Styresak 13-15 Protokoll frå styremøtet 2015 01 28

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF
Tid:
28. januar 2015
kl. 09.00 – 10.00 styreseminar
Framlegg frå Kvinneklinikken v/klinikkdirektør Ingrid Johanne Garnes:
- diagnostikk og pasienthandsaming
- undervisning av pasient og pårørande
- undervisning av studentar og elevar
- forsking og innovasjon
- internasjonalt samarbeid
kl. 10.00 – 14.00 styremøte
Møtestad:
Solstua, Hauklandsbakken 45, Haukeland universitetssjukehus
Styremøtet var ope for publikum og presse
Deltakarar frå styret
Ranveig Frøiland, styreleiar
Signy Midtbø Riisnes, nestleiar
Sveinung Hole
Bjørn Østbø
Anne-Margrete Bollmann
Brita Ommedal Tarberg
Bente Pilskog
Arvid Langeland
Forfall
Ivar Eriksen
Vara
Irene Hopsdal
Deltakarar frå administrasjonen:
Administrerande direktør Stener Kvinnsland
Viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad
Økonomi- og finansdirektør Eivind Hansen
Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Referent Nina Kandal
Sakliste
01/15 A
Godkjenning av innkalling og dagsorden
02/15 A
Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF 17.12.2014
03/15 O
Administrerande direktør si orientering
04/15 O
Rapport frå verksemda
05/15 O
Rettssaker 2014
06/15 A
Kompetansestrategi 2015-2030
07/15 O
Årsmelding klinisk etikkomité 2014
08/15 A
Overdraging av verksemd for innkjøpsfunksjonen frå Helse
Bergen HF til Helse Vest Innkjøp HF
09/15 O
Interne systemrevisjonar
10/15 A
Handlingsplan for internkontroll
11/15 O
Eventuelt
Skriv og meldingar
01/15 A Godkjenning av innkalling og dagsorden for styremøtet
Vedtak (samrøystes):
Det var ingen merknader til innkalling eller dagsorden.
02/15 A Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF 17.12.2014
Vedtak (samrøystes):
Protokollen vart godkjend og underskriven.
03/15 O Administrerande direktør si orientering
Oppsummering:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
Orientering om relevante lover, forskrifter og styresmaktskrav
Oversikt over tilsyns-, kontroll- og klagesaker
Oversikt over høyringar
Endra pensjon 2014 - tilbakebetaling av ramme og justering av resultatkrav og driftskredittramme
Oppdragsdokumentet 2015 til Helse Vest RHF
Diagnostisk senter
Pakkeforløpet
Invitasjon til symposiet Relasjonell leiing 10 år,
5. mars 2015 kl. 09.00 – 12.30 i Haukelandsbakken 45
9. Opperasjonskapasiteten i Helse Bergen
10. Internetthandsaming til personar som slit med lettare psykiske lidingar
11. Utgreiing av føretaksgrenser i Gulen kommune
Vedtak (samrøystes):
Styret tek meldingane til orientering.
04/15 O Rapport frå verksemda
Oppsummering:
Den økonomiske utviklinga etter 12 månader er om lag som budsjettert. Etter desember syner drifta eit
resultat på 1.034,8 millionar kroner mot 1.039,5 millionar kroner som var budsjettert. Det er framleis
postar som står igjen før rekneskapen for året er avslutta. Det er venta at desse postane vil påverke
resultatet marginalt positivt.
På vegne av styret i Helse Bergen takkar styreleiar Ranveig Frøiland alle dei tilsette i Helse Bergen for
arbeidet som er gjort i organisasjonen.
Vedtak (samrøystes):
Styret i Helse Bergen tek rapporten til orientering.
05/15 O Rettssaker 2014
Oppsummering:
I styret sitt møte den 16. januar 2002, sak 14/02, fekk styreleiaren fullmakt til i samråd med
administrerande direktør å fremja søksmål på vegne av Helse Bergen og til å anka avgjerder i tingrett og
lagmannsrett i saker der føretaket er part. Prinsipielt viktige saker og/eller saker av stor offentleg
interesse, skal handsamast av eit samla styre, før det vert teke endeleg avgjerd om å fremja søksmål
eller anka avgjerder i domstolane. Styret set som vilkår at det vert halde orientert om rettssaker som
føretaket er eller kan rekna med å verta involvert i. I 2014 var det to arbeidsrettssaker, ei
erstatningsrettssak, ei fordringssrettsak og ei avtalerettssak.
