2 Lørdag 27. april 2013 Go’ morgon, RANDI BJØRLO YNGVE GAREN SVARDAL [email protected] Tlf. 56 35 55 70 [email protected] Tlf. 56 35 55 74 ENDRE HOPLAND [email protected] Tlf. 56 35 55 77 Kvernhusmyrane 29, Knarvik senter - 5914 ISDALSTØ - TLF: 56 35 55 55 - FAX: 56 35 55 56 - [email protected] Ei uønska utvikling Sparebank Vest har vedtatt å leggja ned sine banktenester på Fedje, Lindås og Hosteland. Ikkje uventa har vedtaket vekkt skarpe reaksjonar. Også i denne saka har det vorte mobilisert med protestkampanje på Facebook. I dagens avis går både handelsmann Terje Storemark og ordførar Kristin Handeland på Fedje hardt ut mot banken, som har fatta vedtak utan å gå i dialog med kommuneleiinga. Fedjingane - som mange andre i denne regionen - har eit livslangt og trufast forhold til banken sin. Ikkje berre er det trygt og godt å kunna møta eit menneske når du kjem i banken. Gjerne ein du kjenner, som Sparebank Vest så fint reklamerer med. For mange er og banken ein av dei få møteplassane som er igjen i bygda. No meiner ikkje vi at banken skal oppretthaldast fordi den fungerer som ein kjærkomen møteplass. Men banken er eit nødvendig tilbod til dei som driv næring og til dei som ikkje er fortruleg med internett som betalingskanal. For Storemark betyr nedlegginga av banken at han må til Austrheim for å levera oppgjer. Og han er ikkje åleine om å ha det slik. Vi kan vanskeleg sjå at det hadde kosta banken som kan visa til eit solid overskot første kvartal i år, dei veldige summane om dei hadde halde ope eit par timar for veka, slik at kundane kunne fått nødvendig hjelp til dei ærenda ein måtte ha i banken. Når folk først merkar at banken ikkje lenger er interessert i å yta same service som tidlegare, og når ein vert vist til internett og nettbank, må banken og rekna med at kundane ser seg om etter tilbod som kan vera gunstigare for dei - enn det banken dei har hatt eit nært forhold til, greier å levera. Slik sett er det slettes ikkje sikkert at eit totalt fråvêr av direkte kontakt er det banken vil tena på i lengda. Gevinsten kan sjå betre ut på papiret, enn det som vert det reelle resultatet av å fjerna eit slikt tenestetilbod. –Utruleg at elevane f Franske Lise og Floriane var i Knarvik LINDÅS: Lise Pinatel (17) og Floriane Dubost (16) har vore på besøk fjå Amalie Tvilde Evensen (17) og Tonje Brekke Hjellestad (17). DAGRUN STOKKE [email protected] Amalie og Tonje har begge vore utvekslingstidentar på skulen Lycée Robin i byen Vienne i Frankrike. Der var dei tidlegare i år og budde då hjå Lise og Floriane. No var det dei franske jentene sin tur til å koma til Knarvik vidaregåande skule, der Amalie og Tonje går. Det vart litt av eit kultursjokk. – Hjå oss er det heilt utenkjeleg å ha pc med i klasserommet. Der skal læraren ha den heile og fulle merksemda. Med ein pc ser ein det som lett for å gå på nettet og sosiale media, seier dei franske jentene. Dei skulle nok gjerne ønskt seg pc som arbeidsreidskap dei også, men så er ein franske skuletime lagt opp på ein heilt annan måte. – Medan vi jobbar med oppgåver og bruka pc-en som hjelpemiddel og notatverktøy, har dei reine førelesningar, der elevane sit og noterer for hand, seier Amalie og Tonje. Formelt og uformelt Ein annan ting som forbausa dei franske jentene var at elevane på Knarvik vart, som alle andre norske elevar, tiltala med førenamn. – I Frankrike tiltaltalar læraren elevane med Monsieur og Mademoiselle, det forbausa oss, seier Amalie og Tonje. Vi er heime hjå Amalie, men flott utsikt over Alverstraumen mot Radøy; eit naturbilde som spesielt i fint vêr kan ta pusten frå nokon og ein kvar. Her er det Lise har budd den siste veka, medan Floriane har budd hjå Tonje på Tertnes. – Det er så flott her, seier Lise, som også uttrykte det til Amalie med ein gong ho kom hit. I tillegg til å vera med dei to norske veninnene på skulen, har dei fire vore saman på forskjellige ting på fritida, som byvandring i Bergen, på Akvariet, Hanseatisk Museum, Kunstindustrimuseet og dei har gått til toppen av Fløyen. – Fantastisk flott utsikt frå Fløyen, men eg forstår ikkje korleis folk klarar å snakka med kvarandre når dei går opp den bratte vegen. Likeis når folk joggar. I Frankrike er det heilt utenkjeleg at folk joggar og snakkar samstundes, seier dei franske jentene. Kulturskilnad Heilt tydeleg at kulturen mellom Norge og Frankrike er stor på mange område, sjølv om begge er vestlege land. Og det er litt av det som gjer det så spennande å vera utvekslingsstudent. – Vi synest det er viktig å koma oss ut og sjå korleis dei har det andre stader og å bli kjent med folk som bur der, seier Amalie og Tonje. Lise og Floriane er heilt samde. Dei visste nokre fakta om Norge før dei kom hit, men svært lite om Bergen. Når vi spør kva som imponerte dei mest, svarar dei “Bryggen” med den spesielle byggjestilen. Norsk kost I løpet av opphaldet har dei også besøkt eit fiskeoppdrett på Radøy, der dei fekk smaka laks. Det var eit måltid dei begge likte godt. Her på våre kantar har dei to jentene verkeleg fått full dose. Vertsfamilane serverte både smalahovud, pinnekjøt og rømmegraut. 