
GJG/rr
FERJEAVLØYSINGSMIDLAR
I revidert nasjonalbudsjett er det kome framlegg om å endra finansieringsmoglegheitene slik at
øyar kan få vegforbindelse. Stortinget har opna for å gje ferjeavløysingsmidlar i minst 40 år til bruer
og tunellar som erstattar fylkeskommunale ferjestrekningar. Endeleg vedtak kjem gjennom
Kommuneproposisjonen som skal opp 9. juni.
Kommuneproposisjonen - utdrag
1 Alternativ bruk av ferjetilskudd – ferjeavløsningsordning for fylkesveiferjer
Et ferjeavløsningsprosjekt innebærer at det blir bygd et nytt veisamband, vanligvis en bro
eller en undersjøisk tunnel med tilhørende veinett, som erstatter et ferjesamband. Ordningen
med alternativ bruk av ferjetilskudd for riksveiprosjekter innebærer at innsparte drifts- og
kapitalkostnader kan benyttes som delfinansiering av veiprosjekter som avløser, eventuelt
innkorter, et ferjesamband. Ordningen ble innført for riksveier gjennom Stortingets
behandling av St.prp. nr. 67 (2002–2003). Her ble det lagt til grunn at ferjeavløsningsmidler
skulle utbetales i 15 år. Gjennom Stortingets behandling av St.meld. nr. 16 (2008–2009)
Nasjonal transportplan 2010–2013 ble maksimal lengde for utbetaling av innsparte
ferjetilskudd økt til 30 år. For nærmere redegjørelse av detaljene i ordningen for
riksveiferjer vises det til disse publikasjonene.
8.1.2 Ferjeavløsningsordning i inntektssystemet – framtidige prosjekter
For nye ferjeavløsningsprosjekter foreslår departementet en ordning som er parallell med
statens ordning, der beløpet til ferjeavløsning beregnes på bakgrunn av tap innenfor
inntektssystemet når et ferjesamband avløses av en bro eller tunnel. Fylkeskommunene vil så
selv måtte utforme konkrete finansieringsopplegg i det enkelte tilfelle. Tapet i
inntektssystemet beregnes ved å se på effekten av å endre kriteriedata (antall ferjesamband)
i utgiftsutjevningen i inntektssystemet når et ferjesamband erstattes av en bro eller tunnel.
Det beregnede beløpet justeres så for endringer knyttet til drifts- og vedlikeholdsbehovet i
utgiftsutjevningen, siden en bro eller tunnel fører til økte drifts- og vedlikeholdstilskudd til
veier i inntektssystemet. Drift- og vedlikeholdsbehovet fanges opp gjennom
kostnadsnøkkelen i utgiftsutjevningen, slik at fylkeskommunene blir kompensert for økte
drifts- og vedlikeholdsbehov på fylkesveiene. En slik justering er det også i dagens ordning
for riksveiferjeprosjekter. Ferjeavløsningsbeløpet trekkes deretter ut av innbyggertilskuddet
og legges i tabell C med en særskilt fordeling til den aktuelle fylkeskommunen i inntil 30 år
eller gjeldende periode for riksveiferjeprosjekter. Den enkelte fylkeskommune skal i sum
ikke kompenseres for mer enn kostnaden ved prosjektet som erstatter det nedlagte
sambandet. Denne løsningen vil være parallell med dagens ordning for riksveiprosjekter. I
praksis innebærer ordningen at fylkeskommunene med ferjeavløsningsprosjekter ikke taper i
inntektssystemet når det bygges en bro eller en tunnel, men at disse midlene inngår som et
bidrag i finansieringen. For å forenkle ordningen foreslås det at beløpet «fryses» i hele
perioden, i stedet for å varsle endringer ved jevnlige, ordinære gjennomganger av
inntektssystemet eller ved endringer i kriteriedata. Samferdselsdepartementet vil
administrere ferjeavløsningsordningen og vurdere hvilke prosjekter som skal inkluderes.