Vedtak (samrøystes):
Styret tek saka til orientering.
06/15 A Kompetansestrategi 2015-2030
Kompetansestrategien gjev føringar for korleis Helse Bergen skal innretta seg for å sikra rett
kompetanse, på rett stad til rett tid for å syta for kvalitet i pasientbehandlinga og berekraftig utvikling
fram mot 2030.
For å løysa dei utfordringa som strategien skisserer, er fylgjande fem føretaksovergripande
innsatsområde prioriterte:
1. Læring, utvikling og forsking
2. Rekruttera og behalda medarbeidarar
3. Brukarmedverknad
4. Kapasitet og oppgåveløysing
5. Samhandling
På tvers av dei valde innsatsområda trekker strategien fram eit behov for å justera og intensivera
arbeidet med pasientforløpsmetodikk og utvikling og bruk av scenariometodikk for simulering av
framtidig kompetanse- og kapasitetsbehov.
Leveransen frå prosjektgruppa er samansett av:
 Strategidokument; kompetansestrategi for Helse Bergen 2015 -2030
 Eit bakgrunnsdokument som syner historisk utvikling og framtidig behov for personell i Helse
Bergen. Dette dokumentet skal etter planen reviderast jamleg i strategiperioden.
Det var diskusjon og mange spørsmål omkring kompetansestrategien. Styret er samde om at
kompetansestrategien er eit godt styringsdokument for føretaket, og ynskjer å verta orientert om den
vidare utviklinga.
Vedtak (samrøystes):
Styret tek den vedlagde kompetansestrategien til orientering og støttar implementering av denne.
07/15 O Årsmelding klinisk etikkomité 2014
Oppsummering:
Helse Bergen har hatt ein klinisk etikkomité sidan 2004.
Hovudutfordringar og mål for 2015:
 Vera tilgjengeleg for sjukehuset sine tilsette, pasientar og pårørande som treng rådgjeving, forum
for uavhengig drøfting eller anna hjelp når dei opplever å koma i etiske dilemma. Det har ikkje vore
så mange sakar i 2014 som i 2013. Klinisk etikkomité ynskjer fleire saker i 2015 og oppmodar ulike
miljø om å melda saker når dei opplever etiske utfordringar. Dette fordi dei får tilbakemelding frå dei
avdelingane som melder saker, at det er stor læringseffekt av kontakt med klinisk etikkomité.






Utvikla E-læringskurs i klinisk etikk for tilsette, i samarbeid med Helse Vest. Vert gjort ferdig innan
2015.
Medverka til utvikling av etikkmodul til bruk i ferdigheitssenteret.
Halda fram med ”preventiv etikk” i form av undervisning og refleksjonsmøte.
Få meir kontakt med psykiatriske avdelingar.
Vidareføra forskingssamarbeid om implementering av etikk-prosjekt i ulike avdelingar.
Halda fram med og vidareutvikla samarbeidet med klinisk etikkomité i Etiopia.
Vedtak (samrøystes):
Styret i Helse Bergen tek årsmeldinga frå klinisk etikkomité til orientering.
08/15 A Overdraging av verksemd for innkjøpsfunksjonen frå Helse Bergen
HF, til Helse Vest Innkjøp HF
Oppsummering:
Denne saka er ei felles styresak for alle helseføretaka i Helse Vest og for Helse Vest IKT AS.
Helse Vest RHF etablerte i juni 2013 eit prosjekt som skulle vurdera framtidig organisering av
innkjøpsfunksjonen i helseføretaka. Dei administrerande direktørane i helseføretaka, leiargruppa i Helse
Vest RHF, ein konserntillitsvald og konsernhovudverneombod har vore i styringsgruppa for prosjektet.