3 Lørdag 27. april 2013 DAGRUN STOKKE [email protected] Tlf. 56 35 55 75 MORTEN SÆLE IRENE B. JENSSEN [email protected] Tlf. 56 35 55 73 [email protected] Tlf. 56 35 55 71 Kjem ut onsdag og lørdag • Sjå www.nordhordland.no for prisar og info. Redaktør Randi Bjørlo: 56 35 55 70 - Marknadssjef Roger Myhr: 56 35 55 60 får bruka pc i timane Utsett frist for SMIL RADØY: Søknadsfristen for SMIL-midlar i landbruket er utsett til 3. mai. Døme på tiltak det kan søkast midlar til, er rydding av beite, tilrettelegging for ålmenta, restaurering av gardflor, torvhus, og hesjing. Nh ønskjer å retta seg etter reglar for god presseskikk slik desse er nedfelt i Vær Varsom-plakaten. Om nokon meiner seg ramma av urettmessig omtale, oppmodar vi dei om å ta kontakt med redaksjonen. Det er også høve til å reisa klage for Pressens Faglige Utvalg, Rådhusgt. 17. pb. 46 Sentrum, 0101Oslo, tlf: 22 40 50 40. E-postadresse: [email protected] Arkivering og avfotografering Nh tar unna rett til å arkivera og distribuera stoff som blir kjøpt eller utgitt av Nh, i elektronisk eller annan form - anten gjennom eigen database-eller gjennom samarbeidspartnarar som avisa har avtale med. Avfotografering av stoff og annonsar for vidare produksjon er ikkje tillate utan etter avtale med Nh. TIPS OSS! 916 20 916 Tiltala for aktlaust drap etter jaktuhell MASDFJORDEN: Statsadvokaten har bestemt seg for å ta ut tiltale etter at ein mann frå Haugesund mista livet etter eit jaktuhell i Masfjorden i oktober 2012. Den døde var med i eit jaktlag på sju menn. Dei kom frå ulike delar av landet, og dei fleste er i byrjinga av 20-åra. Kommunen sitt kriseteam, lege, prest og helsesøster tok hand om dei involverte etter jaktulukka. Ulukka skal ha skjedd i eit fjellområde nord-aust for Mjanger. Det skal vera bratt terreng i området og vanskeleg å ta seg fram. Det vart først tatt ut tiltale mot to personar, men for politistudenten vart saka lagt vekk som ikkje noko straffbart forhold. 21-åringen er tiltala for aktlaust drap etter straffelova sin paragraf 239. Han risikerer tre år i fengsel. – Det objektive i saka er at det er ein gjeng ungdommar på jakt, dei skyt først mot ein hjort, men den fell ikkje. Deretter kjem det eit skot til som treff den fornærma i saka, seier politiadvokat Marita Mellingen til nh. Uhellet skjedde klokka 18.25, ein laurdag seint i oktober. Ho seier at grensa for aktsemd er overtrådt i denne saka, difor har dei tatt ut tiltale. Ho peikar på at det har vore skytevåpen inne i biletet, fleire personar og tidspunktet det heile gjekk føre seg. Politiet tek sikte på å få saka opp for Nordhordland tingrett snarast mogleg. Truleg til hausten. Forsvarar Marius Wesenberg seier at hans klient ikkje er nøgd med tiltalen. – Han er skuffa over avgjerda. Han er av den oppfattinga at det er snakk om eit uhell som ikkje er straffbart, seier han. GRATIS motor og fjernkontroll - ved kjøp av terrassemarkise VENER OVER LANDEGRENSENE: Franske Lise Piantel (t.v. og Floriane Dubust (t.h.) har opplevd norske skuledagar, norsk natur og norsk kultur på sitt beste. Dei har fått to gode veninner i Amalie Tvilde Evensen (t.h. for Lise) og Tonje Brekke Hjellestad. Amalie og Tonje var på besøk i Frankrike tidlegare i år. (Foto: Dagrun Stokke) Det er NÅ det lønner seg å kjøpe øp pe so sols solskjerming! lskj ls kjjer erm m - Pinnekjøtet var alt for salt, slår Floriane fast. Lise åt tunga av smalahovudet utan å veta kva det var før etter etterpå; dei kjem neppe å smaka denne type mat att med det første. Dei forklarar at sau ikkje er vanleg kost i Frankrike, derimot har dei alltid dessert. Og så vert salat, pasta, brød eller kva det no måtte vera, ete kvar for seg og ikkje lagt saman på tallerken slik vi gjer det. Mange inntrykk Lise og Floriane reiste heim att i går med mange nye inntrykk, og i tillegg til Amalie og Tonje, er dei også blitt kjende med andre frå Knarvik vidaregåande skule. Og heimane deira står opne for kvarandre, så kanskje møtest dei fire elevane att ein dag? Men først må jentene bli litt betre i kvarandre sine språk. For sjølv om opplegget handlar om at dei skal læra språk, føregjekk nok ein del av kommunikasjonen på engelsk. Tilbudet gjelder ut april Gratis befaring: 04990 www.scandic.no
© Copyright 2024