Presentasjon - Asbjørn Toft, Austrheim kommune

Møte i Klimarådet 17.4.15.
2. Landbruk i klimaplan for Hordaland
Nytt tiltak under utvikling i Klimaplan for Hordaland:
«Ta vare på matjorda!
Overskotsmassar – problem eller ressurs?»
Styringsgruppa har vore samansett slik:
-Asbjørn Toft, avdelingsleiar i Austrheim kommune
-Trygve Torsteinsen, konsulent hos Norsk Landbruksrådgiving
-Magnar Askeland, bonde i Meland kommune
-Astrid Holte, rådgjevar hjå Fylkesmannen i Hordaland,miljøav.
-Laila Bjørge, landbrukssjef i Meland kommune
-Eli Bjørkelid, konsulent i Meland kommune
PROSJEKTSKILDRING - TA VARE PÅ MATJORDA
Nytt jordbruksareal lagd av tilførte massar
Prosjektskildring | Laila Bjørge og Asbjørn Toft
-Bakgrunn for dette prosjektet er store utbyggingar til næring og bustadbygging i
Nordhordland som gjev store overskot av jord- og steinmassar. Framover er det store
utfordringar knytt til utbygging ved Mongstad og sørover mot Knarvik-Frekhaug m.m.
Kommunane har hatt ulike tilnærmingar for løyse dette, og det manglar ein felles
forvaltningsprakis for å handsama det på ein samfunnsgagnleg måte.
Jord er ei avgrensa og i prinsippet ikkje fornybar ressurs. Heilag!
Større utbyggingsprosjekt krev ofte at jord- og torvmasse må flyttast på, men kvar blir
massane av?
Landbruket har behov for torv- og jordmassar, men prosedyrane rundt handteringa og
lovverket og korleis ein skal få eit godt landbruksareal av jordmassane er dårleg.
Reglane må vera fornuftig og handterbare for bøndene og entreprenørar som grev og
køyrer lastebilane. Dei må vita at dei byggjer opp landet og at det er viktig! Målet må
vera:
-Ta vare og nytta verdifull jord ved større utbyggingar, dyrka opp landet.
-Betre vilkår for jordbruksproduksjon på landbruksareal/gardar som er i drift
-Meir kortreist mat frå Hordaland, styrkja jordvernet og oppdyrka areal.
Brukande torv- og jordmassar kan nyttast lokalt til jordforbetring dersom ein
planlegg i tide. Byggja landet!
Meland og Austrheim kommunar har saman med Fylkesmannen i Hordaland
gjennomført eit forprosjekt om korleis ein kan lage rettleiing både til
entreprenørar og bønder om dette.
Det er framlegg om eit hovudprosjekt med to mål:
1.På bakgrunn av eksisterande kunnskap, utarbeide eit avtaleverk og eit
regelverk for handtering av mineraljordmasser.
2.Søke ny kunnskap for å finne fram til «beste praksis» for handtering av
torvjord. Seinare få dette inn i avtale- og regelverk.
Dette er med i Hordaland fylkeskommune sin:
Klimaplan for Hordaland 2014-2030 –handlingsprogrammet for 2015.
Her kan me dyrka opp meir og tilføra massar. For eksempel der siktkaen og kratt skal
hoggast, men og der det er jordsvinn (berg og hammar).
Toftøy, Øygarden 1994. Her kunne torv- og jordmassane vorte flytta over vegen!
Nordhordland ynskjer å ta vare på og
utvikla landbruksareala fordi:
• Kulturlandskap og matproduksjon er viktig for oss og vår identitet.
• Me vil ha eit aktivt landbruk og utvikla gardane våre som er i drift.
• Me ynskjer å koma med på UNESCO si liste over biosfæreområde.
• Me vil ha ei berekraftig og klimavenleg utvikling i vår region.
• Den europeiske landskapskonvensjonen har som eit viktig å mål å
styrkja lokalsamfunna sin medverknad i planlegging, vern og
forvaltning av landskap.
• Slå ring omkring kulturlandskapet og kystbøndene, våre
matprodusentar i gode og dårlege tider.