Denne saka er basert på rapporten frå prosjektgruppa, og gjer greie for dei tilrådingane prosjektet gjev
om framtidig organisering av innkjøpsområdet i regionen. Prosjektet rår til fylgjande :


at det vert oppretta eit nytt helseføretak kalla Helse Vest Innkjøp HF
at alle medarbeidarane innanfor innkjøpsområdet vert overførde (overdraging av verksemd) til dette
føretaket i 2015.
Det er styra i helseføretaka og Helse Vest IKT AS som tek avgjerd om overdraging av verksemd. Styret i
Helse Vest RHF stiftar det nye føretaket.
Styremedlemene valde av og blant dei tilsette føreslo at saka skulle utsetjast då dei meinte at saka ikkje
var godt nok opplyst på førehand. Føretaksleiinga har erkjent at prosessen kunne vore betre. Framlegget
fall med fem mot fire røyster (Bente Pilskog, Arvid Langeland, Brita Ommedal Tarberg og Irene
Hopsdal).
Vedtak (samrøystes):
1. Styret godkjenner at det vert gjennomført overdraging av verksemd for innkjøpsfunksjonen frå Helse
Bergen HF til Helse Vest Innkjøp HF.
2. Overdraginga skal skje i tråd med gjeldande lover og avtalar, jf. særleg arbeidsmiljølova §§ 16-1 –
16-7.
3. Styret bed administrerande direktør gjennomføra overdraginga av verksemda for innkjøpsområdet i
god dialog med dei medarbeidarane overdraginga gjeld.
4. Styret bed administrerande direktør medverka til at overdraginga kan gjennomførast i 2015.
09/15 O Interne systemrevisjonar
Oppsummering:
Tone Nordtveit Dale frå seksjon for pasienttryggleik la fram saka om interne systemrevisjonar. Saka
gjeld utvikling og koordinering av systemrevisjonar i føretaket.
Systemrevisjonar er eit av fleire verkemiddel i internkontrollarbeidet. I ein intern systemrevisjon ser ein
på om dei eksterne og interne krava til føretaket vert dekte i føretaket sitt styringssystem (retningsliner,
prosedyrar, rutinar). Gjennom systematiske revisjonar prøver ein å finna forbetringspunkt og manglar.
Ein kan læra av dei ein finn og å bruka det til for å betra styringssystemet (retningsliner, prosedyrar,
rutinar) og dermed praksis.
Den organisatoriske læringa er sentral. Dette arbeidet vil gje positiv effekt gjennom betre kunnskap om
og etterlevering av styremaktskrava frå til dømes Arbeidstilsynet og Helsetilsynet. Forbetringane vil verta
stadfeste gjennom færre avvik og funn ved eksterne revisjonar.
Vedtak (samrøystes):
Styret tek saka til orientering
10/15 A Handlingsplan for internkontroll
Oppsummering:
Tone Nordtveit Dale frå seksjon for pasienttryggleik la fram handlingsplan for internkontroll. Med
internkontroll meiner ein alt systematisk arbeid for å syrgja for at verksemda settar krav frå styresmakter
og eigaren. Mange krav er fastsette i lov og forskrift. Mange lovverk har spesifikke krav om
internkontroll. Helselovgjevinga har mange slike, medan andre krav ikkje er direkte knytt til
kjerneverksemda. I mange høve gjeld krav om forsvarleg verksemd. Det krev at verksemda sjølv må
gjera eigne risikovurderingar for å operasjonalisera krava.
Helse Bergen har sett i verk mange tiltak for å overhalda krava til internkontroll, til dømes når det gjeld
HMT, brannvern, mattryggleik, smittevern, strålevern og lækjemiddelbruk. Ein har også gode system for
å ta hand om dokumentasjon av prosedyrar (elektronisk kvalitetshandbok) og system for å registrera
avvik (Synergi). Ved nokre tilsyn frå ulike offentlege styresmakter har det vorte peika på avvik og
merknadar som tyder på at den overordna styringa av desse tiltaka kan verta betre. Det er difor
utarbeidt ein handlingsplan som skal medverka til å styrkja kvaliteten på alle tenester i føretaket med
systematisk internkontrollverksemd.