I Sunnhordland er det to ferjesamband i Austevoll, sambandet Huglo – Jektevik og Fjellberg som
kan vera aktuelle med ferjeavløysingsmidlar.
Det er naturleg å tru at midlane i Austevoll skal gå til bru mellom Austevoll og Reksteren.
På sambandet Huglo – Jektevik kan det vera fleire alternativ. Her kan midlane nyttast til bru mellom
Huglo – Tysnes og /eller til E39, bru over Langenuen.
For Fjellberg er det høgst aktuelt med fastlandsforbindelse ved å byggja bru event. bruer.
Det er, slik det no ser ut, ikkje teke stilling til kva prosjekt midlane skal gå til.
Eit sentralt spørsmål er og om nokre av midlane kan nyttast til tilførselsvegar til E39.
Slik det går fram av utdraget frå Kommuneproposisjonen får Fylkeskommunen ei sentral rolle.
Samarbeidsrådet bør difor ta ei aktiv rolle i høve til kva som tener regionen best.
Administrasjonen legg saka fram til drøfting.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 11. juni kl. 14.00
Sak 25/15
GJG/rr
Helse Fonna – akuttberedskap Stord sjukehus
Bakgrunn
Helse og omsorgsminister Bent Høie har nedsett eit utval som skal utreda den akuttmedisinske
beredskapen ved sjukehusa. Utvalet skal levera endeleg rapport i desember 2015.
Undervegs i arbeidet skal utvalet levera to rapportar som innspel til Helse – og
omsorgsdepartementet sitt arbeid med Nasjonal helse og sjukehusplan og stortingsmelding om
primærhelsetenesta.
Det er to typar beredskap ved sjukehusa. Sjukehus med kirurgisk beredskap har kirurgar som kan
operera sjuke eller skadde pasientar. Sjukehus med indremedisinsk beredskap har indremedisinar
som undersøkjer og behandlar pasientar som ikkje treng operasjon.
Dei fleste akuttmottak har indremedisin, kirurgi og anestesi heile døgeret. Det er dette tilbodet det
no vert stilt spørsmål om det vert for krevjande å behalda.
Tidlegare gjennomførte ein kirurg mange ulike typar operasjonar, no er dei meir spesialiserte. Dette
inneber at sjukehus som skal ha fullverdig kirurgisk akuttberedskap vil kunna trenga ei rekkje ulike
kirurgar. Det vert difor hevda at det vert svært vanskeleg å rekruttera nok kompetanse ved dei små
sjukehusa, då kirurgar føretrekk å arbeida i større miljø.
Helseministeren har skissert tre ulike modellar for akuttberedskap:
1) Ein er å fortsetja som no
2) Akuttberedskap i kirurgi og indremedisin må vera lokalisert saman – mange av dei mindre
sjukehusa mister akuttberedskapen
3) Oppretthalda desentralisert sjukehusstruktur, men tilpassa akuttfunksjonen etter
befolkningsgrunnlaget
For å driva akuttkirurgi vert det anbefalt eit pasientgrunnlag på minst 60 til 80 000 innbyggjarar.
Stord sjukehus - Helse Fonna
Ut i frå grensa på minst 60 000 innbyggjarar ligg Stord sjukehus heilt i grensa, eigentleg litt under
for å oppretthalda akuttberedskap.
Dette inneber at Stord sjukehus kan stå føre større endringar dersom denne vert gjeldande.
Samarbeidsrådet bør difor ta ei drøfting på korleis regionen bør ta denne utfordringa.
Saka vert lagt fram til drøfting.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 11. juni kl. 14.00
Sak 26/15
AT/rr
Bruk av lokalt talemål ved namnsetjing av vegar mm i Sunnhordland
Bakgrunn:
I løpet av dei siste par åra har fleire av kommunane i Sunnhordland hatt arbeid med adressering, og
hatt saker der ein har måtta søkt godkjenning for nye og etablerte namn.