Rutinar for sakshandsaming og kontroll:
Reguleringsplan tar ofte for lang tid, kostar pengar, men reguleringsplaner må ikkje/treng
ikkje ta to-tre år. Viktig at utbyggjar ser ansvar her og tek kostnaden. Sjå om det er
mogeleg å takla masehandteringar ved reguleringsplanar eller i kommuneplanprosessen
Spørsmålet om massebalanse/ handtering av massar må være tema i kommuneplanar
og i reguleringsplanar heilt frå starten.
Kor går grensa mellom når det må krevjast regulering og når det ikkje er naudsynt?
Det er avhengig av ulemper på folk, fauna og miljø. Her må me bruka vet / fagleg
skjønn!
Miljøutfordringar:
Reine massar kontra ureine massar – dokumentasjon og kontroll.
Avrenning til vassdrag, brønnar, naturtypar, bustadar eller vegar.
Trafikkmessige forhold
Støy i forhold til naboar
Viltområde og biologisk mangfald
ROS (tryggleik)
Arealomfanget og tidsfaktor
Langsiktig tenking på oppbygging av landbruksareal
Mange utfordringar betyr at tiltaket bør få krav om reguleringsplan!
Å bygge opp kompetanse og forståing i alle ledd – entreprenør, reguleringsmynde,
miljømynde, transportør, mottakar (bonde), styresmakter, konsulentselskap.
Industrien vår treng byggjeland, bøndene og landet vårt treng meir dyrkbar jord.
Mongstad leverer 1 mrd. kr til Noreg kvar 3. dag. Industrien og utbyggjarar har råd til
å betala deponiavgift og køyra jord- og torvmassane til bøndene i regionen!
Austrheim kommune tek potensielle plasseringar av torv- og
jordmassar med som innspel til kommuneplanarbeidet 2014-2024.
Me går aktivt ut til aktive bønder som tenkjer langsiktig!
Fråsegn Landbrukskontoret:
Landbrukskontoret stiller seg i utgangspunktet positive til prosjektet. Det er eit problem
at god dyrkajord, som er ein ressurs, vert dumpa i store deponi utan at det vert nytta til
jordbruksproduksjon.
For at dette skal vere eit tiltak som er i tråd med jordlova må altså resultatet bli
dyrkamark i drift. Det må setjast strenge krav om reine jordmassar, jf. Avfallsforskrifta,
kapittel 9, vedlegg II (TA-2224/2207-Ta-2228/2007), og gjennomføringa av tiltaket må
ta utgangspunkt i at det skal ende opp som jordbruksareal.
Sluttføringa av fyllinga er viktig slik at resultatet endar opp som godt landbruksareal.
God planlegging og utføring av prosjektet er avgjerande for at resultatet vert bra.
Det kan vera lurt å ta kontakt med Magnar Askeland i Meland kommune som har
lengre erfaring med jordtipp og ferdigstilling av areala.
Konklusjonar så langt:
Viktig med rette personar som tek i mot jord- og torvmassar, det bør vera bønder
og hagebrukarar som tenkjer langsiktig, med god bakkekontakt og som kan
stikka fingeren i jorda!
Vedtak- Dispensasjonsøknad om etablering av
permanent jorddeponi/jordplassering for
landbruksføremål- Gbnr 156/11 og 13 - Hopland
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Framlegg til vedtak:
Austrheim kommune gjev dispensasjon frå LNF føremålet i kommunedelplanen for
oppgradering av
om lag 20 dekar jordbruksareal og bygging av landbrukveg som omsøkt på følgjande vilkår:
1. Arbeidet skal ferdigstillast innan 5 år etter oppstart.
2. Ved ferdigstilling skal området vera ferdig grøfta og sådd i og vera klar til innhausting av
gras.
3. Berre reine natur- og jordmassar kan plasserast her.
4. Det skal vera ein låsbar port inn til området som skal stengast kvar dag etter arbeidstida.
5. Avrenning frå jordmassane skal hindrast med filterduk/torv eller med fangedam o.l..
6. Dersom tiltaket skapar miljøproblem for naboar, fisk, biologisk mangfald eller andre
interesser kan Austrheim kommune oppheva omgåande dette dispensasjonsvedtaket.