Internkontrollarbeidet er ein regelmessig prosess og til hjelp i dette arbeidet er det føreslege eit årshjul
for oppgåver og tiltak som skal etablerast på alle nivå 2-einingane. Årshjulet må tilpassast kvar einskild
eining.
Handlingsplanen har fokus på fylgjande aktivitetar:
1. Klåre rutinar og retningsliner for internkontroll.
2. Utarbeida mål for fleire sider av internkontrollverksemda, f. eks dokumentstyring, risikovurderingar,
læring og forbetring frå uynskte hendingar.
3. Styrkja bruken av somme administrative system som elektronisk kvalitetshandbok (EK),
kompetanseportalen og ePhorte (arkiv- og saksbehandlingsverktøy) som hjelpemiddel for å sikra god
kvalitet.
4. Fleire interne systemrevisjonar for å kontrollera at krava som gjeld verksemda, vert etterlevde.
5. Styrkja koordinering av internkontrollarbeidet mellom ulike stabseiningar og mellom stab og kliniske
einingar. Mange verktøy og rutinar for internkontroll går på tvers av faggrenser, t.d. HMT og
pasienttryggleik.
6. Klårgjera fordeling av ansvar og oppgåver mellom sentral stab og kliniske einingar, og mellom
kliniske einingar.
7. Fordeling av fagansvar for tverrgåande kliniske medisinske prosedyrar.
Styret meiner det er viktig at Helse Bergen har ei systematisk oppfylgjing av alle styremaktkrav og
eigarkrav som gjeld på alle nivå og i alle einingar.
Vedtak (samrøystes):
Styret vedtek handlingsplanen for internkontroll.
11/15 O Eventuelt
Styreleiar Ranveig Frøiland ynskte Inge Aareskjold Fiskvik velkommen som ny leiar i brukarutvalet i Helse
Bergen for perioden 2015-2017.
Det har vore val av styremedlemer av og blant dei tilsette i Helse Bergen. Brita Ommedal Tarberg og
Bente Pilskog hadde sin siste dag i styret i Helse Bergen. Brita Ommedal Tarberg og Bente Pilskog takka
for seg, og styreleiaren takka dei for samarbeidet og innsatsen, og ynskte lukka til vidare.
Fylgjande personar er valde for valperioden mars 2015 til mars 2017:
- Arvid Langeland, sjukepleiar, Voss sjukehus. Føretakstillitsvald i Norsk Sjukepleiarforbund.
- Irene Hopsdal, hjelpepleiar, Kvinneklinikken. Føretakstillitsvald i Fagforbundet.
- Karen-Anne Stordalen, intensivsjukepleiar, Barneklinikken. Hovudtillitsvald i Norsk
Sjukepleiarforbund.
-
Geir Arne Sunde, overlege, Akuttmedisinsk avdeling/Kirurgisk Serviceklinikk. Føretakstillitsvald i
OF/Den Norske Lægeforening.
Dei nye styremedlemane tiltrer på styremøtet 3. mars 2015 i Stavanger.
Skriv og meldingar
Fylgjande skriv og meldingar er sende ut til styret:
- Årshjul for styret i Helse Bergen
- Protokoll frå føretaksmøtet i Helse Bergen 18.12.2014
- Protokoll frå styremøtet i Helse Vest RHF 8.12.2014
Fylgjande skriv og meldingar vart ettersende i e-post:
 Protokoll frå drøftings- og informasjonsmøtet mellom Helse Bergen og
arbeidstakerorganisasjonane - styresak 08/15 Overdraging av verksemd for innkjøpsfunksjonen
frå Helse Bergen HF til Helse Vest Innkjøp HF
3. mars 2015
Ranveig Frøiland
Signy Midtbø Riisnes
Styreleiar
Nestleiar
Sett: Ivar Eriksen
Bjørn Østbø
Sveinung Hole
Anne-Margrete Bollmann
Brita Ommedal Tarberg
Bente Pilskog
Vara: Irene Hopsdal
Arvid Langeland