Fitjar og Austevoll er i innspurten med arbeidet. Tysnes og Vindafjord om lag fullført arbeidet, men
har enno ikkje fått godkjent alle namn. Etne skal starta arbeidet med adressering. Stord har
løpande utfordringar med namn på nye vegar.
Før nye namn kan setjast i verk skal dei høyrast lokalt, hos Stadnamntenesta
(Stadnamnkonsulentar) og Kartverket. Kartverket har og endeleg avgjerdsrett i namnesaker og for
klager på namn.
Lov om stadnamn er frå 1991. Formålet med lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gje
dei ei skriftform som er praktisk og tenleg, og medverka til kjennskap til og aktiv bruk av namna
(§1).
Så står det i paragraf 4: Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av
skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal
følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk.
I dette arbeidet ser me at Kartverket er svært konservative med omsyn til kva lokal målform som er
mogleg å nytta i lokal namnesetjing.
Vedlagte notat frå namnenemndene i Stord og Fitjar viser at me ikkje får høve til å bruka ein del
innarbeida målformer i Sunnhordland, til dømes O-ending, som er heilt naturleg for oss. Det går
fram av notatet at det og er ein del andre mindre kjende namnekombinasjonar som det er heilt
naturleg for oss å nytta, men som ikkje vert godkjent av Kartverket.
Ufordringa i saka er at det i stadnamnlova står at ein i namnsetjing skal kunne ta vare på lokale
namneformer og lokalt nedervt talemål, men så står det i neste setning at desse skal normaliserast
etter gjeldande språkbruk, og i det normerte språket blir ikkje O-endingar godkjent. Såleis skal
namnet Sandvikjo etter normen skrivast Sandvika. Det vil i røynda flytta vår namnesetjing til ei
norm frå Sunnmøre eller Oslo, og det er fleire andre døme. Kartverket har hatt motsegner også til
namn som har vore i bruk frå før lova trådde i kraft.
Men ein har sett fleire stader der det har vore opna for lokal skrivemåte, til dømes Sandvik-en i
staden for Sandvik-a i Bergen, og bruk av e-ending i staden for a- endingar på
Austlandet(Buskerud), osb.
Viss skrivemåten for namna blir normalisert, så går det ikkje lenge før også uttalen blir normalisert,
og dermed er dei gamle namna falt bort.
Slik regelverket no er, er det Kartverket som har siste ordet i ei namnesak og kommunane er i så
måte berre høyringsinstans. Og er skrivemåten fastsett i ei namnesak, så er kommunane pliktige til
å nytta dette i lokal namnsetjing.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at dette er eit område der kommunane sitt sjølvstyre
burde vore avgjerande. Kommunane er best i stand til å ivareta lokale namneformer og lokalt språk.
I proposisjon våren 2015 vert det opna for at grunneigar kan fastsetja namn på eigen gard berre
han kan dokumentera at namneforma har vorte brukt offisielt tidlegare. Såleis kan grunneigaren få
ein større rett til å fastsetja namn enn kommunen får. Ein kan dermed oppleva motstrid mellom
grunneigaren sitt namn og det offisielle namnet på staden.
Kort før saka vart skriven ser ein at Kommunalkomiteen i Stortinget opnar for at det endelege
vedtaksmyndet i namnesaker kan overførast til kommunane i samband med kommunereforma.
Vedlegg:
Felles notat frå april 2015 frå namnenemndene i Stord og Fitjar.
Framlegg til vedtak:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland viser til sakstilfanget, og ber Kommunal- og
moderniseringsdepartementet om å opna for større kommunal fridom til å fastsetja endeleg
skrivemåte for lokale namn.
I første omgang ved at lokale skrivemåtar som vist i det vedlagte notatet vert godkjent.
Deretter ved ein mogeleg lovendring som utvider det kommunale sjølvstyret i namnesaker.