Grunngjevinga for vedtaket er at tiltaket er positivt for framtidig landbruksdrift i dette LNFområdet.
Grunngjevinga er elles gjeve i saksutgreiinga.
Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 19-2 jf. § 11-6 .
JOHAN SVERDRUP- Planutkast.
Jord- og torvmassar må flyttast frå næringsarealet til grøne område før stein frå
tunellane kan planerast ut i næringsområde
1.2 Utarbeide prosjektplan
Pilotprosjekt – å læra gjennom å gjera:
Erfaringar frå Austrheim kommune: Kommuneplan som verktøy for massehandtering?
Erfaringar frå Lindås: kommunedelplan for massehandtering knytt til Mongstadutbygginga
Erfaringar frå Meland: plan på den enkelte gard eller kommunedelplan massehandtering
Klargjering av rammene i Plan og bygningsloven, forurensingsloven, jordloven, naturmangfaldlova,
Veglov/vegstyresmaktene
Klargjering på korleis handtera tiltak /samordna dei ulike lovverka
Grenseoppgang etter omfang og kompleksitet ( finna beste praksis)
Når er det fornuftig å handsama tiltaket etter forskrift om bakkeplanering nydyrking
Når bør der koma reguleringskrav?
Når krevst dispensasjon frå arealplanar?
Når er det søknadsplikt etter pbl? ansvarrettar?
Kva krav skal stillast for dei ulike søknadstypar, profilar, plan for gjennomføring, miljøutgreiingar
Klargjering av sektormynde sine ansvarsområde
Fylkesmannen (pbl), SFT (miljødirektoratet) Miljøvernavdelinga, statens vegvesen, kommunane, HFK
Korleis handtera massar i plansamanheng
-Overordna planar som kommuneplan – arealdel, ROS
-Kommunedelplanar
-Reguleringsplanar, områdeplanar, føresegner, rekkefølgjekrav, igangsetjingsløyve
-Utbyggingsområde som generer massar
-Areal som skal ta mot massar
7) Informasjon/ kommunikasjon og kompetanse mot grunneigar, entreprenørar,
utbyggarar, planleggarar, forvaltninga:
Kursing og Seminar
Avgrensingar: Rettleiar for kommunal sakshandsaming i regionen bygd på erfaringar
og utfordringar framover knytt til utbygging på Mongstad og andre stader i regionen.
2.0 Organisering og bemanning
Prosjekteigar
Nordhordland Utviklingsselskap IKS (Regionrådet i Nordhordland )
Styringsgruppe:
Asbjørn Toft, Laila Bjørge, Kjartan Nyhammer, Thomas Lindås,
Prosjektleder:
Nordhordland Utviklingsselskap IKS
Referansegruppe:
Astrid Holte (FM),Snorre Waage (Karen Nybø) (HFK), Trygve
Torsteinsen,( Landbruksrådgivinga), Magnar Askeland, bonde,
regional entreprenør
Arbeidsgruppe:
Asbjørn Toft, Laila Bjørge, Kjartan Nyhammer, Thomas Lindås,
3.0 Økonomiske rammer/budsjett
Kostnader
Prosjektleiar (30 % årsverk med kostnadar)
Arbeid / timar i ulike kommunar, styringsgruppe,
referansegruppe, arbeidsgruppe.
Møter / reiser
Kurs/seminar/informasjonstiltak
Administrasjon, diverse trykking m.v.
SUM
Inntekter
Fylkesmannen, skjønsmidlar
Klimaplan Hordaland
Eigeninnsats prosjektleiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS
Eigen finansiering kommunar Nordhordland
SUM
Sum
220 000
230 000
50
50
50
600
000
000
000
000
300
100
100
100
600
000
000
000
000
000
Av omsyn til klimaendringar, folk og kunnskapen me i dag har.
Ta vare på landbruket , bøndene og matjorda vår!
Sjå framover og handla no!